Innovativ anskaffing av tryggleiksskapande teknologi og responssentertenester. Dialogkonferanse 03.11.2015. Prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim
Agenda Kommunens behov som verksemd Brukarbehov
Anskaffing 1. Tryggleiksskapande teknologi på digital plattform som koblast opp mot heimebuande. Med heimebuande meinast menneske som bur i privat bustad/bufellesskap/omsorgsbustader 2. Responssenterteneste som berre omfattar teknisk koblingsteneste. Dette betyr at signal frå brukars tryggleiksskapande teknologi går via responssenteret og blir sendt til kommunen som handterar anropet, basert på digital plattform (OPSJON). 3. Fullverdige responssentertenester for mottak, besvaring og delegering av varsler frå tryggleiksskapande teknologi, basert på digital plattform (OPSJON). Målgruppe: heimebuande. Vi har fokus på at leverandørane kan medvirke til å utnytte dei nye mogelegheitene digetale løysingar gir, og på den måten sikre at brukarane får gode heilskapelege løysingar og effektive tenester ut frå sine individuelle behov. Det er ønskeleg med innspel på ulike driftsmodellar, eks leasing kontra kjøp.
Rammevilkår Leverer tenester som er lovpålagte og/eller politisk vedtekne. Handlingsprogrammet legg dei økonomiske rammene. Norm for informasjonstryggleik. Handlingsrommet for kommunen er å gjennomføre dei pålagte tenestene på ein betre og meir effektiv måte.
Digitalisering Overgang til digitale plattform naudsynt modernisering. Digital plattform gir nye mogelegheiter.
Innspel Kva mogelegheiter gir moderniseringa? Fornye måten å levere kommunens eksisterande tenester. Kommunen har behov for å sjå dette i form av gevinster for å kunne velje den beste løysinga. (Gevinstrealisering er kommunens ansvar). Behov for å sjå gjennomførings-, finansierings- og driftsmodeller.
Tenesteforløp Etablere teneste Drifte teneste Avslutte teneste Kommunen ønsker å: Fokusere på bruken av teknologien og ikkje teknologien i seg sjølv Ta i bruk ny teknologi utan å byggje kompetanse i kommunen på teknisk drift Forhalde seg til få tenesteleverandørar Kunne ta del i produktinnovasjon ved at leverandøren tek inn nye produkt i sitt tenestespekter.
Samhandling og informasjon
Brukarhistoriar Følgjande brukarhistoriar er lagt til grunn: Generell tryggleik Kognitiv svikt Fysisk svekking Utviklingshemming Rus og psykiatri Hørselhemming Heimesjukepleien
Brukarhistorie generell tryggleik Einsleg person med lite nettverk, bur og føler seg mykje åleine, bur lite sentralt, engsteleg (spesielt på natt), søv dårleg, treng mykje medisinar og gløymer ofte å ta dei, får besøk dagleg av heimesjukepleien for sårstell og medisineringsstøtte. Likar godt å lage mat, men har ved fleire tilfelle gløymt å skru av komfyren. Heldigvis har det gått bra til no.
Brukarhistorie kognitiv svikt, inklusiv demens Person som bur åleine i eigen bustad. Har demens. Har ingen barn. Sprek og lett til beins. Går ut og seier ikkje frå kor han bur. Har fleire gonger gått seg bort. Treng hjelp til medisinering.
Brukarhistorie fysisk svekking Eldre einsleg person med nervesjukdom. Har svak muskulatur. Ønsker å forflytte seg utanfor heimen. Køyrar eigen bil med automatgear. Ønsker å vere mest mogeleg sjølvhjulpen, men har problem med å klare dagleglivets aktivitetar. Har fare for fall og er redd for ikkje å bli funne. Får i dag hjelp av heimesjukepleien to gonger dagleg.
Brukarhistorie - utviklingshemming Ungdom med utviklingshemming og epilepsi som bur i bufellesskap. På dagtid er han på dagsenter eller vert aktivisert av personale i helg og på kveldstid. Har kontinuerleg tilsyn når han er i bufellesskapet ved at personale er i husvære hans, eller sit utanfor husværet om natta. Dette fører til at han har svært lite privatliv. Dersom han klarer å kome seg usett ut åleine på dagtid, spring han ofte til butikkar som interesserer han, eller han kan gå inn i private bustader. Dersom han kjem seg åleine ut om natta, er han ikkje i stand til å orientere seg eller gjere greie for seg. Han har svært begrensa språkferdigheiter, og det er vanskeleg for personar som ikkje kjenner han å forstå kva han prøver å kommunisere. Det er vurdert at han har stor risiko for skade dersom han ferdast ute på eiga hand. Han er ikkje vant til å gå med klokke.
Brukarhistorie rus og psykiatri Person i 50-åra med alvorleg psykiatrisk sjukdom. Har tidvis eit misbruk av pillar og alkohol, men fungerar i lengre periodar bra. Brukar bur åleine i kommunal bustad, og har dagleg tilsyn av heimesjukepleiar for å sjå til at ho tek medisinane sine. Brukar ønsker å ta hand om medisinane sine sjølv, men har ved fleire tilfelle ikkje tatt medisinen som avtalt. Brukar ønsker ikkje å ha heimesjukepleien på døra kvar dag, men ønsker hjelp i dårlege periodar. Brukar ofte mobiltelefon, men reagerar negativt på lyd. Treng hjelp til å halde orden og struktur på kvardagen. Er storrøykar. Gløymer ofte å skru av springen. Gløymer ofte å regulere temperaturen i bustaden.
Brukarhistorie - hørselshemming Åleinebuande person med sterk hørselshemming/delvis døv ønsker å halde fram med å bu heime. Har ustabil diabetes, søv dårleg, har falltendens, er vanskeleg å kommunisere med på grunn av nedsett hørsel. Brukar rullator ved forflytning. Klar og orientert.
Brukarhistorie - heimesjukepleiar Hardt arbeidspress. Opplever å ha dårleg tid. Ei utfordring er å gi rett medisin til rett tid. Mange brukarar får ofte fleire gonger om dagen hjelp til å ta riktige medisinar til rett tid. Det er stadig fleire heimebuande eldre med demens. Han er redd for at dei skal gå seg bort eller falle. Han og hans kollegaer samt pårørande må ofte sjekke ut kor brukarane er. Mange tilsyn tek tid.
«Som pårørande er eg VELDIG takksam for at ho har alarmen, ellers kunne eg ikkje orke at ho bur her aleine» -sagt av pårørande «No søv eg godt om nettene» -sagt av pårørande til person med demens «Det har bevist ved fleire anledningar at det fungerer» Lindåsprosjektet Omsorgsteknologi i Lindås kommune -sagt av brukar Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor 01.08.12-31.07.15 «Jeg føler meg trygg» -sagt av fleire med omsorgsteknologi «Så fantastisk at det finnast slike hjelpemiddel, slik at eg kan bu her heime» -sagt av kvinne i midten av 90-åra
Vegen vidare Dialogkonferanse 03.11.2015 Prosjektleiar Kari Bjørkheim
Vegen vidare Tid Aktivitet Tirsdag 03.11.2015 Dialogkonferanse (del 1) Tirsdag 24.11.2015 Veke 49 Ein-til-ein møte (del 3) Torsdag 10.12.2015 Januar/februar 2016 Frist for oversending av skriftleg løysingsframlegg (del 2) og påmelding til ein-til-ein møte Informasjonsmøte for interesserte kommunar Kunngjering av konkurranse på www.doffin.no