Innkalling Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: 25.10.2016 Tid: Kl. 14:00-16:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er til tlf. 57879800 eller til post@hornindal.kommune.no, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærmare innkalling. Orientering status vedlikehald skule og omsorgssenter Sakliste Sak nr. Sakstittel 032/16 Godkjenning av møteprotokoll 033/16 Referatsaker 034/16 Plan for tverrfagleg samarbeid i Hornindal kommune - godkjenning 035/16 Busetting av flyktningar 2017 - reduksjon av vedtak Hornindal 18.10.2016 Anders Hjellbakk/s leiar
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 16/10369 Saksbehandlar: Solfrid Otterdal Lien Dato: 21.09.2016 032/16 Utval for Oppvekst og Helse 25.10.2016 Godkjenning av møteprotokoll Vedlegg i saka: 01.09.2016 Protokoll - Utval for Oppvekst og Helse - 30.08.2016 1325481 Møteprotokollen frå forrige møte vert godkjent.
Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 16/10746 Saksbehandlar: Anne Elin Ekornesvåg Dato: 18.10.2016 033/16 Utval for Oppvekst og Helse 25.10.2016 Referatsaker Underliggande sak: 1, Skuleskyss i Hornindal 2, Svar - Skuleskyss i Hornindal Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Arkiv: JournalpostID: 16/10134 Saksbehandlar: Ann Kristin Langeland Dato: 05.09.2016 034/16 Utval for Oppvekst og Helse 25.10.2016 Plan for tverrfagleg samarbeid i Hornindal kommune - godkjenning Vedlegg i saka: 05.09.2016 TVERRFAGLEG_SAMARBEID_Hornindal. Endra vår -16 1325555 Saksopplysningar I 2004 vart det for fyrste gong utarbeidd ein plan for det tverrfaglege samarbeidet mellom oppvekst, kommuneadministrasjon, helse og sosial. Denne har gjennom åra gjennomgått mindre justeringar. No har ein funne det føremålstenleg med ein revisjon av heile planen. Denne vert no lagt fram til utvalet for oppvekst til godkjenning. Planen skal vere retningsgjevande for det tverrfaglege samarbeidet i kommunen, og slik vere med å sikre at barn og foreldre som kan ha nytte av fleire fagområder samarbeider på ein best mogleg måte, og såleis gje eit best mogleg tilbod så tidleg som råd er. Arbeidet med revisjon av planen har vore gjennomført av oppvekstsjef, rektor, barnehagestyrar, helsesjef og navleiar/barnevernleiar. Drøfting Dei ulike etatane har gode erfaringar med å nytte den tverrfaglege planen som reiskap i sitt arbeid. Hovudargumentet for samarbeidet er brukaromsynet. I konkrete saker skal brukarane få informasjon om kva samarbeidet går ut på, og kva som er føremålet. Dei skal så langt råd er innvolverast i samarbeidsfora som likeverdige pratar, og sjåast på som ein ressurs som tilfører samarbeidet ny kunnskap. Samarbeidsmodellen som det vert arbeidd etter har tre nivå, med ulike møtedeltakar, møtefrekvens og innhald: Nivå 1: Generell førebyggjande del; saker på kommunenivå og faglege drøftingar Nivå 2: Generelt på institusjonsnivå; helsestasjon, barnehage og skule Nivå 3: Konkrete saker; enkeltsaker med namngjevne brukarar Planen gjev eit godt oversyn over kven som til ei kvar tid har ansvar for å kalle inn til møte, leie desse og syte for at sakene er godt førebudde. Ei av dei viktigaste endringane som er teke inn i denne revisjonen, er arbeidet mot mobbing, og ein
prøvar no med eit «beredskapsteam mot mobbing». I planen vert dei ulike fasane for problemløysing knytt til mobbesaker tydeleg definerte. Planen er også tydeleg på kva som er foreldra si rolle. Planen gjev også eit godt oversyn over andre fagpersonar det er naturleg å samhandle med i ulike samanhengar. Det er difor viktig at denne planen vert gjort kjend også for dei. Økonomiske konsekvensar Saka har ingen økonomiske konsekvensar for kommunen. Bakgrunn for saka Plan for tverrfagleg samarbeid i Hornindal kommune har vore gjennom ein revisjon, og vert no lagt fram for utvalet for oppvekst og helse til godkjenning. Revidert plan for Tverrfagleg samarbeid i Hornindal vert godkjent slik den ligg føre.
Arkiv: FA - F31, HIST - 13/56 JournalpostID: 16/10734 Saksbehandlar: Ann Kristin Langeland Dato: 18.10.2016 035/16 Utval for Oppvekst og Helse 25.10.2016 Kommunestyret Formannskapet Busetting av flyktningar 2017 - reduksjon av vedtak Andre dokument i saka: 10.10.2016 Busetting av flyktningar 2017 - reduksjon av vedtak Vedlegg i saka: 10.10.2016 Busetting av flyktningar 2017 - reduksjon av vedtak 1326299 Bakgrunn for saka Brev frå IMDI og Fylkesmannen i Sohn og Fjordane med oppmoding om å gjere vedtak om redusert mottak av flyktningar i 2017. Saksopplysningar I kommunestyresak 07/16 vart det gjort følgjande vedtak: «Hornindal kommune er positive til å ta imot inntil 17 flyktningar i 2017, og at det på nytt vert vurdert å ta imot einslege mindreårige». Dette vedtaket vart meldt inn til IMDI og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I skriv frå dei, datert 10.10.16 kjem det fram at det i 2017 vil vere behov for å busette 13 000 flyktningar i Norske kommunar, kor av 1 100 er einslege mindreårige under 18 år. Busettingsbehovet er såleis lågare enn tidlegare plantal frå IMDI. Færre asylsøkjarar til Noreg og færre som vert innvilga opphald er hovudårsakeene til at behovet er gått ned. Med bakgrunn i dette ber dei Hornindal kommune om å redusere vedtaket til å busette 7 flyktningar i 2017. Dei ber også kommunen om å fatte presise vedtak om kor mange flyktningar kommunen skal busette, og at vedtaket ikkje inkluderar familiesameinte, eller har andre atterhald. Dette er naudsynt for å avvege ansvarsdelinga mellom kommunane. Drøfting Hornindal kommune har hittil i år busett 6 flyktningar. Dette er 4 ferre enn det ein har vedtak om. Hovudgrunnen til at ein ikkje har lukkast med å busetje fleire, knyter seg til utfordringar med å skaffe eigna bustadar. Ein har likevel von om å kunne busetje fleire før utgangen av året. Når det gjeld henvendinga frå IMDI og Fylkesmannen, så vil ein rå kommunestyret til å fatte vedtak
om mottak av 7 flyktningar i 2017. Dette meiner ein er eit realistisk tal i høve dei utfordringane kommunen har når det gjeld bustadspørsmålet. Hornindal kommune har per i dag tilsett flyktningkonsulent i 80 % stilling, og ein vil såleis ha dei naudsynte administrative ressursane som skal til for å kunne ta imot 7 flyktningar i 2017. Hornindal kommune står fast på tidlegare vedtak om at ein ikkje har ressursar i kommunen til å kunne ta imot einslege mindreårige flyktningar i 2017. Økonomiske konsekvensar Budsjett 2017 for flyktningtenesta er lagt fram med eit overskot, men ein tek her atterhald knytt til eventuell endring i talet på flyktningar, endringar i behov for sosialstønad og ikkje minst utfordringar knytt til å finne eigna bustadløysingar. 1. Hornindal kommune vil busette 7 flyktningar i 2017. 2. Hornindal kommune kan ikkje ta imot einslege mindreårige flyktningar i 2017.