Møring. I teneste mot kreft. Olbjørn Klepp: Nr. 1-2010. Ny smerteklinikk opna s. 3. Nye rutinar for matservering s. 10. Barneavdelinga tek form s.



Like dokumenter
Med god informasjon i bagasjen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Informasjon til pasientar og pårørande

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Ledelse over fjord og fjell

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Til deg som bur i fosterheim år

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Team Hareid Trygg Heime

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Med tre spesialitetar i kofferten

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Dei fire hovudoppgåvene

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Stordal kommune Servicekontoret

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Notat til styremøte 26. januar 2010

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Styret har vore samansett slik i 2012 :

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Akuttpsykiatriske situasjonar

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

Strategiplan for Apoteka Vest HF

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Frå visjon til realitet November 2012

STYRET. Sak 2012/25 Framtidig organisering - Helse Møre og Romsdal HF

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Plassebakken Barnehage

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Foreldregruppe i barnehagen

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Minnebok. Minnebok NYNORSK

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Sogn lokalmedisinske senter

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Transkript:

Sunn Møring Nr. 1-2010 Olbjørn Klepp: I teneste mot kreft sjå side 8 Ny smerteklinikk opna s. 3 Barneavdelinga tek form s. 6 Nye rutinar for matservering s. 10

LEIAR Etterleng Strategiarbeidet i Helse Sunnmøre og i Helse Midt-Norge er inne i sluttfasen før utsending til høyring. Arbeidet så langt har medført uro i fagmiljøa våre, spesielt ved Volda sjukehus. Uroa er knytta til den framtidige kirurgiske akuttberedskapen ved sjukehuset. Før vedtak blir fatta er det spesielt viktig at vi får fram ulike synspunkt knytta til dei vala som skal gjerast for at prosessen blir oppfatta som demokratisk. I høyringsprosessen som skal finne stad utover våren, er det viktig at tilsette viser engasjement og kjem med konstruktive innspel slik at styra som skal fatte vedtaka har den beste plattformen for å kunne gjere dei rette vala. Utgangspunktet er at vi må tilpasse tenestetilbodet på ein slik måte at vi klarer å omstille verksemda vår for å nå dei store pasientgruppene for framtida. På nytt har vi fått ei auka fokus kring ventelister og ventetider. I Helse Sunnmøre har vi fått ein auke i ventetidene siste to åra. Dette er ikkje bra. Regjeringa har eit stadig aukande fokus på dette, noko som gjer at vi som helseføretak må auke innsatsen for å redusere tal ventande og dermed også ventetidene. Spesielt gjeld dette pasientar med rett til behandling. Vi kan ikkje vere kjent med at rettigheitspasientar må vente utover tida dei er lovt behandling. Truverdet vårt vil på denne måten bli svekka. Av denne årsak har vi siste månadane hatt eit aukande fokus på ventetidene. Det blir derfor også gjort ein dugnad ved fleire avdelingar for å rydde i listene. Ventelisteføring og arbeidet rundt ventelistene må bli betre. Den nye organisasjonsmodellen i Helse Sunnmøre er no etablert. Eg er svært nøgd med den samansettinga vi har fått med dei nye klinikksjefane/ avdelingssjefane i Helse Sunnmøre. Desse utgjere det vi kallar leiarrådet for Helse Sunnmøre. Vi har fått inn personar med ulik bakgrunn der fellesnemnaren er høg kompetanse for å kunne løyse utfordringsbiletet vi har i føretaket. Eg er ikkje i tvil om at vi har gjort rett val med den nye organisasjonsmodellen. Med vennleg helsing Astrid J. Eidsvik Det var stort oppmøte og stor interesse då opninga av den nye smerteklinikken på sjukehuset i Ålesund fann stad fredag 19. februar. Dette er eit tilbod mange har venta lenge på og som no endeleg er på plass. I spissen for prosjektet som no har blitt ein realitet, står seksjonsoverlege Per Jacob Desserud og avdelingssjef Kjersti Bergjord. Desserud har sjølv arbeidd innanfor anestesi og smertebehandling sidan tidleg i 80-åra, og klinikken som no er etablert vil kome heile Sunnmøre til gode. Dette er noko vi har halde på med i mange år, men ikkje gjennom ei eiga avdeling slik vi har no. Allereie i midten av 80-åra fekk vi dei første smertepumpene til fylket, og på den tida var dei hovudsakleg retta mot kreftpasientar. Dei pumpene er faktisk i bruk enno, smiler Desserud. Opninga starta med eit foredrag av prof. dr.med. Harald Breivik, som er ein av dei fremste legane i landet på smertelindring. Alle sjukehus må ha eit akutt smerteteam med dyktige folk, påpeikte Breivik, som for mange òg er kjend for den såkalla «Breiviks blanding»: ein kombinasjon av lokalanestetika, opioidanalgetika og -agonist epiduralt. Solid satsing Den nye smertepoliklinikken ligg i første etasje aust for hovudvestibylen. Nyoppussa lokale vitnar om at dette er eit prioritert tiltak, og noko som vil gi mange pasientar eit betre tilbod og ein smertefri kvardag. Eit tverrfagleg team med sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og seinare psykolog skal hjelpe dei ulike avdelingane på sjukehuset med akutt smertelindring og opplæring av personell på post. Det viktigaste tilbodet blir til pasientar utanfor sjukehuset. Terje Takle er ein av to anestesilegar som skal arbeide med dette. Ifølgje han er det viktig å starte behandlinga tidleg. Faren er at akutte smerter som ikkje blir handterte riktig, kan bli kroniske. Då er det verre å få pasienten heilt smertefri, og det kan bli langvarig. Teamet skal ta seg av alt av vanskelege smerter, forklarer han. Framsida: Den 18. januar i år blei Olbjørn Klepp tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt engasjementet i kreftsaka. Les meir om han på side 8. Foto: Runar Andersen

ta tilbod på plass Palliativ behandling er også eit viktig område som vil gi hjelp til mange pasientar som må leve med alvorlige diagnosar som til dømes kreft. Tverrfagleg og heilskapleg Jason Mascall skal arbeide 50 prosent som fysioterapeut ved smerteklinikken. Han trur at nettopp den tverrfaglege satsinga vil gjere tilbodet meir heilskapleg. Det er mange typar smertebehandlingar, og derfor vil eit tverrfagleg team gjere det meir dekkjande. For min del blir det både fysioterapibehandling og rettleiande samtalar med pasientane, seier han. Ifølgje foredraget som blei halde av Breivik, ligg det òg økonomiske fordelar i å ha eit slikt tilbod ved sjukehuset. Studiar frå andre land i Europa har vist at ein sparar over 40 dollar per pasient ved å effektivt kunne lindre akutte smerter i ein tidleg fase, påpeika han. Det var òg fleire spesielt inviterte til opninga av smerteklinikken: både tidlegare tilsette, eksterne sponsorar og andre som har gjort sitt for at prosessen har ført fram til det resultatet vi ser i dag. Etter den offisielle opninga med litt historie og eit fagleg foredrag, var det visning på klinikken etterfølgt av felles lunsj. Tekst og foto: Runar Andersen Prof. dr.med. Harald Breivik (t.v) haldt føredrag på opningsdagen. Her saman med seksjonsoverlege Per Jacob Desserud. SunnMøring - Mars 2010 3

Fleire eldre og endra behov for helsetenester. Mangel på tilsette i helsetenesta. Tydelegare krav til dokumentert kvalitet og bremsa økonomisk vekst for spesialisthelsetenesta. Dette er dei fire hovudutfordringane når Helse Midt-Norge utformar forslag til Strategi 2020, som skal ut til høyring i løpet av våren. Strategi 2020: Tryggleik, openheit og endringsbehov Målet er å skape ei berekraftig, trygg og velfungerande helseteneste. Vi skal sikre det som er eit sentralt velferdsgode for heile befolkninga, og strategien må byggje på eit heilskapleg samfunnsperspektiv, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Norge, Tor Harald Haukås. Grundig prosess Styret for Helse Midt-Norge RHF gav startskot for arbeidet med Strategi 2020 i oktober 2009. Prosessen har vore open, med mellom anna drøftingar i styremøte undervegs og møte med tilsette. Kommunane har bidrege gjennom ei eiga referansegruppe, og eigne brukarutval har vore involverte. I høyringsrunden som startar i mars, skal kommunar, helseføretak, brukarar og andre interessentar få komme med sine innspel før endeleg innstilling og vedtak blir gjort i slutten av juni. Det første vi gjorde på nyåret, var å møte tilsette ved sjukehusa i Ålesund og Volda. Administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim, ønskte å bidra til gode diskusjonar, og vi har fått mange tilbakemeldingar. Medverknad og rom for å kome med motførestillingar er viktig for å kunne ta gode avgjerder. Når vedtak er gjorde, må målet vere å gjennomføre strategien og unngå omkampar, seier kommunikasjonsdirektøren. Fleire utfordringar Haukås fortel at bemanninga i helse- og omsorgsyrket blir eit stort problem om ein held fram slik som i dag. I dag går kvar sjette person inn i helse- og omsorgsyrket, og det er mykje. Men i 2025 treng vi kvar fjerde om vi skal organisere alt som i dag. Då er det få igjen til å køyre buss, produsere mat, vere lærar, drive oljeplattformer og ivareta andre viktige funksjonar i samfunnet, seier han. I 2035 ville vi trengt kvar tredje person. Ei slik utvikling er verken ønskjeleg eller mogleg, men framskrivinga illustrerer at vi ikkje kan halde fram som no. Det kjem til å bli færre tilsette per pasient vi behandlar i framtida. Vi løyser ikkje dette med å springe raskare. Helsetenesta må finne smartare og betre måtar å løyse oppgåva på. Derfor treng vi ein strategi for 2020, seier han. Forstår kontroversane Haukås ser dei kontroversane som kjem opp når ein snakkar om å gjere endringar. Med bakgrunn i faglege vurderingar og analysar av verksemda slik ho er i dag, er det naturleg at vi òg ser nærmare på fødetilbod og organisering av akuttmedisinske tilbod. Dette er nokre av berebjelkane i helsetilbodet og viktig for at vi skal føle oss trygge. Men når vi kjem til å bli færre tilsette per pasient, må vi òg sjå på om vi kan organisere beredskap og vakter slik at vi frigjer arbeidskraft til å behandle pasientar. Då kan vi kanskje få ventelistene og ventetida ned på eit akseptabelt nivå. Det skulle berre mangle at det er eit sterkt engasjement rundt dette, seier Haukås og held fram: Dette er komplekse problemstillingar, og debatten speglar at dette engasjerer både tilsette og lokalbefolkninga. Tilsette i helsetenesta både bør og kan bidra med den kunnskapen og det engasjementet dei har, i samfunnsdebatten. Men vi har òg ansvar for at det ikkje blir skapt unødig uro. Det må ikkje herske tvil om at målet for Strategi 2020 er å sikre befolkninga gode og trygge helsetenester i åra som kjem, avsluttar Tor Harald Haukås. Tekst: Marius Solberg Anfinsen

Strategi Helse Sunnmøre 2015: Samhandling må stå i sentrum Helse Sunnmøre ønskjer fleire innspel og meir intern debatt omkring strategiplanen fram mot 2015. Slik kan vi belyse ulike sider og få fram sentrale argument for ei framtidig utvikling. Betre samhandling mellom alle ledd i helsetenesta er i det heile ein nøkkel og må stå i sentrum, seier seniorrådgivar i Helse Sunnmøre, Anny Sønderland. Strategi Helse Sunnmøre strekkjer seg fram til 2015, og Sønderland seier god samhandling med kommunane er essensielt for å gi eit godt tilbod til befolkninga som tel vel 130 000. Vi har allereie vedteke ein samhandlingsavtale med kommunane og må byggje vidare på samhandlingsreforma, seier Sønderland og oppfordrar alle til å gå inn og lese om strategien på intranettet. Sterkare fagakse Sønderland fortel at styret i Helse Sunnmøre mellom anna har vore oppteke av å få ein sterkare fagakse mellom fastlegane og sjukehusa. Dette gjeld samarbeidet omkring kvar enkelt pasient, kompetanseutvikling med meir. Det er forventa at vi skal bidra med den kompetansen vi har, i ei forsterka kommunehelseteneste, men samtidig har vi mykje å lære av kommunane, seier ho. Seniorrådgivaren peiker òg på at det er viktig med opplæring av pasientar og pårørande slik at pasientane sjølve kan bidra meir for å sikre god helse. Brukarstyrte plassar er òg eit eksempel på tiltak der pasienten får ei meir sentral rolle. Skal satse på begge sjukehusa Sønderland trekkjer fram kontroversane som har oppstått rundt tilbodet ved Volda sjukehus. Det er forståeleg med debatt om tilbodet ved dei to sjukehusa, og vi vurderer ulike alternativ. Vi må konsentrere oss om kvaliteten og kva som er best for befolkninga med dei ressursane vi har. Spesialisthelsetenestetilbodet skal utviklast for å møte endringar i sjukdomsbilete, alders- og befolkningssamansetning, ny medisinsk teknologi og endra pasientrolle. Dette gjeld for begge sjukehusa, seier Anny Sønderland. Ho oppfordrar alle til å komme med innspel til prosessen. Korleis kan vi best møte dei utfordringane vi står overfor, og sikre betre tilbod til prioriterte pasientgrupper som sjuke eldre, kronisk sjuke og pasientar med samansette lidingar og samtidig oppretthalde eit fagleg forsvarleg akutt-tilbod og få ned ventelistene, seier ho. Arbeidsdeling og samspel skal bli betre Anny Sønderland håper på ei god løysing. Vi håper å finne ein god modell som alle kan leve med. Det er òg i gang ein prosess i Helse Midt-Norge. Styret sitt forslag til modell endar kanskje som innspel til den regionale prosessen, og det kan vere viktig nok. Vi trur på dei overordna politiske signala om at lokalsjukehusa vil få ei sentral rolle framover. Samtidig skal arbeidet med betre arbeidsdeling og samspel mellom sjukehusa vidareførast, forsikrar ho. Det har allereie komme mange innspel frå avdelingar, leiarforum og brukarutvalet. Sistnemnde legg vekt på samhandlinga med kommunane og meiner at terskelen for innlegging på sjukehus ofte er for låg mellom anna for pasientar i terminalfasen. Dei meiner at fastlegane kan ta over fleire av kontrollane, og at prøvetakinga før møte med spesialist i større grad kan gjerast av fastlegane. Tekst og foto: Marius Solberg Anfinsen SunnMøring - Mars 2010 5

Barneavdelinga er i rute Illustrasjon: Arkitektfirmaet C. F. Møller Trass i at vêrgudane har hatt sprengkulde og minusgradar å by på sidan nyttår, er barneavdelinga ved Ålesund sjukehus i rute. Vi fekk oss ei god overrasking då vi kom tilbake etter juleferien og det var sprengkulde her. Sidan då har vi hatt kaldt vêr, men vi har likevel klart å halde tidsskjemaet og er i rute, seier prosjektleiar for entreprenøren HENT, Knut Dreier. Det er stor aktivitet på byggjeplassen utanfor Ålesund sjukehus. Kulda kjennest i kinna, men dei tilsette har ikkje tid til å fryse. Dei snautt 20 bygningsarbeidarane er nemleg i full sving med å få i stand tett bygg som skal vere klart omlag 12. april. Når vegger og tak er på plass, har vi eit råbygg med yttervegger, vindauge og tak. Då kan vi byrje? på innreiingsarbeidet i dei tekniske romma, seier prosjektleiar for barneavdelinga, Helge Hestad i Helsebygg. Krevjande jobb Når bygget er tett, vil ulike fagfolk kome inn etter tur. Slik ønskjer vi å lage ein meir oversiktleg prosess på vegen fram mot eit ferdig bygg. Har det vore ein krevjande jobb så langt? Sjukehusbygg er alltid krevjande å lage, men ei barneavdeling som denne er likevel ikkje det mest kompliserte sidan ho ikkje inneheld funksjonar som for eksempel operasjon og røntgen. Men det er til gjengjeld tre isolat, som er krevjande nok, seier Helge Hestad. Utanfor byggjeplassen er det òg intens aktivitet. På den gamle barneavdelinga hastar avdelingssjef og overlege Ove Økland frå møte til møte. Det er mange som vil ha eit ord med han, og det er talrike spørsmål han må svare på. Kvalitet og effektivitet Økland tek seg likevel tid til å snakke litt om prosessane som skjer i kulissane medan det nye bygget reiser seg. Vi skal sjå nærare på alle sidene ved å samle barn frå kirurgi, frå ortopedi og frå øyre/nase/hals i den nye barne- og ungdomsklinikken. Fleire grupper skal sjå på optimalisering av opphaldet. Vi trur at god effektivitet òg kan kombinerast med god medisinsk kvalitet. Eit analyseprogram for å få til ein betre pasientflyt på barneavdelinga er òg blant prosjekta som er i full gang. Gruppa skal analysere korleis flyten kan optimaliserast på barneavdelinga. Her skal vi både sjå korleis vi kan gjere overgangen til det nye bygget best mogleg, og jobbe for å få ein gjennomgåande

Til tross for mykje snø og kulde sidan jul er barneavdelinga i rute, forsikrar Knut Dreier, prosjektleiar for entreprenøren HENT. betre flyt. Dette skal gi betre medisinsk kvalitet, og vi skal utnytte ressursane betre, seier Økland. Kunstprosjekt Økland fortel i tillegg om kunstprosjektet som er i sving for å utsmykke barneavdelinga. Der er vi godt i gang, og vi trur det kjem til å gi avdelinga noko heilt eige. Helse Midt-Norge har sett av 0,5 prosent av prosjektkostnadene til kunstnarisk utsmykking på avdelinga, men det er for lite. Derfor har vi søkt om lokale midlar til utsmykkinga, seier Økland. Sjefarkitekt i Helsebygg Midt-Norge, Ragnhild Aslaksen, fortel at kunsten tilfører avdelinga mykje. Målet med kunstprosjektet er mellom anna å tilføre kvalitetar som ikkje blir tilførte naturleg gjennom byggjeprosjektet. Det skal vere ein kunstnarisk dimensjon som lyfter opplevinga av det å vere på sjukehuset, både for pasientar, pårørande og tilsette. Kunsten skal gjenspegle at det er eit sjukehus for barn. Han kan styrke identiteten til barna og markere kva som er deira territorium i sjukehuset. Målet er å integrere element og assosiasjonar til nærmiljøet og ideane bak utforminga av barneavdelinga, seier Ragnhild Aslaksen. Ein eigen kunstkomité er òg sett ned for å finne ut kva retning som er ønskt. Kunstkomiteen har uttrykt ønske om kunst som verkar positivt, er fargerik og skaper glede. I utsmykkingsplanen inngår både oppdrag som blir gitte (gitt?) til enkeltkunstnarar, og innkjøp av enkeltverk. Kunstkomiteen bestemmer kvar i bygget kunst blir prioritert, kvar det skal vere bygningsintegrert kunst, kva kunstnariske uttrykk det er ønske om i ulike delar av bygget, og kva for kunstnarar som skal få oppdrag. Ettersom dette er ein sjukehusfunksjon der mange oppheld seg over tid, ønskjer komiteen å prioritere kunst ikkje berre i offentlege soner av bygget, men òg i behandlings- og opphaldsområde, seier ho. Mange oppgåver framfor oss Ove Økland er svært fornøgd med framdrifta for bygginga av den nye avdelinga, men innser at det endå er svært mykje som står att før avdelinga kan takast i bruk. Vi har mange utfordrande oppgåver medan bygget blir reist. Nytt utstyr skal kjøpast inn via anbod, og gammalt utstyr skal flyttast og brukast på nytt andre stader. Funksjonaliteten har vi planlagt i fleire år. No skal nye lokale, nytt utstyr og nye måtar å jobbe på integrerast og tilpassast. Mange dyktige medarbeidarar skal deretter involverast i detaljplanlegging og flytting. Dette blir bra for både tilsette og framtidige pasientar, seier han. Den nye barneavdelinga er på nesten 5500 kvadratmeter, og av desse er 4000 kliniske areal. Totalkostnaden for bygget er på 259 millionar kroner. Tekst og foto: Marius Solberg Anfinsen Avdelingssjef og overlege Ove Økland (t.v) og prosjektleiar på barneavdelinga, Helge Hestad i Helsebygg gler seg over at det nye bygget tek form. SunnMøring - Mars 2010 7

PORTRETT Namn: Olbjørn Klepp Alder: 67 år Stilling: Overlege og professor ved Kreftavdelingen i Helse Sunnmøre. Kreftavdelinga i Helse Sunnmøre er samansett av stråleterapieining, sengepost, palliativt team og poliklinikk, inkludert kreftpoliklinikk ved Volda sjukehus. Aktuell: Mottok nyleg Kongens fortenestemedalje i gull for sitt engasjementet i kreftsaka. Arbeidet har vore veldig givande. Ikkje minst ligg det mykje motivasjon i å sjå menneske få eit verdig liv anten dei blir friske eller må leve med sjukdommen.

Han er ein av dei fremste spesialistane på kreft her i landet og har vore ein aktiv pådrivar for oppbygging av fleire kreftavdelingar. For Olbjørn Klepp er ikkje pasienten berre ein del av den grå massen, men eit menneske som skal få eit verdig liv anten det er med eller utan sjukdom. I teneste mot kreft Det har gått 40 år sidan Olbjørn Klepp sette sine første spor som lege på eit sjukehus i Norge. I 1980 blei han den første kreftspesialisten i Midt-Norge, og i over 13 år var han medisinsk leiar ved kreftavdelinga på St. Olavs Hospital i Trondheim. Han har fire gonger vore med å planleggje bygg og utstyr til kreftavdelingar her til lands, sist ved Ålesund sjukehus der han framleis arbeider som overlege og professor. Det har vore og er veldig givande å arbeide med dette. Ikkje minst ligg det mykje motivasjon i å sjå menneske få eit verdig liv anten dei blir friske eller må leve med sjukdommen, forklarer Olbjørn. Vegen til suksess Skal ei slik kompleks satsing som ei kreftavdeling er, bli ein suksess, krevst det eit nært samarbeid mellom mange instansar. Med bakgrunn frå fleire liknande satsingar gjennom mange år hadde Olbjørn klare tankar om kva som måtte til dersom ein skulle oppnå eit godt resultat i Ålesund. I starten var eg faktisk litt skeptisk til at ein skulle satse på slike «halvstore» avdelingar utanfor regionsjukehusa. Men etter kvart såg eg at behovet var stort rundt omkring i dei ulike regionane. Ikkje minst vil eg rose Astrid Eidsvik som aktivt gjekk inn for å få på plass ei slik satsing her i Ålesund som vi i dag ser resultatet av, smiler Olbjørn. Takka vere solide utgreiingar kom saka opp i Stortinget som ein del av Nasjonal kreftplan i 1998, og det blei løyvd nok pengar til både bygg, utstyr og framtidig personell til å doble av stråleterapikapasiteten i Norge. Ein såg at kvalifisert personell var vanskeleg å få tak i, spesielt innanfor stråle-terapi. Derfor var vi ute meir enn tre år før avdelinga blei opna og starta rekruttering av fysikarar, stråleterapeutar og legar som sa seg villige til å ta i mot opplæring med sikte på fast arbeid på avdelinga. Eit av nøkkelorda var heilskapleg satsing, og det gav resultat. Det har vore ein god totalpakke som har gjort at ting har gått nokså knirkefritt, påpeiker professoren. Kreftavdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim. Spesialistkomiteen i Legeforeininga kåra nyleg avdelinga i Ålesund til ei av dei to beste kreftavdelingane for spesialistutdanning i Norge. Dei får òg svært gode tilbakemeldingar frå pasientane og i arbeidsmiljøundersøkingar. Frå utsida og innsida Sjølv med flott bygg og moderne utstyr hjelper det lite om ikkje kvaliteten på personalet er høg. Ein er heile tida i nær kontakt med menneske som opplever ei krise i livet, og sjølv om mange blir friske, er det òg dei som må leve med sjukdommen livet ut. Den personlege kontakten er viktig for Klepp. Ein lege skal fokusere på pasienten, ikkje berre sjå inn i ein dataskjerm. Vi ønskjer at pasientane skal få den beste behandlinga dei kan få, og i tillegg føle seg godt ivaretekne. Eg er skeptisk til kor opptekne mange kollegaer no er av dataskjermen, og ikkje prioriterer god blikkontakt med pasienten. Blikkontakt er fundamental for god og nær kommunikasjon med medmenneske som ofte føler seg trua på livet av sjukdommen, påpeiker Olbjørn. Avdelinga tilbyr både lækjande og palliativ behandling. Vi tilbyr både lækjande og lindrande stråleterapi og kreftmedisinar, avhengig av type og stadium av sjukdommen. Vi har eit svært godt samarbeid med kirurgar og mange andre spesialistar og fagpersonell som deltek i diagnostisering, utgreiing og behandling av kreftpasientane både her ved Ålesund sjukehus og ved dei andre sjukhusa i Møre og Romsdal. Til dømes speler anestesiavdelinga ei viktig rolle for god smertebehandling ved langtkomen kreftsjukdom. Eg vil hevde at Helse Sunnmøre no har svært gode tilbod til alle kreftpasientar, om nødvendig i samarbeid med St. Olavs Hospital og andre norske universitetsklinikkar, held han fram. Kongens fortenestemedalje Den 18. januar i år blei Olbjørn Klepp tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for engasjementet sitt i kreftsaka. Meldinga om prisen blei gledeleg motteken. For meg og for familien var dette ei stadfesting på at eg har gjort nytte for meg med all ekstrajobbing på fritida, og det er veldig hyggjeleg, bekreftar han. Arrangementet blei utsett då sonen brått gjekk bort 7. desember, berre 41 år gammal. Mandag 18. januar fekk Olbjørn Klepp Kongens fortenestemedalje i gull for engasjementet sitt i kreftsaka. Når sjølve utdelinga fann stad, blei dette ekstra sterkt og positivt etter ein svært trist periode. Han er gift med Ragnhild Klepp som òg har vore overlege ved kreftavdelinga på St. Olavs Hospital i Trondheim. Saman har dei sett situasjonen til pasientane både frå utsida og innsida. Olbjørn var sjølv pasient ved Radiumhospitalet i 1971 og fekk under opphaldet tilbod om stilling der både for Ragnhild og seg sjølv. Dei opplevde òg å miste eit barn i kreft i 1978. Siri levde eit år med intensiv kreftbehandling, men døydde berre fem år gammal. Det har nok påverka både den faglege og menneskelege utviklinga vår som kreftspesialistar, og det har medverka til at vi ville hjelpe til med betring av behandlingstilbodet òg utanfor Oslo-området, fortel Olbjørn. Og eg føler at vi lukkast med dette både i Trondheim og no i Helse Sunnmøre. Vi har ein fantastisk gjeng med gode og entusiastiske medarbeidarar her ved kreftavdelinga. Eg har jobba ved fleire gode sjukehusavdelingar, men har aldri møtt eit så godt behandlings- og arbeidsmiljø. Det er ei viktig årsak til at eg har pendla hit frå Trondheim i snart ti år, og no fortset som senior-spesialist under delvis pensjonering. Eg håper å kunne fortsetje slik nokre år til, avsluttar han. Tekst og Foto: Runar Andersen SunnMøring - Mars 2010 9

Betre mat og pengar spart Kjøkkensjef Jan-Arne Hove har stor tru på dei nye mattiltaka. Helse Sunnmøre er i full gang med å endre rutinane for matservering. Kjøkkensjef Jan-Arne Hove er trygg på at dei nye tiltaka vil gi pasientane betre mat, meir verdigheit og, for nokre, kortare sjukehusopphald. I tillegg vil det spare sjukehuset mange pengar og gi auka effektivitet.

Per i dag har vi eit gammaldags brettsystem der dei som er innlagde på sjukehuset, får servering på senga. Det er eit nedverdigande system. Folk ligg på same rommet i forskjellig tilstand og får maten servert slik. Det skaper ikkje trivsel. Ei dansk undersøking viser òg at tre av ti er underernærte når dei kjem ut frå sjukehus, seier Hove. 375 000 måltid per år Kjøkkensjefen ønskjer derfor å skape kantiner med eige kjøkken på kvar avdeling. På den måten kan dei som klarer det, hente den maten dei selv ønskjer, når dei ønskjer det. Dette vil bidra til meir glede og forhåpentlegvis raskare betring, seier kjøkkensjefen. Det er òg store pengar å spare på å gi pasientane større fridom. Det er ikkje alle som liker maten, det er ikkje alle som et opp, og det er heller ikkje alle som har matlyst akkurat idet vi kjem med matbrettet. Vi veit for eksempel at 60 prosent av dessertane berre går rett i boset. Rapportar fortel òg at dei som legg om systema, kastar mellom 23 og 33 prosent mindre mat etter omlegginga, fortel Hove. Med 1020 pasientserveringar i døgnet er det kvart år nesten 375 000 måltid som går ut til pasientar frå kjøkkenet på Volda sjukehus har nesten 140 000 måltider per år. Det seier seg sjølv at det er pengar å spare på at folk får større valfridom. Matkonsept for framtida Jan-Arne Hove har derfor sett ned eit utval frå sjukehusa i Volda og Ålesund som skal komme med forslag til endringar i rutinane. Det nye prosjektet heiter «Framtidens Matkonsept». Dei fleste sjukehusa har i dag bufféservering, og det er nok det vi òg kjem til å ende opp med. Men for å gjere dette er det ein føresetnad at avdelingane blir leidde av ein matfagleg godkjend matvert med eller utan fagbrev som kokk. Mindre avdelingar kan få ein felles kantine som blir bli leidd av éin vert. Om vi får dette til, kan sjukepleiarane bruke meir tid til hovudoppgåvene sine, seier han engasjert. Spørsmålet vidare er då kva mat som skal serverast, og korleis han skal serverast. Jan- Arne Hove understrekar verdien av å lære frå andre når dei no skal sjå inn i framtida. Vi ønskjer ikke å finnje opp kruttet på nytt, men vi vil ta inn impulsar frå andre sjukehus der vi har sett at dette fungerer. Vi har mellom anna vore på St. Olavs Hospital i Trondheim, Stavanger Universitetssjukehus, Rikshospitalet og Vidovre i Danmark. Ved sistnemnde sjukehus har dei brettservering à la carte, fortel Hove. Spent på mottakinga Dei første kantinene står allereie klare på avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, og Hove er spent på å sjå korleis dei blir mottekne. Han ønskjer å ha tilbodet på plass på heile sjukehuset neste år. Vi håper å få bygd kantiner på alle avdelingane og å vere i gang med dei nye rutinane til barneavdelinga skal opne i 2011. Det er fullt mogleg. Vi kan vere ferdige med undersøkingane for korleis dette skal gjennomførast, til hausten, men det er jo òg eit økonomisk spørsmål med i biletet. Så vi får sjå om det går, men vi skal i alle fall få ferdig analysane våre i god tid, avsluttar kjøkkensjef Jan-Arne Hove. Tekst og foto: Marius Solberg Anfinsen Eit tydeleg skritt framover Konferansen «Saman om OPP!» markerer eit stort og tydeleg skritt framover for pasientopplæringsfeltet i Helse Midt-Norge, seier koordinator for konferansen, Jan Ole Bolsø. Konferansen blei halden 16. 18. februar og var fylt med spennande foredrag. Det er mykje som har skjedd i løpet av dei åtte åra som har gått sidan dei første opplæringsprosjekta kom i gang. Entusiasmen er framleis like sterk, men opplæringsdelen har blitt ein meir og meir etablert del av spesialhelsetenesta, seier Unni Dahl, rådgivar i Helse Midt-Norge RHF. Alle temaområda ein var innom i løpet av konferansen, heng nøye saman. Opplæring, kommunikasjon, samhandling og brukarmedverknad er faktorar som verkar saman for å leggje til rette for betre helse. Det kom òg fram at ein i tida framover skal bli meir oppteken av samhandling, spesielt mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Godt oppmøte Konferansen opplevde godt oppmøte med 200 deltakarar. På den måten blei erfaringar delte mellom fagfolk, brukarar og forskarar. Dei vel 30 posterane i utstillinga var òg viktige medium for å formidle ny kunnskap. I løpet av konferansedagane var det òg eit tydeleg internasjonalt perspektiv. Både dei internasjonale gjestene og mange frå eigen region deltok på desse lærerike sesjonane. Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Sunnmøre var arrangør for konferansen. Dei har regionale funksjonar og driv eit omfattande forskings- og utviklingsarbeid med eksterne midlar. Gjennom forskingsarbeidet har ein etablert eit godt, fagleg nettverk både nasjonalt og internasjonalt, og dette var nyttig i arbeidet med konferansen. Tekst: Marius Solberg Anfinsen SunnMøring - Mars 2010 11

Helse Sunnmøre har pussa opp for 36 millionar: Finanskrisa var gull verdt Rolf Strømsheim (f.v.), Odd Inge Bjørnsen og Svein Jensen er svært nøgde med det dei har fått til med midlane frå regjeringas krisepakke. Helse Sunnmøre fekk tildelt 36 millionar kroner frå regjeringa sin krisepakke i starten av 2009. No er så godt som alle midlane brukte opp, og både Ålesundog Volda sjukehus har gjort svært etterlengta oppgraderingar. Finanskrisa var gull verdt for oss, seier Rolf Strømsheim, seksjonsleiar ved eigedomsseksjonen i Helse Sunnmøre. Om vi ikkje hadde hatt finanskrisa og krisepakken, hadde vi ikkje komme dit vi er i dag før om fem eller seks år, seier Svein Jensen, avdelingssjef for serviceavdelinga i Helse Sunnmøre. Han fortel at Helse Sunnmøre i år har cirka 6 millionar kroner å bruke på ombygging og vedlikehald, i tillegg kjem investeringsmidlar til den nye barneavdelinga. Så det seier seg sjølv at effekten av desse midlane har vore stor. Sjukehuset stod ferdig i 1970, og det var mykje som trong eit lyft her, seier Rolf Strømsheim. HMT-tiltak Korleis valde de ut kva for prosjekt pengane skulle gå til? Vi har ei styringsgruppe som avgjer dette. Dei tok prosjekta som allereie var ferdig behandla og som låg klare og venta på midlar, seier Odd Inge Bjørnsen, prosjektleiar/nestleiar for eigedomsseksjonen i serviceavdelinga. Pengane har gått til mange og varierte prosjekt. Vi har gjennomført mange HMT-tiltak (helse, miljø og tryggleik) i tillegg til at vi har måla heile fasaden, vi har bygd om fleire toalett, gjort reparasjonar på taket, laga nye inngangsparti og ny kiosk, seier Bjørnsen. Dei fleste prosjekta vi har jobba med, har fått nybyggstandard, legg Rolf Strømsheim til. Effektivt og med låge kostnader Overføringa frå krisepakken kom i midten av januar 2009, og bygningsarbeidarane blei straks sette i sving. Det var likevel først midt på sommaren i fjor at det var høgast aktivitet. På det meste hadde sjukehuset heile sju ulike prosjekt gåande samtidig. I tillegg har vi klart å oppretthalde drifta parallelt heile vegen. Så dette har vore gjort på ein svært effektiv måte, og prosjekta har blitt fullførte med låge kostnader. HMT-tiltaka har bidrege spesielt til ei meir effektiv drift gjennom fleire innvendige tilpassingar av bygningane, seier Bjørnsen.

Pengane har også finansiert den første pasientheisen på sjukehuset. Den gjer jobben lettare for sjukepleiarane, den sparer ryggen for fleire lyft, og hindrar slitasje. Foto: Eit eksempel på dette er at sjukehuset har fått sin første pasientheis. Den gjer jobben lettare for sjukepleiarane, den sparer ryggen for fleire lyft, og den hindrar slitasje. Treng 800 millionar Prosjekta har kosta frå eit par hundre tusen kroner og opp til fire millionar kroner. Men sjølv om fleire viktige tiltak blei sette i verk, kunne Svein Jensen gjerne ønskt seg meir pengar. Vi søkte totalt om 1,2 milliardar kroner til diverse prosjekt, i tillegg viser ei nyleg gjennomført kartlegging av bygningsmassen at vi treng ytterlegare 800 millionar kroner for å komme opp på ein akseptabel teknisk standard, så det er mykje vi kunne ha gjort her. Men vi er sjølvsagt svært glade for dei midlane vi fekk tildelt. Dei har hjelpt oss mykje, seier han. Ei velsigning Paradoksalt nok er det finanskrisa som har gitt Helse Sunnmøre dei midlane dei så sårt trong til ombyggingsarbeidet, noko dei tilsette er svært glade for. Finanskrisa var ei velsigning for oss, seier avdelingssjukepleiar Randi Spjutøy. Tiltaka har verkeleg betra arbeidsforholda for både oss og pasientane, seier Spjutøy, som jobbar på felles sengepost for fysikalsk medisinsk, slag og geriatri. Her på avdelinga har vi mellom anna fått utvida pasientromma og gjort fleire tremannsrom om til tomannsrom. Vi har òg valt å heller gjere dette enn å oppgradere personalrommet. Vi var einige om at det var større behov for gode arbeidsforhold, og no er personalet godt nøgde, seier ho. Sjukepleiar Oddveig Valderhaug er heilt einig. Vi er veldig glade for dette, og det var fleire etterlengta endringar som no kunne bli gjennomførte. Mellom anna er det veldig fint å kunne ha ei dør og ikkje berre eit forheng mellom pasientar for å halde teieplikta. Vi får òg auka kapasiteten her, seier Valderhaug. Når arbeidet no nærmar seg slutten, ønskjer Rolf Strømsheim, Svein Jensen og Odd Inge Bjørnsen å takke nokre av dei som har stått på det siste året. Det hadde ikkje gått utan god førebuing, seier dei tre. Tor Tørlen (leiar elektro), Atle Akerø (leiar byggfag) og Ove Remøy (eigedom) har jobba tett på ombyggingsarbeidet ved Ålesund sjukehus, medan Magnulf Gjersdal, ass. driftssjef ved teknisk seksjon i Volda, har stått for planlegging og gjennomføring av prosjekta der. - Vi vil gjerne få takke dei og alle andre som har vore med og gjort dette mogleg det siste året, seier Odd Inge Bjørnsen. Tekst og foto: Marius Solberg Anfinsen Atle Akerø (f.v.), Tor Tørlen og Ove Remøy har jobba tett på ombygginga ved Heile fasaden til Ålesund sjukehus har fått eit nytt strøk maling. SunnMøring - Mars 2010 13

Durolane Hyaluronic Acid, Stabilised Single Injection En enkel injeksjon av Durolane gir langvarig smertelindring ved hofte- og kneartrose Lider du av smerter i forbindelse med artrose, så vet du hvilke konsekvenser det har for din bevegelsesfrihet og livskvalitet. Durolane er en ikke-kirurgisk behandling og er spesielt utviklet for å behandle mild til moderat artrose i kne og hofte. For mer informasjon, se www.durolane.com eller kontakt Smith & Nephew AS, Tlf 66 84 20 20

Magasin for Helse Sunnmøre www.helse-sunnmore.no Redaktør/ kommunikasjonssjef: Solveig Moe Frøland 70 10 68 10 / 92 20 80 89 solveig.moe.froland@ helse-sunnmore.no Prosjektleiar/ journalist: Anbjørn Holme 41 51 11 31 anbjorn.holme@cox.no Annonsekonsulent: Elin Nagelsen 55 54 08 02 elin.nagelsen@cox.no Nedgang i talet på ventande til behandling i Helse Sunnmøre Det er ein nedgang i talet på ventande til somatisk behandling i Helse Sunnmøre. Pr 31. januar var det totalt 7390 personar som ventar på behandling, mot 7950 på same tidspunkt i fjor (jan -09) Framleis nedgang i talet på dei som må vente i over 120 dagar. Pr 31.august var talet 2626 personar. Ved årsskiftet var det 2040 som hadde venta over 120 dagar, mot 1986 personar i utgangen av januar. Talet på ventande over 1 år auka frå årsskiftet 08/09 til over sommarferien i 09. Etter dette har det vore ein nedgang, men ikkje stor nok til å kome på same nivå som for eit år sidan. No er det 403 som har venta i meir enn eitt år, mot 321 for eit år sidan. NYTILSETTINGAR I HELSE SUNNMØRE Liste over nytilsette i faste stillingar Nina Lervik Psykolog ved Psykiatrisk poliklinikk ved Vaksenpsykiatrisk avdeling, Byrja i fast st. 11.01.2010 Ingrid Kristine Aspli Psykolog ved Forsterka rehabiliteringsseksjon ved Vaksenpsykiatrisk avdeling, Byrja i fast st. 22.01.2010 Janne Beate Sperre Wick Konsulent ved Fagavdelinga, Sela Delector Arnesen Assistent ved Kirurgisk intensiv seksjon ved Anestesiavdelinga, Kirurgisk klinikk, Per Rune Krey Driftsteknikar (elektro) ved Allmennteknisk seksjon Serviceavdelinga, Ståle Hoff Klinikksjef ved Kirurgisk klinikk, Torstein Hole Klinikksjef ved Medisinsk klinikk, Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. Gro Åsnes Avdelingssjef ved Medisinsk klinikk, Byrja 01.01.2010 Reidun Oddbjørg Lunde Avdelingssjukepleiar ved Tann- og kjevekirurgisk poliklinikk, Kirurgisk klinikk, Byrja i fast st. 01.12.2009 Ilka Schwettmann Fysioterapeut ved Laboratorieavdelinga, Christina Waagsholm Saksbehandler/reiseplanlegger ved Kontoret for pasientreiser, Beg i fast st. 01.01.2010 Øyvind Risan Saksbehandler/reiseplanlegger ved Kontoret for pasientreiser, Arne Fredrik Nordal Saksbehandler/reiseplanlegger ved Kontoret for pasientreiser, Linn-Tone Myklebusthaug Saksbehandler/reiseplanlegger ved Kontoret for pasientreiser, Jeanette Widnæss Sjukepleiar ved Forsterka rehabiliteringsseksjon Vaksenpsykiatrisk avdeling, Byrja i fast st. 01.10.2009 Berit Valen Sjukepleiar ved Åse hotell, Therese Giske Søvik Teamleiar ved ACT-teamet Vaksenpsykiatrisk avdeling, Byrja i fast t. 01.01.2010 Randi Erdal Seksjonsleiar ved Lærings- og meistringssenteret, Helse Sunnmøre HF. Byrja i fast st. 14.12.2009 Knut Nautvik Klinikksjef ved Kirurgisk klinikk, Volda sjukehus. Byrja 01.01.2010 Anita Rabben Kjøde Sjukepleiar ved Hud poliklinikk Medisinsk klinikk, Byrja i fast st. 04.01.2010 Frode Guldal Avdelingssjef ved Ortopedisk avdeling Kirurgisk klinikk, Byrja 01.01.2010 Toril Molnes Assistent ved Kiosk/Kafé Serviceavdelinga, Helse Sunnmøre - Byrja i fast st. 01.10.2009 Göran Löthman Psykologspesialist ved BUP Volda, Psykisk helsevern for barn og unge Volda sjukehus. Byrja 03.11.09 Jonny Ove Garen Driftsassistent ved Allmennteknisk seksjon Volda, Serviceavdelinga Volda sjukehus. Byrja 01.12.09 Randi Erdal Seksjonsleiar ved Lærings- og meistringssenteret (LMS), Fagavdelinga Volda sjukehus. Byrja 14.12.09 Knut Nautvik Klinikksjef ved Kirurgisk klinikk Volda Volda sjukehus. Byrja 01.01.10 Ann-Helen Myklebust Haugen Operasjonssjukepleiar ved Satelittdialyse Volda, Medisinsk klinikk Volda sjukehus. Byrja 18.01.10 Merete Fossheim Sjukepleiar ved Satelittdialyse Volda, Medisinsk klinikk Volda sjukehus. Byrja 18.01.10 Sigrid Sigmundstad Sjukehusprest ved Psykiatrisk poliklinikk Volda, Vaksenpsykiatrisk avdeling Volda sjukehus. Byrja 01.02.10 Gjennomsnittsventetida har blitt redusert sidan august, men er likevel høgare enn den var i starten på 2009. Det er små endringar i talet på ventande til psykiatrisk behandling siste månadane. I forhold til for eit år sidan, er det i dag færre ventande. Det er litt fleire som no må vente i meir enn 90 dagar på behandling i psykiatrien, enn for eitt år sidan. Små endringar siste månadane. Ved Volda sjukehus er det ein nedgang i talet på ventande til behandling innanfor fagområda fordøyingssjukdomar, lungesjukdomar, urologi, generell kirurgi og kvinnesjukdomar. Elles så er det små endringar innanfor dei andre fagområda. Ved Ålesund sjukehus er det nedgang i talet på ventande til behandling i fagområda generell kirurgi, gastrokirurgi, kjevekirurgi, fordøyingssjukdomar, lungesjukdomar og kvinnesjukdomar. Det er noko fleire ventande til behandling til fagområda urologi, fysikalsk medisin. Utover dette, er det små endringar. Tekst: Geir Vikestrand SunnMøring - Mars 2010 15

BLAD B - Økonomi Returadresse: Helse Sunnmøre 6026 Ålesund Klinikksjef Knut Nautvik (t.v.) takka Terje Westad i Unicom og Ørsta sanitetslag for møblane, på vegne av administrerande direktør i Helse Sunnmøre. Då våren kom til vestibylen Ei sjenerøs gåve kan så visst bringe håp og glede til eit sjukehus, især når ho er velvald og nyttig. Inn kom det nye møblar, og med eitt blei det reinaste vårstemninga i vestibylen på Volda sjukehus. Ikkje berre heiter dei nye skinnsofaene «Spring» og ber fargane til våren på eit innbydande vis heile sjukehuset har no fått eit lyft med det nye møblementet. Volda sjukehus er ikkje nett bortskjemt med gåver og donasjonar trass i at Ørsta Sanitetslag har vore ein særs aktiv bidragsytar i alle år. Dei har vore med heilt ifrå den gong i 1920-åra då sjukehuset blei opna og sanitetskvinnene sydde alt av sengeklede. I desse dagar er det snakk om ei gåve til 100 000 kroner og vel så det. Ei gåve som alle kan nyte godt av Gåva frå Ørsta Sanitetslag består av to skinnsalongar, eit bord og stumtenar i den eine delen, medan den andre delen er møblert med to skinnstolar og eit bord. Seinare kjem ein vegg i frosta glas som vil vere eit skilje i vestibylen. Dei nye møblane er leverte av UniCom Kontorsenter, som har gitt eit raust avslag på kjøpet. Skinnsofaene har ein vårleg grønfarge, mens skinnstolane er raude og friske. Vi har fått ein open og moderne vestibyle. Dei nye møblane er gode å sitje i. Dei er tilpassa folk som ikkje er helt friske, folk som treng god støtte når dei skal reise seg, seier driftskonsulent Trygve Hovdenakk. Vestibylen er det første som møter folk som kjem til sjukehuset, samstundes som han blir nytta som venterom for den medisinske poliklinikken. Ørsta Sanitetslag har nyleg selt ei tomt og ønskte at tomtepengane skulle komme pasientane til gode. Då fann husøkonomane på sjukehuset ut at pengane best kunne brukast til å skifte ut dei gamle og slitte møblane i vestibylen. Innviing med marsipankake og prøvesitjing Då møblane blei innvigde, var det god stemning med marsipankake og mange som ville prøvesitje. Leiar for Ørsta Sanitetslag, Bente Kristin Krøvel, var strålande nøgd og meiner at den innbydande vestibylen kjem pasientar, tilsette og pårørande til gode. Dette blei veldig flott! Vi er glade for at pengane gjekk til noko som alle kan bruke. I ein periode der vi har vore opptekne av moglege innsparingar på sjukehuset, er dette eit stort lyft for oss alle. Dette er eit trivselstiltak som verkeleg vil merkast, seier Bente Kristin Krøvel. Tekst: Erik Vibe Nordby Simonsen Foto: Solveig Moe Frøland