MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AMU Møtedato: 23.05.2017 kl. 12:00 Møtestad: BK 220 Arkivsak: 17/00212 Møtt: Silje Louise Dahl Ingunn Welle Henriette Hafsaas Tsakos Jacob Kjøde Reidulf Ottar Botn Øyvind Hagen Per Egil Nymark Vassbotn (Vara) Nina Cathrin Garshol Gunhild Øksne, Stamina Helse BHT Forfall: Arne Myklebust, vara ikkje innkalla, grunna ikkje meldt forfall Protokollførar: Solbjørg Nossen Leite 1
SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side ssaker 11/17 Godkjenning av innkalling og protokoll etter AMU-møte 17.02.17 2 12/17 Ombygging Kaarstad - evaluering av prosjekt 3 13/17 Bruk av ressurs BHT 4 14/17 Rapport frå BHT 5 15/17 Sjukefråvær 6 16/17 AKAN 7 17/17 HMS-dag 2018 8 18/17 Ymse 9 Orienteringssaker 4/17 Orientering frå prorektor om arbeidsmiljø 10 11/17 Godkjenning av innkalling og protokoll etter AMU-møte 17.02.17 Innkalling og referat etter førre møte vart godkjent utan merknader. 2
12/17 Ombygging Kaarstad - evaluering av prosjekt AMU tok følgjande orientering til vitande: Strand og Lande orienterte om at prosjektet som starta i -08 i utganspunktet ha som formål å utbetre ventilasjon i eit eksisterande hus. Det var i starten ikkje tale om ei ombygging. Det kom seinare pengar til utbetringar, og ei rominndelingsgruppe v Krøvel, Sollid og Strand vart sett ned, dei utbetra ein rapport hausten -13. Krøvel orienterte om rapporten ved AKF i januar -14. Driftssjef har seinare informert på AKF sine avdelingsmøter. I prosjektet har mange ting blitt til undervegs, grunna behov som har oppstått t.d. behov for brannhemmande materiale i tak, og der ein har klart å skaffe midlar. Lande informerte om at det ikkje har vore noko å ta vare på innvendig, for å ivareta «sjela til bygget», dette forsvann i samband med renovering på 80-talet. Det er det utvendige bygget, fasade og parken som er verneverdig. Møblar: Det blir ikkje køyrd prosessar på kva møblar som skal kjøpast inn til klasserom. I k 100 der det er dyrare møblar, har avdelinga dekka ekstrakostnader sjølv. Kva kan HVO lære: Forventingane til prosjektet har ikkje vore avklare. I nye prosjekt bør forventingane avklarast både før og undervegs. Brukarane burde vore informert om at det kan ta inntil 6.mnd. å køyre inn eitt nytt ventilasjonsanlegg, bygget må vere i bruk før dette er mogeleg. Solskjerming kom seint, då det i utganspunktet ikkje var meir pengar igjen i prosjektet. Lande orienterte til slutt om at 79 vindauge i Kaarstad i år, pengar har nettopp blitt tildelt. Sjukehusvegen 106 kan nyttast dersom det ikkje er mogeleg å undervise i lokala. 3
13/17 Bruk av ressurs BHT AMU godkjenner endringa og er positive til at det blir levert søknad om investeringsmidlar. Det bør utarbeidast ein realistisk framdriftsplan. Tilsette som har behov for hev- og senkebord må melde frå til leiar, slik at ein kan prioritere utifrå behov. 4
14/17 Rapport frå BHT AMU tek rapportane til vitande og forventar rask oppfølging frå drift og Statsbygg. AMU ønskjer informasjon om framdrift. 5
15/17 Sjukefråvær Det vart stilt spørsmål om det er utarbeida eigne statistikkar for sjukefråvær som skuldast arbeidsmiljøet. Personaldirektør orienterte om at dette ikkje blir utarbeida. Ved eigenmeldt fråvær kryssar den tilsette av i eigen rubrikk i SAP-portalen dersom sjukefråværet skuldast arbeidsmiljø. Ved legemeldt fråvær skriv legen på sjukmeldinga dersom fråværet gjeld arbeidsmiljø. Alle sjukmelde blir følgt opp etter rutine. AMU tek orienteringa til etterretning. 6
16/17 AKAN AMU godkjenner forslaget og foreslår at studentrådgivar blir invitert for å informere om tenestetilbodet frå Studentsamskipnaden. 7
17/17 HMS-dag 2018 AMU godkjenner forslaget til arbeidsutvalet og foreslår tysdag 30.januar som aktuell dato. 8
18/17 Ymse Hovudverneombodet meldte inn saka avfallsortering. Det er ikkje lagt til rette for å sortere plast ved alle einingar. HVO bør vurdere å bli sertifisert som miljøfyrtårn. Det blir produsert mykje plastavfall grunna emballasjen som blir brukt i kantina. AMU ber om at drift legg til rette for plastsortering i alle hus og ved dei ulike avdelingane. Vidare å undersøke om det er mogeleg for HVO å bli sertifisert som miljøfyrtårn. AMU ber studentsamskipnaden sjå på sine rutinar for bruk og sortering av plast. 9
Saknr Arkivsak Tittel 4/17 14/01530-14 Orientering frå prorektor om arbeidsmiljø. AMU får oppdatering ved behov. 10