Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes gnr 145 bnr 1 m.fl. Prosjektplan 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Området som er føreslege regulert, ca 300 da, inkluderar m.a. Husnes sjukeheim, omsorgsbustader og Myrane barnehage mot nord, skulane/ idrettsanlegga mot aust og LNF-område i sør og vest. Område har i dag ein av dei største konsentrasjonane av arbeidsplasser i kommunen, samstundes som idrettsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid samlar store brukargrupper. Ei sterk satsing på Husnes som idrettssenter i kommunen kan på sikt føra til ei arealkrevande utbygging i området. Ved ei eventuell nybygging av Undarheim skule vil det vera naturleg å drøfta ei flytting innanfor reguleringsområdet. Husnestunet med sine funksjonar har signalisert trong for større areal, samt ulike former for omsorg/ sosialbustader. To av grunneigarane har vore i drøfting med kommunen om sal av areal innanfor reguleringsområdet. Det er ei politisk forventning om at det snarleg vert utarbeida reguleringsplan. Kommunestyret har i 2011 løyvd kr. 300 000,- til utarbeiding av plan for området. 1.2 Prosjektmål Kvinnherad kommune skal, gjennom innspel og samarbeid med andre aktørar som har interesser i området, utarbeida ein framtidsretta og omforent reguleringsplan. Denne skal leggja vekt på god arealutnytting for drift av skular, barnehagar, helse/ omsorg samt idrettsaktivitetar. Planen må også avklara vegløysingar for området. Ved ein planoppstart tidleg 2012 vil målsettinga vera ein godkjent plan sommaren 2013. 1.3 Rammer Med bakgrunn i kartlegging av ulike grupper sin trong for areal, samt naturleg ekspansjon i planen si levetid, vil ein fastsetja plangrenser. Då prosjektet vil føra til endra status i høve til vedteken kommunedelplan vil det vera trong for tidleg avklaring mot Fylkesmannen. Det er i dag løyvd kr. 300 000,- til prosjektet.
2. Omfang og avgrensingar 2.1 Oppgåveomfang/ avgrensingar. Arealbruken innanfor området er i dag delvis fastlagt gjennom gjeldande kommunedelplan, og delvis gjennom eldre reguleringsplanar. Med unnatak av eit område sør for KVV er alt uregulert areal i kommuneplanen avsett til LNF. Med omsyn til Fylkesmannen si godkjenning av planen kan dette vera ei utfordring. Her kan ein sjå fleire løysingar: Ein kan søkja LNF-området utlagt til offentleg føremål i neste rullering av kommunedelplanen. Med omsyn til regionale myndigheter ville nok dette vera det rette, men det har eit tidsperspektiv som utelukkar ei slik løysing. Det kan utarbeidast ein områdeplan som omfattar det arealet som er tenkt regulert. Dette er ein mellomting av kommunedelplan og reguleringsplan. Ei slik løysing vil føra til ein lengre prosess, då det både skal gjennomførast ein områdeplan og ein reguleringsplan. Sjølve prosessen talar for ei slik løysing, medan tidsbruken og økonomi talar mot. Ein kan gå direkte på utarbeiding av reguleringsplan. Dette kan vera meir utfordrande med omsyn til Fylkesmannen, men kommunen ferdighandsamar i desse dagar reguleringsplanen for Byen Husnes etter ein slik løysing. Erfaringane frå denne prosessen, som også inneber omregulering av LNF, er positive. Med omsyn til framdrifta vil ei detaljregulering vera den optimale løysinga. 3. Organisering 3.1 Prosjektleiing Oppdragsgjevar: Prosjekteigar: Kvinnherad kommunestyre Rådmannen v/tekniske tenester Prosjektansvarleg (PA): Magne Øyre Prosjektleiar (PL): Styringsgruppe (SG): Prosjektmedlemar: Jarle Fossheim Formannskapet 1 rep. frå Teknisk 1 rep. frå Samfunn politikarar 3.2 Andre aktørar Referansegrupper: PLO/ TRV/ TTBU Skular/ barnehagar
Kulturkontoret Trio KVV KK kommunalteknikk Husnes vekst Kvinnherad næringsservice 4. Beslutningspunkt, oppfølging og milepelar 4.1 Beslutningspunktmøte (BP). PA saman med styringsgruppe gjer vedtak i samband med følgjande aktivitetar: Ved oppstart, sak til formannskapet Etter kartlegging av arealtrong, kva er realistisk å gjennomføra Etter innkomne merknader, spesielt med omsyn til motsegner 4.2 Oppfølging Besluttningspunktmøter Statusrapportar Politiske vedtak undervegs i prosessen Styringsgruppemøter Milepelar 4.3 Milepelar Politisk godkjenning av Prosjektplan Oversyn av interesser i reguleringområdet, avklart arealtrong for ulike grupper som planen skal omfanga. Politisk godkjenning av rådgjevar for utarbeiding av planen Oversending av plan til handsaming etter PBL 5 Risikoanalyse 5.1 Kritiske suksessfaktorar Økonomiske løyvingar for utarbeiding av planen. Dersom noverande løyvingane ikkje dekkar faktiske kostnader til utarbeiding av planen må det søkjast ekstraløyving. Dette må løyvast i 2012, og truleg då som ei omfram løyving utanom budsjett. Arealtrong/ reguleringsgrenser. Realistisk avklaring av arealtrong, samt fastsetting av reguleringsgrenser. Undarheim skule. Snarleg avklaring for Undarheim skule. Rehabilitering, nybygg, endra plassering, auka kapasitet. Motsegner, merknader. Det er knytt uvisse til korleis Fylkesmannen stiller seg til ei direkte omregulering frå LNF til offentleg. Med positiv erfaring frå Byen Husnes er det grunn til å tru at det vert gjeve løyve. Ein må nok pårekna fleire drøftingsmøter.
5.2 Kvalitetssikring 6 Gjennomføring 6.1 Hovudaktivitetar PLP. Heile prosjektet vert køyrt etter PLP-metoden, forkorting for ProsjektLeiarProsessen. Alle ledd i prosjektleiinga må vera kjent med PLP. Utarbeiding av Prosjektplan. Prosjektleiar utarbeidar planen saman med prosjektansvarleg. Prosjekteigar sluttar seg til planen før politisk godkjenning. Planen vert det styrande dokumentet og må gjerast kjent i heile prosjektorganisasjonen. Politiske vedtak. Gjennom politiske godkjenningar er oppdragsgjevar gjort kjent med, og gjev aksept for dei ulike elementa t.d. godkjenning av prosjektplan, val av oppdragsgjevar, endeleg godkjenning av planen. Ved å nytta formannskapet som styringsgruppe er det også sikra ei god politisk forankring til den daglege drifta av prosjektet. Motsegner. Det må i ein tidleg fase avklarast med Fylkesmannen korleis han stiller seg til omdisponering av LNF til offentleg føremål. Om konflikt og motsegn, avklar moglege avbøtande tiltak. Løyvingar. Det er grunn til å tru at kostnader med utarbeiding av planen vil overstiga eksisterande løyvingar. Det må avklarast tidleg i prosjektet. Ved krav om arkeologiske utgravingar vil dette også vera ein kostnad som vert lagt til prosjektet. Prosjektet kan delast inn i 4 aktivitetar. Aktivitet 1. Forstudie med kartlegging av interesser i reguleringsområdet. Aktivitet 2. BP-møte med kontrahering av rådgjevar for utarbeiding av plan. Aktivitet 3. Utarbeiding av plan fram til oversending for sakshandsaming etter PBL. Utlegging til offentleg ettersyn. Aktivitet 4. Eventuelle justeringar med omsyn til merknader/ motsegn. Planen er no oversendt Samfunn som har ansvar for utlegging til offentleg ettersyn, merknadshandsaming og framlegging for politisk godkjenning. Like fullt vil rådgjevar/ prosjektleiing måtta pårekna aktiv deltaking i denne prosessen. 6.2 Tids og ressursplan Aktivitet 1. Januar 2012 til juli 2012. Aktivitet 2. August 2012. Aktivitet 3. September 2012 til februar 2013. Aktivitet 4. Februar 2013 til juli 2013.
7. Økonomi 7.1 I investeringsbudsjett for 2011 er avsett kr. 300.000,-. Dette må vidareførast i budsjett for 2012. Med bakgrunn i reguleringsplan for Byen Husnes må det påreknast planleggingskostnader på omlag kr. 500.000,-. Dette inkluderar ikkje eventuelle krav til arkeologiske utgravingar. Fullfinansiering må inn i budsjett for 2013. 8. Kontraktar og avtalar