Konsulenttenester knytt til Regional areal- og transportplan for Bergensområdet

Like dokumenter
Intern korrespondanse

Miljøløftet Bergen! Morten Sageidet 6. desember 2017

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Regional plan for attraktive senter - ein statusrapport. Plansjef, Marit Rødseth Byregionprogrammet 20.april 2018

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Arealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

MOGLEG MED EIT LEVANDE VAKSDAL Ein kompakt urban tettstad 16 minutt frå Bergen sentrum med tog (Bybanestoppet Slettebakken ligg 16 minutt frå Bergen

Samarbeid mellom fylkeskommunen og kunnar om fortetting og knutepunktsutvikling

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

REGIONAL AREAL- OG TRANSPORTPLAN FOR BERGENSOMRÅDET - VEDTAK AV PLANPROGRAM

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

Samferdsel nasjonale og regionale retningslinjer

Overordna avtale om samhandling mellom det kommunale barnevernet og det statlege barnevernet i Region Vest

Bustadbehov i Bergensregionen

Regional senterutvikling i Bergensområdet. Ingerid Solberg, Hordaland fylkeskommune

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

Kommuneplanens arealdel

Høring Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Forslag til uttalelse.

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Transportutgreiingar Analyse av framtidige behov

Kommuneplanen sin arealdel Folkemøte 13. januar 2015

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

Næringsareal. -Dagens nærings- og sysselsettingsstruktur -Dagens arealtilbud -Arealbehov Fortettingspotensial 2040

Planprogram. Interkommunal Næringsarealplan for Fusa, Os og Samnanger.

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Søknad om oppstart av reguleringsplan

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Oppsummering av møte med næringslivet om arealplanen 8. januar 2019

Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Planprogram

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

Senterplanen som grunnlag for sentrumsutvikling. Plannettverk 22.september 2016 Kst. plansjef Eva Katrine R. Taule

Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Styringsgruppas forslag til planprogram

Ørsta kommune. - hjartet av Sunnmørsalpane. Foto: Janne Gerd Dagfinnrud

Regional plan for ny godshamn i Bergensområdet.

Planprogram. Rullering av kommuneplanens arealdel. Sund kommune. Vedteke av kommunestyret Dato:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

SOLSTUDIE Områdeplan for Midtmarka og Rotemyrane. Meland kommune FORELØPIG

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

REGIONAL AREAL- OG TRANSPORTPLAN BUSKERUD

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik

Kommunanes langsiktige arealplanlegging erfaring frå Hordaland. Eva Katrine R. Taule, Regionalavdelinga, planseksjonen

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

Fylkesdelplan for ny hamn i Bergensområdet.

Klima i areal- og transportplanlegging: Kvifor er god planlegging av næringsareal viktig?

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Regional plan og regionale forventningar. Fjerde samling, Samhandling for Grønt Skifte september.

2. Referat frå oppstartsmøte

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

1

forum for natur og friluftsliv

Planprogram -Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger. HøyringskonferanseStord, 17. januar Eva Katrine Ritland Taule

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

Områdeplan Hauge, Os kommune. Presentasjon analysearbeid (ABO)

Tettstad- og senterplanlegging i Hordaland

Forum for regionsenterkommunar Føremål! Per Nordmark, seniorrådgjevar, planseksjonen

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

REGIONAL PLAN FOR ATTRAKTIVE SENTER I HORDALAND - SENTERSTRUKTUR, TENESTER OG HANDEL. VEDTAK AV PLANPROGRAM

INNHALD 1 SAMANDRAG NØKKELOPPLYSNINGAR BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET BAKGRUNN INTENSJONEN MED PLANFORSLAGET...

E39 Bogstunnelen Gaular grense

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Ny strandsonerettleiar for Hordaland. Plannettverk 30. mai 2013 Eva Katrine Ritland Taule

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Søknad om godkjenning av oppstart - Reguleringsplan for Strandebarm gamle skule gnr 120/121 bnr 001, 002/171, 169, mfl Kvam Herad.

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Transkript:

Konsulenttenester knytt til Regional areal- og transportplan for Bergensområdet Vedlegg A Kravspesifikasjon - HFK 13-0071 Juli 2013

Innhold Innhold... 1 1. Innleiing... 1 2. Føremålet med anskaffinga... 1 3. Kort skildring av arbeidet... 2 3.1. Framdriftsplan... 3 3.2. Temaområde 1 Senterstruktur... 3 3.3. Temaområde 2 Regionale næringsareal... 4 3.4. Temaområde 3 Transport... 5 3.5. Temaområde 4 Natur, kulturmiljø og landskap... 6 3.6. Definering av innhald og metodisk tilnærming.... 6 3.7. Gjennomføring av utgreiingar... 6 3.8. Presentasjon av resultat og planutforming... 7 1. Innleiing Dette vedlegget inneheld oppdragsgivar sine krav til leverandørane sine løysingsforslag. Oppdragsgivaren ber leverandøren om å oppfylle krava som kjem fram i dette dokumentet i vedlegg B (leverandøren sin løysingsskildring). 2. Føremålet med anskaffinga Leverandøren skal levere rådgiving og analysar/utgreiingar knytt til arbeidet med Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Planen omfattar dei 12 kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Radøy, Meland, Lindås, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Os. Oppdraget vil ha hovudvekt på å få gjennomført utgreiingsarbeidet som er skissert innanfor dei ulike temaområda som er skildra i planprogrammet til planen, i tillegg til generell bistand til redaksjonelt og prosessuelt planarbeid. I arbeidet med planprogramma for dei to planane er det definert ein rekke utgreiingar som skal utarbeidast. Utforming og skildring av metodisk tilnærming og konkret innhald i utgreiingane og planarbeidet skal skje i samråd og prosess med planorganisasjonen, og 1

leverandørane skal vere med å utforme konkret innhald og metodisk tilnærming til dei einskilde utgreiingane. Dei fire temaområda er gitt i lista under. Leverandørande kan kome med eit samla tilbod på heile oppdraget, eller på enkelttema. Det er ikkje høve til å dele opp enkeltståande temaområde i mindre einingar. Temaområde 1 Senterstruktur Temaområde 2 Regionale næringsområde Temaområde 3 Transport Temaområde 4 Natur, kulturmiljø og landskap I tillegg til utgreiingane innanfor kvart temaområde er det behov for generell bistand til redaksjonelt og prosessuelt planarbeid. 3. Kort skildring av arbeidet For planarbeidet er det utarbeidd eit planprogram. Dette skisserer kva for utgreiingsarbeid som er naudsynt for planarbeidet. Dei fleste av utgreiingane ønskjer oppdragsgivar å få bistand til å gjennomføre. Analysane er samla i ulike temaområde. Det er desse temaområda oppdragsgivar ønskjer tilbod på. I skildringa av temaområda i kapittel 3 er planprogrammet si konkretisering av kva som skal gjerast i planarbeidet tatt med for at leverandørane enklare skal kunne forstå i kva samanheng utgreiingane skal brukast. Utgreiingane skal vere kunnskapsgrunnlaget planen skal bli utarbeidd på. Tilbydarar står fritt til å kome med tilbod på eit eller fleire temaområde, men kan ikkje få oppdrag som inneber oppsplitting av temaområda. Innanfor kvart temaområde vil arbeidet ha tre fasar: Fase 1. Fase 2. Fase 3. Definering av innhald og metodisk tilnærming til utgreiingane. Gjennomføring av utgreiingar. Rådgiving, planutforming, prosess. Desse fasane vil vere delvis overlappande i gjennomføring, og ulike tema kan køyrast parallelt i ulike fasar. Fasane er nærare skildra i kapittel 4 i dette dokumentet. Oppdragsgivar har følgjande krav til tilboda: Utarbeide eit forslag til løysing for kvart tema med kort utgreiing av forslag framgangsmåte og metode. Leverandørane kan kome med tilbod på enkeltståande temaområde, men ikkje splitte opp temaområda. Tilbodet frå leverandør vil saman med planprogramma vere utgangspunktet for drøftingane i fase 1. 2

Oppdragsgivar ber leverandørane om å skissere ressursbruk og personell i høve til framdriftsplanen som er lagt ved. Ha tilgjengelege ressursar innanfor gjeldande framdriftsplan. 3.1. Framdriftsplan År 2013 2014 2015 Måned Okt Nov Des Jan Feb Mars April Mai... Feb Senterstruktur Transport Natur, kulturmiljø og landskap Næringsareal Rådgivning, planutforming, prosess Møter det kan vere aktuelt med bistand og deltaking på: September 2013 Administrativ koordineringsgruppemøte September 2013 Styringsgruppe November 2013 Administrativ koordineringsgruppe Desember 2013 Styringsgruppe Januar 2014 Temamøte Senterstruktur Januar 2014 Administrativ koordineringsgruppe Februar 2014 Styringsgruppe Februar 2014 Temamøte Transport Mars 2014 Administrativ koordineringsgruppe April 2014 Temamøte Grønstruktur April 2014 Styringsgruppe April 2014 Administrativ koordineringsgruppe Mai 2014 Temamøte Næring Juni 2014 Administrativ koordineringsgruppe Juni 2014 Styringsgruppe August 2014 Temamøte Bustad August 2014 Administrativ koordineringsgruppe September 2014 Styringsgruppe Oktober 2014 Administrativ koordineringsgruppe Oktober 2014 Styringsgruppe November 2014 Temamøte Kunnskapsgrunnlag, KU, planutforming 3.2. Temaområde 1 Senterstruktur Konkretisering av planarbeidet: I planarbeidet skal det bli fastsett ein framtidig senter- og knutepunktsstruktur. I Regional plan for attraktive senter, vil den regionale senterstrukturen i Hordaland bli analysert. I regional areal og transportplan skal ein gå i noko meir detalj på å skissere ein framtidig senterstruktur der og lokalsenter og knutepunkt inngår som ein del av strukturen. Satsinga på transportkorridorar og transportknutepunkt skal bli sett i samanheng med senterstrukturen i Bergensområdet. 3

I planarbeidet skal ein søke å finne semje om utviklingsretning og langsiktig byutvikling. Dette kan sikre ei konsentrert utbygging i Bergensområdet i eit 30-40 års perspektiv. I arbeidet skal fordeling av veksten mellom kommunar og senterområde leggast til grunn. Dette må bli ei vurdering som blir balansert mellom forventa vekst og kommunale ambisjonar. Planen skal søke å samordne og vurdere tiltak hos dei ulike aktørane med tanke på utvikling av tilbod av offentlege tenester og eventuelt andre funksjonar. Oppdragsgivar vil ha utarbeidd følgjande utgreiingar: 1. Analyse av senterstrukturen i Bergensområdet med omsyn til balansen mellom bustad og arbeidsplassar, funksjonar, og transport etc. 2. Kartlegge behov for areal til offentleg forvaltning og tenesteyting ny sosial infrastruktur som skule, barnehage, helse, idrett og kultur. 3.3. Temaområde 2 Regionale næringsområde Konkretisering av planarbeidet Gjennom regional plan skal ein leggje til rette for at det er tilgang på eit differensiert tilbod av næringsareal. Ein skal søke å finne nye, større område som er eigna som regionale satsingsområde for næring. Dette må bli sett i samanheng med utviklinga av transportsystemet. Det skal bli utvikla retningsliner for etablering av arbeidsplassintensive verksemder og tenestetilbod. Vidare skal det bli utvikla prinsipp for lokalisering av arealkrevjande verksemder og lokalisering av handel. I planen skal det leggast til rette for næringsklyngar og samlokalisering mellom næringsliv og FoU-miljø. Ein skal søkje å utarbeide retningsliner og rammer som legg til rette for næringsflyttekjeder. Planområdet skal delast inn i soner basert på kor eigna dei er for ulike typar og kategoriar av næringsområde. Kriteria for inndelinga er arealutnytting, behov for transport og kollektivdekning. Oppdragsgivar vil ha utarbeidd følgjande utgreiingar: 1. Kartlegge fortettingspotensialet i eksisterande næringsområde. 2. Kartlegging av dagens nærings- og sysselsettingsstruktur, og differensiere behovet for areal på ulike næringar. Analysen skal gjennomførast på eit overordna nivå. 3. Kartlegge potensialet for større regionale næringsområde i tilknyting til hovudveg. 4

3.4. Temaområde 3 Transport Konkretisering av planarbeidet Regional plan for Bergensområdet skal vurdere transportnettet opp i mot ulike scenario for framtidig utbyggingsmønster og lokalisering av transportknutepunkt. I planarbeidet skal behov for ny infrastruktur for veg bli vurdert. Dette skal bli sett i samanheng med utbyggingsmønster og arealbruk. Det vil vere eit vesentleg behov for auka midlar til kollektivsatsing i Bergensområdet. Planen skal danne eit betre grunnlag for prioritering innanfor kollektivsatsinga. Dette for å bidra til å inngå forpliktande avtaler om auka statlege bidrag til finansiering av kollektivtiltak. Planen skal definere framtidig hovudstruktur for kollektivnettet. Framtidig arealbruk skal bli lagt til grunn for dette arbeidet og skal vere dimensjonerande for kollektivsystemet. I planarbeidet skal ein vurdere mogelegheitene og verknadene av å vidareutvikle bybane og buss, men også jernbane og sjøtransport som ein del av det framtidige kollektivsystemet i Bergensområdet. Planen skal integrere ulike alternativ for lokalisering av godsterminal og godshamn. Dette inneber at analysar i andre prosessar og planarbeid må bli lagt til grunn for den samla arealog transportstrategien i Bergensområdet. Regional plan for Bergensområdet skal definere ein overordna infrastruktur for gang- og sykkeltrafikk. I planarbeidet skal ein søke å få etablert ein differensiert parkeringspolitikk i Bergensområdet, særleg med omsyn til innfartsparkering, arbeidsplassparkering og parkering knytt til handelsreiser. Det skal i planen bli vurdert behovet for permanente og midlertidige deponi for overskotet av steinmassane i samband med større infrastrukturprosjekt. Det skal søkast samarbeid på tvers av kommunane for å få eit system for handtering av masseoverskotet. Oppdragsgivar vil ha utarbeidd følgjande utgreiingar: 1. Kart som syner tilgjengelegheit med kollektivtransport, biltransport og sykkel i Bergensområdet, både i dagens situasjon og for framtidig transportnett. Dette inneber at veg, sykkel og kollektivlinkar er koda med tilstrekkeleg kvalitet for bruk i areal- og transportmodellar. 2. Oversyn over status og behov for etablering overordna gang- og sykkelnett i Bergensområdet. 3. Behov for framtidig infrastruktur for vegtransport på riks-, fylkes og kommunal veg. 4. Behovet for innfartsparkering i Bergensområdet skal bli vurdert. 5. Mogelegheiter for midlertidige og permanente deponi skal kartleggast. Ein skal vurdere mogelegheitene for å ta overskotsmassar i bruk. 5

3.5. Temaområde 4 Natur, kulturmiljø og landskap Konkretisering av planarbeidet: Det skal bli utvikla felles retningsliner for korleis viktige kvalitetar for landskap, biologisk mangfald, kulturminne, friluftsliv og landbruk kan bli tatt vare på. Planen skal og legge grunnlaget for at grønstrukturen kan bli utvikla som ein ressurs og i større grad vert gjort tilgjengeleg. Planen skal kartlegge og synleggjere verdifulle areal som grunnlag for å vurdere eventuelle nye utbyggingsområde. Planen skal utvikle prinsipp for korleis ein kan legge til rette for auka fortetting, men samtidig ta vare på kvalitetar i nærområda. Oppdragsgivar vil ha utarbeidd følgjande utgreiingar: 1. Det skal bli etablert saumlause temakart som synleggjer verdi for kvart av tema landskap, friluftsliv, naturmangfald, jordbruk og kulturminne. 4. Fasar i arbeidet 4.1. Definering av innhald og metodisk tilnærming For kvart av temautgreiingane skal leverandøren og oppdragsgivar samarbeide om avgrensing og meir detaljert skildring av utgreiingane. Dette blir å rekne som ein meir detaljert kravspesifikasjon for kvart av temaområda. I denne fasen må oppdragsgivar bidra til å få oversikt og innhente eksisterande kunnskap innanfor dei ulike tema, og definere behov for å innhente ny kunnskap. Dette skal skje i prosess og tett dialog med planorganisasjonen. Dette inneber og deltaking møter i koordineringsgruppa og styringsgruppa ved behov. Leverandørane sine tilbod med forslag til løysingar vil vere utgangspunktet for denne fasen. Endeleg framgangsmåte og innhald blir derimot avgjort gjennom prosessen. 4.2. Gjennomføring av utgreiingar I denne fasen arbeider leverandørane meir sjølvstendig i tråd med dei føringane ein har blitt einige med oppdragsgivar om i fase 1. Oppdragsgivar stiller følgjande krav: Alle rapportar skal bli levert på norsk og ferdig språkvaska. Alle data og materiell som blir produsert i utgreiingane skal bli levert til oppdragsgivar med mogelegheiter og rettigheiter til framtidig bruk. Rapportar skal både leverast på pdf-format og i eit format som er kompatibelt med Microsoft Word. Figurar skal bli levert som eigne bildefilar. 6

Alle kartdata som blir utarbeidd i samband med utgreiingane skal bli levert etter gjeldande SOSI-standard og på shape-eller SOSI-format. 4.3. Rådgiving, planutforming, prosess. Når utgreiingane og rapportane er utarbeida skal leverandørane bidra med formidling og rådgjeving inn i planorganisasjonen. Dette inneber deltaking i møter der utgreiingane blir presentert, samt rådgjeving om korleis utgreiingane kan bli sett i samanheng med andre plantema og utgreiingar, korleis dei kan nyttast til å danne scenario og bli nytta inn i planforslag med konsekvensutgreiing. Dette inneber at leverandørane må kunne stille med bistand i heile avtaleperioden. Leverandørane må gje tilbod på bistand og rådgjeving knytt redaksjonelt og prosessuelt planarbeid. Krav til leverandørar: Ved behov skal dei skal delta på møter der utgreiingar blir presentert og gje råd om korleis kunnskapen kan innarbeidast i planane. Leverandøren skal hjelpe oppdragsgivar til å sjå samanhengane mellom temaområda, og gje råd om korleis utgreiingane kan omsettast til planinnhald. Personell som settast på oppgåva må ha erfaring frå prosessarbeid. 7