Høyring regional utviklingsplan

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Høyring regional utviklingsplan"

Transkript

1 Saksframlegg Høyring regional utviklingsplan Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2018/45 Styret for Helse Møre og Romsdal HF Saksbehandlar: Torstein Hole Arkivreferanse: 2018/316 Forslag til vedtak: 1. Styret for Helse Møre og Romsdal tek diskusjonsnotat for regional utviklingsplan til orientering. 2. Styret for Helse Møre og Romsdal sluttar seg til at diskusjonsnotatet for regional utviklingsplan, blir sendt som høyringsinnspel frå Helse Møre og Romsdal HF. Ålesund, Espen Remme Adm. direktør Vedlegg: Diskusjonsnotat til regional utviklingsplan HMN (2035) 1

2 Saksutgreiing: Regional utviklingsplan er ei oppfølging og konkretisering av Strategi 2030 og skal summere opp regionale planer og strategiar og angi retning for perioden fram mot Planen bygg på dei lokale utviklingsplanane i regionen, og skal tene som innspel i neste rullering av Nasjonal helse- og sykehusplan. Helse Møre og Romsdal HF (HMR) mottok høyringsbrev knytt til den regionale planen frå Helse Midt- Norge RHF (HMN) 26. juni Med ønskje om ei drøfting og forankring av høyringsinnspel i styremøte 24. oktober 2018, har HMR fått utsatt frist til 25. oktober Som grunnlag for drøftinga har leiargruppa i HMR utarbeidd eit diskusjonsnotat til den regionale planen. Dette vart sendt til medlemmane i styret pr e-post 8. oktober med muligheit for innspel til notatet. Leiargruppa har jobba vidare med notatet i møte 16. oktober og er samanfatta i framlagt diskusjonsnotat. Diskusjonsnotatet leggast fram for styret til drøfting, før oversending til HMN 25. oktober.

3 Diskusjonsnotat Regional utviklingsplan HMN (2035) Innleiing Viser til motteke høyringsbrev frå Helse Midt-Norge RHF (HMN) 26. juni 2018 knytt til Regional utviklingsplan for perioden (2035). Helse Møre og Romsdal HF (HMR) ønskjer drøfting og forankring av høyringsinnspel i styremøte 24. oktober og har difor fått utsatt frist til 25. oktober I høyringsbrevet vert det stilt 3 spørsmål kring planen ein ønskjer å få tilbakemelding på; 1. Utfordringsbiletet skildra i kapittel 3 Gir dette eit rett bilete av hovud utfordringane helsetenestene står overfor? 2. Vegvala skildra i kapittel 5 er dette dei rette vegvala for å møte framtidas behov for helsetenester? 3. Med bakgrunn i skildra utfordringsbilete vert det særskilt lagt opp til å arbeide med digitalisering, standardisering og oppgåvefordeling innad helseføretaka og regionale fellesfunksjonar. Er dette dei rette tiltaka? Utfordringsbiletet Med bakgrunn i skildra situasjonsbilete i kapittel 2 for helsetenestene i regionen, støttar Helse Møre og Romsdal HF dei regionale vurderingane og det som er peikar på som særskilte utfordringar. Den demografiske utviklinga viser eit bilete med fleire eldre, fleire som lever lenger med sjukdom, vi kan behandle fleire med ny teknologi og nye behandlingsmetodar. Presset og etterspørsel etter helsetenester kan forventast auke generelt og for spesialisthelsetenester spesielt. Med samtidig forventa ressursknappheit knytt til utfordringar med rekruttering, tilstrekkeleg og rett kompetanse og kapasitet, vil det bli særs viktig at vi evnar å prioritere og sikre god ressursutnytting, for å utvikle ei helseteneste som er berekraftig og framtidsretta. Kommentar til punkt saknar kommunen si rolle knytt til beredskap. Bruker privatpraktiserande spesialistar og avtalespesialistar om kvarandre. Bør nytte avtalespesialistar som fast omgrep. Vegval I Regional utviklingsplan kapittel 5 er det peika ut fleire strategiske vegval for planperioden knytt til; pasienten si helseteneste, kunnskap og teknologi, rekruttere, utvikle og behalde kompetent personell, gode lagspelarar, prioritere innan utvalte områder, rammebetingelsar og økonomisk bærekraft. Helse Møre og Romsdal HF støttar vegvala som er løfta fram for å møte utfordringane vi står overfor og er i samsvar med den strategiske retninga for lokal utviklingsplan i Helse Møre og Romsdal HF. Vi har valt ut følgjande områder vi ønskjer å kommentere særskilt; 1

4 5.1.1 Populasjonsbasert tilnærming «Helsetjenesten i Midt-Norge må evne å ta i bruk mulighetene teknologi har å by på (s.41). Ein ser ikkje at det kjem fram under tiltaka korleis HMN vil gå fram for å styrke/legge til rette for å utvikle evna til å ta i bruk muligheitene teknologi har å by på. Dette bør kome fram i planen korleis ein vil arbeide vidare med dette/tiltak. HMR vil peike på behovet for å nytte ny og eksisterande teknologi i utvikling av pasientforløp for å hindre unødig reising for pasientane, for å tilstrebe behandling nær der pasienten bur. HMN bør i større grad legge til rette for prosjekt som ser på muligheitene som ligg i teknologien for å understøtte denne utviklinga. Samtidig må ein sikre robustheit i teknologien som nyttast, og at teknologien er i samsvar med lov- og forskriftsverk Heilskaplege pasientforløp «Vi trenger å ta regionale initiativ og skape felles løsninger for å unngå dobbeltarbeid i størst mulig grad. Mulighetene for å lære av hverandre og reflektere over gjeldene praksis vil være en viktig endringskraft. Vi må bli bedre på å jobbe med virksomheten gjennom tverrgående prosesser, heller enn separate oppgaver i siloer». Korleis vil HMN legge til rette for å utvikle desse strukturane og kven har ansvaret? Skal oppdraga leggast til dei lokale helseføretaka og tenker ein endring i eksisterande styringsstruktur. For å sikre utvikling av heilskaplege pasientforløp, blir det viktig å konkretisere vidare tiltak og ansvarshøve og det bør kome fram i planen korleis ein vil ta dette vidare Pasient- og pårørande opplæring Planen gir ei god skildring av korleis ein vil møte behovet for auka merksemd kring pasient- og pårørande opplæring, med skissert utfordringsbilete, strategi og konkrete tiltak. Eit døme er knytt behovet for å styrke kompetanse innan helsepedagogikk, der dette kan løysast gjennom samarbeid med utdanningssektoren som legg til rette for helsepedagogikk inn i utdanningsløp. Ein bør ta inn i planen korleis nytte teknologi for å styrke pasient- og pårørandeopplæringa. I tillegg saknar ein større merksemd knytt til pasientopplevd kvalitet, mellom anna gjennom systematisk innhenting av PROM 1 og PREM Digitalisering og ny teknologi I planen viser ein til at HMN vil styrke arbeidet med teknologi og digitalisering gjennom eigen strategi. Vi etterlyser ei tidsramme for dette arbeidet. «All ny teknologi og spesielt medisinsk-teknisk utstyr krever regional planlegging og standardisering for å sikre effektiv bruk og lavest mulige kostnader. Variasjon i teknologi vil gi variasjon i behandling 1 PROM står for Patient Reported Outcome Measures og er eit skjema som måler korleis pasientane oppleve forhold helse og sjukdom og behandlingseffektar. 2 PREM er ei forkorting av det engelske omgrepet «Patient Reported Experience Measures» og er eit mål på pasienterfaringar - pasientens oppleving og tilfredsheit med helsetenesta. Dette kan omfatte møte med helsetenesta, medverking, informasjon, tillit til helsepersonell og tilgjengelegheit. 2

5 og det vil øke kostnader knyttet til drift og integrasjon med annen teknologi. Samtidig er det viktig med lokalt eierskap. Det må derfor utvikles systemer som sikrer regional effektivitet og lokal bruk.» Vi vil understreke viktigheita av lokalt eigarskap og lokal bruk. Like viktig som regional planlegging og standardisering, er det å sikre lokalt eigarskap. I høve til forståing av å utvikle system som sikrar regional effektiv og lokal bruk, bør det utdjupast kva som ligg i omgrepet «systemer» for å sikre felles forståing i regionen. Vi vil presisere viktigheita i «Der hvor det etableres regional organisering av slike oppgaver enten gjennom nettverk eller faste organisasjoner må det sikres at helseforetakene involveres i styringen». Alle slike einingar må ha tilstrekkelig nærleik til den verksemda dei skal understøtte. I høve til å legge til rette for standardisering og optimalisering av medisinskteknisk utstyr, bør det konkretiserast i planen korleis HMN vil legge til rette for dette. Ein må vidare sjå det i lys av investeringsevna Helseplattformen Framtidsvisjonen om ein innbyggar ein journal er ei svært viktig satsing for å understøtte pasientsikkerheit, kvalitet og effektive tenester. For å kunne hente ut gevinstar vil det vere avgjerande at både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta er på felles plattform. Samtidig vil prosessen, både fram til iverksetting og vidare drift, vere avhengig av stor grad av medverknad og samarbeid mellom prosjektstyre, regional og lokal leiing, leverandør, tekniske og kliniske miljø regionalt og lokalt. Ein viser i planen at for å lukkast, vil det krevje eit system for mange og raske avgjerder om praktisk basert og fagleg konsensus. «..Beslutninger må tas så nære klinisk praksis som praktisk mulig, med et system for eskalering av beslutninger til nødvendig nivå» (s.54) Helse Møre og Romsdal HF ser ikkje at HMN kan sikre dette utan at lokale helseføretak blir integrert inn i utviklingsarbeidet, med omsyn til lokale forutsetninger og etablere desentrale strukturerer. Vi ser det som særs kritisk og viktig at den regionale planen konkretiserer korleis ein vil legge til rette for desentralt ansvar/involvering/realisering Verksemdsutvikling og oppgåvefordeling HMN viser til tverrgåande klinikkstruktur som viktig virkemiddel for å at kvart enkelt føretak framstår som ei samla eining. Det vil vere behov for kompenserande tiltak ved ein slik klinikkstruktur og omtale av dette kjem ikkje fram i planen. HMR etterlyser signal frå HMN som støtter opp under oppgåvedeling mellom HF i regionen vidare iht finansieringsrammer. Dette må konkretiserast og kome fram i planen. Som virkemiddel vert det peika på behov for at faglege nettverk må sikre samarbeid om pasientforløp, bemanning, utdanning av helsepersonell og hospiterings- og ambulante ordningar (s.59). Det er ei stor utfordring at regionen ikkje har forpliktande avtaler om bemanningshjelp frå St.Olav i kritiske bemanningssituasjonar. Fagleiarnettverka kan ikkje sikre dette utan klare føringar og rammer frå HMN på kva oppdrag St.Olav, har og kva for økonomiske samarbeidsreglar ein vil legge til rette for. Det etterlysast justert mandat for fagleiarnettverka generelt (sist revidert i 2012). 3

6 5.4.2 Samarbeid om folkehelse, førebygging og rehabilitering. HMN viser til utfordringa og behov for auka samarbeid om fagleg/felles fundament mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta knytt til rehabilitering. HMN viser til at ein vil arbeide for eit fagleg fundament som i større grad avklarar oppgåvefordeling mellom nivåa. Det bør konkretiserast i høve til korleis og kva for prosess. Det er skissert trong om auka kapasitet innanfor området i kapittel 2, men ingen strategisk svar på dette i relasjon til om dette skal løysast gjennom auka kjøp frå private, overføring av oppgåver til kommunane eller auka kapasitet i spesialisthelsetenesta Økonomisk bærekraft. Det visast til tiltak i regionen og vedtak 96/17 for å sikre økonomisk bærekraft i HMN. Det bør gå fram i planen kva for tiltak dette er. HMR etterlyser tiltak som legg til rette for at lokale HF skal klare krava om effektivisering Utvikling av bygningsmassen i Helse Midt-Norge Det er eit mål å redusere samla bygningsmasse. Det visast til at dette i hovudsak skal realiserast gjennom avhending av bygningsmasse som blir erstatta av meir effektive nybygg. HMR etterlyser tydlegare strategi som henger saman med dei prioriteringar som mellom anna er gjort i LTB. Digitalisering, standardisering og oppgåvefordeling I samandraget s. 3 står følgjande; «Forbedring av arbeidsprosesser vil ikke alene være tilstrekkelig for å kunne levere fremragende helsetjeneste innenfor fremtidens rammebetingelser. Vi må også være villige til å se på om vi har effektive strukturer internt i, og mellom, helseforetakene». HMR etterlyser ein samla diskusjon i kapittel 5 knytt til effektive strukturer internt og mellom HF knytt til funksjonar og organisering. Det kjem ikkje tydeleg fram i planen korleis HMN vil styre/understøtte regionale og lokale prosessar. Breidding av tiltak som t.d. PET og ortogeriatri står ikkje omtalt i planen. Det er viktig å konkretisere for å sikra at HMN kjem opp på eit skandinavisk/europeisk nivå. Andre synspunkt For å understøtte og konkretisere Nasjonal helse- og sykehusplan, skal den regionale utviklingsplanen, i lag med andre regionale planer for Helse Midt-Norge RHF, inngå som del av rammene som Helse Møre og Romsdal HF må ta omsyn til ved planlegging og utvikling av spesialisthelsetenestene lokalt. Regionalt planverk må vere samordna, og det må tydeleggjerast om regionalt planverk er retningsgivande eller styrande plandokument. Det er ei gjennomgåande svakheit i planen at det ikkje kjem tydlegare fram samanheng mellom skisserte utfordringar og vegval, vidare at skisserte tiltak ikkje er konkrete nok til å svare ut 4

7 utfordringsbiletet. Vi etterlyser ein tydeleg plan på korleis HMN vil operasjonalisere utviklingsretninga. 5

Innleiing Viser til motteke høyringsbrev frå Helse Midt-Norge RHF (HMN) 26. juni 2018 knytt til Regional utviklingsplan for perioden (2035).

Innleiing Viser til motteke høyringsbrev frå Helse Midt-Norge RHF (HMN) 26. juni 2018 knytt til Regional utviklingsplan for perioden (2035). Diskusjonsnotat Regional utviklingsplan HMN 2019-2022 (2035) Innleiing Viser til motteke høyringsbrev frå Helse Midt-Norge RHF (HMN) 26. juni 2018 knytt til Regional utviklingsplan for perioden 2019-2022

Detaljer

Utviklingsplan (2035) Helse Møre og Romsdal. helse-mr.no/utviklingsplan

Utviklingsplan (2035) Helse Møre og Romsdal. helse-mr.no/utviklingsplan Utviklingsplan 2019 2022 (2035) Helse Møre og Romsdal helse-mr.no/utviklingsplan Forankring Operasjonalisering av Nasjonal helseog sykehusplan og strategi 2030. I tråd med mandat iht utviklingsretning

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 02.03.2017 SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse 2035 - strategi for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2017/644 STYRESAK:

Detaljer

Forslag til vedtak: FU- tek saka til orientering og sender den til leiargruppa for Helse Møre og Romsdal til orientering og endeleg vedtak.

Forslag til vedtak: FU- tek saka til orientering og sender den til leiargruppa for Helse Møre og Romsdal til orientering og endeleg vedtak. Internt notat Til: Frå: Forskingsutvalet Forskingssjefen Dato: 30.11.16 Kopi: HR-direktøren i Helse Møre og Romsdal Ref: FU-sak 2016-23 Emne: Mandat for utarbeiding av strategi- og handlingsplan for forsking,

Detaljer

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF Saksframlegg Foretaks- og klinikkinterne utviklingsområder Saksnr Utvalsnamn Møtedato 03/2017 Styringsgruppa utviklingsplan HMR 2. mai 2017 Forslag til vedtak 1. Styringsgruppa

Detaljer

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2 STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 29.08.2018 SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2 ARKIVSAK: 2013/2681

Detaljer

Protokoll nr. 6/2018 Styremøte 24. oktober 2018

Protokoll nr. 6/2018 Styremøte 24. oktober 2018 Protokoll nr. 6/2018 Styremøte 24. oktober 2018 Til stades: Styremedlemmar: Ingve Theodorsen, styreleiar May Helen Molvær Grimstad, nestleiar Toril Forbord Bjarne Storset Nils Kvernmo Jan Arve Antonsen

Detaljer

Protokoll nr. 3/2018 Styremøte 18. april 2018

Protokoll nr. 3/2018 Styremøte 18. april 2018 Protokoll nr. 3/2018 Styremøte 18. april 2018 Tilstades: Styremedlemmar: Ingve Theodorsen, styreleiar May Helen Molvær Grimstad, nestleiar Toril Forbord Bjarne Storset Nils Kvernmo Jan Arve Antonsen Anette

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK

Detaljer

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE TYSVÆR KOMMUNE Særutskrift Dato: 08.05.2018 Saksnr.: 2018/1102 Løpenr.: 14716/2018 Arkiv: H10 Sakshandsamar: ALU / JVI UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA - HØYRINGSSVAR Saksnr Utval Møtedato 11/18 Eldrerådet 28.05.2018

Detaljer

Presisering av utgreiingsalternativ Konseptfase SNR

Presisering av utgreiingsalternativ Konseptfase SNR Saksframlegg Presisering av utgreiingsalternativ Konseptfase SNR Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2015/58 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 28.oktober 2015 Saksbehandlar: Espen Remme Arkivreferanse: 2014/5200

Detaljer

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015 1 Regional plan habilitering og rehabilitering Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF oktober 2015 2 Regional plan for habilitering og rehabilitering Revidering av eksisterande regional plan frå

Detaljer

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal Ålesund 3. mai og Molde 11. mai 2016 Utarbeida av samhandlingsavdelinga HMR HF v/ rådgjevar

Detaljer

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald Vedteke i føretaksmøte 20.06.2016 Tilleggsdokument til styringsdokument 2016 Helse Stavanger HF Innhald 1 Innleiing... 2 2 Oppfølging av årleg melding 2015... 2 3 Oppfølging av Nasjonal helse- og sjukehusplan...

Detaljer

Regional utviklingsplan med et perspektiv fram mot 2035

Regional utviklingsplan med et perspektiv fram mot 2035 Regional utviklingsplan 2019 2022 - med et perspektiv fram mot 2035 Møte regionalt brukerutvalg 06.11.17 Innhold Bakgrunn Status på arbeidet med de lokale utviklingsplanene Prosess regional utviklingsplan

Detaljer

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: G00 Arkivsaksnr.: 2010/350 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 30.04.2010 Strategi 2020 - Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Detaljer

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene

Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene Sak 29/13 vedlegg 1 Sammenstilling av vedtak fra protokoller fra styrebehandling i helseforetakene St. Olavs Hospital HF (styremøte 28.02.13) 7/13 Arkivsak 10/994 Rullering av Strategi 2020 - Innspill

Detaljer

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Føretak for framtida Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde Kvifor dette møtet? Orientere om arbeidet vi har starta med utviklingsplanar Ein utviklingsplan for verksemda Skal omfatte både somatikk og

Detaljer

Oppfølging budsjett 2016

Oppfølging budsjett 2016 Saksframlegg Oppfølging budsjett 2016 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2016/04 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 27. januar 2016 Saksbehandlar: Heidi Anita Nilsen Arkivreferanse: 2016/373 Forslag til vedtak:

Detaljer

Protokoll frå føretaksmøte 5. februar Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Protokoll frå føretaksmøte 5. februar Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Protokoll frå føretaksmøte 5. februar 2016 Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Styringskrav og rammer m.v. for 2016 Innhald Sak 1 Føretaksmøtet konstitueras... 2 Sak 2 Dagsorden... 2 Sak

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send høyringsinnspel

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest,

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest, STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ingeborg Aas Ersdal SAKA GJELD: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest, 2016-2018 ARKIVSAK: 2015/1778 STYRESAK:

Detaljer

Revidering av utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF 2030

Revidering av utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF 2030 Saksframlegg Revidering av utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF 2030 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2016/05 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 27. januar 2016 Saksbehandlar: Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

NAMN FUNKSJON TILSTADES FORFALL Karl-Arne Remvik Prosessleiar x

NAMN FUNKSJON TILSTADES FORFALL Karl-Arne Remvik Prosessleiar x REFERAT FRÅ MØTE I KOORDINERINGSGRUPPA UTVIKLINGSPLANEN DATO: 05.05.2017 STAD: ÅLESUND, STYREROMMET NAMN FUNKSJON TILSTADES FORFALL Karl-Arne Remvik Prosessleiar x Anne Strand Prosesskoordinator x Alfredsen

Detaljer

(Langsiktige rammebetingelser i Helse Midt-Norge )

(Langsiktige rammebetingelser i Helse Midt-Norge ) Den regionale utviklingsplanen og finansieringens rolle - hvilke andre virkemidler kan være til hinder på veien for å skape den helsetjenesten vi ønsker oss (Langsiktige rammebetingelser i Helse Midt-Norge

Detaljer

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest Grunnlaget for samhandlingsreforma Folkehelselova, Kommunal helse- og omsorgstenestelov

Detaljer

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde Pasientens helseteneste Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde Oppdraget vårt Pasientens helseteneste handlar om korleis pasienten får høve til å påverke behandlinga,

Detaljer

Tilråding frå adm.dir, Espen Remme

Tilråding frå adm.dir, Espen Remme Tilråding frå adm.dir, Espen Remme Pasienten si helseteneste Vår oppgåve er å sikre befolkninga i Helse Møre og Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 14.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 020/2018

Detaljer

Styringsgruppemøte

Styringsgruppemøte Styringsgruppemøte 06.06.2017 Saksliste Sak 08/17 Godkjenning av innkalling og saksliste. Godkjenning av protokoll frå møte 2. mai 2017 Sak 09/17 Referatsaker Sak 10/17 Reorganisering av innsatsområdet

Detaljer

Utviklingsplan HMR Revidering av utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF

Utviklingsplan HMR Revidering av utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF Utviklingsplan HMR 2030 Revidering av utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal HF Styrevedtak 6. mai 2015 i sak: «Sak 2015/26 Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021» 1. Styret i Helse Møre og Romsdal

Detaljer

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET Sak 24/14 Orienteringssaker Vedlegg Strategi 2020 Operasjonalisering gjennom programmer Saksbehandler Ansvarlig direktør Mette Nilstad Saksmappe 2014/12 Ingerid Gunnerød Dato

Detaljer

Utkast til strategi

Utkast til strategi til strategi 2017-2022, v.0.8.1 til strategi 2017-2022 til strategi 2017-2022, v.0.8.1 Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga innan teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Sjukehusapoteka Vest DATO: 15.5.2018 SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest 2018 2023 ARKIVSAK: STYRESAK: 020/18 STYREMØTE: 31.5.2018

Detaljer

Utviklingsplan akutt kirurgi HMR

Utviklingsplan akutt kirurgi HMR Saksframlegg Utviklingsplan akutt kirurgi HMR 2018-21 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/05 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 25. januar 2017 Saksbehandlar: Fagdirektør Jo-Åsmund Lund Arkivreferanse: 2016/3222

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:

Detaljer

om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF med mål om læring og forbetring

om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF med mål om læring og forbetring Rapport om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF 216 - med mål om læring og forbetring 1 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Uønskte hendingar innan

Detaljer

Protokoll nr. 04/15 Styremøte

Protokoll nr. 04/15 Styremøte Protokoll nr. 04/15 Styremøte 06.05.15 Tilstades: Styremedlemmar: Stein Kinserdal, styreleiar Petter Bjørdal, nestleiar Svein Anders Grimstad Kirsti Slotsvik Torbjørg Vanvik Charles Austnes Jan Arve Antonsen

Detaljer

Administrasjonsavdelinga MØTEPROTOKOLL

Administrasjonsavdelinga MØTEPROTOKOLL Administrasjonsavdelinga MØTEPROTOKOLL Utvalg: Brukarutvalet for Helse Møre og Romsdal HF Møtedato: 25.03.2019 Møtets varighet: 10:00 15:25 Sted: Storhornet, adm.-bygget Ålesund Saksnr.: BU15/19 BU23/19

Detaljer

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET Sak 22/17 Utviklingsplaner - avklaring kirurgisk akuttberedskap Saksbehandler Ansvarlig direktør Saksmappe 2017/4 Dag Helge Hårstad Jan Eirik Thoresen Dato for styremøte 9.

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet HØYRINGSINNSPEL Sak Saksnr. 16/05641 Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjektet Faglig og administrativ organisering Høyringsinstans (svarar) Ev. prosess bak høyringsinnspelet

Detaljer

Styringsdokument 2014

Styringsdokument 2014 Styringsdokument 2014 1 2 Sammensmelting av foretaksprotokoll og oppdragsdokument for Helse Vest RHF og egne styringsmål Hver tillitsvalgt og verneombud bør ta seg tid til å lese gjennom styringsdokumentene

Detaljer

Rapport med mål om læring og forbedring

Rapport med mål om læring og forbedring Rapport 2017 -om meldte uønskte samhandlingshendingar mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF (HMR) -med mål om læring og forbedring Innhald 1. Innleiing... 3 2. Uønskte hendingar

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Forslag til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 20.03.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Hans K. Stenby Forslag til regional plan for diagnostikk og behandling av prostatakreft Arkivsak 2010/498

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11.2014 SAKSHANDSAMAR: Hans Kristian Stenby, Kjell-Einar Bjørklund og Terje Arne Krokvik SAKA GJELD: Planlegging av utbygging av Haugesund

Detaljer

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal Hjelp Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal Innhald 1.1 Innleiing... 2 1.2 Hensikt... 2 1.3 Omfang... 2 1.3 Bakgrunn... 2 2.1 Ansvar

Detaljer

S T R A T E G I D O K U M E N T

S T R A T E G I D O K U M E N T STRATEGIDOKUMENT VÅR FORRETNINGSIDÉ OG VISJON Selskapet sitt formål er drift av eit rehabiliteringssenter i spesialisthelsetenesta der auka arbeidsdeltaking er det overordna målet. Visjon: Med arbeid som

Detaljer

SAMARBEIDSAVTALE mellom Vestnes kommune og Helse Møre og Romsdal HF

SAMARBEIDSAVTALE mellom Vestnes kommune og Helse Møre og Romsdal HF 1. Innleiing SAMARBEIDSAVTALE mellom Vestnes kommune og Helse Møre og Romsdal HF Partane er etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester av 14. juni 2011 6-1 mflpålagt å inngå samarbeidsavtale. Denne

Detaljer

Innretning budsjett 2016

Innretning budsjett 2016 Saksframlegg Innretning budsjett 2016 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 44/2015 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 30.sept. 2015 Saksbehandlar: Heidi Anita Nilsen Arkivreferanse: 2015/3700 Forslag til vedtak:

Detaljer

Høyringsuttale til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen HF

Høyringsuttale til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen HF Helse Bergen Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: 2018/5601 Tove Mette Arnø Fyllingen 25.06.2018 Vår: 18/1719-18/20456 ftm@lindas.kommune.no Høyringsuttale til Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen

Detaljer

«Fremtidens helsetjeneste i et samfunnsperspektiv.» KS Helseledersamling april 2019 Sverre B. Midthjell Seniorrådgiver, Helse Midt-Norge RHF

«Fremtidens helsetjeneste i et samfunnsperspektiv.» KS Helseledersamling april 2019 Sverre B. Midthjell Seniorrådgiver, Helse Midt-Norge RHF «Fremtidens helsetjeneste i et samfunnsperspektiv.» KS Helseledersamling - 25. april 2019 Sverre B. Midthjell Seniorrådgiver, Helse Midt-Norge RHF Offentlig helsevesen i verdenstoppen Ni utviklingstrekk

Detaljer

Leiingsystem for kvalitet (LFK)

Leiingsystem for kvalitet (LFK) Leiingsystem for kvalitet (LFK) Helse Møre og Romsdal HF har heilt sidan 2015 (Styresak 2015/26) hatt kontinuerleg forbetring (KF) som sin hovudstrategi for kvalitetsforbetring og endringsevne. I 2016

Detaljer

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 16.11.2004 Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring Styresak 084/04 B Styremøte

Detaljer

Organisering av tidlegfasen nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal

Organisering av tidlegfasen nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal Saksframlegg Organisering av tidlegfasen nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2013/82 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 18.12.2013 Saksbehandlar: Espen Remme

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Høyringsutsegn om Kvinnsland-utvalet sin rapport

Høyringsutsegn om Kvinnsland-utvalet sin rapport Høyringsutsegn om Kvinnsland-utvalet sin rapport Styret i Helse Bergen si tilbakemelding på NOU 2016:25 Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten. 1. Innleiing Utarbeidinga av denne høyringsutsegna

Detaljer

«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»?

«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»? «Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»? NAV konferanse 26.10.2017 Administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret

Detaljer

Vår ref. 2016/ Høyring - Prosjekt Stord Sjukehus i lys av Nasjonale føringar - Kvinnherad kommune

Vår ref. 2016/ Høyring - Prosjekt Stord Sjukehus i lys av Nasjonale føringar - Kvinnherad kommune Helse Fonna Fellestenester Informasjonsavdelinga Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 01.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Kristin Osland Lexow SAKA GJELD: Tilleggsdokument til oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet, dagsett

Detaljer

Utviklingsplan Helse Møre og Romsdal HF

Utviklingsplan Helse Møre og Romsdal HF Utviklingsplan Helse Møre og Romsdal HF «Sak 92/12 Møre og Romsdal HF - utviklingsplan sykehusstruktur for Nordmøre og Romsdal». Styremøte 13. desember 2012. Oppdraget føretaksprotokollen HMN RHF 8. juni

Detaljer

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Protokoll nr. 07/18 Møte 03.12.2018 Tilstades: X Medlemmer: Varamedlemmer: X Ingrid Løset, leiar X Daniel Ask X Ann Helene Skare, nestleiar Ann Elida Solheim X

Detaljer

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET Sak 03/15 Strategi 2020 - Rullering 2014 Saksbehandler Ansvarlig direktør Inger Mette Nilstad Ingerid Gunnerød Saksmappe 2014/533 Dato for styremøte 7. januar 2015 Forslag til

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016

Detaljer

Prosjektoppdrag Samla plan for sjukehusa i Helse Møre og Romsdal HF

Prosjektoppdrag Samla plan for sjukehusa i Helse Møre og Romsdal HF Prosjektoppdrag Samla plan for sjukehusa i Helse Møre og Romsdal HF Forfattar Arild Eiken Dato 13.12.2011 Versjonsnr. 1.5 Godkjend av Dato Innhald 1 STRATEGISK FORANKRING... 3 1.1 FØRETAKSPROTOKOLL HELSE

Detaljer

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Protokoll nr. 03/18 (HMR ref.: 2018/3211-6) Møtedato 11.09.2018 Medlemar: Tilstade: x x Anders Riise, KS, Hareid, leiar - Maritta Ohrstrand, KS, Kristiansund

Detaljer

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2016/ / / Gunhild Eidsli

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2016/ / / Gunhild Eidsli Rådmannen Helse Midt-Norge Postboks 464 7501 STJØRDAL Melding om vedtak Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 2016/230-7869/2018 2018/1459-5 Gunhild Eidsli 12.10.2018 Uttale frå Surnadal kommune i samband

Detaljer

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde 2015-2030

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde 2015-2030 Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Anne-Lene Norman, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 15/4556-3 Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde 2015-2030 Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017

Detaljer

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering. STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 04.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Carina Mæland, Hans K. Stenby og Torleiv Bergland SAKA GJELD: Tilgjenge til avtalespesialistar innan psykisk helsevern

Detaljer

HELSE STRATEGI FOR HELSEREGIONEN - HØYRINGSFRÅSEGN

HELSE STRATEGI FOR HELSEREGIONEN - HØYRINGSFRÅSEGN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201103152-3 Arkivnr. 400 Saksh. Torgersen, Matti, Henriksen, Sigun G. Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Fagdager læring:mestring. Kirkenes september 2018

Fagdager læring:mestring. Kirkenes september 2018 Fagdager læring:mestring Kirkenes 4.-5. september 2018 Utvikling Oppgaver flyttes fra spesialist- til primærhelsetjeneste Private aktører utgjør stadig større andel av spesialisthelsetjenesten (og primær

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: SAKA GJELD: Styremedlemmer Helse Fonna HF Administrerande direktør Prosess for leiing og organisering ARKIVSAK: STYRESAK: STYREMØTE: Administrerande direktør

Detaljer

Arbeidsverkstad

Arbeidsverkstad Arbeidsverkstad 14.01.19 1. Innleiing 09.00 Opning og innleiing ved prosjektrådmannen - Presentasjon av nye kommunalsjefar Korleis må denne dagen vere om vi skal få eit best mogleg grunnlag for å levere?

Detaljer

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Forvaltningsrevisjonsrapport - Samhandlingsreforma i Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 2014/1438 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 22.07.2015 Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.11.2018 123826/2018 Tor Harald Hustad Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet 28.11.2018 Fylkestinget 10.12.2018 Val av forvaltningsrevisjonsprosjekt

Detaljer

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF Om anbodssystemet innan rushelsetenesta Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF 1 Dette er Helse Vest Har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 25.11.2015 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015 ARKIVSAK: 2015/2352 STYRESAK: 123/15 STYREMØTE: 10.12. 2015

Detaljer

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg Odd Søreide Fagdirektør, Helse Vest RHF NSH Jubilieumskonferanse, Haugesund 5. sept. 2007 Helse Sør-Øst nokre fakta 56 % av statlege overføringar

Detaljer

Versjon: 1.0. Handlingsplan. Brukarmedverknad i Helse Møre og Romsdal. Godkjent: Dato:

Versjon: 1.0. Handlingsplan. Brukarmedverknad i Helse Møre og Romsdal. Godkjent: Dato: Versjon: 1.0 Brukarmedverknad i Helse Møre og Romsdal Anbefalt: Dato: Godkjent: Dato: 16.12.11 INNLEIING for brukermedvirkning i Helse Midt-Norge (2010 2015) er vedtatt av styret i Helse Midt-Norge. Den

Detaljer

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til

Detaljer

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Protokoll nr. 04/16 Møtedato 22.11.16 Medlemar: Tilstades: x x Petter Bjørdal, Nestleiar styret HMR, leiar x Svein Anders Grimstad, Styremedlem HMR Varamedlemar:

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

arbeidsgruppa. Arbeidet vert leia av Tysvær kommune. 2. Alle i nettverket 3. Alle i nettverket 4. Kontaktperson

arbeidsgruppa. Arbeidet vert leia av Tysvær kommune. 2. Alle i nettverket 3. Alle i nettverket 4. Kontaktperson Handlingsplan Fagnettverk barn og unge (ressursgruppa) Satsingsområde 1: Kompetanse Mål: Auka kompetanse hos fagpersonar som møter barn og unge med helseutfordringar og deira pårørande og nettverk. Nettverket

Detaljer

VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen

VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen Vår dato: Vår referanse: 23.06.2006 2006/000616-2 Vår s shandsamar: Dykkar dato: Dykkar referanse: Solbjørg Myrhaug Teige 57845021 22.05.2006 200602349-/IMN Helse-

Detaljer

NAMN Stilling FUNKSJON TILSTADES FORFALL Lena Bjørge Waage Rådgivar seksjon for samhandling, Prosesskoordinator/leiar x

NAMN Stilling FUNKSJON TILSTADES FORFALL Lena Bjørge Waage Rådgivar seksjon for samhandling, Prosesskoordinator/leiar x REFERAT FRÅ MØTE I KOORDINERINGSGRUPPA UTVIKLINGSPLANEN DATO: 12.12.2017 STAD: Molde sjukehus, Festsalen og skype NAMN Stilling FUNKSJON TILSTADES FORFALL Lena Bjørge Waage Rådgivar seksjon for samhandling,

Detaljer

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 18.03.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma ARKIVSAK:

Detaljer

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.02.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14

Detaljer

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Protokoll nr. 04/18 Møte 12.06.2018 Tilstades: X Medlemmer: Varamedlemmer: X Ingrid Løset, leiar Daniel Ask X Ann Helene Skare, nestleiar Ann Elida Solheim X Atle

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

HELSE NORD-TRØNDELAG HF STYRET

HELSE NORD-TRØNDELAG HF STYRET HELSE NORD-TRØNDELAG HF STYRET Sak 54/2018 Regional utviklingsplan høringssvar Helse Nord-Trøndelag Saken behandles i: Møtedato Møtesaksnummer Styret for Helse Nord-Trøndelag HF 1. oktober 2018 54/2018

Detaljer

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar Sak Dato utsendt 01.12.16 på høyring Høyringsfrist 08.12.16 Send høyringsinnspel til post@hisf.no; postmottak@hsh.no; post@hib.no Bakgrunn for Prosjektet har

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde Behov for ny kunnskap? Etterspurt kunnskap? Forskingsspørsmål? Gjennomførbart? Hvis ja på alle desse, kva hindrar oss då? Me blir stadig eldre (kilde

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE: MØTEPROTOKOLL Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 19.04.2016 Tid: 09:00-11:00 Funksjon Navn Forfall Møtt for SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel

Detaljer

Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient i Møre og Romsdal. «Frå symptom til heilskap»

Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient i Møre og Romsdal. «Frå symptom til heilskap» Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke pasient i Møre og Romsdal «Frå symptom til heilskap» Statusrapport pr juni 2019 Statusrapport frå arbeidet med Framtidsretta pasientforløp for den eldre

Detaljer

1. Kort om grunnlag og føremål:

1. Kort om grunnlag og føremål: Mandat og klarsignal for utarbeiding av ein samla strategi- og handlingsplan for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling for Helse Møre og Romsdal HF for perioden 2017-2022 Ansvarleg klinikksjef/

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Formannskapet 02.12.2014 081/14 Elin A. Moen Kommunestyret 18.12.2014 073/14 Elin A. Moen Avgjerd av: Kommunestyret Arkiv: 026 Arkivsaknr 11/245 Kommunereform

Detaljer