Tilbodsdokument for Rivingsarbeid, Voss Kommune Palmafossen skule. Bygget som skal rivast nærast. Side 1
Innhald: Side 1. Orientering om arbeidet 2 2. Framdrift 4 3. Kontrakt og kontraktsvilkår 4 4. Kvalitetssikring og HMS 5 5. Utfylling av anbodet og evnt. atterhald 5 6. Tildelingskriterier og val av anbod 5 7. Tilbodssynfaring og innsending av anbod 5 8. Vedståingstid 6 9. Tillegg eller endringar i anbodsgrunnlaget 6 10. Prissamandrag 7 1. Orientering om arbeidet. 1.0 Generelt. I samband med ombygging/nybygg ved dei to ovannemnde skulane, ønskjer Voss kommune pris på riving av eksisterande skulebygg. Tilbydar kan levera tilbod på riving av eit bygg eller to bygg. 1.2 Organisering og kontaktpersonar. Eigar: Voss Kommune Side 2
Uttrågata 9 5700 Voss Kontaktperson: Jon Spildo Prestegard og Olav Dolve Afdal Tlf.: 56 51 94 61 / 56 51 94 76 e-post: Jon.S.Prestegard@voss.kommune.no / Olav.D.Afdal@voss.kommune.no Rådgjevar: Bystøl AS Tomtebu 6893 VIK I SOGN Kontaktperson: Nils Gunnar Finne Tlf.: 57 69 85 85 Mob. 91 51 31 17 e-post: ngf@bystol.no 1.3 Omfang skal ombyggast og utvidast. I samband med dette skal noko av eksisterande bygningsmasse rivast. I denne entreprisen gjeld dette enten heile tilbygg, eller heile frittståande bygg.. Denne rivinga må følgja dette byggearbeidet med tanke på tidspunkt, og arbeidet vert lagt inn under hovudentreprenør. Det er utarbeidd ein miljøsaneringsbeskrivelse, som i hovudtrekk beskriv konstruksjonstype, materialbruk, areal, osv. Denne er vedlagt. Storleik på bygg som skal rivast: Gjernes Skule - Underetasje: Ca. 53 m2 - Første etasje: Ca. 63 m2 - Plasstøypt betong i underetasje med dekke over. Tre i 1. etasje og tak. - Inklusiv riving av tre Moelvenbrakker (areal ca. 56 m2). Palmafosssen Skule - Underetasje: Ca. 259 m2 - Første etasje: Ca. 280 m2 - Andre etasje: Ca. 259 m2 - Plasstøypt betong i underetasje med dekke over. Tre i 1. etasje og tak. - Inklusiv riving av eit enkelt mellombygg (areal ca.136 m2). Gjernes skule ligg sør for Voss sentrum, ca. 2 km frå sentrum. Palmafossen skule ligg aust for Voss sentrum, ca. 3 km frå sentrum. 2. Framdrift. Side 3
Byggherre ønskjer ein slik framdrift (utførast i skuleferiane): : Arbeidet kan startast opp etter skuleslutt, frå og med siste veka i juni 2014. Arbeidet skal vera ferdig til skulestart som er veke 34 i 2014. 3. Kontrakt og kontraktvilkår - konkurransereglar. Som kontraktbestemmelsar vert det nytta NS 8406, utgåve frå 2009. Det vert tilsvarande nytta avtaledokument basert på NS 8406 A Byggblankett for kontrakt om utførelse av bygge- og anleggsarbeider. Tiltaket er i plassert i tiltaksklasse 2. Øvrige kontraktsvilkår: 3.1 Entreprenørens sikkerheitssillelse. Entreprenøren skal stilla sikkerheit for kontraktsarbeidet (bankgaranti). 3.2 Byggherrens sikkerheitsstillelse. Byggherren stiller ikkje sikkerheit. 3.3 Forsikring: Entreprenøren skal leggje fram forsikringsbevis for kontroll seinast ved inngåing av kontrakt (forsikring i samsvar med NS 8406 pkt. 9). 3.4 Dagmulkt: Dagmulkt: Vert rekna etter NS 8406. 4. Kvalitetssikring og HMS. Kvalitetssikring: Entreprenøren skal, innan 2 veker etter inngått kontrakt, utarbeide ein enkel kvalitetsplan for arbeidet som m.a. inneheld ein kontrollplan og sjekklister for utførelsen. Alle kostnader med kvalitetssikring og kontroll skal vere inkludert i oppgitte prisar. HMS: Byggherren vil utarbeide ein enkel SHA(HMS)-plan for prosjektet. Entreprenøren skal, innan to veker etter inngått kontrakt, utarbeide ein HMS-plan for sitt kontraktsarbeid. HMS-planen skal dokumentere korleis krav i lover og forskrifter vert oppfylgt på Side 4
byggeplassen, og identifisera risiko ved arbeidet. Byggherre skal, snarast etter inngått kontrakt, sende varsel til Arbeidstilsynet om anlegget. Han vil også utarbeide ein enkel Miljøsaneringsbeskrivelse. Entreprenør utarbeider ein enkle Avfallsplan, og følgjer opp med registrering av levert avfall (dokumentasjon 5. Utfylling av anbodet og eventuelle atterhald. Kvar enkelt post skal fyllast ut med einingspris og sluttsum. Dersom einskilde postar ikkje er utfylte, føreset byggherren at prisane for desse er inkluderte i andre postar. Hvis så ikkje er tilfelle, eller det er andre atterhald, må det meldast skriftleg frå om dette i tilbodsbrevet. 6. Tildelingskriterier og val av tilbod. I vurderinga val av tilbod, vil følgjande bli lagt til grunn: Lågaste pris (70%) Vurdering tidsbruk/ferdigstillingsdato (20%) Kapasitet/Erfaring med tilsvarande arbeid (10%) Byggherren har rett til å forkaste tilbod når det føreligg sakleg grunn til dette. 7. Tilbodssynfaring og innsending av tilbod: 7.1 Tilbodssynfaring: Det er viktig at entreprenørane gjer seg godt kjende på staden, bl.a. for å kunna gje ein rett totalpris på arbeidet. Det vert arrangert felles tilbodssynfaring. Tidspunkt er torsdag 22. mai 2014 kl. 10. Frammøte ved Gjernes skule. 7.2 Innlevering Skriftleg tilbod må leverast innan fredag 30.mai 2014 kl. 12 til: Voss Kommune, Servicetorget Uttrågata 9, 5700 Voss eller sendast Voss kommune Postboks 145 5701 Voss Tilboda må vera Voss kommune i hende innan fristen 30.mai 2014 kl 12.00. Side 5
Konvolutt merkast med: «Skular Rivingsarbeid» Tilbodet skal innehalde: - Signert tilbodsbrev der eventuelle atterhald er spesifiserte. - Utfylt beskrivelse med einingsprisar og summert. - Prisskjema, signert - Vedlegg, jfr. pkt. 6 over; liste over tilsvarande arbeid som entreprenør evt. har utført dei siste tre åra. Kapasitet Det vert ikkje halden open tilbodsopning. 8. Vedståingstid. Tilbydar må stå ved anbodet sitt i 90 kalendardagar etter dato for innlevering. 9. Tillegg eller endringar i tilbodsgrunnlaget. Eventuelle tillegg eller endringar i tilbodsgrunnlaget vert sendt ut til alle tilbydarar. Evt. spørsmål til anbodsgrunnlaget rettar de til Bystøl AS v/ Nils Gunnar Finne, tlf. 57 69 85 85 Mob. 91 51 31 17, e-post : ngf@bystol.no Side 6
10. Prisskjema Entreprenøren skal fylle ut dette skjema, signere og levere det saman med tilbodet. Sum ekskl. mva Sum inkl 25% mva Riving Gjernes skule Riving Palmafossen skule Sum tilbod Dersom tilbydarar har ein kortare framdriftsplan enn 8 veker skal tidforbruk under fyllast ut. Tidsforbruk: Entreprenør planlegg å starta arbeidet: Entreprenør planlegg å avslutta arbeidet: Stad / dato:. Entreprenør:. Signatur:.. Side 7