Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Like dokumenter
Lovlegkontroll av formannskapet si avgjerd om lukking av møte den

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Lovlegkontroll - vedtak i bystyresak vedtakspunkt 6h, v) Skolebruks-plan

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Krav om dekking av sakskostnader - Kvinnherad kommune - reguleringsplan - gnr 81 bnr Rosendal hyttetun og camping

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Ny organisering av arbeidet etter plan- og bygningslova og endra praksis i dispensasjonssakene frå

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Opphevinga er gjort med heimel i forvaltningslova (fvl) 35 fjerde ledd andre setning.

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Rettleiar. Innbyggjarforslag

Rådmannen får i oppdrag å utarbeide overgangsordningar med plan for iverksetjing som skal leggjast fram for KOIK til orientering så raskt som råd.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Flora kommune - krav om lovlegkontroll av vedtak om endring av intensjonsavtale om samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Reglement for Kvam kontrollutval

Korleis treffe lovlege vedtak i politiske organ

Samnanger kommune Møteprotokoll

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Saksnr. Utval Møtedato KOMMUNESTYRE. Klage på administrasjonssjefen sitt saksframlegg i k-sak 036/19

Austevoll kommune Møteprotokoll

Særutskrift - Viltforvaltning - vald/endring av vald - Høylandsbygd - Mehus Hjortevald

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Fitjar kommune Møteprotokoll

NYNORSK MAL FOR: Forholdet til kommunelov og vallov. Verkeområde. 1 Forholdet til kommunelova. 2 Forholdet til vallova.

Lovlegkontroll av avgjerd om lukking av budsjettmøte, Lærdal kommune

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Kvinnherad kommune - gnr 64 bnr terrasse og markplatting - krav om dekning av sakskostnader.

Innbyggerinitiativ/ Innbyggjarinitiativ

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Samnanger kommune Møteprotokoll

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder Postboks Kvinesdal Bankkonto: Organisasjonsnr.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Møteprotokoll Formannskapet

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Skuleåret 2017/2018.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Høyring - forslag til endringar i plandelen i plan- og bygningslova

Klage på vedtak i Volda kommunestyre Ynskje om lovlegkontroll

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Austevoll kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Bømlo kommune Møteprotokoll

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Rauma og Vestnes

Vedtak i sak om grensejustering mellom kommunane Gjemnes, Molde og Nesset

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

2. Stemmegivning skjer ved Østre Gausdal bygdahus og valglokalet holdes åpent fra

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Lovlighetskontroll - vedtak i bystyresak vedtakspunkt 6a, i) og vi) - Skolebruksplan

Tiltak på gnr. 113 bnr. 6 - bustadhus m/garasje. Klage på vedtak om garasjeplassering i d-sak 427/24.

MØTEINNKALLING Kopi: Ordførar, rådmann, kommunerevisjon

Møteprotokoll Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Gnr 60 bnr 43 - Avklaringar vedk. tomt - Herlow Rønne. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Detaljregulering av Hovden Fjellstoge, planid Endring av plan etter forenkla prosess.

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Transkript:

Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 27.09.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/11766 323 Dykkar referanse Jondal kommune v/ordførar Jon Larsgard Kommunehuset 5627 Jondal Lovlegkontroll avgjerd om ikkje å setje ei sak på saklista Fylkesmannen viser til ditt e-brev av 22.09.2016, der vi fekk tilsendt kopi av brev frå deg til medlemane av kommunestyret av 22.09.2016. Vidare viser vi til at saka om kommunereforma ikkje er sett på saklista til møtet i kommunestyret den 28.09.2016 slik eit fleirtal av medlemene har sett fram krav om i brev av 05.09.2016. Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den 28.09.2016 er ulovleg og vert vert oppheva. Bakgrunn for saka I møte i Jondal kommunestyre den 08.06.2016, sak 038/16, gjorde Jondal kommunestyre vedtak i saka om kommunereforma. Det vart gjort vedtak om at Jondal kommune skal halde fram som eigen kommune. Ved brev av 05.09.2016 har ni av medlemene i kommunestyret sett fram krav om at saka vert teke opp til ny behandling i første ordinere møte i kommunestyret den 28.09.2016. Representantane som står bak kravet utgjer eit fleirtal av medlemene i kommunestyret. Då innkallinga til møtet i kommunestyret den 28.09.2016 vart sendt ut, var denne saka ikkje sett opp på saklista. Gruppeleiar i Arbeiderpartiet, Olav-Magnus Hammer, har i brev til ordføraren den 22.09.2016 stilt spørsmål om kvifor saka ikkje er sett opp på saklista til møtet. I brev til kommunestyremedlemene same dag har ordførar Jon Larsgard gjort nærmare greie for kvifor han ikkje har sett opp saka på saklista. I brevet gjer ordføraren greie for at han er usikker på kva som er riktig lovforståing, og at han vil rydde unna desse spørsmåla før han tek stilling til om saka på nytt skal setjast opp på sakskartet. Som rettsleg grunnlag for ikkje å etterkome kravet om å setje saka opp på saklista viser han til kommunelova (koml.) 32 nr. 2. Ved brev av 23.09.2016 har gruppeleiar for Jondal Arbeiderparti, Olav-Magnus Hammer, bede Fylkesmannen utføre lovlegkontroll av ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka på saklista til møtet den 28.09.2016. Ordføraren vart orientert om kravet, og gav ved brev av 26.09.2016 sine merknader til det. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland

Ordførar Larsgard har i brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) den 21.09.2016 reist spørsmål om korleis føresegna i koml. 32 nr. 1 er å forstå. Departementet sin uttale ligg føre ved brev av 26.09.2016. Generelt om lovlegkontroll Lovlegkontroll er regulert i koml. 59. KMD har delegert mynde til å gjennomføre lovlegkontroll av kommunale avgjerder til Fylkesmannen, jf. rundskriv H-25/92. Krav om lovlegkontroll kan setjast fram av tre eller fleire medlemer av kommunestyret. Kravet må vere sett fram innan nærare fristar fastsette av departementet i forskrift. Etter koml. 59 nr. 5 kan likevel Fylkesmannen av eige tiltak foreta lovlegkontroll av ei kommunal avgjerd. Det gjeld ikkje noka frist for når Fylkesmannen av eige tiltak kan ta opp ei kommunal avgjerd til lovlegkontroll. Det er kommunale «avgjørelser» som kan vere gjenstand for lovlegkontroll. Korkje i lova eller i førearbeida er det definert nærmare kva som ligg i dette omgrepet. I Ot. prp. nr. 17 (2008-2009) s. 33 har KMD uttalt følgjande om korleis Fylkesmannen sin kompetanse er avgrensa: «Fylkesmannens kompetanse til å utføre lovlighetskontroll omfatter ikke alle beslutninger som tas i kommunene. Begrepet avgjørelse i kommuneloven 59 er videre enn begrepet vedtak i forvaltningsloven 2. En avgjørelse vil omfatte både enkeltvedtak og forskrifter, men også andre avgjørelser vil falle inn under bestemmelsen. Ved vurderingen av om det er tale om en avgjørelse i kommunelovens forstand, må det være bestemmende hvilke rettsvirkninger denne har. Spørsmålet om det foreligger en avgjørelse, må vurderes helt konkret i hver sak. Departementets utgangspunkt er at det er den endelige avgjørelsen i saken som er gjenstand for kontroll, det vil si avgjørelsen som avslutter saken.» Ved lovlegkontrollen skal det takast stilling til om innhaldet i avgjerda er lovleg, om avgjerda er gjort av nokon som har mynde til å gjere slik avgjerd, og om avgjerda har vorte til på ein lovleg måte, jf. koml. 59 nr. 4. Fylkesmannen kan ikkje prøve kommunen si utøving av forvaltningsskjønn. Dersom Fylkesmannen ved lovlegkontrollen kjem til at avgjerda er ugyldig, skal ho opphevast. Det gjeld sjølv om opphevinga ikkje vil innebere noka realitetsendring, jf. Ot. prp. nr. 17 (2008-2009) s. 38. Fylkesmannen si vurdering Kravet om lovlegkontroll er sett fram av leiar av Jondal Arbeiderparti og kommunestyremedlem Olav-Magnus Hammer. Kravet er såleis ikkje sett fram av minst tre medlemer av kommunestyret. Koml. 59 nr. 1 vil soleis ikkje kunne vera grunnlag for lovlegkontroll. Det er derfor i medhald av koml. 59 nr. 5 at Fylkesmannen vil prøve den aktuelle avgjerda. Etter denne føresegna kan Fylkesmannen «på eget initiativ ta en avgjørelse opp til lovlighetskontroll». Av førearbeida til kommunelova går det fram at ordninga med lovlegkontroll på eige initiativ etter koml. 59 nr. 5 ikkje skal nyttast til å gjennomføre ein automatisk lovlegkontroll, jf. Ot. nr. 42 (1991-1992) s. 202. Det bør hefte uvisse ved om ei avgjerd er gyldig før kompetansen 2

til lovlegkontroll av eige tiltak vert nytta. I KMDs vegleiar om lovlegkontroll etter koml. 59 (H-2299) går det på s 28 fram at mynde til kontroll av kommunale avgjerder etter koml. 59 nr. 5 bør nyttast med varsemd. Det heiter vidare på same stad: «Kommunene er selvstendige rettssubjekter og eget folkevalgt nivå, med lovpålagt ansvar for svært mange og sentrale oppgaver. Det må utvises tillit til at kommunale organer treffer sine avgjørelser i samsvar med lovverket.» Når Fylkesmannen finn å ville gjere ein slik lovlegkontroll, har det samanheng med at Fylkesmannen alt i brev av 12.09.d.å til ordføraren i Jondal klargjorde det rettslege spørsmålet, etter å ha innhenta synspunkt frå KMD. Dette synet vart igjen repetert og presisert i Fylkesmannens brev av 20.09.d.å., og samstundes formidla i fleire telefonsamtalar med ordføraren, utan at ordføraren innretta seg etter den rettslege oppfatninga både Fylkesmannen og KMD har hatt om dette spørsmålet. Det spørsmålet lovlegkontrollen tar standpunkt gjeld også kompetansetilhøvet mellom ordføraren og eit fleirtal av kommunestyrerepresentantane. Det bør finne si autoritative avklåring. Fylkesmannen legg til grunn at ordføraren si avgjerd om ikkje å føre saka på saklista til møtet er å rekne for ein «avgjørelse» i kommunelova sin forstand. Avgjerda vil vere den endelege avgjerda på kravet om å sette saka på saklista dersom den vert ståande. Det følgjer rett nok av koml. 34 nr. 1 andre punktum at kommunestyret kan treffe vedtak også i saker som ikkje er ført opp på saklista, men det føreset at ikkje møteleiar eller 1/3 av dei møtande medlemene motset seg det. For at fleirtalet skal vere sikker på at saka vert behandla i møtet, må derfor saka vere ført opp på saklista til møtet. Det spørsmålet saka reiser er om ordføraren kunne nekte å føre saka på saklista til det neste møtet i kommunestyret, når eit fleirtal av medlemene i kommunestyret hadde sett fram krav om det. Etter koml. 32 nr. 1 skal møte i kommunestyret haldast på dei tidspunkta som er vedteken av kommunestyret, og elles når organets leiar (ordføraren) finn det påkravd eller minst 1/3 av medlemene krev det. Det følgjer vidare av koml. 32 nr. 2 første setning at det er organet sin leiar som set opp saklista for det enkelte møtet. Desse føresegnene er mellom anna kommentert slik i Kommuneloven med kommentarer av Bernt og Overå (6. utgåve, 2014) s. 318: «Har kommunestyret, fylkestinget eller minst en tredel av organets medlemmer forlangt ekstraordinært møte til behandling av en konkret sak, må denne selvsagt føres opp på dagsordenen. Av dette må også følge at kommunestyret, fylkestinget eller minst en tredel av medlemmene i stedet kan forlange en bestemt sak oppført på dagsordenen på neste ordinære møte.» Denne lovforståinga har også støtte i førearbeida til lova, jf. NOU 1990:13 s. 375, og i KMD sin uttale til Jondal kommune av 26.09.2016, med referanse 16/3984. Av det følgjer det at eit fleirtal av medlemene i kommunestyret kan krevje ei sak sett på dagsorden i neste møte. Vi viser til KMD sin uttale der det vert konkludert som følgjer: 3

«Når fleirtalet ønskjer ei sak på sakslista er vilkåret i lova oppfylt, og leiaren kan på denne bakgrunnen ikkje nekte å setje ei sak på sakslista.» Det er ikkje avgjerande for den retten medlemene av organet har til få sett ei sak på saklista om saka har vore behandla i organet tidlegare, jf. departementet sin uttale. Lova stiller vidare ikkje særlege formkrav til korleis eit krav om å få sett ei sak på saklista skal fremjast, til dømes at kravet må vere sett fram i møte i kommunestyret. Vi viser til departementet sin uttale i sak 16/3984, samt vårt brev til Jondal Arbeiderparti av 31.08.2016 som også vart sendt i kopi til Jondal kommune. Ordføraren har reist spørsmålet om den retten medlemene av det folkevalde organet har til å få sett ei sak på saklista «overstyrer plikten rådmannen har til forsvarleg saksutgreiing etter kml 23 nr. 2». Etter koml. 23 nr. 2 skal administrasjonssjefen sjå til at sakene som vert lagt fram for eit folkevald organ er forsvarleg utgreidd. Om administrasjonssjefen skulle vere av den meininga at det ikkje vil vere tid til å førebu saka tilstrekkeleg, vil han eller ho likevel ikkje ha høve til ikkje å leggje fram saka på det aktuelle møtet, jf. til dømes Bernt i Rettsdata.no note 307: «Ansvaret for å påse at sakene er forsvarlig utredet, innebærer ikke noen form for utsettende veto fra administrasjonssjefens side om han eller hun mener det ikke har vært tid eller ressurser til å gjennomføre en fullverdig saksutredning. Det er lederen av vedkommende folkevalgte organ som setter opp dagsordenen til det enkelte møte, se 32 nr. 2 første punktum, og vedkommende organ selv som avgjør om det vil realitetsbehandle en sak, se 34 nr. 1. Administrasjonssjefen eller den som legger saken frem på hans eller hennes vegne vil imidlertid ha plikt til å gjøre oppmerksom på ev. svakheter og ufullstendigheter i saksforelegget, slik at de folkevalgte kan forholde seg og ta hensyn til dette.» Det er såleis organet sjølv som må avgjere om saka er tilstrekkeleg utgreidd til at det kan gjerast vedtak i ho, eller om avgjerda må utsetjast for at saka skal verte betre utgreidd. Omsynet til sakas utgreiing er såleis ikkje avgjerande for om saka må setjast på saklista eller ikkje. I denne saka vart kravet om å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den 28.09. 2016 sett fram for ordføraren i brev av 05.09.2016. Det var eit fleirtal av medlemene i kommunestyret som hadde signert brevet. Vilkåra for å få sett saka på saklista er med det oppfylt. Ordføraren kunne då ikkje nekte å setje saka opp på saklista. På dette grunnlag finn derfor Fylkesmannen at ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet i kommunestyret den 28.09.2016 var i strid med kommunelova og ulovleg. I medhald av koml. 59 nr. 5, jf. nr. 4 andre punktum, vert avgjerda derfor oppheva. Fylkesmannen si avgjerd kan ikkje klagast på. 4

Med helsing Rune Fjeld assisterande fylkesmann Ole Bakkebø fagdirektør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Jondal Arbeiderparti v/olav-magnus Hammer 5