Bilag 1 Oppdragsgjevar sin spesifikasjon av tenesteytinga 1. Bakgrunn Samarbeidspartane bak Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane består av Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO i Hordaland og i Sogn og Fjordane, NAV i Hordaland og i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Næringsbarometeret har vore ein årleg publikasjon sidan 2005. Næringsbarometeret har vore gjeven ut årleg i to utgåver, januar-utgåva og mai-utgåva, basert på ulike undersøkingar. Frå og med 2011 er Næringsbarometeret publisert som ei nettutgåve/nettavis på naringsbarometeret.no og næringsbarometeret.no. Samarbeidet mellom partane er organisert med ei felles styringsgruppe beståande av fire representantar. Nytt i 2012 Frå 2012 skal Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane bli utgjeven to gonger årleg som fylkesvise rapportar. Det skal likevel nyttast felles profil og layout for begge rapportane. Rapportane skal utformast med eit felles hovudinnhald (grunnpakke), men det vil vere opent for utvikling og utdjupning av spesialtema og aktuelle bransjar etter dei fylkesvise behov, fremja av arbeidsgruppa. Kvart fylke har ei arbeidsgruppe som fungerer som redaksjon for dei einskilde rapportane saman med konsulent. 1.2 Formål og omfang med anskaffinga Oppdragsgjevar ønskjer å inngå avtale med eit konsulentfirma om levering av konsulenttenester til utforming av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. Konsulentfirmaet vil få ansvar for prosjektleiing og årleg utforming av Næringsbarometeret. Konsulenttenestene knytt til utforming av grunnpakken i leveransen utgjer om lag NOK 900 000,- eks. mva årleg. Pris skal vere oppgjeven eksklusiv meirverdiavgift. Prisane skal vere faste i perioden og skal innehalde konsulent sine kostnader til reise, opphald, diett, ev anna utgifter i forbinding med oppdraget. Omfanget av tilleggstenester på analyse, bransjefokus, spesialtema i dei fylkesvise rapportane vil ha ei ramme på inntil 100 timar per år. Tilleggstenester og spesialtema vil kome som einskilde bestillingar frå styringsgruppa. Aktivitet kan vere definert som førebuande arbeid, arbeid med undersøkingar og analyse, arbeid med intervju og skriving av rapport, høyring, korrektur, prosjektleiing og ev anna. Parafer / Side 1 av 5
Oppdragsgivar dekkjer utgifter til møterom, mat, utstyr/materiell i forbinding med møter med konsulent og i eventuell forbinding med publiseringa/pressemøte av Næringsbarometeret. 2. Målsetting Næringsbarometeret skal gje svar på kva som er status for næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Næringsbarometeret skal gje ei analyse av næringsliv og offentleg verksemd i dei to fylka med fokus på utviklingstrekk innan økonomiske resultat og aktivitetsnivå, samt arbeidsmarknad og sysselsetting. Målsettinga med dette er å; Gi relevant informasjon og grunnlag for viktige avgjersle i næringslivet Gi betre informasjon til politikarar som grunnlag for næringspolitiske avgjersle Større grad av felles forståing av moglegheiter og utfordringar i næringsliv/ arbeidsmarknad blant offentlige myndigheiter og organisasjonar i næringslivet Auke den generelle kunnskapen om næringsliv og arbeidsmarknad blant dei som tek avgjersle i næringslivet Gi innspel og situasjonsbeskrivingar overfor sentrale myndigheiter. Rapportane skal; Følgje en felles struktur som gjer det mogeleg å sjå utviklinga over tid Gje innsikt i betyding av endra rammer Gje analyser på eit strategisk nivå Gje ein koordinert situasjonsbeskriving basert på innspel frå sentrale aktørar i dei to fylka 3. Skildring av prosjekt Prosjektleiing og arbeid med årleg utforming av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane, med publisering i januar og mai kvart år. Det skal utarbeidast fylkesvise rapportar, ein Hordalandsversjon og ein versjon for Sogn og Fjordane. Styringsgruppa er premissleverandør for utvikling av Næringsbarometeret. Styringsgruppa tek aktivt del i val av felles tema for rapportane. Dei fylkesvise arbeidsgruppene deltek i redaksjon saman med konsulent og som diskusjonspart ved tolking av resultat og rapportutkast. Prosjektet vert leia av konsulent, i tett samarbeid med arbeidsgruppene i begge fylka. Konsulent stiller til disposisjon kvalifisert personell med kapasitet til gjennomføring av prosjektet. Konsulent arbeider i nært samarbeid med styringsgruppa på utvikling av Næringsbarometeret, og i nært samarbeid med arbeidsgruppene i arbeidet med dei fylkesvise rapportane, etter eiga framdriftsplan. 4. Om innhaldet i rapporten Næringsbarometeret skal fokusere på ulike tema ved kvar av utgivingane. Dei fylkesvise arbeidsgruppene vil ta aktiv del i utforming av tema og innhald for dei einskilde rapportane. Grunnpakken Rapportane skal vere tufta på ein felles grunnpakke, som vert grunnlagstema for rapportane i begge fylka. Med grunnpakke meiner vi felles innsamling og analyse av Parafer / Side 2 av 5
datagrunnlag, felles tema og same bransjeinndeling for båe fylka, sjå 4.1. Grunnpakken vil vere gjenstand for årleg revidering. Utover dette må det vere rom for bestilling av fylkesvise tilleggstenester eller spesialtema, t.d undersøking/analyse av tilleggsbransjar, spesialtema, utvida intervju eller liknande. Felles for dei årlege utgåvene vert likevel: Føreord og introduksjon (levert av arbeidsgruppene i kvart fylke) Norsk økonomi (levert av konsulent) Skildring av utvikling i dei ulike bransjane (levert av konsulent) Samandrag / konklusjon (levert av konsulent) Eventuelle spesialtema (etter bestilling frå styringsgruppa) Kjelder (levert av konsulent) Innhald i januar-utgåva, (bedriftsmarknaden): Kva er situasjonen på bedriftsmarknaden også i eit utvida perspektiv. Forventningar til utvikling i omsetning, lønsemd, eksport, sysselsetting og investeringar. Utgangspunkt i årleg bedriftsundersøking, levert av konsulent, supplert med spørsmål om utvikling i omsetning og lønnsemd, ev innspel frå styringsgruppa. Sekundærdata henta frå relevante kjelder. Næringsbarometeret frå januar i tidligare år fungerer som referansar. Innhald i mai-utgåva (arbeidsmarknaden): Kva er situasjonen på arbeidsmarknaden også i eit utvida perspektiv. Forventningar om utvikling av sysselsetting og arbeidsløyse. Utgangspunkt i NAV si bedriftsundersøking, supplert med spørsmål om utvikling i omsetning og lønnsemd, ev innspel frå styringsgruppa. Sekundærdata henta frå relevante kjelder. Prognoser om befolkning og andre demografiske forhold relevante for arbeidsmarknaden. Næringsbarometeret frå tidligare år fungerer som referansar for båe utgåver. Sjå tidligare rapportar på http://www.hordaland.no/naringsbarometeret Det er opent for at konsulent kan spele inn døme på tema og utforming. 4.1 Undersøkingar og datamateriale Januar-utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane skal i hovudsak vere basert på ei årleg bedriftsundersøking. Konsulent står for innsamling av datamateriale til januar-utgåva. Mai-utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane, skal i hovudsak vere basert på NAV si bedriftsundersøking. NAV står for innsamling av datamateriale. Konsulent står for arbeid med analyse av datamateriale ned på bransjenivå, gjennomføring av aktuelle intervju og utformar endelege rapportar for båe fylka. I grunnpakken skal det nyttast same bransjeinndeling som i tidligare rapportar. Sjå referanse i tidligare rapportar på www.hordaland.no/naringsbarometeret. Parafer / Side 3 av 5
For januar-utgåva 2012 vil oppdragsgjevar vere behjelpeleg med innhenting av datagrunnlag. Rapportane frå begge fylka skal gjerast tilgjengeleg på www.naringsbarometeret.no og www.næringsbarometeret.no etter avtale med styringsgruppa. 4.2 Layout og utforming av rapport Konsulent skal levere fylkesvise rapportutkast med figurar, bilete og liknande til gjennomlesing og godkjenning i dei to arbeidsgruppene. Redaksjon leverer artiklar etter eigen plan, utforma saman med konsulent. Konsulent er ansvarlig for å sikre korrektur av dei endelege rapportane. Sidetal er førebels satt opent, men konsulent bes ta omsyn til tidlegare utgitte Næringsbarometer, eventuelt innspel frå arbeidsgruppene. Det skal nyttas logo for Næringsbarometeret i alle rapportar. I dei fylkesvise rapportane skal det presenterast logo for samarbeidspartane etter innspel frå dei fylkesvise arbeidsgruppa. 4.3 Leveransar og publisering Prosjektet har tre leveransar: 1. Rapport utarbeide og levere fylkesvise rapportar (pdf-fil) til godkjenning og publisering. 2. Presentasjon - konsulent utarbeider fylkesvise presentasjonar for rapporten/ presentasjon i samråd med arbeidsgruppa. 3. Publisering - konsulenten har ansvar for å publisere dei ferdige rapportane som nettavis på naringsbarometeret.no. Det skal vere mulig for enkel navigering mellom dei to fylkesrapportane. Rapportane skal ha mogelegheit for enkel og brukarvennleg lesing og navigering, og mogelegheit for nedlasting av pdf-versjon. Nettversjonen skal publiserast og profilerast på www.naringsbarometeret.no 4.4 Framdriftsplan Konsulent skal saman med arbeidsgruppene i begge fylka utforme årlege framdriftsplanar for utgjeving av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. Framdriftsplan skal godkjennast av styringsgruppa. Parafer / Side 4 av 5
4.5 Organisering og ansvar Ansvarsområde Styringsgruppa Ansvar for utvikling av Næringsbarometeret og grunnpakken Ansvar for felles tema i rapportane Godkjenner årleg framdriftsplan Godkjenner endelege rapportar Bestiller spesialtema og tilleggtenester frå konsulent Arbeidsgruppene i begge fylka Fylkesvis redaksjonsgruppe saman med konsulent Fremje spesialtema og tilleggstenester Ansvar for fylkesvise arrangement knytt til publisering av rapportane Konsulent Ansvar for prosjektleiing Utarbeider framdriftsplan saman med arbeidsgruppene i begge fylka Innsamling, analyse og tolking av dataresultat Utarbeide artiklar og rapportutkast saman med redaksjon Ansvar for endeleg utforming og publisering av rapportane etter framdriftsplan Hordaland fylkeskommune Vertskapsrolle på vegne av partane Merkantil prosjektleiing Ansvar for anbod Kontakt- og kontraktspart for konsulent Parafer / Side 5 av 5