REGIONRÅDET FOR NORD-GUDBRANDSDAL BU-ordninga Vedtatt i Regionrådet 19. februar 2010, med endringar vedtatt i BU-styresak 1/2012 og i BUstyresak 3/2013. Reglar vedtatt 19.02.2010 gjeld for alle saker som er ferdig innlevert og behandla fram til 31.12.2011. Regelendringar vedtatt av BU-styret 31.01.2012 (sak 1/2012) gjeld for saker som er ferdig innlevert og behandla etter 1.1.2012. Regelendringar vedtatt av BU-styret i sak 3/2013 gjeld for alle saker som blir lagt fram til behandling i styret i 2013. FORVALTNING AV BU-MIDLER I NORD-GUDBRANDSDAL. MÅL OG STRATEGI, PRIORITERINGAR OG UTMÅLINGSREGLAR Hovudmål. Landbruket i Nord-Gudbrandsdal er ei bærekraftig næring med gode arbeidsplassar. I ei bærekraftig næring er avkastinga tilfredsstillande utan å øyde ressursgrunnlaget for framtida. Gode arbeidsplassar i landbruket vil vere karakterisert ved akseptabel inntekt og økonomisk tryggleik, faglege utfordringar og høve til personleg utvikling for båe kjønn saman med oppleving av bo- og fritidskvalitet i eit inkluderande bygdemiljø. Målgrupper for BU-finansiering Personar eller foretak som anten eig, eig og driv, eig og driv og bur på eller driv og bur på ein landbrukseegedom kan søkje BU-finansiering. For dei som driv og bur på ein landbrukseigedom skal det foreliggje skriftleg avtale om overtaking av eigedommen. Omsetning frå landbruksdrifta må minst utløyse produksjonstilskot. Til føremål som er lokalisert på garden kan medlemmer av eigaren sin familie i rett opp- eller nedstigande line søke BU-støtte dersom desse bur på garden og er mellom 18 og 65 år. Dei som bur på gardstun der jorda og skogen er skilt frå, kan ikkje få BU-finansiering. Unnatak frå krav om gardstilkyting kan gjerast for: småskala næringsverksemd der ressursar frå landbruket blir foredla lokalt, andre tiltak som er i samsvar med mål og strategiar som framgår av dette dokumentet. Generelt har BU-styret i Nord-Gudbrandsdal høve til, etter skjønn, å innvilge eller å avslå ein søknad ut frå føringar som styret meiner er knytt til dette styringsdokumentet så vel som ut frå frå nytteverdien det aktuelle tiltaket kan få for det aktive landbruket. Regel for oppstart av arbeid før BU-finansiering er innvilga Tiltak som er starta opp før søknaden om BU-finansiering er handsama, kan bli avslått med dette som grunngjeving om ikkje regional saksbehandlar for BU-saker har gitt løyve til oppstart på eigen risiko. Strategiar. Landbruks- og matdepartementets strategi i dokumentet Ta landet i bruk inneheld grunnleggjande føringar for innhaldet i nærverande styringsdokumentet. Det samme gjeld fylkesmannen i Oppland sine Strategier for landbruksrelatert næringsutvikling. Som kortfatta strategiformulering sluttar ein seg til det overordna fokus som er sett i samband med hovudmålet i det sistnemnde strategidokumentet, der det går fram at utviklinga skal vere basert på:
lokale ressursar, regionale fortrinn og marknadsmoglegheiter. Meir spesifikt vil ein i Nord-Gudbrandsdal: Bygge opp under det tradisjonelle landbruket ut frå omsyn til marknad, rekruttering til landbruket, busetnad, kulturlandskap, lønsemnd og dei rammevilkåra som elles gjeld. Vere open for utvikling med basis i framtidsretta samarbeidstiltak, spesiell kompetanse, lokale føresetnader eller lokalt råstoff. Støtte opp om lønsame tilleggsnæringar, primært der det er tradisjonell drift på garden. 2
PRIORITERINGAR. Tradisjonelt jordbruk. Samdrifter og enkelttiltak er i utgangspunktet jamstelte med omsyn til prioritering. Prioritering innan det tradisjonelle jordbruket/bygdenæringar Byggjearbeid for å oppretthalde og utvide eksisterande produksjon, innan både tradisjonelt landbruk og bygdenæringar, tilpassa ressursgrunnlaget og behovet i marknaden. Byggjearbeid for å oppretthalde og utvide økologisk produksjon. Oppstart av grovforbasert husdyrhald tilpassa ressursgrunnleget og behovet i marknaden. Nødvendig byggjearbeid for storfe grunna krav i forskrifter om husdyrhald og mjølkebehandling. Etablerartilskott ved generasjonsskifte. Bygningsmessige investeringar for lagring av grønsaker, poteter, urter og korn der salgskanalar er dokumentert. Byggjearbeid for nye produksjonar/bygdenæringar tilpassa behovet i marknaden. Rentestøtte på lån til grøfting og nydyrking. Byggearbeid for kraftforkrevjande produksjonar innan konsesjonsgrensene og tilpassa behovet i marknaden. Tilskott til auka bruk av tre i større landbruksbygg Ut frå ønskje om å binde meir CO2 i form av tre i bygningar kan det gjevast tilskott frå investeringsmidla til driftsbygningar i landbruket der det blir nytta frå 30 kubikkmeter trelast eller meir. Tilskottet blir utmålt med kr 500 pr kubikkmeter trelast som blir nytta i bygget. Maksimalt kan det bli bevilga kr 50 000 til dette formålet. Dette kjem som tillegg etter vanleg utmåling av investeringstilskott. Utbetaling av tilskottet kan skje ved avsluttande utbetaling av investeringstilskottet, og skal vera basert på uavhengig utrekning av mengde trelast som er brukt. Maksimalgrensa på kr 900 000 i investeringstilskott står likevel ved lag. Det vert ikkje gitt BU-støtte til føremål som strir mot LMD sin forskrift om midlar til bygdeutvikling. BU-støtte til kjøp av gard eller kjøp av livdyr kan ikkje løyvast. Ved elles like søknader innan kvar av prioriteringsgruppene er følgjande bruk/brukarar høgast prioritert: - Bruk i overtakingsfasen * - Bruk der beiting er ein viktig del av driftsgrunnlaget - Kvinnelege brukarar - Bruk med økologisk drift Andre søknader enn dei som er nemnde er ikkje prioriterte for innvilging. 3
Fordeling mellom tradisjonelt landbruk og bygdenæringar Styret vedtok i møte 11.03.2013 slik fordeling av tildelte BU-midlar for 2013: 70 % skal bevilgast til prosjekt innan tradisjonelt landbruk, 30 % skal bevilgast til bygdenæringar. Det blir gitt høve til å omprioritere mellom ordningane dersom det er behov for det. Søknader frå kvinner, ungdom og økologisk produksjon skal prioriterast. * Eit bruk er i overtakingsfasen dersom ny brukar har teke over drifta i løpet av dei siste 5 åra, eller dersom ny brukar har begynt å ta del i drifta ut frå skriftleg avtale om overtaking av eigedomen innan 3 år. Merk elles at det spesielle generasjonsskiftetilskottet etter forskriften sin 4 pkt. 5, gjeld personar under 35 år som i samband med overtaking av landbrukseigedom treng å gjennomføre mindre investeringar. Personen må anten ha teke over garden løpet av dei siste 5 åra eller ha bindande avtale om at dette skal skje innan 3 år og før han fyller 35 år. * Jfr. vidare punktet under 5 i forskriften om at både tidligare og ny eigar står ansvarlge for investeringar som skjer før ny eigar formelt har overteke garden.. 4
Hovudreglar for utmåling av BU-midla. Etablerarstipend Maksimalt kan det løyvast kr 250.000 for ein person til fullført etablering. Til større fellestiltak kan det løyvast opp til kr 400 000. Bruk av maksimalsatsen er berre aktuelt for prosjekt som styret vurderer som sers gode. Det kan løyvast inntil 75 % tilskot av godkjent kostnad til søkjarar under 35 år, og inntil 50 % tilskot av godkjent kostnad til andre Tilskott til utgreiing/tilrettelegging. Maksimumstilskott bør vere kr 30.000, avgrensa til 40 % av godkjent kostnadsoverslag. I særskilte tilfelle, t.d. ved større fellestiltak, kan det nyttast høgre satsar enn desse. Bedriftsutviklingstilskot Inntil 50 % tilskot av godkjent kostnad, men maksimalt kr 400.000. Investeringsstøtte Utmåling av investeringstilskot: o Inntil 30 % av godkjent kostnad opp til kr 1 mill for søkjarar under 35 år i overtakingsfasen. o Inntil 20 % av godkjent kostnad opp til kr 1 mill. for andre søkjarar o Vidare kan det løyvast inntil 10 % for kostnad som overstig 1 mill. kr. o Maksimalt investeringstilskot: kr 900 000.- for prioriterte søknader (både enkeltsøkjar og fellestiltak/samdrift), kr 150.000 for seterfjøs og kr 100.000 for seterstugu (som kan prioriterast). Utmåling av rentestøtte: o Rentestøtte kan tildelast for eit lån på inntil 40 % av godkjent kostnad. o Minstelån må baserast på at godkjent kostnad er minst kr 600.000. o Maksimumslån skal tilsvare godkjent kostnad opp til kr 6 mill. I dette ligg at maksimalt rentestøttelån vil vere 2,4 mill. kr, basert på 40% utmåling. Generasjonsskiftetilskott (forskrift 4, pkt. 5): o Maksimal kostnad setjast til kr 800.000 o Tilskotsprosent: inntil 40% for alle søkjarar. Maksimalt tilskot er: kr 320.000. Nedre kostnadsgrense for investeringstiltak som kan få investeringsstøtte: o For tilleggsnæringar: Kr 75.000, men det kan gjerast unnatak ved særeigne tiltak der det er lagt opp til forsiktig start. o For tradisjonelt jordbruk: Kr 300.000 Unnatak: Tilskot ved generasjonsskifte. Seterfjøs Forskriftsavhengig byggearbeid Byggearbeid for sau- og geiteproduksjon Andre framtidsretta investeringar som ikkje har preg av vedlikehald. o For rentestøtte: Kr 600.000 i godkjente kostnader. Regel om samla tilskott dei siste 4 åra: Innanfor dei siste 4 åra kan det til saman ikkje tildelast meir enn maksimalsatsane som gjeld for dei ymse støttetiltak, så vel for tilleggsnæring og bedriftsutvikling som for investeringar. For søkjarar i overtakingsfasen kan styret lempe på 4-årsregelen. 5
Andre retningsliner for praksis. Fristforlenging ikkje lenger mogleg. Arbeids- og utbetalingsfirst for gjennomføring av tiltak vil i BU-tilsagn normalt vere sett til innvilgingsåret + dei to påfølgjande år. I samsvar med at Innovasjon Norge ikkje lenger har høve til å forlenge fristen, vil det også i Nord-Gudbrandsdal frå og med 2010 ikkje kunne innvilgast forlenga arbeids- og utbetalingsfrist. Ved utløp av frist vert heretter ubrukte tilsagn/restløyvingar automatisk sletta. Det kan eventuelt søkjast BU-støtte på ny for tiltak som ikkje vart påbegynt eller fullført i tide. Godkjenning av investeringskostnader. Kostnadsoverslag for byggearbeid bør vere sett opp av person som kan dokumentere relevant fagkunnskap og røynsle. Ved tvil om kostnadsoverslaget kan dette prøvast av landbrukskontoret, regionkontoret eller av ein fagkyndig tredjepart, noko som kan vere aktuelt for kostnadsoverslag som søkjar sjølv har utarbeidd eller som er bygd på mindre forpliktande tilbod frå entrepenør/byggmeister/konsulent, eventuelt også ved særleg stor eigeninnsats. Resultatet av slik prøving vert lagt til grunn for oppsett av godkjent kostnadsoverslag. Dersom søkjar klagar på fastsetjing av godkjent kostnadsoverslag, må kostnadsoverslaget vurderast på ny. I tilsagnsbrevet skal det då krevjast at søkjar legg fram attestert rekneskap for investeringa det er søkt BU-støtte til. Verdien av ubetalt eigeninnsats kan i kostnadsoverslag/finansieringsplan normalt setjast til maksimalt 300 kr/time. For bruk av eigen gravemaskin/traktorreiskap kan det godkjennast inntil 600 kr/time. Verdisetjing av eigne materialer må kunne dokumenterast på akseptabel måte. Ein følgjer tidlegare praksis om å trekkje ut frå kostnadsoverslaget rullande materiell og lett omsetteleg- eller ikkje varig utstyr, jfr. forskriften. Når investering i same bygget vert gjort i fleire byggetrinn, skal maksimal utmåling av BUstøtte gjelde som om investeringa skulle skje under eitt jfr. elles 4-årsregelen. Ferdiggodkjenning og utbetaling. Godkjenning av kostnadsoverslag i samband med behandling av BU-søknaden legg i utgangspunktet grunnlaget for utmåling av BU-støtte i form av tilskot/rentestøtte. Når det aktuelle tiltaket er gjennomført, skal landbrukskonoret kontrollere om tiltaket er utført som skissert i søknad og vist på teikningar. Ved behov kan fagteknisk personell nyttast til dette. Kontrollen skal stadfestast med signert ferdigattest frå landbrukskontoret. I samband med krav om sluttutbetaling kan landbrukskontoret eller regionkontoret krevje framlagt attestert rekneskap for tiltaket, med spesifikasjon av eigeninnsats når slik innsats inngår som ein del av gjennomføringa. Viser rekneskapen at samla kostnader er mindre enn det godkjente kostnadsoverslaget, kan utbetaling av BU-støtte bli tilsvarande redusert, om nødvendig med krav om tilbakebetaling av tilskot som viser seg å vere utbetalt for mykje. Forholdet til andre statlege tilskottsordningar. I regelen skal det ikkje løyvast BU-støtte der andre statlege tilskottsordningar høver, i alle fall bør det ikkje løyvast tilskott dersom samla støtte dermed vil overstige maksimalrammene for utmåling av BU-tilskott. Spesielle saker kan leggjast fram for vurdering og avgjerd i styret. 6
Reduksjon av BU-tilskott dersom risikolån medfører tapsavsetning. For ein som søkjer om BU-tilskott og i tillegg vil nytte risikolån frå Innovasjon Norge, må utmålt BU-tilskott reduserast med 15 % av lånesummen. Dette har sin grunn i at Innovasjon Norge frå dei regionale BU-midla krev innbetalt 15 % av risikolånet til landbruksformål for å bygge opp tapsfond. Søkjarar skal opplysast om at ein del av BU-tilskottet kan trekkjast inn dersom det vert gjort bruk av risikolån innan 5 år etter siste løyving av BU-tilskott. Maksimal investeringskostnad pr. dyr. Maksimal investeringskostnad pr. dyr er frå 2010 sett til 50.000 kr pr. ammeku og 9.000 kr pr. vinterfora sau. Dersom økonomien til søkjaren er god nok, kan det gjevast BU-støtte sjølv om kostnaden pr. dyr overstig maksimalsatsen. Kostnadsgrunnlaget for BU-tilskott skal likevel ikkje overstige produktet som kjem fram ved å multiplisere dyretal med maksimalsats pr. dyr. Eigarskifte/Generasjonsskifte. Forpaktingsavtale med bindande plan om endeleg overtaking kan godtas som grunnlag for at søkjar blir rekna for å vere i overtakingsfasen dersom øvrige vilkår for dette er oppfylte. Søkjarar utan gardstilknyting. Vert det aktuelt å gjere unnatak for gardstilknyting som nemnt for småskala verksemd i lokalt styringsdokument, skal slike saker leggjast fram for avgjerd i styret. Næringsverksemd utan gardstilknyting bør søkje andre statlege tilskottsordningar. (Jfr. elles praksis frå Innov. Norge der investeringar på inntil 1,5 mill. kr kan reknast som småskala om talet på tilsette er lite). Festivalar og liknande. BU-midlar bør ikkje løyvast til festivalar og liknande. Dette er ikkje til hinder for at det etter skjønn kan løyvast midlar til mindre arrangement som spesifikt gjeld næringsutvikling innan landbruket. Søkjar bør då ha landbrukstilknyting. Kapasitetsutviding for tilleggsnæring. Dersom ein søknad gjeld utviding av tilleggsnæring som alt er innarbeidd og i lønsam drift (td turistanlegg), bør avgjerd treffast av styret etter at bruk av andre statlege ordningar er vurdert. Førearbeid, eigeninnsats og reisekostnader i tilleggsnærings- eller utgreiingsprosjekt. Styret er generelt restriktive til å godta store postar av dei slag det her er tale om, utan at desse er velgrunna og tilstrekkeleg spesifiserte. Ein meiner det i denne type prosjekt er rett å vente at søkjar skal gjere eit rimeleg tilfredsstillande førearbeid knytt til prosjektet utan at dette skal inngå som grunnlag for BU-støtte. Eigeninnsats i denne type prosjekt skal vere tilstrekkeleg spesifisert/forklart og grunngjeve. Før utbetaling må det kunne leggjast fram timelister. (Mrk.: For eigeninnsats knytt til investering i bygg/anlegg skal ein følgje tidlegare praksis med at slik innsats framleis vil kunne inngå som ein realistisk del av finansieringa innafor godkjent kostnadsoverslag, der ferdigattest er avgjerande kriterium for utbetaling.) Kostnader til reiser, studieturar etc. kan ikkje godkjennast utan at reisemål er klårt spesifisert og grunngjeve i søknaden. Ved godkjenning av denne type kostnader skal saksbehandlar kunne utvise kritisk skjønn. Tilsvarande må reisene spesifiserast og dokumenterast i samband prosjektoppgjer/rekneskap og utbetaling av tilskott. Sysselsettingskriteriet. For tilleggsnæring med liten sysselsettingsverknad, må styret avgjere søknaden. --- o --- 7