Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 Planprogram - Høyringsutgåve
INNLEIING Bakgrunn for revisjon av planen Klepp kommune skal i tråd med planstrategien 2016-2019 revidera kommunedelplanen for fysisk aktivitet. Forrige revisjon vart gjort i 2011. Særleg når det gjeld mål og tiltak er det behov for å oppdatera planen for perioden 2018-2029. Hovedrevisjon av planen skal prinsippielt gå føre seg kvart 4. år. Planen skal vere eit styringsvektøy i arbeidet med å utøva kommunen sin politikk for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Kulturdepartementet har som krav for tildeling av spelemidler at det ligg føre ein slik plan med status som kommunedelplan. Krav om planprogram Det skal utarbeidast eit planprogram som skal liggja til grunn for planarbeidet. Planprgrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker, og er grunnlag for informasjon og medverknad for aktuelle partar, myndigheiter og andre (Pbl 11-13). Saman med utlegging til offentleg ettersyn skal det varslast om igangsetting av planarbeid. FØREMÅL Føremålet med å revidera kommunedelplan for fysisk aktivitet er å ha ein politisk vedteken og oppdatert langsiktig plan som skal vere retningsgjevande for kommunen sitt arbeid med fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. INNHALD Kulturdepartementet sin rettleiar legg til grunn at planen bør ha følgjande innhald: Målsetting for kommunen si satsing på idrett og fysisk aktivitet, inkludert friluftsliv. Målsetting for anleggsutbygging og sikring av areal for friluftsliv. Resultatvurdering av forrige plan, med statusoversikt. 2
Vurdering av langsiktige og kortsiktige behov for både anlegg og aktivitet. Gjere greie for samanheng med andre kommunale planar. Prioritert handlingsprogram for utbygging av idretts- og friluftslivsanlegg. Oversikt over forventa kostnadar knytt til drift og vedlikehald av planlagte anlegg. Uprioritert liste over langsiktige behov for anlegg. Lokalisering av eksisterande og planlagte anlegg, område for friluftsliv og arealbehov for planlagte anlegg og friluftslivsområde bør gå fram av relevante kart. RAMMER OG FØRINGER Overordna rammer og føringer Kommunedelplan for fysisk aktivitet skal gjere greie for tilhøve til kommunale, fylkeskommunale og andre relevante regionale og statlege planar. Planen går inn i kommunen sitt overordna plansystem, og er slik ein integrert del av kommuneplan for Klepp. Utforming av statens politikk på feltet idrett, friluftsliv og annan fysisk aktivitet, er fordelt på tre departement: Kultur og kirkedepartementet har ansvar for utforming av politikk på idrettsområdet. Miljøverndepartementet har ansvar for utforming av statleg friluftslivpolitikk. Helse- og omsorgsdepartem,entet har ansvar for utforming av politikk for staten sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Grunnlagsmateriale Nasjonale føringar Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet (kultur- og kirkedepartementet, veileder 2014). Lov 2008-06-27 nr.71: plan- og bygningsloven. Meld. St. 19 (2014-2015): Folkehelsemeldingen Mestring og muligheter St. meld. Nr. 26 (2011-2012): Den norske idrettsmodellen Statlig idrettspolitikk inn i en ny tid (2016) Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv (2013) Nasjonale forventnignar til regional og kommunal planlegging (2015) Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder (2013) Regjeringens handlingsplan for universell utforming 2015-2019 3
Nasjonal gåstrategi 2014-2023 Nasjonal sykkelstrategi 2014-2023 Regionale føringar Regionalplan for friluftsliv og naturforvaltning 2017-2024 (vedteken sendt på høyring 26.11.16) Regionalplan Jæren 2013-2040 Regionalplan for folkehelse i Rogaland 2013-2017 Fylkesplan for universell utforming Regional kulturplan for Rogaland 2015-2025 Kommunale føringar Planstrategi 2015-2019 Kommunedelplan for fysisk aktivitet i Klepp kommune 2011-2022 med årlege revisjonar av handlingsprogram. Aktuelle kommunale planar (kommuneplan, -delplanar, reguleringsplanar, temaplanar). PLANTEMA OG UTGREIINGSBEHOV Hovudmål I Klepp syklar eller går me enten det er til barnehage, skule, jobb, idrett og andre fritidsaktivitetar Hovedmålet vil vil vera eit viktig element i kvart av temaene. Tema Planen vil ha følgjande tema: Kvardagsaktivitet Friluftsliv Idrett I samband med kvart tema vil det vera fokus på samarbeid mellom frivillige og kommunen. Innanfor kvart tema vil me ha eit særleg fokus på: Kvardagsaktivitet Barn og unge i skule, barnehage og fritid Jobbreiser Motivasjon og haldningar Friluftsliv Ulike former for friluftsliv Nærområder som er lett tilgjegenelege Tilrettelegging for ulike målgrupper i natur nær tettstadane Idrett At flest mulig barn og ungdom deltek i organisert idrett lengst mulig Auka samarbeid mellom idrettslaga Mest mulig aktivitet i etablerte anlegg og bygg både organisert og uorganisert 4
I planarbeidet vil kommunen leggja til grunn ein strategi der innsatsen vert retta mot heile befolkninga. Ein strategi der ein forbetrar situasjonen til mange i nokon grad i staden for å forbetra situasjonen mykje for få, er tilrådd i eit samfunnsperspektiv. Gjennom planarbeidet vil kommunen leggja til rette for at alle innbyggjarar i større grad tek val i kvardagen knytt til fysisk aktivitet som påverkar helse og livskvalitet positivt. Utgreiingsbehov Friluftsliv analyse av tilgang til nærtur- og dagsturområder Kartlegging av medlemar i idrettslaga fordelt på alder og type lag samanlikna med amdre kommunar Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder for ulike brukargrupper og utarbeiding av kartgrunnlag Kartlegging og verdsetting av nærmiljøanlegg og uteområde knytt til skule og barnehage og utarbeiding av kartgrunnlag Kartlegging og verdsetting av idrettsanlegg og utarbeiding av kartgrunnlag Vurdering av kapasiteten i kommunen knytt til organisert idrett, friluftsliv og uorganisert aktivitet Behov for nye anlegg i kommunen knytt til idrett, friluftsliv og uorganisert aktivitet Behov for nærmiljøanlegg/uorganisert idrett/fysisk aktivitet Handlingsprogram Kart/visualisering 5
PLANPROSESS, ORGANISERING OG MEDVERKNAD Planprosess Prosessen skjer i fire hovudfaser: - Fastsetja rammer for planen gjennom planprogram - Kartlegging av eksisterande tilbod og registrering av behov - Utarbeiding av plandokument, vurderingar og prioriteringar - Utarbeiding av langsiktig handlingsprogram og 4-årig handlingsprogram Organisering Prosjekteigar: Planen skal vedtas av kommunestyret. Prosjektansvarleg: Rådmannen Prosjektleiar: Assisterande kommunalsjef/rådgjevar Arbeidsgruppe: Arbeidsgruppe der alle etatane deltek Referansegrupper: Referansegrupper med brei samansetning av representantar frå idrettsråd, friluftsorganisasjonar, brukarforum, senior- og brukarråd, barn og unge, grunneigarar Medverknad Kommunen skal gjennom heile planarbeidet sørgja for open, brei og tilgjengeleg medverknad i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Krav om medverknad er heimla i plan- og bygningslova 5-1. Alle som ønskjer skal få høve til å kome med innspel til planarbeidet. Innspel skal primært leverast skriftleg. Framlegg til planprogram blir lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker frå og med annonsering av oppstart av planarbeidet. Her vil ein ha høve til å kunne påverka planen sitt innhald. Dialog med og innspel frå grupper som representerer idrett og friluftsliv er heilt sentralt i planarbeidet. Kommunen har eit særleg ansvar for å sikra aktiv medverknad frå samfunnsgrupper som treng spesiell tilrettelegging. I dette planarbeidet vert det lagt særleg til rette for medverknad frå barn og ungdom, innvandrarar og personar som av ulike årsaker opplever barrierer for å vera fysisk aktive. Mot slutten av prosessen vil planforslaget bli lagt ut til brei høyring med oppmoding til å kome med innspel og kommentarar frå offentlege instansar, 6
lag,organisasjonar og enkeltpersonar. FRAMDRIFTSPLAN Tidsrom Aktivitet Føremål 17. februar 2017 Godkjenning av forslag til planprogram Vedtak om oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn 20. februar 2017-3. april 2017 Offentleg ettersyn planprogram Innhenta innspel og kommentarar til planprogrammet 2. mai 2017 Møte hovudutval lokal utvikling Fastsetting av planprogram Mai 2017 august 2011 Arbeidsgruppe, referansegruppe, Utarbeiding av planforslag medverknad 17. oktober 2017 Møte formannskap 1. gongs behandling. Vedtak om utlegging til høyring. 16. oktober 2017 28. november 2017 Offentleg ettersyn planforslag Innhenta innspel og kommentarar til planforslaget Januar 2018 Møte hovudutval for lokal 2. gongs behandling utvikling Februar 2018 Møte kommunestyret Endeleg vedtak 7