Prosjektplan Framtidskommunen Høyanger. 06. oktober 2008 - v.3
1. Mål og rammer.1 Bakgrunn Høyanger kommune har over lengre tid hatt negativ folketalsutvikling, i hovudsak knytt til aldersgruppa 20-40 år. Ei negativ folketalsutvikling ( -10% den siste 10års perioden) gir pr. dags dato utfordringar knytt til rekruttering av kompetent arbeidskraft for næringslivet og svekka kommuneøkonomi gjennom reduserte overføringar frå stat og mindre skatteinntekter. Fortset den negative folketalsutviklinga vil ein i framtida møte nye utfordringar knytt til oppretthalding av dagens tenestetilbod, svekka konkurransekraft med omsyn til næringsetableringar og tilflyttarar, samt mindre tilgang på frivillige ressursar som bidreg aktivt i samfunnsutvikling. Tilflytting er viktig med tanke på at Høyanger kommune skal vere mangfaldig og dynamisk og ein god stad å bu og leve for alle. Grunnlaget for prosjektet Framtidskommunen vart til gjennom drøftingar mellom offentlege og private verksemder i Høyanger kommune i samband med reise til Warszawa hausten 2007. Det vart i denne samanhengen semje om å gripe fatt i utfordringane, nemnd ovanfor, gjennom å arbeide for å betre kommunen sin attraktivitet generelt. I etterkant av dette har det blitt løyvd midlar til prosjektet frå Innovasjon Noreg (200.000,-) og HNU (200.000,-). Forprosjektet vart starta opp i februar 2008. Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå næringslivet og kommuneorganisasjonen arbeidde fram til juni 2008 med organisering og utforming av eit prosjekt som var tenkt å vere ei av satsingane i arbeidet for å oppnå auka folketal og fleire arbeidsplassar i kommunen. Oppstartsmøte i hovudprosjektet fann stad juni 2008..2 Prosjektmål Prosjektet framtidskommunen Høyanger si målsetting er: Å styrkje Høyanger kommune sin posisjon, internt og eksternt, slik skal kommunen blir forstått som ein interessant og attraktiv plass å bu, besøke, drive næring eller investere. Slik skal ein snu folketalsutviklinga, samt skape fleire arbeidsplassar. Prosjekt gjennomførast i fire delprosjekt. Omdøme: Styrkje kommunen sitt omdøme gjennom å arbeide for at kommunen står fram med ein tydleg, relevant, reell og attraktiv identitet som fremjar konkurranseevne, bulyst og positiv omtale internt og eksternt. Rekruttering og kompetanse: Styrkje næringslivet i kommunen sin konkurranseposisjon gjennom å arbeide for rekruttering av tilstrekkleg kvalifisert arbeidskraft, samt kompetanseheiv Bustad: Styrkje kommunen sin posisjon som ein attraktiv kommunen å bu gjennom å arbeide for eit tilfredsstillande og variert bustadtilbod. Då spesielt retta mot grupper i etableringsfasen.
Delprosjektmål reiseliv og handel: Styrkje Høyanger kommune sin posisjon som ein attraktiv stad å oppleve og besøkje gjennom fokus tiltak innanfor kompetanse og marknadsføring..3 Rammer Prosjektet har i første omgang ei tidsramme som strekk seg til sommaren 2009. Etter denne tidsperioden skal prosjektet evaluerast og mogleg vidareføring vurderast. Kostnadsrammene er for perioden fram til sommaren 2009 rekna å vere 600.000,-, der 200. 000,- er eigen arbeidsinnsats og 400.000 er kostnadar knytt til eksterne tenester. 2. Organisering STYRINGSGRUPPE Rådmann (Høyanger kommune) Hroar Carlsen (Fundo) Egil Fredriksen (Hydro) PROSJEKTANSVARLEG Arbeid sgrupp a PROSJEKTLEIAR (PL) OMDØME REKRUTTERING OG BUSTAD REISELIV OG HANDEL Lars J. Pedersen (gang Interaktiv) Terje Søreide (SSF) Anne M. Alrværn (Alværn Komm.) Bente Nesse (V100+) Asbjørn Grande (HK) Jonny Manseth (Hydro) Per A. Øren (Pao) Arne O. Østerbø (Østerbø Maskin) Kristine Timberlid (NAV) Hilde Sviggum (ISS) Frode Øren (Høy. Tl.komp.) Kjell Solaug (V100+) Jostein Nyland (HK) Monica Oppedal (Varaordf.) Laurens Brock (LNR, HRF) Helena Kjepso (HK) Marianne Taule (Ytre Sogn) Jon Nesheim (Nesheim camp)
4. Framdriftplan Tidspunkt Formål Ansvarlege August 2008 September 2008 Oktober 2008 Desember 2008 Oppstart av prosjektet. Gruppene konstituerar seg med gruppeleiar og sekretær og formulerar målsettingar og framdriftsplan. Presentasjon av prosjektet for styringsgruppa. Prosjektplan blir presentert for kommunestyret. Samling for deltakarar og andre relevante aktørar for presentasjon av arbeidet fram til no. Kvar enkelt delprosjektgruppe ved delprosjektleiar/ prosjektleiar Prosjektansvarleg Prosjektleiar/ prosjektansvarleg Prosjektleiar/ prosjektansvarleg/ delprosjektleiarar NB! Kvart delprosjekt utarbeider eigen framdriftsplan 4.1 Faste møtefrekvensar/rutinar Arbeidsgruppa, samt prosjektansvarleg møtast ein gong i månaden for gjennomgang av status og framdrift i kvart delprosjekt. Prosjektansvarleg rapporterar til styringsgruppa ein gong i halvåret. 5. Risikoanalyse 1. Tid: Framdrift avhenger av tid satt av til å arbeide med prosjektet. Deltakarane gjer arbeidet som dugnad, noko som inneberer at deltaking er valfritt. Risikovurdering: middels. 2. Kompetanse: Delprosjekta krev fagkompetanse for å gjennomførast på ein god måte. Kvar deltakarane er invitert med i prosjektet med utgangspunkt i den kompetanse dei innehar i form av si stilling. Risikovurdering: liten 3. Økonomi: Ein er avhengig økonomiske midlar skal prosjektet ha ynskja resultat. Dagens budsjett er ikkje tilstrekkeleg for å oppnå målsettingane. Det bør her vurderast korleis ein kan skaffe meir midlar. Risikovurdering: middels 4. Medverknad og ansvarsfordeling: Det må skapast konsensus blant prosjektdeltakarar og styringsgruppe i høve målsettingar og tilgjenglege middel for å oppnå tilfredsstillande resultat. 8. Budsjett og finansiering Finansiering av prosjektet er fordelt slik; HNU / Høyangerfondet 200.000,- Innovasjon Norge 200.000,-
Eigeninnsats 200.000,- Førebels budsjett: Eigeninnsats 200.000,- Marknadsføring og informasjonsmateriale: 130.000,- Informasjonsarbeid: 60.000,- Konsulentbistand: 150.000,- Reiseverksemd: 30.000,- Diverse: 30.000,- Sum: 600.000,-