Utkast AVTALE OM REVISJONSTENESTER MELLOM Hordaland fylkeskommune (heretter kalla OPPDRAGSGJEVAR) (heretter kalla LEVERANDØR) For OPPDRAGSGJEVAR: [Stad/dato] [Namn m. blokkbokstavar] [Tittel] For LEVERANDØR: Stad/dato] [Namn m. blokkbokstaver] [Tittel] (Dato, signatur, tittel) (Dato, signatur, tittel) Underskrivarane stadfestar med sin signatur på dette dokumentet at dei innehar dei fullmakter som er naudsynte for å binda kontraktsparten sin under denne avtalen. Fullmakt vedlagt Fullmakt i kraft av stilling Denne avtalen er gjort i eksemplar, der vert behalde av OPPDRAGSGJEVAR og vert behalde av LEVERANDØR. 1
Skriftleg kontakt i relasjon til avtalen All skriftleg kontakt som gjeld dette avtaleforholdet skal sendast til følgjande adresse: Til OPPDRAGSGJEVAR: Til LEVERANDØR: Oppnevnde kontaktpersonar for partane (namn, stilling, telefon, e-post) For OPPDRAGSGJEVAR: For LEVERANDØR: 2
1 FØREMÅLET MED AVTALEN LEVERANDØR skal utføra revisjonstenester for OPPDRAGSGJEVAR i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) med tilhøyrande forskrifter og øvrig gjeldande regelverk. 2 DOKUMENT OG RANGORDNING Avtalen er samansett av følgjande dokument: - Spesielle kontraktsvilkår (dette dokumentet) - Vedlegg 1: Kravspesifikasjon - Vedlegg 2: Løysinga til leverandør - Vedlegg 3: Administrativ organisering - Vedlegg 4: Pris og betaling, inkludert utfylt prismatrise frå LEVERANDØR - Vedlegg 5: Endringar av tenesteytinga etter signering av kontrakt - Vedlegg 6: Generelle vilkår for tenestekjøp Ved motstrid mellom dokumenta gjeld dei i den rekkefølgja som er omtala over. Vedlegg 4 går framfor dei andre vedlegga når det gjeld pris- og betalingsvilkår. 3 OMFANG LEVERANDØR pliktar å utføre revisjonstenester og andre tilknytta tenester for OPPDRAGSGJEVAR i samsvar med krav fastsette i vedlegg 1 kravspesifikasjon. LEVERANDØR har plikt til å yte dei tenester OPPDRAGSGJEVAR måtte bestille under denne avtalen. OPPDRAGSGJEVAR har ikkje kjøpsplikt etter avtalen, utover det som inngår i fastprisoppdrag etter vedlegg 1 Kravspesifikasjon. OPPDRAGSGJEVAR tek atterhald om at dei og kan få særskilte forvaltningsrevisjonsoppdrag eller oppdrag som går ut over planen for forvaltningsrevisjon utført ved hjelp av andre leverandørar i marknaden. 3
4 PRIS- OG BETALINGSVILKÅR Pris- og betalingsvilkår går fram av vedlegg 4. Pris- og betalingsvilkåra i vedlegg 4 utgjer OPPDRAGSGJEVAR sine fulle og heile pris- og betalingsvilkår etter denne avtalen. Einkvar annan kostnad eller utgift grunna eikvar anna handling, forplikting eller avtaleklausul under, eller relatert til, denne avtalen er LEVERANDØR sitt fulle ansvar. 5 OPPDRAGSGJEVAR SINE PLIKTER OPPDRAGSGJEVAR skal oppfylle dei plikter som følgjer av vedlegg til denne avtalen. 6 UTFØRING AV TENESTA Tenesta skal utførast i samsvar med god kommunalskikk og gjeldande bransjestandarder for øvrig. 7 BRUK AV UNDERLEVERANDØRAR LEVERANDØR har det samla ansvaret for sine ytingar under avtalen, herunder all oppfølging av aktuelle underleverandørar. OPPDRAGSGJEVAR tek atterhald om at han skal ha rett til å underkjenne val av underleverandør. Eventuelle økonomiske krav frå underleverandørar eller kostnader i samband med dette, skal berast av LEVERANDØR. 8 SÆRSKILT ERSTATNINGSPLIKT LEVERANDØR svarar fullt ut for alle formar for tap som OPPDRAGSGJEVAR vert påført grunna oversitting av fristar for utføringa av tenestene, med mindre oversittinga er grunna i forhold hos OPPDRAGSGJEVAR. 4
Der LEVERANDØR ser, eller burde ha sett, at OPPDRAGSGJEVAR sitt forhold trugar fristoppfylling, har han meldeplikt til OPPDRAGSGJEVAR utan ugrunna opphald. 9 AVTALEPERIODE Avtalen gjeld f.o.m. 1.juli 2012 t.o.m. 30. juni 2016, med opsjon for OPPDRAGSGJEVAR til å kunne forlengje avtalen med 2 år. Seinast 3 månader før utløpet av avtalen skal LEVERANDØRen vende seg til OPPDRAGSGJEVAR med spørsmål om han ønskjer å forlengje avtalen. Dersom OPPDRAGSGJEVAR ønskjer å forlengje avtalen, skal han gje melding om dette seinast 2 månader før utløpet av avtalen. 5