ÅMLI KOMMUNE SAKSUTGREIING Utv.saksnr: Møtedato: Utval: 16/15 09.05.2016 Administrasjonsutvalet 16/25 09.05.2016 Formannskapet 16/50 26.05.2016 Kommunestyret Arkivref: 2015/838-7 Saksbeh.: Vidar Kyrdalen, Økonomisjef Eining: Rådmannens stab Dir.tlf.: 37185212 E-post: vidar.kyrdalen@amli.kommune.no Saksordførar: Tellef Olstad Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG: Rekneskapen for 2015 viser eit netto driftsresultat på kr 7 681 468 og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 3 963 228. Investeringsrekneskapen vart avslutta i balanse mellom investeringsutgifter og finansiering. Rådmannen kjem med framlegg, i eiga sak, om disponering av resterande overskot for 2015, jfr. her K-sak 9/16. Kommunestyret gir administrasjonen fullmakt til at eventuelle meirinntekter sett i forhold til budsjett vedrørande integreringstilskot vert overført disposisjonsfond. Rekneskapen for Åmli kommune 2015 vert godkjent med dei rekneskapsdisposisjonane som er gjort. Jfr. revisjonsmelding dater 11.04.16. Saksframlegg: Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 Side 1 av 5
SAKSVEDLEGG GENERERT I INNKALLING: 1 Melding frå revisor 2015 - Fråsegn om årsrekneskapen 2 Regnskapsåret 2015 - Revisors oppsummering 3 Uttale til rekneskap 2015 for Åmli kommune - kontrollutvalet SAKSVEDLEGG SOM LIGG PÅ NETTSIDA: Store saksvedlegg til saken blir lagt under Politikk og Dokument og linkar til politisk arbeid på kommunens nettside www.amli.kommune.no Til denne saka er det følgjande slike vedlegg: Framlegg til rekneskap 2015 ANDRE SAKSDOKUMENT: Framlegg til årsmelding 2015 (følgjer som vedlegg til sak om årsmelding 2015) KORT OM SAKA: Etter gjeldande forskrifter skal kontrollutvalet gje uttale til rekneskapen. Uttalen skal stilast til kommunestyret. Det er formannskapet som skal innstille i rekneskapssaka. Kopi av revisjonsmelding og kontrollutvalet si uttale skal ligge føre når kommunerekneskapen vert handsama i formannskapet. Når det gjeld kommentarane til rekneskapen utover det som kjem fram i saka viser vi til utfyllande merknader pr. resultateining i rekneskapsdokumentet samt rådmannen sitt framlegg til årsmelding. Kommunerekneskapen inneheld tre hovudområde: Investeringsrekneskapen Driftsrekneskapen Balanse Bokføringane i investeringsrekneskapen inneheld alle utgifter/inntekter til investeringar og korleis desse er finansiert. Driftsrekneskapen inneheld alle løpande driftsutgifter og driftsinntekter. Balanserekneskapen viser oppstilling av kommunen sine eigendelar samt gjeld og eigenkapital. Det går fram av meldinga frå revisor av 11.04.16 at årsrekneskapen er i samsvar med lov og forskrifter og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til kommunen per 31.12.15 og at resultatet for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen er i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. I pkt. 5 i revisors oppsummeringsbrev går det fram at revisjonsmeldinga er utan merknader d.v.s ei rein melding. Under overskrifta; Disponering av årets mindreforbruk i pkt. 4 i revisors oppsummeringsbrev vert likevel føringane kring fondsavsetningane i høve til integreringstilskotet kommentert på same måten som i 2014. Revisjonen tilrår at kommunestyret gir administrasjonen formell fullmakt til slike disponeringar i eige vedtak i kommunestyret. Forholdet er òg kommentert i kontrollutvalet sin uttale der det i vedtaket går fram at; Kontrollutvalget anbefaler at eventuelle merinntekter fra integreringstilskudd vedtas fondsført som hovedregel: Saksframlegg: Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 Side 2 av 5
MERKNADER/VURDERING: Kommuneplanen si føring for saka; Årsmelding med resultatvurdering. Kommunerekneskapen for føregåande år framstilt på ein enkel måte der hovudtrekka i utviklinga kjem fram og vert kommentert. Oppsummering av aktiviteten frå siste året og ei vurdering av resultata mot målsettingane og plandokumenta. Grunngjevingar av fråvik er sentrale i dette dokumentet, framlegg til endringar av langsiktige planar skal kome fram her. Investeringsrekneskapen. Investeringsrekneskapen vart avslutta i balanse mellom investeringsutgifter og finansiering. Fråvik mellom budsjett og rekneskap vert forklart ved at mange prosjekt går over meir enn eit rekneskapsår. I tråd med delegasjonsreglementet kan rådmannen mellombels finansiere prosjekt på måtar som skil seg frå vedteke og endeleg finansieringsplan. Prosjekta si vedtekne totalramme kan ikkje endrast utan kommunestyret sitt samtykke. Det er i 2015 to prosjekt som er gjennomført utover vedteken ramme. Rådmannen legg fram forslag til finansiering av desse prosjekta, men kommunestyret må godkjenne finansieringa, eller finne anna finansieringsform. Dette gjeld prosjekt 112 Eigenkapitalinnskot KLP med eit overforbruk sett i forhold til budsjett på kr 70 000 foreslått finansiert med driftsmidlar og prosjekt 132 ipad`ar kommunestyret med eit overforbruk på kr 11 200 foreslått finansiert med ubrukte lånemidlar frå 2009 med kr 4 800 og ubrukte lånemidlar frå 2010 med kr 6 400. Driftsrekneskapen. Rekneskapen for 2015 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 3 963 228 som kjem fram som følgjer: Rekneskap 2015 Rekneskap 2014 Netto driftsresultat 7 681 468 4 611 097 - brukt til finansiering av utgifter i investeringsrekneskapen 405 232 515 218 - avsetningar til fond 9 695 512 9 617 339 + bruk av avsetningar 5 955 758 5 522 866 + bruk av tidlegare års mindreforbruk 426 746 380 119 = rekneskapsmessig mindreforbruk 3 963 228 381 525 Netto driftsresultat er resultatet av den samla drifta i kommunen, d.v.s inntekter og utgifter inkludert finansinntekter (renteinntekter og utbytte) og finansutgifter (renteutgifter, avdrag, gebyr). Er netto driftsresultat positivt kan kommunen sette av til fond. Er det negativt må ein bruke av fond for å dekke det inn. I tabellen på s. 6 i rekneskapsdokumentet går det fram korleis inntekter og utgifter fordeler seg i rekneskapen i høve til rekneskapsforskrifta sitt krav til hovudoversikt drift der netto driftsresultat kjem fram. Det går fram av tabellen at der er ein del fråvik mellom budsjett og rekneskap. Forklaringa på dei største fråvika vert forklart i årsmeldinga på s. 46. Netto driftsresultat utgjer 4,1 % (2,46 % i 2014) av totale driftsinntekter. Kommunaldepartementet sitt tilrådde forholdstal er 1,75 %. Netto driftsresultat i kommunesektoren kan inkludere øyremerka tilskot og utgifter som skal avsettast til, eller dekkast av bundne driftsfond. Dette er økonomiske midlar kommunestyret ikkje kan disponere. Justert for netto bruk av bundne driftsfond i 2015 med kr 385 000 aukar netto driftsresultat til kr 8,1 mill. I 2014 var det ein netto avsetning til bundne driftsfond og justert netto drifsresultat vart då 1,85 mill. Saksframlegg: Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 Side 3 av 5
Endringar i kommunen sin økonomiske handlefridom må vurderast mot endringar i disposisjonsfond under egenkapitalen i balansen (jfr. òg bokført premieavvik), alternativt netto bruk/avsetningar til disposisjonsfond i driftsrekneskapen. Netto avsett i 2015 er kr 4,1 mill (netto avsett i 2014 var kr 1,3 mill). Den ordinære drifta på resultateiningane fordeler seg som følgjer i forhold til budsjett: Netto driftsrammer fordelt på resultateiningane Resultateining Regnskap 2015 % av nto.dr.utg Budsjett 2015 % av nto dr. utg. Avvik i kr nto.ramme Avvik i % av budsjett Administrasjonsavdelinga 25 030 220 18,36 25 404 050 18,42 373 830 1,47 Plan- og næringsavdelinga 1 040 536 0,76 1 286 939 0,93 246 403 19,15 Kulturavdelinga 3 528 043 2,59 3 632 136 2,63 104 094 2,87 Skuleavdelinga 22 830 410 16,74 24 667 237 17,89 1 836 826 7,45 Barnehageavdelinga 5 139 329 3,77 4 740 794 3,44-398 535-8,41 Omsorgsavdelinga 29 982 781 21,99 30 370 715 22,02 387 933 1,28 Tenester for funksjonshemma 12 108 275 8,88 13 163 591 9,54 1 055 316 8,02 NAV 2 977 435 2,18 3 244 585 2,35 267 150 8,23 Helse- og familieavdelinga 13 116 655 9,62 14 299 762 10,37 1 183 107 8,27 Teknisk avdeling 14 128 564 10,36 14 418 815 10,45 290 251 2,01 Reinhaldsavdelinga 2 520 812 1,85 2 686 303 1,95 165 491 6,16 Økonomisjef/Skatteoppkrever -136 366 287 100,00-137 914 926 100,00-1 548 639-1,12 Overskot 3 963 228 0-3 963 228 Dersom ein ser dei tenesteproduserande avdelingane under eit, gjekk desse med eit underskot samla sett på kr 5,5 mill. i forhold til budsjett. Totalt sett (inklusiv rammeområde skatt, overføringar, renter og avdrag) gjekk kommunen med eit overskot på kr 3 963 000,-. Forklaringa til resultatet for dei einskilde avdelingane går fram av utfyllande kommentarar til rekneskapen 2015 i rekneskapsdokumentet der hovudtrekka i fråvik mellom budsjett og rekneskap vert kommentert. Balanse. Premieavvik Premieavvik utgjer differansen mellom årets innbetalte pensjonspremie og aktuarens berekna netto pensjonskostnad for rekneskapsåret. Differansen inntektsførast/utgiftsførast i driftsrekneskapen og vert ført mot balansen under kortsiktige fordringar. Påfølgjande rekneskapsår fordelast premieavviket i driftsrekneskap med 1/15, 1/10 eller 1/7 alt avhengig av når premieavviket oppsto. Akkumulert positivt netto premieavvik pr.: 31.12.14 kr 9,9 mill 31.12.15 kr 6,8 mill (utgiftsførast over komande 7-11 år) Likviditet Kommunelovens 52 krever at kommunane skal ha midlar nok til å dekke sine betalingsplikter ved forfall. Dette vert målt ved å sjå på forholdet mellom balanseførte verdiar for omløpsmidlar (kortsiktige fordringer, kasse bank) mot kortsiktig gjeld. Ut frå balanseførte verdiar pr 31.12.15 utgjer forholdstalet 3,4 (2,7 i 2014) Tilrådd forholdstal = 1 Korrigert for ubrukte lånemidlar er forholdstalet 2,1 (1,8 i 2014) Saksframlegg: Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 Side 4 av 5
Fondsmidlar/EK For å ha ein viss økonomisk handlefridom, bør kommunen ha frie disposisjonsfond av ein viss storleik for å kunne møte endringar i rammer kring drifta. EK utgjer frie og bundne (øyremerka) drifts- og investeringsfond. Kommunestyret har kun kontroll over dei frie fonda inklusiv meir-/mindreforbruk frå tidlegare år. Pr. 31.12.15 utgjer netto balanseført premieavvik kr 6,8 mill. Kommunens frie disposisjonsfond inklusiv årets midreforbruk utgjer kr 16,5 mill. Akkumulert premieavvik i balansen er ikkje ei pengefordring (sjølv om det står bokført under kortsiktige fordringar), men ei utsett utgiftsføring i rekneskapen som treng finansiering. Når kommunen ikkje har sett av midlar til fond for å dekke forpliktelsen, må disposisjonsfond pr. 31.12.15 korrigerast for netto balanseført premieavvik. Frie fond pr 31.12.15 kr 16,5 mill - premieavvik kr 6,8 mill = reelle fond pr 31.12.15 kr 9,7 mill Frie fond pr 31.12.14 kr 8,9 mill - premieavvik kr 9,8 mill = reelle fond pr. 31.12.14 kr 0,9 mill Lånegjeld Totalt lånegjeld, inklusiv formidlingslån utgjer kr 208,5 mill (kr 202 mill i 2014) Netto lånegjeld = langsiktig gjeld minus restgjeld formidlingslån og ubrukte lånemidler. Netto lånegjeld utgjer kr 159 mill. Sett i forhold til driftsinntektene på kr 188 mill utgjer dette ein gjeldsgrad på 85 % (85 % også i 2014). Landsgjennomsnittet i 2015 er 77 % og for Aust-Agder 92 %. Kontrollutvalet har i sin uttale til rekneskapen tilrådd at kommunestyret tek sikte på å legge seg på landssnittet med tanke på gjeldsgrad. Minimumsavdrag Kommunelovens 50 pålegger kommunane å utgiftsføre eit minimumsavdrag i driftsreknekspen. Minimumsavdraget bereknast ut frå at lånegjelda knytt til bokførte anlegsmidlar skal nedbetalast i takt med økonomisk levetid for anleggsmidla. Kommunen betalte kr 7,6 mill i avdrag i 2015 og minimumsavdraget er berekna til kr 5,9 mill. Utlån Det er sett av kr 500 000 for tap på utlån i 2015. Dette gjeld utlån til Åmliavisa frå kommunen sine fondsmidlar. Avsetninga påverkar ikkje driftsresultatet, kun balanseverdiar og lånet er ikkje avskrevet. Saksframlegg: Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 2015 Side 5 av 5