OS KOMMUNE Rådmannens stab Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 22.03.2010 Tid: 15.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 10/10 08/1612 OFFENTLEG ETTERSYN - PRIVAT REGULERINGSPLAN- AMFI OS 3 11/10 09/2360 OFFENTLEG ETTERSYN, ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR HALHJEMSMARKA II 33 12/10 10/31 REFERATSAKER OG MELDINGAR 39 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 16.03.2010 Jorun Klausen Leiar Gunvor S. Heggland Konsulent ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK OFFENTLEG ETTERSYN - PRIVAT REGULERINGSPLAN- AMFI OS Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: GEO P8806.04 Arkivsaksnr.: 08/1612 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 37/08 Råd for funksjonshemma PS 18.08.2008 45/08 Os eldreråd PS 25.08.2008 80/10 Plan- og bygningsutvalet PS 18.02.2010 10/10 Os eldreråd PS 22.03.2010 / Råd for funksjonshemma PS Framlegg til tilråding: Saka vert lagt fram for drøfting og vedtak. Os, 16.03.10 Jorun Klausen (s) Leiar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Behandling i Plan- og bygningsutvalet i møte 18.02.2010 Behandling i utvalet: Administrasjonen la i møtet fram slikt nytt framlegg til vedtak: I medhald av 12-11 og 12-10 i plan- og bygningslova gjer Plan- og bygningsutvalet vedtak om å leggja framlegg til endring av reguleringsplan for Gudridhaugen/ Banktjørnhaugen/ Flåten senter, datert 20.11.09, revidert 08.02.10, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn. Det nye framlegget frå administrasjonen vart samrøystes vedteke. Gustav Bahus på vegner av Plan- og bygningsutvalet fremja følgjande protokollmerknad: Trafikkløysinga i krysset skal utformast på best mogleg måte for at store køyrety problemfritt kan koma gjennom rundkøyringa. Vedtak: I medhald av 12-11 og 12-10 i plan- og bygningslova gjer Plan- og bygningsutvalet vedtak om å leggja framlegg til endring av reguleringsplan for Gudridhaugen/ Banktjørnhaugen/ Flåten senter, datert 20.11.09, revidert 08.02.10, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn. Protokollmerknad frå Plan- og bygningsutvalet: Trafikkløysinga i krysset mellom Rv 552/Byvegen og Prestegardskogen skal utformast på best mogleg måte for at store køyrety problemfritt kan koma gjennom rundkøyringa. Behandling i Os eldreråd i møte 25.08.2008 Behandling i utvalet: Eldrerådet drøfta seg fram til følgjande samrøyses vedtak: Vedtak: Eldrerådet har ingen merknader til igangsjeting av reguleringsplan for Amfi Os, men viser til at den auka aktiviteten krev rundkøyring. Behandling i Råd for funksjonshemma i møte 18.08.2008 Behandling i utvalet: Rådet drøfta seg fram til følgjande samrøystes vedtak: Vedtak: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne tek oppstart av reguleringsplan for Amfi Os til etterretning. Rådet ynskjer å minna om at parkeringsplassane vert universelt utforma, og at det vert sett av plass til handicapparkering Side 3 av 13
Vedlegg: 1. Saksutgreiinga til plan- og bygningsutvalet sitt møte. 2. Brev med vedlegg frå Os kommune, Tekniske tenester dagsett 11.03.10 3. Kart Saksopplysningar: I Os eldreråd vil Marianne Hjelle og Asbjørn Nicolaysen gje ei munnleg orientering om saka. I Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vil Veronica Haugland orientera. Uttalefristen er sett til 24.04.10. Os, 16.03.10 Gunvor S. Heggland Konsulent Side 4 av 13
Saksopplysningar til møtet i plan- og bygningsutvalet: 1.0 GRUNNLAG FOR PLANEN. Det har lenge vore planar om å omregulere krysset mellom Byvegen og Prestegardskogen til rundkjøring, dette arbeidet vart varsla oppstart av i desember 2007. Rett etterpå starta Amfi Os opp eiga sak om ytterlegare utviding av kjøpesenteret. Dette medførte krav om at desse planane måtte sjåast i samanheng og planarbeidet til Amfi Os vart utvida til å omfatte krysset med Byvegen og omregulering av krysset til rundkjøring. Området er regulert gjennom reguleringsplan for Gudridhaugen/ Banktjørnhaugen/ Flåten senter og reguleringsplan for Varåsen nord. Endringa berører felt S1 som er regulert til forretning, kontor m.m. og eit lite areal i reguleringsplan for Varåsen nord som er regulert til trafikkareal. Planområdet er på om lag 30 daa. Området er i dag bebygd eller opparbeida til parkering. Amfi Os ønskjer ei høgare utnytting og ønskjer at utnyttingsgrad vert auka frå U=39% til BYA=50%. Det er tenkt at senteret vert utvida mot vest. Tal på antal parkeringsplassar vert oppretthalde og auka gjennom tilrettelegging av parkering under bygget og på taket. Samstundes vert det etablert ny rundkjøring i krysset mellom Byvegen og Prestegardsskogen. Tiltakshavar er grunneigar Forretningsbygg AS. Arkitektkontoret Waage As har utarbeida reguleringsplanen. Varsel om oppstart av ombygging krss låg ute i tida 01.12.07 til 31.12.07. Det kome inn 7 fråsegn frå offentlege instansar, og 3 private merknader. Varsel om oppstart av utviding Amfi Os låg ute i tida 23.06.08 til 30.07.08. Det kome inn 8 fråsegn frå offentlege instansar, men ingen private merknader. 2.0 OFFENTLEGE FRÅSEGN Merknad til rundkjøring: 2.1 Fylkesmannen i Hordaland, landbruk, har ingen merknader. 2.2 Barnetalsmann ser positivt på at det vert starta arbeid med omregulering av krysset til rundkjøring. 2.3 Fylkesmannen i Hordaland har ingen vesentlege merknader til oppstartsmeldinga. 2.4 Hordaland Fylkeskommune viser til overordna regional arealpolitikk. Dei ber om at det vert lagt særleg vekt på universell utforming av busshaldeplassar og gang- og sykkelvegar. Kommentar: Planen har lagt opp til universell utforming og tar omsyn til dei mjuke trafikkantane. 2.5 BKK Nett gjer merksam på at det er høgspentliner, lågspenttrasear og nettstasjon i området. Eventuelle tiltak på BKK sine anlegg må dekkjast av utbyggar. Dersom eksisterande nettstasjon ikkje kan nyttast må det settjast av naudsynt areal for ny nettstasjon. Det er viktig at behov for eventuelle endringar og omlegging av installasjonar blir avklara så tidleg som mogeleg. Kommentar: Dette vil bli fulgt opp. 2.6 Råd for funksjonshemma gjer merksam på at tilkomstvegen til Flåten senter treng oppgradering og universell utforming for å ta vare på mjuke trafikkantar. Side 5 av 13
2.7 Os Eldreråd ser fram til at ombygging av krysset kjem i gang. Merknader til utviding Amfi Os: 2.8 Statens vegvesen viser til tidlegare drøftingar med Os kommune og ber om at planarbeidet vert utvida til å omfatte krysset med Byvegen. Kommentar: Planområdet er utvida til å omfatte krysset. 2.9 BKK NETT gjer merksam på at det er høgspentliner, lågspenttrasear og nettstasjon i området. Eventuelle tiltak på BKK sine anlegg må dekkjast av utbyggar. Dersom eksisterande nettstasjon ikkje kan nyttast må det settjast av naudsynt areal for ny nettstasjon. Det er viktig at behov for eventuelle endringar og omlegging av installasjonar blir avklara så tidleg som mogeleg. Kommentar: Dette vil bli fulgt opp. 2.10 Hordaland Fylkeskommune, kultur og idrett ber om at eventuelle kulturminneinteresser vert omtala og teke omsyn til i det vidare planarbeidet. Dei viser òg til overordna regional arealpolitikk og at planarbeidet må vere konformt med desse. Kommentar: Området er alt utbygd. Kan ikkje sjå at det er kulturminner i området. 2.11 Fylkesmannen i Hordaland, miljø, viser til overordna regelverk og rettleiarar. Planen må fremma lågt energibehov, universell utforming og ta hensyn til fotgjengere og syklister. Kommentar: Planen har lagt opp til universell utforming og tar omsyn til dei mjuke trafikkantane. 2.12 Eining for kommunalteknikk ber om at planarbeidet vert utvida til å omfatte krysset med Byvegen. Dei ber òg om at veg og fortau får tilstrekkeleg breidde. Kommentar: Planområdet er utvida til å omfatte krysset. 2.13 Statskog viser til at eigedomstilhøva ikkje er avklara. Kommentar: Dette er avklara av Os kommune. 2.14 Fylkesmannen i Hordaland, landbruk, har ingen merknader. 2.15 Barnetalsmann har ingen merknader, men gjer merksam på at det er starta arbeid med omregulering av krysset til rundkjøring. 2.16 Råd for funksjonshemma minner om universell utforming og ber om at det vert sett av plass til handicapparkering. Kommentar: Min. 5 % av parkeringsplassane skal vere tilrettelagt for funksjonshemma. Desse plassane skal plasserast lett tilgjengeleg i høve houvdinnganger. 2.17 Os Eldreråd viser til at auka aktivitet krev rundkjøring. 3.0 PRIVATE MERKNADER 3.1 Nedre Flåten Terrasse v/britt Wenche Howlett er redd for at vegen kjem nærare leilighetene og garasjerekka langs vegen. Dei ønskjer heller at tilkomsten vert flytta til andre sida av Amfi Os. Kommentar: Den viste løysinga til rundkjøring vil ikkje berøra areal sett av til busetnad. 3.2 Sameiet Flåten v/nelly Løvdok viser til at kommunen ikkje har tatt med ny ut/innkjøring for bubuarane i Prestegardskogen. Utebodene er ikkje teikna inn. Side 6 av 13
Kommentar: Den viste løysinga vil ikkje endre eksisterande forhold. 3.2 Egil og Britt S. Arentzen protesterer på planen, dei som bur i Nedre Varåsen treng ikkje ny rundkjøring. Kommentar: Den viste løysinga til rundkjøring vil ikkje berøra areal sett av til busetnad. 4.0 VURDERING Planarbeidet har tatt tid. Omlag eit år etter at det vart varsla oppstart av planarbeidet, vart det levert inn eit første utkast til plan. Administrasjonen hadde møte med utbyggar og hadde fleire punkt som måtte rettast opp. Etter om lag eit halvt år kom no eit justert utkast av planen. Amfi Os ønskjer ei høgare utnytting for å utvide tilbodet i kjøpesenteret med ein stor daglegvareforretning. Utnyttingsgrad er foreslått auka frå U=39% til BYA=50%. Den gamle U-grad vert ikkje lenger brukt, så utnyttingsgrad må reknast i BYA eller BRA. Veileder frå MD (som kom i 2007) rår til at ein nyttar BRA (bruksareal) ved større utbyggingsprosjekt for industri, kontor- og forretningsbygg. Men enten ein brukar BYA eller BRA, skal parkeringsareal reknast inn i utnyttingsgraden. Det kan sjå ut som om tiltakshavar har tenkt ut frå den gamle veileder frå MD (som kom i 1997) der parkeringsareal ikkje vert rekna inn i BYA. Endra utnyttingsgrad må leggjast inn i føresegnene for å bli juridisk bindande. Planen viser ny rundkjøring i krysset mellom Byvegen og Prestegardsskogen. Rundkjøringa er lagt inn slik at den ikkje tar meir areal enn det som er regulert til trafikkareal. Fortau langs Prestegardsskogen er flytta til østsida for å unngå kryssing med trafikk til Amfi Os. Det er vist ny avkjørsel frå Prestgardsskogen til parkeringsanlegg på tak. Tilkomst til parkeringsanlegg under bygget vert frå eksisterande parkeringsplass. Ekisterande tilkomst til senteret fra Prestegardsskogen på baksida er snevra inn og er kun tenkt nytta til innkjøring. Den viste løysing for parkering på illustrasjonstegninga ved hovudtilkomsten til senteret er ikkje utforma med tanke på større kjøretøy. Slik trafikkløysinga er vist på illustrasjonsplanen, må alle større kjøretøy kjøre rundt bygget frå varelevering ut ut hovudtilkomsten. Desse treng mykje større plass enn det som er vist på illustrasjonsplanen. Alternativt kan det lagast ei ny utkjøring mot Gudridhaugen, dette må i så fall avklarast før planen blir lagt ut på høyring. Når det gjeld parkering seier dei nye føresegnene at det skal setjast av 2 parkeringsplassar pr. 100 m2 BRA. Dette gir eit krav på 540 plassar ved maks utnytting av tomta. I denne omgang er det snakk om ei utbygging til 21.700 m2 BRA, dette gir krav om 434 parkeringsplassar. Illustrasjonsplanen viser om lag 500 plassar. Ved full utbygging må det visast 40 ekstra parkeringsplassar. Dette bør kunne løysast på same måte, med parkering under nybygg og på taket. Os kommune sin parkeringsnorm har krav om 1,5 2,0 parkeringsplassar på 100 m2 golvareal for detaljhandel og kontor og 3,0 3,5 parkeringsplassar for varehus. Det kan såleis diskuterast om det er nok parkeringsplassar. Dette er ei utviding av ekisterande senter og det er vanskeleg å auke antal parkeringsplassar betydeleg. Gjeldande føresegner har krav om 3 plassar pr. 100 m2 forretningsareal, dette hadde gitt krav om 650 parkeringsplassar. Forslag til parkering er basert på erfaringstal frå Amfi sine kjøpesenter der dei relaterer parkering til forventa omsetning og ikkje bare til areal. Amfi meiner eit krav på 2 parkeringsplassar pr. 100 m2 BRA er eit riktig tal. Det er ikkje gjort eigne støyanalysar. Men det er tatt inn i føresegnene at overordna retningslinjer skal leggjast til grunn og at det må dokumenterast at krav er oppfylt før det vert gjeve byggjeløyve/ endringsløyve. Side 7 av 13
Når det gjeld risiko og sikkerhetsvurdering er avkjøring og tilkomst til parkeringsanlegg under bygningsmassen dimensjonert for ambulanse fram til heis/ trapp. Det er ellers tilkomst for brannbil rundt heile bygget. Sjå elles vedlagt planskildring for utfyllande opplysninger. 5.0 KONKLUSJON Grad av utnytting må vere i samsvar med ny rettleiar frå MD (2007). BRA (bruksareal) er best egna å bruke ved større utbyggingsprosjekt for industri, kontor- og forretningsbygg. Endra utnyttingsgrad må leggjast inn i føresegnene for å bli juridisk bindande. Krav til parkering må vurderast. Hovudtilkomsten må utformast slik at store kjøretøy kan nytte krysset, dette går særleg på vist parkeringsløysing på illustrasjonsplanen. Alternativt kan det lagast ei ny utkjøring mot Gudridhaugen, dette må i så fall leggjast inn i planen før den blir lagt ut på høyring Planen kan leggjast ut til offentleg ettersyn slik den er. Illustrasjonsplan må endrast. Os, 01.02.10 Asle J. Andås Side 8 av 13
Sak 11/10 MØTEBOK OFFENTLEG ETTERSYN, ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR HALHJEMSMARKA II Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: GEO R9901.08 Arkivsaksnr.: 09/2360 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 76/09 Os eldreråd PS 09.11.2009 54/09 Råd for funksjonshemma PS 09.11.2009 11/10 Os eldreråd PS 22.03.2010 / Råd for funksjonshemma PS Framlegg til tilråding: Saka vert lagt fram for drøfting og vedtakk. Os, 16.03.10 Jorun Klausen (s) Leiar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 11/10 Behandling i Råd for funksjonshemma i møte 09.11.2009 Behandling i utvalet: Rådet drøfta seg fram til følgjande samrøystes vedtak: Vedtak: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne tek melding om oppstart av endring av reguleringsplan Halhjemsmarka II til etterretning. Rådet ber om å få planen til uttale når den føreligg. Behandling i Os eldreråd i møte 09.11.2009 Behandling i utvalet: Rådet tok saka som melding. Vedtak: Os eldreråd tek reguleringsplan for Halhjemsmarka II til orientering. Side 10 av 13
Sak 11/10 Vedlegg: 1. Brev frå Os kommune, Tekniske tenester dagsett 11.03.10 2. Reguleringsplanen 3. Oversiktskart. Saksopplysningar: I Os eldreråd er det Marianne Hjelle og Asbjørn Nicolaysen som vil gje ei orientering om planen. I Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er det Veronica Haugland som orienterer. Oppstart av saka var i begge råda 09.11.09 og den har ikkje vore behandla i plan- og bygningsutvalet. Den er lagt direkte ut til offentleg ettersyn. Uttalefristen er sett til 21.04.10. Os, 16.03.10 Gunvor S. Heggland Konsulent Side 11 av 13
Sak 12/10 REFERATSAKER OG MELDINGAR MØTEBOK Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 10/31 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 6/10 Os eldreråd PS 25.01.2010 9/10 Os eldreråd PS 01.03.2010 12/10 Os eldreråd PS 22.03.2010 / Os eldreråd PS Framlegg til vedtak: Desse sakene vart tekne som melding: Os, 16.03.10 Jorun Klausen (s) Leiar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 12/10 Vedlegg: Saksopplysningar: Det er førebels ikkje meld inn saker til denne posten. Os, 16.03.10 Gunvor S. Heggland Konsulent Side 13 av 13