HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkeseldrerådet i Hordaland Dato: 21. februar 2013 Kl.: 10.15 15.00 Stad: Bergen Wigandgården Agnes Mowinkelsgt. 6 Saknr.: 6/13-7/13 MØTELEIAR Margot Bertheussen DESSE MØTTE Bertheussen, Margot (PF) Ystanes, Kåre (PF) Reigstad, Monrad (PF) Davidsen, Anne-Karin (LOP) Trædal, Arne Gunnar (FSF) Hansen, Jette Lunemann (A) Vik, Dagfinn (FRP) FORFALL Linde, Ingri Agathe (LOP) DESSUTAN MØTTE Rådgjevar Dagmar Reutz Hillestad Møtesekretær Dianne Kilvær MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ingen merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Det var ingen merknader til sakslista. GODKJENNING AV MØTEBOKA 30.01.13 I møtebok av 30.01.13, side 3, er årstallet for Planprogram for regional kulturplan 2014-2024 retta opp. Det var elles ingen merknader til møteboka. 1
YMSE Fylkesrådmann Rune Haugsdal hadde ikkje høve til å møta i fylkeseldrerådet sitt møte grunna møte i fylkesutvalet same dag. OPEN POST Forprosjekt kollektivstrategi for Hordaland Jette Lunemann Hansen var i møte 14. februar vedkomande forprosjekt kollektivstrategi for Hordaland. Politikarar frå fylkesutvalet, samferdselutvalet og administrasjonen fekk kome med sine innspel. Her kjem meir informasjon seinare. Brukarutvalet ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus Arne Gunnar Trædal er fylkeseldrerådet sin representant for Brukarutvalet ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Han orienterte frå møte 4. februar der det nye Brukarutvalet konstituerte seg. Hovudtema var at det skal byggjast heilt ny pasientfløy ved sjukehuset. Referat frå Brukarutvalet er vedlagt i saksdokumenta. Jette Lunemann Hansen er varamedlem og vil møte i utvalet neste gong. Øvrige brukarutval i helseforetaka Fylkeseldrerådet var ikkje representert i siste møte i Brukarutvalet i Helse Bergen. Det har ikkje vore møter i Brukarutvalet i Helse Fonna og Brukarutvalet i Helse Vest i denne perioden. Informasjon frå fylkeseldrerådet Fylkeseldrerådet vil be fylkesordføraren om at rådet får høve til å presentera seg når årsmeldinga frå rådet skal leggjast fram for fylkestinget. Skulebruksplanen Dagmar Reutz Hillestad sender ut informasjon om «Skole- og tilbudsstruktur for framtida» til rådsmedlemane. Like eins ynskjer rådet tilsendt RMNF sitt mandat for arbeidet i rådet. Økonomioversikt Fylkeseldrerådet fekk utdelt økonomioversikt pr. 19.02.13. Dagmar Reutz Hillestad hadde ein gjennomgang av godtgjerslereglementet for rådsmøter og arbeidsutvalsmøter, samt vedtak i rådet som omhandlar kostnader i samband med kurs og konferansar. 2
Orientering ved folkehelsekoordinator i fylkeskommunen Folkehelsekoordinator Aina Haugstad frå Regionalavdelinga, seksjon utvikling orienterte om satsingsområda i Regionalplan for folkehelsearbeid 2013 2025. Fylkeseldrerådet var einig i at Aldring/alderdom må vera eit eige punkt/satsingsområde. Høyring vert sendt ut i byrjinga av mai 2013 og vert lagt fram som sak for fylkestinget i oktober 2013. Planlegging av aktivitetar i 2013 Fylkeseldrerådet avslutta rådsmøte 21. februar med eit planleggingsmøte kl. 13.30 med representantar frå Bergen Eldreråd, Bergen Turlag, tannhelsetenesta og folkehelsekoordinator i fylkeskommunen for å planlegge «Verdens Aktivitetsdag» 10. mai og «Den internasjonale eldredagen» 1. oktober. Frå tannhelsetenesta møtte rådgjevar Eva Kvamme, frå Bergen Turlag møtte folkehelsekoordinator Guri Øvsthus. Leiar Inger Johanne Knudsen møtte som representant frå Bergen Eldreråd samt folkehelsekoordinator Aina Haugstad, Regionalavdelinga i HFK. Sidan 10. mai er ein inneklemd dag, kan alternativ dato for arrangementet vera 6. eller 8. mai. Tannhelsetenesta har sett av 10. mai i sin aktivitesplan. Det vart i møte sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida vidare med å planleggja aktivitetane i 2013. Den er samansett av: leiar i FYEL Margot Bertheussen, rådgjevar sekretariatet for FYEL Dagmar Reutz Hillestad, leiar i Bergen Eldreråd Inger Johanne Knudsen, rådgjevar tannhelsetenesta Eva Kvamme, folkehelsekoordinator i Bergen Turlag Guro Øvsthus. Folkehelsekoordinator i fylkeskommunen og ein representant frå seniorgruppa i Bergen Turlag vil truleg også tiltre gruppa. Guro Øvsthus kallar inn arbeidsgruppa til møte tysdag 12. mars. Fylkeseldrerådet vil senda ut ei oppmoding til dei kommunale eldreråda i fylket med påminning om markering av 10. mai og 1. oktober. 3
MELDINGAR Periode: 30. januar 2013-21. februar 2013 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 4/13 201112604-109 Protokoll Regionalt Brukarutval Helse Vest 24.01.2013 5/13 201112604-112 Referat frå møte i Brukarutvalet 19.11.2012 6/13 201112604-113 Referat frå møte i Brukarutvalet 04.02.2013 Fylkeseldrerådet tek framlagde meldingar til orientering. 4
SAKNR. 6/13 KURS I UTPRØVING AV KURSOPPLEGG OM MEDVERKNAD I UNIVERSELL UTFORMING ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA Fylkeseldrerådet i Hordaland tek informasjonen om Deltasenteret sitt kursopplegg på Scandic Bergen Airport Hotel i tida 28. 29. janar 2013 til orientering. Rådet viser elles til evalueringa som vart gjennomført ved konferanseslutt 29. januar. 7/13 KONFERANSAR 2013 Konferanse om aldersdiskriminering Fylkeseldrerådet avgjer at leiar Margot Bertheussen deltar på dagskonferansen om aldersdiskriminering 24.04.13 i Oslo, i regi av Statens seniorråd. Sekretariatet syter for påmelding innan fristen 8. mars. Landskonferansen 2013 Fylkeseldrerådet avgjer at alle rådsmedlemane skal få høve til å delta på landskonferansen som vert arrangert av Nord-Trøndelag fylkes eldreråd i Stjørdal 28. 30. mai 2013. Sekretariatet syter for påmelding når nærare informasjon kjem rådssekretariatet ihende. Vestlandskonferansen 2013 Vestlandskonferansen blir ikkje arrangert i vår, men fylkesrådet for eldre i Rogaland fylkeskommune vil kome attende med nærare informasjon om konferansen. Fylkeseldrerådet i Hordaland ynskjer at flest mogleg av rådet sine medlemar skal kunne delta på konferansar og samlingar. Rådet viser til tidlegare vedtak i rådet når det gjeld godtgjersle for slik deltaking. Dianne Kilvær 5