HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101589-1 Arkivnr. 146 Saksh. Arnesen, Arthur K. Saksgang Samferdselsutvalet Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.02.2011 22.02.2011 23.02.2011-24.02.2011 REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM 2011 SAMANDRAG I tråd med praksis dei seinare åra bygger Regionalt Utviklingsprogram 2011 på tidlegare års program. Av omsyn til kontinuitet i næringsutviklingsarbeidet er det berre gjort mindre justeringar i programmet for 2011 kor den viktigaste endringa er at landbruk har kome inn med eit eige avsnitt. RUP 2011 er utarbeidd i nært samarbeid med Regionalt næringsforum og etter innspel frå sentrale nærings- og utviklingsaktørar, IN og FMLA. Programmet byggjer på visjon, mål og strategiar i fylkesplan for Hordaland. I saka er det foreslått korleis midlane til regional næringsutvikling på 83,928 mill kr skal disponerast i 2011. Hovuddelen av midlane er overføringar frå Kommunal- og regionaldepartementet (80,52 mill kr), men det inngår 3, 408 mill kr frå fylkeskommunen sitt eige budsjett. I tråd med Regional Planstrategi for 2010 2012 vil arbeidet med ny regional næringsplan starte opp i 2011. Samstundes er det sett i gang eit arbeid på Regionalavdelinga for å sjå på behov for endringar i Regionalt utviklingsprogram frå 2012. FORSLAG TIL INNSTILLING 1 Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2011. 2 Fylkesutvalet meiner at Kommunal- og regionaldepartementet legg for sterke føringar på fordeling av skjønsmidlane til næringsfond. Desse føringane står i tydeleg kontrast til signala om større regionalt sjølvstyre i Regionreforma frå 2010 og fylkeskommunen si sjølvstendige rolle som regional utviklingsaktør. Paul M. Nilsen Vedlegg: Utkast til Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2011. Jan Per Styve
FYLKESRÅDMANNEN, 08.02.2011: 1. Bakgrunn Regionalt utviklingsprogram er styringsdokumentet for forvalting av dei regionale næringsutviklingsmidlane og har hatt tilnærma same form og prioriteringar sidan fylkesplanen blei vedtatt i 2005. Regionalt utviklingsprogram gjev også føringar for bruken av andre regionale utviklingsmidlar som fylkeskommunen rår over. Gjennom handsaminga i partnarskapen Regionalt næringsforum har også andre viktige aktørar for regional utvikling forplikta seg til å følgje opp prioriteringane i Regionalt utviklingsprogram. Regionalt utviklingsprogram har vore forankra i gjeldande fylkesplan. I Regional planstrategi 2010 2012 er det vedteke at det skal utarbeidast ein ny regional næringsplan. Samstundes er det slått fast at mål, strategiar og retningsliner frå Fylkesplan for Hordaland skal gjelde fram til ny regional næringsplan er vedteke. I denne saka fremmer fylkesrådmannen Regionalt utviklingsprogram 2011 (RUP 2011). Sjølve programmet ligg som vedlegg til saka. 2. Tidlegare handsaming Regionalt utviklingsprogram for 2010 blei handsama av fylkesutvalet som Sak 34/10 den 18.02.10 kor det blei gjort slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2010. 2. For å sikre god kompetanse og godt kvalifisert arbeidskraft til bedriftene i Hordaland er det viktig med økonomiske virkemiddel. I 2010 blei det også etablert ein ny rutine kor fylkesrådmannen har gitt fylkesutvalet regelmessige skriftlege orienteringar med oversyn over tilsegn som har blitt løyvd frå Regionalt utviklingsprogram. Det blei gitt seks slike orienteringar i 2010. 3. Prosess og arbeid med Regionalt Utviklingsprogram 2011. Regionalt Utviklingsprogram skal mellom anna sikre at alle offentlege verkemiddelaktørar jobbar etter felles mål og strategiar. I tillegg til å styre bruk av fylkeskommunens økonomiske verkemiddel til næringsutvikling, gir programmet også føringar for andre offentlege etatar sitt utviklingsarbeid i fylket. I samsvar med føresetnadene frå Kommunal- og regionaldepartementet blir forslag til Regionalt Utviklingsprogram utarbeidd i eit samarbeid mellom fylkeskommunen og den regionale partnarskapen for næringsutvikling, Regionalt næringsforum. Her møter Innovasjon Noreg Hordaland, Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling, LO Hordaland, NHO Hordaland, NAV Hordaland, Universitetet i Bergen, Fiskeridirektoratet Region Vest, Noregs Forskingsråd si avdeling i Hordaland, Bergen kommune, KS Hordaland og Hordaland fylkeskommune med to representantar frå Fylkesutvalet samt tre frå administrasjonen (to frå Regionalavdelinga og ein Opplæringsavdelinga). Regionaldirektøren leiar Regionalt Næringsforum. Regionalt Næringsforum skal medverke til samordna innsats for å fremje næringsutvikling i fylket. Målet skal nåast ved utvikling av ei mest muleg koordinert og effektiv forvaltning av dei offentlege ressursane retta mot næringsutvikling, arbeidsmarknad og utdanning i Hordaland. Arbeidet med å utvikle Regionalt Utviklingsprogram er ei sentral oppgåve for Regionalt Næringsforum. 2
Regionalt næringsforum vil handsame RUP 2011 på sitt møte 11. februar. Vedtak og føringar frå dette møte vil bli ettersendt og innarbeidd i ein revidert versjon av RUP 2011. I arbeidet med RUP 2011 er det bedt om innspel frå næringslivsorganisasjonar og kunnskapsmiljøa i fylket, hovudsakleg innhenta gjennom konkrete drøftingar om oppdatering og justering av satsingsområda i programmet. Vidare har det vore eit nært samarbeid med Innovasjon Noreg og Fylkesmannen sin landbruksavdeling gjennom ein eigen arbeidsgruppe. 4. Kort omtale av Regionalt utviklingsprogram 2011 For mange bransjar og bedrifter begynner no pilane igjen å peike oppover etter finanskrisa. I følgje Næringsbarometeret venter fleirtalet av bedriftene ny vekst i 2011. For nokre bedrifter og lokalsamfunn vil også 2011 bli krevjande. Med ein visjon om å vere mellom dei mest innovative regionane i Europa, synast no tida å vere riktig for å stimulere til utvikling av det som skal gje framtidig sysselsetting og verdiskaping i fylket. I arbeidet med Regionalt Utviklingsprogram 2008 identifiserte vi 5 hovudutfordringar i arbeidet med næringspolitikken i Hordaland. Også for 2011 har ein vald å halde fast ved desse utfordringane, men justert dei i tråd med endra føresetnader. Utfordringane er kort omtalt her. Ei nærare drøfting av dei fem utfordringane er gjort i Kap. 2 i RUP 2011. UTFORDRING 1: ARBEIDSKRAFT NAV forventar ein uendra arbeidsløyse i Hordaland i 2011 og einskilde bedrifter vil mangle kvalifisert arbeidskraft. Korleis klarar vi å tilfredstille næringslivet sitt behov for ny kvalifisert arbeidskraft og få ned arbeidsløysa? Av Næringsbarometeret frå januar 2011 går det fram at 15 % av bedriftene i Hordaland har ledige stillingar som følgje av problem med å skaffe rett kompetanse. UTFORDRING 2: BEREKRAFT Næringslivet er ikkje berekraftig nok. Klimautfordringa representerer eit kommersielt potensiale for Hordaland. Klimaplanen for Hordaland peikar på spanande moglegheiter for ny næringsutvikling til dømes knytt til CO 2 - satsinga på Mongstad og overgang til fornybar energi. UTFORDRING 3: TILTREKKINGSKRAFT Urban tiltrekkingskraft påverkar arbeidsmarknad og busetnad i regionane. Samstundes er eit attraktivt Bergen ein konkurranseføremon for heile fylket. Både Bergen og distrikta må framleis søkje å tiltrekke seg talent, studentar, kreative personar, forsking, nye bedrifter og investorar, kvar på sine premissar. UTFORDRING 4: MARKNADSKRAFT Ein stadig meir open og dynamisk marknad krev kontinuerleg kompetanseutvikling og innovasjon. Samstundes er globaliseringa ei viktig drivkraft for auka nyskaping og utvikling av internasjonal kompetanse. Innovasjon og vellukka internasjonalisering vil framleis vere ei hovudutfordring for eksportindustrien sjølv om konjunkturane no ser ut til å snu. UTFORDRING 5: UTVIKLINGSKRAFT Gode resultat må forsvarast og sterke bransjar må vidareutviklast for å skape ny vekst. Sterke klynger og forskingsmiljø gir samstundes eit unikt grunnlag for entreprenørskap og innovasjon. I Hordaland er det fleire internasjonalt sterke næringsmiljø og klynger med leiande bedrifter. I andre sektorar er det spire til nye sterke næringsmiljø. I Regionalt Utviklingsprogram 2011 er det søkt å gje utfordringane tilsvar med definerte innsatsområde knytt til dei aktuelle satsingsområda. Dette er beskrive i Kap 4. i RUP 2011. 3
Nokre endringar i årets program Som nemnt er strukturen i Regionalt Utviklingsprogram 2011 stort sett den same som tidlegare år. Dei viktigaste justeringane og endringane kan kort oppsummerast slik: I Kap. 1 Hordaland variert og framtidsretta er det gjort naudsynte oppdateringar og omskrivingar. Det er særleg tatt omsyn til signala om ny vekst i næringslivet, men at biletet er samansett. I Kap. 2 Næringspolitiske utfordringar er det også gjort oppdateringar og omskrivingar. Teksten under Utfordring 1 Arbeidskraft er oppdatert i høve til kor vi står no. I utfordring 2 Berekraft er det vist til klimaplanen. I Kap. 4 Priorterte innsatsområde i 2011 er det gjort nokre endringar og justeringar: I avsnitt A Næringsretta kompetanse er første kulepunkt forenkla litt. I Avsnitt B Entreprenørskap og innovasjon er det den nye satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) tatt med. Avsnitt C Internasjonalisering er forenkla og korta litt ned. I avsnitt D Livskraftige lokalsamfunn er noko og den tidlegare teksten tatt ut og erstatta med eit nytt og litt meir utfyllande avsnitt om LUK satsinga. LUK satsinga er også tatt med som eit nytt innsatsområde. I avsnitt E1 Energi er eit innsatsområde knytt til å legge til rette for auka bruk av naturgass i Hordaland tatt ut. Samstundes er innsatsområdet knytt til fornybar energi skreve om og forsøkt spissa. I avsnitt E2 Marine næringar er dei tre tidlegare innsatsområda tatt ut og erstatta av 5 nye og meir spissa innsatsområde. I avsnitt E3 Maritime næringar er ein omtale av konsekvensane av finanskrisa oppdatert. Det har kome inn eit nytt innsatsområde knytt til synleggjering og dei andre innsatsområda er oppdatert og spissa i høve til dagens situasjon. I avsnitt E4 Reiseliv er innsatsområde om heilskapleg områdeutvikling forsøkt spissa. I avsnitt E5 Kulturnæringar er styrking av filmproduksjonsfasilitetar skreve inn i innsatsområde ein. Vidare er det tatt med eit nytt innsatsområde knytt til å ta i bruk nye mediaplattformer medan tidlegare innsatsområde knytt til entreprenørskap og marknadsføring er teke ut. Avsnitt E6 Landbruk er nytt i årets RUP og er kome med som følgje av at fylkeskommunen har fått eit utvida medansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken. Kap 5 Regionale næringsretta verkemidlar er også oppdatert. I innleiinga til kapitlet er nokre av dei sentrale føringane frå Kommunal- og regionaldepartementet teke med. Punkt D Omstilling og nyskaping er skreve om for å gje ein meir presis beskriving av dei sentrale føringane knytt til bruken av desse virkemidla. 5. Disponering av økonomiske verkemidlar i 2011 Statlege verkemidlar og aktørane knytt til desse Regionalt Utviklingsprogram fastset prioriteringar og satsingar for fylkeskommunen sin innsats innan næringsutvikling. Programmet er også sterkt retningsgjevande for andre offentlege etatar sin innsats for næringsutvikling i Hordaland. Dette gjeld i særleg grad for Innovasjon Noreg, men også for NAV, Fylkesmannens Landbruksavdeling, Fiskeridirektoratet / Region Vest og Noregs forskingsråd sine næringsretta satsingar i Hordaland. Den trykte versjonen av Regionalt utviklingsprogram 2011 vil ha med eit vedlegg som gir ei samla oversikt over alle offentlege verkemidlar til næringsrelatert verksemd i Hordaland for budsjettåret 2011. Denne oversikta er under utarbeiding. Retningsliner for disponering av midlane Økonomisk støtte til prosjekt som ligg inn under Regionalt utviklingsprogram, vert tildelt ut frå fastlagde retningsliner: 4
I samband med politisk handsaming av Regionalt utviklingsprogram, fordeler også fylkesutvalet verkemidlane til dei ulike hovudområda i programmet slik det går fram av budsjettet i dette saksframlegget. Midlane til Innovasjon Noreg blir overførde etterskotsvis på kvartalsbasis i tråd med ein eigen avtale. Søknadar om midlar til prosjekt innan innsatsområda i Regionalt Utviklingsprogram blir i hovudsak handsama administrativt i tråd med prioriteringane i RUP 2011. Særleg viktige og prinsipielle einskildsaker blir handsama i fylkesutvalet. Midlane til Omstilling og nyskaping blir fordelte i eiga sak til fylkesutvalet. Midlane til Regionale næringsfond blir fordelte i eiga sak til fylkesutvalet i samsvar med politisk vedtekne retningsliner og deretter overført regionråda for vidare handsaming. Midlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram 2011 er i hovudsak statlege overføringar. Bruken av dei statlege midlane er bunden opp i regelverk som set rimeleg klare grenser for korleis pengane kan nyttast. Dei fylkeskommunale midlane kan nyttast noko friare. Økonomiske rammer for Regionalt utviklingsprogram 2011 Fylkeskommunen disponerer i 2011 til saman kr. 83 928 000 for å nå dei næringspolitiske målsettingane i Regionalt utviklingsprogram. Dette er ein auke på 2,2 % samanlikna med året før. Det har vore ein avtakande vekst dei siste tre åra. Auken i 2010 var på 5,3 % og i 2009 på 8,0 %. Råma frå Kommunal- og regionaldepartementet auka frå 79,12 mill kr i 2010 til 80,52 mill kr i 2011. I dette ligg det både auke og nedgang på viktige område: o Nedgang i råma etter objektive kriterii (frie midlar) med 50 000 kr, men øyremerking av delar av denne råma til Ny vekst programmet er tatt ut for 2011. o Auke i råma til kommunale/regionale næringsfond med 2,43 mill kr til 10,82 mill kr. o Nedgang i råma til omstillingstiltak med 1 mill kroner til 7,0 mill. kroner. I tillegg kjem eiga løyving over fylkesbudsjettet på 3,408 mill. kroner. Etter føresetnadene som er gitt av Kommunal- og regionaldepartementet skal Regionalt Næringsforum gje tilråding om disponering av dei økonomiske verkemidlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram. Framlegg til RNF over fordeling av verkemidlane for 2011 er vist på neste side saman med den faktiske fordelinga av verkemidlane i 2009 og 2010. Eventuelle endringar som blir foreslått av RNF vil bli ettersendt. A. Bedriftsretta verkemidlar Fylkeskommunen overfører til Innovasjon Noreg den delen av verkemidlane som er øyremerka for bedriftsretta tiltak. Midlane går til einskildbedrifter, nettverkstiltak og andre formar for bedriftsretta støtte i form av lån og ulike former for økonomisk støtte. I budsjettet for 2011 er det ikkje sett av eigne midlar til NyVekst programmet. I tråd med nasjonale føringar inngår støtte til denne type tiltakt i den generelle ramma. Det er blir også for 2011 inngått avtale mellom Innovasjon Noreg og Hordaland fylkeskommune som regulerer pengebruk, rapportering og samarbeidet mellom partane. Det er foreslått ei løyving for 2010 på kr. 40,0 mill kr. Overføringa av bedriftsretta midlar via Innovasjon Noreg utgjer 48,6 % av dei statlege overføringane. Tilsvarande prosentar for 2009 og 2010 var 52,3 % og 52,1 %. 5
Budsjettoversikt Regionalt utviklingsprogram (RUP) 2009 2011 Budsjett 2009 Budsjett 2010 Budsjett 2011 Endeleg ramme Endeleg ramme Førebelse rammer Til satsingsområda i RUP 35.890.000 36.260.000 39.150.000 Entreprenørskapsarbeid 750.000 750.000 850.000 Ny Vekst 3.360.000 4.990.000 0 1) SUM INNOVASJON NOREG 40.000.000 42.000.000 40.000.000 Regionalt Utviklingsprogram (RUP) A. Bedriftsretta verkemidlar : Forvalta av Innovasjon Noreg B. Tilrettelegging for næringsutvikling inkludert midlar øyremerkt gjennom eigne politiske vedtak C. Regionale næringsfond D. Omstilling og nyskaping Næringar med særlege føremoner - Energi - Marine næringar - Maritime næringar - Reiseliv - Kulturnæringar 1 - Landbruk Livskraftige lokalsamfunn Næringsretta kompetanse Entreprenørskap og innovasjon 18.569.000 18.560.000 20.528.000 Internasjonalisering NCE Subsea 500.000 500.000 500.000 Kulturelt utviklingsprogram 1.000.000 2 1.000.000 2 FLY BGO 1.500.000 1.500.000 VRI - programmet 1.400.000 1.680.000 1.680.000 SUM TILRETTELEGGING 20.469.000 23.240.000 25.208.000 Regionvis fordeling - Sunnhordland 2.303.000 2.230.000 - Hardanger 2.183.000 2.513.000 - Nordhordland 595.000 879.000 - Osterfjorden 633.000 714.000 - Bjørnefjorden 545.000 473.000 - Voss 791.000 841.000 - Fjell, Sund og Øygarden 450.000 350.000 SUM REG. NÆRINGSFOND 7.500.000 8.000.000 10.820.000 Områdetiltak - Indre Hardanger - Kvam / Ålvik - Tysnes - Vaksdal - Fedje/Masfjorden - Nyskaping i inkubatorar m.m. - Omstilling maritim sektor - Frie midlar 3.000.000 200.000 425.000 500.000 800.000 2.500.000 2.160.000 2.500.000 2.415.000 2.500.000 SUM OM- OG NYSKAPING 9.000.000 8.000.000 7.000.000 Verkemidlar for sær skilde tiltak 400.000 300.000 300.000 (fyrtårn, o. l) 680.000 600.000 600.000 E. Til rådvelde for Reg. næringsfor. F. Internasjonalt Næringsretta samarbeid og utviklingsarbeid internasjonale program. TOTAL RAMME 77.969.000 82.140.000 83.928.000 1 NyVekst utgår som eige program frå 2011. Midlar til dette formålet inngår i dei øvrige overføringane til Innovesjon Norge 2 I tråd med Fylkestinget sitt vedtak skal 1 million nyttast til Kulturelt Utviklingsprogram 6
B. Tilrettelegging for næringsutvikling Midlane under denne posten skal brukast på tiltak og prosjekt innan prioriterte næringar og innsatsområde. Dette gjeld sektorane energi, marin sektor, maritim sektor, reiseliv, kulturbaserte næringar og landbruk samt til entreprenørskap og innovasjon, internasjonalisering, livskraftige lokalsamfunn og næringsretta kompetanse. Vidare er verkemidlar knytt til tettstadutvikling lagde inn under denne posten. Ein del av midlane satt av under denne posten er allereie bundne opp av politiske vedtak. Dette gjeld midlane til NCE Subsea, Kulturelt utviklingsprogram, FLY BGO og VRI programmet. I sum utgjer dette 4,58 mill kr eller 18,2 % av råma. C. Regionale næringsfond Det er sett av midlar i budsjettet for overføring til dei regionale næringsfonda. Desse skal forvaltast lokalt, og medverke til å løyse ut verdiskapingspotensialet ute i regionane og kommunane. Midlane skal nyttast i tråd med mål og strategiar i Fylkesplanen og Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2011. For 2010 blei det sett av 8 mill kr til regionale næringsfond. Dette var litt under skjønnstildelinga frå Kommunal- og regionaldepartementet på 8,34 mill kr i 2010. Grunnen til at vi ikkje følgde departementet helt i høve til skjønnstildelinga var at det var eit stort press på dei ulike delane av RUP budsjettet. Ut frå ei samla vurdering fann vi ikkje rom for meir enn 8 mill kr til regionale næringsfond i 2010. Hordland fylkeskommune har i ei årrekkje før 2010 ligge langt over departementet sine skjønnstildelingar til regionale næringsfond. Også i 2011 opplever fylkesrådmannen at det er eit stort press på ulike delar av RUP budsjettet. Samstundes med auken i skjønnstildelinga til regionale næringsfond kjem departementet i sitt orienteringsbrev av 5. okt. 2010 med nye forsterka føringar til fylkeskommunane som må forståast som eit pålegg om at heile skjønnstildelinga skal gå kommunar eller regionråd. Fylkesrådmannen opplever dette som ei kraftig overstyring av fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og i strid med signal om større regional sjølvstyre i Regionreforma frå 2010. Det ligg stor eigenverdi i at kommunar gjennom regionråd samarbeidar om utviklingsprosjekt. Dette gir synergiar både i relasjon til kompetanseutvikling og erfaringsutveksling, og med tanke på å bli utfordra på å tenke vidare enn sin eigen kommune. Det legg også eit godt grunnlag for større, og meir kapitalkrevjande tiltak og prosjekt om fleire kommunar står saman. Fylkesutvalet vedtok nye retningsliner til fordeling av midlar til regionale næringsfond i Hordaland i møte 24.05.2007. Vidare blei spørsmålet om regionale eller kommunale næringsfond på nytt handsama av fylkesutvalet i Sak 287/08 kor det blei gjort slikt vedtak: Fylkesutvalet vil vidareføre ordninga med regionale næringsfond innafor dei retningslinene som blei vedteke i 2007. Forslag til fordeling av Regionale næringsfond 2011 vil byggja på desse vedtaka, og vil bli lagt fram som eiga sak for fylkesutvalet. D. Omstilling Dette er eit virkemiddel som skal nyttast til tiltak i område som står framfor omfattande utfordringar knytt til sysselsetting og omstilling i næringslivet. Fylkeskommunen står noko friare i å bruka desse pengane enn det som har vore tilfellet med tidlegare ordningar, men det ligg til grunn at nokre særlege område med særskilte omstillingsutfordringar vil stå i fokus. I 2011 vil det også bli vurdert om nokre av omstillingsmidlane skal kunne nyttast til spesielle utfordringar i knytt til sentrale verksemder i nokre kommunar og til utfordringane knytt leverandørindustrien til petromaritim sektor. Forslag til bruk av omstillingsmidlane for 2011 vil bli fremma som eiga sak for fylkesutvalet. 7
E. Til rådvelde for Regionalt Næringsforum Regionalt Næringsforum (RNF) er sett saman av ressurspersonar med relevant og omfattande kunnskap om næringslivet i fylket. Det er ønskjeleg å utnytte denne kompetansen, og stille til rådvelde midlar som RNF kan forvalte på eit noko friare grunnlag enn elles. F. Internasjonalt utviklingsarbeid Posten skal primært gå til førebuing og gjennomføring av næringsretta prosjekt saman med vennskapsregionane våre og til å støtte opp under deltaking i internasjonale program. I dette ligg ein konkret ambisjon forsøke å utvikle det næringsretta samarbeidet med samarbeidsregionane. Konkrete internasjonale næringsretta utviklingsprosjekt vil i tillegg kunne bli finansiert over B Tilrettelegging for næringsutvikling. 6. Forhold til nærare avklaring Det har i aukande grad vore eit press om bruk av regionale utviklingsmidlar til å drifte utviklingsprosjekt av meir eller mindre permanent karakter. Konkrete eksempel på dette i RUP 2011 er midlar avsett til NCE Subsea, FLY BGO og VRI programmet. Det ligg også føringar og avgrensingar i retningslinene frå Kommunal- og regionaldepartementet i kva grad midlane kan nyttast til drift. Dette innskrenkar handlingsrommet når det gjeld å støtte nye tiltak og prosjekt. Eg vil vurdere om det er grunnlag for å komme attende til dette som ei eiga sak sett i samanheng med løyvingane til midlertidige driftstilskott over fylkesbudsjettet. I tråd med Regional Planstrategi for 2010 2012 vil arbeidet med ny regional næringsplan starte opp i 2011. Samstundes er det sett i gang eit arbeid på Regionalavdelinga for å sjå på behov for endringar i Regionalt utviklingsprogram frå 2012. I dette arbeidet vil ein også sjå til kva behov ein forventar til RUP når ny regional næringsplan er på plass. Fylkesrådmannen vil komme attende med eiga sak om dette. 7. Iverksetting Regionalt Næringsforum har eit særleg ansvar for iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram. I praksis er det fylkeskommunen som har regien på dette arbeidet. Vi vil forsøke å legge opp til ei meir proaktiv holdning ved at ein i større grad enn før vil ta initiativ til program, prosjekt og satsingar innanfor dei ulike prioriterte områda overfor konkrete utviklingsaktørar i fylket. Dette skal likevel ikkje vere til hinder for at også eksterne aktørar framleis kan utvikle prosjekt og søkje finansiering over RUP-midlane, slik dei til no har gjort. For å sikre denne moglegheita enno betre vil vi gå ut med ei kunngjering i pressa når rammene for RUP 2011 er vedteke. På området kultur og næring er iverksetting av Regionalt utviklingsprogram avhengig av eit tett samarbeid mellom Regionalutviklingsavdelinga og Kultur- og idrettsavdelinga. 8