HØYRINGSUTTALE ERSTATNING FOR TAPT RÅDERETT Området har gjennom grunneigarane sin bruk vore forvalta tilpassa dei naturrersussar som området har, gjennom stølsdrift og anna bruk.kulturlandskapet slik det framstår idag, er eit resultat av dette. I framtida vil eigedomane våre i stor grad bli forvalta av det offentlege, dvs me har vesentleg større begrensingar i råderetten over dette området enn før. Det er derfor ikkje meir enn rett og rimeleg at ei slik begrensing av råderetten over eigen eigedom vert kompensert økonomisk. NP MÅ HEITA Breheimen - Mørkridsdalen Mørkridsdalen går frå vannskille mot Skjåk til sjøen i Skjolden. Det er det einaste dalføret som går frå fjord til fjell i verneområdet og er også den dalen som vert mest berørd av vernet. Breheimen er ikkje noko tradisjonelt namn, det er tilført området i seinare tid. Med bakgrunn i dette ser me det som sjølvsagt at Mørkridsdalen er ein del av namnet. LOKAL FORVALTNING: Det må vera lokal kommunal forvaltning og me har forslag til korleis det kan løysast. Kvar kommune må få forvaltningsansvaret for den delen av verneområdet som tilfell deira kommune. For at forvaltninga skal bli mest muleg lik i dei tre kommunane må desse samordna sin forvaltningstrategi. Dette kan eksempelvis løysast ved å oppretta eit felles kontaktutval for dei tre kommunane som har pålagte møter for samordning av forvaltning. Dette er stort sett slik Reinheimen vert forvalta. På denne måten vert det eit lokalt eigarskap i forvaltninga som er viktig for betre å forstå utfordringane som kan oppstå. Kommunikasjon ansikt til ansikt er ein betre form for kommunikasjon enn ein telefon som er ein svært upersonleg og mindre effektiv måte å legge fram/løyse saker på. Dette er eit syn me delar med kommunen og derfor er det rett veg å gå for å få ein effektiv og resultatoriantert forvaltning. Me ser det naudsynt at det vert oppretta ei oppsynsstilling samlokalisert med Natur og Miljø i Luster Kommune.
ROVDYR: Dette er eit tema som i fyrste omgang er avgjerande for landbruksnæringa kring verneområdet. Småfehald er ein svært viktig næring knytta til landbruket i desse områda og er derfor viktig for alle berørte. På sikt vil fråver av beitedyr påverke vegetasjonen og framkomelegheita. Heile dalføret vil då bli mindre attraktivt for turistar og lokalbefolkning. Dette fører til mindre aktivitet og dermed mindre inntekt til kringliggande bygder og er derfor i strid med Soria Moria og Fjellteksten. Formålet med LVO Mørkridsdalen er å ta vare på kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet, med skadegjerande rovdyr forsvinn beitedyra og grunnlaget for vern er ikkje lenger tilstade. Det må inn ei formulering i regelverk vedrørande den negative påvirkninga rovdyr har på Mørkridsdalen. Viss det ikkje er rom for å få det inn i forskrifta må det grundig beskrivast i forvaltningsplanen. ØKONOMI: Dette er eit todelt tema, driftsmidlar/forvaltningsmidlar og stimuleringsmidlar. Driftsmidlar/forvaltningsmidlar: Det best beskrivande ordet meinar me er forvaltningsmidlar fordi det betre formidlar kva midlane skal brukast til. Forvaltningsmidlane skal dekke løpande årlege omkostningar td vedlikehald av vegar, bossoppsamling, informasjon (senterutgifter og vedlikehald av tavler), støtte til beitedyr i verneområdet, kulturlandskapspleie etc. Dette er midlar som i hovudsak må dekkast frå miljøverndepartementet og me ser det derfor naturleg at Fylkesmannen fremjar dette i forvaltningsplanen. Kva beløp det her er behov for er vanskeleg å stipulera, men det kan ikkje vera tak på denne potten. Stimuleringsmidlar: Me har tidlegare forlanga 5 mill i årlege overføringar i stimuleringsmidlar. Kravet står framleis ved lag.
Midlane må disponerast av eit lokalt utval i samråd med forvaltninga. Desse midlane vil gje oss ei unik muligheit til å bygga opp og utvikla næringar knytte til verneområdet samt at landbruket kan stimulerast til auka aktivitet. Det er eit ynskje og eit mål at me kan få til reetablering i landbruket ved hjelp av desse midlane. Øvrige aktivitetar vil også få langt betre oppstartvilkår ved hjelp av desse midlane. Midlane er viktige for tilrettelegging og utvikling av bygdene som er berørt av vernet fordi vernet skal gje dei omkringliggande bygdene eit løft Desse orda er henta frå Soria Moria erklæringa og Fjellteksten. FORMÅLSPARAGRAFEN Endring av formålsparagrafen for LVO Mørkridsdalen og Vigdalen: 2 Formål: Setning 1: Formålet med Mørkridsdalen/Vigdalen Landskapsvernområde er å ta vare på og gjennom bruk, stimulera til å ta vare på eit eigenarta og vakkert etc Dette er ein meir forpliktande formulering og det er særdeles viktig for verneverdiane slik me ser det. Grenser Me argumenterar i denne høyringa ikkje for endring av reglane i NP fordi me ikkje kan akseptera denne verneforma for stølane. Slik framlegget til vern ligg føre i dag ligg ein del stølar i nasjonalparken. Dette gjeld stølar både i Fortunsdalen, Mørkridsdalen og Dalsdalen. I Mørkridsdalen kan me nemna stølane Åsete, Fast, Fjellsli og Nobbi. Frå eit grunneigarsynspunkt er dette uakseptabelt. Grensene for nasjonalparken må difor trekkast utanom stølane. Dette kan begrunnast med følgjande: 1. Det må vera ein felles forvaltning og eit felles regelverk for alle stølsområda. Ein vil då få ei lik handsaming av alle saker som gjeld desse områda. Ein skal vera klar over at mange grunneigarar har stølar både i landskapsvernområdet, og i nasjonalparken slik framlegget er i dag. Alle stølane er ein del av kulturlandskapet, og det er viktig at ein har same målsetjing for å halda desse ved like. 2. Det er ikkje rett at ein har teke omsyn til dei stølane som er mest brukt og lagt dei i landskapsvernområdet. Det finns fleire døme på dette i framlegget til verneplan. Ingen av stølane vert brukt som støl i dag, men alle vert brukt meir eller mindre som fritidshytter og som tilsynshytter for dei som har beitedyr. 3. Ved å legga stølane i nasjonalparken, set ein på same tid grenser for kva som er akseptabelt og ikkje innafor dei reglane som gjeld for nasjonalparken. Slik desse reglane er i dag, vil dette seia at det ikkje let seg gjera å ta oppatt stølsdrift på desse
stølane om ein skulle ønska det i framtida. Med stølsdrift meinast sjølvsagt ikkje sauebeiting, og heller ikkje ein slags museumsstøl, men stølsdrift med lønsam produksjon av dei produkt som måtte vera aktuelle til ei kvar tid.slik stølsdrifta alltid har vore. Dette inneber sjølvsagt tilpassa bygningar m. m. Dette er ein rett som bruka i dei enkelte sameigene har hatt i uminnelege tider. I dag er dette for så vidt ein rett som ikkje vert nytta utanom at stølshusa vert haldne i stand på dei fleste bruka. Retten ligg der. Ein veit ingen ting om kva som er aktuelt i framtida, men vert dette verna som nasjonalpark, lyt me sjå det som ei avløysing av denne retten. Då vert stølsrettane reduserte til ein hyttetomt. Dette er mykje meir en vern, det er bortfall av ein rett. Dette er slik vi ser det gjenstand for rettsleg prøving. Ein skal og vera klar over at retten ligg til det enkelte gardsbruk. Ikkje til person. Det kan soleis ikkje hevdast at ein må ha nytta seg av retten for at erstatning skal kunna vurderast. Denne erstatninga må og haldast utanfor eit eventuelt næringsfond, då den berre gjeld dei enkelte bruk som får bortfall av sine rettar for all framtid, td slik som fallrettserstatning. PARAGRAFENDRINGAR FORSKRIFT FOR LANDSKAPSVERNOMRÅDA (me har teke utgangspunkt i LVO Mørkridsdalen, men me meinar dette må gjelda alle LVO i Luster). Tillegg til pkt 1.2 må vera med eit pkt som omhandlar rydding av stølsvollar Det skal vera høve til å utvikle næringsverksemd knytt til formidling av naturverdiar, naturopplevingar, kulturlandskap og kulturhistorie. I tilknyting til slik næringsverksemd skal dei kunne byggje opp eit kulturlandskapssenter i området. Det må vera høve til oppsetting av linkar for peiling av beitedyr, gjeld også NP. Me krev at pkt 1.3 b) vert flytta til 1.2. Under pkt. 6.2 må følgjande punkt med: d) landing med sjøfly på Åsetevatnet (det er opparbeida landgangsbryggja på Osen) e) varig fritak frå 300m grensa for flyging til Osen. Under pkt. 6.3 g) elg og hjort endrast til storvilt Under pkt. 6.3 h) må delen gjennom leigekøyringsordninga fjernast for grunneigar, dette fordi det er fleire av grunneigarane som har snøskuter sjølve, det er berre rett og rimeleg at dei må kunna nytta eige køyretøy. Heilt til slutt under pkt 6 står det at reindrifta kan få fleirårige løyver for at næringa skal kunna utøvast på ein tilfredstillande måte. Dette må også gjelda for landbruksnæringa.
Heile pkt 6.3 må gjerast meir forståeleg. KOMMENTAR TIL SKISSE FORVALTNINGSPLAN Forvaltningsplan må omhandla toalett- og bossoppsamling ved innfartsårane. Dyretalet for Luster må etter vår oppfatning vera feil. Pkt 3.3.1 Mål: Her må det inn ein formulering som seier kor viktig det er for kulturlandskapet å halde rovdyra vekke. Pkt 3.3.3 s 29 fyrste avsnitt Det bør utarbeidast.. endrast til Det skal utarbeidast... Rett til å byggja veg til Dulsete og Knivabakkli Veg til Dulsete og Knivbakkli, sak i rettsapparatet (ref Endalen) vedrørande utbedring av veg for å kunne nytta dagens jordbruksutstyr, vil danne presedens for utbedring av jordbruksvegar i verneområder. Det kan verta aktuelt å krevja dette ein gong i framtida. LVO Vigdalen Sankelaget i Luster har planar om oppsetting av tilsynshytte ved Øystølsreset Hammarsdalen Det kan verta aktuelt å byggja veg fram til Breisete for transport av dyr til/frå beite. Skjolden Grunneigarlag Mørkrid Sameige Bolstad og Heltne Sameige Hauge Sameige Skjolden Bygdalag Fjellstyret Luster Bondelag Luster Grunneigarlag