HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200909980-219 Arkivnr. 135.6 Saksh. Haugland, Tone Stedal/Bjørkås, Øivind Rune/Herland, Dagny Ygre Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 04.05.2010 STØNAD TIL ÅLMENNE KULTURFØREMÅL VÅREN 2010 SAMANDRAG Tilskot til ålmenne kulturføremål skal overrisla kulturlivet i Hordaland. Søkjarar er både frivillige lag og organisasjonar, profesjonelle institusjonar og einskilde personar. Det er to søknadsfristar i året, og det er vårtildelinga som vert lagt fram i denne saka. Det er ved søknadsfrist 1. mars komen inn 109 søknader som alle er handsama i denne saka. Det er 636.000 kroner til fordeling under Ålmenne kulturføremål i 2010, og eg har innstilt på å fordele kr 406.000 av desse no ved vårtildelinga. Ein del søknadar med høge søknadssummar er overførte til regionale kulturføremål /til rådvelde for kultur- og ressursutvalet. Innan denne ordninga Ålmenne kulturføremål vert det oftast gitt stønad mellom 5000 og 20 000 kroner. Ein del av søknadane vi handsamar er av meir lokal karakter. Nokon av dei kjem frå tiltak i kommunar med svært låge kulturbudsjett. Men vi ser det som viktig at vi opprettheld at tiltaka vi støttar skal ha regional karakter, og at mindre lokale kulturarrangement er eit kommunalt ansvar. Under denne ordninga kjem det inn mange søknader om stønad til diverse samtidskunstprosjekt. Mange av desse kjem frå einskildkunstnarar, og det kan vera vanskeleg å skilje og prioritera desse. Vi vil i størst grad støtta fellesprosjekt av regional tyding. I fylkesplanen er det sett opp som strategiar at Hordaland fylkeskommune m.a. skal stimulera til kulturell nyskaping og etablera og styrkja nettverk og infrastruktur med kommunane og kulturaktørane. Dette er naudsynt for å få eit mangfaldig, varig og godt kulturliv rundt i heile fylket. Vi har difor også prioritert nye tiltak som skapar større breidde i kulturlivet og som kan vera ein pilot og kan henda inspirera andre.
FORSLAG TIL VEDTAK Kultur- og ressursutvalet løyver totalt kr 406.000 over budsjettpost 400.740.00 Stønad etter vedtak, slik: Søkjar Tilskot 1. A2 v/terje Bjørge 0 2. 8.mars initiativet i Bergen 2010 0 3. AktB v/rita Marhaug kr 20000 4. Anette Bjørnenak 0 5. AVGARDE kr 10000 6. Bergen filmklubb 0 7. Bergen Jazzforum 0 8. Bergens Kammermusikkforening 0 9. Big Noisy Records DA 0 10. Bjørgvin Kyrkjesongforbund 0 11. BODONI kr 15000 12. BRF v/per-anders Hammarström 0 13. Bøen Christian 0 14. Collegiûm Mûsicûms kor og orkester 0 15. Commentium Forlag 0 16. Dale sokneråd v/eli Kringlebotn 0 17. Degaton Records 0 18. Den gode melodi/bal Musette kr 10000 19. Divisi 0 20. Dragefjellets Musikkorps Bergen 0 21. Dyrkolbotn Helge 0 22. Eikanger-Bjørsvik musikklag kr 20000 23. EKKO Festival for el.musikk og kunst 0 24. Ekspresso / Bokprosjektet i Salem Misjonsforsamling 0 25. Ekstremsportveko 0 26. Espen Selvik 0 27. Evanger Musikklag 0 28. FENG XIAN LIN forlag 0 29. Folkemusikklubben Columbi Egg kr 10000 30. Foreningen av 2007 til fremme for kunstfaglig refleksjon og debatt kr 10000 31. Foreningen mot Stoffmisbruk v/sigrid Tvedt 0 32. Fusa kulturkontor kr 10000 33. Gamle Smiers Venner 0 34. Hansakvartetten v/walter Heim 0 35. Hardanger Big Band kr 8000 36. Hardanger folkemuseum 0 37. Hardanger Kunst Senter kr 10000 38. Harding Puls kr 8000 39. Helge Ryttvad 0 40. Helse Fonna HF Valen sjukehus 0 41. Henriette Slorer/Bodil Lunde Rørtveit 0 42. Hordaland Fylkeskystlag kr 6000 43. Internasjonal folklorefestival Nordhordland 2011 Albatross & Strilaringen kr 8000 44. JazzAKKS(samarbeid Bergen Jazzforum og AKKS 0 45. Jitney 0 46. Jorid Lekve Eide kr 10000 2
47. Kammerkoret GNEIS 0 48. Karivold Film 0 49. Kloster Øystein kr 15000 50. Knut Hamre kr 8000 51. Kunstmuseene i Bergen kr 20000 52. Kvam Musikkliv v/dag-ivar Tangen 0 53. Kvinnherad kulturfestival 0 54. Lene Sollesnes Holum kr 10000 55. Litlebergen Båtforening 0 56. Luftskipet kr 20000 57. Lydgalleriet kr 15000 58. Mads Eriksen Gitarskole kr 10000 59. Manger folkehøgskules Brassband 0 60. Maria Vocalis v/kari Gina Hodneland 0 61. Maria Vocalis v/kari Gina Hodneland kr 10000 62. Masfjorden kommune/bjørn West Kr 15000 63. Masfjorden kommune 0 64. Norges Handikapforbund Voss 0 65. Norsk Kvedarforum kr 8000 66. Norsk Tamilsk Helseorganisasjon (NTHO) 0 67. Norsk Vasskraft og Industristadmuseum kr 20000 68. Norske Kunsthåndverkere Vest Norge kr 15000 69. November Homecoming 0 70. Onarheim kyrkje -arbeidsgruppa/soknerådet 0 71. ORG. "PROFFENE" 0 72. Osterøyfestivalen v/henrik Horsås 0 73. Piksel Produksjoner 0 74. Piksel Produksjoner 0 75. Podium Festivalen 0 76. Proscen/Produsentenhet for scenekunst kr 10000 77. PrøveRommet kr 20000 78. Ranveig Helen Lægreid 0 79. S12 Galleri og verksted DA 0 80. Sjømannskirken - Norsk kirke i utlandet 0 81. Songlaget Stordabuen 0 82. Stalheim/Jostein kr 10000 83. Stiftinga - Radøy Kunst Senter 0 84. Stord musikklag 0 85. Stord Musiske Spontanforening 0 86. Storebø Bedehus 0 87. Sunnhordland museum 0 88. Sunnhordland museum 0 89. Sunnhordland museum 0 90. Teater Bak og utenfor Murene v. Marianne Nødtvedt Nilsen kr 10000 91. Telemarksmagasinet 0 92. Torgdagen i Bergen kr 20000 93. Torill Lunde Børsheim og Johan Børsheim 0 94. Universitetet i Bergen avd AHKR 0 95. Vedholmen Galleri& Atelier 0 96. Velour Design og Foto DA 0 97. Velure Rock 0 98. Verdensarvkoordinator i Odda, Arild Traa 0 99. Vestlandskappleiken 2010 v/hardanger Spelemannslag kr 10000 100.Vest-Telemark museum 0 3
101.Vibeke Flesland Havre 0 102.Volt v/marie Nerland 0 103.Vossaskulen for biletkunst Kr 5000 104.Vossaslepp 2010 - /Hordaland bygdeungdomslag 0 105.Yngve Seterås 0 106.Youth For Understanding Norge 0 107.Øy-Film - v/øyvind Sandberg 0 Til saman kr 406000 Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti Vedlegg: Oversyn over søknadane 4
FYLKESRÅDMANNEN, 19.04.2010: Kultur- og ressursutvalet har tidlegare i år fått ei orientering om retningsliner for tildeling av denne sekkeposten og vedtok i sak 14/10, retningslinene for denne tildelinga slik: Retningsliner for Stønad til ålmenne kulturføremål og Stønad til tiltak for barn og unge (aktivitetsstønad) Løyvingane skal stø opp under visjonen for Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk i tråd med gjeldande Fylkesplan, og såleis m.a. vere med på å sikre innbyggjarar rundt om i fylket eit mangfaldig og godt kulturtilbod. Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar, så reint lokale kulturtiltak må finansierast av vedkomande kommune e.l. 1. Løyvingane skal gå til tiltak/prosjekt som er av ein slik art at det har regional interesse og/eller nedslagsfelt. Dette kan t.d. vere pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre. 2. Stønaden skal gå til prosjekt og aktivitetar. Det vert normalt ikkje gjeve stønad til drift. Sjølv om enkelte søkjarar om stønad til faste årlege arrangement (festivalar, oppsettingar o.l) har fått stønad gjennom fleire år, eller at det har vore praksis å støtte liknande/tilsvarande prosjekt med ein viss sum, vil alle søknadar verte fritt vurdert i kvart enkelt tilfelle opp i mot samla tilskotssum og dei andre søknadene som ligg føre. 3. Desse midlane skal vere med å løyse ut aktivitet. Hordaland fylkeskommune ser det som ein føremon at prosjekta dei løyver til gjennom denne ordninga også er delfinansiert av andre, t.d. kommunar. 4. Det vert ikkje gjeve tilskot til følgjande: a) ordinær drift b) investeringar i bygg og anlegg c) utanlandsreiser Unntak kan vere deltaking i internasjonale tevlingar, m.m. etter kvalifisering eller samarbeidsprosjekt knytt til våre samarbeidsregionar. d) CD-produksjonar og skjønnlitteratur Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi. e) tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t.d. vidaregåande skular f) humanitære tiltak i regi av interessepolitiske organisasjonar utan kulturfagleg innhald/kulturelt føremål g) barne- og ungdomsorganisasjonar som får driftstilskot frå HFK (via HBUR). Unntak kan vera fellestiltak mellom fleire organisasjonar eller tiltak som er "opne" og rettar seg mot andre eller fleire enn dei som soknar til organisasjonen. Søknader frå organisasjonar må fremjast gjennom fylkeslekken så framt ein slik finst. 5. Krav til mottakarar: a) Det er ein føresetnad for stønad at melding og rekneskap for tiltaket vert sendt Hordaland fylkeskommune i ettertid. Slik rapportering vil vere eit element i vurderinga av eventuelle framtidige søknader om stønad. b) I samband med informasjon om tiltaket skal det opplysast at tiltaket er støtta av Hordaland fylkeskommune. c) Tilskotsmottakarar med billettsal må akseptere følgjekort for funksjonshemma. d) Tilskotsmottakar bør delta i ordninga med kulturkort for ungdom. Vedtaket kan påklagast til fylkeskommunen jf. Fvl 28. Klagefristen er 3 veker frå mottakinga av brevet. 5
Vurdering av søknader Det vert lagt vekt på desse momenta (i uprioritert rekkefølgje): I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket I kva grad tiltaket har verdi for kulturlivet i større delar av fylket I kva grad er tiltaket nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers Dokumentarisk verdi Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet Fordeling av midlane i høve geografi og sjanger Vi har frå i år også opplyst om desse prioriteringspunkta i retningslinene/på nettsidene til HFK. Det dreiar seg her om små summar som får stor effekt i kulturarbeidet. Det er stort spenn i når det gjeld søknadssummar. Slik må det vere spesielt då det i den ordninga kjem søknadar frå alt frå små, frivillige lag til store, profesjonelle institusjonar. Diverre har det alltid vore mange som ikkje har nådd fram, og dei aller fleste har fått sterkt reduserte tilskot i høve til søknadssummane. Men vi har i hovudsak helde oss til ei vurdering om at om vi ikkje kan innfri minimum 1/3 av søknadssum avslår vi søknaden. For våren 2010 er det kome inn 107 søknader med ein spesifisert søknadssum i underkant av 3 mill kroner. Summen å fordela er kr 636.000 for året. Ved denne tildelinga vert det løyvd kr 406.000 og det står såleis att kr 230.000 til hausttildelinga. Framlegg til vedtak fordeler seg slik på desse kategoriane: Musikk - 11 tiltak kr 114 000 Kulturhistoriske prosjekt - 4 tiltak kr 61 000 Scenekunst 5 tiltak kr 55 000 Visuell kunst /samtidskunst - 5 tiltak kr 88 000 Andre/blandingssjangre 6 tiltak kr 88 000 Til saman kr kr 406.000 Når det gjeld denne inndelinga i sjangrar er det fleire tiltak som kan plasserast i fleire av desse kategoriane. Nokre av desse har også m.a. blitt prioritert då dei rettar seg mot prioriterte grupper. Det fylkeskommunale ansvaret gjeld kulturoppgåver som har verdi for heile fylket eller større delar av det. Reint lokale tiltak har kommunane eit ansvar for. Det er eit prinsipp som ikkje alltid let seg praktisera like lett. Her må fylkeskommunen jamt bruka skjøn. Det har gjennom åra nedfelt seg ein viss praksis når det gjeld ymse typar søknader. Hordaland fylkeskommune har vanlegvis funne å måtta avslå tilskot til plateinnspelingar. Unnatak kan berre gjerast dersom det er tale om dokumentasjon. Likeeins har ein vore restriktiv overfor større forlag som har bede om tilskot til prenting av bøker. I vedlegget har eg gitt ein indikasjon på grunnen til tildeling/avslag. Til dømes vil ikkje rom seie at dette er eit godt prosjekt eg gjerne skulle ha tilrådd, medan ikkje prioritert vil seia at ein formelt er innafor krava, men skårar noko lågt på enkelte vurderingskriteria. Det er eindel søkjarar som søkjer år etter år. Nokre av desse har fått jamnt med tildelingar. Ein kjem i eindel av desse tilfella opp i problemstillinga at det tenderar til driftsstønad. Men dette er oftast relativt små beløp. I tildelingsbrev til desse gjer vi merksame på at dette er prosjekttilskot og at søknadane kvart år vert vurdert på nytt opp imot samla søkjarmasse. 6