Utvikling og læring i emnet MAR211 Marin floristikk og faunistikk

Like dokumenter
RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Fedje skule LÆRINGSSTRATEGIAR

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Finnøy og Rennesøy kommunar

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Presentasjonsmalar - Powerpoint. Kort rettleiing i bruk av malane

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Rettleiing og reglar for foto

Revidering av akkreditert mastergradsstudium i farmasi ved Universitetet i Tromsø fase 2

ehandel og lokalt næringsliv

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lønnsundersøkinga for 2014

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I)

Til deg som bur i fosterheim år

Organisering, demokrati og innovasjon (ODIN) Haust 2012 / Vår Evalueringsrapport. UiB/LO-Stat ODIN Haust 2012/Vår 2013

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Læringsutbyte/resultat Kunnskap Dugleik Grunnkompetanse

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

ORDBOKA OMGREP FORKLARING Omgrepet i ei setning

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

EKSAMENSOPPGAVE. INF-1100 Innføring i programmering og datamaskiners virkemåte. Teorifagb, hus 3, og og Adm.bygget, Aud.max og B.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

UNIVERSITETET I OSLO

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Store dokument i Word

Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap BIB1300 og BIB6300 Kunnskapsorganisasjon og gjenfinning 2

Å løyse kvadratiske likningar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Biletbruk på nettet 1 2

Brukarrettleiing. epolitiker

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Modellar av celler. Rim Tusvik, Aud Ragnhild Skår, Øystein Sørborg Illustrasjonar: Leah Laahne

Vurderingsrettleiing 2011

Naturfag vidareutdanning

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Studiebarometeret 2014

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Studieplan 2008/2009

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Frå dikt til teikneserie

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Vintervèr i Eksingedalen

EKSAMENSOPPGAVE. Vil det bli gått oppklaringsrunde i eksamenslokalet? Svar: JA / NEI Hvis JA: ca. kl. 10:30

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Innovasjonsmetoden vår

SLUTTEKSAMEN. Emnekode: 6003 Informasjonsbehandling Studiepoeng for emnet: 7,5 100%

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Lingspeak Lingit AS

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Årsplan for Norsk

Å bli gamal i eigen heim

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Informasjon og brukarrettleiing

EVALUERING SAMPOL324 POLITISK ENGASJEMENT: ENDRINGER OG UTFORDRINGER VÅRSEMESTERET 2015

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

TIL FAGANSVARLEGE FOR BACHELOR-

Lotteri- og stiftingstilsynet

Brukarrettleiing E-post lesar

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Transkript:

Utvikling og læring i emnet MAR211 Marin floristikk og faunistikk Kjersti Sjøtun Institutt for biologi, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet E-post: kjersti.sjotun@bio.uib.no Bakgrunn Emnet MAR211 Marin floristikk og faunistikk er obligatorisk for Master-programma i Marinbiologi og blir helde som eit feltkurs kvart vårsemester. Emnet er på 10 studiepoeng, og i emnet inngår artskunnskap om planktonalger, bentosalger, evertebratar og fisk. Fagleg innhald og læringsmål til emnet er henta frå studentportalen og blir referert her: Fagleg innhald til emnet: Gjennomgang av marine arter og arters leveområder hos følgende grupper: Alger (plankton- og bentosalger), evertebrater og fisk Læringsmål: Studentene skal kunne kjenne igjen og navngi arter som er gjennomgått på kurset, samt få grunnleggende kunnskap om hvilke leveområder artene er knyttet til. Målet med kurset er å gi grunnlag for artskunnskap for videre studier i akvatiske fag Emnet er praktisk lagt opp slik at studentane brukar ein god del av tida til innsamling av alger og dyr saman med førelesarane. Etter innsamling blir materialet gjennomgått på laboratoriet. Emnet blir helde på Universitetet i Bergen sin marinbiologiske stasjon på Espegrend, og universtitetet sine båtar blir nytta til det praktiske arbeidet med innsamling. Tida er fordelt med om lag ein halvpart kvar på artskunnskap om dyr og om alger, og kurset er delt opp i bolkar slik at artar som inngår i kvar av hovudgruppene blir gjennomgått samla. I alge-kunnskapen inngår artskunnskap om planktonalger, det vil seia eincella alger som lever fritt i sjøen, og om bentosalger, det vil seia makroskopiske, fleircella alger som lever i tilknytning til botnen. Under kurset blir det vektlagt at 1

studentane skal læra å kjenna dominerande og vanlege artar, og i læringsmålet for bentosalgene inngår mellom 90 og 95 vanlege artar som studentane skal kunna setja navn på og skilja mellom, samt vita levestaden for. Marine bentosalger er bunntilknytta alger som finst frå tidevass-sona og til 30-40 meters djup. Vi har over 400 artar i Norge, men mange er små og/eller sjeldne. Dei mellom 90 og 95 artane som er pensum på MAR211 Marin floristikk og faunistikk, er blant dei vanlegaste i den marine algefloraen vår. Gjennom kurset blir det teke sikte på at studentane skal kunna finna eller observera dei flesta artane i naturleg tilstand, men sidan kurset går relativt tidleg om våren og vi har ein del typiske sommarartar på pensumlista, blir desse demonstrert ved bilete eller pressa herbarie-eksemplar. Alger har ulike krav til veksestad, og ein viktig del av kurset er at studentane skal læra å kjenna kva artar som er typiske for ulike levestader. Det er stor skilnad på kva artar vi finn i innelukka og rolege farvatn samanlikna med eksponert kyst ut mot det opne havet. Vidare er det ein del artar som vi berre finn i fjøra, medan dei fleste artane utelukkande veks i sjøen. Under kurset blir difor ulike typer fjører vitja, og det blir skrapt med eit reiskap (trekantskrape) frå båt for å finna alger som berre veks i sjøen. Problem Bentiske alger kan t.d. skiljast i tre hovudgrupper ut frå farge: grønalger, raudalger og brunalger. Dette er likevel eit noko usikkert kriterium då alger ofte kan vera avfarga. Ulike morfologiske (morfologi: form og struktur) trekk ved algene blir difor i hovudsak brukt for å skilja artar. For nokre artar sitt vedkommande må ein sjå på cellestruktur eller andre mikroskopiske strukturar for å kunne skilja mellom nærståande artar. Dei fleste alger kan imidlertid likevel skiljast gjennom å sjå på makroskopiske karakterar, til dømes ved at dei har ulik type forgreining eller ulik struktur (t.d. flate eller runde greiner, hule eller faste greiner). Dette krev imidlertid ein del praktisk øving, og studentane må gjerne ha ei innføring i og øvelse i å sjå etter dei karakterane som skil ulike artar. Ved bruk av bestemmingsnøklar kan ein gjennom ulike sett avgrensa kriterier komma fram til rett art. I slike nøklar er kriteria skildra gjennom tekst, og dersom karakterane skil seg frå kvarandre berre ved ein detaljert gjennomgang, kan det vera vanskeleg å skilja artar ved hjelp av ein skriven tekst. Biletdokumentasjon, ved bruk av teikningar eller aller helst fotografier, kan då gjeva verdful hjelp for å tolka skriftlege skildringar av artar (sjå døma vist i Figur 1). 2

Catenella caespitosa (fjærekryp): Hul alge med kraftige innsnevringar, uregelmessig forgreina, greiner kan ha utspring frå innsnevringar eller mellom desse. (Foto: Vivian Husa) Chylocladia verticillata (kransrøyr): Hul alge med regelmessige innsnevringar, tydeleg hovudakse med motsette eller kransstilte greiner frå innsnevringar. (Foto: Kjersti Sjøtun) Figur 1. To ulike bentosalgeartar, der ei beskriving av kvar art er gjeve ved ein gjennomgang av nøkkelkarakterar (tekst) og ved hjelp av biletdokumentasjon. Sidan demonstrasjonar av ulike nøkkelkarakterar og korleis desse faktisk ser ut er viktige for å læra og skilja dei ulike artane frå kvarandre, blir det brukt mykje tid på dette under kurset. Nøkkelkarakterar kan definerast som spesielle morfologiske karakterar som brukast for å skilja mellom artar. Slike karakterar kan til dømes vera greinmønster, struktur til alger eller form på greiner. Etter kurset må studentane stola på sine notater og på minnet sitt for å hugsa kva karakterar som nyttast for å skilja dei ulike artane frå einannan. Det finst rett nok ein god, norsk feltflora over marine bentosalger, men denne er ikkje tilstrekkeleg detaljert for det kunnskapsnivået som kurset tek sikte på at studentane skal nå. Problemet er dermed to-delt: korleis hjelpa studentane til å langtidslæra seg alle pensumartane, og korleis gjera det lettare 3

for studentane å friska opp att kunnskapen frå kurset? For å bidra med læremiddel for studentane, laga eg i løpet av våren 2005 ein del ekstra nett-basert læremateriale for studentane, og dette skal eg presentera her saman med ei kort evaluering av materialet. Utvikling av nett-basert læringsmateriale til studentar Nett-basert lærestoff kan organiserast på ulike måtar. Den vanlegaste måten nett-basert lærestoff blir produsert på er å leggja tekst med illustrasjonar ut på internett-heimesider. I dette tilfellet ville det imidlertid vera mest naturleg å bruka Studentportalen til Universitetet i Bergen som ein stad å distribuera stoffet på, då dette er noko alle førelesarar og studentar på kurset har tilgang til. Dessutan er det greit å distribuera materiale gjennom studentportalen då ein her kan leggja ut filar av ulike format. Vidare ville eg gjerne ha tilgang til å kunna revidera det utlagte stoffet på ein enkel og grei måte før og etter kvart kurs. Dette fordi det relativt ofte kjem taxonomiske revisjonar av bentosalgeartar, og fordi lista med pensumartar varierer noko frå år til år, alt etter kva artar vi tilfeldigvis finn kvart einskilt år under kurset. Filar som er lagt ut i Studentportalen, er greie å oppdatera ved at ein kan revidera utgangsfila på eige datamaskin og deretter bytta denne ut med den gamle fila på Studentportalen. Eg ville også gjerne ha eit format på filane som gjorde det lett å leggja inn eller bytta ut biletet under revisjonar. Eg valgte då å bruka Power point (ppt) som filformat, då dette er eit greit format å arbeida med biletstoff i. Stoffet vart difor organisert som ppt-filar, der studentane kunne opna filane i filarkivet til kurset si nettside og bla gjennom filane side for side. Algepresentasjonane vart arrangert i tre hovudfilar som korresponderar med dei tre hovudgruppene av bentosalger; grønalger, brunalger og raudalger. For kvar av artane var det lagt inn ein eller fleire gode illustrasjonar, i form av elektroniske bilete eller teikningar av nøkkelkarakterar til artane. I tillegg vart det lagt inn ein kort tekst som inkluderte det vitskaplege og det norske navnet på arten, og ei skildring av levestad og kva miljøkrav som karakteriserer arta. Innan kvar av hovudgruppene vart algene arrangert etter systematisk inndeling i klassar og ordenar. Det er ein del av pensum for studentane å kjenna systematisk tilhøyrigheit for hovudgruppene av alger, men ikkje for alle. Eg vurderte det slik at det kunne likevel vera ein fordel å presentera alle pensumalgene gruppevis etter systematisk plassering, då dette sidan vil gjera innlæringa lettare for dei av studentane som eventuelt vil gå vidare med systematikk-studiar. Innan nokre av gruppene er det dessutan ein del 4

morfologiske karakterar som er felles for algene innan desse gruppene, og det vil dermed vera lettare å læra desse gruppevis. Dette gjeld imidlertid ikkje alle systematiske grupper, då alger innan andre grupper kan ha svært ulik morfologi. Karakterane som er eins for desse artane, og som skil dei frå andre grupper, er dermed ikkje lett observerbare morfologiske karakterar, men det kan til dømes vera at dei har ein lik livssyklus. Det er difor ingen klar samanhang for bentosalger mellom taxonomi og artskunnskap på den eine sida og systematisk plassering på den andre sida. Sidan hovudvekta i dette kurset ligg på taxonomi, innlæring av artar og karakterer til artar, vart den systematiske plasseringa, samt kva kriterier som brukast under inndeling i systematiske grupper, nevnt under kurset, men berre utvalgte deler av dette var pensum for studentane. I tillegg til dette materialet vart det også sett saman biletmontasjar i ei rekkje mindre ppt-filar, som vart kalla Test deg sjølv -filar. Her vart bilete og teikningar av artar presenterte, men i første omgang utan navn eller omtale av nøkkelkarakterar. Studentane fekk her høve til å testa seg sjølv, og kunne deretter klikka fram rett svar i neste omgang. Eg freista her å leggja inn ulike bilete for samme art, slik at studentane skulle få høve til å sjå fleire bilete av ei og samme art. Evaluering av det nett-baserte lærematerialet Eg laga eit eige skjema for studentevaluering av det nett-baserte læringsmaterialet for bentosalgene. Dette vart distribuert til studentane via Studentportalen. Evalueringsskjema var bygd opp på ein enkel måte, med spørsmål om det nett-baserte læringmaterialet var blitt brukt, om det var nyttig og om det kunne gjerast betre. Det var 12 studentar som tok kurset, og tre som leverte evalueringsskjema. Grunnen til at så få leverte evaluering kan vera ein viss evaluerings-trøyttleik blant studentar. Studentar blir no bedne om å evaluera alle kurs dei går på, og dette kan gjerne bli for mykje då studentane tek fleire kurs kvart semester. Av dei som leverte evalueringsskjema, hadde alle brukt det nett-baserte læringsmaterialet, og alle fann det svært nyttig. Studentane kom med ulike framlegg til korleis materialet kunne gjerast betre, og peika på at det var avgjerande at bileta måtte vera gode og visa nøkkelkarakterane klart. Studentane ynskte seg også fleire bilete. Sidan så få studentar gjennomførde evalueringa, har eg også gjennomført ei kritisk eigenevaluering av det nett-baserte læringsmaterialet. Eg har komme fram til at det er viktig å inkludera fleire gode bilete samt også fleire bilete av ulike individ av samme art. Dette fordi det er ein viss morfologisk variasjon innan kvar enkelt art i naturen, og 5

biletmaterialet bør difor spegla denne variasjonen samt konsistensen av nøkkelkarakterar. Det vil sei at ein og samme art kan visa ein del morfologiske variasjonar, men ut frå eit sett nøkkelkarakterar skal det likevel gå an å identifisera arta, då nøkkelkarakterane ikkje vil variera. Sidan det nett-baserte materialet er laga på ein slik måte at det er lett å revidera, kan dette gjerast litt etter litt, 6