Saksframlegg Utviklingsplan akutt kirurgi HMR 2018-21 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/05 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 25. januar 2017 Saksbehandlar: Fagdirektør Jo-Åsmund Lund Arkivreferanse: 2016/3222 Forslag til vedtak: 1. Styret for Helse Møre og Romsdal stadfestar vedtak i HMN RHF styresak 54-16; «For kommende utviklingsplanperiode legges det til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal opprettholde et akuttkirurgisk tilbud ved Volda sjukehus». 2. Basert på den generelle utfordringa innan rekruttering av gastrokirurgar, er styret er uroa over langsiktig berekraft innan det gastrokirurgiske fagmiljøet i føretaket, og ber om at det vert løfta fram som eit av fleire prioriterte satsingsområde i arbeidet med utviklingsplanen. 3. Styret ber om at det for utviklinga innan kirurgiske fagfeltet i føretaket, vert lagt til grunn ein utviklingsprosess som byggjer på standardiserte pasientforløp, ikkje minst for at pasienttryggleik og kvalitet skal sikrast. 4. Styret føreset eit tettare samarbeid mellom fagmiljø ved Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. Ålesund, 18. januar 2017. Espen Remme Adm. dir. Vedlegg: Vedlegg 1: Styresak HMN 54-16: Vedlegg 1: Mandat for lokal utviklingsplan 2018-2021HMR Side 1 av 5
Saksutgreiing: 1. Innleiing I mandatet for utarbeiding av lokal utviklingsplan, ba Helse Midt-Norge (HMN) om at HMR skal greie ut den kirurgiske akuttberedskapen innan den 31. januar 2016. Samstundes stadfester mandatet at det skal vere eit akuttkirurgisk tilbod ved sjukehuset i planperioden. Utdrag frå mandat i vedlegg 1, styresak 54/16 i HMN: «Helse Møre og Romsdal HF bes å beskrive framtidig organisering og nivå på akuttkirurgisk beredskap ved Sjukehuset Volda, herunder hvilke tiltak som planlegges for å sikre nødvendig kompetanse slik at kvalitet og pasientsikkerhet i det akuttkirurgiske tilbudet blir ivaretatt. Helse Midt-Norge forventer at tettere samarbeid mellom fagmiljøene i Volda og Ålesund og utviklingsarbeidet i SNR, vurderes for å sikre slik ivaretakelse.» Arbeidet som leggjast fram er førebudd av mellom anna representantar for dei lokale fagmiljøa, leiar for det regionale fagnettverket i HMN i generell kirurgi, Birger Henning Endreseth, og Jo- Åsmund Lund, fagdirektør HMR. Det er også gjennomført møter med samhandlingsutvala i regionråda på Sunnmøre og i Romsdal, og planlagd tilsvarande møte med Orkide i starten av februar. Møte med leiarar og tillitsvalde er gjennomført i Volda og Ålesund, og planlagt i slutten av januar i Molde og Kristiansund. Styresaken skisserer korleis helseføretaket vil arbeide for å sikre at nødvendig kvalitet og pasientsikkerheit i det akuttkirurgiske tilbodet, der ein legg opp til ei prosessuell tilnærming med Standardisert pasientforløp som verktøy. 2. Bakgrunn og historikk 2.1 Bakgrunn Arbeidet med utviklingsplanar må sjåast i samanheng med Nasjonal Helse- og sjukehusplan, Strategi 2030 og andre regionale strategiar og fagplanar. Helse Møre og Romsdal har fått eit oppdrag frå Helse Midt-Norge som er tydeleg beskrive i RHF sitt mandat til Helse Møre og Romsdal i styresak 54-16 vedlegg 1: Volda Sjukehus har et opptaksområde (om lag 42 000) som vil gjøre det krevende å opprettholde full kirurgisk akuttberedskap. For kommende utviklingsplanperiode legges det til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal opprettholde et akuttkirurgisk tilbud ved Volda sjukehus. Det lave pasientgrunnlaget som sogner til sykehuset kan gi utfordringer knyttet til å sikre nok antall kirurger til å dekke en vaktordning, nok kompetanse og trening på akuttkirurgiske prosedyrer og tilstrekkelig elektiv aktivitet på dagtid. Med de utfordringer som er beskrevet i Nasjonal helse og sykehusplan omkring akuttkirurgisk beredskap, vil dette fordre samarbeid mellom sykehus og fagmiljø utover det en har i dag. Jf. nasjonal føring om team av sykehus og tettere faglig samarbeid innenfor områder med sårbare kliniske spesialiteter. Side 2 av 5
Helse Møre og Romsdal HF bes å beskrive framtidig organisering og nivå på akuttkirurgisk beredskap ved Sjukehuset Volda, herunder hvilke tiltak som planlegges for å sikre nødvendig kompetanse slik at kvalitet og pasientsikkerhet i det akuttkirurgiske tilbudet blir ivaretatt. Helse Midt-Norge forventer at tettere samarbeid mellom fagmiljøene i Volda og Ålesund og utviklingsarbeidet i SNR, vurderes for å sikre slik ivaretakelse. I tillegg viser ein til styresak 2016-47 for styret i HMR: I tråd med føretaksprotokollen for Helse Møre og Romsdal HF og styresak i HMN (54-16 Mandat for lokale utviklingsplaner), ber styret om at adm. dir. legg fram ei sak om løysing for akuttkirurgisk beredskap ved Volda sjukehus innan utgangen av januar 2017 for perioden 2018-2021. 2.2 Historikk Volda sjukehus har om lag 450 tilsette, og eit opptaksområde på om lag 42 000 innbyggjarar fordelt på sju kommunar. Delar av kystkommunane er ikkje landfaste, noko som gjer at innbyggjarane er avhengige av ferje for å nå sjukehuset. Det inngått ein formell avtale med Helse Vest RHF og Helse Midt-Norge RHF om at fødande i Nordfjord kan bruke Volda sjukehus. På grunn av kortare reiseveg til Volda sjukehus, vel også delar av befolkninga i Nordfjord å få si behandling ved sjukehuset gjennom fritt sjukehusval. Sjukehuset var tidlegare ein del av Helse Sunnmøre, saman med Ålesund sjukehus. Ålesund sjukehus har om lag 2 400 tilsette, og har eit opptaksområde på om lag 100 000 innbyggjarar fordelt på 11 kommunar. Ålesund har i tillegg ein del fylkesfunksjonar, til dømes kreftkirurgi, onkologi og neonatal medisin. I 2011 vart Helse Sunnmøre slått saman med Helse Nordmøre og Romsdal til Helse Møre og Romsdal. Volda sjukehus, opplever på linje med andre sjukehus, at det i periodar er utfordrande å rekruttere fagfolk. Ofte lukkast ein best når personar frå lokalbefolkninga ønskjer å flytte heimatt for å ha turnusteneste ved sjukehuset, og deretter fortsette som LIS (Lege i spesialisering). Høgskulen i Volda er ein viktig bidragsytar for å skaffe jobb til ektefelle, i tillegg til at landfast samband mot kommunane på ytre søre Sunnmøre også er med på å auke arbeidsmarknaden. I Ålesund har ein i større grad lukkast med å tilsetje spesialistar med bakgrunn frå andre regionar, men også her har det vore ein viktig strategi å utdanne eigne spesialistar. Som i landet generelt, har det vore krevjande å ha fullgod spesialistdekning i blautdelskirurgi. Gastrokirurgar som er ein berande del av vaktordninga i akuttberedskapen, er ein knapp ressurs både nasjonalt og i Norden. Det har vore ei endring i funksjonsfordeling ved sjukehusa i Møre og Romsdal dei siste åra, slik ein òg har sett i andre helseføretak i landet. Dette går mellom anna på ei sentralisering av ulike funksjonar, som til dømes for kreftkirurgien og plastiske operasjonar. Tidlegare vart slike inngrep utført ved Volda sjukehus. På grunn av lavt volum av pasientar har dette vorte sentralisert, der noko har vorte overført til Ålesund sjukehus, medan andre har vorte overførte til St.Olavs Hospital. 3. Pasientbehandling, fagleg prioritering, pasienttryggleik, kvalitet og pasientopplæring Blautkirurgiske avdelingar i Volda og Ålesund har inntil nyleg vore organiserte som einskilde avdelingar. Ein omfattande OU-prosess har samla all blautkirurgi i HMR under ein felles klinikkleiar med verknad frå hausten 2016. Side 3 av 5
Pasientstraumen innan blautdelskirurgi og ortopedi er delt mellom Volda Sjukehus og Ålesund sjukehus. Fordelinga for blautdelskirurgi er i all hovudsak geografisk bestemt, det er m.a.o. pasienten si bustadsadresse som avgjer om naudsynt kirurgisk behandling skal gjennomførast i Volda eller i Ålesund. Dessutan er tilbodet ved det enkelte sjukehus til ei viss grad styrt av tilgang på faglege ressursar. Det einaste systematiske unntaket frå dette, er elektiv kirurgisk kreftbehandling, som er lokalisert til Ålesund for heile den sørlege delen av helseføretaket. 3.1 Pasienten si helseteneste - brukarsituasjonen Pasienterfaringsundersøkinga frå 2015 viser at pasientane er særs fornøgde med behandlinga ved Volda sjukehus. Volda skårar betre enn landsgjennomsnittet på alle indikatorane, og den høgste skåren i undersøkinga var på opplevinga av at helsepersonell har ein god dialog med pasienten/pårørande. Det er ikkje etablerte/implementerte formelle pasientforløp som beskriv pasientflyten internt ved Volda sjukehus. Dei regionale standardiserte pasientforløpa er under full implementering for kreft i Ålesund. Det er ikkje etablert pasientforløp mellom dei to sjukehusa. Det er etablert DRGkoding innanfor ramma av pakkeforløp kreft. Etter opninga av Kvivsvegen, har Volda sjukehus hatt auke i pasienttal frå Nordfjordområdet. Dette gjeld også andre pasientkategoriar enn fødseltilbod. 3.2 Viktige faglege påverknader: For utviklinga av akutt blautdelskirurgi står følgjande fram som vesentlege drivarar i utviklinga: Rekruttering: Det er mangel på spesialistar i gastrokirurgi og urologisk kirurgi i Norge og Norden. Dette rammar små einingar spesielt hardt, og rekrutteringssituasjonen for spesialistar har vore krevjande både i Ålesund og i Volda. Rekruttering er avhengig av private forbindelsar og særinteresser i eit lite fagmiljø. Sub-spesialisering: Samstundes som dei kirurgiske faga blir stadig meir sub- spesialiserte, er det særs viktig å kunne oppretthalde ein generell kompetanse hos den enkelte for å kunne handtere akutte pasientar på ulagleg tid. Denne utfordringa er generisk sett størst ved små einingar. Pasientvolumet: For einskilde område er pasientvolumet særs lågt. Med ujamne mellomrom må funksjonar endrast fordi pasientvolumet er så lågt at ein ikkje kan forsvare fagleg sikker drift. 3.3 Regional metodikk for utvikling av standardiserte pasientforløp. Helse Midt-Norge har, i samarbeid med St Olavs Hospital, utarbeida ein regional metodikk for utvikling av standardiserte pasientforløp. Denne er basert på European Pathway Assosiation (EPA) sin definisjon av standardisert pasientforløp: En koordinert tverrfaglig prosess for en definert pasientgruppe, som kan omfatte utredning, behandling, oppfølging og omsorg. Diagnostikk, behandling og oppfølging skal være evidensbasert og skal føre til kunnskapsbasert praksis. Metodikken gir ein klar definisjon på roller, leiing og forankring av pasientforløpet. Dessutan beskriv den framdrifta og milepælane i utviklinga av eit standardisert pasientforløp. Metodikken fører fram til ei detaljert skildring av logistikk, utgreiing, behandling og oppfølging innanfor den Side 4 av 5
aktuelle diagnosen. Dette bidreg dermed til ei tydeleggjering og standardisering av korleis ei definert pasientgruppe skal handterast innanfor eit sjukehus, eit HF eller eit RHF. 3.4 Målbilete, tiltak og organisering for pasienten si helseteneste (korleis vil vi ha det og kva må vi gjere?) Målet er at den kirurgiske aktiviteten innanfor nedslagsfeltet til Volda sjukehus og Ålesund sjukehus skal organiserast, utviklast og drivast som ei felles eining. Denne prosessen har starta i 2016, jfr. tidligare. Hensikta med å samle all blautdelskirurgi til ei eining, er ma. å styrke kompetanse og rekruttering til HMR innanfor fagområdet kirurgi. Det er spesielt viktig å oppnå at dei som handterer den akutte beredskapen i denne regionen, har god akuttkompetanse. I tråd med regionale føringar skal det vere ein akuttberedskap ved Volda sjukehus. Denne må utviklast som ein heilskap på tvers av dei to sjukehusa og i tråd med utviklinga i HMR. Utviklingsarbeidet kan organiserast som eit forbetringsarbeid med forankring i regional metodikk for utvikling av standardiserte pasientforløp, der ein sikrar forankring fagleg, og hjå leiarar, tilsette og brukarar. Denne metodikken nyttast for å planlegge detaljert avklaring av følgjande spørsmål: 1. Korleis kan den elektive kirurgiske verksemda oppgåvefordelast mellom Volda og Ålesund slik at en tar vare på fagleg kompetanse begge stader? 2. Kirurgisk akuttberedskap og kompetanseutvikling ved dei to sjukehusa må sjåast i fellesskap. Dette kan tyde at fagpersonell må rotere mellom de to sjukehusa i større grad enn i dag for å sikre det. Det er ei kortsiktig målsetjing om at HMR oppnår meir einskapleg, og dermed tryggare, pasientbehandling, og at det akutte tilbodet skal bli meir robust i heile HMR. Målsettinga er å bidra til styrking av rekruttering og spesialisert kompetanse både i Volda og i Ålesund. Helseføretaket har ansvaret for å sikre ein god medisinskfagleg kvalitet på drifta av spesialisthelsetenestene. Erfaring frå utviklingprosessar innan spesialisthelsetenesta understrekar at det er viktig å få med involverte fagmiljø, leiinga, tilsette og interessentar rundt tenestene, som kommunane, brukarorganisasjonar og andre involverte. Dette gjer ein best gjennom prosessar som involverer og gjer endringar på ein føreseieleg måte. Standardiserte pasientforløpsmetodikken skal bidra til at HMR lukkast i ei kvalitativ god og forsvarleg utvikling av tenestene til innbyggjarane i Møre og Romsdal. Side 5 av 5