VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Rådmannens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 03.12.2013 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 12:25. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 28.11.2013. Ordførar Jan Helgøy leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Helgøy Ordførar KRF OG H Idar Brekke Medlem KRF OG H Lena Nordal Vedeld Medlem KRF OG H Ottar Jan Løvoll Varaordførar AP Magne Løvoll Medlem SP OG V Leon Svein Stranden Medlem SP OG V Nils Olav Moen Medlem FRP 7 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Nørve Ass.rådmann Kåre Kvangarsnes Møtesekretær.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel PS 165/2013 Godkjenning av innkalling PS 166/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 167/2013 Skriv og meldingar PS 168/2013 Dispensasjon frå Reguleringsplan Fiskåbygd - gesimshøgd i Fredsvoll byggefelt - B 39 PS 169/2013 Sal av Helsetun, Syvde PS 170/2013 Kollektivtrafikken. Fråsegn til ruteendringar 2014. PS 171/2013 Evt. tilskot til lag og organisasjonar 2013 Formannskapsposten PS 172/2013 Søknad om fritak frå eldrerådet - Eldbjørg Marholm / evt. val av medlem til eldrerådet 2011-2015 PS 173/2013 Formannskapet - møteplan 1. halvår 2014 PS 174/2013 Vassanlegg Slagnes - Åheim: Oppstartsløyve Eventuelt EKSTRASAK PS 175/2013 Søknad om forlenga opningstid bassenget Åheim skule
PS 165/2013 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 166/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 167/2013 Skriv og meldingar Ass.rådmann Andreas Nørve orienterte om mobiltelefondekkinga i kommunen. Dårleg dekking i Nordalen, på Maurstadeidet, i Syltefjorden og på Nordstranda. Han opplyste at ein no er i dialog med Telenor om få betre dekking i Nordalen. Representant for Telenor har sagt seg interessert i å kome til kommunen for å drøfte problemstillingane. Framlagd orientering vart teke til vitande. PS 168/2013 Dispensasjon frå Reguleringsplan Fiskåbygd - gesimshøgd i Fredsvoll byggefelt - B 39 Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet viser til delegert fullmakt og plan- og bygningsloven 19-2, og gjev etter ei samla vurdering varig dispensasjon frå Reguleringsplan Fiskåbygd for auka gesimshøgd for bustadhus på gnr 11 bnr 252, Fredsvoll som omsøkt.
PS 169/2013 Sal av Helsetun, Syvde Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Helsetun, gnr. 88 bnr 64 i Vanylven vert overdrege til Vanylven Fysioterapi & MTT for kr. 1,-. 2. Overdragingskostnadene vert dekte av kjøpar. 3. Det er ein føresetnad for overdraginga at Vanylven Fysioterapi & MTT overtek bruksretten som Syvde Helselag har til kjellaren i bygget, jfr. tinglesen fråsegn dat. 19.09.1985. PS 170/2013 Kollektivtrafikken. Fråsegn til ruteendringar 2014. Tilråding: Vanylven kommune ser med stor uro på forslaget til ruteendringar slik det er presentert for fylket sitt samferdselsutval. Fjerning av gjennomgåande rutetilbod (rute 311) slik det er skissert i forslaget vil ytterlegare føre til at frå før vanskelege kommunikasjonar med omverda vert betydeleg svekka for Vanylven sitt vedkomande. Vanylven kommune slit med den mest negative folketalsutviklinga i fylket. Erkjenninga av dette lokalt samt statusen som omstillingskommune inneber og at alle steinar vert snudde for å bremse den negative spiralen. I denne samanhengen vert det meir enn vanskeleg å skjøne at reine bedriftsøkonomiske kriteriar skal måtte leggjast til grunn for det gjennomgåande rutetilbodet som rute 311 representerer. Med bakgrunn i ovanståande vil Vanylven kommune på det sterkaste be om at rute 311 vert oppretthalde på dagens nivå. Det vart gjort slik samrøystes Vanylven kommune ser med stor uro på forslaget til ruteendringar slik det er presentert for fylket sitt samferdselsutval. Fjerning av gjennomgåande rutetilbod (rute 311) slik det er skissert i forslaget vil ytterlegare føre til at frå før vanskelege kommunikasjonar med omverda vert betydeleg svekka for Vanylven sitt vedkomande. Vanylven kommune slit med den mest negative folketalsutviklinga i fylket. Erkjenninga av dette lokalt samt statusen som omstillingskommune inneber og at alle steinar vert snudde for å bremse den negative spiralen. I denne samanhengen vert det meir enn vanskeleg å skjøne at reine bedriftsøkonomiske kriteriar skal måtte leggjast til grunn for det gjennomgåande rutetilbodet som rute 311 representerer.
Ein viser til at rute 311 trafikkerer fylkesveg 61 som har funksjonsklasse A svært viktige vegar. Med bakgrunn i ovanståande vil Vanylven kommune på det sterkaste be om at rute 311 vert oppretthalde på dagens nivå. Formannskapet bed om tilbakemelding vedk. framdrift med ruteopplegg for å knyte Vanylven godt opp mot kollektivknutepunktet på Garnes. Formannskapet viser til svært gode passasjertal på den gjennomgåande bussruta Måløy Selje Ålesund: 12.000 på årsbasis, av desse er 10.000 i Møre og Romsdal. --- slutt på saksprotokoll --- PS 171/2013 Evt. tilskot til lag og organisasjonar 2013 - Formannskapsposten Samrøystes vedtak som framlegget. På grunn av den stramme økonomiske situasjonen i kommunen finn ein ikkje å kunne imøtekome mottekne søknader om tilskot i 2013. PS 172/2013 Søknad om fritak frå eldrerådet - Eldbjørg Marholm / evt. val av medlem til eldrerådet 2011-2015 Det vart gjort slik samrøystes Formannskapet tilrår: Søknad frå Eldbjørg Marholm om fritak som medlem av eldrerådet resten av valperioden 2011 2015 vert innvilga. Som ny medlem i Vanylven eldreråd resten av valperioden 2011 2015 vert vald Anna Marie Aahjem.
PS 173/2013 Formannskapet - møteplan 1. halvår 2014 Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet har møte desse dagane 1. halvår 2014: 14. januar, 4. februar, 11. februar, 25. februar, 11. mars, 1. april, 29. april, 13. mai, 27. mai, 10. juni, 24. juni. Møta skal normalt starte kl. 09.00. PS 174/2013 Vassanlegg Slagnes - Åheim: Oppstartsløyve Samrøystes vedtak som framlegget Opparbeiding av ny vassleidning mellom Slagnes og Åheim vert oppstarta. PS 175/2013 EKSTRASAK: Søknad om forlenga opningstid - bassenget Åheim skule Saka vart teken opp på møtet. Det vart vist til søknad frå rektor om forlenga opningstid i 2 veker for bassenget på Åheim skule. Etter framlegg frå Nils Olav Moen vert det gjort slik samrøystes Opningstid bassenget på Åheim skule vert forlenga med ei veke, t.o.m. veke 50 i 2013. Det vert vist til positive innsparingar av straumforbruket dei siste åra. Eventuelt: Nils Olav Moen tok opp fylgjande: Ynskje om at samferdselsminister og statssekretærar vert inviterte til Vanylven når dei kjem til Sunnmøre over nyttår i samband med fastsetjing av trase for E-39. Kommunesamanslåing. Ynskjer sak om dette. Under drøftinga vart det lufta tankar om å invitere Sande kommune rtil kommunestyremøtet 18.02.2014 der Geir Vinsand frå NIVI Analyse vil orientere om dette temaet.
Leon Stranden tok opp spørsmål vedk. styrerepresentant frå Vanylven kommune når Dragsund ASVO vert slege saman med Furene AS. Lasse Rindal, leiar i interimstyret, orienterte. Furene AS har ei valnemnd som legg forslag til nytt styre fram for generalforsamlinga til våren. Vanylven kommune har ein liten aksjepost får ikkje eigen representant. Ikkje tradisjon for politisk styre i Furene AS. Idar Brekke tok opp spørsmål om utrekning av eigedomsskatt for bustadhus. Ynskjer klare svar på kommunestyremøtet 10. desember 2013. Magne Løvoll opplyste at det vert opning av Vanylvssmia fredag 06.12.2013. Ass. rådmann Andreas Nørve opplyste at det ligg føre klage på kjøpesummen for kjøp av tilleggsareal frå Vanylven kommune; jfr. f-sak 148/2013. Det var semje i formannskapet om å halde fast ved prisen på kr. 15.000,- som vart vedteke i f-sak 148/2013. Det var semje om formannskapsmøte 10. desember 20103 kl. 09.00 før kommunestyremøtet kl. 10.00. Handsaming av næringssak som også skal handsamast i kommunestyret same dag. Rett utskrift Kåre Kvangarsnes