HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Kommunestyret 01.10.2015 060/15 LOY Saksansvarleg: Liv Oddrun Ytrebø Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/499-1 Val av kontrollutval for perioden 2015-2019 Sakstilfang / Lover / Plandokument -Kommunelova 17 og 77 nr. 1 og 2 -Føresegner om kontrollutval 2. -Brev frå FKT, motteke her 14.09.2015 -Skriv frå SEKOM-sekretariat, datert 14.09.2015 -Rundskriv H 12/15 frå Kommunal og moderniseringsdepartementet Saka gjeld Kontrollutvalet er eit av dei få lovfesta utvala i kommunen/fylkeskommunen. Kommunelova 17 nr. 2 tredje punktum vart endra i 2013, og fastset no at kontrolluvalet skal veljast i det konstituerande møtet, etter val av formannskap/ordførar, men før ein vel andre folkevalde organ. Regelen vart endra for å sikre kravet om at minst eit medlem av kommunestyret i kontrollutvalet vert oppfyllt. I kommunelova 77, nr. 1 står det: Kommunestyret eller fylkestinget velger selv et kontrollutvalg til å forestå det løpende tilsyn med den kommunale og fylkeskommunale forvaltning på sine vegne. Utelukket fra valg er ordfører, fylkesordfører, varaordfører, medlem og varamedlem av formannskap og fylkesutvalg, medlem og varamedlem av kommunal eller fylkeskommunal nemnd med beslutningsmyndighet, medlem av kommuneråd eller fylkesråd og ansatte i kommunen eller fylkeskommunen. Korkje hovudutvalsmedlemmar, medlemmar av særlovsorgan eller andre utval med avgjerdsmynde kan såleis veljast. Heller ikkje varamedlemmar til desse utvala kan veljast. Utelukka er også tilsette i kommunen. Utvalet skal har minst 3 medlemmar, jfr. 2 i forskrifta. For at ein skal sikre rett samansetjing av kontrollutvalet og andre folkevalde organ, bør kontrollutvalet veljast før andre utval og nemnder. Det kan veljast personar utanom kommunestyret til å sitje i nemnda, td. tidlegare politikarar. Minst ein av medlemmane skal veljast blant kommunestyrerepresentantane, jfr. 2 i forskrifta. Kommunestyret vel også leiar og nestleiar til utvalet.
Utvalet har i dag 3 medlemmer, og 4 varamedlemar i nummerert felles liste. I brevet frå FKT vert det peika på at kommunane må unngå å velje kontrollutvalet sine medlemar inn i styret for revisjonsselskap. FKT meiner kommunane gjer det lettare for seg sjølv ved å velje andre enn kontrollutvalsmedlemar inn i selskapsstyret. I brevet er det og nemnt at mange kommunar vel å la opposisjonen ha leiaren i kontrollutvalet. Nokre kommunar har og nedfelt dette i eigne reglement. SEKOM-sekretariatet ser det som ein fordel at leiar for kontrollutvalet er medlem i kommunestyret. Lovkravet om tal medlemmar i utvalet er minst 3. I departementet si høyring er det forslag om minstrekrav på 5 medlemar. FKT tilrår at kommunane vel minst 5 medlemar inn i kontrollutvalet. Det er deira oppfatning at det er ein heilt annan dynamikk i kontrollutval med 5 framfor 3 medlemmar. Kommunelovas reglar om kjønnsmessig balanse gjeld også for kontrollutval.
Desse er valde for perioden 2011-2015. SP: Ola Are Ytrehorn H: Kjetil Grodås V: Siv Kristensen Vara: 1. Elsa Eilertsen Raftevold 2. Rolf Jostein Taraldset 3. Robert Grodås 4. Øyvind Seljeset 5. Inge Endre Heggen Leiar i kontrollutvalet: Ola Are Ytrehorn Nestleiar i kontrollutvalet: Siv Kristensen Saka vert lagt fram utan tilråding. 01.10.2015 KOMMUNESTYRET Felles framlegg frå Senterpartiet, Høgre, Arbeiderpartiet og Venstre: Kontrollutval Varaliste i rekkefølgje Faste medlemmar: Sp Rasmus Kirkhorn leiar V Siv Kristensen nestleiar H Rasmus Otterdal medlem Varamedlemmar: 1. vara Anne Britt Øen Nygård Sp 2. vara May Britt Lillestøl Ap 3.vara Idar Nygård V 4. vara Knut Martin Sollid H 5.vara Ola Are Ytrehorn Sp
KS-060/15 VEDTAK SAMRØYSTES: Kontrollutval Varaliste i rekkefølgje Faste medlemmar: Sp Rasmus Kirkhorn leiar V Siv Kristensen nestleiar H Rasmus Otterdal medlem Varamedlemmar: 1. vara Anne Britt Øen Nygård Sp 2. vara May Britt Lillestøl Ap 3.vara Idar Nygård V 4. vara Knut Martin Sollid H 5.vara Ola Are Ytrehorn Sp
Kopi til: Anne-Britt Øen Nygård Idar Nygård Gausemel 6763 HORNINDAL Knut Sollid Toppen 6 6763 HORNINDAL May Britt Lillestøl Tytebærhaugen 1 6763 HORNINDAL Ola Are Ytrehorn Boks 49 6761 HORNINDAL Rasmus K. Kirkhorn Postboks 48 6761 HORNINDAL Rasmus Otterdal Otterdal 6763 HORNINDAL Siv Kristensen Slettebakken 9 6763 HORNINDAL Hornindal, den 06.10.2015 Anne Elin Ekornesvåg/s - Sekretær -