"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Like dokumenter
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Barnehageplan for Vinje kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnehage til beste for barn

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

Kva er nytt i rammeplanen?

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Innleiing 4. Formålet, verdigrunnlaget og oppgåvene til barnehagen 8

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Du må tru det for å sjå det

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

KOMMUNAL ÅRSPLAN

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA. Kvalitetsplan for barnehagane

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Plan for overgangar. for barn og unge

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

EID KOMMUNE Møtebok. Høyring - forslag til revidert rammeplan for barnehagen

Velkomen til Mork barnehage

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Årsmelding for Urhei barnehage

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Informasjonshefte Tuv barnehage

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

Pedagogisk plattform

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Bærekraftig utvikling

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Leikande, glade barn og natur hand i hand

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

EIN LEIKANDE OG TRYGG OVERGANG BARNEHAGE - SKULE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Kvalitetsplan for SFO

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Fladbyseter barnehage 2015

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Tiltaksplan

Frivilligpolitisk plattform

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Alle barn og unge får ein oppvekst som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det. Visjon

Kommunal plan for overgang barnehage - skule Hemsedal

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Transkript:

Strategi for Innhald og oppgåver i barnehagen 2011-2014 Sogndal kommune Visjon og pedagogisk plattform: 1 2 3 ALLE MED Barnehagane i Sogndal skal: ha plass til alle ha tilsette som arbeider for ein barnehage i utvikling vere prega av tryggleik og tillit fremje demokrati gjennom respekt og toleranse ha barneperspektiv gje barna høve til å utvikle evne og talent individuelt og i samarbeid med andre ha eit læringsmiljø som fremjar undring og kreativitet Planen gjeld for kommunale og private barnehagar i Sogndal kommune Vedteken i kommunestyret 28.04.11 SENTRALE FØRINGAR 1

SENTRALE FØRINGAR Lov om barnehagar med Forskrift om rammeplan er styrande for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Innhaldet skal byggje på eit heilskapleg læringssystem der omsorg, leik og læring er sentrale delar. I tillegg er sosial og språkleg kompetanse samt sju fagområde viktige delar av barnehagen sitt læringsmiljø. Dei sju fagområde er: o kommunikasjon, språk og tekst o kropp, rørsle og helse o kunst, kultur og kreativitet o natur, miljø og teknikk o etikk, religion og filosofi o nærmiljø og samfunn o tal, rom og form. Rammeplanen gir barnehagen ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagen si verksemd. Barnehagen sin eigar kan tilpasse rammeplanen til lokale tilhøve. St.meld. nr.41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen. Regjeringa har valt tre hovudmål for kvalitetsarbeidet i barnehagen: 1. Sikre likeverdig og høgkvalitet i alle barnehagar 2. Styrke barnehagen som læringsarena 3. Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. LOKALE FØRINGAR Kommuneplanen 2010 2022 Ein sentral verdi er at gjennom samarbeid får vi ting til. Gode bu- og oppvekstvilkår er eit av fem sentrale område i kommuneplanen.- Barnehagen skal gi tilpassa og likeverdig pedagogisk tilbod til alle. Strategi: o Fremje likestilling, toleranse og skape forståing for ulike verdiog kulturgrunnlag o Ha god samhandling mellom skule og barnehage, kulturskule og med institusjonar i nærmiljøet o Styrkje fagkompetansen gjennom samarbeid med ulike fagmiljø i regionen o Fremje god psykisk og fysisk helse o Oppleve glede ved å ferdast i naturen og få innsikt i natur, miljø og samspel i naturen. I Økonomiplan 2011-2014 er eitt resultatmål å revidere Strategi for Innhald og oppgåver i barnehagen. Barnehagane har evaluert førre strategiplan og avklart kva som er viktig å arbeide vidare med. Gjennomføring og oppfølging av planen Planen skal vere eit styringsdokument for kommunen og eit verktøy for barnehagane. Den skal gi informasjon til foreldre og andre om satsingsområde i barnehagane. Barnehagane skal innlemme prioriteringsområda i dei årlege årsplanane. Nokre mål er relevante som resultatmål i økonomiplanen. Evaluering Barnehagane evaluerer planen og måloppnåing av den i sine etablerte evalueringsrutinar. Dei årlege prioriteringane skal rapporterast i kommunen si årsmelding. Økonomiske konsekvensar Tiltaka skal gjennomførast innan eksisterande budsjett og ekstern finansiering. Ev. behov for ekstra løyvingar blir vurdert i samband med økonomiplanen kvart år. 2

Mål Strategi Barnehagen som læringsarena Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Dei tilsette sin kompetanse er ein viktig faktor for å kunne gje eit barnehagetilbod med høg kvalitet. Barnehagane i Sogndal kommune skal vere lærande organisasjonar med aktivt tilhøve til kompetanseutvikling. Barnehagen skal støtte utviklinga ut frå føresetnadene til barnet og gi kvart enkelt barn og kvar enkelt barnegruppe utfordringar. Barnehagen skal gi eit individuelt tilpassa og likeverdig tilbod, og bidra til ein meiningsfull oppvekst uavhengig av funksjonsnivå, bustad, sosial, kulturell og etnisk bakgrunn. - Årsplanane skal innehalde informasjon om korleis barnehagen skal arbeide med omsorg, oppseding, leik og læring for å sikre borna gode utviklings- og aktivitetstilbod - Årsplanen må konkretisere kva barnehagen skal gjere for å leggje til rette for at borna skal få medverke - Føresette må få høve til å vere aktivt med på å planleggje innhaldet i barnehagen, og vere med å drøfte kva dei ynskjer å medverke i, og korleis. Barnehagen skal leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga til lokalsamfunnet; naturen, kunst og kultur, arbeidslivet, tradisjonar og levesett. - Personalet skal vere oppdaterte og opptekne av samfunnet, og vise interesse for bumiljøet til borna og det lokalmiljøet har å by på - Bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar, og sørgje for at barnehagen bidreg aktivt i nærmiljøet - Borna skal få delta i kulturelle opplevingar, og gjere eller skape noko felles. Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar. - Kvar barnehage skal reflektere over eigne haldningar, vilje og omstillingsevne som grunnlag for planlegging av korleis dei møter borna sine behov og barnehagen sine utfordringar på ein best muleg måte. "Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar Det skal utarbeidast ein kommunal strategi for kompetanseutvikling i barnehagen. Denne skal byggje på kompetansekartlegging i den einskilde barnehage, sentrale føringar og lokale satsingsområde. - Barnehagane skal lage plan for korleis fagområda i Rammeplanen blir synleggjorde også i dei uformelle læringssituasjonane i barnehagen, etter modell av PIL-prosjektet (eit nasjonalt prosjekt inn mot lærarutdanninga). - Kompetanse skal byggjast ved læring i eigen organisasjon. - Pedagogane har ansvar for å gi opplæring og rettleiing i fagområda. - Styrarane skal gjennomføre leiarstudiet som del av Sats på barnehagen -Snu Sogn Språk Ved hjelp av språk lærer barnet å forstå seg sjølv og omverda. Dette er avgjerande for barnet si vidare utvikling både intellektuelt, sosialt og emosjonelt. Tidleg og god språkstimulering handlar om å gje barn eit godt og reflektert grunnlag for å lære og for å delta aktivt i fellesskapet. Barnehagen skal syte for at alle barn får varierte og positive røynsler med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som utrykk for eigne tankar og kjensler. - Barnehagane skal ha høg prioritet på Rammeplanen sitt fagområde om Kommunikasjon, språk og tekst, og synleggjere i årsplanen korleis tema blir jobba med. - Personalet skal vere bevisste at dei er førebilete når dei lyttar, gir 3

Mål Strategi Barn som har sein språkutvikling eller andre språkproblem, må få tidleg og god hjelp. Barnehagen skal ha kompetanse, rutinar og gode system for å kartlegge borna sin språkkompetanse. Barnehagen skal arbeide for at barn som har eit anna morsmål enn norsk, skal bli forstått og få høve til å uttrykkje seg. Mangfald konstruktiv respons og brukar kroppsspråk og talespråk. - Personalet skal støtte barn som har kommunikasjonsvanskar, er lite språkleg aktive eller har sein språkutvikling. Barnehagen kan nytte kartleggingsskjema som TRAS og ALLE MED. Rutinane for samarbeidet med PPT skal gjennomgåast og kvalitetssikrast. - Etablere gode samarbeidsrutinar mellom helsestasjonen og barnehagane - Barnehagen skal støtte at borna brukar morsmålet sitt, og samstundes arbeide aktivt med å fremje den norskspråklege kompetansen til borna. - Det skal utarbeidast kriterium for tildeling av tilskot for å styrkje arbeidet med minoritetsspråklege barn. Målet med inkludering er ikkje likskap, men variasjon og respekt for ulikskap. Språkleg, kulturelt og religiøst mangfald blant born og personale skal vere ein normaltilstand som barnehagen skal byggje si utvikling av barnehagen på. Barnehagen og deira samarbeidspartar skal leggje til rette for at barn med innvandrarbakgrunn får gode føresetnader for å bidra og delta i barnehagen Barnehagen skal vere eit miljø der ulike individ og ulike kulturelle ytringar møter kvarandre i respekt for det som er forskjellig. Barnehagen skal belyse det som er ulikt og det som er felles for å kunne gi grunnlag for forståing og innsikt. Barnehagen skal handtere og synleggjere mangfald i den ordinære verksemda. Viser til eige prosjekt: Flink med folk-prosjektet; Minoritetsspråklege barn i barnehage. Psykisk helse Barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Å utvikle borna sin sosiale kompetanse er godt førebyggjande arbeid for borna si psykiske helse. Sosial kompetanse handlar m.a. om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar, og motverke problemåtferd som diskriminering og mobbing. Barnehagen skal arbeide kontinuerleg med å støtte og fremje enkeltbarn og barnegruppene sin sosiale kompetanse. Gjennom arbeid med kropp og rørsle skal barnehagen bidra til at borna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring. - Barnehagen skal gi: o varierte røynsler med samspel og gode kjenslemessige opplevingar o glede, humor og estetiske opplevingar o omsorg, leik og læring. - Dei tilsette i barnehagen er rollemodellar og skal gjennom eigen veremåte bidra til auka sosial kompetanse hjå borna. - Følgje opp borna sine leikeinitiativ inne og ute, og tilby leik og spel der borna er fysisk aktive og opplever glede gjennom meistring og fellesskap. Sikre at det vert sett i gang tiltak på eit tidleg tidspunkt i borna sitt liv. - Pedagogisk personale skal få opplæring i- og kompetanse på psykisk helse for barn - Tilsette i barnehagen skal ha kompetanse på tidlege teikn på psykiske vanskar - Barnehagen deltek i tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar, m.a. 4

Mål Strategi kommunepsykologen - Barnehagen utarbeidar eigne tiltak for å nå måla mellom anna med utgangspunkt i rettleiingsmateriell frå Sosial- og helsedepartementet om psykisk helse - Barnehagane skal kjenne til kommunen sin plan for psykisk helse. Fysisk helse I småbarnsalderen tilegnar borna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område. Det er viktig å gje barn naturglede og fysiske utfordringar så tidleg som mogleg. Barnehagen skal leggje til rette for allsidig og mangfaldig fysisk aktivitet, slik at alle borna er fysisk aktive kvar dag. Barnehagen skal observere born si motoriske utvikling Barnehagen skal saman med føresette, kontakte aktuelle instansar når det er usikkert om barnet har motoriske vanskar, for å vurdere om det skal setjast i gang tiltak. Barnehagen skal saman med foreldra leggje til rette for eit sunt kosthald i barnehagen. - Barnehagen utarbeidar eigne tiltak for å nå måla i rammeplanen sitt fagområde for kropp/rørsle/helse og natur/miljø/teknikk. - Personalet skal vere fysisk aktive saman med borna. Borna skal vere ute kvar dag, og utetida skal nyttast aktivt til å bruke og bli betre kjend med naturen. - Barnehagen kan nytte helsestasjonen, barnefysioterapeut m. fl. for å få rettleiing og kompetanse på kva dei sjølve kan gjere for barn med fysiske vanskar - Barnehagen skal samarbeide med aktuelle instansar der det er behov for tiltak utover barnehagen sin kompetanse. - Personalet må bidra til at borna kan lære gode haldningar og få kunnskap om kost, hygiene, aktivitet og kvile. Borna skal få kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig det er med gode vanar og sunt kosthald. Overgang mellom barnehage og skule Rammeplanen seier at barnehagen, i samarbeid med skulen, skal leggje til rette for barn sin overgang frå barnehage til 1. klasse. Sentrale styresmakter ønskjer å styrkje samanhengen mellom barnehage og skule, og skape heilskap og samanheng for borna i overgangen mellom barnehage til skule. Samarbeidet skal byggje på likeverdig partnarskap og kunnskap om kvarandre sine planar og mål. God overgang mellom barnehage og skule skal sikrast gjennom dokumentasjon, gjensidig kontakt mellom tilsette og klare rutinar. Overgangen skal vere prega av tryggleik, kontakt og meistring. - Godkjend plan for overgang barnehage/skule skal vera førande i barnehagane sitt arbeid i overgang mellom barnehage og skule. 5

Oversikt over barnehagane i Sogndal kommune KOMMUNALE BARNEHAGAR 1. Ylvisåker barnehage - har to avdelingar. Barnehagen er ein del av Norane oppvekstsenter 2. Fjærland barnehage - har ei avdeling. Barnehagen er ein del av Fjærland oppvekstsenter 3. Kyrkjebakken - har fire avdelingar 4. Notsete - har ei avdeling 5. Kjørnes - har tre avdelingar og eigen uteavdeling 6. Furuli - ligg på Kaupanger og har fire avdelingar PRIVATE BARNEHAGAR 1. Stedje - har fire avdelingar. Barnehagen er eigd og driven av Stiftinga Stedjetunet 2. Rones - har fire avdelingar. Barnehagen er eigd og driven av Rones barnehage foreldrelag 3. Sogndal Studentbarnehage - er driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane Barnehagen gjev barnehagetilbod til studentar og tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Barnehagen har eige opptak og eigne opptaksreglar 6