Pedagogisk bruk av IKT 2012-2015



Like dokumenter
Strategiplan pedagogisk IKT

Pedagogisk plattform

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Navigatører på lærings- og dannelsesreisen i informasjonssamfunnet. Strategiplan pedagogisk bruk av IKT

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Til deg som bur i fosterheim år


Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

IKT-kompetanse for øvingsskular

Psykologisk førstehjelp i skulen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

1. Beskriv målet/måla

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Tiltaksplan

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

IKT-strategi. for opplæringssektoren

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Strategi for kompetanseutvikling

Retten til spesialundervisning

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Strategiplan pedagogisk bruk av IKT

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nytt HFK Intranett

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Vågå. - Eit verdival. Årets barne- og ungdomskommune Ordførar, Iselin Jonassen Vågå kommune

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

«Mestringsforventningar»

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune


Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Ny strategiplan for Høgskulen

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Frå tre små til ein stor.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Utviklingsplan

Kvalitetsplan mot mobbing

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Lønnsundersøkinga for 2014

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Psykologisk førstehjelp i skulen

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Transkript:

Delstrategi: Pedagogisk bruk av IKT 2012-2015 1

Strategiplan pedagogisk IKT 2012-2015 Ei hovudutfordring for norsk skole i tida som kjem er å utvikle den digitale kompetansen til elevar og lærarar slik at dei kan handtere utfordringane som informasjonssamfunnet stiller dei ovanfor. Kompetansen til lærarane er avgjerande for å utvikle den digitale kompetansen til elevane. Denne strategiplanen byggjer på nasjonale strategiar. Plana er treårig og vil rullerast kvart år for å kunne ta omsyn til erfaringar som blir gjort undervegs og fange opp endringar i nasjonale strategiar. På den måten kan ein endre kursen undervegs. Når det gjeld tiltak, vil vi byggje på dei erfaringane som så langt er gjort lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei viser at lærarane si utvikling av IKT-kompetanse delvis skjer uformelt og uorganisert. Ei svakheit ved ei uformell kompetanseutvikling er at det å ta i bruk IKT i undervisninga blir privatisert og sterkt avhengig av eigen innsats og interesse. Det er difor viktig at fremjing av pedagogisk bruk av IKT blir sett i system, og at dette arbeidet kviler på mange skuldre. Plana forsøkjer også å definere kva ein legg i omgrepet den digitale kompetansen til læraren og digital leiingskompetanse. Det er skoleeigar som er hovudansvarleg for at system som blir iverksett og for oppfølging av systema. Skoleleiinga er ansvarleg for strategitenkning, fastsetjing av mål og milepælar ved den enkelte skole. Dei skal legge forholda til rette for at dei tilsette ved skolen får utnytta IKT i undervisninga på best mogleg måte. Denne plana vil difor også legge vekt på kompetanseutviklinga til skoleleiarane i perioden. Erfaringar tyder på at det er sentralt å fokusere på meir samarbeid og erfaringsdeling mellom lærarane. Vi vil bygge på dette i denne strategiplanen. I arbeidet med å få til ein integrert bruk av IKT i undervisninga møter skolane ei rekkje utfordringar. Desse kan arte seg ulikt ved dei ulike skolane, men andre er knytte til kompetansen til lærarane eller den fysiske strukturen til skolen. Ofte ser vi at det handlar om ein kombinasjon av desse. Systematisk målretta arbeid er difor nødvendig på alle nivå i organisasjonen. Molde, september 2012 Sverre Hollen 2

Konst.Fylkesutdanningssjef Innhold Bakgrunn... 3 Samfunnsutviklinga... 3 Den digitale kompetansen til læraren... 4 Den IKT-kompetente skole... 4 Digitale skiljer... 5 Konsekvensar for lærarrolla... 5 Lokale erfaringar... 5 Visjon og hovudmål... 7 Hovudmål... 8 Strategi... 8 Kva veit vi om gode strategiar?... 8 Hovudstrategien... 8 Satsingsområde... 9 Den digitale og oraganisatoriske kompetanse hos skoleeigar... 9 Digital leiingskompetanse... 9 Digital og pedagogisk kompetanse... 9 3

Bakgrunn I Noreg har vi i dag ein teknologitettleik som plasserer oss i verdstoppen, og som gjer at unge flest blir fortrulege med teknologien i heimen og tidvis i skulen og på biblioteket. Det gjer at dagens skuleelevar innehar ein viktig samfunnsmessig kulturteknikk som skulen enno ikkje har teke inn over seg i fullt monn. Spørsmålet ein må stille er korleis skulen kan ta vare på og utnytte dette potensialet på ein best mogleg måte? Mykje tyder på at ein må vere viljug til å endre synet på kva skulen skal vere, korleis læring skjer og kva rolle læraren og eleven skal ha i læringsarbeidet. Det betyr at ein må erkjenne at Internettet kan vere eit konstruktivt læringslandskap, og det påverkar skulen sitt kunnskapssyn, kunnskapsmonopolet til læraren og læreboka sitt hegemoni. Rune Krumsvik, 2007 IKT, særlig bærbare PCer, blir tatt i bruk i stadig større grad i skolen. Mange elever er vante med bruk av PCer, nettsamfunn og dataspill hjemmefra, og nettilgang i klasserommet kan for noen gi mulighet for å bruke PC til aktiviteter som ikke er relatert til undervisningen. Tilgang til nettet og andre IKT-aktiviteter må styres som en del av ledelsen i klasserommet og arbeidet med nettvett. Det finnes teknologiske løsninger som gjør det mulig å regulere nettilgang i klasserommet avhengig av kva slags aktivitet som utføres. Lærerne bør sette klare grenser for i hvilke opplæringssituasjoner bærbare PCer ikke skal brukes. Departementet vil styrke arbeidet med veiledning om teknologiske løsninger og nettvett for å unngå uønsket IKT-bruk i klasserommet. (KD 2008, s.74) Utvikling av digitale ferdigheter innebærer å lære seg å bruke digitale verktøy, medier og ressurser. Videre innebærer det å bruke digitale verktøy, medier og ressurser til å tileigne seg faglig kunnskap og til å uttrykke egen komptanse. I dette ligger det også en økende grad av selvstendighet og dømmekraft i valg og bruk av digitale verktøy, medier og ressurser ut fra bruksområdet. UDIR 2012 Samfunnsutviklinga Endringane og utviklinga i samfunn og teknologi gir eit auka tilfang av informasjon og informasjonskjelder og innhald og tenester. IKT er overalt, og er på den måten blitt 4

uunngåeleg og uunnverleg. I ei tid prega av rask teknologiutvikling og omfattande globalisering vil kunnskap og kompetanse spele ei stadig viktigare rolle. Dette krev at vi alle må orientere oss og auke kompetansen vår på stadig nye felt. Det blir stilt nye krav om at vi meistrar, brukar og dreg nytte av IKT på ein fullverdig måte. I dette perspektivet utgjer IKT ei basisferdigheit som ein person treng for å fungere i samfunnet. Dersom lærarar skal vere i stand til å undervise med IKT og hjelpe elevar til digital danning, må dei sjølve ha stor forståing for IKT og dei pedagogiske moglegheitene verktøya byr på. Den digitale kompetansen til læraren Digital kompetanse er læraren si evne til å bruke IKT fagleg med pedagogisk-didaktisk IKTskjønn og vere bevisst kva dette har å seie for læringsstrategiane og danningsaspekta til elevane Rune Krumsvik, 2007 Ei rekkje studier, både nasjonalt og internasjonalt, syner at lærarane framleis i for lita grad integrerer IKT i si eiga klasseromsundervisning (IT Monitor 2009; Bauer & Kenton, 2005), og Judson (2006) fann at berre halvparten av dei lærarane som hadde PC og internett tilgjengeleg nytta dette i undervisninga. Ein finn også at bruksmønsteret til lærarar ofte er knytt til det som ligg rundt undervisninga i staden for i sjølve klasseromsundervisninga (Keengwe, 2007; Keengwe & Inchwari, 2009) Krumsvik, K.Ludvigsen & Urke, 2011 Digital kompetanse for lærarar går frå det å meistre enkelt bruk av IKT til utforsking og løysing av meir komplekse problem kopla mot bevisstheit om læringsstrategiar. Omgrepet inneber difor mykje meir enn det å ha tekniske ferdigheiter. Å sette på straum på gamle metodar og nytte PC-en som ei avansert skrive- og reknemaskin bidreg neppe til ein betre skole. IKT i skolen har berre verdi dersom læraren veit korleis ein kan utnytte teknologien til læring i faget. For at teknologien skal kunne gi ein meirverdi i undervisningssituasjonane, bør læraren gjere endringar i praksisen Monitor 2011 5

Den IKT-kompetente skole Følgjande kjenneteikner IKT-kompetente skolar: - Støtte og assistanse frå leiinga - Teknofobien er på hell i kollegiet - Dei lærer av kvarandre - Dei samarbeider over faggrensene - Dei ser at Internett utvidar handlingsrommet - Dei utviklar lokale læremiddel - Dei byggjer nettverk Det er difor viktig at kompetanseutviklinga blir lagt til rette for å støtte opp om desse kvalitetane. Digitale skiljer OECD-rapporten, Are Students Ready for a Technology-Rich World? What PISA Studies Tell Us, 2006 peiker på at i ein tidsalder der IKT blir ein stadig større og viktigare del av daglegliv og utdanning, vil den minoriteten av elevar som har dårleg tilgang til IKT, som brukar IKT lite og som ikkje er fortrulege med IKT, prestere dårlegare enn dei andre. Bruk av IKT i skolen kan medverke til å jamne ut eit slikt digitalt gap. Vidare understreker OECD at det er kvaliteten på bruken av IKT, meir enn kvantiteten, som vil bestemme om og kor mykje IKT vil verke positivt på læringsutbytte til elevane. Barn og unge med ressurssterke foreldre vil kunne hente ut positive effektar ved bruk av digital teknologi i større grad enn dei som manglar dette. Ein skole med digitalt inkompetente lærarar kan forsterke dei digitale skilja. Dette blir understøtta av Monitor 2011. Analyser av resultata viser at det er urovekkjande forskjellar mellom elevane. Funn tyder på at det kan vere digitale skiljer i norsk skole knytt til motivasjon, familiebakgrunn og skoleprestasjonar. Konsekvensar for lærarrolla Den digitalt kompetente læraren må vere fagleg trygg, digitalt kompetent, metodesterk, bibliotekar på Internettet og vere merksam på at elevane har ein annan oppførsel i det digitale rommet enn i det autentiske klasserommet. 6

Læreren i dag kan ikke stille spørsmål han eller hun vet svarene på. Det blir elevens rolle å stille spørsmålene, læreren skal hjelpe å stille relevante spørsmål. Læreren mister kunnskapens makt, autoriteten som ligger i å være den som vet. Det er en annen autoritet som må fram, og det er autoriteten som ligger i moddelling, ved å være en modell for hvordan man kan lære, modellere det å være aktiv forsker, modellere danning, modellere moral og etiske verdier. Professors Kari Smith, Universitetet i Bergen om lærerrollen i fremtidens skole på konferansen Digital hverdag, 2008 Læraren må beherske teknologien, kunne bruke den i ulike samanhengar i undervisning, vere bevisst på eigne val og læringa til elevane og evne å sjå bruken av teknologi eit større danningsperspektiv. Monitor 2011 Lokale erfaringar I OECD-studien TALIS 2008 (OECD, 2009) kom det fram at kompetanseheving i bruk av teknologi i undervisninga er mellom dei mest etterspurte hos lærarane. Funn frå tidlegare ITU Monitor viser at lærarar foretrakk kompetanseheving med IKT ved å prøve og feile. Ei følgjeforskning frå Rogaland dokumenterer at lærarane i stor grad oppfattar seg sjølv som digitalt kompetente, men også at dei kjente seg tryggare i klasseleiing utan PC enn med PC (Krumsvik mfl., 2011). Lærarar som er kompetente i kunnskapsproduksjon, vil vere i stand til å lage IKT-baserte læringsressursar og miljø; bruke IKT for å støtte utviklinga av kunnskap og kritisk tenking hos elevar, støtte elevane si kontinuerlege læring og refleksjon rund den, og å skape ei eige kunnskapssamfunn for sine elevar og kollegaer. Den kompetente læraren vil også kunne spele ei leiande rolle blant kollegaer i å skape og implementere ein visjon om skolen deira som eit fellesskap basert på innovasjon og kontinuerleg læring, støtta av IKT (UNESCO, 2011). Ei kartleggingsundersøking gjort av NIFU STEP om Pedagogisk og faglig kompetanse blant lærere i videregående skole, skoleåret 2006/2007 viser mellom anna at lærarane har eit stort behov for kompetanseheving i pedagogisk bruk av IKT. ITU monitor Skolen digitale tilstand 2009 (Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, 2009) fastslår at den pedagogiske bruken av IKT er varierande og generelt for svak og avheng av motivasjonen og kompetansen til læraren, og kva støtte leiinga gir lærarane. Undersøking i Møre og Romsdal seier lærarane at den største barrieren for å oppnå større effekt av IKT i undervisninga er manglande kjennskap til pedagogiske moglegheiter og at lærarane ikkje har tilstrekkeleg IKT-kompetanse til at undervisningssituasjonen kan bli gjennomført med IKT. 7

I 2008 gjennomførte skoleeigar ei evaluering om bruken av elev-pc-ar i den vidaregåande skolen. Denne viste at: - ein utviklar den digitale kompetansen til ungdomen i Møre og Romsdal ved at alle får tilgang til eigen PC - bruken av nettressursar tilseier at ein forutan frie fagressursar også må vidareføre abonnementsordningane - ein må leggje til rette for å lette tilgongen til fagressursar/faglenker - kompetanseutvikling av tilsette må prioriterast - bruk av PC gir meirverdi til undervisninga, både fagleg og metodisk - viktig at PC-en blir brukt i kombinasjon med andre læremiddel Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennomført skolering av ressurspersonar på skolane i samband med implementeringa av læringsplattforma Fronter. I tillegg har skolane hatt eigne LOKUS-administratorar etter at fylkeskommunen inngjekk avtale med Aschehoug om LOKUS-tilgang for alle skolane i 2007. I skoleåret 2008-2009 gjekk alle skolane gjennom rettleiingsprogrammet IKT-ABC som tidl. ITU (Forsknings-og kompetansenettverk for IT i utdanning) stod bak. Dette programmet er utvikla for å hjelpe skoleleiarar til å utvikle treårige IKT-strategiar for sine skolar. Skolane rapporterte om nokre felles utfordringar: - varierande bruk av LMS - digital danning (ikkje-fagleg bruk, juks, mobbing) - informasjonssøkingskompetanse - IKT-didaktikk, kjeldekritikk - kompetanse i val og bruk av digitale læremiddel - m.m. I perioda 2008-2010 var det tilsett ein person i prosjektstilling hos skoleeigar som hadde ansvaret for IKT-satsinga. I skoleåret 2009-2010 samarbeidde skoleeigar med Høgskolen i Volda om kompetansehevingstiltak der fokuset mellom anna var IKT i faga. I 2011 var det arrangert fleire ulike konferansar med pedagogisk bruk av IKT som tema for tilsette i Møre og Romsdal. Skoleeigar har frå 2011 hatt ute årlege spørjeundersøkingar om mellom anna pc-ordninga, bruk av sosiale media, digitale læremiddel o.l. Ei undersøking er retta mot lærarar og ei mot elevane. Lærarane opplever elevane brukar datamaskinene til mykje utanomfaglege aktivitetar. Dei ønskjer å få kontroll over problemet, men er usikre på korleis dette best kan gjerast. Dei ønskjer meir opplæring i både bruk av digitale læringsressursar og i generell datakunnskap, helst som lokale kurs på skolane. Uttaler frå lærarar 2011: 8

Prinsipielt er eg i mot å forby eller stenge nettstadar som ikkje er relevante til undervisninga. Det er fullt og heilt opp til læraren å styre bruk av IKT i timane. Å ignorere sosiale medier er ein naiv tanke, vi må heller sørge for at elevane lærer seg skikk og bruk når det gjeld bruk av internett. Det treng dei når dei skal ut i arbeidslivet og dei treng det no for å ha mest mogleg fokus på det som er viktig. Bodskapen er: ein enkel policy (skikk og bruk mal) for bruk av Internett (FB) på vgs Elevane melder at det er læraren og læraren og elevane i fellesskap som bestemmer bruken. Respondentane svarer at dei ønskjer at elevane og lærarane i enda større grad skal bestemme dette saman. Uttaler frå elevar 2011: Det er ikkje nødvendigvis dei fleste som brukar FB til unyttige ting Eg og mine medelevar jobbar ofte felles på ei gruppe, men går ikkje i same klasse Og då startar vi ein felles diskusjon på FB om kven som skal arbeide med ulike oppgåver. Dette er mykje lettare enn å halde på å sende mail til kvar enkelt heile tida! Hadde eg vore lærar hadde eg krevd at maskina låg i sekken heilt til eg ba dei om å ta den opp, vanskelegare er det ikkje. Det er også ein grunn til at elevane vel sosiale media framfor å høyre på lærarane, det er fordi lærarane er gamle og utdaterte, og driv ikkje interessant undervisning. Det å stenge sosiale media vil ikkje løyse noko som helst, det vil berre utvikle seg til å bli ein liten krig mellom skolane og elevane, og elevane vil vinne Visjon og hovudmål Visjon: Vi vågar litt meir! Utdanning for framtida for alle. Hovudmål Innan utgangen av 2015 skal fagleg og pedagogisk personale i opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune også skoleleiarar vere digitalt kompetente. Strategi Kva veit vi om gode strategiar? Den nordiske forskningsrapporten E-Learning Nordic (2006) viser at ein relativt liten del av dei spurte lærarane oppgir at kompetanseutviklingstiltak i form av kurs har hatt vesentleg innverknad på kompetansen deira i bruk av IKT i undervisninga. Det dei oppgir å ha hatt størst utbytte er prøving og feiling, kollegarettleiing og sjølvstudium. 9

For å realisere det vi kallar den digitalt kompetente skole er det sentralt at det blir fokusert meir på samarbeid og erfaringsdeling mellom lærarar. Kurs og konferansar er nyttige for å få inspirasjon og tips til korleis ein kan bruke IKT, medan kollegarettleiing og andre former for erfaringsdeling er nødvendig for å spreie og skape god praksis i organisasjonen som heilskap. Val av strategi for kompetanseutvikling hos lærarane må basere seg på eit syn på korleis læring skjer. Eit sosiokulturelt læringssyn forstår læring slik: - Læring skjer ikkje primært som overføring av kunnskap, men er ein produktiv prosess om det å skape meining - Det sosiale i meiningsskapinga er viktig - Kunnskap blir skapt og påverka av praksisfellesskapet Hovudstrategien Det vi må lære før vi kan gjøre det, det lærer vi ved at vi gjør det Aristoteles For å bli medviten og digitalt kompetent som lærar krev dette årelang praktisering, refleksjon, kollegarettleiing og prøving og feiling. Lærarar må bruke IKT ofte og mangfaldig for å bli flytande i teknologibruken. Den viktigaste læringa skjer i det daglege ved å gjere seg nytte av tilgjengelege verktøy og ressursar på ein måte som fremjar læring. Læraren må gå steg for steg med utgangspunkt i den kompetansen den enkelte allereie har. Å kunne spørje den litt meir kompetente kollegaen er vel så viktig som å delta på eksterne kurs. Skolen bør også dyrke fram og støtte ressurspersonar som får rolla som e-pedagogar i kollegiet. Strategien inneber at alle skal løfte seg nokre hakk mot digital danning. 10

Kjelde: Rune Krumsvik 2007 Satsingsområde Den digitale og organisatoriske kompetanse hos skoleeigar Sørgje for ein heilskapleg MFK-strategi, tiltaksplan og gjennomføring Målgruppe: sentrale aktørar i Utdanningsavdelinga og IT-seksjonen Digital leiingskompetanse Den digitale kompetansen til skoleleiarar er undervurdert. Dei leier lærande organisasjonar der digitale verktøy i stor grad skal prege investeringar, drift, læremiddelinnkjøp og arbeidsmåtar. Målgruppe: alle rektorar, leiarar og mellomleiarar Digital og pedagogisk kompetanse Målgruppe: alle lærarar 11

Nivådifferensiert satsing i samsvar med modell Delmål 1 Alle elevar, skoleleiarar, lærarar og skolebibliotekarar er digitalt kompetente. Skaffe kunnskap om den digitale kompetansen ved skolen og utviklinga av den Ha strukturar for støtte og kompetanseutvikling ( e-pedagogar og eventuelt andre superbrukarar) Ha strategiar og rutiner for utvikling av digital leiingskompetanse Stille krav til og følgje opp kompetanseutviklinga og aktive bruk til den enkelte lærar o Ha system for å skaffe kunnskap om kompetanseutviklinga og aktive bruk til den enkelte lærar o Etablere system for å støtte kompetanseutviklinga til den enkelte lærar i fellsskap med andre o Bidra til deltaking i etter- og vidareutdanning for lærarane Stille krav til og følgje opp den digitale kompetansen til den enkelte skolebibliotekar Stille krav til og følgje opp den grunnleggjande digitale kompetansen til den enkelte elev o Definere kompetansebehov til ulike elevar og gi nødvendig opplæring o Gi opplæring i læringsstrategiar og digitale arbeidsmåtar som fremjer læring Delmål 2 Alle lærarar kan leie læringsprosessar som fremjer læringa til den enkelte elev I samarbeid med eleven gi råd om læringsstrategiar knytt til arbeidet med ulike kompetansemål Gi læringsstøttande vurdering systematisk, formelt og uformelt Fremje læringsprosessar der eleven er aktiv produsent Klasseleiing vere tydeleg leiar av læringsprosessar både på fysiske og digitale læringsarenaer 12

Delmål 3 Alle elevar og lærarar kan bruke digitale verktøy og læremiddel til læring i sine fag Ha oversikt over og kunne bruke tilgjengelege digitale læremiddel, ressursar og verktøy i sine fag Ha opplæring og rutiner for etisk bruk av digitale medier Stille krav til informasjonskompetansen til elevar, lærarar og skolebibliotekarar Delmål 4 Skolen har strategiar og rutiner for å sikre effektiv kunnskapsdeling og deltaking internt og eksternt Bruke digitale samarbeidsarenaer, digitale kommunikasjonskanaler og sosiale media til læring, deling og profilering Ha rutiner for effektiv utnytting av system og ressursar (digitale samarbeidsarenaer, digitale oppslagsverk, digitale læringsressursar osb.) Løfte opp døme på god praksis ved eigen skole og gjere dei synleg regionalt, eventuelt også nasjonalt Vedlegg: 1. Kjenneteikn på den fagdidaktiske IKT-kompetansen til læraren 2. Kjenneteikn på den digitale leiingskompetansen til leiaren 3. Mandat for IKT-forum 13