Prosjektplan - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg Prosjektansvarleg: Gro Røhne Andersen, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Nordhordland Reiselivslag Prosjektstart: 01.09.2009 Prosjektavslutning: 31.08.2012
1. MÅL OG RAMMER 1.0 Bakgrunn Sykkelturisme er aktivitetsferie i sterk vekst. I Noreg den 3. største sommaraktivitet etter fiske og vandring. Sykkelturisme er eit produkt som kan leggast til rette for lokalbefolkning, hytteeigar og turistar med forholdsvis enkle midlar. Det er ein ferieform som med enkle grep kan spesialtilpassast for skuldersesongane. Undersøkingar viser og at ringverknader for øvrig næringsliv er gode, sykkelturistar nyttar lengre tid og meir pengar enn for eksempel bilturistar. Destinasjonssykling med utflukter ut frå ein base er stadig meir etterspurt som sykkelform. Stiftelsen Sykkelturisme i Noreg er Norges nettverksorganisasjon for utvikling av kommersiell sykkelturisme. STIN ble stiftet i 1998 og har partnarar frå heile landet, offentlege og private. Av desse er 10 fylkeskommunar, 4 syklistvelkommen destinasjonar, 12 ruter og 127 syklistvelkommen bedrifter. Vegdirektoratet/Vegvesenet og Innovasjon Norge er nære samarbeidspartnar. STIN har utvikla konsept som klassifiserar ruter, reisemål og verksemder i høve til å ta imot sykkelturistar. STIN er ein medlemsorganisasjon og i Hordaland er Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hordaland fylkeskommune partnarar. På Vestlandet har arbeidet i stor grad vore fokusert rundt utvikling av Nordsjøsykkelruta. Dette er ei satsing som har vore utvikla gjennom Interreg samarbeid og omfattar no 6000 km med tilrettelagde løyper rundt Nordsjøbassenget. Denne satsinga har vore fronta gjennom Rogaland fylkeskommune, som og har hatt sekretæriatsansvar for heile prosjektet. Ruta går frå Rogaland gjennom Sunnhordland og endar opp i Bergen. Denne ruta er og ein del av Nasjonal Sykkelveg nr 1. I tillegg til denne ruta går også nasjonal sykkelveg nr 4 frå Bergen til Voss og vidare via Rallarvegen ut av fylket. Denne løypa går gjennom Den grøne Sløyfa (Eksingedalen Teigdalen). I Hordaland har det vore arbeidd med sykkelturisme ulike stader. I Sunnhordland har ein gjennom prosjektet Sykkelturisme i Sunnhordland utvikla 2 ruter som er godt egna for sykkelturisme. Fleire andre ruter er også under utvikling. Voss arbeider aktivt med å få meir effekt av den store aktiviteten som er på Rallarvegen. Osterfjord Reiselivslag har tidligare arbeidd noko med sykkelturisme og i Bergen har Statens Vegvesen og Bergen Kommune gjort ein del. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 2
Aktivitetar vil i tida som kjem verta meir og meir viktig parameter når turistane vel feriemål. Reiselivsnæringa i Hordaland har dei siste åra samarbeida om større nasjonale marknadskampanjar. For dei komande åra vil denne satsinga verta kraftig retta inn mot aktive opplevingar. Sykkelturisme vil vera eit av dei områda som vert prioritert i Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015. Nordsjøruta er betegnelsen på ruta som går mellom Kristiansand og Bergen. Ruta er del av nasjonal sykkelrute nr. 1 som går frå Svinesund til Bergen og den internasjonale North Sea Cycle Route som går gjennom 8 land. Båtforbindelsen frå Bergen til England er borte frå september 2008. Dette reduserar attraktiviteten noko. Sykkel kan og tas med på fly. I dag stopper Nordsjøruta i Bergen. Det er denne ruta som ein ønskjer å vidareføre vidare ut av Hordaland fylke. Dette delprosjektet inngår i eit større sykkelprosjekt for heile fylket Sykkel i Hordaland. 1.1 Prosjektmål 1.2.1 Hovudmål for prosjektet Prosjektet skal utvikla Hordaland som sykkelfylke i reiselivssamanheng. Hordaland skal vera det leiande sykkelferiefylket i Noreg der kombinasjonen mellom syklist velkommen destinasjonar og regionale og nasjonale sykkelruter er eit av våre fortrinn. Dette forutset at ein får finansiert og gjennomført infrastrukturen. 1.2.2 Delmål for Nordsjøsykkelløypa: Nordsjøsykkelruta rute nr. 1 mellom Bergen og Mongstad skal verta skilta etter nasjonal skiltmal (Statens Vegvesen). Det skal og liggja føre informasjonsmateriell og vera syklistvelkommen verksemder langs denne ruta. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 3
1.2 Rammer 1.2.1 Prosjektets tidsramme Prosjektoppstart er rekna til 01.09.09. Prosjektet avsluttast 31.08.2012. 1.2.2 Geografisk ramme Dette delprosjektet tek føre seg Bergen og Nordhordland. 2.0 PROSJEKTSKILDRING 2.1 Prosjektskildring 2.1.1 Kortfatta prosjektskildring Dette delprosjektet er ein del av prosjektet Sykkelturisme i Hordaland. Totalt er det 6 delprosjekt i Sykkel i Hordaland, samt nokre fellesoppgåve. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 4
Sentrale element i arbeidet med dette delprosjektet vil vera: - Planleggja og koordinera gjennomføring av skiltplan. Ruta er om lag 100 km lang. - Bestille og koordinera oppsett av skilt. - Levere materiell/ lokal koordinering av lokal informasjon til hovudprosjektleiar. - Initiere syklist velkommen verksemder. Det skal minimum vera to syklistvelkomen verksemder på plass. Gjerast i samarbeid med STIN. - Andre naudsynte tiltak. 2.1.2 Prosjektets innovasjonsgrad Prosjektets innovasjonsgrad ligg i å byggja opp gode sykkelferieprodukti form av ruter, som og kan nyttast i destinasjons-/basesykling. Dette vil vera infrastrukturtiltak som vil kunne styrke næringsaktørane i dei gitte områda. 2.1.3 Prosjektets verdiskapingsgrad Prosjektet si verdiskaping ligg fyrst og fremst i at denne type infrastrukturtiltak vil bidra til at eksisterande og nye næringsaktørar vil få nye målgrupper. Undersøkingar syner at sykkelturistar er ein lønnsam gruppe som legg igjen store summar i løpet av ferien. 3.0 ORGANISERING 3.1 Ansvarsforhold 3.1.1 Prosjektansvarleg Prosjektleiar for hovudprosjektet Gro Røhne Andersen er prosjektansvarleg. 3.1.1 Prosjektleiar Vert peika ut seinare. Nordhordland Reiselivslag er aktuell. Øvrige roller og bemanning 3.1.2 Arbeidsgruppe Det bør settast ned ei arbeidsgruppe i Nordhordland beståande av: Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 5
- 1 representant frå ar kommune som ruta går gjennom - Statens Vegvesen - Prosjektansvarleg - Prosjektleiar Nordhordland 4.0 BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1 Arbeidsgruppemøte Møte i styringsgruppa fungerar som statusmøte. Styringsgruppa fastlegg prosjektet sin handlingsplan og til møte skal det rapporterast ihht. fastlagt handlingsplan. Rapportering til hovudstyringsgruppa. 4.2 Beslutningspunkt Beslutningspunkt vert lagt til arbeidsgruppemøta. 5.0 RISIKOANALYSE 5.1 Kritiske suksessfaktorar Kritiske suksessfaktorar ligg i fyrste rekke i å få prosjektet finansiert. Det er og ein kritisk suksessfaktor i høve tidsramma for å få gjennomført dei tiltaka som er sesongavhengige (oppsetting av skilt o.l.). Dette fordrar at skiltplan og annen planlegging gjerast i god tid. Samla sett er det ein risiko for ikkje å nå prosjektets hovudmål dersom prosessen ikkje vert prioritert og forankra hos aktørar og samarbeidspartnarar. Denne risikoen kan reduserast ved at aktørane tidleg vert involvert. 5.2. Kvalitetssikring Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 6
Kvalitetssikringa i prosjektet skjer gjennom oppfølging av prosjektleiar og gjennom styringsgruppemøte. 6.0 SAMARBEID MED ANDRE PROSJEKT Det går føre seg ulike prosjekt som det vil vera naturleg å samarbeida med. Dette er til dømes: - Coast Alive - Sykkelturisme i Sunnhordland - Jenter på hjul - Geoturisme i Hordaland - MICE i Hordaland - Nasjonal marknadsføring - Kortferie i Hordaland - Innovativ fjordturisme - Landskapsparkene - Båt-/kystturisme i Hordaland - Eplore Hardangerfjord - Ulike områdeprosjekt - Matprosjekt langs ruter Det må og vurderast samarbeid med nabofylke der det er naturleg. 7.0 GJENNOMFØRING 7.1 Hovudaktivitetar Nordsjøsykkelruta stopper i dag i Bergen. I forprosjektet vert ruta kartlagt og alitetssikra mht trafikksikkerheit, attraksjonsverdi mv. Totalt er ruta på 63 km. Hovudmålet er; Konkret vidareføring av Nasjonal sykkelveg nr. 1 frå Bergen, gjennom Nordhordland til Mongstad. Hovudoppgåve vert gjennomføring av skilting. Tiltak vil verte: - Utarbeida skiltplan - Produksjon av skilt (Vegvesenet sin skiltmal vert nytta) - Koordinera oppsett av skilt Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 7
- Kartleggja aktuelle syklistvelkomen verksemder langs strekninga. Informera desse og stimulera til satsing. Minimum 2 verksemder bør gå inn på konseptet. - Planlegge og gjennomføre informasjons-/marknadsføringstiltak for å synleggjera ruta. (trykt info, digitalt). Kartblad, turskildringar osv. Gjerast som ein del av fellestiltaka. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 8
7.2 Framdriftsplan Tiltak 3. 09 4. 09 1. 10 2.. 10 3. 10 4. 10 1. 11 2.. 11 3. 11 4. 11 1. 12 2. 12 Overordna prosjektleiing Skiping av prosjektstruktur Utarbeide infomateriell/kart Web-/internett Studietur Planleggja vidareføring av rutene etter at dei er skipa. Nordsjøsykkelruta - skiltplan - produksjon og oppsett skilt - syklist velkommen verksemder - info.tiltak - kartleggja manglar mht skilting - gjennomføre skilting Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 9
7.1 Kostnadar & finansiering 7.3.1 Kostnadar Aktivitet Kroner Prosjektleiing 65 000,- Utarbeide skiltplan* Produksjon og oppsett av skilt* 50 000,- 200 000,- Reiser og møter 10 000,- Diverse 10 000,- Totalt 335 000,- 7.3.2 Finansiering Prosjektet er finansiert gjennom hovudprosjektet Sykkelturisme i Hordaland. 8 SLUTTRAPPORT Sluttrapport vil vera klar innan 31.08.12 Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 10