VERDI -dokument Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv - framlegg. VERDI -dokument. for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Like dokumenter
vår fjordarv vår framtid Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vegen framover, samarbeid og utvikling for verdsarven..

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

vår fjordarv vår framtid Forvaltningsplanar med stor geografisk utstrekning Sekretariat v/katrin Blomvik, 3. mars 2011, Lofoten

VERDSARVRÅDET FOR VESTNORSK FJORDLANDSKAP SAMARBEIDSORGAN FOR VERDSARVOMRÅDET VESTNORSK FJORDLANDSKAP RETNINGSLINER FOR ARBEIDET

Vår felles fjordarv vår grøne framtid

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Ny strategiplan for Høgskulen

Forslag frå fylkesrådmannen

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fjordportalen. Møteplass for verdsarven. Sentrum for natur- og kulturbasert næring og aktivitet. v/arve Tokvam

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Stranda kommune Næring og teknisk

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategiplan for Apoteka Vest HF

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kommunikasjonsstrategi

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Juvet Landskapshotell

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Forstudie Næringshage i Vinje

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Politisk program for Jølster KrF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Tilskot til friluftsliv

Programmet for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

MÅLET MED PARTNARHANDBOKA INNHALDET I PARTNARHANDBOKA

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

STRATEGIPLAN

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Berekraftig og bruksretta besøksforvaltning

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

EnergiKompe- tansesenteret

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

S T R A T E G I D O K U M E N T

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Strategi Forord

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

VEDTEKT av februar 2007

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Ole Aasaaren Regionsjef

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Strategi og handlingsplan

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Skaparkraft og partnarskap i samspel

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

Transkript:

VERDI -dokument for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv 1

INNHALD... 3 BAKGRUNN... 3 FORRETNINGSPLAN / FØREMÅLSPLAN... 4 VERDIKJEDE OG KJERNEVERDIAR... 5 VISJON... 6 FØREMÅL... 7 HOVEDMÅL... 7 STRATEGI KORLEIS NÅ VÅRE MÅL... 7 PRODUKT / TENESTE... 7 MARKNAD OG MÅLGRUPPER... 8 ORGANISERING, LAUG OG KOMPETANSE... 8 RESSURSAR... 11 NETTVERKSPARTNARAR... 11 UTVIKLINGSPROSJEKT KORT OG LENGRE SIKT... 11 KRITISKE SUKSESSFAKTORAR... 11 INTERNASJONALISERING... 12 AMBISJONSNIVÅ... 12 VEDLEGG:... 13 1. VEDTAK FYLKESTINGET I M&R FYLKE AV 09.12.08: UTVIKLING AV EIT VERDSARVSENTER... 13 2. FORRETNINGSPLAN / FØREMÅLSPLAN... 13 3. KARTLEGGING AV KOMPETANSEBEHOV I DEN NYE VERDSARVORGANISASJONEN... 13 4. STIFTELSESDOKUMENT... 13 2

INNHALD Verdidokumentet representerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv sitt verdigrunnlag og fundament, samt det gir ei retning for framtidig drift og utvikling. Dokumentet skal representere eit levande dokument, som skal vidareutviklast og fornyast, når dette syner seg tenleg, eller når nye tema vert viktig å inkludere. Verdidokumentet skal nyttast aktivt i drifta, ved tilsettingar og leiing/styring av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. BAKGRUNN Bakgrunnen for utvikling av ein ny verdsarvorganisasjon Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er tredelt: 1. Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet vart 14. juli 2005 innskriven som Noregs einaste naturarvområde på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO. Verdsarvrådet vart etablert januar 2006 som eit rådgjevande koordinerings- og samarbeidsorgan for oppfylging av verdsarvstatusen. I august 2008 vedtok Verdsarvrådet at ein ikkje ynskjer å etablere ei felles stifting for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap på noverande tidspunkt og avgjersla opna for ei meir desentralisert organisering av verdsarvarbeidet. Delområde sør har vald å løfte fram stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark for å fremje og ivareta verdsarvarbeidet og nordområdet oppretter ein ny verdsarvorganisasjon som samorganiserer verdsarvarbeidet med utviklinga av eit verdsarvsenter. 2. Prosessen kring utviklinga av eit verdsarvsenter tok for alvor fart etter at kulturutvalet i M&R fylke besøkte Norsk Fjordsenter i Geiranger (mai/2008) og etter at Fylkestinget kort tid etter fatta eit intensjonsvedtak vedr. utvikling av eit verdsarvsenter i (juni/08): (utdrag) Fjordsenteret representerer eit tilnærma ideelt utgangspunkt for eit Verdsarvsenter for nordområdet i Vestnorsk Fjordlandskap,... og det kan bli utvikla til å verte eit dokumentasjonssenter, forskings- og informasjonssenter og ein internasjonal møteplass der kulturuttrykk frå mange land og fleire kontinent kan bli utveksla. Fylkestinget fatta eit oppfølgingsvedtak 9. desember 2008 om utvikling av eit verdsarvsenter, nordre del Geirangerfjordområdet, under føresetnad av statleg medfinansiering. Nærare 10 mill kroner vert dei neste 4 åra skyte inn i samorganiseringsmodellen frå vertskapsfylket. Vedlagt følgjer vedtak frå fylkestinget av 09.12.08 (vedlegg 1). 3. I UNESCO konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv, av 16. nov. 1972, artikkel 5, bokstav e) finner ein følgjande grunnlag, som underbyggjer statsparten si viktige rolle kring utvikling av eit regionalt verdsarvsenter: For å sikre effektive tiltak for vern, bevaring og formidling av kultur- og naturarv på eige territorium, skal hvert land som er tilsluttet konvensjonen, bestrebe seg på, så langt det er mulig og på den måte som er hensiktsmessig for hvert land: e) å fremme opprettelse eller utvikling av regionale sentre for utdanning i vern, bevaring og formidling av kultur- og naturarv og oppmuntre til vitenskapelig forskning på området. 3

FORRETNINGSPLAN / FØREMÅLSPLAN Ein kortfatta og forenkla forretningsplan / føremålsplan for den nye verdsarvorganisasjonen er utvikla og følgjer som vedlegg 2 til Verdidokumentet. Planen er utvikla i tråd med ein definert visjons- og målpyramide og skal forklare korleis organisasjonen skal gå frå visjon til strategi eller frå tenking til måloppnåing. Føremålsplanen skal skissere grunnlaget for organisasjonen sin leverett. Justeringar av planen kan verte naudsynt undervegs i prosessen, elles vert det lagt opp til periodisk revidering av føremålsplanen. VISJON FØREMÅL HOVEDMÅL STRATEGIAR KjerneVERDIAR Figur 1: Frå visjon til strategiar, visjons- og målpyramide (K. Blomvik) Verdsarvorganisasjonen bør arbeide for ei god forankring av visjons- og målpyramiden, noko som vil kunne gje god lokal forståing og forankring for det framtidige verdsarvarbeidet. Stiftinga sitt styre og dagleg leiing pliktar til ei kvar tid å halde både Verdidokumentet og forretningsplanen/føremålsplanen levande og oppdatert i forhold til skiftande høve og framtidige utsikter. Planen skal aktivt nyttast i den daglege leiinga av stiftinga, i resultatmåling og i utviklinga av verdsarvorganisasjonen og verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. 4

VERDIkjede og kjerneverdiar Alle land som er avtalepart og har slutta seg til UNESCO konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv av 1972, har erkjent at deira plikt er å identifisere, verne, bevare, formidle og overføre kultur- eller naturarv av framståande universell verdi til framtidige generasjonar. Dette i tråd med artikkel 4 i konvensjonen. DN / MD M&R fylke, v/miljøvernavd. Stranda kommune Norddal kommune M&R fylke UNESCO Konvensjonen & Vedtak frå Durban, Sør Afrika Verdsarvorganisasjonen eit Verdsarvsenter Bli Best practise ikkje berre nasjonalt, men WORLDWIDE! NATURVERNLOVA Forvaltningsansvar (LVO / naturreservata) KOMPETANSE UTVIKLING FORMIDLING Best practise AMBISJONSNIVÅ FORVALTNINGSPLAN Forretningsområde Styrings- og rapporteringsverkty VERN VS UTVIKLING & FORMIDLING Figur 2: VERDIkjeden til den nye verdsarvorganisasjonen (K. Blomvik) UNESCO konvensjonen representerer verdsarvstaden sitt viktigaste verdigrunnlag, saman med nasjonal lovgiving som Naturvernlova og utarbeidde rapporterings- og styringsverkty som forvaltningsplanane. Saman med vedtaket frå innskrivinga av naturarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, stadfester dette ei solid verdikjede til den nye verdsarvorganisasjonen Geirangerfjorden Verdsarv. Organisasjonen skal arbeide i tråd med sitt verdigrunnlag og utnytte potensiale som ligg nettopp i dette, for å skape heilårlege kompetansearbeidsplassar innan forretningsområda formidling, kompetansebygging/ utdanning og utvikling av verdsarvområdet. I tillegg har ein i den vidare prosess definert organisasjonen sine kjerneverdiar. Verdiane skal illustrere verdsarvorganisasjonen sine haldningar, kjenneteikn, det som skal prege drifta i ulike situasjonar og saman med VERDIkjeden danne fundamentet som virksomheita skal ha sitt utspring frå. 5

Skapande Verne om Vise omsorg Utforskande Inspirerande Samspel Grøn Innovativ, utviklande, nytenkande, GRENSESPRENGANDE! Arbeide i tråd med UNESCO sin konvensjon for vern av verdas kultur- og naturarv av 1972 og verneforskrifter og forvaltningsplanen for verdsarvområdet. Berekraftig utvikling / ta vare på Vise omsorg for naturen, kulturen og alle menneske. Arbeide for universell utforming, der dette let seg gjennomføre Leiiande arena for FoU - aktivitetar i verdsarvområdet, ny teknologi, miljøvennleg/grøn teknologi, vere nyfiken INT. forbilde for andre verdsarvområde Best practise Lagspelar, samarbeide på tvers av kommune-, fylkes- og landegrenser Miljøvennleg fokus, verne om våre universelle naturverdiar, klimafokus, vi skal ha ei rein klima samvittigheit Geoturisme / berekraftig turisme ligg i botn Figur 3: KjerneVERDIAR til verdsarvorganisasjonen (K. Blomvik) Verdigrunnlaget skal syte for at verdsarvorganisasjonen til ei kvar tid har ei berekraftig utvikling, har rett fokus, samt finn/vel dei løysingane som er heilt i tråd med intensjonen for at området fekk tildelt verdsarvstatusen. VISJON Å definere ein overordna visjon for det viktige verdsarvarbeidet som ligg til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, er ei viktig oppgåve som ein truleg må bruke noko meir tid på (prosessar som ofte krev modning). Visjonen skal fortelje kva organisasjonen strekkjer seg etter, eller kva som er framtidsdraumen for organisasjonen og verdsarvområdet. Visjonen bør samstundes vere samlande, motiverande, inspirerande og lett å hugse/lese/forstå. vår ARV vår FRAMTID Figur 4:Potensiell visjon for den nye verdsarvorganisasjonen? Vår => noko vi eig, har ansvar for, styrer/har kontroll med, noko felles, fellesskap Vår ARV = vår felles arv som vi skal forvalte, skjøtte og ta vare på/verne om, vise omsorg for. Vår FRAMTID = ynskjer å nytte verdsarvstatusen til å skape ei framtid, å utvikle området til ei berekraftig framtid for våre små bygdesamfunn. Etter ein lokal prosess i løpet av 2009, vil styret i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv konkludere og samle seg rundt ein framtidig visjon for den nye verdsarvorganisasjonen. 6

FØREMÅL Føremålet til den nye verdsarvorganisasjonen skal foreine mandatet til verdsarvadm. med eit samlande ideelt føremål for eit verdsarvsenter, som kan hente ut potensialet som ligg nettopp i dette. Det ideelle føremål skildrar kjernen i stiftinga si verksemd eller forretningsidé. HOVUDFØREMÅL (Forretningsidé): Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er ei ideell stifting med hovudføremål; - å utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarven Vestnorsk fjordlandskap, - å drive ei berekraftig utvikling av det unike verdsarvområdet, - å representere ein arena for vitenskapeleg forsking på området, - samt vere premissleverandør overfor myndigheiter, i tråd med artikkel 5 e) i UNESCO konvensjonen. Figur 5: Forretningsidé / hovudføremål for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Organisasjonen skal nytte verdigrunnlaget og det ideelle føremål til å utvikle eit verdsarvsenter med kompetansearbeidsplassar innan bevaring og formidling av natur- og kulturarven, samt skaffe til veie vitenskapeleg forsking, som kan danne grunnlag for ei berekraftig utvikling av verdsarvområdet, jfr. vedlegg 2. HOVEDMÅL Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv skal arbeide både for kvalitative (ikkje- kommersielle) og kvantitative (kommersielle) mål, desse er nærare spesifisert i vedlagt føremålsplan/ forretningsplan (vedlegg 2). Dei kvalitative målsettingane er direkte knytt opp mot stiftinga sitt ideelle føremål. Dei kommersielle måla er knytt opp mot at stiftinga skal vere ei næringsdrivande stifting. Stiftinga skal ha som målsetting å drive økonomisk lønsamt, slik at overskot frå lønsam aktivitet/prosjekt kan førast attende til det ideelle føremål for drifta. På dette viset kan den nye verdsarvorganisasjonen over tid vere i stand til å skape grobotn for eiga sunn framtidig verdiskaping. STRATEGI korleis nå våre mål Vald strategi skal definere nærare korleis organisasjonen skal gå fram for å nå sine mål korleis kome frå visjon til måloppnåing og realisering. Vedlagt forretningsplan skisserer vald strategi ut frå følgjande satsingsområde: Definering av produkt/tenester, marknad og målgrupper, vald organisasjonsform og kartlegging av kompetanse, ressursar, nettverkspartnarar/fagnettverk og utviklingsprosjekt på kort- og lengre sikt. Det ligg imidlertid spesifiserte kritiske suksessfaktorar til grunn for at vald strategi skal gje gode resultat. Produkt / teneste Det synest å vere tre klare hovudforretningsområde/føremålsområde som stiftinga skal arbeide innanfor: FORMIDLING, UTVIKLING og KOMPETANSE. Innanfor kvart av 7

desse områda er det i forretningsplanen/føremålsplanen skissert aktuelle produkt og tenester som verdsarvorganisasjonen skal kunne tilby. Sjå nærare i vedlegg 2. Marknad og målgrupper Marknaden og målgrupper til den nye verdsarvorganisasjonen er definert ut frå eit skilje mellom kommersiell og ikkje-kommersiell aktivitet. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv skal i hovudsak vere statleg/regionalt finansiert og soleis vert det i fortsettinga eit tydeleg skilje mellom ein meir offentleg og fagleg/kvalitativ marknad og den reine kommersielle sida. Ein ynskjer imidlertid å utnytte det faglege innhald og produkt direkte mot den kommersielle marknaden, for å oppnå eiga verdiskaping, skape ein meir robust aktivitet og evne til vidareutvikling ved senteret. Dette vil og kunne vere styrkande i samband med heilårleg drift av senteret. Eksempelvis kan det verte aktuelt å tilby faglege seminar, workshops og populariserte fagforedrag mot bedrifts- og konferansemarknaden, i nært samarbeid med andre aktørar. All kommersiell aktivitet i regi av verdsarvorganisasjonen skal imidlertid underbyggje og ikkje kome i strid med det ideelle føremål. Den kommersielle aktivitet skal med andre ord alltid stå i harmoni med verdigrunnlaget. Ei klar langsiktig målsetting vil likevel vere å arbeide for å styrke den kommersielle aktiviteten, slik at verdsarvorganisasjonen over tid kan vere i stand til å skape grobotn for eiga verdiskaping. Organisering, laug og kompetanse Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vert etablert i samband med ein organiseringsprosess, etter at verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap (VF), representert ved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskriven på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv i 2005. Verdsarvrådet (VAR) for Vestnorsk fjordlandskap Koordineringsorgan, rådgjevande, fellesskapsoppgåve Stiftelsesstyre for NV Stiftelsesstyre for GV Fagrådet / netttverkspartnarar på fag (rådet til stiftinga) Stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark (NV) Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarvsenter (GV) Verdsarvorganisasjonen Utvikling av eit Verdsarvlaug Interne fageiningar: - Naturarv - Kulturarv - FoU - Born & unge - Arkiv/WEB/Dok. - Drift Geirangerfjorden Verdsarv Norsk Fjordsenter AS - Eigedomsselskap Figur 6: Forholdet mellom ulike juridiske einingar og råd i verdsarvlandskapet (K. Blomvik) 8

Oppretting av stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er forankra i Artikkel 17 i UNESCO sin konvensjon for vern av verda sin kultur- og naturarv. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap vil bestå som eit viktig koordinerings- og samarbeidsorgan for oppfølginga av UNESCO konvensjonen. Verdsarvrådet, saman med stiftinga sitt eige fagråd vert høyringspartar i viktige saker for verdsarvområdet. Saker som omhandlar fellesskapen i Vestnorsk fjordlandskap, skal oversendast Verdsarvrådet for formell uttale/behandling. Vidare vil ei koordinering og eit nært samarbeid med stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark bli naturleg og viktig framover. Stiftarane av den nye verdsarvorganisasjonen er Møre og Romsdal fylke, Stranda kommune og Norddal kommune. Stiftelsesstyret har all styringsmynde i stiftinga. Fagrådet til stiftinga representerer nettverkspartnarar på viktige fagområde og fungerer som eit rådgjevande organ, i tillegg til at partnarane kan vere direkte samarbeidspartnarar til stiftinga. Interessante og potensielle nettverkspartnarar er nærare skildra i forretningsplanen/føremålsplanen. Styret og fagrådets oppgåver og roller er nærare definert i stiftelsesdokumentet. Organisasjonsmodellen inkluderer utvikling av eit Verdsarvlaug i form av eit sponsorlaug knytt til verdsarvområdet og den ideelle stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. - Lokalt, regionalt og nasjonalt næringsliv - Næringsaktørar som er bevisste aktørar i sine bransjar innan viktige verdiar; natur, kultur og miljø - Næringsaktørar som er etiske førebilete i sin bransje - Næringsaktørar som kan vere ambassadørar for verdsarvområde på sitt felt - Reelle samarbeidspartnarar til stiftinga - Aktuelle bransjar; møbelindustrien og verftsindustrien på Sunnmøre, fiskeri, bank/servicenæring, miljøvennlege kraftprodusentar m.fl. Figur 7: Potensielle medlemmer av Verdsarvlauget Medlemmar i Verdsarvlauget må støtte det ideelle føremål og verdigrunnlaget til verdsarvorganisasjonen. Laugets eksklusive medlemskap tilbyr positive ringverknader for privat næringsliv, ved å vere knytt opp mot eit verdsarvområde det vakraste av det vakraste i Noreg! Geirangerfjorden er Noregs fyrtårn i reiselivssamanheng og medlem av lauget får nytte dei unike naturverdiane aktivt i bedrifta si merkevare- og imagebygging mot at bedriftene bidreg til ei positiv og berekraftig utvikling i og formidling av verdsarvområdet! Overskotet frå lauget skal nyttast til å oppfylle det ideelle føremålet til stiftinga. Lauget vil med andre ord kunne gjere stiftinga meir robust i sine oppgåve for å bevare, formidle og utvikle verdsarvområdet og senteret, gjennom realisering av frisk kapital. På bakgrunn av ei kartlegging av kompetansebehov i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, har 6 fageiningar og område vorte identifisert; Naturarv, Kulturarv, FoU, Born & Unge, Arkiv/Web/Dokumentasjon og Drift. Dei ulike fageiningane skal vere resultatorientert, ha prosjekt- og fagansvar innan sitt fagfelt, samt fylle viktige funksjonar og oppgåve i verdsarvorganisasjonen. Stiftinga vil på dette grunnlag vere i stand til å møte engasjement for verdsarvsaka på fleire spreidde fagfelt på ein god og profesjonell måte. 9

Fageining Fagområde Fagkompetanse NATURARV Verdsarvområdet Landskapsvernområde Naturreservat Landskapsformer, geologi Biologisk mangfald Kulturlandskap Naturarrangement Skjøtsel, tilrettelegging Fagkompetanse naturforvaltning, geologi, naturkunnskap, biologi, naturveileder, kulturlandskap, naturvitenskap, naturformidling, tilrettelegging, skjøtsel, oppsyn og overvaking (SNO) KULTURARV Kulturminne i verdsarvområdet med omland Kulturlandskap i verdsarvområdet med omland Kulturarrangement Skjøtsel kulturlandskap Fagkompetanse utøvande kulturminnebevaring / forvaltning / restaurering, skjøtsel, formidling. FoU BORN OG UNGE ARKIV/WEB /DOK. DRIFT Forsking Kurs Konferansar Workshop Kompetanseheving Nettverk til viktige nasjonale og internasjonale forsking- og utdanningsinstitusjonar Verdsarvformidling mot born og unge Skular / barnehagar i M&R Barnefamiliar på besøk til verdsarvområdet Arrangement mot born & unge Produsent av kreative prosjekt og aktivitetar for born og unge i samarbeid med barnehagar Utvikling av naturbaserte aktivitetar og opplevingar for born i verdsarven Dokumentasjon, arkivtenester Manuelle og elektroniske arkiv Lokale vs sentrale arkiv Databasar Websider utvikling/fornying og løpande oppdat. Artikkelskriving, dokumentasjonsarbeid / bilete / nyhende m.m. Interaktive formidlingsmedium Formidlingsresultat av dokumentasjonsarbeid i samarbeid med dei andre fageiningane. Heilårleg drift av senteret som besøkssenter, fagsenter Planlegging av drift Rekruttering/tilsetting av mellombelse tilsette Planlegging vedlikehald gjennom heile året Marknadsføring og sal av senteret Produktutvikling marknad Fagkompetanse FoU med fokusområde naturforvaltning, kulturminneforvaltning, berekraftig reiselivsutvikling, tettstadutvikling, samferdsel, ras/skredforskning m.m. Fagkompetanse pedagogikk, lærarkompetanse / erfaring frå skuleverket/utdanningsinstitusjonar, ein kreativ idéskapar som er god på kommunikasjon mot born og unge. Fagkompetanse web / it / database / teknisk / dokumentasjon / skribent Fagkompetanse marknadsføring, sal og drift av reiselivsprodukt. Figur 8: Oversikt over fageiningar, -område og kompetanse Modellen dannar vidare grunnlag for ein meir robust verdsarvorganisasjon, der fleire nøkkelpersonar vil gjennom intern opplæring ha same basiskompetanse og soleis kan overlappe og supplere kvarandre. Ved rekruttering av basiskompetanse skal ein legge vekt på lokal kompetanse eller kandidatar som viser eit sterkt ynskje om å busette seg på Indre 10

Sunnmøre. Lokal basiskompetanse vil gjere det mogeleg å byggje ein robust og stabil organisasjon over tid. DRIFT BORN & UNGE KULTURARV VERDSARV ARKIV / WEB / DOK FoU (forsking, kurs, konferansar, kompetanseheving) NATURARV / SNO Figur 9:Kartlegging av fageiningar i den nye verdsarvorganisasjonen (K. Blomvik) Kompetansekartlegginga inneheld spesifisert behov for kompetanse, definerte arbeidsoppgåve og funksjonar, andel årsverk, målsetting om finansiering, samt nokre kommentarar knytt til kvar enkelt stilling. Sjå nærare i vedlegg 3. Ressursar Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vil rå over både materielle og ikkje-materielle ressursar, som ein kan spele på for å nå dei mål ein har sett seg, jfr. vedlegg 2. Nettverkspartnarar Nettverkspartnarar eller medlemmar av fagrådet til stiftinga er organisasjonar og fagmiljø som stiftinga har eit fagleg utbytte av å ha som samarbeidspartnarar. Partnarskapen kan ha ulik form og innhald. Funksjonen skal støtte oppunder det ideelle føremål, samt styrke stiftinga si faglege tyngde og truverd. Utviklingsprosjekt kort og lengre sikt Forretningsplanen i vedlegg 2 skisserer ulike utviklingsprosjekt som er nødvendige på kort og lengre sikt for utvikling av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Prosjekta vil både krevje drifts- og investeringsmidlar. Realisering og framdrift på prosjekta avhenger av motteken finansiering. For at stiftinga skal få den tyngde og truverd som er nødvendig, så må prosjekt innan styrking og utvikling av fageiningar/kompetanse og faginnhald i senteret (geologi/biologisk mangfald/ kulturlandskap/ kulturminnebevaring) prioriterast høgt dei neste to fire åra. Prosjekta skal kunne gje verdiskaping tilbake både til stiftinga og til verdsarvområdet. Kritiske suksessfaktorar Utvikling av eit levedyktig verdsarvsenter er avhengig av nokre svært sentrale og kritiske suksessfaktorar, les nærare om desse i forretningsplanen i vedlegg 2. 11

INTERNASJONALISERING Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv skal ha ein internasjonal profil og arbeide for å halde eit internasjonalt høgt nivå på fag og i formidlinga av verdsarvkvalitetane. Stiftinga bør ta initiativ til å etablere eit internasjonalt utvekslingsprogram mellom verdsarvstader/senter, der ein kan utveksle kunnskap, kompetanse og tilsette mellom ulike delar av verda. På denne måten får ein friskt tilskot av interessant arbeidskraft- og kompetanse, samstundes som sentra kan dra lærdom av kvarandre. Eit slikt utvekslingsprogram mellom verdsarvstader vil kunne gjere organisasjonen i stand til å trekkje band til ulike kulturar og soleis vere med å skape ein internasjonal møteplass der kulturuttrykk frå mange land og kontinent kan bli utveksla. I tillegg bør organisasjonen på generell basis tiltrekke seg både internasjonale og nasjonale forskarar, studentar og kollegar som kan hospitere hjå stiftinga i periodar og soleis kunne tilføre basiskompetansen internasjonalt fagleg påfyll. AMBISJONSNIVÅ Ambisjonsnivået for den nye verdsarvorganisasjonen er lagt på eit høgt nivå, både med omsyn på fagleg tyngde, kompetanse og talet på arbeidsplassar. Dette for å møte det høge nivå som vart lagt i vedtaket i fylkestinget i sak T-44/08. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv skal arbeide etter følgjande ambisjonar: 1. FAGSPESIALIST 2. MEDSPELAR 3. DISTRIKTSBYGGAR 4. FØREBILETE INT. 1. - Skal skape faste, heilårlege kompetansearbeidsplassar innan verdsarvproblematikk! - Skal representere ein av Noregs mest interessante kompetansemiljø på sitt felt i Noreg! - Skal representere den fremste formidlar og bevarar av naturarven Vestnorsk fjordlandskap! - Skal ha ein sikker/påliteleg og framtidsretta dokumentasjonsbase for verdsarvaktivitetar! - Skal vere ein leiiande FoU arena og konferansefasilitator på sitt fagfelt i Noreg! 2. - Skal vere ein viktig medspelar og støtte til den offisielle forvaltninga og bevaringa av verdsarvområdet! - Skal samarbeide med lokale lag og organisasjonar for bevaring av naturarven! 3. - Skal vere med å skape levedyktige bygder på Indre Sunnmøre! - Skal ivareta og skape engasjement hjå born og unge, bygdefolk, vertskommunane og fylket! 4. - Skal vere føregangseksempel for andre verdsarvstader rundt omkring i verda! - Skal gjere oss i stand til å bli Best practise worldwide innan bevaring, formidling og utvikling av eit unikt verdsarvområde! - På lengre sikt: Verte landets første Norwegian Centre of Expertise World Heritage/Natural Heritage! Figur 10: Ambisjonar for den nye verdsarvorganisasjonen 12

Vedlegg: 1. Vedtak Fylkestinget i M&R fylke av 09.12.08: Utvikling av eit verdsarvsenter 2. Forretningsplan / føremålsplan 3. Kartlegging av kompetansebehov i den nye verdsarvorganisasjonen 4. Stiftelsesdokument 13