HFK-12-041 Kravspesifikasjon for refleksprodukt til Hordaland fylkeskommune
Innhald 1 Krav til refleksprodukt kvalitet og utforming...3 1.1 Spesifikasjonar som gjeld alle produkta...3 1.1.1 Spesifikasjonar som gjeld nokre av produkta... 3 1.2 Følgjande krav er sett til utforminga av produkta...3 1.2.1 A. Hengerefleks (mjuk, med sikkerhetsnål)... 3 1.2.2 B. Refleks (klistremerke)... 4 1.2.3 C. Slap wrap bøyle (stålspenne)... 4 1.2.4 D. Slap wrap (borrelås)... 4 1.2.5 E. Refleksfigur/-dyr... 4 1.2.6 F. Refleksvest... 4 1.2.7 G. Handlenett med refleks... 5 1.3 Levering av refleksprodukt...5 1.4 E-handel og krav til katalog...5 2
1 Krav til refleksprodukt kvalitet og utforming Kravspesifikasjonen beskriv oppdragsgjevar sine krav til varen og leveransen. Alle krav skal oppfyllast. Det krevjast tilfredsstillande godkjenningsmerking av refleksane etter europeisk standard. Leverandøren er ansvarleg for at varene som blir leverte, er i samsvar med gjeldande lovgjeving og godkjenningskrav. Det skal leverast dokumentasjon for alle produkta. Det skal leggast vareprøve ved tilbodet med same kvalitet som den leverandøren tilbyr. Produktet skal vere utforma slik at det appellerar til den aldersgruppa det vert vist til i kravspesifikasjonen. Når designen er meint å appellera til born, skal denne kunne appellera til begge kjønn. Oppdragsgjevar ber om at leverandør gjer greie for korleis dette kravet vil oppfyllast. Dei innsendte vareprøvene vert ikkje returnert til tilbydarane. I samband med oppdragsgjevar si vurdering av refleksprodukta er det sett ned ei brukargruppe som vil vurdere produkta ut ifrå sine føresetnader og kjennskap til kva type produktutformingar som vil ha størst appell i si aldersgruppe. Brukargruppa er definert ut frå målgruppene som trafikksikringsarbeidet er relatert til, og består av personar i alle aldrar (born-ungdom-vaksne-eldre). Brukargruppa sine vurderingar vil vere av betydning i oppdragsgjevar si tildelingsvurdering. 1.1 Spesifikasjonar som gjeld alle produkta Alle refleksane skal ha påført logo for Hordaland fylkeskommune. Logoen er å finna på Hordaland fylkeskommune si heimeside. (Namnet skal også vere med). Vi ber om at logoen i svart/kvit vert nytta. Oppdragsgjevar ønskjer ei utforming som viser tilbake til oppdragsgjevar si verksemd, og som appellerar til brukarane i målgruppene som er nemnd. 1.1.1 Spesifikasjonar som gjeld nokre av produkta Hordaland fylkeskommune sin fargepalett er kvit, raud, gul, svart og grånyansar. For nokre av produkta ønskjer difor oppdragsgjevar berre tilbod på fargar innanfor fargane definert i Hordaland fylkeskommune si profilhandbok. Dette gjeld produkt E. Refleksfigur/-dyr og G. Handlenett med refleks. Spesifikasjonen gjeld her fargevalet på stoffet på handlenettet. Det same gjeld for produktet refleksfigur/-dyr dersom dette produktet, i tillegg til det stoffet som skal vere reflekterande, også har eit anna stoff på produktet. Dette stoffet skal då vere i ein av profilfargane. Eit eksempel her er eit gult stoff som eit omriss rundt det reflekterande stoffet. For ytterlegare informasjon om logo og fargar sjå http://www.hordaland.no/profil/ 1.2 Følgjande krav er sett til utforminga av produkta 1.2.1 A. Hengerefleks (mjuk, med sikkerhetsnål) Det ønskes tilbod på fire ulike utføringar. 3
- Antal vareprøvar: 4. 1.2.2 B. Refleks (klistremerke) Refleksen må tåle vask. Det ønskes tilbod på tre ulike utføringar. Produktet er retta mot ungdom, vaksne og eldre. - Antal vareprøvar: 3. 1.2.3 C. Slap wrap bøyle (stålspenne) Ønskes levert i to ulike fargar. - Antal vareprøvar: 2. 1.2.4 D. Slap wrap (borrelås) Ønskes levert i to ulike fargar. - Antal vareprøvar: 2. 1.2.5 E. Refleksfigur/-dyr Dette skal vere små, mjuke refleksfigurar/-dyr som er sydd av refleksband. Det er viktig at stoffet refleksen er sydd av har god nok refleksjonsevne, og at den reflekterande overflata på refleksen er innanfor krava sett i standarden. Dersom refleksproduktet i tillegg til det reflekterande stoffet, også har ein anna type stoffmateriale på seg, ønskjer oppdragsgjevar at dette stoffet er i oppdragsgjevar sin profilfarge, med unnatak av profilfargane som er i grånyansar. Det ønskes tilbod på tre ulike utføringar. Produktet er særleg retta mot born. - Antal vareprøvar: Minimum 3. Dei 3 ulike utføringane kan evt. ha ulike fargar på eit evt. anna stoffmateriale, jf profilfargane og med det kan ein difor ha fleire vareprøver. 1.2.6 F. Refleksvest Refleksvesten skal oppfylle kravet til CE EN -1150. Oppdragsgjevar skal nytte refleksvesten til utdeling/gåve. Refleksvesten må tilbys i storleiker både til born og vaksne. Refleksvesten må ha opning framme eller på sida, og vere utan glidelås. - Antal vareprøvar: 2 4
1.2.7 G. Handlenett med refleks Refleksbandet på handlenettet skal oppfylle kravet til EN 13356. Oppdragsgjevar sine profilfargar skal nyttast på stoffet, med unnatak av gulfargen. Handlenettet skal ha ei firkanta form, og ha to hankar/skulderselar. Materiale skal vere i eit slitesterkt stoff. Det skal vere refleksband på alle fire sidene på handlenettet. Refleksbandet skal vere minimum 5 cm brei. Det er viktig at stoffet refleksen er sydd av har god nok refleksjonsevne, og at den reflekterande overflata på refleksen er innanfor krava sett i standarden. Det ønskes tilbod på to ulike fargar. Produktet er særleg retta mot eldre. - Antal vareprøver: 2 Minimum antal vareprøver er 18 ulike utføringar (då er det rekna 3 ulike utføringar på refleksfigur/- dyr). Vi ber om at det ikkje vert lagt ved alternative vareprøver. 1.3 Levering av refleksprodukt Ved levering skal alle refleksane komme ferdig montert, og vere pakka slik at ein hindrar at snorene viklar seg i kvarandre under sending. Vi ber om at hengerefleksar, refleksar (klistremerke) og refleksfigurar/-dyr vert pakka i poser med 50 eks. i kvar pose. Ved leveringsvanskar skal oppdragsgjevar tilby alternativt produkt, med minimum dei same eigenskapane og kvaliteten som avtalefesta produkt, utan ekstra kostnad. 1.4 E-handel og krav til katalog Oppdragsgjevar har implementert eit elektronisk innkjøpssystem som bestillar hos HFK nyttar ved avrop / bestilling av varer. Leverandøren skal levere varekatalog (e-katalog) i Excel-format til Oppdragsgjevar i gitt format. E-katalogen skal vere levert ferdig utfylt seinast 1 månad etter tildeling av kontrakten. 5