Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering i utdanningssektoren. Feide er valt som felles elektronisk identitet

Like dokumenter
Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar. Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

Kunnskapsdepartementet ønsker en sikker identifisering i utdanningssektoren. De har valgt Feide (Felles elektronisk identitet)

Kunnskapsdepartementet ønsker en sikker identifisering av elever og lærere. Løsningen er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

Kunnskapsdepartementet ønsker en sikker identifisering av elever og lærere. Løsningen er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar. Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

FEIDE eid for utdanningssektoren. Kristine Sevik og Morten Dahl, UNINETT ABC

Tilgangskontroll i arbeidslivet

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Nytt HFK Intranett

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

IKT-reglement for kommunane i SING

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

transen snasenrot trenissen trondegutten127 hansetrondsen nesnah dnort trendnissen Trond Hansen kosebamsen84 trasen batman trikaahansen02 trusehasen

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Barnetråkksamling i Rogaland

"Din lokale energileverandør!"

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Feide Nøkkel til den digitale skolen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Barnerettane i SKULEN

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Retningslinjer for gjennomføring

for tilsette i Hordaland fylkeskommune

felles fag på 6. og 7. årssteget

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1006 Marknadsføring og sal

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Inntaksmøte 14. februar tidleg inntak til vgo Alexandra hotell, Molde

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Til deg som bur i fosterheim år

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rådgjevarkonferanse 2009

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Vurderingsrettleiing 2011

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Biblioteket. Bolk-rettleiing

MFG2003 Bransje, fag og miljø

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

2014/

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.

Bruk av reiserekning i Agresso

Skuleåret 2017/2018.

Transkript:

Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering i utdanningssektoren Feide er valt som felles elektronisk identitet UNINETT ABC har ansvar for innføring av Feide i grunnopplæringa

Kva er Feide? Feide er Kunnskapsdepartementet si valde løysing for trygg identifisering i utdanningssektoren. Planen er at i 2010 skal alle i Skule-Noreg ha fått tilbod om ein Feide-identitet frå sin skuleeigar. Basert på kommunen sine opplysingar om deg og di rolle i skulen vert det laga ein elektronisk nøkkel, eller ein Feide-identitet. Denne nøkkelen kan du bruke til å legitimere deg overfor ulike digitale tenester, nettstader, portalar, bibliotek og andre tenester som er mynta på utdanningssektoren. Kven du er og kva rolle du har bestemmer kva du får tilgang til: Elevar, lærarar, rektorar og føresette har forskjellige roller og har dermed forskjellige rettar. For at dette skal virke på tvers av alle grunnskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet, må den tenesta som utfører sjølve pålogginga (Feide) kunne stole på at opplysingane frå kvar einskild institusjon er riktige og oppdaterte. Ei ryddig identitetsforvaltning må difor vere på plass hjå skuleeigarar som skal innføre Feide.

Enklare digital skulekvardag Tenk deg at alle elevane i skulen må gå rundt med et svært knippe nøklar. Éin nøkkel for å kome inn på skulen. Ein annan for å kome inn i klasserommet. Den tredje nøkkelen gir kanskje tilgang til pennalet. Ein fjerde opnar norskboka, mens den femte opnar for å lære samfunnsfag. Den sjette nøkkelen gir eleven tilgang til gymsalen, medan ein sjuande opnar kladdeboka. Upraktisk seier du? Dette skjer i skulen i dag. Med Feide får elevar og lærarar eitt brukarnamn og eitt passord. Verken meir eller mindre. Bruken av digitale tenester og læringsressursar aukar, og stadig fleire av desse krev at eleven loggar seg på med brukarnamn og passord. Mange tenester betyr mange passord eit stadig større nøkkelknippe. Skuleeigar må sjå til at elevane får ein så enkel digital skulekvardag som mogleg. Med eitt brukarnamn og eitt passord kan IKT lettare integrerast i det pedagogiske undervisningsopplegget ved skulane.

Enklare tilgang Innføringa av Kunnskapsløftet og nye læreplanar frå hausten 2006 lanserte digital kompetanse som ein femte basisferdigheit i skulen. Digital kompetanse vert dermed sidestilt med andre grunnleggande kunnskapar som det å lese, skrive, rekne og uttrykkje seg munnleg. Bruk av digitale verktøy og utvikling av digital kompetanse skal integrerast i alle fag og på alle nivå. Ei vellukka integrering av grunnleggande digital kompetanse i dei nye læreplanane føreset eit rikt tilfang av digitale læringsressursar og kunnskapskjelder. Tilgang til digitale media og digitale ressursar krev ofte pålogging. Elevar og lærarar som har fått ein Feide-identitet kan bruke denne digitale nøkkelen til å logge seg på ei rekkje digitale tenester, læringsressursar og kunnskapskjelder. Dette kan gjerast uavhengig av kor kjeldene er eller kven som er tilbydarar.

Nasjonale tenester som har fått eller er på veg til å få Feide-innlogging inkluderer digital eksamen, nasjonale prøver, NRK sitt digitale arkiv, VIGO opptakssystem for vidaregåande skule og Nasjonal digital læringsarena (NDLA). I tillegg kjem læringsplattformer, ressursportaler med digitale læremiddel, multimediearkiv, karakter- og fråverssystem og ei rekkje andre verktøy meint for Skule-Noreg. Jo tidlegare du startar, desto tidlegare kan du hauste gevinstane. Med Feide kan skuleeigarane enkelt gi sine elevar og lærarar éin digital nøkkel som opnar opp for ein tryggare og enklare skulekvardag. Fordi det er den same tekniske løysinga som vert nytta for innlogging, vil det bli både rimelegare og langt enklare å tilby fleire og nye tenester etter kvart som dei kjem. Kunnskapsdepartementet har valt Feide som løysing for trygg pålogging til digitale tenester i utdanningssektoren. På sikt vil Feide bli den einaste tilgjengelege påloggingsløysinga på ei rekkje nødvendige tenester.

Den behandlingsansvarlege og databehandlaren skal gjennom planlagde og systematiske tiltak syte for tilfredsstillande informasjonstryggleik med omsyn til konfi densialitet, integritet og tilgjengelegheit ved handsaming av personopplysingar (Personopplysningsloven 13).

Betre personvern Innføring av Feide gjer det enklare å oppfylle personopplysingslova sitt krav om at personar skal få innsyn i eigne persondata og at dei sjølve må samtykkje til overføring av data til ulike tenester. Det er viktig å verne personopplysingar både mot inntrenging, misbruk og feil. Dette kan gjerast på fleire måtar, både teknisk og ikkje-teknisk. I tillegg til tekniske tryggleiksmekanismar, kan ein lage ein arkitektur for informasjon som minimerer faren for misbruk og konsekvensane ved feil. I Feide er all informasjon under lokal kontroll, og alle kan til ei kvar tid sjekke kva informasjon som er lagra om seg sjølv. Ei ryddig identitetsforvaltning basert på Feide gir gevinstar for både skuleeigar, lærarar og elevar med omsyn til personvern og tryggleik. Gjennom ei fornuftig og trygg lagring av data, korrekt personinformasjon og trygg tilgang til data og tenester vert personvernet styrka. Tryggleiken vert styrka ved at alle opplysingar vert lagra lokalt. Det er kvar einskild skule eller skuleeiger som eig, administrerer og står for lagring av personinformasjon i sine eigne system. Skuleeigar får oversikt over sine eigne brukarar og avgjer sjølv kva digitale tenester som skal vere tilgjengelege for brukarane.

Kostar nesten ingenting Å bruke Feide kostar ikkje meir enn nokre få kronestykke årleg per brukar. For denne prisen får skulane tilgang til alle kostnadsfrie tenester som kan bruke Feide-innlogging. Med Feide får ein også eit monaleg potensiale for å spare utgifter med omsyn til registrering av elevar som skal logge inn og avleggje nasjonale prøvar. I tillegg seier fleire leverandørar av digitale læremiddel at dei kan tilby sine produkt rimelegare til skuleeigarar som har innført Feide. Årsaka er ganske enkel: Når det er skuleeigar sjølv som held vedlike personinformasjon slepp leverandøren å gjere det, og kostnadene deira vert mindre. Kostnadene ved å bruke Feide er små samanlikna med dei framtidige innsparingane. Start i dag. Jobben må gjerast uansett! Ei ryddig identitetsforvaltning er ein føresetnad for å kunne innføre Feide, og erfaringsmessig er det kostnader forbunde med å etablere ei ryddig handtering av personopplysingar internt i eigen organisasjon. Slike kostnader må imidlertid sjåast i samanheng med gevinstpotensialet som ligg i ei god identitetsforvaltning og kostnadene forbunde med dårleg datakvalitet og manuelle rutinar for brukarhandtering. Kostnadene vil sjølvsagt vere avhengig av kva nivå kommunane si datahandsaming er på i dag. Kan hende er det berre små justeringar som skal til i din kommune?

Det er du som bestemmer Feide er bygd opp på ein måte som gjer at den einskilde skuleeigar fritt kan velje kva teknologisk plattform den lokale løysinga skal byggjast på. Dette er mogleg fordi koplinga mellom skuleeigarar, Feide og dei digitale tenestene nyttar internasjonale standardar og spesifikasjonar. Feide bruker opne standardar og spesifikasjonar som gir kvar einskild skuleeigar fridom til å velje sine eigne leverandørar og tekniske implementasjonar. Viss ein ønskjer, kan ein også bruke fleire forskjellige leverandørar. Denne openheita gjer at ein slepp å binde seg til ein bestemt leverandør, eller eitt bestemt produkt. Skuleeigar kan byte ut einskildkomponentar i eiga løysing, utan å måtte byte alt. Feide nyttar opne standardar. Det betyr at kvar einskild skuleeigar har fridom til å velje både leverandør og produkt. Når alle nyttar dei same standardane og grensesnittet, vert det også enklare for leverandørar av IKT-løysingar å tilby sine produkt til kommunane. Dette kjem både skuleeigarane og leverandørane til gode. Tankegangen som ligg til grunn for Feide er i tråd med viktige nasjonale satsingar på opne standardar og samordning av IKT-arkitektur, slik dette er skildra i mellom anna enorgeplanen 2009.

Feide og eid Fornyings- og administrasjonsdepartementet arbeider med innføring av ein elektronisk ID (eid) til bruk i offentleg sektor. Med denne kan ein logge på og få tilgang til tenester frå stat og kommune, som for eksempel fastlege, Lånekassa, byggjesøknader og søknad om barnehageplass. Feide og eid skal virke saman. At Feide og eid skal virke saman er eit viktig prinsipp. eid og esignatur (PKI) kan nyttast saman med Feide der dette gir fordelar, for eksempel i tilfelle der det er behov for ei sterkare identifisering enn Feide tilbyr. Ein kan også sjå for seg at føresette kan bruke sin eid til å logge på skulen si læringsplattform for å få tilgang til barna sine sitt skulearbeid. I eit slikt høve vil det ikkje vere nødvendig at alle føresette vert tildelt ein eigen Feide-identitet.

Feide på 1-2-3 Ei oppsummering Ei vanleg mistyding er at Feide er eit dataprogram som kan kjøpast og installerast. I realiteten er Feide namnet på det konseptet som gjer at kvar brukar i utdanningssektoren elev, student eller tilsett får eit brukarnamn av sin skule som kan brukast i heile sektoren. Feide er også namnet på den nasjonale innloggingstenesta som gjer dette mogleg. For å bli med i det nasjonale fellesskapet som utgjer Feide, må kommunen ha orden på måten dei handsamar personopplysingar på i eigen organisasjon. Fordi Feide nyttar denne informasjonen til innlogging, må kommunen altså ha ei god identitetsforvaltning for å kunne ha nytte av Feide. Ut frå erfaring vil den største jobben med å innføre Feide innehalde det som eigentleg ikkje er Feide, men det å få på plass den lokale løysinga, dei lokale rutinane, det lokale IT-reglementet og så vidare. Når skuleeigar har etablert ei ryddig identitetsforvaltning er det ei enkel sak å knytte seg til Feide. Feide er verken eit dataprogram eller ein boks. Feide er ei løysing som gjer kvardagen i Skule-Noreg enklare.

Regional rettleiing UNINETT ABC har etablert et rettleiingsapparat til rådvelde for kommunar som skal i gang med Feide-innføringsprosjekt. Desse regionale rettleiingsnodane skal hjelpe skuleeigarar som skal innføre Feide for sine skular. Rettleiingsnodane er institusjonar og organisasjonar som har kompetanse på identitetsforvaltning, og som sjølv har innført Feide. Dei har difor førstehandskunnskap til heile prosessen. Det er etablert rettleiingsnodar fleire stader i landet. Meir informasjon om nodane finn du på www.uninettabc.no/noder.

Vegen vidare Dersom du vil vite meir om Feide, og få meir informasjon om korleis din kommune kan kome i gang med eit innføringsprosjekt, kan du sjå nærare på følgjande lenker: Informasjon om Feide finn du på UNINETT ABC si nettside www.uninettabc.no/feide UNINETT ABC har etablert rettleiingsnodar over heile landet som skal hjelpe kommunar i gang med å innføre Feide. Meir informasjon om nodane finn du på www.uninettabc.no/noder. Vi deltek ofte på konferansar, seminar og andre arenaer der vi møter folk i målgruppa. Dersom du ynskjer å møte oss, kan du følgje med på www.uninettabc.no/moter der vi legg ut informasjon om dei arenaene du treffer oss på. UNINETT ABC produserer og gir ut mykje informasjonsmateriale som vil vere til god hjelp i ein prosess for å innføre Feide. Du finn alle våre publikasjonar på www.uninettabc.no/publikasjoner.

Notat

UNINETT ABC er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og selskapet sitt arbeid skal støtte opp under departementet sine utdanningspolitiske målsettingar. Målet er å bidra til ein innovativ utdanningssektor som lukkast med å auke elevane og studentane sitt læringsutbytte, med bakgrunn i ein velfungerande nasjonal IKT-infrastruktur med eit rikt tilfang av digitale tenester og bruksmåtar for læring. UNINETT ABC er tenesteytar spesielt for skuleeigarar med identitetsforvaltningsprosjekt, og har et særleg ansvar for innføring av Feide i grunnopplæringa. UNINETT ABC har fleire regionale rettleiingsnodar for Feide. Du finn meir informasjon om rettleiingsnodane i denne brosjyren.

UNINETT ABC Abels gate 5 7465 Trondheim Tlf. 73 55 79 00 web: www.uninettabc.no Foto: GT & ARILD JUUL