Reglement for utval i Høyanger kommune
|
|
|
- Mathias Torgersen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Reglement for utval i Høyanger kommune Vedteke av kommunestyret i møte i sak nr 053/11. Korrigert 8 i møte i sak nr 024/12. Korrigert av kommunestyret i møte i sak nr 037/15. 1 Val og samansetting Det skal veljast medlemer og varamedlemer til 3 utval, kvar på 5 medlemer som vert valde frå kommunestyret sine faste medlemer og varamedlemer. Varamedlemene vert valde frå kommunestyret sine varamedlemer. Kommunestyret vel òg leiar og nestleiar. Ordførar kan ikkje veljast som medlem av utvala. Kommunestyremedlemer som er tilsette i kommunen, bør ikkje veljast som fast medlem i utval som femner om eige ansvarsområde. 2 Utval - Ansvarsområde og gjeremål Utvala har nemninga: Utval for oppvekst, Utval for helse og omsorg og Utval for kultur. Utval for oppvekst Utval for oppvekst har som sitt arbeid- og ansvarsområde saker som vedkjem : - Grunnskular - Barnehagar - PPT - Vaksenopplæring Utval for helse og omsorg Utval for helse og omsorg har som sitt arbeid- og ansvarsområde saker som vedkjem: - Pleie og omsorg - NAV - Fysikalsk medisin og (re) habilitering - Allmenn og samfunnsmedisin - Førebyggande helsetenester - Barnevern
2 Utval for kultur Utval for kultur har som sitt arbeid- og ansvarsområde saker som vedkjem: - Bibliotek - Museum - Kino - Fritidstilbod for barn og ungdom - Lag og organisasjonsarbeid - Kulturskule - Kultursaker - Kommunikasjonssaker (t.d. sosiale mediar) 3 Avgjerdsmynde Innstillingsrett - Uttalerett Utvala får mynde til gjere vedtak i alle saker som ikkje ligg til kommunestyret, eller er delegert til rådmannen å ta avgjerd i. Utvala innstiller til kommunestyret i saker innan utvalet sitt ansvarsområde med unnatak av dei saker der innstillingsretten er lagd til formannskapet, jfr 3 i reglement for formannskapet. Utvala har uttalerett til økonomiplan/årsbudsjett. Utvala skal gje uttale til årsbudsjett/økonomiplan før formannskapet kjem med sitt endelege framlegg. Rådmannen legg fram administrasjonen si tilråding i alle saker der utvala har rett til å gjere vedtak, eller tilrår i saker som går vidare til kommunestyret. Rådmannen har møte- og talerett i utvala, anten sjølv eller ved den han er representert med. Innafor kvart utval kan sakene fordelast på saksordførar. 4 Møte - anke Utvalsleiaren kallar utvalet saman til møte i samsvar med møteplan, når leiaren meiner det er turvande, når minst 1/3 av medlemmane krev det eller når kommunestyret krev det. Møteinnkallinga skal i regelen sendast ut 8 dagar før møtet. Saksdokumenta skal sendast medlemene forutan ordførar, rådmann og utvalet sin sekretær. Samtidig med at innkallinga blir sendt til medlemane, skal ho leggast ut på kommunen si heimeside. Utvalsmøte er lovleg når minst halvparten av medlemene er tilstades. Tilråding/vedtak skal syne medlemene si avrøysting ved at det går fram om tilrådinga/ vedtaket er samrøystes eller ikkje. Vidare avvikande tilråding/vedtak og røystetal. I saker der utvala har fått delegert avgjerdsmakt frå kommunestyret, kan 2 medlemmer eller leiaren før møtet er slutt krevje saka lagt fram for kommunestyret. Ordførar og rådmann har møte-, tale- og framleggsrett i utvala. I saker der fagpersonell etter særlov har rett til å møte eller kome med si tilråding, har desse rett og plikt til å møte med taleog forslagsrett. Det same gjeld når utvala handsamar saker der det er utpeika representantar som skal ivareta særinteresser.
3 Tillitsvalde i fagforeiningar som organiserer tilsette innafor tenesteområda, har møte- og talerett i utvalet når dette handsamar saker som vedkjem arbeidsforholda for tilsette innafor tenesteområdet. Leiaren i ungdomsrådet har møte- og talerett i utvala i saker som vedkjem ungdom. 5 Sekretariat Rådmannen peikar ut fast sekretær for utvala. Sekretæren fører møtebok for utvala, jfr. elles 15 om føring av møtebok i reglement for kommunestyret. Møtesekretæren si oppgåve vil vere å vere tilstades i møte for føring av møtebok, som skal godkjennast av leiar og den politiske sekretæren. Den vidare oppfølging av sakene med skriving av møteutskrifter og vidaresending til andre folkevalde organ, ligg til den politiske sekretæren. Den praktiske tilrettelegginga som innkalling til møte, dokumentutlegging m.v, ligg til den politiske sekretæren. 6 Underutval - Komitear Utvala kan opprette underutval eller komitear som skal utgreie tidsavgrensa oppgåver. I dei tilfelle det er ønskjeleg med ei blanding av politikarar og administrasjon, er det utvalet som peikar ut dei folkevalde og talet på deltakarar frå administrasjonen. Rådmannen peikar ut kven som skal representere administrasjonen. 7 Forfall varamedlemer Det går fram av kommunelova 40 at den som er vald som medlem av eit folkevald organ pliktar å delta i organet sine møter, med mindre det føreligg gyldig forfall. Arbeidstakarar har krav på fri frå arbeidet i det omfang dette er nødvendig på grunn av møteplikt i kommunale folkevalde organ. Kan ein utvalsrepresentant eller ein innkalla varamedlem p.g.a. lovleg forfall ikkje møte, eller dersom han er ugild i ei sak, skal han straks melde frå til politisk sekretariat og oppgje forfallsgrunnen. Politisk sekretariat skal straks kalle inn varamedlem etter reglane i kommunelova 16. Det same skal gjerast når nokon må gå frå fordi han/ho er ugild i ei sak som skal opp i møtet. Må nokon p.g.a. lovleg forfall gå frå møtet før det er slutt, skal han straks seie frå til møtestyraren. Er varamedlem til stades, eller kan det kallast inn varamedlem, skal han ta del i møtet i samsvar med 16 i kommunelova i staden for den som må gå frå. Dersom ein varamedlem lovleg har teke sete i møtet, og den han møter for eller ein varamedlem som står framfor han i nummerrekkja, kjem til møtelokalet, skal den førstnemnde vere med i møtet til dei er ferdig med saka som var påbyrja då den andre kom.
4 8 Møtestyrar - Opne eller stengde dører Teieplikt Leiaren i utvalet eller nestleiaren styrer møtet. Har begge forfall vert det vald møtestyrar etter reglane i 32 i kommunelova. Møtet vert halde for opne dører, med dei unntak som går fram av Gjennomføring av møtet Etter at møtet er sett skal saklista for møtet godkjennast. Ei sak som ikkje er nemnd i innkallinga til utvalsmøtet kan ikkje takast opp til realitetsavgjerd dersom anten møtestyraren eller 1/3 av forsamlinga set seg imot at saka vert avgjort. Deretter skal utvalet ha føre seg dei sakene som er nemnde i innkallinga. Møtestyraren greier ut om sakene så langt det er turvande, og seier frå om dei dokument som er komne til etter at tilrådinga var gitt. Talarane får normalt ordet i den rekkefølgje dei ber om det. Bed to eller fleire om ordet på same tid, fastset møtestyraren rekkefølgja mellom dei. Før eller etter at ordskiftet har tatt til i ei sak, kan utvalet vedta kor mange minutt kvart innlegg kan vare. Den som er ugild eller gitt fritak i ei sak etter 40.3 i kommunelova, skal ikkje vere med på å drøfte eller avgjere saka. Det må ikkje seiast noko som krenker møtelyden, nokon av utvalsmedlemmane eller andre. Heller ikkje må nokon lage ståk eller uro som uttrykk for tilslutning eller misnøye, eller som uroar møtelyden på nokon måte. Møtestyraren skal syte for å halde god orden i møtesalen. Han skal syte for at talarane ikkje vert stoppa eller uroa. Dersom tilhøyrarane ved meiningsytring eller på annan måte uroar drøftingane, kan møtestyraren vise bort anten alle eller somme av tilhøyrarane. Det same gjeld om dei elles syner framferd som er i strid med god orden. Om møtestyraren vil vere med i ordskiftet med meir enn korte innlegg, korrigeringar og opplysningar i saka, skal møtestyraren gje frå seg møteleiinga til ein annan. Teikningar, tabellar, transparentar, plakatar ol., må ikkje vere oppsett eller setjast opp i møtesalen under møta utan at møtestyraren eller utvalet gjev samtykkje. Det er heller ikkje høve til å ta med mobiltelefon inn i møtelokalet om desse står på og kan uroe forsamlinga.
5 10 Framlegg til vedtak og avrøysting Berre dei som er medlemmer av utvalet kan kome med framlegg til vedtak, så sant ikkje noko særskild lovføresegn gjev andre rett til å kome med framlegg. Framlegget skal normalt leverast inn skriftleg til møtestyraren og underteiknast av den som set det fram. Møtestyraren skal referere framlegget. Eit framlegg til vedtak kan likevel settast fram muntleg dersom det er kortfatta og lett forståeleg. Når saka er tatt opp til avrøysting, kan det ikkje settast fram nye eller endra forslag til vedtak eller førast ordskifte om framlegga. Berre dei utvalsmedlemmane som er i salen når saka blir tatt opp til avrøysting, har rett til å røyste. Dei kan ikkje gå frå salen før avrøystinga er slutt, og har plikt til å røyste. Ved val og tilsetting kan det røystast blankt, jfr. kommunelova Er saka oppdelt, eller skal det røystast over fleire framlegg, set møtestyraren fram framlegg om rekkefølgja i avrøystinga. Dersom det vert ordskifte om dette, skal møtestyraren sjå nøye til at talarane berre held seg til avrøystingsspørsmålet. Før endeleg avrøysting i ei sak, kan møtelyden halde prøverøystingar som ikkje er bindande. Resultatet frå prøverøystingane skal protokollerast. 11 Avrøystingsmåten Avrøystinga skal gjennomførast på ein av desse måtane: a. Ved stillteiande godkjenning når ingen seier imot eit framlegg som møtestyraren set fram med spørsmål om nokon har noko å seie imot det. b. Ved at møtestyraren ber dei som er imot eit framlegg, om å reise seg eller rekke opp handa. Når møtestyraren vil, eller ein annan i møtelyden krev det, skal det haldast motprøve, slik at dei som er for framlegget, reiser seg eller rekker opp handa. c. Ved namneopprop, med ja eller nei som svar, når møtestyraren ropar opp namna på dei som er tilstades. Det skal avgjerast ved loddtrekning kva namn ein skal byrje med, og så skal ein halde fram etter alfabetet. Ein medlem som møtestyraren oppnemner, kontrollerer røystegjevinga ved å merke av på medlemslista. d. Ved røystesetlar utan underskrift. Møtestyraren oppnemner to av utvalsmedlemmane til å telje røystene. Røystesetlar kan berre nyttast ved val eller tilsetjing av tenestemenn. Slik avrøysting skal dei nyttast dersom noko medlem krev det. Står røystene likt i ei avrøysting, er røysta frå møtestyraren avgjerande. Val vert i tilfelle avgjort ved loddtrekking jfr. 38 i kommunelova.
Reglement for kommunestyre
Reglement for kommunestyre 1 Val og samansetting Kommunestyret har 21 medlemer med varamedlemer valde av dei røysteføre innbyggjarane i kommunen etter reglar fastsett i lov. Valet gjeld for den kommunale
GENERELT MØTEREGLEMENT FOR STYRE, RÅD OG UTVAL
GENERELT MØTEREGLEMENT FOR STYRE, RÅD OG UTVAL 1. Generelle reglar Generelt møtereglement for Hjelmeland kommune gjeld for kommunestyret, formanskapet, formannskapet som partssamansett utval, areal- og
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner
Reglement for kommunestyret
FJALER KOMMUNE Reglement for kommunestyret 1. Samansetjing Vedteke av Fjaler kommunestyre 17.12.2012, sak 116/12 Kommunestyret er samansett av 23 medlemer med varamedlemer valde av dei røysteføre innbyggjarane
RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold
RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE Vedtekne i Granvin Heradsstyre 15.04.2015 Retningslinene er bygde på reglane i Kommunelova, Forvaltningslova og Offentlegheitslova. Innhold 1. Heradsstyret si samansetjing
Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval
Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval Bø kommune Revidert 2015 Vedtatt i kommunestyret den 11.5.2015, sak 47/15 1 Kommunestyret 1 Møteplan Kommunestyret held møte etter oppsett møteplan
- utarbeiding av planprogram ved mindre omfattande revisjonar, jfr
OSTERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha *7 medlemmer med varamedlemmer, alle valde av heradsstyret for 4 år. Medlemmer og varamedlemmer, leiar
SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE
SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE Vedteke 15.02.2017 (KST-004/17) 1. Oppgåver og val Kommunestyret er det øvste kommunale organ, og treff
Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE
Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker
REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN
Dok. ref. 16/591-2/FE-047, TI-&00, Histsak- 13/270//BEH Dato: 02.01.2017 REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN Reglementet gjeld for folkevalde organ så langt kommunestyret ikkje har vedteke
Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110
Reglement for administrasjonsutvalet Vedteke av kommunestyret 26.9.2013, sak K-13/110 INNHALD: 1 Val og samansetting... 3 2 Arbeidsområde... 3 3 Saker der administrasjonsutvalet har avgjerdsmakt... 3 4
Reglement for Seljord kommunestyre
Seljord kommune Reglement for Seljord kommunestyre Vedtatt av kommunestyret Sak 12/16 1 Innhold 1. Medlemstalet... 4 2. Arbeidsområde... 4 3. Saksførebuing... 4 4. Innkalling til møte... 4 5. Utlegging
REGLEMENT FOR Utval for Levekår
REGLEMENT FOR Utval for Levekår 1. SAMANSETJING OG VAL Utvalet skal ha 7 medlemar inklusiv leiar og nestleiar. Medlemane og varamedlemane skal veljast blant medlemane i kommunestyret i samsvar med prinsipp
MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE
MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE Innhald KAPITEL 1. MØTEREGLEMENT...2 1. FØREBUING TIL MØTET...2 1.1 KVEN DET GJELD FOR...2 1.2 INNKALLING TIL MØTE...2 1.3 MØTEPLIKT - FORFALL - VARAREPRESENTANTAR...2
REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET
HYLLESTAD KOMMUNE REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET Vedteke av Hyllestad kommunestyre 20.12.2011, sak 88/11. Gjeldande frå vedtaksdato. Revisjon av reglement vedteke 6.9.95, sak 73/95. 1 Heimel Administrasjonsutvalet
Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: Dato:
Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: 35065106 Dato: 04.01.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskap/økonomiutval 14.01.2016 Kommunestyret
Reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2012-15.
Kvinnherad kommune 2012/80-12 Versjon 31.05.2012 Reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2012-15. Kommunestyret Kontroll-utvalet Formannskapet Administrasjonsutvalet Komite for oppvekst,
REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE
REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE KOMMUNESTYRET - MYNDE OG OPPGÅVER Vestnes kommunestyre har 23 valde representantar og er det øvste styringsorganet i Vestnes kommune. Kommunestyret er oppretta i medhald
Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN
Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 Org.nr.: 00864969682 Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/3004-12 297/13 033 &00 SEN/SEN/WBD REGLEMENT - FORMANNSKAP
REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE
REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017. For sakshandsaming i kommunestyret gjeld kommuneloven sine reglar med fylgjande utfyllande føresegner: 1. SAKSFØREBUING Sakene
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL Vedteke i Kommunestyret Dato : 18.2.2004 Sak : 04/2004 15.11.03 - Reglement for politiske utval 2003 2007 K-sak? - side 1 1. KOMMUNESTYRET OG ANDRE FOLKEVALDE ORGAN SIN RETT
REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE
Dok. ref. 16/591-3/FE-047, TI-&00, Histsak- 13/270//BEH Dato: 02.01.2017 REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE Kommunestyret er kommunen sitt høgaste politiske organ og gjer vedtak på vegner
SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Jfr. kommunelova 39 nr.1.
SKODJE KOMMUNE Møtereglement for Skodje kommune Jfr. kommunelova 39 nr.1. INNHALD A. Felles møtereglement for folkevalde organ...3 B. Dialog som arbeidsform...7 C. Møtereglement for Skodje kommunestyre...8
Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)
Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune
UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.
Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk
SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)
Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013
HEMSEDAL KOMMUNE HEMSEDAL KOMMUNE. Reglement for folkevalde i Hemsedal kommune. Vedtatt i kommunestyret i sak 47/16
HEMSEDAL KOMMUNE Reglement for folkevalde i Hemsedal kommune Vedtatt i kommunestyret i sak 47/16 1 Innhald 1. Innleiing... 4 1.1. Kven gjelder reglementet for?... 4 2. Møteprinsippet... 4 2.1. Tidspunkt
Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval
1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval skal ungdom i Hordaland ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement.
Folkevaldopplæring 4.oktober Slik oppfører vi oss Makt og mynde Møte og delegeringsreglementet
Folkevaldopplæring 4.oktober Slik oppfører vi oss Makt og mynde Møte og delegeringsreglementet Ansvaret -overfor folket i kommunen -overfor dei tilsette -overfor kvarandre Respekt Eit lita oppvarmingsoppgåver
5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:
Vedtekter for Vikedal Bygdahus L/L Reviderte etter årsmøtet 11.02.2010 1 Namn og Selskapsform Vikedal Bygdahus L/L er eit andelslag med vekslande medlemstal, Vekslande kapital og avgrensa ansvar. 2 Føremål
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG
LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG INNHALD: DEL I Lover for Norsk Bonde og Småbrukarlag side 1 DEL II Mønsterlover for lokallag av Norsk Bonde og Småbrukarlag side 6 DEL III Mønsterlover for fylkeslag
