Engasjement og rekruttering



Like dokumenter
Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Støtteordningar og søknader

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK


SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Til deg som bur i fosterheim år

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Valdres vidaregåande skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Samansette tekster og Sjanger og stil

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Frå novelle til teikneserie


TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kva er økologisk matproduksjon?

Informasjon til elevane

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Psykologisk førstehjelp i skulen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Refleksjon og skriving

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

Metodiske verktøy ved kursleiing

Informasjonshefte Tuv barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Team Hareid Trygg Heime

Brukarrettleiing E-post lesar

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Brukarrettleiing. epolitiker

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE. TDT4136 Logikk og resonnerande system. Laurdag 8. august 2009, kl

Ny strategiplan for Høgskulen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

HiST i Sosiale Medier

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

I N N H O L D. Forord

Pedagogisk plattform

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Transkript:

Engasjement og rekruttering Det er eit viktig mål for ungdomslaga å gje god opplæring i demokratiske prosessar og å dyrke fram medlemer som engasjerer seg i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Sameleis er det ei sentral utfordring for ungdomslaga og andre frivillige lag og organisasjonar å rekruttere deltakarar til aktiviteten og medlemer til laga. Dette emnet tar for seg desse to viktige utfordringane. Målet med kurstemaet er å la deltakarane lære av kvarandre og få nye idear. Det er viktig at kurslæraren er tydeleg på kva som skaper engasjement og kva som drep engasjement. Bruk samtale, presenter dine tankar og jobb med praktiske oppgåver i grupper. Temaet er delt i to delemne: Engasjement Rekruttering 1

Innhald Lærarrettleiing: Engasjement og rekruttering s. 1 Innhald: s. 2 Engasjement s. 3 Rettleiing s. 3 Bakgrunn s. 3 Lysark / powerpoint s. 4 Oppgåver s. 4 Rekruttering s. 6 Rettleiing s. 6 Bakgrunn s. 6 Lysark /powerpoint s. 7 Oppgåver s. 7 Lysark /powerpoint: Kva skaper engasjement? Ta vare på suksessane Visjon, verdiar, store hårete mål Noregs mållause lag Bli med! Kva kan vi tilby? Når vi skal rekruttere Medlemspleie 2

Engasjement Rettleiing: Engasjerte medlemer tar initiativ, finn løysingar og tar ansvar. Engasjementet kan vere retta mot deg sjølv eller dine nærmaste, mot ei gruppe i laget eller laget som heilskap, mot lokalmiljøet eller mot storsamfunnet eller verdssamfunnet. Kva ein engasjerer seg i og kva som engasjerer er ulikt frå person til person. Her vil vi peike på nokre faktorar som kan engasjere og nokre som kan drepe engasjement. Ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og kom med eigne. Bruk presentasjon, samtale og gruppeoppgåver for å finne svar på kva som engasjerer. Bakgrunn: Dei viktigaste faktorane som kan skape engasjement ligg i laget sjølv. Gode aktivitetar, eit godt sosialt miljø og å sjå at laget betyr noko er med å skape engasjement. Nokre medlemer er kanskje berre engasjert i ein enkelt aktivitet, medan andre engasjerer seg i alt som skjer i og utanfor laget. Slik vil det alltid vere, og han eller ho som berre er med på aktiviteten må ikkje bli sett på som eit problem fordi han ikkje stiller opp i andre samanhengar. Engasjementet aukar ikkje om du føler deg pressa til å stille opp. Alle må få sjansen til å engasjere seg vidt i laget, men det må òg vere aksept for at nokon vel å ikkje gjere det. Kva skaper engasjerte medlemer? Dette er ofte individuelt, men mange vil kjenne seg igjen i følgjande: Å få sleppe til med ideane sine. Langt frå alle idear og tankar er verdt å ta vidare, men det er viktig at alle blir høyrt og tatt på alvor. Å erfare at dine meiningar og di stemme betyr noko. Mange vil kjenne seg langt meir engasjert om demokratiet fungerer at det er medlemene som bestemmer. Å oppleve at ei førestilling, eit kurs eller eit arrangement blir ein suksess. Å kjenne at medlemene i fellesskap drar i same retning. Å erfare at aktiviteten og laget er i positiv utvikling. Å vere i eit miljø med positive og engasjerte folk. Det er òg mange faktorar som kan drepe engasjement: Å oppleve at nye idear blir kvelt eller ikkje blir tatt på alvor. Å erfare at den demokratiske organisasjonen er blitt eit diktatur. Å oppleve laget som fragmentarisk og lite fellesskapsorientert. Å oppleve at tradisjonane står i vegen for nyskaping. Å vere med på ein aktivitet med dårleg innhald og organisering. Å vere omgitt av personar som er pessimistar og spreier negative haldningar. Eit godt råd: Ta vare på suksessane, lær av tapa. Store mål, verdiar og ein visjon (fritt etter Ingebrikt Steen Jensen si bok Ona fyr frå 2002): Kvifor driv vi med arbeidet vårt? Kva er målet? Kor vil vi? Dette er spørsmål som det er viktig å finne svar på om arbeidet skal kjennast meiningsfullt. Å ha store hårete mål eller BHG Big Hairy Goal å strekke seg etter kan vere med å tenne gløden i mange. Men ein skal velje dei store måla med omhug. Vi kan ikkje vere best i alt, men kanskje på eit eller to 3

område? Det er godt å tenke store tankar innimellom. Dette får oss til å løfte blikket, til å sjå oss sjølv i eit større perspektiv. Å jobbe i lag for eit stort hårete mål kan skape fellesskap, motivasjon og ei klar retning. På same vis bør medlemene samle seg om eit sett kjerneverdiar som arbeidet skal vere tufta på. Fellesskap, mot, personleg utvikling og lokalt engasjement er døme på verdiar som aktiviteten og arbeidet i eit ungdomslag kan vere tufta på. Verdier er å ligne med personlighetstrekk de få, sterke begrepene som skal kjennetegne bedriften, organisasjonen eller foreningen vår i ett og alt, skriv Ingebrikt Steen Jensen (2002). Det handlar om å gjere eit val. Kva verdiar vil vi velje oss og ikkje minst kva vil vi velje bort? Sist, men ikkje minst, kan visjonen skape engasjement. Kvifor er vi til, og kor skal vi reise i lag? Dette handlar om å velje retning. Litt klisjéaktig kan vi seie at dette er ei stjerne å strekke seg mot eller eit fyrtårn å styre etter. Vi skal vere bygda sin viktigaste samlingsstad kan vere ein slik visjon. Laget må styre etter visjonen. Ein visjon gir energi, meining og noko å gå til kamp for i lag. Mange kan synest det er kunstig for eit enkelt ungdomslag å skulle snakke om ting som verdiar og visjonar. Ord som draum, idear og felles mål kan duge like godt. Det viktige er at medlemene i fellesskap stakar ut ein kurs og får felles mål å jobbe for. Slike store mål og verdiar gir retning og set arbeidet inn i ein større samanheng. Noregs Ungdomslag har gjennom føremålet og prinsipprogrammet valt sin visjon og kjerneverdiar. Kva betyr desse for organisasjonen og kor gode er vi til å styre etter dei? Denne diskusjonen kan vere fin som avslutning av emnet. Lysark / powerpoint: - Kva skaper engasjement? - Ta vare på suksessane - Visjon, verdiar, store hårete mål - Noregs mållause lag Oppgåver: Kva engasjerer meg? Bruk metoden post-it metodar (sjå metodedelen). Del ut post-it lappar til alle deltakarane. Be dei om å skrive eitt stikkord på kvar lapp som seier noko om kva som engasjerer dei. Les opp etter tur og lim lappane på ei flippoverblokk eller ei tavle. Samle nær slekta lappar i klynger og kom i fellesskap fram til nøkkelord som seier noko om engasjement. Ei øving som er fin som ein oppstartar til temaet. 4

Engasjement Bruk metoden illustrer eit omgrep (sjå metodedelen). Del i grupper som skal illustrere (og skrive) på ein plakat kva dei tenker på med ordet engasjement. Resultatet skal presenterast for dei andre. Øvinga passar fint som ei innleiing til temaet. Visjon, verdiar og hårete mål Del inn i grupper på tre-fire personar, gjerne slik at dei frå same laget sit i lag. Gruppene skal diskutere følgjande spørsmål: 1. Kva er dei fem viktigaste verdiane laget mitt står for? 2. Kva store hårete mål kan vi tenke oss å nå? 3. Kva kan vere ein visjon eller draum for laget? Skap engasjement, drep engasjement Del i to (eventuelt fire) grupper. Kvar gruppe skal lage eit rollespel der engasjementet anten får blomstre eller døyr. Resultatet skal framførast for dei andre. Tid: 30-40 min. 5

Rekruttering Rettleiing: Rekruttering og engasjement heng nøye saman. Rekruttering handlar om å få fleire til å bli engasjerte, og dei fremste til å engasjere andre er dei som sjølv er engasjerte. Heller ikkje spørsmålet om rekruttering har klare svar, fordi folk kan ha ulik motivasjon for å bli med. Det som er sikkert er at alle frivillige organisasjonar har eit kontinuerleg behov for å rekruttere medlemer. Temaet egnar seg godt til å samtale om og til å løyse oppgåver i grupper. La deltakarane komme med sine erfaringar og motiver dei ved å komme med suksesshistorier du sjølv har vore med på eller høyrt om. Bakgrunn: Kva motiv har folk for å bli med i eit lokalt lag eller gruppe? Dette varierer ein del. Mange blir med fordi dei vil delta på ein spennande aktivitet, andre for å ha det sosialt. Ein del blir med for å lære nye ting, nokre for å organisere og styre, andre igjen fordi dei vil gjere noko for andre. Nokre blir med fordi dei støttar verdiane og vil jobbe for måla til laget, andre fordi dei vil vere med å skape noko i lokalsamfunnet eller i storsamfunnet. Den fremste rekrutteringskanalen for ungdomslaga er utvilsamt aktivitetane. Gjennom aktivitetane møter ein andre folk, blir del av eit miljø og får sjansen til å t.d. danse, spele teater eller synge. Gjennom kulturaktivitetane får ein uvikle seg som menneske og lærer nye ting. At aktivitetane er innhaldsrike, morosame, inkluderande og utviklande er derfor avgjerande for å få nye deltakarar. Mange lag og organisasjonar står likevel for noko meir enn rein produksjon av aktivitetar. Her kjem verdiane, måla og visjonen inn. Kva vil vi skape med arbeidet og aktiviteten? Har vi eit større mål enn rein forlysting? Det er viktig å få fram dette òg, i tillegg til å invitere til aktivitetar. Sjølv om både aktivitetane er gode og verdiane dei rette kan det likevel vere mange hinder før ein melder seg inn. Veit folk om laget og aktivitetane? Kor synlege er vi og på kva måte synleggjer vi oss? Tar vi godt imot nye medlemer? Vil alle føle seg inkluderte eller berre dei av rette slaget? Får medlemene høve til å sleppe til med idear og meiningar eller er alt bestemt på førehand av nokre få? Her er ei sjekkliste med punkt som bør drøftast når vi skal rekruttere medlemer: Har dei som jobbar for å verve medlemer kunnskapar om organisasjonen og evne til å overtyde andre? Kva er det beste ved organisasjonen aktivitetar og verdiar? Kven er målgruppa og kva fengar denne? Framstår organisasjonen som open for alle? Kva vil vi legge vekt på når vi skal synleggjere oss? Nokre konkrete tips til korleis å rekruttere: Vis fram aktivitetane på stader der folk møtast. På butikken, på torget eller når det skjer noko spesielt (17. mai, julemesse, festivalar ). 6

Del ut drops, kaker, klistermerke o.l. saman med løpesetel om laget og aktiviteten. Tilby kurs eller organisert leik i skulen, barnehagen eller på SFO. Få lokalmedia til å dekke aktivitetar og viktige saker i laget. Tenk stort: Ei storhending i laget mobiliserer folk og skaper merksemd. Send ut blad, brosjyre eller informasjonsskriv om laget i posten. Lag til folkemøte om bygda si framtid eller andre interessante tema. Snakk med folk de kjenner og få dei interessert i det som skjer. Den beste informasjonskanalen er jungeltelegrafen/treskoposten. Hugs òg at nye og gamle medlemer heile tida må pleiast for å halde fram å vere med. Lysark / powerpoint: - Bli med! - Kva kan vi tilby? - Når vi skal rekruttere - Medlemspleie Oppgåver: Bli med! Del inn i grupper. Gruppene skal diskutere kva tiltak dei kan gjere for å få med fleire medlemer i laget. Be gruppene om å vere konkrete! Resultatet skal presenterast for dei andre, og kan noterast ned på eit flippoverark eller ei tavle av kurslæraren. Kva er viktig å få fram når vi rekruttere? Bruk metoden Oxford University vs. Manchester University (sjå metodedelen). Deltakarane blir delt i to grupper og skal leite seg fram til sine ark med stikkord som er gøymt i rommet. Stikkorda som er notert på arka (to sett) er: - Verdiane laget står for - Aktivitetane - Moglegheit for læring og utvikling - Det sosiale miljøet Gruppene skal så rangere dei fire stikkorda utifrå kva dei meiner er viktigast å få fram når dei skal rekruttere. Resultatet av diskusjonen skal presenterast for dei andre og kan vere utgangspunktet for ein vidare diskusjon om temaet. Tid: 20-30 min. 7

Rekruttering Del gruppa i to. Den eine gruppa skal finne fram til argument mot å bli med i eit lag, den andre skal finne fram til kvifor dei bør bli med i laget. Kvar og ein skal finne fram til argumenta på eigen hand. Bruk ca. fem min. til dette. Deretter skal deltakarane danne par med ulike utgangspunkt (for og imot), der den eine skal prøve å overtyde den andre om at han/ho bør bli med i laget. Diskusjonane varer i tre-fire min. Kven har klart å overtyde den andre? Kva argument og overtalingsknep vart brukt? Samtal om resultatet. 8