Årsmelding Mange møtte opp til opninga av Storddøra 17. juni

Like dokumenter
Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Oversyn over økonomiplanperioden

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Tertialrapport 2 tertial 2015

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Statistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

KOSTRA og nøkkeltall 2016 Vågå Kommune

Heimetenester til funksjonshemma (Utval for Kultur og Levekår)

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Til veljarane i Tysnes

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Någå om Vågå! -ei førebels KOSTRA-analyse for 2012, pr mars -13

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Plan for overgangar. for barn og unge

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Kommunikasjonsstrategi

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

2014/

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Eksempel frå Stord kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Selje kommune Helse og omsorg

Budsjett 2018, økonomiplan , vedlegg til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av Rådmannen

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

Barnehageplan for Vinje kommune

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

May Britt Vihovde(V) fremmet Venstre sitt forslag til budsjett 2013 og økonomiplan

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

Transkript:

Årsmelding 2006 Mange møtte opp til opninga av Storddøra 17. juni

Innhald Slik er årsmeldinga bygd opp 2 Rådmannen 3 Formannskapet sitt ansvars- 4 område Kyrkje Strategisk leiing Støtteeiningane Informasjons- og kommunikasjonsteknologi Komité for næring og 8 utvikling sitt ansvarsområde Næring, miljø og utvikling Landbruk Hamn Komité for levekår sitt 11 ansvarsområde Barnehagane, skulane, SFO Vaksenopplæring Helse- og sosialfaglege einingar Komité for miljø og 22 kultur sitt ansvarsområde Kultureiningane Tekniske einingar Tema 28 SLT Lokalhistoriske verk Økonomisk analyse 32 AS med komm. eigarinteresse 40 Organisasjonskart 41 Stord i ord og tal 42 Ordførar Magne Rommetveit annonserte 31. august 2006 at han ikkje stiller som ordførarkandidat ved kommunevalet i 2007. Når Rommetveit trekkjer seg etter neste kommuneval, har han vore med i Kommunestyret i 6 periodar og vore ordførar i 16 år (4 periodar). Slik er årsmeldinga bygd opp Stord kommune har vedteke seks fokusområde. Dei er: Brukarane Medarbeidarane Organisasjonsutvikling Samfunn Likestilling Økonomi Årsmeldinga er bygd opp slik at kommunen si måloppnåing knytt til fokusområda vert omtala under kvart teneste- /ansvarsområde. I tillegg er det teke inn nøkkeltal frå KOSTRA-rapporteringa (rapportering av tenestedata og økonomi til staten). Desse tala seier noko om kommunen si prioritering av ressursar, noko om dekningsgraden, samt kor produktiv kommunen er. Tala seier ikkje noko om kvaliteten på tenestene. Alle KOSTRA-tal som vert presenterte i årsmeldinga er ureviderte, og byggjer på tal frå 70% av kommunane i landet (resten rakk ikkje innleveringsfristen). 47% av kommunane har bytta kommunegruppering sidan 2004. Stord er ein av desse og er no i gruppe 7 (dvs. mellomstore kommunar med låge bundne kostnader per innbyggjar og låge frie disponible inntekter). Det er 34 kommunar i denne gruppa.

Omstillingsarbeidet er i rute Bygging av nytt tilbygg til Trodlahaugen barnehage starta hausten 2006. Netto driftsresultat for kommunen er på 22.5 mill. kroner. Det var budsjettert med eit underskot på 0.2 millionar kroner. Rekneskapsunderskotet vert med dette nedbetalt, og grunnlaget er tilstades for å koma ut av det statlege ROBEK- registeret. Summen av skatteinntekter og rammetilskot (frie inntekter) blei 17.2 millionar kroner betre enn opphaveleg budsjettert. Dette er ei viktig forklaring til det gode resultatet. Spare- og omstillingsprosjektet har hatt som føresetnad å redusera driftsutgiftene med 17 mill kroner i 2006. Dette arbeidet saman med andre utgiftsreduserande tiltak har og vore avgjerande for resultatet. Særleg kommunen sine pleie- og omsorgstenester har gjennomgått store endringar i etablerte tilbod og i organisering. Investeringsvolumet er redusert frå 134 mill kroner i 2005 til knappe 90 millionar i 2006. Nivået er likevel relativt høgt. Største prosjektet er ferdigstilling av 32 nye sjukeheimsplassar og 10 mindre husvære i Backertunet. Kommunen sin del av bygget er levert frå entreprenør til avtalt tid og i samsvar med vedteke budsjett og føresetnader. Det er i hovudsak satsa på utbygging av barnehagar i privat regi dei siste åra. I 2006 er det etablert to mellombels tilbod i påvente av nye barnehagar som vil koma i 2007. I kommunal regi er arbeidet med tilbygg til Trodlahaugen barnehage starta ved slutten av året. Målet om full behovsdekking innan utgangen av 2007 er framleis realistisk, men vil kunne medføra nokre nye mellombels løysingar. Den store merksemda som er retta mot sparing og omstilling i kommunen skjer medan samfunnet elles er prega av eit rekordhøgt aktivitetsnivå i industri, handel og byggeverksemd. Leverandørverksemdene har kontraktar som sikrar sysselsettinga i 3 til 4 år framover. Det er også positivt at byggeoppdraga i tida som kjem stor grad vil skje på Stord, og ikkje som i dag ved pendling til store arbeidsplassar ute. Kommunen sin status som omstillingsområde gjekk ut ved årsskiftet. Målet har primært vore å få alternative arbeidsplassar til den etablerte industrien. Resultatet av programmet er såpass positivt at kommunestyret i 2006 godkjende eit opplegg for vidareføring av SNU AS basert på større grad av lokal finansiering, og med kommunen som ein sentral eigar og aktør. Stord kommune vil kontinuerleg måtte driva fornyingsarbeid ved å endra på arbeidsformer, organisering og aktivitetar. Det er mange drivkrefter som ligg til grunn for dette, t.d. nye reformer, demografiske endringar, endringar i individuelle behov, teknologisk utviklinga og knapphet på ressursar. Me har god kompetanse i organisasjonen på å gjennomføra omstillings- og endringsarbeid, ein kompetanse som er til stor hjelp i dei prosessane som no pågår. Årsmeldinga vil gi eit oversyn over ressursbruken, resultata og aktivitetar i ulike delar av den kommunale verksemda. Endring i tenester som følgje av at utgiftene skal ned, kan påføra brukarar ulemper, og stiller særlege krav til alle involverte, enten det er politikarar eller tilsette, tillitsvalde og leiarar. Slike endringar engasjerer, og omtalen av tiltaka er ofte negativ. I 2006 kom det opp fleire saker knytt til underslag, korrupsjon, svart arbeid og slendrian med habilitet og rolleforståing i norske kommunar og i kommunale selskap. Det er difor naturleg at spørsmål om Stord kommune sine kontrollsystem, rutinar og kommunen sitt omdøme vert drøfta blant tilsette og leiarar. I leiarutviklingsprogrammet som ein held på med vert desse spørsmåla knytt til ei drøfting av verdiar, etikk og omdøme. Martin Dahle, rådmann

Formannskapet sitt ansvarsområde Dette kapittelet femner om overordna kommunal planlegging, administrasjon og kyrkja. Frå opninga av Storddøra 17. juni 2006. Kunstnaren bak Storddøra, Sissel Tolaas, talar til dei mange som hadde møtt opp. Sparetiltak og endringar i organisasjonen Dei såkalla Skrivargardstiltaka starta i 2004 med gjennomgang av kommunen sin balanse og kapitalstruktur. Arbeidet er seinare følgt opp med analysar av ressursbruken, utgiftsreduksjonar og omstilling av organisasjonen. Stord kommune har i desse prosessane hatt eit nyttig samarbeid med konsulentselskapet AGENDA Utredning & Utvilkling AS samt RO ressurssenter for omstilling i kommunane. RO har særleg hatt ei viktig rolle som prosjektleiar i arbeidet med omstilling av pleie- og omsorgstenestene. AGENDA har utarbeidd rapportar med gjennomgang av kommunen sin økonomi og ressursbruk med hjelp av KOSTRAnøkkeltal for 2004 og 2005. Basert på rapportane er det definert eit måltal for innsparing og effektivisering for perioden 2005 til 2007 på vel 50 mill kroner. Den økonomisk effekten ved årsskiftet av tiltaka som er gjennomført er slik Redusert lånegjeld finansiert ved sal av aksjar frå kraftsalsfondet; kr 100 mill Eigedomssal, ca 90 mill kroner ved årsskiftet, måltal 105 mill kroner. Reduserte driftsutgifter med utgangspunkt i rekneskap og aktivitet i 2004/2005; ca 45 mill kroner Arbeidet med å iverksetta økonomiske tiltak vert følgt opp med endringar i delar av organisasjonen. For dei tekniske tenestene og for pleie- og omsorgstenestene vert det vedteke nye strukturar. Stabs- og støttefunksjonane og rådmannsfunksjonen (strategisk leiing) er under vurdering. Ordninga med interkommunale barnevern (Stord, Bømlo og Fitjar) er evaluert i 2006. Forsøksperioden for ordninga med dispensasjon frå staten går ut 1. juli 2007. Det er gjort vedtak i deltakarkommunane om å halda fram med eit felles barnevern. Pr i dag vert organisasjonsforma vurdert i høve ei endring i kommunelova. NAV-Stord skal vera på plass til i Backertunet i juni 2007. Kontoret vert stort med bortimot 70 arbeidsplassar. Av desse er det 17 kommunale medarbeidarar. Det er avklart at kommunen vil leggja tenester knytt til økonomisk sosialhjelp og flyktningar inn i NAV-kontoret. Planarbeidet starta opp seinhaustes 2006. Samfunnsutvikling Kommuneplanen Arbeidet med revideringa starta opp hausten 2002, og planen vart vedteken av kommunestyret i møte 12. januar 2006. Det er vedteke følgjande satsingsområde: Byutvikling Estetikk, miljø og trivsel Næring og sysselsetjing Oppvekst Areal

Plandokumentet har ein gjennomgåande planstruktur og er eit lett leseleg dokument. Kommunen har fått mange positive tilbakemeldingar både til planinnhald og presentasjon. Kommunen har med OU-midlar frå KS sett i gang eit utviklingsprosjekt i 2006 kalla Kommuneplanen som politisk og administrativt leiarverktøy. Ei utfordring vert å nytta kommuneplanen som overordna styringsdokument. Det vert gjennomført eit pilotprosjekt for satsingsområdet næring og sysselsetjing med Komite for næring og utvikling som politisk styringsgruppe. Sentrumsutvikling Kommunen har også i 2006 sett fokus på sentrumsutvikling. I samsvar med kommuneplanen er det starta opp arbeid med revisjon av kommunedelplanen for Leirvik (Sentrumsplanen). Stord kommune er pilotkommune når det gjeld universell utforming. Dette temaet har difor fokus i planarbeidet Målsettinga er at planen skal ut på høyring våren 2007 og vedtakast hausten 2007. Storddøra vart gjennomført som eit dugnadsprosjekt finansiert i fellesskap av dei største verksemdene, gåveaksjonen (eigen innsamlingsaksjon), kommunen, Hamnekassen, Utsmykkingsfondet innanfor ei total kostnadsramme på 5,6 mill kr. Opninga v/ kunstnaren Sissel Tolaas fann stad i juni. Kommunedelplan Huglo Planprogrammet har vore på høyring og vil verta slutthandsama på nyåret 2007. Målsettinga er at kommunedelplanen skal vedtakast hausten 2007. Lokale strategiar for strandsonene Stord kommune har vedteke å delta saman med dei andre Sunnhordlandskommunane i KS/Miljødepartementet sitt program for Livskraftige kommunar, nettverk for miljø og samfunnsutvikling. Nettverket skal særleg vurdera viktige arealpolitiske omsyn der strandsoneproblematikken vert sett i fokus. Reguleringsplanar Almås innmark Reguleringsplan for Almås innmark skal ferdighandsamast våren 2007. Planen omfattar først og fremst eksisterande busetnad på Almås samtidig som planen og gjev rom for om lag 120 nye einingar. Det har kome svært mange innspel, og kryssande omsyn med fleire høyringar har gjort at planarbeidet har teke tid og krevd stor ressursinnsats. Aktuelle alternativ for ferjeleie på Stord Heiane vest Med utgangspunkt i arealanalysen og tilrådingar frå forstudien er det utarbeidd forslag til reguleringsplan for Heiane vest inkludert parkområde ved Meatjødno. Planen inneheld netto om lag 130 mål byggeområde for næringsareal. I planen er det og avsett område til sirkus/tivoli og liknande. Planen vart vedteken i kommunestyret i november 2006. Som ein del av realiseringa skal vegvesenet rehabilitera Meatjødno. Det hastar med å få tilrettelagt nye næringsareal. Andre planar Reguleringsplanar for Hustredalen og for området Sævarhagsvikjo/Haga/Økland står på vent som følgje av manglande planmidlar. Samferdsle I regi av Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune, Kvinnherad kommune og Stord kommune vart det hausten 2006 utarbeidd planprogram for ferjesambandet Kvinnherad - Stord. Planprogrammet fastlegg kva alternativ og konsekvensar som skal utgreiast i seinare kommunedelplan. Dei alternativa som prosjektgruppa føreslår vert tekne med er: Skjersholmane, Djupvikjo, Sævarhagsvikjo, Kvernaneset og Jektevik. Målet er at planarbeidet skal vera ferdig sommaren 2008. E39, strekninga Jektevik Hageberg er starta opp og er på det næraste fullført i 2006. Stord kommune har saman med Fitjar kommune arbeidd for fullfinansiering av det totale anlegget. Arbeidet med opprusting av ferjeleiet på Sandvikvåg for dei nye gassferjene har pågått for fullt i 2006.

Kommunen har i 2006 halde fram arbeidet med å få finansiert opprusting av fylkesveganlegga Jensanesvegen, Verftsvegen og Rommetveitvegen. I samarbeid med Tysnes kommune og vegvesenet er det utarbeidd ein forstudie for fastsamband for Huglo. Om organisasjonen Stord kommune Utvikling i tal årsverk: 2004 2005 2006 Endring i perioden 892 880 868-24 Pr. 31.12.06 hadde Stord kommune 868 løna årsverk fordelt på 1150 tilsette. Tala er inklusiv 11,5 årsverk i prosjektstillingar (t.d. Prosjekt bustadlause, mindreårige flyktningar, Medisinsk Assistert Rehabilitering I Stord - MARIS). Det har vore auka bemanning i psykiatritilbod Furulyvegen, Sæbøhaugen og heimebaserte tenester område Sentrum. Utanom dette kjem 29 lærlingar + 7 NAV-lærlingar. I tillegg kjem fleire personar på særlege vilkår i samarbeid med NAV arbeid og NAV trygd. Rekruttering og bemanning Kommunen har god rekruttering innan dei fleste stillingskategoriar, men det er vanskeleg å rekruttera ingeniørar, psykologar og vernepleiarar. I 2006 vart det òg utfordrande å rekruttera lærlingar, og fleire vaksenlærlingar vart tekne inn. Tal frå KLP viser at pr. 31.12.06 var gjennomsnittsalderen i Stord kommune 44,88 år (ei endring frå 42,89 i 2005). Gjennomsnittsalderen i kommune- Noreg i 2006 var 45,18 år (44,86 i 2005 ) IA-avtalen Statistikken syner at Stord kommune i 2006 samla hadde eit uføreuttak på 10,24% (10,22% i 2005). Gjennomsnittet i kommune-noreg var 11,63% (11,44 i 2005). Sjukefråvær i Stord kommune har hatt slik utvikling: 2006 2005 Totale tal 8,70 8,09 Barnehagane 8,30 7,57 Grunnskulen 6,90 6,13 Pleie og omsorg 11,51 11,13 Legemeldt sjukefråvær samanlikna med andre: Stord Komm. tot. 1. kvartal 2006 8,3 8,2 2. kvartal 2006 7,5 7,7 3. kvartal 2006 7,5 7,5 4. kvartal 2006 (tal ligg ikkje føre) Målsetjinga var at fråvær 2006 skulle reduserast med 10% i høve 2005. Dette målet er ikkje nådd. Med bakgrunn i dette har Stord kommune teke imot tilbod om å delta i fråværsprosjektet Fokus Stord i samarbeid med NAV. I 2006 hadde personalgruppa aktiv oppfølging med 101 sjukemeldte tilsette (92 i 2005). Det kan nemnast at av desse er 29 heilt eller delvis tilbake i eiga stilling, medan 7 er omplassert i annan kommunal stilling. 6 personar er i yrkesretta- eller medisinsk attføring og 15 personar er heilt trygda. 39 personar er framleis under oppfølging. Område/arbeidsplassar som skil seg ut her er tilsette innan pleie- og omsorgssektoren i 2006 var 52 av totalt antal oppfølgte personar tilsett i pleie og omsorgssektoren mot 43 personar i 2005. Blant reinhaldarane har det vore oppfølging av 14 personar mot 11 personar i 2005. I tillegg har oppfølging innanfor skulesektoren i 2006 vore 17 personar mot 15 i 2005. Seniorpolitikken i Stord kommune vart vidareført i 2006. Stord kommune deltek i FOU-prosjektet "Livsfasepolitikk - der erfaring og visdom teller" i regi av KS/Fafo saman med 5 andre kommunar. Føremålet er å finna suksesskriterier for korleis tidleg-pensjonering kan reduserast, spesielt innanfor pleie- og omsorg. Prosjektet starta opp i 2006 og vert avslutta i 2007. Likestilling Pr. 31.12.06 var 909 av dei tilsette kvinner dvs. 79%. Dette er ein nedgong i høve 2005 (948 kvinner dvs. 81%). For leiarane er det ei jamnare fordeling. For dei 33 einingsleiarane (inkl. økonomi-sjef og personalsjef ekskl. hamnesjef) er fordelinga kvinner/menn 17/16 dvs. 51,5% og 48,5%. I strategisk leiing er fordelinga kvinner/menn 1/3 dvs. 25% og 75%. 59% av dei tilsette jobbar deltid, av desse er 89% kvinner og 11% menn. Beredskap og samfunnstryggleik Og i 2006 har den kommunale beredskapsorganisasjonen vore utfordra gjennom fleire alvorlege hendingar. Beredskapsgruppa har planlagt og gjennomført fleire større øvingar: Brann/evakueringsøving Knutsaåsen eldresenter Gasslekkasje/evakueringsøving Stord ungdomsskule Kommunen har og delteke på øvingar som er initiert av andre. Rullering av den overordna Risiko- og sårbarhetsanalysen er utsett til 2007.

ville få konsekvensar for kommunen elles. I 2006 var det lite investeringar innanfor IKT. Huglo skule vart kopla opp på breiband i 2006, og på skulane elles har ein arbeidd vidare med å få dei trådlause nettverka i stabil drift. Arbeidet er viktig som førebuing til at elevane får bærbare datamaskinar. IKT-avdelinga vore med på fleire utviklingsprosjekt i 2006 som f eks.: Magnhild Bjørk Mo og Hilde S. Aadland ved IKT-avdelinga. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi Driftsbudsjettet har vore stramt og syner eit lite negativt avvik. Innsparingskravet på 500 000 kroner var vanskeleg å få til på grunn av at moglege tiltak Få på plass elektroniske timelister innafor pleie- og omsorg Innføring av kvalitetssystem Innføring av balansert målstyringssystem Innføring av Kunnskapsløftet E-kommune 2009 - Frå pilot til produksjon. Eit prosjekt som har fokus på å få flest mogeleg kommunale tenester, tilgjengeleg på nett. Økonomi (ressursbruk kommunal administrasjon) Kommunal administrasjon, styring og fellesutgifter Netto driftsutgifter adm, styring, fellesutg, i % av totale netto driftsutgifter Netto driftsutgifter pr. innb. i kr., adm., styring og fellesutgifter Brutto driftsutgifter til politisk styring, i kr. per innb. Kommunal administrasjon Kommunen nyttar mindre til administrasjon og fellesutgifter enn andre samanliknbare kommunar. Utgiftene til administrasjon aukar svakt, men mindre enn prisstigning og utviklinga i Stord Samanlikningskommunar Landsgj. snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 8,7 8,9 9,3 10,2 9,4 2 365 2 334 2 516 2 649 2 865 171 248 245 316 338 samanlikningskommunar. Kommunen brukar mindre til politisk verksemd sett i forhold til andre kommunar. Nedgangen frå 2005 skuldast billegare revisjonstenester. Kyrkja Kyrkjeleg fellesråd legg fram si eiga årsmelding. Kyrkja Stord Samanlikningskommunar Landsgj. snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner 309 324 333 331 426 Netto driftsutgifter i prosent av samla netto driftsutgifter Utgiftene til kyrkja syner ein nedgang i kroner per innbyggjar. Kommunen brukar mindre til kyrkjelege føremål enn dei kommunane som me samanliknar oss med. 1,1 1,2 1,2 1,3 1,4

Komité for næring og utvikling sitt ansvarsområde Dette kapittelet femner om nærings- og utviklingsarbeid, landbruk og hamn. Næringsarbeid Næring og sysselsetjing Kommunen set i stor grad bort næringsarbeidet til SNU, VIS og Samarbeidsrådet, som i 2006 har fått ei samla overføring frå kommunen på om lag 2,5 mill. kroner. Etablerarvegleiinga som Samarbeidsrådet utfører saman med støtte frå det kommunale næringsfondet utgjer viktige supplerande element i næringsarbeidet. Dei føretaka som får støtte frå næringsfondet gjev positive tilbakemeldingar. Frå det kommunale næringsfondet er det i 2006 løyvd til saman kr 207 300 i tilskot til 16 ulike verksemder og lag/organisasjonar som marknadsfører Stord. Kommunen har delteke på fleire reiselivsmesser koordinert av Samarbeidsrådet. Utover reiselivsarbeidet som Samarbeidsrådet utfører, har kommunen berre utført lokalt informasjonsarbeid. Samspelsforum for Næringsutvikling SNU AS 2006 var det siste året i den seksårige omstillingsperioden for Stord, Fitjar og Sveio. Det har vore høg aktivitet. Om lag 100 nye prosjekt er sett i verk. Det vart i alt løyvd om lag 9 mill. kr til rådgjeving og delfinansiering av prosjekt i 2006. SNU har i omstillingsperioden hatt fokus på satsingsområda forretningsutvikling eksisterande næringsliv, havbruk, IKT, energi, nyskaping, kompetanse og ungdom. SNU har i 2006 bidrege til å skapa 20 nye arbeidsplassar og vore med og tryggja 56 arbeidsplassar. I heile omstillingsperioden frå 2001-2006 er om lag 470 nye arbeidsplassar skapt, og 600 arbeidsplassar tryggja i samarbeid med SNU. Kommunane Stord og Fitjar vedtok hausten 06 å vidareføra sitt eigarskap i SNU AS, og selskapet har arbeida aktivt med å sikra vidare finansiering av næringsutviklingsarbeidet. SNU AS har no eigarane Fitjar Kommune, Stord Kommune, Fitjar Næringsråd, Stord Næringsråd, Sveio Næringsservice og Fellesforbundet avdeling 118. Vekst Industri Sunnhordland(VIS) Dette er ein industriinkubator som vart etablert i 2004 etter initiativ frå Aker Kværnerverksemdene på Stord i samarbeid med SIVA. VIS var i 2006 fødselshjelpar for 6 nyetableringar. Desse er: KompetansePartner Vest, Planmo Letttak, Unitech Offshore, Gøtz as, Chiron Media AS og Fylkesnes Web Design. Saman med tidlegare etableringar sysselset desse verksemdene i dag over 80 personar. VIS har i denne perioden vurdert om lag 100 idear og prosjekt. Økonomi Rekneskapen viser eit samla forbruk på kr 3 879 000 som er kr 43 000 i meirforbruk i høve til justert budsjett. Av dette utgjer kr 2 678 000 tilrettelegging/ bistand til næringslivet. Tilskott til SNU utgjer kr 2 000 000 og til VIS kr 200 000. Det kommunale næringsfondet har i budsjettåret 2005 ikkje fått tilført ordinære budsjettmidlar. Ved tilbakebetaling av avdrag og renter er fondet i 2006 tilført kr 264 000. Pr. 31. 12. 2006 står det kr 295 000 på fondet. Uteståande lån er kr 453 000. Tilrettelegging og bistand for næringslivet Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo Netto driftsutgifter til tilrettelegging og bistand for næringslivet per innbyggjar i kroner Netto driftsutgifter i prosent av samla netto driftsutgifter Kommunen nyttar nesten dobbelt så mykje til næringsarbeid pr innbyggjar enn kva tilfellet er for samanliknbare kommunar. Kommunen sitt 2006 2005 2004 2006 2006 214 196 284 113 125 0,8 0,7 1,0 0,4 0,4 engasjement i SNU AS utgjer halvparten av ressursbruken.

Landbruk og miljø Kyr på beite ved Stuva. Brukarane Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har mange brukargrupper. SFLMK har i tillegg til landbruk og skogbruk ansvaret for m.a. miljø-, viltog fiskeforvaltninga samt havbruket i kommunen. Samspelet med brukargrupper, kommunale etatar, samt dei politiske organa i kommunen vorte stendig viktigare. Informasjonsskriv, fag/infomøte og nettstaden Miljøstatus på Stord er viktige brikker for å nå alle brukargruppene på øya. SFLMK sel og fagkompetanse til tre andre kommunar i Sunnhordland (Austevoll, Bømlo og Tysnes). Det vart ein reduksjon på fem mjølkeprodusentar i året. Det må likevel merkast at sjølv om fem bruk la ned mjølkeproduksjonen, er det framleis drift på bruka, der m.a. kulturlandskapet vert halde i hevd. Om det er nedgang innan mjølkesektoren, er det meir optimisme innan sauehaldet. Eit nytt og tidhøveleg sauehus vart reist i 2006 og to nye er under planlegging. Søknad om produksjonstilskot m.m. gav i 2006 ei samla utbetaling på om lag 6,3 mill kroner (5,6 i 2005). I tråd med utarbeidde strategiar, har det også dette året vore ein auke i tiltak innan SMIL (særskilde tilskot til landbruket sitt kulturlandskap) og NMSK (tilskot til skogsvegar, skogkultur m.m.). Samla løyvingar (SMIL/NMSK) i 2006 er om lag 297.000 (275.000 kr i 2005). Det var gitt fellingsløyve på 95 hjortar, 82 dyr vart felt (71 i 2004). Det er etablert gode rutinar for ettersøk og avliving av skada vilt m.m. Havbruksnæringa har vorte eit anna viktig området. Arbeidet er særleg knytt opp mot utvidingar av tidlegare gitte konsesjonar, samt nye tiltak m.m. Forvaltninga av innlandsfiskeressursane er eit nytt fagfelt eininga har prioritert dette året. Fastsetjing av grense mellom elv og sjø i Frugårdselva vart avslutta, samt at turvande informasjon om fiskereglar, grenser m.m. vart arbeidd ut for området. Medarbeidarane Landbruks- og miljøkontoret har fem tilsette fordelt på omlag fire årsverk, med kompetanse innanfor jordbruk, skogbruk, miljø, arealforvaltning og havbruk. Nettoutgifter for Stord kommune til Stord Fitjar landbruk- og miljøkontor var i 2006 kr. 960 000. Samfunn Miljøstatus på Stord Nettsidene Miljøstatus på Stord, er å finna på kommunen sin nettstad og er ein del av Miljøstatus for Noreg. Miljøstatus på Stord vert stendig utvikla, nye tema og aktuelt stoff om kommunen sin tilstand og utvikling innan natur- og miljøvern har kome til. Arbeidet med Vassbruksplanen for Storavatnet (Sagvåg) vart tatt opp at i 2006. Planen vert slutthandsama i kommunestyret våren 2007. Lokal forvaltning av naturvernområda Hogst av framande treslag på Storsøy vart starta opp i året og vert avslutta våren 2007. Eininga har planar om fleire tiltak i alle verneområda, men prioriterer og gjer ferdig område for område. Attgroing Avtalar med m.a. aktive innbyggjarar, har medført at det årleg vert hogge om lag 130 m3 ved. Tiltaket medfører at Stord kommune er den største vedleverandøren på øya. Inntektene frå vedsalet vert ført over til Skogfondet og nytta til nye tiltak mot attgroing i kommunale skogteigar, skogforsikring og andre tiltak. Andre prosjekt/planar SFLMK har i året teke del i/hatt ansvaret for arbeidet med m.a.; Miljøfyrtårnprosjektet, kommuneplanen, kommunedelplan for Huglo.

Stord Hamnestell Stor aktivitet ved gjestehamna på Leirvik i juni. Informasjon til brukarar Hamneavgifter, båtplassprisar og ventelister for båtplass er lagt ut på Stord kommune sine internettsider. Større milepelar vert rapportert her. Elles har hamna ein vakttelefon der me kan nåast heile døgeret. Hamneadministrasjon 4 faste tilsette fram til 01.08.06 Frå 01.08.06; 3 faste tilsette. Hamnesjef, konsulent og 1 hamneinspektør. Økonomi Avdragstida på lån er auka til 26 år, bemanninga redusert og saman med låg rente er det eit overskot på drifta for 2006, slik at deler av underskotet frå 2002, 2003, 2004 og 2005 vert dekka av overskot i 2006. Dette er ei resultatforbetring på 2,2 mill kr i høve 2005. Akkumulert underskot pr 01.01.2006 på kr 3 862 252. Årets overskot vil dekke deler av dette. Driftsrekneskap for 2006 : Tekst Regnskap Budsjett Regnskap 2006 2006 2005 Sum Driftsinntekter -6 709 360-6 742 384-6 077 772 Sum Driftsutgifter 5 219 929 5 929 284 6 692 956 Brutto driftsresultat -1 489 431-813 100 615 184 Resultat ekst.finanstransaksjoner 2 341 792 2 017 100 1 982 725 Motpost avskrivninger -1 294 341-1 294 000-893 515 Netto driftsresultat -471 620-90 000 1 704 394 Resultat etter int. finanstransaksjoner -471 620-90 000 1 615 755 Fleire båtplassar ved Moloen Prosjekt utvidning småbåthamna 2006/2007 med totalt 200 båtplassar er påbegynt og 40 nye innskotsplassar er selt. Dette prosjektet er planlagt ferdig før ferien 2007. Gjestebåtar i Leirvik hamn og Sagvåg Det har vore 3979 betalande gjestebåtar i Leirvik hamn i 2006. Dette er ei auke på ca.1300 samanlikna med 2005 I Sagvåg har besøkstala vore uendra for 2006 samanlikna med 2005 Sal av eigedomar 2006 Hamnestyret har sett på kva eigedomar som ikkje gir inntekter, og som hamna ikkje treng i sitt primære virkeområde. Selde eigedomar: Parsell til Magnus Magnussen, Sagvåg kai Statistikk farty anløp 2006 2006 2005 Lastefarty utanriks 208 275 ---- ---- innanriks 791 644 Ferjer 15 204 14 536 Snøggbåtar 7 964 8 342 Ambulanse 778 786 Total 24 945 24 583 10

Komité for levekår sitt ansvarsområde Dette kapittelet femner om kommunale barnehagar, skular og helse- og sosialfaglege einingar. Song av full hals i Sæ barnehage sin sommarkafé Barnehagane Ny lov om barnehagar vart sett i verk frå 01.01.06, medan ny rammeplan vart gjort gjeldande frå 1.august same år. Frå nasjonalt hald har det vore eit sterkt fokus på kommunane si plikt til å skaffa barnehagetilbod til alle som spør etter eit tilbod. Etter hovudopptaket i mai 06, har Stord kommune hatt vel hundre barn på venteliste gjennom resten av året, sjølv om fleire nye barnehageplassar er blitt oppretta dei seinare åra. Nye plassar i 2006 er faste plassar i mellombels lokale. Desse vert overført til ordinære lokale seinare. Det er oppretta faste plassar både i privat regi og i kommunal regi. I kommunal regi ved Trodlahaugen barnehage. Sævarhagen barnehage vart ikkje ferdig som planlagt i desember 2006, men Nordbygdo barnehage vart likevel overteken av Trygge barnehager AS frå og med 15. desember 2006. Kommunen står såleis att med drift av 5 kommunale barnehagar. Brukarane Alle barnehagar i kommunen, kommunale og private, gjennomførte brukarundersøking hausten 2006. Resultatet samla sett var godt og på dei fleste område betre eller likt med landsgjennomsnittet. Sjølv om resultata i brukarundersøkinga var gode, har barnehagane sett informasjon og foreldremedverknad som områda dei vil jobba vidare med. Fleire barnehagar har arbeidd saman med foreldra for å få ei forståing av kva informasjon dei treng. Foreldremøte og foreldresamtalar er gjennomførte. Frammøte på ordinære foreldremøte er lågare enn på dei individuelle samtalane. Barnesamtaler er gjennomførte med fire- og femåringane i barnehagane. I tillegg til barnesamtaler har det vore nytta ulike verktøy for å fanga opp behov og meiningsytringar frå alle barna. Ein barnehage har samarbeidt med studentar frå HSH i dette arbeidet. Barnehagane har oppdatert tenesteomtalane sine. Brukarundersøkinga 2006 synte at brukarane er nøgd med kvaliteten på tenesta barnehagane gir. Foreldra er nøgde med barnehagane sitt opningstidspunktet, men kunne tenkt seg eit seinare lukketidspunkt. Medarbeidarane Medarbeidarundersøking er ikkje gjennomført i 2006, men resultat og tiltak frå 2005 har vorte vidareført. Barnehagane har fokusert på arbeidsmiljø. Personalmøte har blitt gjennomført som planlagt. Det kjem fram at dei tilsette trivst på arbeidsplassen, sjølv om det er travelt og lite rom for vikar ved sjukdom. I einskilde barnehagar er det registrert eit relativt stort sjukefråvær. Tilsette har gjennomført kompetanseheving i ny lov om barnehagar og ny rammeplan. Leiarane har i tillegg delteke på leiarutviklingssamlingar og kurs om lærande organisasjonar. Organisasjonsutvikling Barnehagane har lagt til rette for at personale har fått innføring i ny lov og rammeplan. Nokre har arbeidd konkret med kva det betyr å vera ein lærande organisasjon. Medarbeidarsamtalar har med nokre unnatak, blitt følgd opp. Fleire barnehagar har arbeidd i høve til organisering og utvikling av det fysiske miljøet i barnehagen slik 11

at det vert tilpassa krav i ny rammeplan. Fagleg innhald og opplæring er jamleg tema på ulike møtearenaer. Barnehagane har hatt godt samarbeid med PPT og barnevernet. Dei fleste barnehagane har vore øvingsbarnehagar for studentar frå HSH. I prosjekt Oppvekst har delprosjektet Barnehage + skule= sant ført til utvida samarbeid og nye rutinar mellom barnehagar og skular. Dette gjeld overgangsrutinar frå barnehage til skule samt heilskap i språkstimulering og lese- og skriveopplæring. Arbeidet vert vidareført. Samfunn Dei fleste barnehagane har oppdatert beredskapsplanen. Brukarane har fått kjennskap til satsingsområda i K-planen gjennom barnehagane sine handlingsplanar, årsplanar, på foreldremøte og gjennom barnehagen sitt konkrete arbeid med prosjekta. Andre område Uteområdet på avdeling Nysæter ved Sagvåg og Litlabø barnehage er oppdatert noko, men det er behov for meir opprusting. Utbygging av Trodlahaugen starta opp haust 2006. Barna sine forslag om betre kjøkken, rom til å dansa i, kvila, byggja og å leika med vatn vart teke omsyn til i nybygget. Barnehagen har og fått oppjustert uteområdet. Ein del småting og sluttføring står att. Generelt har alle barnehagane arbeidd med å leggja til rette for eit likestilt pedagogisk miljø der det vert oppmuntra til at gutar og jenter deltek på aktivitetar i fellesskap, men og for kjønnsdelte grupper. Barnehagane har fått temahefte om likestilling i det pedagogske arbeidet i barnehagen og om korleis rekruttera og behalda menn i barnehagen. Økonomi Barnehagane har halde seg innanfor rammene i budsjettet. At det ikkje er rom for vikarbruk har vore ei utfordring. Einskilde barnehagar nemner særskild om vanskar i høve til dette når grunnbemanninga i utgangspunktet er knapp. System for rekneskapsrapportering er på plass og fungerer greitt. Barnehagar Stord Samanlikningskommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter i barnehagesektoren i % av 0,5 0,6 1,6 1,9 2,1 kommunens totale netto driftsutgifter Netto driftsutgifter per innbyggjar 1-5 år (i kr.) 1 978 2 209 6 158 7 374 10 417 Andel barn 1-5 år med barnehageplass (%) 76,4 78,2 69,7 82,0 80,9 Andel barn i kommunale barnehagar i forhold til alle barn i barnehage (%) Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale barnehagar per korrigert opphaldstime (i kr) *) Andel tilsette med førskulelærerutdanning i kommunale barnehagar (%) Opphaldsbetaling i % av brutto driftsutgifter i kommunale barnehagar 36,0 41,3 47,8 44,2 51,6 44 35 36 37 38 46,2 38,6 43,7 31,4 33,4 20,3 25,5 26,7 20,8 19,5 *) Nordbygda barnehage var kommunal fram til 14.12.2006. Rapporteringsdato var 15.12, derfor vert brutto driftsutg. pr. opphaldstime for høg i 2006, då barnehagen vart overført private barnehagar, mens utgifter i 11,5 mnd. er ført i kommunen sitt rekneskap Barnehagedekninga har gått ned i 2006. Dekningsgraden var 15.12.06 på 76,4 % mot 78,2 % per 15. desember 2005. Grunnen til reduksjonen er i all hovudsak at mange fleire barn under tre år har fått plass, samt at foreldre stort sett nyttar heil plass i staden for deltidsplass. Pr 15.12.06 var det registrert 23 barnehagar som i alt tok imot 876 barn mot 946 i 2005. Vekst i plassar i 2006 er både i privat og kommunal regi, men alle er i mellombels lokale. Kommunen nyttar vel 0,5 % av netto driftsutgifter til barnehageverksemd, mot 0,6 % i fjor. Stord kommune har høg grad av tilsette i barnehagane med førskulelærarutdanning. 46,2 % av dei tilsette har denne utdanninga, mot 33,5 % i landet elles 12

Torsdag 8. juni vart alle 7. klassingane frå Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø skular samla på Nysæter ungdomsskule for å bli kjend med lærarane og kvarandre. Skulane Brukarane Kunnskapsløftet, LK06 vart innført i skulane frå hausten 2006 for alle årstrinn utanom 10.trinn. Det vart lagt vekt på å gje elevar og føresette god informasjon om reforma. Denne vart gitt munnleg, gjennom informasjonshefte, månadsark, vekeplanar, på møte og på heimesidene for skulane. Alle skulane har innført læringsplattformen Fronter, og informasjon går også til dels mellom skular og føresette i dette systemet. Dei fleste skulane har oppdatert tenesteomtalane og heimesider med mykje nyttig informasjon. Nokre skular har tenestomtale og heimesider under oppjustering med mål om ferdig revisjon våren 2007. Medverknad vert ivaretatt gjennom lovpålagte samarbeidsorgan som foreldrearbeidsutval, elevråd, samarbeidsutval og skulemiljøutvala. Med omsyn til medverknad hos elevane, viser resultat i Elevundersøkinga at medverknad er eit punkt der spesielt ungdomsskulane kan visa til positiv utvikling samanlikna med 2005. For barneskulen står medverknad i elevråda sterkt, mens generell elevmedverknad er svakare, også samanlikna med landssnittet. Totalt sett ligg me under det kommunale ambisjonsnivået når det gjeld elevmedverknad i skulen. Kvalitet på tenestene Skulane har innført Kunnskapsløftet/nye læreplanar frå hausten 2006. Det er lagt ned mykje arbeid i å vera med og utvikla lokale planar for fag med utgangspunkt i nye fagplanar. Regions-samarbeid har effektivisert dette arbeidet. Deltaking i det lokale Prosjekt Oppvekst med delprosjekt, har vore til støtte i arbeidet med innføring av Kunnskapsløftet/nye læreplanar. Skulane var med i sentrale kvalitetsmålingar, slik som leseprøva for 2.trinn og Elevundersøkinga og eksamen. Nasjonale prøvar i fag var ikkje aktuelle i 2006. Resultat viser at Stord ligg over landssnittet når det gjeld leseresultat for 2.trinn, og det er m.a. målmedvite arbeid med samanheng barnehageskule som ligg til grunn for dette. Deltaking i departementet sitt prosjekt "Barnehage+ skule = sant", har styrka målretta arbeid med språkutvikling Elevundersøkinga viser resultat for trivsel, mobbing, motivasjon, arbeidsmiljø og fysisk miljø attåt elevmedverknad som er omtalt ovanfor. Resultat for barneskulane i Stord viser at me ligg likt med samanliknbare kommunar innan dei aktuelle områda, mens ungdomstrinnet ligg litt over. Her er unntaket fysisk miljø, der me ligg under. Resultata frå eksamen 10.trinn ligg under landssnittet i faga norsk og matematikk, og litt over i engelsk. Revisjonsrapporten som Kontrollutvalet tinga i 2006, viste at kommunen har ei utfordring når det gjeld å avklara grensene for pedagogisk forsvarleg undervisning. Dette er noko kommunen saman med skulane vil arbeida vidare med å avklara i eit system for kvalitetssikring av skule. 13

Medarbeidarane Det har ikkje vore gjennomført felles organisert medarbeidarundersøking i 2006, men skulane melder tilbake ut frå registreringar på eigen arbeidsplass. Dei melder om trivsel på arbeidsplassen og eit inkluderande arbeidsmiljø. Dei aller fleste rektorane har gjennomført medarbeidarsamtalar for alle tilsette, og har drive god tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling. Kompetansemidlar frå staten i samband med Kunnskapsløftet, har gjort det muleg å gje tilbod om betalt vidareutdanning til lærarar i sentrale fag. Fleire nyttar seg av dette i 2.framanspråk, naturfag og skuleleiing. Skulane har langt på veg gjennomført tiltak i eigne kompetanseplanar med stor vekt på etterutdanning av pedagogisk personell. I nokre tilfelle har tidsfaktoren gjort det nødvendig å setja midlar på fond til våren 07. Fleire skular har gjennomført studietur til andre land og utdanningsmiljø. Skuleleiarane har hatt store regionale samlingar med vekt på innføring av Kunnskapsløftet. Utviklingsgruppa sin koordinator har støtta skulane i samordning, framskaffing og organisering av tiltak. Skulane har lite midlar til vikar i tilfelle der medarbeidarar er sjuke, eller av andre årsaker er vekke frå jobb. Dette kan i nokre tilfelle vera avgrensande for det å kunna ta del i etterutdanningstiltak. Organisasjonsutvikling Skuleleiarane har lagt til rette for innføring av Kunnskapsløftet, noko som også medfører sterkare vektlegging av arbeidslag på skulane. Utviklinga viser meir vekt på fag og faglærarar for dei øvste trinna i barneskulen enn før. Særleg gjeld dette innan basisfaga norsk, matematikk, engelsk og naturfag. Skulane som lærande organisasjonar er utvikla og sett i system, og utstrekt bruk av erfaringslæring gjennom utprøving gir resultat. Samordning og samarbeid skjer i skulesamanheng med vekt på intern samordning på eigen skule eller mellom skular. Dei færraste melder tilbake om samordning på tvers av andre typer einingar. Dette er eit punkt som framleis må ha status av utviklingsområde, fordi det ofte gjeld enkeltbarn som treng hjelp frå fleire typer einingar. Unntaket er samarbeid mellom skule og barnehagar i samband med prosjektet Barnehage+skule= sant, der m.a hospitering i hhv barnehage og skule har vore positivt. Innføring av digitale verktøy er gjennomført for pedagogane i skulen. Verktøyet er i aktivt bruk, men nokre skular har framleis utfordringar i form av full utnytting og fullverdig kompetanse hos alle lærarane. Samfunn Skulane i Stord er praksis-skular for Høgskulen Stord- Haugesund og har også omfattande samarbeid med høgskulen når det gjeld utviklingsarbeid og kompetansetiltak. Arbeidet med Kommuneplanen med fokusområdet Oppvekst og Styringsdokument for Oppvekst aktualiserte samarbeid med partar utanom kommunen. Planlegging av Program for val for ungdomstrinnet har starta opp, og involverer næringsliv og vidaregåande skular i utstrakt grad. Dette skal prøvast ut frå hausten 2007. Samarbeid med politi, kyrkje, lag og organisasjonar heldt fram. Den Kulturelle skulesekken gir mange opplevingar der profesjonelle kunstnarar, kunst og kultur blir del av skulen sin kvardag. Likestilling Skulane arbeider fagleg i tråd med likestillingsprinsipp og tilpassa merksemd overfor gutar og jenter. Statistisk viser utviklinga i Stord same tendens som elles i landet, at gutar er i fleirtal når det gjeld elevar med ekstra utfordringar, og dette er noko skulane og PPT er opptatt av. Personalmessig er det skeivfordeling mellom kvinner og menn, spesielt på barnesteget. Dette er noko skulane er merksame på og prøver ta omsyn til i samband med utlysingar og tilsettingar når søkjarar elles står likt. Økonomi Skulane fekk lagt om sin budsjettmodell for 2006, og det har vore ei betre fordeling mellom skulane. Skulane er sikra midlar etter gammal klassedelingsmodell, og skulane har halde rammene, men melder at desse er så små at dei avgrensar god tilpassa opplæring. Midlane vert bundne opp i basistiltak og enkeltvedtak, mens tid til generelle støttetiltak som lesekurs, gruppedeling og elevsamtale vert ei utfordring. Skulane har fått god støtte frå økonomiavdelinga i samband med budsjett og rapportering. 14

Grunnskule Stord Samanlikn.- kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter til grunnskule og SFO, 33,7 32,4 32,2 35,4 29,8 i prosent av samla netto driftsutgifter Herav netto driftsutgifter til skulelokale og skyss, 5,8 5,7 5,8 6,9 5,7 i prosent av samla netto driftsutgifter Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskule, 59 085 54 596 53 987 64 782 68 723 per elev i kroner Korrigerte brutto driftsutgifter til 49 311 45 347 44 448 52 724 56 144 grunnskuleundervisning, per elev Driftsutgifter til skulelokale og skyss, per elev 9 811 9 284 9539 12 051 12 570 Lønnsutgifter til grunnskule, per elev 50 017 47 020 45 826 50 977 54 138 Driftsutgifter til inventar og utstyr, 915 302 449 702 797 per elev i grunnskulen Driftsutgifter til undervisningsmateriell, 838 725 858 1 253 1 349 per elev i grunnskulen Antal elevar 2 720 2 736 2 683 - - Elevar per årsverk 12,2 12,4 12,5 11,5 10,7 Gjennomsnittleg gruppestorleik 1. 7. trinn 14,9 15,6 14,7 14,4 13,4 Gjennomsnittleg gruppestorleik 8. 10. trinn 18,3 18,3 18,7 16,3 15,0 Andel elevar i grunnskulen som mottek 6,1 5,7 6,1 5,0 5,9 spesialundervisning Timar spesialundervisning i % av totale lærartimar 16,6 17,2 16,6 13,6 14,5 Gjennomsnittlige grunnskolepoeng 42,85 - - 43,55 43,63 Kommunen har auka ressursbruken til grunnskulen i 2006. Det er også ein større auke enn i samanlikningskommunar. Brutto driftsutgifter til grunnskule per elev aukar med 9 %, gruppa auka i snitt med 5 %. Talet på elevar gjekk ned i 2006. Talet på elevar per årsverk i skulen er ytterlegare redusert i 2006. Kommunen brukar ein større del av sine ressursar innan skuleverksemda til spesialundervisning enn det andre kommunar gjer. Det er om lag 26 % fleire spesialundervisningstimar samanlikna med kommunane i vår kommunegruppe. Gjennomsnittlige grunnskulepoeng er berekna som summen av elevane sine karakterar i avgangsklassane. Skulefritidsordninga (SFO) Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter SFO i prosent av samla netto dr.utg. 0,6 0,7 0,7 0,6 0,5 Netto driftsutgifter til SFO per innbyggjar 6-9 år 2 736 2 934 3 179 2 442 2 647 Andel innbyggjarar 6-9 år i SFO, prosent 43,7 39,5 40,6 55,4 54,7 Brutto driftsutgifter til SFO per brukar i kr. 21 637 21 739 22 265 20 764 20 248 Kommunen nyttar noko meir til skulefritidsordninga enn kva tilfellet er for samanliknbare kommunar. Brutto driftsutgifter pr brukar er kr 873 høgare per brukar. Forskjellen er halvert i forhold til 2005. 15

Sunnhordland interkommunale Barnevernsteneste, Bømlo, Fitjar og Stord Brukarane Målsettingane for tenesta er å sikre barn rett hjelp til rett tid, betra rettstryggleiken og tilgjenge til barnevernstenestene i tillegg til at flest mogeleg skal få hjelp i sitt daglege miljø Talet på meldingar til barnevernet i Sunnhordland interkommunale Barnevern (SIB) har auka sidan starten i 2003. Tal på plasseringar utanfor heimen har vore stabilt i denne perioden. Medarbeidarane har høg kompetanse. Slik sikrar ein god rettstryggleik, godt samarbeid med brukarane og god oppfylging og kvalitet på tenestene. Tal på tiltak utanfor heimen, fosterheim og institusjon er i underkant av 60. Gravide rusmisbrukarar er blitt ei større utfordring i SIB i 2006. Meldingar totalt til SIB 2003 2006 er 123/ 148/ 183/ 164. Medarbeidarane SIB har hatt ein stabil personalsituasjon i 2006.Det har også dette året vore langtidsfråvær. Det har lukkast SIB å rekruttera kompetent personale, men i periodar har stillingar vore vakant. Meldingar gjennom heile 2006 har gått på at arbeidspresset har vore stort. Tenesta har difor hatt visse problem med å halda tidsfristane fullt ut. Medarbeidarsamtalar i desember tyder likevel på at motivasjonen til dei tilsette er svært høg, det same gjeld innsats og engasjement. Leiing i SIB har sidan hausten 2006 hatt særleg fokus er den faglege utviklinga og internkontroll. I 2006 fekk me innføring i nye statlege rettleiarar, rutinehandbok og manualar for arbeid i barneverntenesta. I alle tre kommunane har barnevernet fast samarbeid med skule, barnehage, ppt, helse og sosiale tenester. Det gjeld både private og kommunale barnehagar. Det er i tillegg faste tverrfaglege møtepunkt mellom leiarar. Andre område Det lokale barnevernet, har eit tett samarbeid med det statlege barnevernet Region Vest (Bufetat), fagteam Fonna, som ligg i Haugesund. Stord og Bømlo er og med i eit Pilotnettverk for barneverntenesta, gjennom KS. Effektiviseringsnettverka. Bufetat er også med her, og prosjektet handlar om ein felles målsetjing om eit opnare barnevern. Økonomi Drift av SIB gjekk i balanse i 2006. Når det gjeld tiltak i barnevernet har Stord auke i økonomibruk både i og utanfor heimen. Stord har hatt overskriding på tiltakssida og har såleis ei overskriding og har ikkje klart sparemålet som vart sett i Utvida formannskap. Utgiftsauken skuldast nye og til dels dyre tiltak til einskilde barn. Organisasjonsutvikling 2006 har vore prega av vurdering og evaluering av SIB. Telemarksforsking gjennomførte på oppdrag av Kommunal- og regionaldepartementet ein evaluering av forsøk med interkommunale barnevern. I tillegg var SIB evaluert av Agenda, på vegne av dei tre kommunane. Konklusjonane i begge desse rapportane var at barnevern kan eigna seg godt til interkommunalt samarbeid. Komité for Levekår i Stord, samt kommunestyret i Bømlo gjekk hausten 2006 inn for ein forlenging av prosjektperioden. Gjeldande dispensasjon for organisering går fram til 31.07.07. 16

Backertunet vart teken i bruk som sjukeheim i slutten av 2006. Helse- og sosialfaglege einingar Eit større omstillingsprosjekt innan pleie og omsorgstenestene har blitt gjennomført i løpet av året. Prosjektet er avslutta, men nokre av delprosjekta heldt fram i 2007. I samband med prosjektet vart det utvikla ny ideologi for tenestene: Tenestene har høg fagkompetanse og kvalitet Alle brukarane av tenesta får hjelp ut frå individuelle behov Tenestetilbodet vert styrt etter LEON prinsippet (lågast effektive omsorgsnivå) Pengar følgjer vedtak (ressursoverføringsmodellen) Nybygging av tilrettelagte bustadar vert samlokalisert Bustadar med heildøgns pleie og omsorg gir tryggleik, kompetanse og kvalitet Institusjonstenesta tilbyr: - Rehabilitering - Utreiing og behandling av personar med demens - Medisinsk behandling - Avlasting På bakgrunn av denne ideologien har kommunen vedteke å opprette eit nytt butilbod på Knutsaåsen for omsorgstrengande tenestemottakarar. Her vil innbyggjarar med heildøgns omsorgsbehov (HDO) få pleie- og omsorgstenester utifrå individuelle behov. Ressursoverføringsmodellen som no gjeld for heimetenesta, vert utvida til dette tilbodet og er også planlagt å utviklast til å gjelda for institusjonstenesta og andre butilbod med heildøgnsomsorg. Dermed kan kommunen meir styra ressursane der det til ei kvar tid er mest behov. Heildøgns omsorgstilbodet skal vera eit trygt butilbod, med rett fagleg kompetanse og kvalitet på tenestene. Sjukeheimstenesta blir meir spissa mot å gi eit tilbod til dei som har eit meir spesifikt behov for rehabilitering, utgreiing og behandling av personar med demens, medisinsk behandling og avlasting. I tillegg inneheldt tenesta skjerma butilbod for personar med demens. Brukarar I samband med nedlegging av døgndrifta ved Rehabiliteringssenteret, avheimlingsprosessen ved Knutsaåsen eldresenter og innflytting i Backertunet, er det lagt vekt på nært samarbeid med tenestemottakarar og pårørande. Det har i tillegg vore gjennomført open dag på den utvida sjukeheimsdelen i Backertunet for pårørande og lokalsamfunnet elles. Det er prioritert samtalar og møte med brukarar med stort hjelpebehov og deira pårørande for å ivareta medverknad, informera, innhenta nødvendige opplysningar og ha godt grunnlag for prioriteringar. Det er lagt vekt på at brukarorganisasjonane vert invitert til å delta aktivt i samband med prosjektarbeid og planarbeid. I samband med omstillingsprosjektet for pleie og omsorg, vart det gjennomført informasjonsmøte for alle brukarar med psykisk utviklingshemming og deira pårørande. Iplos-kartlegging (funksjonskartlegging) er gjort i samarbeid med alle aktive brukarar av pleie- og omsorgstenestene og er oppdatert ved utgangen av året. Opptrappingsplanen for psykisk helse er inne i sine siste år og rullering av psykiatriplanen er gjort for å møta framtidige utfordringar best mogleg. Utviding med 1 fastlege har gitt betre tilgang til legetenesta for nytilflytta og betre høve til å skifta fastlege ved trong for dette. Dei faste 2 og 4 årskontrollane til helsesøstrene er ikkje i rute pga for lite personale. Dei har fått gjennomført 5 grupper i foreldrerettleiingsmetoden Dialog. I tillegg brukar dei ansvarsgruppe som 17

metode, men det er avvik ved oppfølging av kontaktgrupper ved førebyggjande tenester og ansvarsgrupper i heimetenestene pga pressa ressursar. Sosialtenesta har arbeidd målretta for å få folk med sosialhjelp over på aktivitet eller varige trygdeytingar. Springbrettet som er eit sysselsettingstiltak for unge mottakarar av sosial hjelp, hadde i 2006 58 deltakarar. Berre 2 av dei er framleis passive sosialhjelpsmottakarar. Dei andre er i utdanning, kurs, jobb eller i tilrettelagte sysselsetting. Medisinassistert rehabilitering for rusmisbrukarar i Stord (MARIS) har hatt 34 brukarar i 2006. For 12 av brukarane har dette medført at dei er i jobb, studerer, tar kurs eller har lærlingplass. I tillegg til medisin, får brukarane tilbod om sosialt fellesskap og nokre aktivitetar. MARIS gir og tilbod om lavterskel helse. Brukarane får enkelt sårstell, kost- og ernæringsråd, samtaler/ motivering til behandling og hjelp til å koma i kontakt med rett instans. I tillegg utdeling av sprøyter og mottak av brukt utstyr (sprøyter). Ordninga har ope 5 timar fordelt på 2 dagar i veka i lokala til Fyrtårnet. Prosjekt bustadlause i Stord (Probis) starta opp med tenesteyting 01.07.06. Frelsesarmeen avslutta samstundes drifta ved Stord bu- og omsorgssenter, i tråd med vedtak i levekårskomiteen 13.12.05. Prosjektet skal hjelpe vanskeligstilte på bustadmarknaden å få seg bustad og å halda på bustaden. Probis har eit tett samarbeid med sosialtenesta, MARIS og bustadkontoret, rundt den einskilde brukar. Probis legg vekt på høg grad av brukarmedverknad i arbeidet. Pr. 31.12.06 er tre husvære i Hamrane ombygd og tilpassa medan ombygginga av kommunalt eigd hybelbygg i Åkervikåsen til fire husvære er godt i gang. Sparekravet til tenesteområdet var i 2006 kr. 1 mill. Dette målet er nådd. Probis hadde ved utgangen av 2006 15 brukarar og har fire tilsette. Medarbeidarar Det har vore gjennomført nedbemanning i Sævarhagen og ved Rehabiliteringssenteret og flytting av personell i samband med utviding av Stord sjukeheim. Ivaretaking av tilsette har vore sterkt vektlagt i denne samanhengen. På grunn av færre sjukeheimsplassar, har presset på heimetenestene auka sterkt i lange periodar. Det har til dels vore vanskeleg å framskaffa kvalifisert arbeidskraft. I løpet av året har det vore i gong fleire delprosjekt innan omstillingsprosjektet i pleie og omsorg med stor deltaking og engasjement av tilsette og tillitsvalde. Det er gjennomført arbeidsseminar med brei deltaking i høve tenestestandardar og for alle tilsette vart det arrangert eit ideologiseminar. I tillegg har det vore arrangert fleire mindre lokale temadagar. Sosiale- og førebyggjande tenester har gjennomført temadag i helse, miljø og tryggleik (HMT). Ved nokre arbeidsplassar er det ikkje gjennomført medarbeidarsamtalar i 2006. Diverse dataprogram, som Agresso (løn) og Profil (tenester) har blitt tatt ytterlegare i bruk i organisasjonen. Organisasjonsutvikling I samband med omstillingsprosjektet i pleie og omsorg har det vore full gjennomgang av tenestene. På bakgrunn av ny ideologi og krav om innsparingar har dette medført til dels store endringar,. I samband med arbeidet har også organiseringa vorte diskutert og forslag er levert vidare til styringsgruppa for det administrative omorganiseringsprosjektet. Fleire frå sosial- og førebyggjande tenester er involvert i utvikling av lokalt NAV- kontor. Her vert det jobba i eksternt prosjekt med NAV trygd og NAV arbeid, og internt i eininga i høve tenestene som skal vera igjen i kommunen. Dette arbeidet skal vera ferdig 1. juli 2007. Økonomi Kundetorget har utvikla meir effektivt verktøy som støttar opp mot ressursmodell i praksis. Modellen er planlagt å bli ytterlegare utvikla til også å omfatta bustadar med heildøgnsomsorg (HDO) og sjukeheim. Pleie- og omsorgstenesta samla har hatt underskot som følgje av auke i behov/ tenester. Talet på sosialhjelpsmottakarar har gått ned, det same har utgiftene, som har hatt ein kraftig nedgang. Sosiale tenester vart pålagt eit sparemål på kr 1 mill i 2006. Utgiftsreduksjonen har vore dobbelt så stor. 18

Sosialtenesta Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter til sosialtenesta per innbyggar, 1 310 1 590 1 632 918 1 347 i kroner Netto driftsutg. til sosialtenesta i prosent av samla 4,8 6,1 6,0 3,9 4,1 netto driftsutgifter Netto driftsutg. til tilbud personar med rusproblem pr 303 390 478 109 211 innbyggjar 20-66 år Andelen sosialhjelpsmottakarar i forhold til 5,3 5,9 5,9 3,6 4,5 innbyggjarar i alderen 20-66 år Sosialhjelpsmottakarar 525 578 576 287 270 Brutto driftsutgifter til økonomisk sosialhjelp 27 044 29 171 30 155 29 713 33 409 per mottakar Gjennomsnittleg utbetaling per stønadsmånad 5 656 5 798 6 081 6 156 5 924 Gjennomsnittleg stønadslengde (månader) 4,5 4,7 4,6 4,5 4,2 Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelp/introduksjonsstønad som hovudinntektskjelde, andel 36,8 39,4 39,5 43,4 46,6 Stord kommune brukar meir av sine samla inntekter til sosialtenesta enn kva samanliknbare kommunar nyttar. Kommunen har òg ein større del av befolkninga som sosialhjelpsmottakarar. Dei siste åra, og særleg i 2006, er det ein nedgang i talet på mottakarar på 9 %, og reduksjon i utgiftene pr mottakar med 7 %. Utgiftene til personar med rusproblem har gått ned (avvikling av FA senteret). Barnevern Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter per innbyggjar 0-17 år, 3 404 3 503 3 219 3 185 4 396 barneverntenesta Barn med undersøking ift. antal innb. 0-17 år, 1,5 2,9 2,3 2,5 2,4 prosent Andel barn med barneverntiltak ift. innb. 0-17 år 3,8 3,7 2,7 3,2 3,5 Brutto driftsutgifter per barn 21 131 18 697 20 833 22 471 27 294 (f. 244, barneverntenesta) Barn med undersøking eller tiltak per årsverk 20,8 26,2 24,1 22,8 21,7 Brutto driftsutgifter per barn i opphavleg familie (f. 251) Brutto driftsutgifter per barn utanfor opphavleg familie Andel undersøkingar m. behandlingstid over tre månadar, prosent 24 802 28 976 28 609 27 118 30 222 214 156 184 356 251 500 218 673 234 937 34,0 - - 23,3 27,8 Kommunen nyttar noko mindre til barnevernsteneste enn i 2006. Dette heng saman med ekstra inntekter for mindreårige flytningar under barnevernstenesta. Ser ein på talet på barn under barnevernstiltak så aukar denne og Stord kommune ligg over landssnittet og samanliknbare kommunar. Kommunen har ein større andel av barn med behandlingstid ver tre månadar enn gjennomsnittet. 19

Kjend vårtegn: Sal av sommarblomar på Sæbø gard Kommunehelse Stord Samanlikn. kommunar Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, kommunehelsetenesta Netto driftsutgifter i prosent av samla netto driftsutgifter Netto driftsutgifter til førebyggjing, skule og helsestasjonstenester per innb 0-20 år Netto driftsutgifter til diagnose, behandling og rehabilitering per innbyggjar Legeårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta Fysioterapiårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 1 250 - - 1 167 1 301 4,6 - - 4,5 4,3 843 1 149 1 125 936 1 066 770 715 795 813 950 9,5 9,6 9,7 8,2 9,0 8,5 8,5 7,4 7,7 8,8 Kommunen nyttar noko meir ressursar til helse og førebyggjande teneste enn andre kommunar. Dekningsgraden av legeårsverk og fysioterapiårsverk er litt betre enn landssnittet. Pleie og omsorg Stord Samanl. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo Pleie- og omsorgstenestene samla Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, pleie- og omsorgtenesta Netto driftsutgifter pleie og omsorg i prosent av netto driftsutgifter i alt Korrigerte brutto driftsutgifter per brukar av kommunale pleie og omsorgstenester Framhald neste side. 2006 2005 2004 2006 2006 8 235 8 389 8 280 7 953 10 533 30,3 31,2 30,6 30,5 34,9 276 779 297 717 286 068 245 475 256 522 20

Heimetenesta Andel innbyggjarar under 67 år som mottek heimetenester 1,3 1,1 1,0 1,3 1,3 Andel innbyggjarar 67 år og over som mottek 15,3 14,5 15,5 17,1 19,2 heimetenester Antall innbyggjarar som mottek heimetenester i alt 476 411 416 Antall under 67 år som mottek heimetenester 203 158 151 Antall over 67 år som mottek heimetenester 273 253 265 Korrigerte brutto driftsutgifter pr. heimetenestebruker i kroner 165 445 178 382 162 481 132 317 146 221 Institusjonar Andel bebuarar på institusjon under 67 år 1,3 6,5 4,2 5,6 5,2 Andel innbyggjarar 67 år og over som er bebuarar 4,5 4,9 5,3 5,5 6,1 på institusjon Årsverk legar per 1000 plassar i institusjon 7,9 8,4 7,8 6,0 7,2 Årsverk fysioterapeutar per 1000 plassar i 14,0 15,0 18,7 8,2 8,2 institusjon Andel plassar i skjerma eining for aldersdemente 45,7 38,9 36,3 19,5 20,7 2006 2005 2004 2006 2006 Korrigerte brutto driftsutgifter per plass i kroner 681 961 673 168 638 422 647 698 668 184 i kommunale institusjonar * Netto driftsutgifter til aktivisering per innbyggjar, 7 154 7 493 6 057 4 417 4 223 67 år og over Andel netto driftsutgifter til aktivisering 9,0 9,4 11,6 6,0 5,0 * Korrigert for nedlegging av rehabiliteringssenteret Pleie- og omsorgstenesta sin andel av netto driftsutgifter har blitt redusert i 2006. Dette sjølv om talet på brukarar av heimetenesta har auka med med 65. Talet på institusjonsplassar har samstundes gått ned med 14 ( avvikling av rehab.senteret). Spesielt sterk har auken vore i talet på brukarar av heimetenester under 67 år. Auken er på 45 nye brukarar ( 28%). Sjølv om det har vore ein auke i talet på brukarar over 67 år ( både faktisk og relativt), så er det færre eldre over 67 år som får tildelt tenester av kommunen enn kva tilfellet er i samanlikningskommunane og på landsbasis.( 15,3% av dei over 67 år mot 17,1 og 19,2%). Kvar brukar kostar i gjennomsnitt kr 165 000, mot kr 132 000 i samanlikningskommunane. Kostnaden pr brukar har gått ned, noko som heng saman med avvikling av nokre dyre tilbod ( ma Sævarhagen). Ein forklaring på kvifor vår kommune brukar meir pr brukar kan ha samanheng med at færre eldre får tenester og at dei som får då er dyrare i gjennomsnitt. Dette får me ikkje svar på før IPLOS dataene ligg føre i juni. Utgiftene til kommunale institusjonar pr plass har auka i 2006, men auken er mindre enn lønns- og prisveksten. Framleis er kostnaden pr plass høgare enn gjennomsnittskommunen. Rehabiliteringssenteret som var dyre plassar vart avvikla dette året, dei er med og dreg gjennomsnittsprisen noko oppover. 21

Komité for miljø og kultur sitt ansvarsområde Dette kapittelet femner om kultureiningane og dei tekniske einingane. Bjørnar Withbro orienterer Komité for miljø og kultur om ominreiinga av hovudbiblioteket. Kultureiningane Kulturtenester m/flyktningkontoret Stord folkebibliotek Stord kulturskule Brukarane Det var 42.972 på kino i 2006. Det er 2.641 fleire enn i 2005. Det vart seld 11.481 billettar til konsertar og teater i Kulturhuset. I symjehallen har 22.524 personar vore på offentleg bading. (22947 i 2005). Hagerupshuset har vore godt besøkt, og det er mange faste grupper. Litlabø fritidsklubb har hatt om lag 25 medlemmer. Harri fritidsklubb hadde 25 medlemmer våren 2006 og 15 om hausten. Ungdomstilbod Leirvik kom i gang hausten 2006. Dei mest populære tilboda var kino og bading. Onsdagsklubben har jamn og god oppslutnad. Ved Stord folkebibliotek (Hovudbibliotek Leirvik og filial Litlabø) var det eit samla utlån i 2006 på 55 627. Utlånet i 2005 var 60 023. Av det totale utlån er 38 910 bøker og 16 717 andre media (vesentleg lydbøker, video og musikk). Av totalutlånet gjeld 19 930 utlån barnemedia, og 35 697 vaksenmedia. Basert på stikkprøveregistrering kan det reknast eit samla besøk kvar veke på ca 1000 ved bibliotekavdelingane. Stord kulturskule hadde 594 elevplassar i 2006. Dei fleste er i grunnskulealder (505), men det er også barn under (28) og ungdom over grunnskulealder (61). Det var 128 på ventelista. Kulturskulen har hatt 9 elevkonsertar, 3 større oppsetjingar (Scrooge/Egner i dans og tonar/pianomaraton og 2 turnear i og for barnehagane i kommunen. Trio Vest har hatt 4 eigne konsertar samt fleir andre speleoppdrag rundt om i kommunen. Kulturhuset og biblioteket er ein viktig møteplass både for rekreasjon og nye impulsar. I biblioteket er barneavdelinga oppgradert. Idrettskonsulenten møter fast i Idrettsrådet og har god kontakt med brukarane av idrettsanlegga. Tilbakemeldingane frå brukarane er at det er god kvalitet på tilboda. Informasjon Kultureiningane har oppdaterte heimesider som er godt besøkt. Biblioteket har etablert eiga heimeside frå hausten 2006 i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek. Det er informasjonsstad i Kulturhuset der folk kjøper billettar, får svar på spørsmål og orientering om aktuelle arrangement og liknande. Kulturskulen hadde samtalar med elevar og føresette i mars/april 2006. Medarbeidarar Innsparingane og dei strame budsjetta har sett krav til medarbeidarane. Dei har måtta prioritera strengt. Likevel har dei fått til naudsynt kompetanseheving innan fagfelta sine. Tilbakemeldingar frå m.a. medarbeidarsamtalar og aktivitetar dokumenterer eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Det er tilsett ny dagleg leiar i Hagerupshuset. 22

Organisasjonsutvikling Kulturskulen hadde komponering som satsingsområde i 2006, og hadde kurs for tilsette og elevar. Kulturskulen deltek i KOM-prosjektet saman med Hystad skule. I 2006 vart det gjort ombyggings- og moderniseringsarbeid i hovudbiblioteket si barneavdeling, m.a. er det innreidd eit amfi. Samfunn Kultureiningane har vore representert i ulike sentrale grupper, t.d. utvikling i Leirvik sentrum. Lokalhistorisk verk var fullført i 2006, og Storddøra vart opna. Det har vore stor aktivitet i den kulturelle skulesekken. Kulturtenester arrangerte også folkemusikkveke og feira 100 årsdagen til Torborg Nedreås. Fyrmeisterbustaden på Midtøy vart kjøpt og er no i kommunal eige. Stord kommune v/kulturskulen i samarbeid med Venskapsambandet Stord-Comalapa, HSH og ulike samarbeidspartar i Guatemala arrangerte ein stor musikkonferanse i Guatemala. Det har vore fredskorpsutveksling mellom Stord og Comalapa. Biblioteket gjennomførte eit større boksal i 2006. Stord folkebibliotek og Fitjar folkebibliotek har positive røynsler med det etablerte samarbeidet Anlegg Mange anlegg for idretts-, leike- og kulturaktivitetar vart ferdigstilt i 2006. Ordinære anlegg: Prestegarden golf og turområde (9 hols bane og vatningsanlegg) Rukjen fleirbrukshall Rukjen sosiale rom Rukjen handballbane Stord idrettspark (friidrettsbane, tennisbane, klubbhus, sosialt rom, styrkerom, rehabilitering gamlehallen, rehabilitering nyehallen) Prestagardsskogen idrettspark (kunstgrasbane m/lys) Nærmiljøanlegg: Tjødnalio skule, ballbinge Leirvik skule, ballbinge Rukjen skule, ballbinge Rukjen skule, tursti Kårevikmarkjo, ballbinge Nysæter, ballbinge Landåsen, orienteringskart Lokale kulturhus Huglo ungdomshus, rehabilitering Økonomi Rekneskapen for 2006 syner at kultureiningane går med kr 0.6 mill. overskot i høve til budsjettet. Kultur Stord Gruppe 07 Landsgj.snitt - Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter kultursektoren i prosent av 4,3 4,2 4,3 3,7 4,5 kommunens totale netto driftsutgifter Netto driftsutgifter for kultursektoren per innb. i kroner 1 161 1 092 1 176 971 1 342 Netto driftsutgifter til bibliotek per innbyggjar 209 207 214 191 239 Utlån alle medium frå folkebibliotek per innbyggjar 3,3 3,6 4,1 4,3 5,3 Antall kinobesøk per innbyggjar 2,6 2,4 3,0 0,5 2,3 Netto driftsutg. til aktivitetstilbod barn og unge per innb. 47 104 127 131 141 Netto driftsutgifter til idrett per innbyggjar 204 231 206 258 360 Antall lag som mottek kommunale driftstilskot 56 64 85 58 50 Kommunale driftstilskot til lag og foreiningar per lag 3 500 5 094 5 565 16 753 17 544 som mottek tilskot Netto driftsutgifter til muséum per innbyggjar 29 25 24 20 56 Netto driftsutgifter til kunstformidling per innbyggjar 28 3 13 13 78 Netto driftsutgifter til andre kulturaktivitetar per innb. 372 253 335 177 244 Brutto investeringsutgifter til kultur/idrett per innb. 802 640 968 382 437 23

Kulturskule Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, 1,0 1,0 0,9 0,7 0,7 i prosent av samla netto driftsutgifter Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, 1 685 1 652 1 545 1 154 1 473 per innbyggjar 6-15 år Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunal musikk- og 11 890 11 857 11 056 9 655 11 567 kulturskule, per brukar Antall elevar i kulturskulen 508 529 504 Nøkkeltala for denne sektoren syner at reduksjonen i utgiftene til sektoren har stoppa og at det no er ein liten auke i utgiftene. Kommunen brukar framleis meir enn gjennomsnittet av kommunane i samanlikningsgruppa. Kommunen brukar vesentleg meir til investering enn kommunane i samanlikningsgruppa. Kommunen nyttar meir til kulturskulen enn gjennomsnittet. Kommunen gir undervisning til færre elevar enn i 2005. Korrigerte utgifter pr brukar har auka med 0,3%, dette er mindre enn kostnadsveksten. Cato Klubben og Jan Tore Brückner legg ut lensar i samband med ein oljevernøving på Aker Stord. Øvinga var eit samarbeid mellom Stord kommune og Aker Kværner. Tekniske einingar Brukarane Tekniske einingar har ikkje hatt brukarundersøkingar i 2006. Drift og vedlikehald (DVE) Utbygging og eigedom (UBE) Regulering, byggesak og oppmåling (RBO) Brann, redning og feiing (BRF) På kommunen si nettside ligg oppdatert informasjon om einingane sine tenester. Alle søknadsskjema er tilgjengelege på nettsida. Einingane nyttar i tillegg til nettsida faldarar og oppslag i lokalpressa. Sakshandsamingstid for plan- og byggjesaker ligg tett opp til fastsette tidsfristar. Det har i 2006 vore svært mange søknader som gjeld næringsbygg. Etterslep for kart- og delingsforretningar er redusert frå 54 til 24. Det er halde førehandskonferansar i dei fleste byggesaker og oppstartsmøte i dei fleste reguleringsplansaker. Likevel er det framleis søknader som vert seinka pga. feil og manglar. Saker utan fastsette tidsfristar har hatt lengre sakshandsamingstid enn ynskjeleg. Det er ikkje gjennomført fullt tilsyn i noko byggjesak, det er gjennomført avgrensa tilsyn i nokre saker. Avvika skuldast stor saksmengde, prioritering av saker og redusert bemanning deler av året. Drift og vedlikehald (DVE) utfører reinhald og vaktmeistertenester for dei kommunale bygga, og har også drift og vedlikehald av alle kommunale vegar, samt park og idrettsanlegg. DVE produserer og leverer drikkevatn, samt transporterer og reinsar avløpsvatn. 24

Sidan 2002 er bygningsarealet som DVE har ansvar for vorte utvida med ca. 3000m2 samstundes som talet på tilsette har vorte redusert. Dette har ein kunna fått til gjennom målretta arbeid med effektivisering Eininga har som føretak sentral godkjenning etter plan- og bygningslova. Utbyggings- og eigedomseininga (UBE) har eigaransvar for alle kommunale bygg, kommunaltekniske anlegg og kommunale eigedomar. Eininga tingar interne og eksterne tenester innanfor sitt ansvarsområde, og har ansvar for alle utbyggingsprosjekt i Stord kommune. UBE har hatt fokus på branntryggleiken for omsorgsbustader og institusjonsbygg i Stord kommune, og tiltak er sett i gong i 2006 for å betra tryggleiken i desse bygga. Arbeidet med dette vert vidareført i 2007. Eininga Brann, redning og feiing har hatt 102 utrykkingar i 2006 mot 87 i 2005. Medarbeidarane Nedbemanning i einingane som starta i 2004 er følgd opp i 2006 i tråd med vedtekne innsparingar. Dei fleste tilsette har fått høve til å delta på kurs i løpet av året. Tilbakemeldingar frå dei tilsette i medarbeidarsamtaler er at arbeidsmiljøet er godt og at medarbeidarane trives. Nokre sentrale medarbeidarar har søkt og fått permisjon frå stillinga i Stord kommune. Det har vore vanskeleg å rekruttera nye medarbeidarar, noko som reduserer sakshandsamingskapasiteten. Eininga Brann, redning og feiing har 6 faste tilsette, 1 feiarlærling og 44 deltidstilsette. Beredskapspersonalet får den utdanninga som lova krev. Organisasjonsutvikling Målsetting innan organisasjonsutvikling er i større grad å gå over til elektroniske verktøy. Som ledd i dette er det gjennomført å ha elektroniske kart. I den samanheng er alle reguleringsplanar digitalisert. Elektroniske byggesøknader er teke i bruk overfor nokre firma. Ei eiga prosjektgruppe har i 2006 arbeidd med ny organisasjonsplan for tekniske tenester. Gruppa konkluderte med at utbyggings- og eigedomseininga og drifts- og vedlikehalds eininga burde slåast saman til ei eining, og at grensesnittet mellom tingar og utførar vart endra. Det vert etablert eit fagsjefnivå for bygg, vatn/avløp og veg/trafikk under einingsleiar. Einingsleiar og fagsjefar utgjer leiarteamet for den nye eininga. Endringa vert sett i verk frå 1.1.2007. Eigen strategiplan for drift og vedlikehald vart påbegynt hausten 2004 og fullført i 2005. Planen er oppdatert i 2006. Utbygging av eigedom sitt arbeide med revisjon av Kommunalteknisk Norm vart sluttført i 2006. Bransjen sin fagorganisasjon NORVAR sin norm for vatn og avløp skal nyttast i Stord kommune. For veg og grønt er det laga ei eiga norm. Sak om nye normer vart lagt fram for og godkjent av MOK i 2006. Samfunn Beredskap og samfunnstryggleik Arbeidet med risikoanalysar (ROS) for ein del bygningar og for vatn og avlaup er vidareført i 2006. Arbeidet med å betra vassforsyninga til Huglo er vidareført, og tilbodsdokument er utarbeidd klar for innhenting tilbod. Tiltaket er planlagt gjennomført i 2007. Revidert kommunedelplan for vatn vart godkjent i 2006. Eininga Brann, redning og feiing er sentral i beredskapssamanheng, og er godt rusta til å dekka naudsynte oppgåver. Eininga gjer vurderingar og gjev innspel til ulike planar, og når bygg vert planlagt. Eininga har m.a. tilsyn med 80 13 særskilte brannobjekt, har feiing og tilsyn med 5000 bustadhus og kontroll av 370 hydrantar Eininga yter hjelp 24 timar i døgnet. Eininga legg vekt på førebyggjande arbeid, er i god dialog med innbyggjarane gjennom informasjon og open dag. Ytre og indre miljø Utskifting av vatn, avløp og overvassleidningar vart vidareført i 2006. Detaljplanar for vatn- og avløp i Kyvikområdet vart starta opp i 2005 og detaljprosjekteringa er gjennomført i 2006. Oppstart anleggsarbeid vinteren/våren 2007. Av andre større avløps-/overvass-saneringar som er starta opp i 2006 er Ørehaug/Haga. Dette prosjektet er venta ferdigstilt våren 2007. Det har i 2005 og 2006 vore arbeidd med ein overordna framdriftsplan for kloakksanering i Sagvågs-/Jensanesområdet. Det fysiske markarbeidet i Sagvåg var planlagt starta opp i 2006. Berre ein liten del vart gjennomført. 25

Meir detaljert framdriftsplan vert utarbeidd vinteren/våren 2007. Det vert lagt opp til eit samarbeid med Statens Vegvesen med utbetring og trafikksikring av Jensanesvegen. Stord kommune er utpeika til pilotkommune i universell utforming og dette saman med alternative energikjelder vert vurdert i alle planar og byggesaker. Reguleringsplan for Almås er utarbeid i kommunal regi i 2006 og vert ferdig våren 2007. Andre reguleringsplanar er ikkje gjennomført pga. manglande kapasitet til eige planarbeid. Nybygg Bygging av prosjekt Bybuen med 32 sjukeheimsplassar og 10 trygdebustader er sluttført i 2006 etter oppsett framdriftsplan. Deler av bygget er teke i bruk i 2006. Den kommunale kostnadsramma i prosjektet er auka med 2.5 mill til kr 80.5 mill. Planlegging av utviding ved Hystad skule er starta opp i 2006, og anleggsarbeida vil ta til vinteren 2007. I samarbeid med Vikahaugane Stord Sportssenter (VSS) og Stord idrettslag er planar for nytt klubbhus og utbetring av tekniske anlegg i den gamle idrettshallen gjennomført i 2006, og nybygget er teke i bruk. Stord kommune hadde samla investeringar innan bygg og anlegg i 2006 på ca 90 mill. Økonomi Utbygging og eigedom har overskridingar i rekneskapen når det gjeld utgifter til straum, forsikring og vedlikehald. Pga. ekstra mange utrykkingar i 2006 har Brann, redning og feiing eit underskot på knappe kr 300 000. I høve innsparingar i 2006 er ramma til Regulering, byggesak og oppmåling redusert med 750 000 kr. Eininga har i høve tildelt budsjettramme eit overskot. Hovudårsaka til overskotet er at eininga hadde meir i inntekt pga stor aktivitet/effektivitet, samt sparing på løn. Sparing på løn skuldast vanskar med å rekruttera nye medarbeidarar. Fysisk planlegging Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo Fysisk tilrettelegging og planlegging (funksjon 300) 2006 2005 2004 2006 2006 Netto driftsutgifter til fysisk planlegging i prosent av 0,7 1,0 0,9 0,5 0,6 kommunen sine samla netto driftsutgifter Netto driftsutgifter til fysisk planlegging per 200 263 234 119 170 innbyggjar i kroner Korrigerte brutto driftsutgifter fysisk planlegging, 456 435 383 454 469 kroner per innbyggjar Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, 300 250 210 230 209 reguleringsplanar Gjennomsnittleg saksbehandlingstid, byggesaker 49 45 45 32 34 Nøkkeltala syner at kommunen brukar meir ressursar på tenesteområdet enn det tilsvarande kommunar gjer. Dette heng saman med eit lågare gebyrnivå. Prosjektleiar Kjell Nesbø orienterer kommunestyret om bygginga av Backertunet. Her i personalkantina. 26

Vatn, avløp og renovasjon/avfall Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Andel av innbyggjarane som er tilknytta kommunal 90,2 91,1 91,7 78,2 82,4 vassforsyning (prosent) Årsgebyr for vassforsyning (gjeld rapporteringsåret +1) 2 063 1 994 1 880 1 773 2 141 (kr) Andel av innbyggjarane som er tilknytta kommunal 83,8 81,5 81,5 79,1 81,1 avløpsteneste (prosent) Årsgebyr for avløpstenesta (gjeld rapporteringsåret 2 658 2 551 2 260 2 607 2 537 +1) (kr) Årsgebyr for avfallstenesta (gjeld rapporteringsåret 1 499 1 459 1 459 1 758 1 936 +1) (kr) Kilo hushaldningsavfall per innbyggjar 357 349 264 426 415 Kilo utsortert hushaldningsavfall per innbyggjar 188 177 125 233 218 Nøkkeltala syner at ein høg del av innbyggjarane er tilknytta vatn og avløpstenesta i kommunen. Samferdsel Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2003 2006 2005 Netto driftsutgifter i kr per innbyggjar, samferdsel i alt 487 416 449 486 601 Lengde kommunale vegar og gater i km per 1 000 innbyggjarar 7,3 7,4 7,4 6,9 9,1 Brutto driftsutgifter i kr per km kommunal veg og gate 80 618 74 000 75 475 78 078 82 895 Kommunen brukte meir enn samanlikningskommunane til veg i 2006. Det er ein auke i utgiftene frå 2005. Brann- og ulukkesvern Stord Samanlikn. kommunar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 Antall bygningsbrannar per 1000 innbyggjarar 0,24 0,24 0,48 0,54 0,59 Antall utrykningar: Sum utrykningar til brannar og 4,6 4,1 3,9 10,6 8,9 andre utrykningar per 1000 innbyggjarar Netto driftsutgifter til brannvern per innbyggjar 396 409 424 387 466 Tala syner at kommunen brukar meir pengar på brannvern enn kommunane i samanlikningsgruppa. Talet på brannar og utrykningar er lågare enn samanliknbare kommunar. Energibruk. Kommunale kostnader Stord Samanlikn. kommunar Kommunale utgifter til fyring og belysning, I kroner per innbyggjar Landsgj.snitt utanom Oslo 2006 2005 2004 2006 2006 593 557 500 621 761 27

Tema: SLT Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak Thomas Mikkelsen og Cecilie Berger frå Utekontakten og SLT-koordinator Terje Eriksen publiserte fyrste "Føre Var"-rapport i 2006. Bakgrunn/historikk. Komité for levekår (LEV) gjorde 08.11.2000 vedtak om at kommunen saman med Stord Lensmannskontor skulle starta opp eit tiltak for samordning av lokalt førebyggjande arbeid. SLT- koordinator vart tilsett i førebels prosjektstilling for eit år våren 2001 og starta opp arbeidet 20.05.01. Stord kommune var arbeidsgjevar og koordinator skulle ha kontorplass ved Lensmannskontoret. Det blei bestemt at koordinatoren fekk ansvar for å samordna både kriminalitetsførebyggjande og rusførebyggjande arbeid i kommunen. SLT- koordinatorstillinga vart gjort om til fast stilling 01.01.03. Det er eit mål for tiltaka som vert sett i verk gjennom SLT at dei skal støtte opp om, utviklast og forankrast i ordinær verksemd. I SLT- arbeidet skal ein søkja å engasjera frivillige organisasjonar, privatpersonar, næringsliv, foreldre og ungdom,i tillegg til politi og kommunale einingar. Samarbeidet kan også inkludera nabokommunar, fylkeskommunen og staten Organisering. I SLT- modellen er det lagt inn som eit krav for godt samordningsarbeid at arbeidet skal forankrast så høgt oppe i det kommunale system som mogeleg. I Stord kommune består styringsgruppa i SLT av lensmann og dei tre kommunalsjefane. SLT koordinator er sakshandsamar og sekretær for styringsgruppa. Hovudoppgåva for styringsgruppa er å bestemma kva som skal vera satsingsområde for førebyggingsarbeidet og vedta årleg verksemdsplan for SLT- arbeidet. Under styringsgruppa er det oppnemnd eit SLT arbeidsutval. Dette består av einingsleiarar og andre kommunalt tilsette som rår over personal- og økonomiressursar. Politiet har ein representant i arbeidsutvalet. Utvalet skal planleggja og gjennomføra tiltaka i verksemdsplanen. SLT- koordinatoren skal leia den daglege verksemda i SLT- tiltaket. Dette krev nær kontakt med dei tilsette i einingane, med ungdom og med andre aktuelle samarbeidspartnarar. Koordinatoren skal fylgja opp dei tiltaka som er vedteke, henta inn nye idear og fylgje opp SLT- budsjettet. SLT- arbeidet i 2006. SLT i Stord kummen har heilt frå starten satsa på skulen som hovudarena for det førebyggjande arbeidet. Det har i mange år vore gjort eit særs godt førebyggjande og haldningsskapande arbeid i Stord skulen. SLT- arbeidet har bygd vidare på dette og samordna arbeidet. Dette har ført til at me no kan tilby elevar og foreldre førebyggjande program på alle skulesteg i grunnskulen. Av aktuelle tiltak vil me nemna: Dan Olweus eller Zero, (haldningskapande og anti-mobbeprogram) på trinna 1 til og med 7. Unge og rus på 7.steget. (Sjå eigen omtale nedanfor) Vær røykfri på alle steg i ungdomsskulen. VOKT ( sivilarbeidarar som jobbar med valds- og konfliktløysing i ungdomsskulen). MOT- (Haldningsskapande program i ungdomsskulen) Aktivitetsdag for å letta overgangen mellom barne- og ungdomstrinnet( I 2006 gjennomført for elevane som starta på Nysæter skule det skuleåret) 28

Verksemd som ikkje er knytt til skulen: Bekymringssamtalar (Samarbeid mellom politi og SLT- koordinator ved bekymring for personar under 18 år.) Klar for nye mål - Førebyggjande program i idretten også knytt opp mot arbeid mot doping og bruk av prestasjonsfremjande middel. Vald i Leirvik sentrum - Ansvarleg vertsskap samarbeidstiltak mellom kommune, politi og utelivsbransjen. Føre var samarbeid mellom Utekontakten, SLT og Bergensklinikkane om halvårlige rapportar om rustrender i Stord kommune. Av og til - prosjektet. (Sjå nærare omtale nedanfor) Edru russ (Samarbeid med lensmannen - promilletesting av russen på 17. mai) Anna verksemd: Det har vore ei målsetting at det rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeidet i Stord kommune skal vera prega av kontinuitet og langsiktig planlegging. SLT arbeidet er no forankra i fleire av einingane sine verksemdsplanar, ruspolitiske handlingsplan og kommuneplan. Justisdepartementet har bestemt at det skal lagast SLT ordning i alle kommunar (SLT finst no i over hundre av kommunane.) Mykje av SLT- arbeidet går med til å formidla informasjon om arbeidet ut til personar, organisasjonar, kommunar og andre som kontaktar oss for å få vita meir om korleis me jobbar med rus- og kriminalitetsførebygging i kommunen vår. Me brukar mykje tid på denne informasjonsverksemda då me ser at det er nyttig for oss samstundes som det er god reklame for Stord kommune. Dette fører og til vinstar i form av tettare samarbeid med sentrale aktørar innanfor førebyggingsfeltet som også fører til at me får økonomisk og fagleg bistand frå desse. Bergensklinikkane har i alle år vore ein viktig samarbeidspartnar og me har for 2007 fått lovnad om midlar til dei fleste av dei prosjekta me har søkt om. I tillegg kan men nemna at me samarbeidar med Nordnorsk kompetansesenter i Narvik, Rogaland kompetansesenter og Kompetansesenteret for rus i Oslo. Me har eit formalisert SLT samarbeid med Fitjar kommune og er representert i arbeidsgruppa for SLT i Fitjar. Der gjennomførar me Unge og rus på 8.trinnet og ein av VOKT - arbeidarane våre tek del i ungdomsarbeidet i kommunen. Elevar frå 7.steget i Stord-skulen skal bli gruppeleiarar i skuleprogrammet "Unge og rus". Nokre hovedsatsingar: UNGE OG RUS Det rusførebyggjande skuleprogrammet Unge og rus har vore gjennomført på 7.steget på alle skulane i Stord kommune sidan 2002. Programmet består av 20 timer undervisning og tre foreldremøte. I tillegg blir det haldt dagskurs for lærarane og gruppeleiarkurs kvart år. Til no har om lag 1400 elever og foreldra deira gjennomført programmet. 350 elever har vore med på gruppeleiarkurs og nærare hundre lærarar har no gjennomført lærarkurset. Hausten 2006 kom ein forskargruppe oppnemnt av Utdanningsdirektoratet og Sosial -og helsedirektoratet med ein rapport om førebyggjande innsatsar i skulen. Unge og rus ble her karakterisert som det einaste rusførebyggjande programmet med dokumenterte resultat. Det er derfor gledelig at Stord kommune er den kommunen i landet som har drive programmet over lengst tid, og i størst omfang. Dette er også blitt lagt merkje til, og me vert no stendig kontakta for å dela erfaringane med andre kommunar. Me kan t.d. nemna at SLT- koordinator og leiar for Utekontakten hausten 2006 heldt kurs for alle lærarane på 8.trinnet i ungdomsskulen i Oslo. AV OG TIL Av og til er eit rusførebyggjande program som vendar seg til heile befolkninga. Det byggjer på alkoholfrie soner og punktavhold. Gjennom informasjon og opplysningsverksemd vil ein søkja å bevisstgjera folk på at det av og til ikkje er bra med alkohol. Punktavhold tydar at den einskild lager alkoholfrie situasjonar rundt seg sjølv og såleis både tek omsyn til omgivnadene og vert meir bevisst på eigen bruk av rusmiddel. 29

Dei alkoholfrie sonene i prosjektet er: Trafikk Graviditet Samvær med barn og unge Båt - og badeliv Arbeidsliv Idrett og friluftsliv Sorg og depresjonar Konfliktar Saman med ti andre kommunar har Stord vore Av og til - kommune sidan prosjektet starta i 2003. Prosjektperioden er avslutta, men me er no representert i ei nasjonal arbeidsgruppa som skal vidareutvikla og introdusera programmet for andre kommunar. I Stord kommune vil ein no arbeida for å få sett ned arbeidsgrupper knytte til dei ulike sonene og setja fokus på dei som er mest aktuelt for vår kommune t.d. Båt- og badeliv og Samvær med barn og unge Effekten av arbeidet vil som før verta målt med MMI-undersøkingar om kva oppslutnad det er i kommunen om dei ulike sonene. Tysdag 12.12 kl. 12.00 vart tredje og (førebels) siste bandet i det lokalhistoriske verket "Stord frå steinalder til oljealder" presentert. Boka er skriven av historikar Yngve Skjæveland (biletet). Lokalhistorisk verk Bakgrunn/historikk. Den 12. desember 2006 vart band III av den generelle bygdesoga for Stord lagt ut for sal. Dette markerte også avslutninga av første delen av det store lokalhistoriske prosjektet. 792 sider lokalsoge har me fått, i stort format, 29 x21 cm. Bøkene er rikt illustrerte i fargar, til saman over 700 bilete, kart og rammetekstar. Reaksjonane på bøkene frå bokmeldarar og publikum har vore positive. Det var ved budsjetthandsaminga i 2000 at Kommunestyret sette av kr 6 mill til eit lokalhistorisk prosjekt, fordelt på åra 2001-2004. At midlane vart sette av som ei eingongsløyving, vart avgjerande for at ei så stor oppgåve kunne gjennomførast på så pass kort tid og innanfor tidsplanen. Det var peika ut ei prosjektgruppe med Egil Nysæter som leiar og Anstein Lohndal, Nils Tore Gram Økland og Guri Andresen Aksnes som medlemmar, og denne gruppa kunne med ein gong laga ein framdriftsplan for tre band utan å ta atterhald om ny løyving år for år. Gruppa kunne straks tilsetja forfattarar til alle tre banda. 30

Forprosjekt Forprosjektet som var utgangspunktet for løyvinga, peika på at det var behov for eit bygdebokverk i seks band: Først burde kommunen satsa på å få fram ei generell bygdesoge som tar for seg Stord si historie frå så langt attende som me finn spor etter menneske og fram til i dag, deretter burde arbeidet med å nyskriva gards- og ættesoga ta til. Stord kommune mangla ei generell bygdesoge. Band I og III i bygdebokverket til Ola Høyland frå 1970-åra inneheld mykje lokalsoge og dekkjer dei aller fleste felta av lokalsamfunnet, men det er ikkje eit kronologisk ordna historieverk som viser utviklinga over tid. Dessutan vantar dei siste 50 åra, og utforminga stettar ikkje krava i dag. Fire forfattarar har vore engasjerte i arbeidet med bøkene, alle fire vel kvalifiserte, ein arkeolog og tre historikarar. Kvar av forfattarane har også hatt ein fagleg konsulent å rådføra seg med. Til saman er det brukt 9 forfattarårsverk, i tillegg kjem det arbeidet konsulentane har gjort og arbeidet til medlemmar av prosjektgruppa. Band I har to forfattarar: Bård Gram Økland har skrive om den førhistoriske tida, frå istida og fram til om lag år 1000 e.kr. Magne Njåstad har skrive resten av bandet fram til 1720. Han bur i Trondheim og hadde arbeidsstad ved universitetet der, Bård Økland hadde arbeidsstad ved Bryggen Museum i Bergen. Band II, frå 1720 til 1900 er skrive av Nils Olav Østrem, som er knytt til Universitetet Stavanger. Det siste bandet, 1900-talet, er skrive av Yngve Skjæveland frå Stord. Også han har arbeidsstad ved universitetet i Trondheim. Alle forfattarane hadde altså arbeidsstad ved forskingsinstitusjonar og kunne dra nytte av fagmiljøa og ressursane der. Egil Nysæter har lagt ned eit stort arbeid ved gjennomgang av manuskripta og utarbeiding av register, illustrasjonslister osv. I heile prosjektperioden har det vore eit tett samarbeid mellom forfattarane og prosjektgruppa. Forfattarane har gjeve uttrykk for at det var til god hjelp å ha med seg ei gruppe med gode faglege kvalifikasjonar og god lokalkunnskap. Også for framdrifta betydde denne kontakten mykje. Ein del av mandatet til prosjektgruppa var å vurdera korleis Internett/IT kunne nyttast i samband med eit slikt verk. Gruppa arbeidde ein del med desse problemstillingane i den første fasen, men la etter kvart arbeidet med denne delen bort, då det viste seg at det ikkje var økonomi til noko ut over hovudprosjektet. Dette er likevel ei side ved bygdebokarbeidet som vil vera endå meir aktuell i samband med gards- og ættesoga. Den generelle bygdesoga som no er fullførd, er altså første delen av eit samla bygdebokverk i seks band. Den neste utfordringa er å få laga ei ny gards- og ættesoge. Forprosjektet nemner tre band med gards- og ættesoge, der også slektssoga vert ført så langt fram som kjeldene tillet. Arbeidsgruppa ønskjer å halda fram arbeidet med å planleggja denne delen, i første omgang ved å utarbeida eit forprosjekt. Dei tre banda i den generelle bygdesoga for Stord. 31

ØKONOMISK ANALYSE Stord kommune si økonomiske stilling og utvikling vert vist gjennom balansen, finansieringsanalysen og nøkkeltal. BALANSEN EIGENLUTAR 2002 2003 2004 2005 2006 Omløpsmidlar: Kasse, postgiro, bank 407 347 237 185 242 Fordringar 52 50 57 70 60 Sum omlaupsmidlar 459 397 294 255 302 Anleggsmidlar: Aksjar, andelar 24 22 21 21 25 Langsiktige utlån 68 64 69 76 74 Pensjonsmidlar 345 399 458 507 565 Utstyr, maskinar, transportmidlar 33 36 38 40 41 Faste eigedommar 564 631 670 766 795 Sum anleggsmidlar 1034 1152 1256 1410 1500 Sum eignelutar 1493 1549 1550 1665 1802 GJELD OG EIGENKAPITAL Gjeld: Kortsiktig gjeld 94 97 107 100 105 Langsiktig gjeld 528 516 461 531 573 Pensjonsforplikting 420 471 531 592 653 Sum gjeld 1042 1084 1099 1223 1331 Eigenkapital: Fond 414 386 294 173 176 Rekneskapsm. underskot -102-96 -108-16 0 Rekneskapsm. overskot 0 8 0 3 2 Udekka i investeringsrekneskapen 0-9 0 0 0 Likviditetsreserve -31-27 -20-20 -17 Anna eigenkapital 170 203 285 302 310 Sum eigenkapital 451 465 451 442 471 Sum gjeld og eigenkapital 1493 1549 1550 1665 1802 Utvalde nøkkeltal frå balansen 2003 2004 2005 2006 Brutto lånegjeld i prosent av driftsinntektene 92,6 76,9 83,1 83,1 Arbeidskapital i prosent av driftsinntektene 53,4 31,3 24,3 28,7 Eigenkapital i % av totalkapitalen 30,0 29,1 26,5 26,1 Netto lånegjeld i kroner per innbygger 25 278 22 411 26 253 27 509 Netto pensjonsforplikting i % av driftsinntektene 12,9 12,2 13,3 13,3 32

Kommentarar til balansen Kommunen sin likviditet vart styrka i 2006, dette heng saman med dei akkumulerte underskota som kommunen opparbeidde tidlegare år no er dekka inn. Kommunen fekk og eit overskot i drifta i 2006 noko som styrkar arbeidskapitalen. Lånegjelda har auka i 2006. Hovudgrunnen er investering i sjukeheim og bygging av ny skule i Sagvåg. Lånegjelda er på brutto 573 mill kr, av dette er 47 mill kr lånt ut til innbyggjarane i kommunen (statlege etableringslån/startlån), 19 mill kr er vidarelånt til Hamnestellet og 187 mill kr er lån knytt til avgiftsområda. DRIFTSREKNESKAPEN - RESULTAT Driftsrekneskapen for kommunen syner slik utvikling siste 4 åra. 2006 2005 2004 2003 Sum driftsinntekter 690 253 639 676 599 124 558 715 Sum driftsutgifter -682 029-655 851-635 114-580 536 Brutto driftsresultat 8 224-16 175-35 990-21 821 Avskrivingar 27 070 26 039 24 134 22 240 Brutto driftsresultat eks avskrivingar 35 294 9 864-11 856 419 Netto finanspostar -12 772-5 571-11 288 12 723 Netto driftsresultat 22 522 4 293-23 144 13 142 Interne finanstransaksjonar -20 884-1 764 10 366-5 223 Meirforbruk - /mindreforbruk + 1 638 2 529-12 778 7 919 Figuren nedanfor syner utviklinga i kommunen sine driftsresultat dei siste 4 åra. Resultatutvikling 2003-2006 40 000 30 000 20 000 10 000 0-10 000-20 000-30 000-40 000 2006 2005 2004 2003 Brutto driftsresultat Brutto driftsresultat eks avskrivingar Netto driftsresultat. Resultatet er vesentleg betre enn 2005 I 2006 har inntektene vokse med 8 %, for landet var auken 9%, medan utgiftene viser ein auke på 4 %, landsauken 7 %. Trass gode skatteinntekter så hadde kommunen lågare inntektsvekst enn landet elles. Utgiftene hadde ein lågare vekst slik at kommunens driftsresultat i 2006 er relativt sett betre i høve landsgjennomsnittet enn kva tilfellet var i 2005. Gapet mellom driftsinntekter og driftsutgifter korrigert for avskrivingar vart på 35,3 mill kr, eller 5,5 % av driftsinntektene. Netto driftsresultat utgjer 3,3 % av brutto driftsinntekter. Akkumulert underskot på 15,9 mill kr er med dette resultatet dekka inn. Det er tilrådd at netto driftsresultat bør utgjere 3 % av driftsinntektene, kommunen sitt resultat vart betre enn dette i 2006. 33

Frie inntekter Kommunen sine skatteinntekter samt det statlege rammetilskotet utgjer dei frie inntektene til kommunen. Frå 01.01 2004 vart inntektssystemet til kommunane lagt om slik at kommunen sine frie inntekter (rammetilskotet) vart redusert for å finansiere momskompensasjonsordninga. Momskompensasjonsordninga gav kommunen 24 mill kr i inntekter i 2006, av dette er 11,1 mill kr momskompensasjon av investeringar. Utviklinga i frie inntekter har vore slik dei siste åra: 2002 2003 2004 2005 2006 Frie inntekter eks 342 149 365 769 373 249 377 666 425 816 momskompensasjon - skatt 225 699 246 434 267 993 270 859 313 605 - rammetilskot 116 450 119 335 105 256 106 807 112 211 Momskompensasjon - herav investering - herav drift 0 0 24 005 12 734 11 271 34 355 22 651 11 704 24 439 11 122 13 317 Auke frie inntekter i % 8,1 6,9 1,4 0,2 12,7 Frie inntekter pr innbyggjar 21 166 22 296 22 599 22 639 25 271 *Momskompensasjonsordninga vart innført i 2004. Rammetilskotet til Stord kommune vart trekt med 20 mill kr i 2004. I same perioden har auken i kommunen sine lønnsutgifter vore slik: 2002 2003 2004 2005 2006 Lønn inkl. sosiale utgifter 389 725 401 323 435 714 446 670 454 096 Herav pensjon eks a.avgift 40 440 36 316 40 141 40 470 40 583 Auke i lønnsutgifter i % 4,0 2,9 8,6 2,0 1,7 Auken i brutto lønnsutgiftene var for 2006 på 1,7 %, noko som er vesentleg mindre enn den generelle lønnsveksten på vel 4,1%. Inntekter Figuren syner utviklinga i av inntektene til kommunen. Utvikling andel inntekter 50 45 40 35 30 25 20 15 10 5 0 2006 2005 2004 2003 Skatt Rammetilskot Andre statlege tilskot Sals - og leigeinntekter Andre driftsinntekter Momskompensasjon Skatteinntektene sin del av samla inntekter har auka frå 42,3 til 45,4%. Dette er mindre enn kommunane samanlikningsgruppa der skatteinntektene utgjer 47,5% av samla inntekter. Årsaka til dette ligg i at fleire av kommunane i samanlikningsgruppa har innført eigedomsskatt. Rammetilskotet sin del av inntektene har gått ned, først ved innføring av momskompensasjonsordninga samt tilleggsuttrekk i 2005 og justering av inntektssystemet mot høgare skattedel. 34

Andre statlege tilskot viser ein sterk vekst siste åra. Dette er inntekter knytt til barnehagesatsinga til staten. ( vidareformidla statstilskot private barnehagar og skjønnsmidlar) Sals- og leigeinntektene viser ei relativ stabil utvikling. Desse inntektene sin del ligg i heile perioden på 15% av samla inntekter. Driftsutgiftene Tabellen nedanfor viser korleis kommunen sine driftsutgifter fordeler seg på dei ulike tenesteområda og utviklinga dei siste åra. Utvikling i andel av brutto driftsutgifter 2006 2005 2004 2003 administrasjon 6,6 8,0 7,0 6,4 barnehage 10,6 8,9 8,1 8,3 grunnskule 27,5 26,3 26,8 28,0 kommunehelse 4,3 4,4 4,4 4,7 pleie og omsorg 23,4 23,3 23,6 22,9 sosialteneste 4,7 5,6 5,7 6,1 barnevern, 2,6 2,5 2,3 2,2 vatn,avlaup,renovasjon 7,4 5,6 7,2 7,4 fys.planl./kult.minne/natur/nærmiljø 1,7 1,7 1,6 1,8 kultur 2,7 2,6 2,9 3,3 kyrkje 0,8 0,9 0,9 1,0 samferdsle 1,6 1,5 1,6 1,8 bustad 1,4 1,3 1,3 1,5 næring 0,8 0,8 1,0 1,1 brann og ulykkesvern 1,3 1,3 1,5 1,5 Siste året har det vore ein auke i utgiftene til barnehagane, grunnskule og vatn, avlaup og renovasjonstenestene. Størst nedgang i relativ andel har det vore i administrasjonsutgiftene og utgifter til sosial tenester. Kommunen sine driftsutgifter vert nytta slik. Driftsutgifter 6,5 % 10,8 % 3,9 % 0,4 % 52,3 % Lønnsutgifter Sosiale utgifter Kjøp av varer og tj. som inngår i prod. 12,3 % Kjøp av varer og tj. erstatter egenprod. Overføringer Avskrivninger 13,8 % Fordelte utgifter 35

Avviks rekneskap / budsjett Frå skjema 1 a Driftsrekneskapen kjem følgjande hovedtal fram: Regnskap Budsjett rev. Budsjett opph. Regnskap 2006 2006 2006 2005 6 Sum frie disponible inntekter -483 046 064-473 874 650-448 124 000-421 021 273 10 Netto finansinntekter/utgifter 13 070 745 19 550 000 25 550 000 5 538 862 17 Netto Avsetning 18 700 849 13 254 999-249 752 1 665 808 18 Overf. til inv.rekn. 2 184 022 2 197 000 0 97 778 19 Til Fordeling Drift -449 090 448-438 872 651-422 823 752-413 718 825 20 Sum fordelt til drift 447 452 655 438 876 072 422 823 753 411 189 530 21 Regnskapsmessig meir-/mindre f.b. -1 637 793 3 421 1-2 529 295 Frie disponible inntekter viser meirinntekter på 9,2 mill kr i høve revidert budsjett. Av dette utgjer meirinntekter statstilskot vidareformidla til private barnehagar 4,7 mill kr, samt feil i budsjetterte skjønnsmidlar 2,3 mill kr. Dette gir feil mellom revidert budsjett fordelt drift og frie disponible inntekter med denne summen. Meirinntekt skatt og rammetilskot utgjer 1,5 mill kr og meirinntekter investeringstilskot utgjer 0,8 mill kr. Netto finansinntekter/utgifter ga mindreutgift på 6,5 mill kr, noko som heng saman med høgare avkastning av finansplasseringane enn rekna med. Det er sett av 5,5 mill kr til fond utover budsjett. Dette er avsetting til bundne fond innafor vatn,avlaup og renovasjon samt avsetting av øyremerka statsmidlar som ikkje er nytta i rekneskapsåret. Dei største avsettingane til bundne fond er etteregulering VA fonda med 3,1 mill kr og psykiatritilskot med 1,6 mill kr. Andre statstilskot som er avsett utgjer 0,8 mill kr. Sum fordelt til drift viser at det er fordelt 8,6 mill kr meir til kommunal drift enn budsjettert. Som nemnt ovanfor er det ein budsjetteringsfeil som gjeld skjønnsmidlane på 2,3 mill slik at korrigert faktisk meirforbruk til drift er 6,3 mill kr. Av dette meirforbruket utgjer vidareformidla statstilskot til private barnehagar ( overføringsutgifter) 4,7 mill kr. Meirforbruk drift er på 1,6 mill kr, av dette er 1,1 mill kr ikkje fordelt nedskjeringstiltak. Rest av 17 mill kr. Einingsdrifta Einingsdrifta inkl fondsbruk/avsetning viser eit samla bruk på 445,7 mill kr inkl korrigering av sjukepengeinntektene for 2004 2005 med 3,1 mill kr. Korrigert for dette vart resultatet av einingsdrifta 442,5 mill kr. Budsjettet til einingane var i 2006 på 441,2 mill kr. 22 av einingane hadde balanse eller mindreforbruk i 2006. Dei andre hadde meirforbruk. Større avvik vert kommentert under tabellen Revidert Rekneskap budsjett Administrasjon, støtteeiniingar, fellesutgifter,lærlingar 29 989 30 407 418 Barnehagar 5 190 6 211 1 021 Skulane inkl sfo 127 736 127 552-184 Institusjonane 55 985 56 297 312 Pleie og omsorgseining inkl legeteneste og kundetorg 102 577 101 711-866 Sosiale tenester /barnevern 43 007 42 648-359 Kultur inkl flyktningetenesta 16 945 17 573 628 Tekniske tenester 56 112 53 908-2 204 Næring og landbruk 4 996 4 936-60 442 537 441 243-1 294 36

Barnehagane sitt overskot heng saman med høgare statstilskot enn rekna med, mellom anna som følgje av oppretting av nye plassar på slutten av året. Samstundes har barnehagane halde rammene på utgiftssida. Pleie og omsorgstenestene har sterk auke i brukarar i 2006. Serleg auka dette hausten 2006. Sjølv om tenestene fekk tilført midlar i budjettrevisjonen så gjekk området med underskot. Barnevernet hadde eit meirforbruk på 1,1 mill kr. Rammene til barnevernet vart redusert med 0,5 mill kr i sparepakka, noko som har vist seg urealistisk. Auken er knytt til fleire born under omsorg. Noko av denne minusen vert dekka inn ved sparing i sosialhjelp på eininga sosiale tenester. Kultureiningane har sparing, der 0,4 mill kr er sparing på flyktningetenesta i 2006. Resten av sparinga har i hovudsak kulturskulen stått for. Tekniske tenester har eit meirforbruk som i hovudsak skuldast meirutgifter til straum (1,3 mill kr), vedlikehald, og bustadforvaltninga. Laurdag 23. september var den store brannverndagen over heile landet. Stord brannstasjon på Vabakkjen var ein populær stad denne dagen, med over 1000 besøkjande på arrangementet. 37

INVESTERINGSREKNESKAPEN Det er gjennomført investeringar i 2006 i bygg og anlegg for 90 mill. kr. inkl mva. Dei største investeringane i 2006 har vore : Samla Løyving Samla Overført Løyving Byggjeprosjekt Bruk 2006 Bruk 2006 løyving til 2007 i 2007 Prosjekt Miljøtiltak adm.bygg 1 454 206 1 454 206 1 000 000 1 300 383-153 823 1 000 000 Utbygging Hystad skule 343 800 343 800 4 000 000 4 000 000 3 656 200 1 500 000 Trodlahaugen barnehage tilbygg 2 162 764 2 162 764 3 500 000 3 500 000 1 337 236 1 000 000 Mediatek Stord Ungdomsskule 1 193 306 1 985 262 1 500 000 6 700 000 4 714 738 3 400 000 Ny Sagvåg skule 1 511 477 61 728 268 0 60 800 000-928 268 Avslutta Ombygg. Barnehagar 388 926 2 555 539-377 400 2 814 455 258 917 Avslutta Husvære bustadlause 1 913 495 1 913 495 4 000 000 4 000 000 2 086 505 0 Ny sjukeheim Bandadalsplass 33 433 626 80 414 172 27 500 000 74 500 000-5 914 172 6 000 000 Nødstraum og sjukesignalanlegg Knutsaåsen 387 116 1 949 089 0 2 375 000 425 911 1 500 000 Knutsåsen/Sjukeheimen sprinkling 1 200 647 1 200 647 0-1 200 647 2 000 000 Postkjøken ved Knutsaåsen Eldresenter 627 566 650 178 3 600 000 3 600 000 2 949 822 0 Kunstgrasbane Vikahaugane 1 700 000 1 731 338 1 700 000 1 700 000-31 338 Avslutta Rehab. dekke nyehallen Stord Idrettspark 750 088 750 088 400 000 400 000-350 088 Avslutta Prestegardskogen kunstgras grusb. 4 024 076 4 024 076 4 530 000 4 530 000 505 925 0 Stord-døra på moloen 1 132 833 1 132 833 1 132 833 1 132 833 0 Avslutta Kjøp Fyrøya 798 069 798 069 900 000 900 000 101 932 400 000 Rehabilitering Stord kyrkje 1 660 000 2 210 000 2 000 000 2 550 000 340 000 2 000 000 Pumpestasjon Sagvåg 1 319 742 1 319 742 1 200 000 1 200 000-119 742 Avslutta Tysevegen VA-arbeid 904 614 948 154 1 000 000 51 846 0 VA-leidning ny Langelandsåsen, Heiane 1 067 365 1 405 053 1 600 000 1 600 000 194 947 Avslutta Grøft og oppbygging fortau Fitjarvegen/Dybvik 1 931 404 2 116 916 400 000 2 000 000-116 916 Avslutta Sanering VA-anlegg Ørehaug/Haga 4 784 998 4 784 998 2 000 000 2 000 000-2 784 998 3 000 000 Hystad skule gangfelt/sikring park.plass 1 353 829 1 402 338 0 1 000 000-402 338 0 Asfaltering kommunale vegar 1 059 854 1 059 854 1 000 000 1 000 000-59 854 Avslutta Investering Flyplass 1 250 063 4 560 081 1 000 000 4 000 000-560 081 1 000 000 Dei fleste av investeringane som har negativt avvik er investeringsprosjekt som ikkje er ferdigstilt og som har løyving i 2007. For dei prosjekta som har meirforbruk vert det fremja eiga sak om dekning av desse våren 2007. Det er selt fast eigedom for kr 21,2 mill kr og andelsleiligheter for 2,0 mill kr i 2006. Summen er sett av til investeringsfond og nytta til finansiering av investeringar. Kommunen har midlertidig nytta delar av salssummen for Bunesblokka til kjøp av andelar i burettslaget. Salsummen var 11 mill kr, 3,5 mill kr er nytta til å kjøpe andelar. Denne summen vil kommunen få att etter kvart som desse husværa vert selte. 38

Kapitalforvaltning Kommunen sine plasseringar og avkastning 2006 Stord kommunen endra plasseringsstrategien sin sommaren 2003. Tidlegare hadde kommunen plasseringane splitta i to fond. Desse er no slegne saman til eit fond. Vidare vedtok kommunen å låne ut til lag og organisasjonar av fondet i 2004. Utviklinga i marknadsverdi for fondet og samansetning av aktiva klassane: Aktivaklassar Verdi i heile 1000 kr Del i % 2003 2004 2005 2006 2003 2004 2005 2006 Pengemarknad 6 858 20 376 10 987 15 373 2,1 9,5 6,3 8,7 Obligasjonar 125 313 117 014 90 118 85 412 37,6 54,8 51,6 48,5 Sikringsprodukt 14 545 5 121 5 363 5 587 4,4 2,4 3,1 3,2 Aksjar, norske 31 873 20 165 15 939 15 158 9,6 9,4 9,1 8,6 Aksjar, internasjonale 108 790 48 203 43 632 45 944 32,6 22,6 25 26,1 Kursregulering -101 2 627-508 -570-0,1 1,2-0,3-0,3 Diverse ( gebyr, honorar mv ) -107-6 -15-7 0 0 0 0,0 Utlån til idretten 9 300 9 325 5,3 5,3 Kort fond før 2004 46 008 13,8 Sum marknadsverdi langsiktig fond 333 179 213 500 174 816 176 222 100 100 100 100 Avkastning i kr 46 100 26 800 19 875 14 878 Avkastning i % 18,70 % 8,10 % 9,30 % 8,50 % Fondet gav i 2006 ei avkastning på 8,5% eller kr. 14,9 mill kr. Dette er avkastning inkl verdijustering ved årsskiftet, men ikkje realisert avkastning. Avkastninga har vore tilfredsstillande i 2006. Grunnen til dette er stor oppgang i verdien av norske aksjar. Oppsummering Oppnådd avkastning i 2006 har vore tilfredsstillande. All bokført avkastning i 2006 har gått med til å dekke drift. Den 24. mai arrangerte Hagerupshuset busstur for pensjonistar til Undredal i Sogn og Fjordane. Heile 46 personar vart med på turen, og det var i tillegg venteliste for fleire som ynskte vera med. 39

Aksjeselskap med kommunal eigarinteresse Namn Kommunal del i kr/% Kommunal styrerepresentant Eldøyane Næringspark AS 15 000 / 0,15 Etablert januar 2000. Eidesvik Invest AS, NorSea Group AS, Aker Kværner Stord AS og Aker Kværner Offshore Partner AS er dei andre aksjonærane. SNU AS 49880/34,4 Grete Knutsen Arne Vik Helge Gjøsæter Gerd Røsdal Sveen Atle Tranøy Vekst Industri Sunnhordland AS Etablert i juli 2000 saman med Fitjar kommune. Næringsråda i Stord og Fitjar saman med Fellesforbundet har vore aksjonærar frå 2001. Sveio kommune og Sveio Næringsservice kom med i 2002. Selskapet vert vidareført utover 2006 (omstillingsperioden) utan Sveio kommune. 120 000 / 6 Birte Nilsen Industriinkubator etablert 11.10.04. Formål: Utvikla nye bedrifter basert på forskningsresultat og idear frå eksisterande industri. Industrinettverket AS 100 000/ Nettverket skal vera med og auka verdiskapinga og utvikla gode relasjoner mellom medlemsverksemdene. Eigarar er Fylkeskommunen, Kvinnherad og Stord kommunar, og fleire private verksemder. Sunnhordland Industri AS 492 000 / 28 Tordis Nysæter Attføringsverksemd. Podlen Verkstad AS 1 534 000 / 96 Kåre Løkhammer, Reidun Myklebust Sunnhordland Lufthamn AS Hordaland Olje og Gassenter AS 395 000 / 79 Kåre Martens, Sylvi R. Sørfonn, Inger K. Nerheim, Berit W. Eldøy, Helge Lundgren Arbeidsretta tiltak for yrkeshemma. Aksjekapitalen utvida til 1.6 mill kroner ved emisjon i juni 2001. Operatørselskap for drift av flyplassen. Hordaland fylkeskommune eig 21 % av selskapet. Terminalbygg og anlegg er i kommunal eige 10 000 / Magne Rommetveit Etablert i 2003 som medlemsorganisasjon med målsetting om å ivareta Hordaland si interesse innan olje og gassverksemda og styrka regionen til å møta utfordringane innan petroleumsbransjen. 60 000 / 1,6 Magnhild Furdal Finansieringsselskap for Trekantsambandet. Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS Haukelivegen AS 10 000 / Finansierings-/pådrivarselskap for standardheving av E 134. Etablert i 2000. Fastl.samb. Halsnøy AS 10 000 / Magne Rommetveit Finansieringsselskap for Halsnøysambandet. Stord Idrettspark AS (Vikahaugane Sportssenter) 90 000 / 60 Lars R. Valvatne Gjertrud Husøy Torill J. Knutsen Driftsselskap. Stord Idrettslag eig 40% av selskapet. 10-årig (frå 2000) driftsavtale mellom kommunen og selskapet. S Lab AS 219 000 / 16 Etablert desember 2003 med føremål rådgjeving og laboratorieteneste. Sunnhordland Kraftlag AS / 2,1 Stord Kommunale Eigedomsselskap AS 100 000 / 100 Lars R. Valvatne Ole Tufteland Herdis Elin Belsvik Eigedomsselskap for BKK bygget på Heiane og SK bygget(teknisk bygg) på Leirvik. 40

Politisk organisering K om m unestyre K ontrollutval Form annskap (9 m edlem er) Kom ite for næ ring o g utvikling (11 m edlem er) K o m ite for le ve kår (11 m edlem er) K o m ite fo r m iljø o g kultu r (11 m edlem er) D riftsstyre 5 politikarar + 2 tilsette (7 m edlem er) O rdføraren Forvaltingsstyre ( 9 m edlem er) Rådm annen Administrativ organisering Strategisk leiing Rådmannen og tre kommunalsjefar Stabsfunksjonar Utviklingsgruppa Personalgruppa Økonomigruppa Sekretariatet Støtteeiningar Rekneskap og løn IKT Kommunale selskap Kommunale verksemder Tingar/forvaltning Kundetorget Landbruk og miljø Bygg og eigedom Regulering og byggesak Tenesteeiningar (28) Tenesteeiningane utfører tenester innanfor vedtekne rammer, t.d. - Barnehagar - Skular - Heimebaserte tenester, - Institusjonar - Tekniske tenester - Førebyggjande tenester - Sosiale tenester - Helsetenester - Kulturtenester 41

Stord i ord og tal Byen Stord (Stord kommune) ligg i regionen Sunnhordland i Hordaland fylke på Vestlandet, ved innløpet til Hardangerfjorden. Kommunen utgjer den sørlege halvdelen av Stordøy, i tillegg til dei mindre øyane Huglo og Føyno, totalt 144 km 2. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Næraste by nord for Stord er Bergen, medan Haugesund og Stavanger er dei næraste byane i sør. Kommunesenteret Leirvik er regionsenter i Sunnhordland. Stord er senter for oljeretta leverandørindustri i Noreg. Folketalet var ved årsskiftet 2006/2007 16 850. Sysselsetjing Tal arbeidsplassar: Ca. 9 000 Privat og offentleg tenesteyting: 62% Industri, bygg og anlegg: 37% Primærnæringar: 1% Kommunale nøkkeldata Ved årsskiftet 2006/2007 var det i Stord kommune 1 150 tilsette fordelt på 868 løna årsverk. I tillegg var det 36 lærlingar. Brutto driftsinntekter: Brutto driftsutgifter: (ekskl. finansutgifter/-inntekter) Investeringar: Lånegjeld: Finanskapital: kr 690 mill. kr Kr. 682 mill. kr Kr. 90 mill. kr. Kr. 573 mill. kr. Kr. 176 mill. kr. Ordførar: Magne Rommetveit Rådmann: Martin Dahle Utfyllande årsmeldingar på nett På Stord kommune sin nettstad, www.stord.kommune.no, finst årsmeldingar og handlingsplanar for samtlege av kommunen sine tenesteeiningar. For å finna årsmeldingane, klikkar du på menyvalet Våre mål og resultat på framsida av nettstaden.