Vedlegg 1 v.2 Oppdragsgivars framstilling av oppdraget 1. Innleiing Dette dokumentet er vedlegg 1 til avtalen om evaluering av tilskotsordninga for avløysing ved sjukdom mv. Dokumentet omtalar oppdragsgivars krav til oppdraget. 2. Bakgrunn for oppdraget og føremålet med ordninga I jordbruksoppgjeret for 2014 blei det bestemt at tilskotsordninga for avløysing ved sjukdom mv. skal evaluerast, jf. Prop. 106 S (2013-2014). Evalueringa skal skje eksternt, men oppdragsgivar fekk ansvaret for at evalueringa blir gjennomført. Det blei satt av 300 000 kroner til gjennomføring av evalueringa over kap. 1150, post 01, og det er i ettertid tilført ytterligare 100 000 kroner. Tilskot til avløysing ved sjukdom mv. har som føremål å bidra tilsyte for å dekke kostnadene til avløysing. Føretak med husdyrproduksjon eller heilårs vektshusproduksjon kan få tilskotet når ein person som har næringsinntekt frå føretaket ikkje kan delta i arbeidet fordi - personen er sjukemeld - personen er gravid og tek i mot svangerskapspengar - personen tek i mot foreldrepengar - personen har barn under 16 år med kronisk sjukdom, eller følgjer sjukt barn under 12 år til behandling på sjukehus, institusjon eller spesialist - ektefelle/samboar, barn eller foreldre av personen det søkas tilskot for har døydd 3. Krav til evalueringa Evalueringa skal svara på problemstillingane som er omtala nedanfor. A. Evalueringa skal vise måloppnåing og effekten av tilskotet. Følgjande spørsmål skal vurderast: - om tilskotet har effektar som tilsikta - om tilskotet har utilsikta effektar B. Evalueringa skal gjera greie for forvaltning og forvaltningseffektivitet. Følgjande spørsmål skal vurderast: - om forvaltninga av ordninga er i tråd med føresegna i reglement for økonomistyring i staten - om kontrollen av ordninga er føremålstenleg. Dette inneber blant anna å vurdera om dagens forvaltningsapparat i tilstrekkeleg grad sikrar at tilskotet går til korrekt målgruppe, og at tilskotsmottakarane får beløp i samsvar med intensjonar og tildelingskriterium. - Om forvaltninga av ordninga er kostnadseffektiv. C. Evalueringa skal vurdere utforminga av tilskotsordninga. Følgjande spørsmål/tema kan være aktuelle: - om det er ei føremålstenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom kommunane, fylkesmennene og SLF. - om utforminga av ordninga er føremålstenleg sett opp mot målet med ordninga. - om utforming av ordninga er føremålstenleg sett opp mot omsynet til enkel forvaltning. D. Evalueringa skal vurdere alternative innretningar eller andre verkemiddel som kan sikre eit sikringsnett for jordbrukarar ved sjukdom mv. Oppdragstakar kan svare på andre problemstillingar viss dette er hensiktsmessig og oppdragsgivar har budsjettmidlar til dette.
4. Rapport Evalueringa skal munne ut i ein rapport. 5. Bakgrunnsmateriale Oppdragstakar vil få tilgang til alt materiale som gjelder tilskotsordninga. 6. Referansegruppe Oppdragstakar skal i løpet av arbeidet med evalueringa delta på minst tre møter med referansegruppa der dei skal orientere om arbeidet i prosjektet og få innspel frå referansegruppa. Nærmare innhald av møta skjer i samråd med oppdragsgivar.
Vedlegg 2 Oppdragstakars spesifikasjon av oppdraget Oppdragstakar skal skildre korleis han ser for seg at oppdraget som er spesifisert i vedlegg 1 kan bli utført.
Vedlegg 3 Prosjekt- og framdriftsplan Oppdragsgivar ønskjer følgjande leveransar etter signering av avtalen: Førsteutkast: 15. juni 2015 Sluttrapport, jf. vedlegg 1 pkt. 4: 1.september 2015 Oppdragstakars prosjekt- og framdriftsplan: Førsteutkast: (dato) Sluttrapport, jf. vedlegg 1 pkt. 4: (dato) Tidspunkt for minimum tre møter med referansegruppa (dato) Oppdragstakar skal komme med ein prosjekt- og framdriftsplan. Milestolpane i planen er bindande i avtaleperioden, med mindre det oppstår upårekna forhold som oppdragstakar ikkje kan stilles til ansvar for. Resten av innhaldet i prosjekt- og framdriftsplanen er orienterande og ikkje bindande for partane. Innhaldet i prosjekt- og framdriftsplanen kan tilpassast etter godkjenning frå partane.
Vedlegg 4 Administrative føresegner Vedlegget skal nyttast til å samle administrative rutinar for avtaleforholdet og samarbeidet mellom partane. Avtalen punkt 1.5 Partsrepresentantar: Representant for partane: For Oppdragsgivar: Namn Tittel Adresse Telefon E-post For Oppdragstakar: Namn Tittel Adresse Telefon E-post Dersom representanten for ein part blir skifta ut, skal den andre parten bli varsla om dette snarast råd. Avtalen punkt 1.6 Nøkkelpersonell Oppdragstakars nøkkelpersonell: Namn Stilling Kompetanseområde <namn> <prosjektleiar> <kompetanseområde> <namn> <forskar> <namn> <kvalitetssikrar> Avtalen punkt 3.7 Bruk av underleverandør Oppdragstakars godkjende underleverandørar: Namn organisasjonsnummer leveranseområde
Vedlegg 5 Samla pris og prisføresegner Avtalen punkt 4.1 Vederlag Vederlag for oppdraget er fastpris. Oppdragstakar er ansvarleg for å setje inn fastpris i tabellen under for at prisen skal vere samanliknbar i anbodskonkurransen. Tabellen skal ikkje endrast, men fyllast ut. Formatert: Norsk (nynorsk) Oppdragstakar skal administrere og handtere leveransar og fakturaer frå eventuelle underleverandørar. Oppdragstakar er ansvarleg for all kontakt med underleverandørar. Pris skal være i norske kroner (NOK) og vere eksklusive mva. I fastprisen skal alle godtgjersler og utgifter vere innkalkulert. Oppdragstakar skal ikkje angi andre prisar enn fastprisen for oppdraget. Fastpris for oppdraget er som følgjer: Valuta Beløp Pris NOK ekskl. mva Mva % Kontraktssum inkl. mva Utlegg I tillegg til avtalt vederlag skal oppdragsgivar refundere dokumenterte utlegg til eventuelle reisekostnadar i samband med oppdraget, men ikkje reisetid. Avtalen punkt 4.2 Fakturering Halvparten av avtalt fastpris kan fakturerast når milestolpen for levering av første utkast av rapport er nådd. Resten av avtalt fastpris kan fakturerast når milestoplen for levering av sluttrapport er nådd. Oppdragstakar skal sende faktura og kredittnota elektronisk, slik at oppdragsgivar mottar dokumentet i samsvar med standarden Elektronisk handelsformat (EHF). Alle faktura skal merkes med: Org. nr.: 981544315 Bestiller: Hilde haug Simonhjell Fakturaadresse: Landbruksdirektoratet Fakturamottak DFØ, Pb. 4104 2307 Hamar
Vedlegg 6 Endringar i den generelle avtaleteksten Etter avtalen pkt. 1.3 skal endringar i den generelle avtaleteksten samlast i vedlegg 6 om ikkje den generelle avtaleteksten seier særskilt at slike endringar skal stå i eit anna vedlegg. Alle avtalepunkt kan endrast, òg dei som ikkje seier klårt at det er høve til å avtale endringar. Endringane til avtaleteksten skal førast opp her, slik at teksten i den generelle avtaleteksten blir uendra. Det må gå klårt og utvitydig fram kva føresegner i avtalen som er endra. Oppdragsgivars endringar i den generelle avtaleteksten Punkt Blir erstatta med 3.8 Utgår. Oppdragstakars endringar i den generelle avtaleteksten/forbehold Lista nedanfor er ein uttømmande liste over oppdragstakars atterhald og endringar til avtalen. Oppdragstakar bør likevel være merksam på at atterhald og endringar i avtalen ved tilbodsinnlevering, kan medføre at tilbodet blir avvist av oppdragsgivar. Oppdragstakar skal vurdere den prismessige konsekvensen av atterhaldet eller endringa dersom dette er relevant. Nr. 1 2 3 4 Atterhaldet gjelder pkt: Konkret formulering av atterhald/endring Prismessig konsekvens av atterhald/endring
Vedlegg 7 Endringar i oppdraget etter avtaleinngåinga Endringar i oppdraget etter avtaleinngåinga skal følgje prosedyrane i avtalen punkt 2.1 og vere skriftlege. Oppdragstakar skal føre ei oversikt over endringane i dette vedlegget. Lov og forskrift om offentlege innkjøp set grenser for høvet til å endre oppdraget etter avtaleinngåinga. Nr. Dato Endringa gjeld