Orientering om og evaluering av spesialundervisning i vidaregåande opplæring

Like dokumenter
Kjøp av tenester- Tøndergård skole og ressurssenter

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Torsdag 31.oktober 2013 FAGSAMLING OM SKULE

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

Møteinnkalling. Side1. Utval: Utdanningsutvalet Møtestad: 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

ORIENTERINGSMØTE NOVEMBER Utdanningsavdelinga

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Retten til spesialundervisning

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Fylkesmannen si samling med privatskulane. Onsdag 5.februar 2014

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Spørsmålsrunde

B Del 1 For elev med IOP i enkelte eller alle fag/ full kompetanse Kontaktlærar fyller ut

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

Orienteringssak - Nye avtalar om kjøp av PP-tenester til vidaregåande opplæring

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Regelverket om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning - og om å sikre gode overgangar

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Inntaksmøte

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Loven og prosedyrar ved søking til vidaregåande skole. Orienteringsmøta hausten 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Fagdag om søkjarar til vgo med B-skjema

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Veiledningshefte for skoleåret 2011/2012. Søkergrupper med søknadsfrist 1. februar 2011

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

ORIENTERINGSMØTER 2015

Elev- og lærlingombod i HFK

TILSYNSRAPPORT. Hordaland fylkeskommune

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

SØKNAD TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I MØRE OG ROMSDAL SKOLEÅRET 2012/2013

Rapport om klage på standpunktkarakter

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Kva er typisk for spesialundervisninga i Norge?

Internasjonal vidaregåande skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Inntaksmøte 14. februar tidleg inntak til vgo Alexandra hotell, Molde

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Rådgjevarkonferanse 2009

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Søknad om inntak med behov for spesialundervisning skoleåret 2013/2014

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-15 Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Søking til skuleåret

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 25.01.2017 8601/2017 Kari Volden Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Orientering om og evaluering av spesialundervisning i vidaregåande opplæring Bakgrunn Innleiing Eit samrøysta vedtak i Utdanningsutvalsmøte 03.09.15 bad om ei heilskapleg evaluering av opplæringstilboda for elevar med særskilte behov. Evalueringa skulle ta for seg elevane si måloppnåing, kvaliteten og kompetansen knytt til tilboda og økonomien i dei. I saksframlegget er det sett fokus på elevar med store utfordringar som krev spisskompetanse, fysiske tilretteleggingar og der fylkeskommunen i nokre høve må kjøpe teneste i kommune. Alle desse elevane gjennomfører den vidaregåande opplæringa si, men svært få av dei gjer det på normaltid, - dei fleste bruker 4 år. Elevgruppa har individuelle mål ut frå eigne føresetnader og behov og måla avvik frå læreplanmåla i Kunnskapsløftet. Fylkesutdanningssjefen har vurdert heilskapen i dei spesialpedagogiske opplæringstilboda i fylkeskommunen og ikkje den enkelte eleven sitt opplæringstilbod. Dei individuelle behova er svært forskjellige for denne elevgruppa, og kvalitetssikring blir ivaretatt gjennom sakkunnig vurdering, enkeltvedtak om rett til spesialundervisning og Individuell opplæringsplan (IOP). Hovudmålet er å gi elevane ei opplæring som førebur dei på vaksenlivet ut frå den enkelte sine føresetnader. Alle får eit kompetansebevis som viser kva dei kan og har lært i vidaregåande skule. Generelt om spesialundervisning Gjennom Reform 94, fekk alle ungdommar rett til vidaregåande opplæring, og den vidaregåande skulen skulle legge til rette for ei ny gruppe elevar. Elevar som hadde store hjelpebehov grunna nedsett funksjonsevne, fysisk og /eller psykisk. Etter opplæringslova 5-1 har elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning. I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsmoglegheitene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Vedtak om spesialundervisning etter 5-1 skal byggje på ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast. Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til: - eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet - lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa - realistiske opplæringsmål for eleven - om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet - kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod - om det er behov for særskilt kompetanse for at eleven skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringa I samanheng med at dei statlege spesialskulane enten vart nedlagt eller overført til anna forvaltningsnivå i 1992 og Reform-94 var ikkje dei vidaregåande skulane i utgangspunktet budde på å ta imot denne elevgruppa, verken når det gjaldt fysiske tilretteleggingar eller kompetanse i personalet. Det vart derfor kjøpt tenester frå kommunane til vidaregåande opplæring. Utdanningsavdelinga har, saman med dei vidaregåande skulane, arbeidd aktivt for å få på plass gode opplæringstilbod i dei offentlege vidaregåande skulane også for denne elevgruppa. Ein fekk tidleg på plass kompetanse og fysiske tilretteleggingar for å gi gode og tilfredsstillande opplæringstilbod for elevar med store utfordringar ved dei vidaregåande skulane i både Ålesund og Kristiansund. Dermed var det ikkje lenger behov for kjøp av teneste i kommune i desse områda. I Romsdalsregionen har dette tatt lenger tid å få på plass. No er alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal budde til å ta imot og legge til rette gode og tilfredsstillande undervisningstilbod for alle søkarar i vidaregåande opplæring. Også for dei søkarane som har store utfordringar og hjelpebehov på grunn av fysiske og /eller psykiske problem. Men av ulike årsaker knytt til kompetanse og utfordringar i elevgruppa er det framleis behov for å kjøpe teneste til nokre få elevar. Ei hovudmålsetting for fylkeskommunen er at alle elevar skal ha eit tilbod på ein vidaregåande skule og ei opplæring innafor ramma til vidaregåande opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uavhengig av kor ein bur i fylket, ha tilbod med høg kvalitet og relevans for elevane, slik at dei får ei opplæring som dei kan gjere seg nytte av seinare i livet. Den vidaregåande opplæringa er ei førebuing til vaksenlivet. Det er fritt skuleval i Møre og Romsdal, og det er eit grunnleggande prinsipp at alle søkarar også skal kunne velje fritt mellom dei utdanningsprogramma/ programområda som finst. Eit val dei kan gjere ut frå interesse, eigne muligheiter og motivasjon. Fylkesrådmannen har dei siste 10 åra hatt fokus på det fysiske miljøet ved skulane. Den fysiske tilrettelegginga har stor tyding både for det fysiske og psykiske skulemiljøet. På dei fleste av dei vidaregåande skulane er det stellerom, kvilerom, små grupperom og fellesareal der alle elevane kan treffast. Universell utforming er teken vare på.

Kompetansebygging og tilrettelegging For at skulane skal kunne ivareta elevar med store hjelpebehov på ein profesjonelt måte, har det vore nødvendig med meir og anna kompetanse inn i skulekvardagen. Alle skular har ein eller fleire spesialpedagogar, og i tillegg blir det tilsett fagpersonar etter kva for utfordringar elevane ved skulen har. Det kan vere barneog ungdomsarbeidarar, vernepleiarar, miljøarbeidarar og helsearbeidarar. Dersom skulen ikkje har den kompetansen som må til for å leggje til rette for ein søkar, vil skulen legge til rette for å skaffe den kompetansen. Utdanningsavdelinga har oppretta eit nettverk for alle som arbeider med elevar i denne elevgruppa, og to gongar i året blir det halde konferansar/ dialogmøte med tanke på kompetanseheving og erfaringsutveksling. Det er dei tilsette som arbeider med desse elevane som ut frå behov kjem med innspel til tema. Retten til vidaregåande opplæring gjeld utdanningsprogram. Søkaren har krav på å få opplæring innafor eitt av dei tre ønska han/ ho sett opp i søknaden sin (jf. opplæringslova 3-1), men søkaren har ikkje rett til inntak på ein bestemt skule. Det er presisert i 6-17, tredje siste leddet, at søkarar ikkje har rett til inntak på ein bestemt skule. Vidare er det i forskrifta 6-10 under føresegna om klageadgang fastsett at søkarar ikkje kan klage på skuleplasseringa. Skulane har, saman med Utdanningsavdelinga, arbeidd målretta med å integrere og inkludere elevar med store utfordringar i eit skulemiljø saman med aldersadekvate ungdommar. Dei fleste skulane har «Basar»/ «Tilrettelagte grupper/ klassar» der denne elevgruppa får t.d. individuelt tilpassa skrive- og lese-opplæring og kommunikasjonstrening. I praktiske fag, slik som restaurant og matfag, bygg og anlegg, helse- og oppvekstfag blir mange i denne elevgruppa heilt eller delvis integrert i ordinære klassar. Den praktiske opplæringa i dei vidaregåande skulane går føre seg i arbeidsrom som verkstader med moderne maskinar og verkty, på kjøkken med innreiing som t.d. oppvask- og vaskemaskiner som er tilpassa og tilrettelagt for m.a. rullestolbrukarar. Det er pedagogar med kompetanse innafor dei ulike yrkesfaga (faglærarar) som underviser og har ansvar for undervisningstilbodet. Elevar med dei største hjelpebehova har, i dei praktiske faga, ofte med seg eigne assistentar med god kunnskap om utfordringane deira og som hjelper til med gjennomføring av opplæringa. Men det er ein pedagog som er ansvarleg for opplæringstilbodet og som rettleier andre yrkesgrupper som arbeider med elevane. Endring av inntaksforskrift I september 2013 vart inntaksforskrifta til opplæringslova, kapittel 6, endra. I 6-17, siste ledd, er det presisert at kommunane skal melde frå til fylkeskommunen dersom det er elevar i 10.klasse på ungdomsskulen som det må leggast spesielt til rette for når dei skal begynne i vidaregåande skule. Frist for melding til fylkeskommunen er 1.oktober. Denne forskriftsendringa har gjort at Utdanningsavdelinga og dei vidaregåande skulane på eit tidleg tidspunkt kan starte førebuing for å leggje til rette for eit tilfredsstillande fysisk, psykisk og sosialt miljø for denne elevgruppa. Saman kan ein lettare få på plass rett kompetanse til kvar enkelt søkar på ein skule i nærleiken av der søkaren bur. Fylkesrådmannen legg vekt på at elevar med store tilretteleggingsbehov skal få skuleplass etter nærskuleprinsippet. Dei fleste i denne elevgruppa busett seg i heimkommunen sin etter vidaregåande opplæring og derfor er det viktig at dei

ikkje mister kontakten med heimemiljøet og det sosiale nettverket dei har der. Samarbeidet mellom den vidaregåande skulen og kommunen om m.a. eigen bustad etter vidaregåande og arbeidspraksis i høve framtidig arbeid i lokal bedrift, gjer at ein kan starte planlegginga på eit tidleg tidspunkt. Dei får halde kontakten i det sosiale nærmiljøet og delta i fritidsaktivitetar når dei bur heime medan dei går på vidaregåande skule. Det er svært få av desse elevane som kan bu på hybel utanfor heimen utan særskilte tilretteleggingar. Utdanningsavdelinga må ha tilstrekkeleg med opplysningar om søkarane for å gjere gode vurderingar i sakshandsaminga i inntaksprosessen og for å ivareta elevane sine rettar til vidaregåande opplæring. Det er derfor utarbeidd skjema med samtykkeerklæring som skal sendast inn saman med meldinga frå kommunen. Dokumentasjon på utfordringar og behov, sakkunnig vurdering frå PP-tenesta for grunnskulen, enkeltvedtak om rett til spesialundervisning, Individuell opplæringsplan (IOP) for 10.klasse og andre opplysningar som er relevante i høve inntak til vidaregåande opplæring skal følgje med meldinga. Ressursar til spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring Figuren over viser utviklinga når det gjeld ressursbruken innafor spesialundervisning for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal i forhold til den nasjonale ressursbruken. Den nasjonale tendensen er at kostnadsveksten har stansa opp. Det som skil Møre og Romsdal frå andre fylke er at ein har ein vesentleg høgare ressursbruk for utgifter til tenestekjøp. I følgje KOSTRA-tal ligg ikkje ressursbruken til spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring høgare i Møre og Romsdal enn elles i landet om ein ser bort frå tenestekjøp i kommune. Utgifter til kjøp av PP-tenester frå kommunane er ikkje ein del av dette.

Ressurstildeling Når Fylkesrådmannen tildeler middel til spesialundervisning frå ramme 37 til skulane, så skjer det etter ein rammefordelingsmodell. Modellen vart tatt i bruk første gang skuleåret 2005/2006. Modellen er utvikla for å få ei best mogeleg fordeling av midla mellom skulane. Dei vidaregåande skulane har vore med i utarbeiding av økonomimodellen. I modellen vart omgrepet «1:1-ressurs» tatt i bruk. Dette er ein ressurs som skal komme ein elev som i følgje den sakkunnige vurderinga har behov for spesialundervisning og oppfølging av vaksenperson heile skuledagen; 30 t/v for studiespesialiserande utdanningsprogram eller 35 t/v for yrkesfag. Midla er ikkje øyremerka den særskilte eleven, og «1:1» er berre eit omgrep som vert brukt i økonomimodellen som eit grunnlag for ressurstildelinga. 1:1-ressursen vart auka til 550 000 for skuleåret 2016 2017. I tillegg til «1:1-ressursen» fekk alle skulane ein grunnressurs på kr 960 000 skuleåret 2016-2017, - uavhengig av talet på elevar med behov for spesialundervisning. Dei tre største skulane, Kristiansund, Romsdal og Borgund vidaregåande har alle år fått ein noko høgare sats. Inneverande skuleår er den på kr 2.200.000. Når midla er delt ut frå fylkesrådmannen si side, er det opp til skuleleiinga på kvar enkelt skule å bruke midla best mogeleg. Midla må brukast på ein slik måte at alle elevar som får enkeltvedtak om rett til spesialundervisning får den opplæringa dei har krav på. Ressurstildelinga skal ikkje berre tilkome elevane med størst hjelpebehov. Ei arbeidsgruppe, samansett av representantar frå økonomi- og inntaks- seksjonen og leiarar ved 4-5 av dei vidaregåande skulane, har evaluert fordelingsmodellen og lagt fram forslag til andre modellar for tildeling, men ein har ikkje kome fram til noko betre alternativ enn det som er skildra ovafor. Kjøp av tenester Fylkeskommunen har framleis ein del elevar som vi kjøper tenester til i andre fylke, det gjeld mellom anna døve elevar. Døve har ein rett til å velje å ta den vidaregåande opplæringa si i eit teiknespråkleg miljø, jf 3-9 i opplæringslova. Møre og Romsdal fylkeskommune har ingen skular med teiknespråkleg miljø, Knutepunktskolar, og må derfor kjøpe teneste i andre fylkeskommunar for å oppfylle retten til desse elevane. Denne elevgruppa har også rett til å få dekka kost, losji og sosialpedagogiske tilbod utover opplæringstilbodet. Ein privat stifting SIGNO Conrad Svendsen A/S driv internat med særskilt tilrettelegging for døve knytt til Knutepunktskulane. Dette er svært kostbare tilbod, som det i dag ikkje finst noko alternativ til. Døve elevar som har opplæring ved ein Knutepunktskule har eigne læreplanar, og dei får opplæring i teiknspråk. Fylkeskommunen har ansvar for oppfølging av spesialundervisning til desse elevane dersom dei har behov for det. Men fleire av dei døve elevane vel å gå ved ein ordinær vidaregåande skule med tolk i staden for å gå ved ein Knutepunktskule. Det må vere to tolkar per elev til stades i opplæringssituasjonen i såkalla ordinær klasse og det har ført til at utgiftene til tolking dei siste åra har auka. I nokre høve har Utdanningsavdelinga saman med skulane komme fram til at det ikkje er kapasitet til å legge til rette for alle søkarar med store hjelpebehov i dei offentlege vidaregåande skulane. Det hender også at søkaren har så store

utfordringar at han/ ho ikkje kan gå på ein ordinær vidaregåande skule. Når fylkeskommunen kjem fram til at det beste ordninga for eleven er å få opplæringstilbodet ved ein alternativ opplæringsarena i heimkommunen, kjøper ein teneste i kommunen. Elles må det presiserast at det er krevjande å kjøpe tenester frå eksterne aktørar, spesielt når det gjeld kjøp av teneste i kommune. Kommunane har ikkje eit tilbod som er kopla til vidaregåande opplæring, og derfor er det ein av dei offentlege vidaregåande skulane som må følgje opp innhald, omfang og organisering av det vidaregåande opplæringstilbodet. Det er også ei utfordring å vere prisgitt eksterne tilbodsgivarar når det gjeld kostnader og gjennomføring. Etter kvart som dei vidaregåande skulane har bygd opp kompetanse, har gode og trygge rammer og fysiske tilhøve for denne elevgruppa, er det sjeldan Utdanningsavdelinga må kjøpe tenester i kommunen og gi opplæringa i den kommunale grunnskulen. Dei få elevane dette gjeld må søkje i Vigo slik alle andre søkarar skal. I tillegg skal dei fylle ut vedleggsskjema A og informere om dei utfordringane og dei tilretteleggingsbehova dei har og dokumentere at dei ikkje er i stand til å gå ved ein offentleg vidaregåande skule. Elevane får allereie i mars april informasjon om at dei vil få den vidaregåande opplæringa si ved ein alternativ opplæringsarena. Sjølv om opplæringa blir fysisk lagt til rette i ein kommune, er det den næraste vidaregåande skulen som har ansvar for opplæringa. Ansvaret gjeld både innhald, omfang, organisering, kvalitet og dokumentasjon. Før fylkeskommunen fekk på plass mellom anna kompetanse for å gi tilfredsstillande og likeverdige opplæringstilbod for denne elevgruppa ved dei vidaregåande skulane, kjøpte fylkeskommunen teneste frå ein spesialskule i Kristiansund, Bekkefaret skole, og frå vaksenopplæringa i Ålesund. Det er det ikkje behov for lenger. For skuleåret 2016 2017 har fylkeskommune avtale om kjøp av teneste i kommune til vidaregåande opplæring for 23 ungdommar. 4 av dei får individuelle tilbod i heimkommunane sine. Resten av fylket sitt tenestekjøp i kommune er knytt til Tøndergård skole og ressurssenter. Tøndergård skole og ressurssenter Avtalen om å kjøpe skuleplassar for elevar i vidaregåande alder ved Tøndergård skole og ressurssenter, kom som eit resultat av at ikkje alle dei vidaregåande skulane var budde på å leggje til rette for elevar med store hjelpebehov. Tøndergård skole og ressurssenter er ein interkommunal spesialskule for elevgruppa første til tiande klasse i grunnskulen. Molde kommune er ein av eigarane og vertskommune. Eit eventuelt skuletilbod ved Tøndergård skole og ressurssenter skal komme søkarar frå heile fylket til gode. Dei ungdommane som har fått skuleplass ved Tøndergård skole og ressurssenter, har rett til vidaregåande opplæring etter 3-1 og til spesialundervisning etter 5-1 i opplæringslova. Utfordringane og tilretteleggingsbehova er av ein slik karakter at målet med opplæringa er å utvikle grunnleggande dugleik. Sjølv om tilbodet gjeld for heile fylket, ser ein at dei fleste elevane som ønskjer å gå ved skulen er frå Romsdalsregionen. For fylkesrådmannen er det viktig å sikre eit likeverdig tilbod for alle elevane i heile fylket, derfor har det vore viktig å byggje opp både kompetanse og lokalitetar ved alle dei vidaregåande skulane i fylket.

I skuleåret 2003-2004 kjøpte fylkeskommunen 30 skuleplassar og 14 internatplassar ved Tøndergård skole og ressurssenter. I inneverande skuleår, skuleåret 2016 2017, har fylkeskommunen avtale om 19 skuleplassar og 6 internatplassar. Avtalen mellom Tøndergård skole og ressurssenter og fylkeskommunen blir fornya kvart femte år. Avtalen som ligg føre no gjeld fram til 1.august i 2018 og fylkeskommunen har avtale om kjøp av 17 skuleplassar. Dersom fylkeskommunen har behov for fleire skuleplassar og Tøndergård skole og ressurssenter har kapasitet, kan fylkeskommunen få kjøpe fleire plassar. Fylkesrådmannen er i sak Ud-24/12 gitt mynde til å avtale kjøp av internatplassar ved Tøndergård skole og ressurssenter. Avtalen er at elevar som ikkje bur i pendlaravstand til skulen, får dekt internatplass av fylkeskommunen. Ein skuleplass ved Tøndergård skole og ressurssenter kostar p.t. kr 437 000,- i tillegg kjem assistentressurs. Assistentressursen varierer frå elev til elev, men i motsetning til 1:1-ressursen som dei vidaregåande skulane får tildelt, blir assistentressursen ved Tøndergård skole og ressurssenter nytta til den enkelte eleven. For skuleåret 2016 2017 utgjer assistentressurs ved Tøndergård skole og ressurssenter kr 7 014 633. Ein internatplass kostar no kr 441 500,-. Til saman utgjer dette for skuleåret 2016 2017 kr 19 505 133,-. Ein kostnad på kr 1 026 586,- per elev. Fordi Tøndergård skole og ressurssenter er ein spesialskule for grunnskuleelevar, er det ikkje mogleg å søkje om skuleplass via internett (i Vigo). Søkaren kan melde frå om at dei ønskjer å gå ved Tøndergård skole og ressurssenter på eit vedleggsskjema (vedleggsskjema A), eit vedleggsskjema som alle med særskilte behov skal sende inn innan 1.februar. Søkarane som ønskjer å gå ved Tøndergård skole og ressurssenter, må som alle andre søkarar til vidaregåande opplæring, ha tre ulike utdanningsprogram i søknaden sin. Tøndergård skole og ressurssenter har tilbod om berre eitt av dei tretten utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. I avtalen mellom skulen og fylkeskommunen er det presisert at skuletilbodet ved Tøndergård skole og ressurssenter berre gjeld det studiespesialiserande utdanningsprogrammet. Studiespesialiserande utdanningsprogram har eit timetal på 30 timar per veke, medan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er på 35 timar per veke. Tøndergård skole og ressurssenter har eit timetal per veke på 27,5 timar slik andre grunnskular har. I tillegg har elevar som får skuleplass ved Tøndergård skole og ressurssenter grunnleggande dugleik som mål, dei fleste måla blir tatt frå den generelle delen av læreplanmåla i Kunnskapsløftet og dei har Individuell opplæringsplan (IOP) i alle fag. Det er Utdanningsavdelinga som er ansvarleg for opplæringstilbodet ved Tøndergård skole og ressurssenter. I tillegg til at dei som ønskjer skuleplass ved Tøndergård skole og ressurssenter ikkje kan søkje via internett, kan dei heller ikkje registrerast som elevar ved skulen. Utdanningsavdelinga må opprette ein fiktiv klasse ved ein av dei offentlege vidaregåande skulane i fylket for at dei skal få pcstipend og eventuelt andre stipend eller lån gjennom Lånekassen. Dersom eleven ikkje er registrert ved ein vidaregåande skule, vil ikkje desse rettane bli innfridde. Når det gjeld dokumentasjon slik som enkeltvedtak om rett til spesialundervisning og IOP er det utdanningsavdelinga som har ansvaret. Skulen utarbeider forslag til utkast, men det er utdanningsavdelinga som skal kvalitetssikre, skrive under og sende til elevane.

Dei formelle krava til kompetansebevis er svært strenge og det er berre dei vidaregåande skulane som har tilgang til det digitale systemet. Ettersom heller ikkje utdanningsavdelinga har tilgang, må den vidaregåande skulen der elevane er registrerte, skrive ut kompetansebevisa for elevane ved Tøndergård skole og ressurssenter. Når det gjeld oppfølging frå kommunar av elevar som bur i internatet, byr det på utfordringar. Planlegging av elevane sin situasjon etter vidaregåande opplæring kjem seint i gang. Elevar som i ein periode på tre til fem år, mister kontakten med heimekommunen, det sosiale nettverket vil vere svekka og det er problematisk å leggje til rette for arbeidspraksis i ei lokal bedrift. Ei bedrift som kanskje kunne blitt ein framtidig arbeidsplass. Tøndergård skole og ressurssenter og Utdanningsavdelinga har samarbeidsmøte med jamne mellomrom. Vi har eit godt samarbeid og Utdanningsavdelinga har stor respekt for det arbeidet skulen gjer og er bevisst den kompetansen dei har. Når ein vidaregåande skule har behov, nyttar den gjerne rettleiingstenesta som skulen tilbyr. Oppbygging av kapasitet på dei vidaregåande skolane (sak Ud-24/12) For å kunne seie noko om dimensjonering av areal og kapasitet til spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring, systematiserte ein behovet for tilpassing i ulike kategoriar av elevar ut frå ulike behov for bygningsmessige tilpassingar. Saman med skulane delte ein behovet for tilpassing inn i 6 kategoriar. Men i denne saka er det elevar i kategori 1 og 2 som er mest relevant. Kategori 1: Elevar med psykisk utviklingshemming, med og utan funksjonshemmingar og/ eller store generelle lærevanskar. Elevane har stor grad av hjelpebehov og spesialundervisning. Dei har Individuell opplæringsplan (IOP) i alle fag. Kategori 2: Elevar som er lettare psykisk utviklingshemma, med og utan mindre grad av funksjonshemmingar. I tillegg er dette elevar med sosiale vanskar og/eller generelle lærevanskar. Alle elevar har rett til tilpassa opplæring, men for nokre elevar må det til ei særskilt tilpassing for å få til ei likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring. Dette gjeld både tiltak innafor spesialundervisning og arealmessige tilpassingar. Det er i hovudsak behova til elevar i desse to kategoriane som krev bygningsmessige tilpassingar og særskilt kompetanse for å få gode opplæringstilbod. I St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring på side 85 står det: «Likeverdig, inkluderende og tilpasset opplæring er overordnede prinsipper i skolen. Det betyr at opplæringen må være tilgjengelig for alle, og at alle skal få gode muligheter for læring, mestring og utvikling. Elever og lærlinger er ulike, og derfor har de ulike behov og forutsetninger. Et likt tilbud for alle gir ikke et likeverdig tilbud. For å gi

et likeverdig tilbud, må skolen gi en variert og differensiert opplæring.» I tråd med presiseringa i St.meld. nr 30 ser vi at tilboda til desse elevane varierer frå skule til skule og frå utdanningsprogram til utdanningsprogram alt etter utfordringar og tilretteleggingsbehov og skulane sine muligheiter. Dei offentlege vidaregåande skulane har utarbeidd ulike, varierte og skreddarsydde opplæringstilbod for 123 elevar i desse to kategoriane inneverande skuleår. Desse elevane er fordel slik skuleåret 2016 2017: Skule: Antall elevar: Atlanten videregående skole 2 Borgund vidaregåande skole 31 Fagerlia vidaregåande skule 11 Fræna vidaregåande skole 8 Gjermundnes vidaregåande skule 5 Haram vidaregåande skule 2 Herøy vidaregåande skule 1 Kristiansund videregående skole 13 Rauma videregående skole 2 Romsdal videregående skole 7 Spjelkavik videregående skole 3 Stranda vidaregåande skule 1 Sunndal vidaregåande skole 2 Sykkylven vidaregåande skule 5 Ulstein vidaregåande skule 5 Herøy vidaregåande skule, avd Vanylven 4 Volda vidaregåande skule 3 Ørsta vidaregåande skule 5 I tillegg til 19 skuleplassar og 6 internatplassar ved Tøndergård skole og ressurssenter kjøper fylkeskommune teneste i kommunar til 4 elevar. For at skulane skal kunne lage eit best mogleg opplæringstilbod, må PP-tenesta utarbeide sakkunnige vurderingar som skildrar behovet for organisering, innhald, omfang og kva for kompetanse skulen må ha. PP-tenesta har gjort ei samla vurdering av opplæringstilboda for elevar med særskilte behov. På det jamne opplever PPT at dei elevane som har dei største tilretteleggingsbehova, og som er organisert i mindre grupper, får tilfredsstillande opplæring, både kvalitativt, fagleg og sosialt. Enkelte PP-kontor melder at elevane har høg grad av meistring og god trivsel, medan andre melder at det er for stor grad av segregering av denne elevgruppa. Og det er ei påminning til skuleeiar om at det er verdt å ha eit vakent blikk på organiseringa rundt om på skulene. PPT erfarer at dei prosedyrane og systema som skuleeigar har bygd opp og som no er godt implementert i skulane, fungerer bra. Skulane har gode tradisjonar for å samarbeide med føresette til elevgruppa.

Skulane har jamt over godt kvalifiserte faglærarar, men PPT ønskjer at skuleeigar vil arbeide fram ein standard for kva for kompetanse skulane må ha på plass for å sikre kvaliteten på opplæringa. Dette gjeld også støtteapparatet rundt pedagogane, til dømes fagarbeidarar etc. Skulane har gode tilretteleggingstiltak og opplæringa er godt planlagt. Nokre skular arbeider særs godt med å integrere desse elevne inn i ordinære klassar i ein del av opplæringstilbodet. Dette er krevjande, både organisatorisk og ressursmessig, men i dei høve skulen lukkast med dette, har alle elevane godt utbytte. PPT meiner at det ikkje fins ein fasit i dette arbeidet, men at det må planleggast for kvar enkelt elev, sett i samanheng med dei vanskane eleven har. PPT sin rolle i arbeidet med desse elevane er i hovudsak arbeid sakkunnige vurderingar. Men dei deltar i ressursteam og enkelte skolar ber PPT om kompetanseheving og rettleiing av lærarar. Det er stor variasjon frå skule til skule på i kva for grad PPT blir tatt med i systemretta arbeid kring denne elevgruppa. Oppsummering Ei hovudmålsetting for fylkesrådmannen er at alle elevane skal ha eit tilbod på ein vidaregåande skule og ei opplæring innafor ramma til vidaregåande opplæring sine utdanningsprogram. På den måten kan ein best sikre likeverdige tilbod uansett kor ein bur i fylket, ha tilbod med høg kvalitet og relevans for elevane, slik at dei får opplæring som dei kan nyttiggjere seg av seinare i livet. Fylkeskommunen bruker om lag same ressursar til spesialundervisning i sin eigen tenesteproduksjon som fylka elles i landet. Men i høve andre fylke bruker fylkeskommunen store ressursar til tenestekjøp. For Møre og Romsdal utgjer tenestekjøpet i all hovudsak skoleplassar ved Tøndergård skole og ressurssenter. Gjennom utvikling av nye skulebygg, tilpassing og utbygging av lokale og kompetanse har fylkeskommunen lukkast med å gi gode tilbod til elevar med samansette hjelpe- og opplæringsbehov same kva for region dei bur i, ein har mange døme på at opplæringa i den vidaregåande skolen har vore svært viktig for eleven sitt daglegliv i kommunen, både sosialt og i sysselsettingssamanheng. Det er derfor viktig at den vidaregåande skulen og heimkommunen har eit samarbeid med å førebu ein kvardag for eleven i heimkommunen sin etter opplæringa, noko som også må speglast i den praktiske delen av opplæringa. Det er eit mål at dei aller fleste elevane skal få eit godt og trygt opplæringstilbod med eit innhald som er tilpasse eleven og gjer at ho/ han blir godt rusta til livet med eit meiningsfullt innhald. Det er difor viktig å sikre kompetansen og tilboda i den vidaregåande skolen. Til ein får ferdigstilt dei ulike byggprosjekta vil det vere nødvendig å fortsatt kunne ha tilgang til opplæringsplassar utanfor dei vidaregåande skulane. Sjølv når den vidaregåande skulen har bygd ut kapasitet, lokale og kompetanse til elevgruppa, vil det likevel vere slik at nokre få elevar år om anna kan ha behov for eit opplæringstilbod i heimkommunen, sjølv om det ikkje er ein vidaregåande skule der. Derfor er det viktig at ein har gode prosessar for å kvalitetssikre dei tenestekjøpa ein gjer innafor spesialundervisning.

Tiltak for å vidareutvikle kvaliteten i det spesialpedagogisk arbeidet ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal: utarbeide ein plan for å vidareutvikle den spesialpedagogiske kompetansen for å støtte alle elevar som har hjelpebehov ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fortsette nettverksarbeidet for å støtte dei som arbeider med desse elevane fortsette å leggje stor vekt på at elevar med store tilretteleggingsbehov - både når det gjeld fysiske behov, ulike utviklingshemmingar og opplæringsbehov skal få ein skuleplass etter nærskuleprinsippet. fortsette å følgje opp og støtte skulane i arbeidet med organisering, integrering og inkludering av elevar med lærevanskar og hjelpebehov grunna fysiske og /eller psykiske utfordringar Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef