HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200812559-17 Arkivnr. 146 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM TILSKOTSMIDLAR TIL KOMMUNESEKTOREN (BRA- MIDLAR) FOR 2010 OG PRIORITERING AV SØKNADER FRÅ HORDALAND SAMANDRAG For 2010 har staten løyvd midlar til tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren, tidlegare nemnt BRA-midlar. For 2010 er det løyvd til saman 57 mill. kr. Frå Hordaland er det n, Bergen kommune og randkommunen Os som er invitert til å søkje om statlege midlar. Fristen for søknader til denne ordninga er sett til 11. januar 2009, og n si prioritering av alle søknadane i Hordaland er sett til 29. januar. For å få statleg tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren er det eit krav om eigenandel på minst 25 % av dei totale kostnadane av tiltaka. Del 1 av denne saka omhandlar krav til søknadane og nærare omtale av tiltak det vert søkt om frå Hordaland. Del 2 omhandlar søknadane frå Bergen og Os kommunar og i tillegg n si samla prioritering av søknadane i Hordaland.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet søkjer om tilskot frå den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren til følgjande tiltak: Oppgradering av haldeplassar mellom bussterminalen på Osøyro til Tøsdalskiftet (kryss med E 39), vidareføring av kurs i universell utforming for sjåførar og informasjonssøyler på dei viktigaste sentrumshaldeplassane og terminalane i Bergensområdet. 2. Fylkesutvalet vedtek at eigenandelen for oppgradering av haldeplassar mellom Osøyro og Tøsdalskiftet vert dekt inn over fylkesvegbudsjettet. Eigenandelen for informasjonssøyler og sjåføropplæring vert dekt inn over Skyss sine budsjett. 3. Fylkesutvalet tilrår slik prioritering av søknadane om tilskot for den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren frå Hordaland, Bergen kommune og Os kommune: Prioritet Tiltak / Prosjekt Søkjer Kostnad i tusen kr. 1 Oppgradering av haldeplassar Hordaland 3.700 mellom Osøyro og Tøsdalskiftet 1 Oppgradering av bussterminalen på Os kommune 800 Osøyro 2 Informasjonssøyler på sentrale Hordaland 4.000 haldeplassar 3 Tilgjenge til sentrale haldeplassar Bergen kommune 1.500 4 Sjåføropplæring Hordaland 725,5 Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: - Brev av 09.11.09 frå Statens vegvesen Vegdirektoratet Invitasjon til å søkje om midlar - Søknader frå Hordaland - Søknad frå Bergen kommune - Søknad frå Os kommune 2
FYLKESRÅDMANNEN, 28.12.2009: Bakgrunn for saka Samferdselsdepartementet vidareførar ordninga med tildeling av midlar til tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren, tidlegare nemnt BRA-midlar. For 2010 er det løyvd til saman 57 mill. kr., 1 million meir enn for 2009. Som tidlegare år er det utvalde kommunar, fylkeskommunar og Miljøverndepartementet sine pilotkommunar som kan søkje om tilskott frå ordninga. Men nytt for 2010 er at andre kommunar, eksempelvis randkommunar til storbyane kan søkje om midlar frå denne ordninga. I Hordaland søkjer Hordaland, Bergen kommune og Os kommune som randkommune. Frist for søknadane er sett til 11. januar 2010 og n si prioritering av alle søknadane i Hordaland er sett til 29. januar 2010 (sjå vedlegg). I samråd med Statens vegvesen vil søknadene bli lagt fram for handsaming i samferdselsutvalet 13. januar 2010 og i fylkesutvalet 21. januar 2010 og vedtaket ettersendt til Statens vegvesen. Søknadane vert sendt til Statens vegvesen Region vest som sender sine tilrådingar vidare til Vegdirektoratet innan 8. februar 2010. Vegdirektoratet i samråd med Samferdselsdepartementet kjem med si avgjerd innan 1. mars og det er lagt opp til at søkjarane skal få melding om eventuell tildeling innan 31. mars. Vilkår for søknader for 2010 I tidlegare år kunne n berre søkje om tilskotsmidlar til tiltak som ligg på/ved fylkesvegar eller som n eig/har ansvar for. Men i samband med at n frå 1. januar 2010 overtek ansvaret for øvrige riksvegar vil vi no kunne søkje om midlar til tiltak også på dette vegnettet. Som nemnt ovanfor er det frå 2010 også opna for at t.d. randkommunar kan søkje om BRA-midlar. Det vert spesifisert i brevet frå Vegdirektoratet at det vert lagt vekt på at prosjekt som det vert søkt om delfinansiering til skal innehalde enkle og kostnads-effektive løysingar og vidare at prioritet vert gitt til: Prosjekt på trafikktunge strekningar og i knutepunkt Prosjekt som byggjer opp om statleg satsing Tiltak som forbetrar heile strekningar Τiltak der brukarmedverknad er godt ivareteke. Tiltaka som det vert søkt om skal planleggjast og/eller gjennomførast i samarbeid med dei funksjonshemma sine organisasjonar. Tiltak der det vert vist til god framdrift For å få statleg tilskott til tilgjengetiltak i kommunesektoren er det eit krav om eigenandel på minst 25 % av dei totale kostnadane av tiltaka, og forpliktande politiske vedtak for lokal eigenandel skal følgje med søknadane. Del 1 av denne saka omhandlar kva det kan søkjast om av tiltak og kva for tiltak det vert søkt om frå Hordaland. Del 2 er n si tilråding til samla prioritering av søknadane i Hordaland. DEL 1 Søknader frå Hordaland Hordaland søkjer for 2010 om medfinansiering av tre tiltak frå ordninga med tilskot til kommunesektoren. Desse tiltaka er: Vidareføring av kurs i universell utforming for sjåførar Hordaland søkte om BRA-midlar for 2009 til opplæring av sjåførar i universell utforming. Vi fekk tildelt kr. 56.000 til denne opplæringa. Hausten 2009 gjennomførte vi det 3
første kurset som blei noko annleis enn det vi hadde søkt om. I staden for å halde kurset for berre sjåførar, deltok leiar for sjåføropplæringa i Tide Buss AS, 4 kursinstruktørar og 4 sjåførar frå Tide og andre representantar frå Tide Buss AS på kurset. I tillegg var det deltakarar frå brukarorganisasjonane, Bergen kommune, Statens vegvesen og Skyss. Med dette opplegget skal Tide Buss AS og Skyss i ettertid sjølve vere i stand til å halde slike sjåførkurs. Tide Buss AS vil straks over nyåret 2010 starte opp med kurs for sjåførane sine slik det vart søkt om for 2009. I søknaden for 2010 vil vi søkje om midlar til sjåførkurs i regi av både Skyss og Tide Buss AS. Samla kostnad for sjåføropplæringskursa er berekna til kr. 725.500. Den fylkeskommunale eigenandelen på ca. kr. 180.000 vil bli dekt inn over Skyss sitt budsjett. Oppgradering av haldeplassar til universell utforming mellom Osøyro og Tøsdalskiftet på Rv 552 Som nemnt tidlegare er det opna for at kommunar som Os kan søkje om BRA-midlar. Statens vegvesen skal oppgradere dei viktigaste haldeplassane mellom. Tøsdalskiftet og Nesttun på E 39. Os kommune som er eigar og driftar av bussterminalen på Osøyro søkjer om medfinansiering til opprusting av terminalen til universell utforming. Hordaland søkjer om opprusting av haldeplassane mellom Osøyro terminal og Tøsdalskiftet. Resultatet av desse opprustingane blir då at ein får ein samanhengande kjede av universelt opprusta haldeplassar frå Osøyro og fram til Nesttun. Søknaden frå n gjeld oppgradering av 8 haldeplassar med skur og 2 haldeplassar utan skur. Totalkostnaden vert omlag kr. 3.700.000. Det vert søkt om kr. 2.775.000 frå den statlege tilskotsordninga. Eigenandelen på kr. 925.000 vert dekt inn over fylkesvegbudsjettet Informasjonssøyler på sentrale haldeplassar Målsettinga for Skyss er å få sett opp informasjonssøyler med informasjonsflater som dei reisande vil møte på både haldeplassar og terminalar. Desse søylene og infoflatene vil tilfredsstille krava til universell utforming. I søknaden om BRA-midlar for 2010 søkjer n å få dekt inn kostnadene til produksjon og utplassering av informasjonssøyler for sentrale haldeplassar og knutepunkt i Bergensområdet. Sentrumsterminalen i Bergen sentrum vil bli det første området der vi ønskjer å plassera ut søylene. Det vert lagt til grunn ei kostnadsramme på 4 mill. kr. for produksjon og utplassering av informasjonssøyler i Bergensområdet. Det vert søkt om 3. mill. kr. til dette prosjektet. Den fylkeskommunale eigenandelen på 1 mill. kr. vil bli dekt inn over Skyss sitt budsjett. Fylkesrådmannen sine merknader Hordaland søkjer for 2010 om tilskot til tre tiltak med ein samla kostnad på kr. 8.425.500 I 2009 søkte vi om midlar til ei samla kostnadsramme på ca. 16,6 mill. kr. Vi fekk tildelt midlar til 3 av dei omsøkte tiltaka. Oppgradering av haldeplassar på fylkesvegar kr. 6 mill. kr. (eigenandel 2 mill. kr.), kurs for sjåførar i universell utforming, kr. 56.000, og til ruteinformasjon tilpassa universell utforming, kr. 1.125.000 (eigenandel kr. 375.000). Søknad om BRA-midlar til oppgradering av haldeplassar til universell utforming Hordaland har prioritert oppgradering av haldeplassar til universell utforming høgt og med 6 mill. kr. i tilskot frå BRA-midlane for 2009 og 2 mill. kr. i eigenandel får vi oppgradert om lag 20 av dei tyngste haldeplassane på fylkesvegnettet i Bergen. Midlane til oppgradering må nyttast innan 2010. Statens vegvesen sette i 2008 i gang med å oppgradere haldeplassar på riksvegstrekninga Birkelandstoppen-Bergen sentrum. Dette oppgraderingsprosjektet vil vere ferdig i 2010. Over Bergensprogrammet er det sett av 5 mill kr. til vidare haldeplassoppgradering i 2010 i Bergen. Samla har ein 13 mill. kr. som skal nyttast innan Bergen kommune til haldeplassoppgradering i 2010. Med 4
grunnlag i denne satsinga på oppgradering av haldeplassar innan Bergen kommune viser fylkesrådmannen til Os kommune og n sine søknader om oppgraderinga av terminalen på Osøyro og haldeplassane fram til Tøsdalskiftet. Ved tildeling av statlege midlar til desse oppgraderingane av haldeplassane vil vi få ei lenke av universelt utforma haldeplassar på heile strekninga Osøyro-Nesttun. Informasjonssøyler på sentrale haldeplassar Fylkesrådmannen ser det som viktig at når all bussruteproduksjon i Bergensområdet er ferdig konkurranseutsett i løpet av 2011 at det og er på plass eit einskapleg universelt utforma informasjonsopplegg på terminalar og haldeplassar for den nye rutestrukturen. Søknad om BRA-midlar til opplæring av sjåførar i universell utforming Fylkesrådmannen ser det som viktig at ein går vidare med å kurse sjåførar i korleis det er mogleg å fullt ut nytte dei tekniske innretningane bussane er utstyrt med, korleis universelt utforma haldeplassar fungerar og at sjåførane får innsikt i kva utfordringar personar med ulike funksjonshemmingar har med å nytte kollektivtransporten. Søknaden frå Hordaland er tredelt, eit opplegg i regi av Skyss og to ulike opplegg i regi av Tide Buss AS. Samanlagt vil kursopplegga for 520 sjåførar kome på kr. 725.500 og det vert difor søkt om kr. 544.500 i tilskot frå BRA-midlane. DEL 2 Søknader frå Bergen, Stord og Os kommune og prioritering av søknader Søknad frå Bergen kommune Bergen kommune sin søknad gjeld utføring av universell utforma tilgjenge til og frå haldeplassane på stamlinjene frå Bergen sentrum til Åsane, Nattland, Fyllingsdalen og Loddefjord. Samla kostnad for dei omsøkte tiltaka er kr. 1.500.000. Tiltaka som det vert søkt om er iverksetting av tiltak som dei i 2009 fekk BRA-midlar til for å kartlegge og planlegge (sjå vedlegg). Søknad frå Os kommune Os kommune søkjer om BRA-midlar for å ruste opp bussterminalen på Osøyro. Samla kostnad for opprustinga er berekna til kr. 800.000. Som nenmt ovanfor i Del 1 i denne saka vil opprustinga av terminalen på Osøyra bli ein del av den universelle utforminga av dei viktigaste haldeplassane mellom Os og Nesttun (sjå vedlegg). Som det går fram av søknaden frå Os kommune under punktet kostnader vil Os kommune så snart det er mogleg sende over til Statens vegvesen stadfesting på at kommunen sin eigenandel vert dekt inn over kommunen sitt eige budsjett. Innspel frå brukarorganisasjonane og Rådet for mennesker med nedsett funksjonsevne (RMNF) Rådet for mennesker med nedsett funksjonsevne (RMNF) har hatt høve til å kome med innspel til tiltak og det har vore kontakt om mellom RMNF og organisasjonane undervegs i prosessen. Organisasjonane, FFO og NHF Sørvest og rådet har fått tilsendt søknadane om tilskott frå Hordaland. Rådet har prioritert n sine søknader og organisasjonane søknadane frå Bergen kommune, Os kommune og n. I brevet frå NHF-Sørvest vert det kommentert at interesseorganisasjonane for funksjonshemma ikkje har medverka i utarbeidinga av søknadane. Organisasjonane og rådet har gitt slik prioritering av søknadane: FFO: 1. Informasjonssøyler, 1. Tilgjenge til haldeplassar, 2. Oppgradering av bussterminal på Osøyro, 2. Oppgradering av haldeplassar Osøyro-Tøsdalskiftet og 3. Sjåføropplæring RMNF: 1. Oppgradering av haldeplassar Osøyro-Tøsdalskiftet, 1. Oppgradering av bussterminal på Osøyro, 2. Informasjonssøyler, 3. Tilgjenge til haldeplassar og 4. Sjåføropplæring 5
NHF-Sørvest: Har ikkje prioriteringsrekkefølgje, men har m.a. slik kommentar: Vi mener at det er vanskelig å prioritere mellom de ulike søknadene som går på universell utforming av kollektivterminaler og holdeplasser. De er alle like viktige for våre medlemmer. Det er likevel viktig at man i prioriteringen ser hvilke strekninger Statens vegvesen prioriterer holdeplassutbedring slik at en kan sikre en sammenhengende reisekjede på de strekninger en prioriterer. Fylkesrådmannen sin tilråding I arbeidet med fordeling av midlar til universelle utformingstiltak skal n kome med ei samla tilråding om prioritering av søknader innan fylket. Som det går fram av saka ovanfor er det til saman 5 søknader om BRA-midlar for 2010 frå Hordaland. Eg tilrår at søknaden om oppgradering av haldeplassar mellom Osøyro og Tøsdalskiftet og oppgradering av bussterminalen på Osøyro begge vert priortert på førsteplass sidan desse to tiltaka heng saman. Som 2. prioritet tilrår eg informasjonssøyler som skal plasserast ut på dei viktigaste sentrumshaldeplassane og på terminalane. Dette er eit viktig tiltak særleg for svaksynte, men og til publikum generelt. Eg tilrår at søknaden frå Bergen kommune om universell utforming av tilførselsvegar til/frå dei viktigaste haldeplassane på stamlinjene i Bergen blir prioritert på 3. plass. Når det gjeld opplæring av sjåførar i universell utforming tilrår eg at denne søknaden vert gitt 4. prioritet. Dette er eit viktig tiltak, men eg tilrår likevel at den vert gitt lågaste prioritet. Prioritet Tiltak / Prosjekt Søkjer Kostnad i tusen kr. 1 Oppgradering av haldeplassar Hordaland 3.700 mellom Osøyro og Tøsdalskiftet 1 Oppgradering av bussterminalen på Os kommune 800 Osøyro 2 Informasjonssøyler på sentrale Hordaland 4.000 haldeplassar 3 Tilgjenge til sentrale haldeplassar Bergen kommune 1.500 4 Sjåføropplæring Hordaland 725,5 6