HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen NOTAT Til: Fylkesutvalet Samferdselsutvalet Dato: 10. desember 2009 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200912003-2/OYVSTO Kopi til: Arkivnr.: 8 Organisering av Statens vegvesen Region vest frå 1.1. 2010 Statens vegvesen endrar organisasjonsstrukturen sin med verknad frå 1. januar 2010, først og fremst som ein følgje av forvaltningsreforma. Fylkesrådmannen viser til vedlagte notat frå Statens vegvesen og legg dette fram til orientering for samferdselsutvalet og fylkesutvalet. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239363 - Telefaks 55239359 E-postadresse: Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Organisering av Statens vegvesen Region vest frå 1.januar 2010 Statens vegvesen, Region vest blir frå nyttår organisert i 5 regionale avdelingar og 3 fylkesavdelingar. Avdelingane er: - Trafikant- og køyretøyavdelinga har regionalt ansvar for alle oppgåvene innan trafikant og køyretøy. - Veg- og transportavdelinga er den regionale fagavdelinga for heile veg- og transportområdet. - Prosjektavdelinga er ansvarleg for dei største investeringsprosjekta i regionen - Ressursavdelinga skal levere tenester til heile regionen innan planlegging, geologi, geoteknikk o.a. - Administrasjonsavdelinga skal yte administrativ og HR-støtte til heile regionen. Regionvegsjefen har òg etablert ein Styrings- og strategistab og ein Kommunikasjonsstab. Regionvegsjefen har resultatansvar overfor Vegdirektøren og fylkeskommunane i sin region. Det skal inngåast avtaler om resultat og rammevilkår for oppgåvene som regionvegsjefen skal løyse for den enkelte fylkeskommunen. Regionvegsjefen har ansvar for å styre regionen sin samla aktivitet, og er ansvarleg for å utøve sektoransvaret innanfor eigen region og følgje opp statlege føringar. Avdelingsdirektøren for den enkelte fylkesavdelinga, har det utøvande ansvaret og har ansvaret for dagleg kontakt med fylkeskommunen. Styrings- og strategistab Hovudoppgåva til staben er å gi råd og støtte til regionvegsjefen innan styring av riks- og fylkesvegnettet. Styrings- og strategistaben skal vere kontaktledd mellom Region vest og Vegdirektoratet. Ansvaret for å utarbeide regionen sitt grunnlag for Nasjonal transportplan med tilhøyrande handlingsprogram, er lagt til denne eininga. Staben har òg ansvar for rådgjeving og støtte til regionvegsjefen innan sikkerheit og beredskap. Kommunikasjonsstab Kommunikasjonsstaben i regionen skal utvikle og sikre god kommunikasjon i alle kommunikasjonskanalar. Ei viktig oppgåve for staben er å bidra til at etaten styrkjer sitt heilheitlege fokus på brukarane. Det kommunikasjonsfaglege ansvaret for intern og ekstern kommunikasjon og profilering av Statens vegvesen er lagt til staben. 2
HR- og administrasjonsavdeling Avdelinga har ansvaret for å yte administrative støtte og rådgjeving til alle brukarane i regionen. Avdelinga er inndelt i ein HR forvaltning og ein HR- utviklingsseksjon, ein økonomiseksjon, ein seksjon for juridisk og anskaffelse og ein Internserviceseksjon. All IKT-verksemd er organisert i ei landsdekkande eining. Veg og transport avdelinga Veg og transportavdelinga er ei fagavdeling for heile oppgåvespekteret på veg- og transportområdet i regionen. Fagleg utvikling skal i første rekke skje gjennom forbetring og koordinering av vegvesenet sine kjerneprosessar. Avdelinga er ansvarleg for den faglege koordineringa, og skal ha ein pådrivarfunksjon gjennom fylkesovergripande, strategiske planar som gir rammer og retning for operativ verksemd, jfr. sektoransvaret. Trafikksikkerheit og miljø inngår som viktige fagfelt i avdelinga. Avdelinga har ansvaret for fagleg samordning, koordinering og utvikling av byggherremiljøet i regionen. Avdelinga har ansvaret for fagleg rådgjeving, støtte og kvalitetssikring av anbodsgrunnlag innan byggherreområdet. Geodata er organisert som eigen seksjon og skal levere tenester til heile regionen. Den regionale vegtrafikksentralen (VTS) høyrer til på denne avdelinga som eigen seksjon. Ressursavdelinga Ressursavdelinga er teneste- og produktleverandør som utfører oppgåver internt på vegne av avdelingar og prosjekt. Ressursavdelinga bidreg til å løyse oppgåvene i regionen ved å utvikle og bruke rett kompetanse på ein effektiv måte. Ressursavdelinga er ein felles regional ressurspool som skal bidra til optimal fordeling av kapasitet og kompetanse. Avdelinga leverer tenester mellom anna innan følgjande fag: - Arealplanlegging, fylkesdelplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar - Transportmodellar - Utarbeiding av konkurransegrunnlag - Landmåling - Vegteknologi - Geologi og geoteknikk - Grunnerverv Prosjektavdeling Avdelinga har ansvar for effektiv gjennomføring av store og komplekse prosjekt. Ei samling av mindre prosjekt innan eit geografiske område kan òg leggjast til avdelinga. Avdelinga har ansvaret for prosjekta frå reguleringsplanfasen til og med overlevering av ferdig anlegg. Prosjektleiarane for store prosjekt rapporterer til avdelingsdirektør for prosjektavdelinga. Avdelingsstaben skal ha ein koordinerande funksjon og vere bindeledd mellom dei ulike prosjekta. Regionvegsjefen fastset om utbyggingsprosjekt skal leggjast til prosjektavdelinga eller til ei fylkesavdeling. Desse prosjekta er definerte som store prosjekt frå januar 2010 i Region vest: - E 39 Os-Bergen - Ringveg vest 1 og 2 - Rv 13 Ryfast med Eiganestunnelen - Rv 47 T forbindelsen - E 39 Rogfast - E 16 Filefjell 3
- Rv 555 Sotrasambandet - Rv 7 Hardangerbrua - Vossapakko Trafikant og kjøretøyavdeling Avdelinga har ansvaret for alle trafikant- og køyretøyoppgåvene i regionen. Slik skal etaten framstå som ein etterspurd tenesteleverandør, ein god samarbeidspartnar og ei tydeleg og forutsigbar tilsynsog kontrollmyndigheit. Organisatorisk er avdelinga delt inn i 4 område med fleire tenestestadar i kvart område. - Område Sør-Rogaland med tenstestadar i Stavanger (Forus) og Egersund - Område Haugaland og Sunnhordland med tenstestadar i Haugesund og på Stord - Område Bergen med tenstestadar i Bergen og i Nordhordland (Knarvik) - Område Indre Hordaland, Sogn og Fjordane med tenstestadar på Voss, Odda, Sogndal, Førde og Nordfjordeid Områda har det totale fagansvar innan føraropplæring, førarprøvar og førarkort med alle oppgåver som høyrer til. Områda har det totale fagansvaret for kontroll av køyretøy i hall og registrering av kjøretøy. Områda har òg ansvaret for kontroll av kjøretøy og trafikantar på veg. I tillegg skal områda ha kompetanse og kapasitet til å delta i nasjonale og regionale TS - kampanjar. Tilsynsseksjon Tilsynsseksjonen er ein eigen seksjon som har ansvar for å gjennomføre eksternt tilsyn av kjøretøyverkstedar og køyreskular for å sikre at lover og reglar blir fulgt. Seksjonen har og ansvar for stikkprøvekontroll av PKK - godkjente og typegodkjente køyretøy. 4
Avdeling Hordaland Fylkesavdeling Hordaland er organisert i ein stab, 2 seksjonar for plan og forvaltning og 3 vegseksjonar som er inndelte i prosjekt. I tilegg rapporterer prosjektleiar for Jondalstunnelen, Kvammapakken og Hauge Lonevåg til avdelingsdirektøren. Avdelingsdirektør Hordaland Stab Plan og forvaltning Bergen Forvaltning Planprosjekt 1 Planprosjekt n Plan og forvaltning Voss Forvaltning Planprosjekt 1 Planprosjekt n Veg Bergen vest Drift Vedlikehold Investering Bergens programmet E 39 Nyborg - krysset E 39- Vågsbotn- Hylke Veg Nord-, Midt- og Sunnhordaland Drift Vedlikehald Investering E 39 Jektevik- Sandvikvåg Tunnel bak Tysse Bømlopakken Veg Voss og Hardanger Drift Vedlikehald Årsnes fergekai Stort prosjekt Jondalstunnelen Kvamma pakken Stort prosjekt Investering E 134 Stordalstunnelen Hauge- Lonevåg Det skal vere eit tett og forpliktande samarbeid mellom fagmiljøa, på tvers av seksjonane. Fylkesavdelinga har utførande oppgåver på vegne av regionvegsjefen på riks- og fylkesvegar. Avdelinga er eit fagorgan for fylkeskommunen og skal syte for at vegvesenet stiller med den kompetansen som er nødvendig, for eksempel innanfor overordna planlegging. Fylkesavdelinga er myndigheitsorgan ved å følgje opp at lover, forskrifter og normalar blir følgd. Avdelinga er veg - og vegtrafikkforvaltar ved å ivareta eigarskap for staten og på vegne av fylkeskommunen. Fylkesavdelinga skal vere aktiv pådrivar innan sektoransvaret ifht. fylkeskommunen og kommunane. Avdelinga har resultatansvar og operativt ansvar for riks- og fylkesvegar innan: - Bistand til fylkeskommunen med overordna planlegging - Prosjektplanlegging etter plan- og bygningslova - Byggherre for investering, drift og vedlikehald - Vegforvaltar/-eigar (bl.a. bru- og tunnelforvaltning, arealplanforvaltning) - Myndigheitsoppgåver (saksbehandling etter Vegtrafikklova og Veglova) Avdelingsdirektøren sin stab Leiaren av avdelinga har ein stab som tek seg av den daglege kontakten med fylkeskommunen, kontakten mot regionvegsjef og Strategi- og styringsstab og gir støtte til avdelingsdirektøren innan leiing- og styring. 5
Plan og forvaltningseksjon For Plan- og forvaltningsseksjonen er det viktig å ivareta kontakten med kommunane, som vi har lukkast godt med etter omorganiseringa i 2003. Difor skal det vere seksjonsleiarar på alle tidlegare distriktskontor for å ivareta denne kontakten på best mogeleg måte. For Hordaland betyr det at ein seksjonsleiar er stasjonert på Voss og ein i Bergen. Planlegging etter plan- og bygningslova er lagt til desse seksjonane. Vegseksjon Organisering av vegseksjonane er tilpassa byggherreaktiviteten i det enkelte området uavhengig av plan- og forvaltning sine grenser. Dette vil gje ei organisering som skal vere fleksibel i forhold til varierande oppgåvevolum. Fylkesavdelinga i Hordaland er organisert i 3 vegseksjonar slik figuren over viser. Det er elles lagt opp til at leiarar for store prosjekt kan rapportere direkte til avdelingsdirektør, og delta i leiarmøtet for fylkesavdelinga. I Hordaland gjeld dette som nemnt for Jondalstunnelen / Kvammapakken og Hauge-Lonevåg på Osterøy. Sikkerheitsorganisasjonen Denne organisasjon er etablert med bakgrunn i sikkerheitslova. Organisasjonen blir leia av skikkerheits- og beredskapsleiar i regionen. Organisasjonen er vidare sett saman av ein sikkerheitskoordinator frå kvar fylkesavdeling, ein representant frå veg og transportavdelinga og ein frå HR- og administrasjonsavdelinga. Fylkeskoordinator sikkerheit og beredskap Det skal vere ein fylkeskoordinator for sikkerheit og beredskap i kvart fylke. Koordinator rapporterer til leiaren av fylkesavdelinga. Krisehandtering Krisestab for regionnivået vert ført vidare som i dag. Det skal etablerast ein krisestab i kvart fylke som skal ivareta all aktivitet i heile fylket (inklusiv store prosjekt). 6