Oslo-målet spreier seg på Austlandet

Like dokumenter
Språkendringar langs Oslofjorden

Kva slags Oslo-mål er det som spreier seg på Austlandet?

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

Last ned Språk i endring. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Språk i endring Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Dialect change and diffusion in South-East Norway

Vintervèr i Eksingedalen

Til deg som bur i fosterheim år

Last ned Talemål etter Last ned. Last ned e-bok ny norsk Talemål etter 1800 Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Å bli gamal i eigen heim

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Pensumliste Norsk 623/Norsk 2, emne A: Språkhistorie og talemål. Haust 2017

. Ivar Aasen og normgrunnlaget for landsmålet. Sverre Stausland Johnsen Universitetet i Oslo

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Atlanten ungdomsskole. Prosessorientert skriving i norsk hovedmål og sidemål 9. trinn Våren 2018

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Tek dialektane livet av nynorsken?

Tabellvedlegg. Kommunenes forvaltning av alkoholloven SIRUS Statens institutt for rusmiddelforskning

Alternativ til pronomenet de dykk og possessivet dykkar Torodd Kinn Førsteamanuensis i nordisk språkvitskap Universitetet i Bergen Februar 2011

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Det typiske Oslomålet. Typisk for Noreg eller for Europa? (Dag og Tid, desember 2014)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

MUSEUMSVAKTARANE OG NYNORSKEN 1

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Vel nynorsk for barnet ditt!

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Tabellvedlegg Kommunenes forvaltning av alkoholloven SIRUS Statens institutt for rusmiddelforskning

UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET

Tabellvedlegg Kommunenes forvaltning av alkoholloven Folkehelseinstituttet, avdeling for rusmiddelbruk

1. Her tok vi feil: Sju nordiske språkkulturar Nordisk språkmøte Helsingør Fleire typar purisme. Dei bevisste holdningane

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Arendal, Grimstad, Froland, Lillesand, Risør 10 Vest-Agder Installerer selv Kristiansand 11 Rogaland Skanner hos seg m/lev

Skuleåret 2017/2018.

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Du kan endre språk i Inspera ved å klikke på tannhjulet øverst til høyre.

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Verksemdsplan for Flatdal skule

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Til deg som bur i fosterheim år

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Indre «korrespondance»

Elevundersøkinga 2016

Pressemelding 1. november 2012

Kvifor er bokmål (BM) og nynorsk (NN) ulike målformer, og kva er det som skil dei?

bruk av nettsider Gaular kommune

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SNF-rapport nr. 22/08

norskeksamen.no Studiehefte om talemålsvariasjon (dialekter) Målmerker å kjenne til

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

BUSKERUD. Dagens kommunenavn. Tidligere inndeling. Statsarkivet i Kongsberg finnes fram t.o.m om ikke annet er oppgitt her.

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Horten kommune. Energiforbruk per bruker i, barnehage, skole og institusjon i kommuner i Vestfold. Energiforbruk per bruker. kwh

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Bruk av sosiale media i offentleg forvaltning ei opnare eller meir lukka forvaltning? v. Arnt Ola Fidjestøl, IKA Møre og Romsdal

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Energiforbruk i kommunal bygningsmasse i Vestfold

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Norge. Eiendom Norges boligtyperapport

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Eksamen SAM3002 Historie og filosofi 2. Nynorsk/Bokmål

TRU OG TVIL. Om karakterforsøket på Charlottenlund vgs.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Transkript:

Oslo-målet spreier seg på Austlandet Sverre Stausland Johnsen Universitetet i Oslo stausland.johnsen@iln.uio.no Fagleg-pedagogisk dag Universitetet i Oslo 3. november, 2016 Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 1 / 20

Austlandsmål i endring Målføra på Austlandet har endra seg mykje dei siste mannsaldrane. På kva måte endrar dei seg? Somme meiner at målføra endrar seg slik at uttalen og grammatikken vert «enklare». Men me har ingen måte å avgjera kva som er «enkelt» på. Somme endringar har tydeleg gjort grammatikken meir «komplisert». Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 2 / 20

Austlandsmål i endring Andre meiner at nye måldrag spreier seg frå media (tv, radio, internett, aviser, bøker). Men forskinga kan ikkje visa at talemål faktisk endrar seg på grunn av media. Alt tyder på at talemål endrar seg når folk er i direkte kontakt med einannan. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 3 / 20

Austlandsmål i endring Talemålsendringar er då endringar som spreier seg frå ein stad til ein annan. Kva stad kjem nye talemålsdrag frå då? Forskinga viser at måldrag spreier seg ut frå dei store byane. For Austlandet kan me gå ut i frå at det er talemålet i Oslo som spreier seg utetter. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 4 / 20

Frå Oslo-målet Ei oversikt over tålemålsendringar i Hedmark, Oppland og Buskerud konkluderte med at talemålet i Oslo hadde spreitt seg dit (Vikør 1999). Men kva er «talemålet i Oslo»? Tradisjonelt har det vore to talemål i Oslo: 1 Vestkantmålet («standard austnorsk», «bokmål», «danna daglegtale»). 2 Austkantmålet («Oslo bymål»). Spreier talemålsdrag seg frå vestkantmålet eller austkantmålet? Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 5 / 20

Undersøkingar Eg tok for meg alle undersøkingar som finst av talemålsendringar i målføra kring Oslofjorden. Alt i alt finst det 25 slike undersøkingar. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 6 / 20

Oslo Gullaug Drammen Oppegård Vestby Nykirke Horten Moss Tønsberg Holla Skien Sandar Porsgrunn Sande ord Hedrum Larvik Drangedal Kragerø Nøtterøy Sarpsborg Fredrikstad Halden Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 7 / 20

Funn I alle undersøkingar av bygdemål fann dei at nye talemålsdrag har spreitt seg frå den næraste byen. Til dømes: endringar i talemålet i bygda Hedrum kjem frå byen Larvik. Spørsmålet er kvar endringane i bymåla kjem i frå. Somme seier dei er i frå vestkantmålet i Oslo, andre at dei er i frå austkantmålet. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 8 / 20

Kriterium Eg har samla alle registrerte talemålsendringar frå byane som oppfyller tre kriterium: 1 Endringa finst i minst to bymål. 2 Minst to målgranskarar har nemnt endringa. 3 Endringa råkar grammatikken (morfologien, fonologien eller syntaksen). Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 9 / 20

Resultat Endring > a i trykklette stavingar Trykkendring i framanord og š fell i hop -anə > -a i hankjønn fleirtal Samanfall i inkjekjønnsbøyinga a/ > ə i trykklette stavingar Jamvekta fell bort -əṇ/-əln > - ṇ i hankjønn eintal Spørjeord fell i hop Spreidd frå Austkantmålet/Andre bymål Austkantmålet/Vestkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Austkantmålet Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 10 / 20

Resultat Det er ni endringar som oppfyller dei tre kriteria. Av dei ni er det sju som tydeleg har spreitt seg frå austkantmålet. Det er ingen endringar som ser ut til å ha spreitt seg direkte frå vestkantmålet. Me skal sjå nærare på fire av desse endringane. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 11 / 20

-anə > -a i hankjønn fleirtal Endring frå allə hestanə til allə hesta. Endinga -a i hankjønn finst ikkje i vestkantmålet, men er den tradisjonelle i austkantmålet. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 12 / 20

a/ > ə i trykklette stavingar Frå en bāk r kast r dı styggastə bållanə til en bākər kastər dı styggəstə bållənə. Både vestkant- og austkantmålet har ə i slike endingar, so korleis veit me kvar endringa har spreitt seg frå? Ei setning som guttən kasta kāka å brø a endrar seg ikkje til guttən kastət kākən å brø ənə, som det heiter i vestkantmålet. Det er fordi det i austkantmålet au heiter guttən kasta kāka å brøā. Med andre ord, endringa frå a/ til ə hender berre om austkantmålet har ə. Kva det heiter i vestkantmålet spelar inga rolle. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 13 / 20

-əṇ/-əln > - ṇ i hankjønn eintal Frå vıṅtər vıṅtəṇ og sykkəl sykkəln til vıṅtər vıṅt ṇ og sykkəl sykk ṇ. Endinga - ṇ for ord på -əl (sykk ṇ, bīḃ ṇ, dīṡ ṇ) er karakteristisk for austkantmålet, men er lite vanleg i vestkantmålet. Dei nye vekslingane -ər - ṇ og -əl - ṇ (særleg den siste) har gjort grammatikken meir komplisert enn han var. Det finst enno inga god forklåring på kvifor denne nye endinga - ṇ oppstod i austkantmålet. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 14 / 20

Spørjeord fell i hop Frå vemm ḍē og vı kkən gutt ḍē til vemm ḍē og vemm gutt ḍē. Samanfallet til berre vemm er eit tradisjonelt drag i austkantmålet, men er ikkje kjent i vestkantmålet. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 15 / 20

Kvifor spreier måldrag seg ut av Oslo frå austkantmålet? Forsking viser at måldrag spreier seg langs kommunikasjonslinene. Sidan det er meir kontakt mellom folk frå by til by enn det er mellom byfolk og folk på landet, so ser me at måldrag «hoppar» frå by til by før dei kjem til bygdene. Sidan Oslo er den største byen på Austlandet, so kjem måldrag helst derifrå, for folk har meir kontakt med dei som bur i den største byen. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 16 / 20

Kvifor spreier måldrag seg ut av Oslo frå austkantmålet? Men kvifor er det austkant- og ikkje vestkantmålet måldraga spreier seg frå? Ein teori seier at språkendring kjem av «sosial tilpassing». Ein tek over måldrag frå folk ein likar betre, og som ein vil skal lika ein sjølv. Men vanleg vert det hevda at det er vestkantmålet og dei som talar det som har «prestisje», av di dei har høg sosioøkonomisk status. Då skulle me vel tru at sosial tilpassing fører til at det er måldrag frå vestkantmålet som spreier seg? Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 17 / 20

Kvifor spreier måldrag seg ut av Oslo frå austkantmålet? Men kven er det vestkantmålet er «prestisjefullt» for? Ei rad haldningsundersøkingar frå Søraustlandet syner at både vestkantmålet og vestkantfolk har låg prestisje. Folk tykkjer dei er «snobbete» og at talemålet deira er «fisefint». Men haldinga til austkantmålet og austkantfolk er meir nøytral. For austlendingar er det austkantmålet som er det mest prestisjefulle talemålet i den største byen. Me ventar difor å sjå at måldrag derifrå spreier seg ut or byen. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 18 / 20

Samandrag Målføra på Austlandet endrar seg i retning av austkantmålet i Oslo. Det er bymål som spreier seg, og for austlendingar har vestkantmålet låg prestisje. Gjennom sosial tilpassing er det difor austkantmålet som spreier seg ut or Oslo. For dei som vil vita meir, les Stausland Johnsen 2015a,b. Båe artiklane ligg på heimesida mi: http://folk.uio.no/sverrej/. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 19 / 20

Referansar I Stausland Johnsen, Sverre (2015a). Dialect change in South-East Norway and the role of attitude in diffusion. Journal of Sociolinguistics 19.5: 612 642. doi: 10.1111/josl.12156. (2015b). Språkendringar langs Oslofjorden. Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk. Red. av Helge Sandøy. Oslo: Novus, 125 158. Vikør, Lars S. (1999). Austlandsmål i endring. Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet. Red. av Turid Kleiva, Ingeborg Donali, Trygve Nesset og Helen Øygarden. Utgjeve i samarbeid med Austmannalaget. Oslo: Det norske samlaget, 13 48. Sverre Stausland Johnsen, uio Oslo-målet spreier seg på Austlandet fpd, uio, 3/11/2016 20 / 20