Vågsøy kommune Plan og utvikling Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2076-4/ HIST-14/172, FE-120 JAMI1 20.09.2016 Avgrensa rullering av Fylkesdelplan arealbruk - innspel til høyring av retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra Kommunestyre- 16/068, har i møte 15.09.2016 og fatta følgande vedtak: Vågsøy kommunestyre stiller seg positiv til at ein i framlegg til nye retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra til revidering av Fylkesdelplan arealbruk vil likestille byane/tettstadene Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn i Nordfjord med tanke på arealavgrensing av slike senter. Vågsøy kommunestyre ynskjer at det ikkje vert sett noko arealavgrensingar for slike verksemder i regionen, og dermed likestiller Nordfjord med Sunnfjord og Sogn med tanke på konkurranse i detaljhandelen. Om det vert sett eit arealtak for handelssentra i Nordfjord, meiner Vågsøy kommunestyre at ein må setje dette til 15.000 m² for alle dei nemnde byane/tettstadene i regionen. Det må i Fylkesdelplan arealbruk presiserast at det som i framlegg til nye retningsliner vert omtala som Måløy sentrum må omfatte alt areal som ligg til Måløy by, slik det vart definert då Måløy fekk status som by i 1997. Dette omfattar både den gamle bykjernen, samt mellom anna dei tettbygde og bymessige områda på Fastlandet, der det i dag er omfattande areal som vert nytta til merkantile føremål. I området Deknepollen på Fastlandet er det i dag etablert eit handelssenter med eit samla areal på noko over 7.000m². Vågsøy kommunestyre er kjend med at det eksisterer konkrete planar for utviding av dette i nær framtid Vågsøy kommunestyre er informert om at det no utarbeidast ein lokal handelsanalyse i høve planlagd utviding av dette handelssenteret. Med helsing Janne Midtbø tenesteleiar Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur Adresse Telefon Org. nr E-post Internett Postboks 294, 6701 MÅLØY 57 84 50 00 942 952 880 post@vagsoy.kommune.no www.vagsoy.kommune.no
Side 2 av 7
Vågsøy kommune Arkiv: HIST - 14/172, FE - 120 JournalpostID: 16/20185 Saksbehandlar: Janne Midtbø Dato: 26.08.2016 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 16/112 Formannskap 01.09.2016 16/068 Kommunestyre 15.09.2016 Avgrensa rullering av Fylkesdelplan arealbruk - innspel til høyring av retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra Bakgrunn for saka: Aktuelle lover, forskrifter og plandokument: Plan og bygningslov med tilhøyrande retningsliner og rettleiarar Gjeldande fylkesdelplan for arealbruk Forskrift med rikspolitisk bestemmelse for kjøpesenter (FOR-2008-06-27-742) med utfyllande kommentarar Fylkesutvalet vedtok i sak 66/16 å legge framlegg til nye retningsliner ut på høyring. Retningslinene er ein del av ei avgrensa rullering av Fylkesdelplan for arealbruk og skal erstatte gjeldande retningsliner, kap. 3.2.4. Høyringa opnar for storhandelspark på Brulandsvellene i Førde og regulerer elles handel i sentrum i alle tettstadane i fylket. Saka er lagt ut til offentleg høyring med heimel i Plan - og bygningslova 8-3 fram til 15. september 2016. Formannskapet skal i denne saka kome med innspel til høyringsframlegget. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Vågsøy kommune ber om at planframlegget vert omarbeidd i tråd med punkt 1-4 i vurderinga og lagt ut på ny høyring. Formannskap 01.09.2016: Møtebehandling: Side 3 av 7
Tjenesteleder plan og utvikling Janne Midtbø orienterte. SP v/repr. Betty Hessevik fremmet følgende forslag til vedtak: «Saken oversendes kommunestyret for behandling.» Votering: Det ble votert alternativt over rådmannens innstilling og forslag frå SP v/repr. Hessevik. Forslag frå SP v/repr. Hessevik enstemmig vedtatt. F- 16/112 Vedtak: Saken oversendes kommunestyret for behandling. Kommunestyre 15.09.2016: Møtebehandling:, foreslått av, Representanten Hogne Bleie (Frp) fremmet på vegne av et samlet kommunestyre følgende endringsforslag til rådmannens innstilling: Vågsøy kommunestyre stiller seg positiv til at ein i framlegg til nye retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra til revidering av Fylkesdelplan arealbruk vil likestille byane/tettstadene Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn i Nordfjord med tanke på arealavgrensing av slike senter. Vågsøy kommunestyre ynskjer at det ikkje vert sett noko arealavgrensingar for slike verksemder i regionen, og dermed likestiller Nordfjord med Sunnfjord og Sogn med tanke på konkurranse i detaljhandelen. Om det vert sett eit arealtak for handelssentra i Nordfjord, meiner Vågsøy kommunestyre at ein må setje dette til 15.000 m² for alle dei nemnde byane/tettstadene i regionen. Det må i Fylkesdelplan arealbruk presiserast at det som i framlegg til nye retningsliner vert omtala som Måløy må omfatte alt areal som ligg til Måløy by, slik det vart definert då Måløy fekk status som by i 1997. Dette omfattar både den gamle bykjernen, samt mellom anna dei tettbygde og by-messige områda på Fastlandet, der det i dag er omfattande areal som vert nytta til merkantile føremål. I området Deknepollen på Fastlandet er det i dag etablert eit handelssenter med eit samla areal på noko over 7.000m². Vågsøy kommunestyre er kjend med at det eksisterer konkrete planar for utviding av dette i nær framtid Vågsøy kommunestyre er informert om at det no utarbeidast ein lokal handelsanalyse i høve planlagd utviding av dette handelssenteret. Votering: Det ble votert over endringsforslag fra et samlet kommunestyre. Enstemmig vedtatt. K- 16/068 Vedtak: Vågsøy kommunestyre stiller seg positiv til at ein i framlegg til nye retningsliner Side 4 av 7
for lokalisering av handel og kjøpesentra til revidering av Fylkesdelplan arealbruk vil likestille byane/tettstadene Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn i Nordfjord med tanke på arealavgrensing av slike senter. Vågsøy kommunestyre ynskjer at det ikkje vert sett noko arealavgrensingar for slike verksemder i regionen, og dermed likestiller Nordfjord med Sunnfjord og Sogn med tanke på konkurranse i detaljhandelen. Om det vert sett eit arealtak for handelssentra i Nordfjord, meiner Vågsøy kommunestyre at ein må setje dette til 15.000 m² for alle dei nemnde byane/tettstadene i regionen. Det må i Fylkesdelplan arealbruk presiserast at det som i framlegg til nye retningsliner vert omtala som Måløy sentrum må omfatte alt areal som ligg til Måløy by, slik det vart definert då Måløy fekk status som by i 1997. Dette omfattar både den gamle bykjernen, samt mellom anna dei tettbygde og bymessige områda på Fastlandet, der det i dag er omfattande areal som vert nytta til merkantile føremål. I området Deknepollen på Fastlandet er det i dag etablert eit handelssenter med eit samla areal på noko over 7.000m². Vågsøy kommunestyre er kjend med at det eksisterer konkrete planar for utviding av dette i nær framtid Vågsøy kommunestyre er informert om at det no utarbeidast ein lokal handelsanalyse i høve planlagd utviding av dette handelssenteret. Saksopplysningar: Det vert vist til vedlagte dokument for innhald i bakgrunnsmateriale, planutkast, konsekvensutgreiing og sak 66/16 i fylkesutvalet. Nye retningsliner opnar opp for storhandelspark utanfor Førde sentrum og har endringar i storleik på kva som vert tillate bygd i alle sentrumsområda i fylket. Dette bidreg mellom anna til å harmonisere tilhøvet om kva som er mogleg å bygge ut i tettstadane i Nordfjord. Endringane vert føreslegne i tråd med hovudfunna i den regionale handelanalysen og konklusjonane i konsekvensutgreiinga. Retningslinene er også oppdatert i høve definisjonar og endringar som bør takast omsyn til. For Måløy sentrum er det opna opp for 11000 m². Sentrum er i samfunnsdelen til kommuneplanen definert til Måløy sentrum, dvs. handelsgatene i Måløy. I arealdelen til kommuneplanen er området opp til gate 2 lagt ut med formålet bykjerne. Det er ikkje knytt føresegner til lokalisering av handel. Framlegg til ny forskrift viser til at det som hovudregel berre er i sentrumsområde ein kan lokalisere handelsverksemd. Det vert då viktig at forskrifta er presis på kva som kan vere unntak, dvs. ikkje hovudregel. Forskrifta er klar på at avgrensing av sentrumsområde skal vere fastsett i gjeldande kommuneplan. Det er ikkje presisert at sentrum skal avgrensast i arealdelen eller at det skal knyttast bestemmingar til området knytt til etablering av kjøpesenter. For Vågsøy er det ei aktuell problemstilling at det er ein tiltakshavar som ynskjer å utvide allereie etablert handelssenter omlag 3 km frå Måløy sentrum. Sitat frå retningslinene: For handel som vert lagt i tilknyting til eksisterande sentrumsområde er eit av kriteria at det er godt tilgjenge for alle trafikantar, også gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. Setninga vert oppfatta som unntak frå hovudregelen. Setninga er svært upresis og bør endrast slik at den kan nyttast til vurdering av kva som kan vere unntak frå hovudregelen. Det bør definerast korleis ein definerer «i tilknyting til eksisterande sentrumsområde». Ein måte å definere det på kan vere å legge inn eit avstandskriteria. Det vert vist til eit av kritereia for å gå vekk frå hovudregelen. Kva er dei andre kriteria? Det skal vere god tilgjenge for alle trafikantar, også for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. Er det har snakk om den nye etableringa eller mellom sentrumsområde og den nye etableringa? SSB har definert sentrumsområde på følgjande måte: Side 5 av 7
1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter i kring. 2. Ein sentrumskjerne er eit område med minst 4 ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse- og sosialtenester eller kulturell verksemd, underhaldning eller annan tenesteyting vere representert. Avstanden mellom verksemdene skal ikkje vere meir enn 50 meter. Det må vere minst 50 tilsette i sentrumssona. Sentrumsområde er ikkje definert i retningslinene. I konsekvensutgreiinga er det vurdert verknader av om ein opnar for handelspark utanfor Førde sentrum. Tilsvarande vurdering er ikkje gjort for t.d. Måløy eller Florø. I Vågsøy er det allereie etablert eit handelssenter utanfor bysentrum (med eit BRA i matrikkelen på 6600 m²) og det er kjent for fylkeskommunen at det er planar om utviding av dette då det er lagt inn motsegn mot framlegg til reguleringsplan for utvidinga. Vurdering / konsekvensar Planmaterialet som ligg ute til høyring bør supplerast og leggast ut til ny høyring då det er vesentlege manglar for å kunne ta stilling til planframlegget. Kort oppsummering av manglar: 1. Retningslinene bør innehalde ein definisjon på sentrumsområde. Eit døme er å nytte SSB sin definisjon som vist til ovanfor. 2. For Vågsøy kommune er det ei sentral problemstilling om det kan etablerast handelssenter på inntil 11000 m² 3 km frå sentrumsgatene i Måløy. Slik retningslinene er utforma i dag er dei ikkje gode nok på kva som kan vere unntaket frå hovudregelen. Punkt 3.3 må gjerast meir presis på kva kriteria som må leggast til grunn for å kunne gjere unntak frå hovudregelen. I kap. 4.2 i handelsanalysen er det vist til ulike kriteria som t.d. kan leggast inn i retningslinene. 3. Det er ikkje konsekvensutgreidd kva verknader ein utviding av handelssenteret i Deknepollen vil ha for sentrumsutviklinga og handelsutviklinga i Vågsøy. Dette er gjort for Førde. Førde kommune kan difor i sin høyringsuttale vurdere verknadane av dei ulike vala opp mot kvarandre. Vågsøy kommune treng tilsvarande konsekvensvurdering før ein kan gje uttale til om det bør tillatast utviding av eksisterande kjøpesenter utanfor bykjernen i Måløy. 4. Retningslinene manglar føringar for korleis nye områder for handel og kjøpesenter skal konsekvensutgreiast, jamfør tilråding i handelsanalyse for Sogn og Fjordane kap. 4.3. I tråd med tilrådinga bør felles omforeint metode for dette avklarast i fylkesdelplanen og inkluderast i denne rulleringa. Vedlegg i saka: 26.08.2016 framlegg-til-nye-retningsliner-for-lokalisering-av-handel-ogkjoepesentra-som-grunnlag-forkonsekvensutgreiing.16064101d16059882.f7d2703491 (DokID 198351) 26.08.2016 handelsanalyse-for-sogn-og-fjordane-datert-07-06- 16.16064077d16059882.d52c67ae8e (DokID 198352) 26.08.2016 konsekvensutgreiing-av-framlegg-til-nye-retningsliner-forhandel-pdf.16063391d16059882.8430483520 (DokID 198353) 1325518 1325519 1325520 Side 6 av 7
26.08.2016 Saksutredning og vedtak i sak 66-16 i fylkesutvalet (DokID 1325521 198354) 01.09.2016 Høyringssvar retningsliner handel og kjøpesenter 1325927 01.09.2016 VS Høyringssvar frå Nordfjordrådet - retningsliner for lokalisering av handel- og kjøpesenter 1325928 Side 7 av 7