KVA ER DET SOM GJER AT VI BLIR SÅ NÆRT KNYTT TIL KOSEBAMSANE VÅRE?



Like dokumenter
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Informasjon til elevane

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

mmm...med SMAK på timeplanen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


Jon Fosse. For seint. Libretto

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Psykologisk førstehjelp i skulen

Refleksjon og skriving

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Årets nysgjerrigper 2010

Valdres vidaregåande skule

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsplan for Hare November

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Info til barn og unge

Plassebakken Barnehage

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Mobbing på mindre og større skular

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

IKT-kompetanse for øvingsskular

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Om å høyre meir enn dei fleste

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

«Ny Giv» med gjetarhund

Med tre spesialitetar i kofferten

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Informasjonshefte Tuv barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

Lisa besøker pappa i fengsel

OK, seier Hilde og låser.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Hei alle sjøstjerneforeldre

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Transkript:

KVA ER DET SOM GJER AT VI BLIR SÅ NÆRT KNYTT TIL KOSEBAMSANE VÅRE? Eit forskingsprosjekt av 17 elevar på 5. og 7. trinn ved Bruvik skule Mars/april 2013 Namn på deltakarar frå Bruvik skule i Osterøy kommune, Hordaland: Adrian, Arve, Emma, Elias, Evelyn, Heidi, Idar, Krister, Kristoffer, Mads, Malin, Mathea, Mikael, Sebastian, Tina Iren, Tomine og Vilde. Ansvarleg rettleiar: Robert Flatås

Innhald Føreord... 3 1. Dette lurer vi på. 4 2. Kvifor er det slik? Hypotesar 5 3. Plan for undersøkinga... 6 4. Ut for å hente opplysningar... 7 5. Dette har vi funne ut.. 19 6. Fortel til andre. 22 Vedlegg: 1. stk..23

I heile haust har vi hatt to Nysgjerrigperugler hengjande oppe i eit vindauge i klasserommet der vi elevar i løpet av hausten kunne leggje opp lappar med forslag til kva vi kunne forske på etter jul. I januar 2013 skulle vi «opne» uglene, for slik å gå gjennom alle forskingsforslaga. Det var skrive mange lappar med ulike problemstillingar, men det var særleg eit forslag som skilte seg ut. Ein gut på 7. trinn hadde allereie fyrste skuldagen i haust problemstillinga klar. Han ville finne meir ut om kosebamsar, og kva var det som gjer at ein blir så glad i dei. Heile klassen syntes at dette var eit spennande forskingsspørsmål som vi berre måtte finne meir ut av. Tenk at vi i år skulle forske på våre eigne kosebamsar! Vi skulle altså forske på kosebamsar denne våren! I år ville vi prøve ut å ha to elevar som prosjektleiarar då vi har arbeidd med Nysgjerrigpermetoden tidlegare. Dei av oss som kunne tenkje seg å verta prosjektleiar, måtte levere inn søknad til kontaktlæraren vår Robert. To elevar fekk jobben som prosjektleiarar, og som de ser på biletet så har dei teke på seg våre «Nysgjerrigperugler» i høve fotograferinga. Det er kjekt å forske! Her heng uglene Det er ulike omgrep knytt til kosebamsar som kosedyr, bamsar, nattdyr m.m., og vi vel å nytte omgrepet kosebamsar om alle «kosedyr» sjølv om alle ikkje er rett nok bamsar.

1. 1. Dette lurer vi på Neste steg var å stille gode spørsmål til samanhengen mellom kosebamsar og den nærheita vi har til dei. Vi snakka ein del om dette i klassen, og vi lurte altså på kva det er med oss barn og kosebamsar. Ein gut på 5. trinn fortalte at han er kjemperedd for bamsen sin, særleg etter at hunden ein dag hadde stukke av med kosebamsen. Då vart det drama i heimen.. Etter ein del felles «brainstorming», kom vi fram til at problemstillinga vår måtte bli som følgjer: KVA ER DET SOM GJER AT VI BLIR SÅ NÆRT KNYTT TIL KOSEBAMSANE VÅRE? Vi er altså heilt sikre på at mange born (og kanskje enkelte vaksne) har ei spesiell nærheit til ein eller fleire kosebamsar i løpet av livet. Vi forutset altså at dei fleste born vert nært knytt til ein eller fleire kosebamsar i løpet av barndomstida.vi vart einige om at før me for alvor sette i gong med prosjektet måtte vi definere kva ein kosebamse eigentleg er for noko. Det var ikkje lett å finne definisjonar i bøker eller på Internett, så vi måtte faktisk lage vår eigen definisjon som vart slik: Ein kosebamse er for oss ein bamse eller eit anna kosedyr laga av mjukt stoff som gjer at den er god til å kose med. Kosebamsane er som oftast søte i ansiktsuttrykket, og dei vert ofte seld på leiketøysbutikkar. Ein kosebamse er altså eit slags leikedyr som vi ofte søv med i senga, og vi oppbevarar desse bamsane på rommet over fleire år. Mange får eit nært forhald til dei. Med denne definisjonen i bakhovudet, var vi klare til å lage våre eigne forskingshypotesar. Forskinga vår var i gong!

HYPOTESAR 2. Kvifor er det slik? Vi sette opp følgjande hypotesar knytt til problemstillinga vår som lyder: KVA ER DET SOM GJER AT VI BLIR SÅ NÆRT KNYTT TIL KOSEBAMSANE VÅRE? Hypotese 1: Vi vert nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse er ein god venn å ha når du er aleine. Dei skapar då tryggheit. Hypotese 2: Vi vert nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse ofte er mjuk, søt og varm. Hypotese 3: Vi vert nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse ofte har vore med oss sidan vi var bittesmå babyer. Er ikkje kosebamsane våre søte? Vi er spente på om hypotesane våre stemmer? Nedanfor ser du bilete av vår felles klassebamse på skulen: Lese-Pusur 4-ever

3. Plan for undersøkinga Vi la følgjande plan for forskinga vår. Våre to prosjektleiarar hadde ansvaret her, og dei kom fram til denne planen for forskinga vår basert på idear som klassen hadde diskutert i fellesskap dagen før: a) Me vil ta kontakt med ein bamseforskar eller ein annan forskar som har kunnskapar om born og kosebamsar. b) Me vil ta kontakt med ein barnehage i nærmiljøet vårt, for å høyre om vi kan kome på besøk for å intervjue små born og vaksne der om kosebamsar. c) Me vil søkje på Internett for å finne avisartiklar o.l. om kosebamsar og deira betydning for born. d) Me vil forske på oss sjølve og vår eiga behandling av kosebamsane våre. Dette trur me kan bli morosamt, og det vil gje oss høve til å få eit førstepersonsperspektiv på forskinga vår. e) Me vil opprette ein slags blogg der vi kan nå vaksne som kanskje kan fortelje oss frå sine erfaringar med kosebamsar. Dette må læraren vår Robert hjelpe oss med, for vi tenkjer å opprette ei Facebookside for prosjektet vårt. f) Vi tek kontakt med den kjende bamsen Alfred Bamse og eigaren hans. g) Me vil intervjue barn og vaksne i nærmiljøet vårt ved hjelp av eit enkelt spørjeskjema som vi skal fylle ut når vi intervjuar. h) Med hypotesane våre i bakhovudet søkte vi Nysgjerrigperfondet i februar om pengestøtte til å forske for, og vi fekk innvilga 3000 kroner til prosjektet vårt. Det var kjempebra! Les meir om dette under «Fortel til andre».

4. Ut for å hente opplysningar 4.1 Kven veit noko om det som vi lurer på? Vi fann ingen «bamseforskarar» på Internett som vi kunne ta kontakt med, så vi lurte på kven som vi då kunne ta kontakt med. Heldigvis hadde ei mor i klassen vår lese ei fagbok om barn og deira tilknytning til f.eks. kosebamsar. Det er ei bok i pedagogisk psykologi og er blant anna skrive av Svein Ole Sataøen (bilete t.h.) som arbeider ved Høgskolen i Bergen. Vi bestemte oss for å sende ein e-post til han med problemstillinga vår. Vi fekk svar nesten med ein gong der han skriv at han er imponert over problemstillinga vår. Han skriv følgjande til oss: Dei fleste av oss har som barn hatt ein bamse, ein klut, ei pute eller eit utvaska trekk eller teppe som kosedyr. Mange av oss vaksne hugsar den store krisa når dette «kosedyret» vart borte. So stor kan krisa vere at det i dag er ei eiga norsk facebook side for sakna kosedyr: https://www.facebook.com/savnedekosedyr Ein liten baby viet ikkje heilt kor han sjølv sluttar og mamma eller pappa tek til. Alt går på ein måte i kvarandre. Etter kvart skal grensene lagast, og barnet skal bli eit sjølvstendig menneske. I dette «arbeidet» kan kosedyr vere til hjelp. Kosedyret vert lina attende til det trygge når babyen skal utforske omverda. Men kluten, dokka eller bamsen med kan barnet tørre litt meir. Lukt er viktig i dette og det kan vere katastrofe dersom far har vaska kosekluten eller dokka eller bamsen. Når barnet blir litt større, får kosedyret fleire funksjoner. Då kan den representere god ven å snakke med eller trøst når barnet har slått seg eller gruar seg til noko eller er redd for noko. Då kallar vi på fagspråket kosebamsen for overgangsobjekt. Skulle ein velje ein fagleg vinkel på dette så må det vere Donald W. Winnicott (http://en.wikipedia.org/wiki/winnicott) britisk psykoanalytikar, særleg oppteken av barns utvikling og tilknytingsforhold.

Utviklinga av relasjonar til foreldre og andre menneske; det han kalla objektrelasjonar. Winicott er mest kjent for omgrepet «overgangsobjekt». Overgangsobjekt er ting barn knyt seg til (bamse, sutteklut eller liknande), og som dei i ein overgangsperiode ikkje kan skiljast frå. Dei fungerer som konkrete symbol for foreldra si tryggheit og varme, inntil barnet har nok mental kapasitet til å vite at foreldra eksisterer også når dei er ute av syne. Bamsen vert eit symbol for noko anna for gode samspel, nærleiken til mor, far. Det minnar barnet om det gode dei saknar akkurat der og då. Dei vert mest brukt i situasjonar som sorg, sakn, når barnet legg seg, er lei seg osb. Men dei vert so viktige at barnet tek dei med seg vidare også som symbol på det gode dei har opplevd. Kosedyret representerer det trygge og det kjente. Når kosedyret ikkje har ein funksjon lenger, er barnet ferdig med det. Da blir kosedyret parkert, det har ikkje plass i sekken lenger, det får ikkje vere med på tur, men det kan ha plass på hylla og takast fram av og til når verda er vanskeleg eller urettferdig. Men det er aldri gløymt og det er aldri ute av kroppen. **************************************************************** Vi merka oss viktige stikkord frå Sataøen som er: Liten baby: kosebamsen noko trygt, med på vegen for å utforske verda Liten baby: med kosebamsen kan tørre litt meir (lukt viktig) Når barnet vert større: kosebamsen representere ein god ven, representere tryggheit når ein er redd. Når barnet vert større: kosebamsen god trøyst når ein til dømes har skada seg, er trist m.m. Kosebamsen symbol på foreldra sin tryggheit og varme Kosebamsen vert aldri gløymt og den er aldri ute av kroppen

4.2 Vi deltek på Haus barnehage sin årlege «bamsefest» 8. mars 2013 Vi hadde høyrt rykte om at Haus barnehage (barnehage i nabobygda vår) skulle ha ein bamsefest ein fredag i mars månad. Vi bestemte at fire elevar frå klassen vår skulle besøke barnehagen denne dagen. Vi tok kontakt med barnehagen, og fekk lov til å besøkje dei. Før vi skulle besøkje dei, måtte vi lage intervjuspørsmål som vi skulle stille born og vaksne. Vi ville altså finne ut om og såleis kvifor barnehageborn er så nært knytt til kosebamsane sine. Vi hadde ein flott dag i barnehagen, og under ser de resultatet av spørjeundersøkinga vår. Vi intervjua ikkje alle, men valte ut 8 barnehageborn. I tillegg leika vi med borna og bamsane, og vi var sjølvsagt med på bamsefesten. Vi intervjua 3 vaksne personar som arbeider i barnehagen Resultat av intervjua som vi gjorde i barnehagen (sjå og skjema: VEDLEGG 1) Dei 8 borna som vi intervjua er nært knytt til kosebamsen/kosebamsane sine, og dei fleste av barnehageborna søv med bamsen/bamsane sine i senga om natta. Dei fleste born hadde namn på kosebamsane sine, og ofte står kosebamsane i hylla på gongen i løpet av dagen. Dei vaksne som vi intervjua kunne fortelje at kosebamsane betyr mykje for enkelte born, fordi dei bidrar til at det enkelte barn føler seg tryggare i barnehagen. Dei vaksne sjølv har eigne kosebamsar heime, men dei er ikkje så nært knytt til sine eigne bamsar slik barnehageborna gjev uttrykk for. Det var mange flotte kosebamsar å sjå!

Bilete av kosedyra i barnehagen:

4.3 Vi søkjer på Internett etter informasjon Vi fann ikkje så mange artiklar som var direkte knytt til problemstillinga vår: Kva er det som gjer at vi blir så nært knytt til kosebamsane våre? Det er tydeleg at dette har det ikkje blitt skrive så altfor mykje om, men vi fann no to aktuelle artiklar som vi har lese som heimelekse og i norsktimen på skulen: Artikkel 1: Hver tredje voksne brite sover med bamse. Henta 25.02.2013 på: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/hver-tredje-voksne-brite-sover-medbamse-3715573.html Ei undersøking utført av hotellkjeda Travelodge viser at 35 prosent av alle britiske vaksne søv med bamsen sin i senga, og i tillegg har 25 prosent av engelske menn med seg teddybjørnen sin på businesstur. Vidare i artikkelen kan ein lese at ein ekspert Huffington post har snakka med, meiner desse resultata ikkje er overraskande. Å kose med en bamse er ein viktig del av vår psyke fordi det gjev ei kjensle av fred, tryggheit og trøyst, seier psykolog Corrine Sweet til avisa. Av dei spurde i undersøkinga svarar også 51 prosent at dei har teke vare på ein bamse frå barndommen sin. Artikkel 2: Barnet ditt trenger et kosedyr Henta 13.03.2013 på: http://www.abcnyheter.no/livet/2012/08/29/barnet-ditt-trenger-et-kosedyr Her står det at kosebamsar gjer born sjølvstendige, trygge og sosiale.

4.4 Vi forskar på oss sjølve Dette trur me kan bli morosamt, og det vil gje oss høve til å få eit førstepersonsperspektiv på forskinga vår. Vi bestemte oss for å leggje opp forskinga på oss sjølve slik: a) Vi skriv kvar vår tekst om vår eigen kosebamse der vi skriv kva kosebamsen/kosebamsane eigentleg betyr for oss som er 10 13 år gamle. b) Vi arrangerer «BAMSE-OL» i gymsalen på skulen der læraren vår skal observere vår deltaking saman med bamsane våre. Korleis er samspelet her? c) Vi utfører eit «heimeeksperiment» der vi skal sove ei natt utan kosebamsar inne på soveromma våre. Klarar vi det? Eller må vi hente inn att kosebamsane før vi klarar å sovne? Poenget vårt med dette er: Klarar vi å oppdage noko knytt til vårt eige forhald til vår kosebamse? Vil dette lettare kunne gje oss svar på problemstillinga vår? RESULTAT: a) Tekstane våre viser at vi har namn på kosebamsane våre (Marti, Mr. Kos, Teddy, Ludvigson m.fl.), og at dei betyr mykje for oss. Mange har nytt adjektiv som søt, mjuk, god og kul. Det som vi merka når tekstane vart lese opp i klassen, var at mange skreiv at deira favorittkosebamse er «spesiell». Den er spesiell, fordi ein har hatt bamsen sidan ein var liten baby. Det gjer kosebamsen til noko nært for oss, og fleire av oss skriv at kosebamsen er flink til å halde på løyndommar. Det er ikkje alle i klassen som er like nært knytt til bamsen no når ein nærmar seg tenåra, men dei vil ikkje pakka den vekk. Det er godt å ha den på rommet sitt «den har liksom alltid vore der så lenge ein kan hugsa». Kvifor tek vi med våre eigne kosebamsar på skulen? Vi har studert kosedyra våre gjennom å skildre dei i tekstane våre, og funne ut at mange av kosebamsane våre har eit fint og blidt ansikt, ofte med eit godt smil og auge som verkar opne og velkomne. Fargar spelar og ei viktig rolle der sterke fargar ser ut til å vere viktig når ein er liten. Å ha klede på bamsen vert viktig når ein vert større. Kjekt å forske på våre eigne kosebamsar! Vi trur at kosebamsane våre likar godt å bli forska på likar å få litt ekstra oppmerksamheit

b) Vi arrangerer Olympiske leikar for kosebamsane våre (BAMSE-OL») i gymsalen. Alle i klassen hadde med seg favorittkosebamsen sin, og det som vi la merke til at vi var kjemperedde for bamsane våre. Vi ville vere med dei heile tida, og ville ikkje at dei skulle bli vekke/rota med/vere att i klasserommet når det var friminutt. I gymsalen gjennomførte vi ulike øvingar med kosebamsane våre, og utan at vi hadde tenkt på det så la lærarane våre merke til at vi ikkje forlot bamsen vår eit sekund denne 90 minuttars lange økta. Med andre ord: Kosebamsane ser ut til å bety noko personleg for alle i klassen, og at desse kosebamsane har vore og fortsatt er for nokon i klassen noko nært, trygt og privat. Vi hadde ei kjekk stund saman med våre flotte kosebamsar. Sjå bileta under frå OL på Bruvik den dagen vi hadde med bamsane våre på skulen.

c) Vi utfører eit «heimeeksperiment» der vi skal sove ei natt utan kosebamsar Resultatet vart som følgjer: 16 AV 17 ELEVAR KLARTE Å SOVE UTAN KOSEBAMSEN/KOSEBAMSAR PÅ ROMMET DEN NATTA. 1 ELEV LAGA TIL EIT HANDKLEDE SOM LIKNA PÅ KOSEBAMSEN SIN SLIK AT HAN HADDE «NOKO DER, NOKO TRYGT» SLIK HAN PLEIER. Det var noko uvant for dei fleste av oss å sove utan kosebamsane, så det var godt for fleire av oss å få dei tilbake på rommet neste natt. Her ser de eit utval av våre flotte kosebamsar:

4.5 Oppretting av FACEBOOKSIDA «Kosebamsar elevforskingsprosjekt» Vi bestemte oss for å lage ein blogg, og valet falt på Facebook. Sidan dei fleste av oss ikkje er gamle nok til å oppretta eigen profil, så ordna læraren vår dette. Vi har sett på sida på storskjerm i klassen vår, slik at alle i klassen er informert om kva som skjer der. Denne facebooksida er ikkje for oss, men for vaksne og ungdommar som har lyst til å fortelje om sin kosebamse m.m. Her kan vi nå mange vaksne, og vi har delt problemstillinga vår her i det digitale universet. Sida vår finn du på: https://www.facebook.com/pages/kosebamsar- Elevforskingsprosjekt/445188785551714?ref=hl Resultat: Det har ikkje vore lett å få folk til å fortelje om kosebamsane sine, for vi fekk inn mange mindre historiar enn vi hadde forventa. På ei anna side har vi fått mange følgjarar, og det er tydeleg at folk følgjer med på prosjektet vårt. Det er kjekt med mange «likes». Men vi fekk no inn nokre innlegg, og her er nokre interessante utdrag frå innlegga som vi hittil i april har fått inn på sida vår: Min lille datter på snart to har nettopp lagt sin elsk på en hvit kosekanin, og i dag nektet hun plent å dra i barnehagen uten "Nin" ;) Eg vil gjerne dele dette bilete av Bamse og Bamse, som eg tok for nokre år sidan. Dei var to av mine favorittbamsar, og var med på mykje moro. Vi hadde te og pannekake-selskap rett som det var, og av og til fekk dei vere med ut i dukkevogna. Då måtte dei som oftast dele plass med Bamse, Bamse og Bamse. Alle mine kosebamsar heitte nemleg det same! Det var jo enkelt for meg å halde rede på kven som var kven likevel.. Når eg skulle sove var det viktig at alle bamsane låg i senga saman med meg. Det var liksom ekstra trygt og godt når bamsane skulle sove dei òg. No seier mammaen min at eg slett ikkje sov så mykje når eg var liten. Men, det trur eg berre var fordi eg sjølvsagt måtte leike litt med bamsane før eg sovna. Slik at dei ikkje følte seg gløymt og oversett, liksom.. No har eg vorte flinkare å sove med åra, så i dag søv eg utan bamsar (og det er nok ganske lurt, sidan ein vert frykteleg trøtt på jobb dagen etterpå, viss ein skal leike med bamsar til langt på natt).

Her ser de eit bilete av min kosebamse som eg fekk då eg var 1 år gamal. No er eg 34 år. Bamsen min var veldig viktig for meg då eg var liten, og er det framleis. De kan sjå at bamsen er sydd både her og der, han har heller ikkje mykje mjuk pels igjen, og sløyfa rundt halsen er det nesten ingenting igjen av. Det er fordi bamsen og eg har kosa masse, så bamsen min er ein ordentleg KOSEbamse. Mine bamsar vart klemt så mykje at dei måtte få førstehjelp rett som det var. Heldigvis var mammaen min flink til å sy, og fekk sydd fast øyrer og festa nye knappar til auge etterkvart som det trengtes! Ingenting er som ein skikkeleg god og høgt elska kosebamse. Her ser de nok eit utval av våre flotte kosebamsar:

4.6 Vi tek kontakt med «Alfred Bamse» Ei jente på 7. trinn hadde høyrt om ein bamse som hadde over 2600 følgjarar på Facebook og har sin eigen blogg (http://alfredbamse.blogg.no/. Han heiter Alfred Bamse, og det er gjeve ut fleire barnebøker om Alfred Bamse. Forfattaren og offshore arbeideren Kurt Rutledal er den som har skrive bøkene om Alfred Bamse, og dei besøkjer mellom anna ein del skular og arbeidsplassar i Noreg. Vi bestemte oss for å ta kontakt med han. I følgje Rutledal arbeider Alfred Bamse som kosolog og inspirator på Bulandet skule i Sogn og Fjordane. Vi bestemte oss for å høyre kva Alfred Bamse og Kurt Rutledal tenkjer om problemstillinga vår. To elevar på 5. trinn fekk i oppgåve å sende ein e-post til han. Og jammen fekk vi raskt svar frå Alfred Bamse: Hei. Eg har spekulert, men det er ikkje lett å vite det rette svaret. Det må være ett medfødt behov menneska har. Både ett behov for å ha nokon å ta vare på og og som ei trøst vist ein er lei seg. Ett kosedyr er fint slik, det krangler aldri og sladrer aldri og er der kun for deg. Så har eg oppdaga at knytninga mot kosedyr varer heile livet, uansett kva jobb og kjønn ein har. Uansett om en er direktør i dress og slips, eller knalltøff oljearbeider eller lege eller mann eller dame, så blir alle smilande og blide og omsorgsfulle når dei får Alfred Bamse i armane. Dei prater med Alfred som om han skulle være levande, og held på han som det skulle være deiras eigen nyfødde baby. Eg trur det er ein slags medfødt egenskap for å vise omsorg og beskyttelse for nokon som er små og sårbare. En egenskap som gjer at menneska skal vise omsorg og beskyttelse for babyane sine, men når vi ikkje har babyar så viser vi omsorg og beskyttelse for kosedyra i stadenfor. Det er oljearbeiderer og direktører og leger og mange fleire som er veldig fornøgd med å få koseprate med ein kosebamse. Så ser eg mange skrivefeil, eg må vist begynne å fylje bedre med på skulen Kan det høyres lurt ut? Helsing Alfred Bamse

4.7 Intervju med barn og vaksne i nærmiljøet vårt Vi laga eit spørjeskjema der kvar av oss skulle intervjue eit barn (4-12 år) og ein vaksen (18 105 år) på Bruvik om kosebamsar. Vi intervjua 30 personar, der 10 var born under 12 år. Vi stilte følgjande tre spørsmål: Intervju med barn og vaksne JA NEI 1. Har du ein kosebamse? 100 % 0 % 2. Er du glad i kosebamsen din? 100 % 0 % Har du ein kosebamse? Er du glad i kosebamsen din? Ja Nei Ja Nei Vi ser altså at blant alle våre spurte så hadde alle ein kosebamse, så vel born som vaksne. Alle svara at dei er glad i kosebamsen sin. Etter at vi hadde stilt desse spørsmåla, skulle vi stille spørsmål 3 (viss dei svara ja på spørsmål 2). Vi var spente på kva for svar vi ville få inn på dette spørsmålet: 3. Kvifor er du så glad i bamsen din? (her noterte vi ned viktige stikkord) FORDI DEN HAR VORE I SENGA I ALL MI TID, FORDI EG HAR HATT DEN HEILE LIVET, DET ER GØY Å LEIKE MED DEN, FORDI EG HAR HATT DEN SIDAN EG VAR LITEN, FORDI HO ER KUL, FORDI EG HAR STELT MYKJE MED DEN, FORDI DEN ER STOR OG KOSETE, FORDI EG HAR SÅ MANGE FINE MINNE MED DEN, FORDI HO VAR MED MEG PÅ SJUKEHUSET DÅ EG VAR LITEN OG ALEINA, FORDI DEN ER SÅ SKJØNN, FORDI EG FEKK DEN AV DOTTERA MI, FORDI HAN ER SÅ FIN OG MJUK Å KOSE MED, ER EIT MINNE FRÅ BARNDOMMEN OG BESTEMORA MI, FORDI HAN ER SÅ KOSETE, FORDI EG FEKK HAN AV MI BESTE VENNINNE, DEN ER SÅ FIN OG SØT, SYNTES SYND PÅ DEN KAN IKKJE KASTA DEN FORDI EG HAR HATT DEN SÅ LENGE, DEN ER SÅ STOR, GOD OG MJUK, FORDI HAN ER MIN BESTE VEN.

5. Dette har vi funne ut KVA ER DET SOM GJER AT VI BLIR SÅ NÆRT KNYTT TIL KOSEBAMSANE VÅRE? Då vi starta dette prosjektet, bar hypotesane våre preg av at ein kosebamse er noko nært for oss. Vi blir nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse er ein god venn å ha når du er aleine. Dei skapar då tryggheit. Vi tenkte og at vi blir nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse ofte er mjuk, søt og varm. Vår tredje hypotese var at vi blir nært knytt til kosebamsane våre, fordi ein kosebamse ofte har vore med oss sidan vi var bittesmå babyer. På ei anna side har forskinga vår gjeve oss meir kunnskap om korleis det er å vere menneske og vår utvikling her. Det som kanskje overraska oss litt, er at vaksne blir og nært knytt til kosebamsar, men på ein litt annan måte enn det er for eit barn. Det har vore interessant og gøyt å forske på kosebamsar! 5.1 Våre forskingsresultat Vi har funne ut at våre hypotesar stemmer ganske godt overeins med det som vi har funne ut. På ei anna side har vi funne ut at kosebamsen betyr ulikt for oss gjennom livet. Vi blir nært knytt til kosebamsane våre, fordi kosebamsar er noko som dei fleste av oss har hatt sidan vi var babyar. Når vi er små born, er kosebamsen noko trygt som vi har med oss på vegen for å utforska verda. Lukta til kosebamsen er og viktig her. Med kosebamsen kan eit lite barn tørra litt meir. Vi blir og nært knytt til kosebamsane våre, fordi når eit barn blir større blir kosebamsen ein god venn. Ein kosebamse kranglar aldri med deg, sladrar aldri på deg og den er der kun for deg! Den er for mange born god å ha når ein til

dømes er redd, lei seg, har skada seg eller når ein vil ha nokon å kose og/eller stelle med. Å ha ein eller fleire kosebamsar gjev oss tryggheit når vi har behov for det. Særleg om natta når det er mørkt er det godt å ha ein ven i soverommet som ein til dømes kan fortelje løyndommar til. Det er og godt for barnehageborn å ha kosebamsen med seg i barnehagen, slik at ein kan hente den fram når det skulle vere ekstra behov for det. Når vi blir juniorar og tenåringar, så viser forskinga vår at kosebamsen er noko vi tek fram når vi har behov for det, noko som kanskje skjer mindre og mindre etter kvart som ein nærmar seg ungdomsåra. Vi blir også nært knytt til kosebamsane våre seinare i livet, fordi dei eigentleg aldri vert heilt gløymte. Me har gjennom forskinga vår sett frå ulike hald at kosebamsar ser ut til også å bety noko for vaksne menneske. Ei undersøking utført av hotellkjeda Travelodge (2012) viser at 35 prosent av alle britiske vaksne søv med bamsen sin i senga, og i tillegg har 25 prosent av engelske menn med seg kosebamsen sin på businesstur. Den kjende bamsen frå Bulandet, Alfred Bamse og eigaren hans Knut Rutledal, stadfestar dette der dei skriv til oss på e-post at uansett om ein er direktør i dress og slips, eller knalltøff oljearbeidar eller lege eller mann eller dame, så blir alle smilande og blide og omsorgsfulle når dei får Alfred Bamse i armane. Dei pratar med Alfred Bamse som om han skulle vere levande, og dei held på han som det skulle vere deira eigen nyfødde baby. Kan det vere slik at det er ein slags medfødt eigenskap hjå oss menneske for å vise omsorg og beskyttelse for nokon som er små og sårbare? Våre intervjuundersøkingar med vaksne og innlegg som vi har samla inn på bloggen vår viser at for enkelte vaksne så betyr fortsatt kosebamsen noko. Det

kan ha med viktige barndomsminne å gjere, og at den faktisk er med oss gjennom store delar av livet på ein eller annan måte. Vi har altså funne ut at kosebamsar vekkjer gode kjensler, omsorg og nærheit hjå oss menneske anten ein er 5 eller 80 år gammal, gut eller jente, kvinne eller mann. Kjenslene til kosebamsane er sjølvsagt ulike her, og det er det som er det fine med kosebamsar: ein kosebamse gjev ulike kjensler av fred, tryggheit og glede i kvardagen, og alt dette er med på å gjere at vi blir nært knytt til kosebamsane våre. Vi vil avslutte denne resultatdelen med eit fint dikt om kosebamsar som vi fann på Internett (http://www.skrivebua.no/index.html?skrivebua.cgi?a=lesbidrag&bnr=154261 Diktet er skrive av ei som kallar seg Guri Malla frå Oslo: Kosebamsen min (Til ære for alle kosedyr) Jeg fikk deg når jeg var et år da var du bare en fremmed. Jeg drasset på deg når jeg var to år da var du blitt en støtte. Jeg husket på deg når jeg var tre år da delte du lørdagsgodteriet med meg. Jeg passet på deg når jeg var fire år da sovnet du alltid før meg. Jeg lærte deg ting når jeg var fem år da kunne du også 1 + 1 = 2. Jeg trøstet deg når jeg var seks år da begynte jeg på skolen. Jeg tegnet deg når jeg var sju år da var du smilende resten av dagen. Jeg glemte deg når jeg var åtte år da rømte jeg hjemmefra, men kom tilbake. Jeg klemte deg når jeg var ni år da var du den eneste vennen jeg hadde. Jeg fortalte deg ting når jeg var ti år da visste du ting ingen andre gjorde. Jeg gledet deg når jeg var elleve år da lagde jeg et trehus til deg. Jeg elsket deg når jeg var tolv år da var du den beste av alle! To fine påskekosedyr kosar seg i eit tre på Bruvik skule Jeg gjemte deg når jeg var tretten år da var det ingen som hadde kosedyr mer. Jeg glemte deg aldri når jeg var fjorten år da satt du i en kasse på loftet. Jeg hentet deg når jeg ble femten år da var du tilbake i armkroken min. Guri Malla Oslo

6. Fortel til andre 6.1 Vi publiserer forskingsresultata på heimesida vår (Internett) Me vil i løpet av april månad skrive på heimesida vår (www.bruvik.skule gruppe 2) om det som vi har funne ut. Det er mange menneske som er innom heimesida vår kvar dag, så her når vi mange med vårt forskingsresultat. 6.2 Vi publiserer forskingsresultata på Facebooksida vår til prosjektet («bloggen» vår på Internett) Vi vil i april månad skrive på Facebooksida vår om det som vi har funne ut. Det er mange som er følgjer med her kvar dag, så her når vi mange med vårt forskingsresultat. 6.3 Vi publiserer forskingsresultata i eit innlegg i lokalavisa vår Vi har i april skrive og fått på trykk eit innlegg i Bergensavisen (BA), og vi får på trykk innlegget i lokalavisa Bygdanytt (BN) i april. Her når vi mange menneske med vårt forskingsresultat. 6.4 Nysgjerrigperfondet - vi lagar dokumentarfilm om kosebamsar Vi søkte Nysgjerrigperfondet om pengar til nytt videokamera slik at vi kan lage vår eigen dokumentarfilm om kosebamsar. Eit nytt videokamera kosta kr. 2500.- (Sony HD), og vi hadde ikkje eit brukbart videokamera på skulen. I tillegg trong vi pengar til å dekkje formingsmateriell knytt til prosjektet vårt, arrangementet Bamse-OL og busspengar til barnehagebesøket i Haus. Vi fekk innvilga kr. 3000.- frå Nysgjerrigperfondet. Dette gjer at vi kan lage våre eigen dokumentarfilm no når vi fekk kjøpt eit nytt videokamera som vi kan nytte ulike forskingsprosjekt framover. Vi lagar ein dokumentarfilm om kosebamsar som vi vi vil vise blant anna til venner og kjende. Dokumentarfilmen skal få fram resultatet av forskinga vår. FILMEN VERT ETTERSENDT SOM EIGA FIL TIL NYSGJERRIGPER FØR 1. MAI HÅPAR VI PÅ. ER IKKJE SENDT SAMAN MED FORSKINGSRAPPORTEN.

Vedlegg 1: Intervjuskjema i barnehagen SPØRSMÅLA Barn Barn Barn Barn Barn Barn Barn Barn TIL BORNA: 5 år 4 år 5 år 5 år 5 år 5 år 4 år 5 år Kva heiter KITTI FRIDA KITTI PHILLIP TUSSI SUPER- TORNE- TONE- kosebamsen HELT ROSE FOSS din? Søv du med kosebamsen din? NEI JA JA JA JA JA JA NEI Er du glad i han? JA JA JA JA JA JA JA JA SPØRSMÅLA TIL VAKSEN I BARNEHAGEN: Har du ein kosebamse? Vaksen A Vaksen B Vaksen C JA JA JA Er du nært NEI NEI, IKKJE NO NÅR EG ER LITT knytt til VAKSEN. kosebamsen din?

Kva heiter Skumle- Viktor Bamse kosebamsen mus din? Kor lenge har du hatt kosebamsen din? 21 år 35 år 4 år Betyr Betyr litt Betyr mykje for meg då ei Kjekt å leike med den i kosebamsen for meg venninne av meg har sydd dokkehus. noko for deg? den. Er det viktig for Ja, for Ja, fordi dei då føler seg Ja, for nokre born er det viktig. barnehageborn nokon er tryggare i barnehagen. å ha med ein eller fleire kosebamsar i barnehagen? det viktig å ha med bamsar. 5. TRINN LAGA BAMSEFIGURAR Ein vakker vårdag i mars månad laga vi flotte bamsefigurar av salt, mjøl, matolje og zalo.