SANDE KOMMUNE 6084 Larsnes Tlf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-mr.kommune.no SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/249-684/2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet Saka gjeld: TILSTANDSRAPPORT - EVALUERING OG MÅLDRØFTING Tilråding: 1. Driftsutvalet i Sande kjem med følgjande innspel til målsettingane i Tilstandsrapporten og oppfølginga av desse med tanke på utarbeiding av ny tilstandsrapport. 2. Innspela vert å innarbeide/ta omsyn til i samband med utarbeiding av ny tilstandsrapport. 3. Målsettingane forpliktar skulane og kommunen på å realisere måla så langt råd er. Særutskrift: Grunnskulane i Sande
Utvalssak nr: Side: 2 av 5
Vedlegg: Tilstandsrapport 2013 Saksopplysningar: I kommunestyret 18.6.2014 vart dette vedtaket gjort: VEDTAK: 1. Tilstandsrapporten 2013 for grunnskulen i Sande vert teken til vitande. 2. Sande kommune stiller seg bak målsettingane i planen. 3. Måla skal evaluerast og reviderast ved utarbeiding av ny rapport for 2014. Nedanfor er det eit skjematisk oppsett over områda i Tilstandsrapporten, og dei målsettingar som vart vedtekne. I evalueringskolonna er det gjort ei kort vurdering frå kommunalleiar. Ein ber om at det vert gjort innspel og endringar som kan gje grunnlag for utarbeiding av ny tilstandsrapport når tala for 2014 ligg føre. Nedst i skjemaet er det opna for å komme med forslag til nye område som bør vere med i neste tilstandsrapport. Område Mål Evaluering Elevtal og lærarårsverk - Høg kompetanse blant lærarane gjennom målretta rekruttering og vidareutdanning. - Gje alle elevane i Sande eit likeverdig tilbod uavhengig av kvar dei bur. Lærartettleik - Framleis høg lærartettleik - ikkje over 10 elevar (1.-7.)/ 12 elevar (8.-10.) pr. lærar- For å legge til rette for tilpassa opplæring, relasjonsbygging og godt læringsmiljø. - Fleksibel utnytting av ressursane mobbing meistring støtte frå lærarane vurdering for læring læringskultur Læringsmiljø - Elevdemokrati og medverknad - Minimere talet på mobbetilfelle gjennom målretta førebyggande arbeid ( m.m.) - Fokus på å avdekke mobbing - Rask iverksetting (maks 14 dagar) av tiltak som verkar - Å gje alle elevar meistringskjensle og sjølvtillit - Å ha høg nok lærartettleik og nok kompetanse til at dette er gjennomførleg - å tilsette og utvikle lærarar med høg grad av evne til relasjonsbygging og klasseleiing - auke kjensla av støtte på ungdomstrinnet - å ha lærarar som motiverer til læring og eigenutvikling - å ha lærarar som gjev fagleg og personleg støtte - å ha lærarar som gjev konstruktive tilbakemeldingar og framovermeldingar - å ha nok kompetanse på vurdering - å ha eit høgt læringstrykk - å ha lærarar som stimulerer elevane til sjølvstendige val - å ha lærarar som gjev ros og oppmuntring framfor kritikk/straff - å ha lærarar som er tydelege i sine forventningar - Sjølvstendige elevar som viser engasjement og tek aktivt del i læringsarbeidet - Lærarar som ser den einskilde og gjev rom for individualitet og eigenutvikling Rekrutteringskampanjen var ein suksess, med utdanna folk og mange gode søkjarar. 5 lærarar på vidareutdanning. 2 rektorar på rektorskule Har oppretthalde lærartettleiken. Jobbar med fleksible ressursar. går for fullt på fire skular. Avdekking vanskeleg. Gode prosedyrer. Trur vi jobbar bra. Har høg lærartettleik Driv kompetanseheving Bevisst rekruttering. Ungdomstrinnsatsinga Fokus på vurdering Skal delta på kursrekkja Vurdering for læring i neste pulje Medviten rekruttering Fokus Fokus Utvalssak nr: Side: 3 av 5
opplevd mobbing - å få slutt på/ minimere førekomsten av mobbing - eit trygt miljø for alle elevar Statistikken viser lave mobbetal, men vanskeleg å avdekkje alt. Avventar nye tal. Høg vaksentettleik og synlege vaksne gjer at vi trur det kjennest trygt å gå på skule i Sande. Resultat nasjonale prøver - Tidleg innsats og tett oppfølging for å sikre at alle lærer å lese godt nok - Umiddelbar oppfølging av elevar som er i nedre skikt Resultat karakterar - å oppretthalde eller heve karaktersnittet ved å legge til rette for den einskilde eleven si optimale læring og utvikling Resultat grunnskulepoeng - halde grunnskulepoenga over 40 - å oppretthalde og utvikle høgt læringstrykk og godt læringsmiljø - gjennom dette gje elevane dei beste føresetnader for vidare skulegang Gjennomføring - å gje alle elevar godt nok grunnlag til å komme seg vidare i eigen karriere og utnytte evnene og føresetnadene sine Forslag til nye Forslag til mål: område: Vi har fokus på tidleg innsats, og prosedyrer for å gjere det i praksis. Tiltak Høg lærartettleik Karaktersnittet heldt seg og vel så det i 2014 Har oppretthalde nivået i 2014 Jobbar med, rekruttering og kompetanseheving Vi jobbar kontinuerleg for å nå målsettinga. Vurdering og konklusjon: Det er viktig for prosessen og styringsdialogen at Driftsutvalet i forkant av ny tilstandsrapport seier noko om kva målsettingar og satsingsområde ein skal ha. Politiske signal tidleg i ein prosess er viktige for gjennomnføringa og retningsgjevande for arbeidet. Likeeins er det viktig at signala frå oppveksteiningane kjem tidleg i prosessen, slik at også den faglege og praktiske biten vert høyrd og ivareteken. Målsettingane ovanfor ligg i den eksisterande rapporten. Kanskje bør dei reviderast, spissast eller omformulerast. Larsnes, 17.02.2015 Asbjørn Moltudal rådmann Øystein Johansen kommunalleiar Utvalssak nr: Side: 4 av 5
Utvalssak nr: Side: 5 av 5