Statens vegvesen Notat/rapport Til: Frå: Kopi: Anne-Brit Moen, Thomas Berger Marius Y. Meland Sakshandsamar/innvalsnr: Marius Y. Meland, 61 27 13 32, 400 64 638 E16 Bagn-Bjørgo vurdering av skredfare langs Dok. nr. i Sveis: Oppdrag: framtidig omkøyringsveg 2014113207-50 Dato: 10. februar Oppdragsgiver: Statens vegvesen, Prosjekt Vest-Oppland 2015 Planfase: Byggeplan Arkivkode: Ant. vedlegg: 2 Kommune: Nord-Aurdal og Sør-Aurdal Vegnr.: E16 HP: 11 Km: 6,0 11,1 UTM 33 ref.: N6758485, A201921 EUREF 89 Geoteknisk kategori: Utarbeidet av: Marius Y. Meland Sign.: Kontrollert av: Sign.: E16 Bagn-Bjørgo vurdering av skredfare langs framtidig omkøyringsveg Samandrag Det er gjort ei vurdering av skredfare langs eksisterande E16 mellom Bagn sentrum og Klosbøle cirka 5 km nord for Bagn sentrum. Føremålet er å vurdere eventuelle tiltak for at vegstrekninga skal stå fram som ein tilstrekkeleg trygg lokalveg og omkøyringsveg i framtida, med omsyn til skred- og nedfallsfare frå terreng og fjellskjeringar i overkant av veg. Kartlegginga er overordna. Det er ikkje gjort detaljkartlegging langs vegen, då det viktigaste føremålet har vore å kartlegge dei antatt viktigaste problempunkta langs vegen. Det er heller ikkje gjort vurdering i særleg grad av terrenget i overkant av fjellskjeringar. Dei tiltaka som hastar mest med, er ved profil 6050, 10150 og 10680, der tiltak bør utførast i form av reinsk eller bolting i løpet av inneverande år. Det er elles føreslege mindre tiltak i fjellskjeringar langs vegen, hovudsakleg i form av reinsk og bolting, for at vegen skal stå fram som tilstrekkeleg trygg, både før og etter at vegen blir omkøyringsveg. Det er ein del berg som heller bratt ned mot veg, og ei meir detaljert kartlegging av desse partia kan gjerast for å nærare vurdere skred- og nedfallsfare. Kartlegging av terrenget i overkant av veg kan vurderast for betre å vurdere skred- og nedfallsfare i overkant av veg. Tidlegare har det vore stadvis mindre snøskred og jordskred langs strekninga i høvesvis snørike vintrar og nedbørsrike periodar. Dette er ikkje sett på som eit vesentleg problem for Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 22 07 37 68 Abels gate 5 Statens vegvesen Vegdirektoratet firmapost@vegvesen.no 7030 TRONDHEIM Regnskap Postboks 8142 Dep Båtsfjordveien 18 0033 Oslo Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
ein framtidig omkøyringsveg, men tiltak kan vurderast dersom skredfrekvensen skulle auke vesentleg i framtida. Vedleggoversikt 2 Vedlegg 1: Vedlegg 2: Oversiktskart 1:50000. Aktuell strekning mellom dei to HP-verdiane i kartet. Statens vegvesen (1999): E16 Bagnskleiva sikring i skjæringer og skråninger. Rapport nr. E16-3-5, utført av Erik Sloreby. 1. Innleiing I samband med utarbeiding av byggeplan for strekninga E16 Bagn-Bjørgo er det prosjektert ny tunnel mellom Bagn sentrum og Klosbøle cirka 5 km nord for Bagn sentrum. Dette medfører at dagens E16 i dette området blir lokalveg og omkøyringsveg i periodar tunnelen blir stengt. Dette medfører behov for å vurdere skredfare (steinsprang, jordskred og snøskred) langs strekninga, både frå terreng og skjeringar. Vedlegg 1 er eit oversiktskart over området. Arbeidet har vore utført slik: 1. Forarbeid med samanstilling av grunnlagsmateriale og identifisering av dei mest utsette områda. Ansvarleg person: Marius Y. Meland. 2. Feltarbeidet vart utført 2. juli 2014 langs veg av følgjnde personer: Martine Lund Andresen, Ida Elise Trangen og Marius Y. Meland. 3. Etterarbeidet er utført av: Marius Y. Meland. Grunnlagsmateriale og tidlegare undersøkingar Aktsemdskart for snøskred, steinsprang og jordskredfare Berggrunns- og lausmassekart Tidlegare geologiske vurderingar av Erik Sloreby Avgrensinger ved rapporten Rapporten gjev ei overordna vurdering av nedfallsfare frå skjeringar. Rapporten går generelt ikkje i detaljar med å kartlegge for eksempel detaljert omfang av boltar, steinsprangnett, skredgjerde med meir. Denne rapporten omhandlar ikkje i særleg grad skred- og nedfallsfare frå terreng. 2. Terreng- og klimaskildring Kvartærgeologisk kart indikerer at området generelt består av tynne moreneavsetjingar (< 0,5 meter tjukkleik). Stadvis, spesielt i sør, er moreneavsetjingane noko tjukkare (> 0,5 meter tjukkleik). Terrenget i overkant av veg er i all hovudsak dekt av barskog (www.skogoglandskap.no). Berggrunnsgeologisk kart (NGU 2014) indikerer at berggrunnen langs heile strekninga består av banda gneis (grå til mørkegrå), med varierande kornstorleik og til dels høgt kvartsinnhald.
3 Aktsemdskart for steinsprang og snøskred (Figur 3 og 4) indikerer at terrenget i overkant av veg stadvis er bratt nok til at steinsprang og snøskred kan gå. Kartet dekker ein overordna skredfare frå eksisterande terreng, og tek ikkje i særleg grad omsyn til steinsprangfaren frå utsprengde fjellskjeringar. Aktsemdskart for jordskred (Figur 5) indikerer at jordskred kan gå nokre stader, truleg i samband med bekkar, dalsøkk og tjukke morenemassar. Aktsemdskarta er berre i mindre grad teke omsyn til i denne rapport, men vil gje lesaren ein peikepinn på kva type skred som teoretisk sett kan bli utløyst frå terreng i overkant av skjeringar. Figur 2. Kvartærgeologisk kart over området. Det er strekninga langs E16 mellom Bagn i sør og Klossbøle i nord som skal kartleggast. Lysegrøn farge indikerer tynne moreneavsetjingar (< 0,5 meter mektighet), medan mørkare grøn farge indikerer tjukkare moreneavsetjingar (> 0,5 meter mektighet). Kart frå NGU (2014).
4 Figur 3. Aktsemdskart for steinsprang. Frå NGU (2014). Mørk grå farge indikerer område der steinsprang teoretisk sett kan bli utløyst. Lys grå farge indikerer område der steinspranga teoretisk sett kan nå. Figur 4. Aktsemdskart for snøskred. Frå NGU (2014). Mørk raud farge indikerer område der snøskred teoretisk sett kan bli utløyst. Lys raud farge indikerer snøskreda sin teoretiske utløpsdistanse.
5 Figur 5. Aktsemdskart for jordskred. Frå NGU (2014). Brunprikkete felt indikerer dei mest potensielle områda for utløysing og rekkevidd av jordskred. 3. Skildring av lokalitetar med forslag til sikringsomfang Alle lokalitetar er langs eksisterande E16, som etterkvart vil ha funksjon som lokalveg og sannsynleg omkøyringsveg. Dersom ikkje anna nemnd, er føreslegne sikringsbehov langsiktig på den måten at det bør vurderast sikring innan nokre år, anslagsvis 4-5 år. Det er i hovudsak fjellskjeringar langs eksisterande veg som er vurdert. HP11, 6000 6150 meter Lang skjering, der delar av berget ligg tilsynelatande «på gli» i retning mot veg (Figur 6). Det må vurderast stadvis reinsk og bolting av enkelte blokker langs heile skjeringa. Det vart også observert eit parti der det nylig har vore utrasing (HP11, cirka 6050 meter, Figur 7). Rett sør (også ved cirka 6050 meter) vart det oppdaga eit parti med open sprekk i bakkant (Figur 8). Dette bør takast ned eller boltast fast i løpet av inneverande år.
6 Figur 6. Fjellskjering langs HP11, 6000 6150 meter. Vegfoto frå Statens vegvesen. Figur 7. Lyst parti, som indikerer nylig utrasing, i skjeringa ved HP11, cirka profil 6050.
Figur 8. Parti som bør takast vekk eller sikrast i løpet av inneverande år. 7
HP11, 6200 6350 meter Skjeringa har oppsprekking med fall i retning veg (Figur 9). Det er generelt svakt utvikla sprekker, og det går ikkje fram at skjeringa vil bli noko stort problem i nær framtid. Det er likevel anbefalt å halde jamleg oppsyn med skjeringa for å sjå om nokre av sprekkene utviklar seg. Dette gjeld særleg i bakkant, der vertikal oppsprekking kan medføre at større blokker misser feste i bakkant. Det er også smal grøft, noko som inneber at eventuelt nedfall kan kome rett i veg. 8 Figur 9. Fjellskjering ved HP11, 6200 6350 meter.
HP11, 6450 6650 meter Skjeringa har ei til dels tett oppsprekking med fall i retning veg (Figur 10). Det er observert fleire blokker som kan vere på veg ut innan ein periode på nokre år. Det er anbefalt å sikre dei mest lause blokkene i form av boltar, anslagsvis kring 20 stk. Eit meir nøyaktig omfang får ein ved detaljert kartlegging. 9 Figur 10. Fjellskjering ved HP11, 6450 6650 meter.
10 HP11, 6600 6750 meter Her er det berg på «gliplan» ned mot veg (Figur 12). Kan bli større utrasing dersom det er sprekker i bakkant oppe i bakken. Stabiliteten av berget må vurderast nøye for å vurdere utrasingsfaren her. Lause parti bør sikrast i form av reinsk, nedtaking eller bolting. Ved cirka 6650 meter har det nylig skjedd ei utrasing (Figur 11). Figur11. Nylig utrasing ved HP11, cirka 6650 meter.
Figur 12. Parti ved HP11, cirka 6600 6650. Stabiliteten av dette partiet bør vurderast nøye for å vurdere utrasingsfare og eventuelt sikringsbehov. Eventuell utrasing kan her medføre fleire m 3 med stein i grøft og på veg. 11
HP11, 6750 6850 meter Her er det tidlegare utført sikring i form av reinsk og bolting (Figur 13). Sikringa ser ut til å vere generelt OK, men skjeringa er ikkje gått gjennom i detalj. 12 Figur 13. Skjering ved 6750 6850 meter. HP11, 7650 meter Her er det tidlegare funne blokker med dårleg stabilitet ovanfor veg. Det vart i 1999 føreslege å ta ned desse blokkene (Bilag 6 i Vedlegg 2). Det er ikkje her vurdert kor vidt dette er gjort. HP11, 7750 meter Her er det tidlegare lagt på nett for å halde på plass lausmassar over fjell. Det vart i 1999 føreslege oppsetjing av betongmur for å halde på plass lausmassane (Bilag 5 i Vedlegg 2). Det er ikkje her vurdert kor vidt dette er gjort. HP11, 7900 meter Her har det vore problem med jordskred som har gått tidlegare, til tider kvart år (Bilag 3 og 4 i Vedlegg 2). Ut frå synfaring går det fram at jordskred ikkje har vore problem på nokre år. Det er uvisst om det er gjort nokre av dei føreslegne tiltaka, frå 1999. HP11, 8000 meter Her går det fram at jordskred har gått tidlegare (Vedlegg 2). Det er uvisst om det er gjort nokre av dei føreslegne tiltaka, frå 1999.
HP11, 8300 8500 meter Her er det tidlegare utført sikring i form av reinsk og bolting (Figur 14). Sikringsomfanget ser ut til å vere generelt OK, men skjeringa er ikkje gått gjennom i detalj. Noko reinsk og supplerande bolting bør vurderast. 13 Figur 14. Skjering ved 8300 8500 meter.
HP11, 9900 10000 meter Fjellskjering som består av ei blanding av skifer og gneis (Figur 15). Det vart ikkje umiddelbart registrert spesielle parti som krev sikring. Grøfta er smal, og reinsk bør vurderast, eventuelt sikring i form av 2-5 boltar. Generelt kan nokre steinar gå rett ned i veg, men sannsynlegvis vil det vere mykje «småstein» (skifrige bergartar) som fell ned. På lang sikt kan bergpartiet ovanfor «9,964 km-skiltet» vere utsett for nedfall, men sprekk i bakkant er førebels lite utvikla. 14 Figur 15. Skjering ved 9900 10000 meter.
HP11, 10150 meter Her er det ei blokk som sett frå vest ser ut til å mangle støtte i nedkant (Figur 16). Det er noko betre støtte på austsida, men det er ei blokk som kan forventast å rase ut innan få år. Det er dermed anbefalt å sikre denne i løpet av 2015. 15 Figur 16. Blokk med tilsynelatande dårleg støtte, ved 10150 meter. Blokka ser ut til å ha meir støtte, sett frå sør. Det er likevel anbefalt å sikre blokka i løpet av 2015, i form av 2-3 boltar. Foto: Stian Ellingsen, SVV. Resten av kringliggande skjering (profil 10100 10170) treng på sikt sikring i form av 10-20 boltar. HP11, 10250 meter Her er det eit fjellparti som i 1999 er føreslege å ta ned (Bilag 1 i Vedlegg 2). Det er ikkje observert kor vidt dette er teke ned i etterkant, men det vart ikkje funne nokre parti med stor utrasingsfare under synfaringa i 2014.
16 HP11, 10500 10730 meter Denne skjeringa treng stadvis enkel reinsk. Det er anbefalt å ta vekk tre på topp av skjeringa, både for å hindre rotsprenging og for å hindre nedfall av tre. Det er rekna med sikring i form av 10-20 boltar frå vest til aust (om lag ved skilt som varslar avkøyring mot Reinli og Bagn sentrum). Meir nøyaktig omfang må fastsetjast ved meir detaljert geologisk kartlegging. Det er fleire potensielle steinar som kan falle ned. Grøfta er relativt smal. Det er registrert ei større blokk som kan falle ned i løpet av «relativt kort tid» (Figur 17, ved 10680 meter). Dette inneber at denne bør takast ned eller sikrast i løpet av 2015. Figur 17. Laus blokk ved 10680 meter. HP11, 11020 11090 meter + HP12, 0 70 meter Denne vurderinga er gjort for skjeringa på nordsida av E16. Skjeringa ser ut til å vere i generelt god stand, men lett reinsk og sporadisk bolting (5-10 stk.) bør vurderast på sikt. 4. Anbefalingar om vidare arbeid Tiltaka som er føreslege utbetra i løpet av inneverande år, bør prioriterast. Dette gjeld i særleg grad ved HP11, profil 6050, 10150 og 10680. Etter dette bør andre føreslegne tiltak prioriterast. Det blir gjerne naudsynt med ei meir detaljert geologisk kartlegging for å nærare fastslå omfanget av sikring der det er føreslege.
Det kan med fordel gjerast ei meir detaljert kartlegging av terrenget i overkant, for betre å avgrense steinsprang, jord- og snøskredfare. Det er likevel antatt at nedfall frå eksisterande fjellskjeringar og i nær overkant av skjeringane vil utgjere den største faren. Skulle det kome nedfall eller skred frå terreng i overkant, bør dette terrenget vurderast for eventuell skredfare. Det har tidlegare gått jord- og snøskred langs delar av vegstrekninga. I utgangspunktet er ikkje dette rekna for å vere eit større problem når vegen blir nedklassifisert. Det kan likevel haldast auge med i åra framover korleis frekvensen av snøskred og jordskred blir, og deretter vurdere supplerande tiltak. Hendingar som i framtida gjev nedfall på veg i form av jord, snø, stein eller is, bør (må) registrerast på R11-skjema, noko som driftsentreprenør er pliktig til å gjere i høve til kontrakt. Dette gjeld nedfall i vegbane som vil utgjere ein vesentleg fare for trafikantar. Registrering av desse hendingane vil i framtida gje ein betre og meir objektiv peikepinn på kvar problema er størst. 17 5. Referansar NVE (2015): Aktsemdskart på internett.www.skrednett.no Statens vegvesen (1999): E16 Bagnskleiva sikring i skjæringer og skråninger. Rapport nr. E16-3-5, utført av Erik Sloreby. Rapporten er vedlagt som Vedlegg 2 i denne rapport. Statens vegvesen (1993) E16 Bagn Bjørgo. Sikringer av skjæringer, km 3,0 4,4. Rapport nr. E16-03.00/3, utført av Erik Sloreby.
E 524000 E 525000 E 526000 E 527000 E 528000 N 6752000 N 6752000 E 529000 E 530000 E 531000 E 532000 N 6751000 N 6751000 N 6750000 N 6750000 N 6749000 N 6749000 N 6748000 N 6748000 N 6747000 N 6747000 N 6746000 N 6746000 N 6745000 N 6745000 N 6744000 N 6744000 N 6743000 N 6743000 N 6742000 N 6742000 N 6741000 N 6741000 N 6740000 N 6740000 E16 Bagn - Bjørgo Oversiktskart Vedlegg 1 N 6739000 26.01.2015N 6739000 Målestokk 1:50000 Statens vegvesen E 524000 E 525000 E 526000 E 527000 E 528000 E 529000 E 530000 E 531000 E 532000