Sluttrapport FoU-prosjekt. Individuell meistring frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråver. www.sfj.no

Like dokumenter
NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

GRUPPEBASERT UNDERVISNING FOR PERSONAR MED KOLS, DIABETES, OVERVEKT OG/ELLER HJARTE-KARSJUKDOM. Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Til deg som bur i fosterheim år

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Lønnsundersøkinga for 2014

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Finnøy og Rennesøy kommunar

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eksempel frå Stord kommune

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Om vestibularisnevritt

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

«Ny Giv» med gjetarhund

Kognitiv fungering i arbeidsretta rehabilitering

Oppfølging av sjukmelde

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Styresak. Forslag til vedtak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Med god informasjon i bagasjen

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Psykologisk førstehjelp i skulen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Resultat brukarundersøkingar

Sogn regionråd vedtok i møtet partnarskapsavtale for styrka psykisk helse i barnehagar og skular i Sogn.

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Metodiske verktøy ved kursleiing

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Transkript:

Sluttrapport FoU-prosjekt Individuell meistring frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråver www.sfj.no

Innhold Forord...4 Samandrag...5 Om prosjektet...6 Effekten av Seljeprogrammet...9 Konklusjon... 10 Andre prosjektresultat... 11 Publikasjonar og formidling... 12 Om Seljeprogrammet... 13 3

Forord Denne rapporten samanfattar funn, kunnskap og erfaringar som er gjort gjennom prosjektet Individuell meistring frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråvær. For meir utfyllande informasjon om prosjektet og forskingsresultat syner vi til Uni helse sin forskingsrapport og Birte Barsnes si masteroppgåve. Prosjektet er finansiert av NAV gjennom programmet FARVE forsøksmidler arbeid og velferd, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Selje hotell, KLP, psykolog Thomas Bickhardt, Idrettssenteret AS og Uni helse. Det har vore stor vilje til dette prosjektet blant dei involverte. Som prosjektansvarleg verksemd vil Sogn og Fjordane fylkeskommune takke alle partar i prosjektet for eit god samarbeid. Det gode samarbeidet mellom prosjektpartane, og med FARVE sitt sekretariat, har gjort at vi raskt fann gode løysingar på utfordringane som dukka opp. Viljen og det gode samarbeidet har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet. Sist, men ikkje minst, vil vi spesielt takke tilsette og leiarar som har bidrege med si tid og sine synspunkt. Utan deira deltaking hadde ikkje dette prosjektet komme ut av startgropa. Toril Einarsen For prosjektansvarleg verksemd Sogn og Fjordane fylkeskommune Jan-Erik Weinbach Prosjektleiar 4

Samandrag I februar 2007 bestemte Sogn og Fjordane fylkeskommune seg for å gå nye vegar for å få fram meir kunnskap om fysisk aktivitet, arbeidshelse og helsefremjande tiltak for å redusere sjukefråvær. Bakgrunnen var eit forholdsvis låg sjukefråvær (4,9 % i 2006), som hadde vore stabilt over mange år og eit ynskje om å redusere sjukefråværet i tråd med målsettingane i IA-avtalen. Utfordringa låg i å finne dei gode tiltaka som kunne hjelpe fylkeskommunen til å nå desse måla. Nyare forsking har indikert at risikogrupper kan ha nytte av å delta på (helse)meistringsprogram. Individuell meistring frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråveret har vore eit prosjekt der vi har prøvd ut og forska på Seljeprogrammet, som er eit meistrings- og motivasjonsprogram for personar som opplever at ein krevjande arbeidsdag, i kombinasjon med eigne helseplager, kan vere vanskeleg og utfordrande. Vårt hovudmål var å tileigne oss erfaringar frå og å forske på om Seljeprogrammet kunne redusere sjukefråvær blant langtidsjukmeldte (og andre risikogrupper) og virke motiverande for å returnere til arbeidslivet. Målgruppa var tilsette, som ein eller fleire gonger i løpet av dei siste tre åra, hadde vore/var samanhengande sjukmeldt i meir enn 6 veker. Tilsette som ikkje hadde vore sjukmeldt i løpet av dei siste to åra blei ikkje inkludert. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV Sogn og Fjordane, Selje hotell, psykolog Thomas Bickhardt, Idrettssenteret AS og Uni helse. Unifob helse har hatt hovudansvaret for finne ut om Seljeprogrammet hadde nokon effekt på deltakarane. Resultata frå spørjeskjema viste at Seljeprogrammet ikkje hadde dokumentert effekt på meistring, funksjon, fysisk form og subjektive helseplager. Programmet hadde heller ingen effekt på tilbakeføring til arbeid. Eit positivt funn var at fleire av deltakarane i tiltaksgruppa hadde auka sitt fysiske aktivitetsnivå samanlikna med deltakarane i kontrollgruppa. Det var også statistisk signifikant fleire i tiltaksgruppa som rapporterte at dei følte seg generelt betre etter Seljeprogrammet samanlikna med kontrollgruppa. Dei som rapporterte betring (frå både tiltaks- og kontrollgruppa) hadde lågare score på aktiv mestring og fysisk form før deltaking i forskingsprosjektet, enn dei som rapporterte uendra eller verre generell helsetilstand. Dette kan tyde på at dei som hadde dårlegast meistring og fysisk form før prosjektstart har hatt størst utbytte av å delta i mestringsprogrammet. Det låge talet deltakarar kan vere ein årsak til at effekten av Seljeprogrammet ikkje let seg dokumentere statistisk. Den kvalitative undersøkinga tyda derimot på at Seljeprogrammet har styrka deltakaranes sølvfølelse og tru på at dei i framtida kan meistre kvardagen på ein betre måte til tross for helseplager. For å kunne seie noko sikkert om nytteverdien av Seljeprogrammet (og liknande tiltak) bør studien gjentakast i større skala og med fleire deltakarar. 5

Om prosjektet Individuell meistring frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråveret har vore eit prosjekt der vi har prøvd ut og forska på Seljeprogrammet. Seljeprogrammet er eit individuelt tilpassa meistrings- og motivasjonsprogram for personar som opplever at ein krevjande arbeidsdag, i kombinasjon med eigne helseplager, kan vere vanskeleg og utfordrande. Vårt hovudmål var å tileigne oss erfaringar frå og å forske på om Seljeprogrammet kan redusere sjukefråvær blant, og virke motiverande for, langtidsjukmeldte (og andre risikogrupper) å returnere til arbeidslivet. Vidare hadde vi som mål å skaffe oss kunnskap og erfaringar som kan nyttast til vidare forsking, t.d. på om individuelt tilpassa meistrings- og motivasjonsprogram har ein langsiktig effekt på deltakarane, som kan virke førebyggande/dempande på sjukefråværet og om det kan motverke/hindre utstøyting frå arbeidslivet. Delmål 1. Å tilføre tilsette og organisasjonen (fylkeskommunen) kunnskap om grunnleggande vilkår for, og om samspelet mellom, psykisk og fysisk helse. Vidare at denne kunnskapen skal medverke til at alle tilsette står betre rusta til å unngå å pådra seg emosjonell og/ eller fysisk overbelasting. 2. Å utvikle samarbeidet, og fellestiltak, mellom NAV, lege, tillitsvalde og fylkeskommunen. 3. Å tilføre organisasjonen (fylkeskommunen) FoU erfaring, innan leiing og personalarbeid. 4. Å formidle kunnskap frå prosjektet slik at andre verksemder kan gjere seg bruk av kunnskapen og våre erfaringar. 5. Å hauste erfaring frå om prosessen kring dialogmøtet innan 12. sjukmeldingsveke og/eller oppfølgingsplan etter 6. sjukmeldingsveke kan avklare kandidatar og deretter motivere til deltaking på eit individuelt tilpassa meistrings- og motivasjonsprogram. 6. Setje fokus på, og å bli meir bevisst, sjukenærvær og dei arbeidsmiljømessige utfordringa kring sjukenærvær. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV Sogn og Fjordane, Selje hotell, psykolog Thomas Bickhardt, Idrettssenteret AS og Unifob helse. Tabell 1: Prosjektansvarleg verksemd og prosjektleiar Prosjektansvarleg verksemd Prosjektleiar bedrift/institusjon Adresse Postnr. og sted Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 Leikanger Namn bedrift Adresse Postnr. Internettadresse www.sjf.no Organisasjonsnr. 941 388 841 Namn adm.ansv Toril Einarsen Jan-Erik Weinbach Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 Leikanger Stilling/tittel Personalsjef Stilling/tittel Personalrådgjevar Telefon 57 65 61 45 Telefon 57 65 64 31 E-post Ove.kristian.lunden@sfj.no E-post Jan-erik.weinbach@sfj.no 6

Tabell 2: Aktive samarbeidspartar i prosjektet Institusjon/bedrift Kontaktperson Adresse Telefon og faks NAV arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane Institut fur Leistungsentwicklung im Unternehmen Heidi Myrvold Skrivarvegen 2 6863 Leikanger Thomas Bickhardt Hammersvik 6740 Selje E-post 57 01 55 35/ heidi.myrvold@nav.no 95 89 90 23 95 21 75 92 thomas@bickfoto.no Selje hotel Gerd Kjellaug Berge 6740 Selje 57 85 88 80 gerd@seljehotel.no Uni helse Torill Helene Tveito / Liv Heide Magnussen Christiesgate 13 5015 Bergen 55 58 62 33 torill.tveito@uni.no liv.magnussen@uni.no Idrettssenteret AS Kolbjørn Rydvang 6856 Sogndal 57 62 90 21 kar@idrettssenteret.no Sogn og Fjordane Jan-Erik Weinbach Askedalen 2 57 65 64 31 jan-erik.weinbach@sfj.no fylkeskommune 6863 Leikanger UiB Birte Barsnes/Liv Heide Magnussen 6856 Sogndal 90 97 02 45 birte.barsnes@hisf.no Det var tilsette i Sogn og fjordane fylkeskommune som fekk tilbod om å delta i Seljeprogrammet. Målgruppa var tilsette som: ein eller fleire gonger har vore, eller som var, samanhengande sjukmeldt i meir enn 6 veker i ein periode på tre år. Tilsette som ikkje hadde vore sjukmeldt dei to siste åra blei ikkje inkludert. Ved utveljing til forskingsutval vart det prioritert slik: først tilsette som var langtidssjukmeldte (meir enn 6 veker), så dei som hadde redusert stilling pga. at dei var mellombels arbeidsuføre og til sist dei som tidligare hadde hatt eit eller fleire langtidsfråvær. Forskingsutvalet blei så delt inn i to grupper, dei som fekk delta (tiltaksgruppa) og dei som ikkje fekk delta (kontrollgruppa) på Seljeprogrammet. Uni helse har hatt hovudansvaret for finne ut (forske) om Seljeprogrammet hadde nokon effekt på deltakarane. Dei har forska på fyljande problemstillingar: 1. Opplever langtidssjukmeldte som deltek i Seljeprogrammet meir motivasjon til å returnere til jobben/arbeidslivet enn andre langtidsjukmelde? 2. Opplever nærmaste leiar nokon effekt av at tilsette er med i Seljeprogrammet? 3. Opplever deltakarane av Seljeprogrammet nokon effekt av programmet? 4. Kjem dei som tek del på Seljeprogrammet raskare tilbake til arbeid enn andre langtidssjukmeldte? Seljeprogrammet er eit samansett program der psykolog Thomas Bickhardt, Selje hotell og Idrettssenteret AS samarbeider for å tilby eit heilskapleg meistrings- og motivasjonsprogram. Sjå eige kapittel for meir detaljert informasjon om Seljeprogrammet. 7

prosentandel Figur 1. Fordeling av 12 vanlige helseplager hjå deltakarane i prosjektet før intervensjonen og i norske normaldata. 35 % 30 % 25 % 20 % 15 % 10 % 5 % 0 % 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 antall plager Normaldata SFF spa Figur 1 syner ei samanlikning mellom deltakarane i prosjektet og normalen i Norge for 12 av dei mest vanlege helseplagene (hovudverk, nakkesmerter, smerter øvst i ryggen, smerter i korsrygg, smerter i armar, smerter i skulder, migrene, smerter i føter, søvnvanskar, trøttheit, angst og depresjon). Figuren syner at deltakarane i prosjektet hadde fleire helseplager enn normalen i Norge. 8

Effekten av Seljeprogrammet Resultata frå spørjeskjema viste at Seljeprogrammet ikkje hadde dokumentert effekt på mestring, funksjon, fysisk form og subjektive helseplager. Programmet hadde heller ingen effekt på tilbakeføring til arbeid. Eit positivt funn var at fleire av deltakarane i tiltaksgruppa hadde auka sitt fysiske aktivitetsnivå samanlikna med deltakarane i kontrollgruppa. Det var også statistisk signifikant fleire i tiltaksgruppa som rapporterte at dei følte seg generelt betre etter Seljeprogrammet samanlikna med kontrollgruppa (sjå Figur 2). Deltakarane i tiltaksgruppa rapporterte også mindre smerte og mindre problem på jobb grunna emosjonelle forhold etter Seljeprogrammet. Dei tenderte til å ha betre fysisk funksjon og mindre trøttleiksplager, men denne endringa var ikkje statistisk signifikant forskjellig frå endringa i kontrollgruppa. Ein kan ikkje sjå bort i frå at endringa som deltakarane opplevde ikkje blei fanga opp av Uni helse sine spørjeskjema. Ei forklaring kan være at deltakarane generelt synes opphaldet gjorde dei godt, men at denne effekten ikkje skuldast auka meistring av helseplagene eller betring av fysisk form. Figur 2. Opplevd endring i tiltaksgruppa og kontrollgruppa. 10 8 6 4 2 0 intervensjonsgruppe kontrollgruppe Det viste seg at dei som rapporterte betring (både i frå tiltaks- og kontrollgruppa) hadde lågare score på aktiv mestring og fysisk form før deltaking i forskingsprosjektet, enn dei som rapporterte uendra eller verre generell helsetilstand. Dette kan tyde på at dei som hadde dårlegast meistring og fysisk form før oppstart har hatt størst utbytte av å delta i forskingsprosjektet. Sidan dette er deltakarar frå både tiltaks- og kontrollgruppa kan ikkje denne effekten tilkjennast Seljeprogrammet. Hovudinntrykket frå den kvalitative evalueringa var at deltaking i Seljeprogrammet hadde vore ei positiv oppleving for dei aller fleste. Deltakarane gav uttrykk for at programmet hadde hjelpt dei til å meistre eigen sjukdom/eigne plager og eigen kvardag, at deltaking hadde gitt auka sjølvkjensle, auka bevisstheit om å setje grenser og hjelpt dei til å takle det å være sjukmeldt på ein betre måte. Deltakarane gav også uttrykk for at dei var motiverte for å returnere til arbeidet, både før og etter prosjektet. Motivasjonen var viktigheten av å kunne bidra, føle seg verdsatt og å være ein del av eit fellesskap; ikkje som eit resultat av Seljeprogrammet. Deltakarane trakk fram heilskapen i Seljeprogrammet, med fokus både på det kognitive, fysisk trening, thalassoterapi, natur/kultur, og fellesskapet med de andre deltakarane, som viktig for utbyttet. 9

Her er to utsegner som illustrerer dette: En del av terapien her har ikke bare vært i trening, behandling og de samtalene vi har hatt med Thomas (psykologen). Men og i de samtalene vi har hatt når vi har vært sammen på det sosiale. Jeg var litt skeptisk til å begynne med fordi jeg var redd det skulle være sånn sykehusprat, men det har det ikke vært, ikke i det hele tatt. I den grad det har vært det, har det vært gjennom gode råd eller opp-backing. Du møter folk i samme livssituasjon. Og du føler et fellesskap, uten at du føler deg som nær sagt en taper. Etterpå, når en skal reise hver til sitt, så vet en med seg selv at der er flere. Inntrykket frå den kvalitative evalueringa samsvara godt med funn frå andre studiar, som har vist at helsemestringsprogram som kombinerer kognitiv behandling, stressmeistring og fysisk trening kan gjere at enkelte opplever seg betre i stand til å handtere eigne helseplager og meistrer stress betre (H.R. Eriksen, et al., 2002). Figur 3. Subjektive helseplager hos intervensjons- og kontrollgruppa før og etter Seljeprogram og samanlikna med norske normaldata. 10 9 8 7 6 5 4 3 intervensjon før intervensjon etter kontroll før kontroll etter norsk norm 2 1 0 SHCmuskel SHCpseudo SHCmage Figuren syner at det er ein nedgang i subjektive helseplager for begge grupper når det gjeld muskelog skjelettplager og pseudonevrologiske plager (trøttheit, hjartebank, nedtryktheit, pustevanskar, migrene, brystsmerter). For mage/tarm plager, var det ein marginal nedgang for tiltaksgruppa og ein marginal oppgang for kontrollgruppa. Fordi endringane er forholdsvis like for begge gruppene er det ikkje grunnlag til å seie at meistringsprogrammet hadde ein effekt på dei subjektive helseplagene. Konklusjon Evalueringa av Seljeprogrammet kan ikkje konkludere med at programmet har ein positiv effekt på deltakarane sin funksjon, helse eller gjer at dei kjem raskare tilbake i arbeid. Det låge talet deltakarar kan vere ein årsak til at effekten av Seljeprogrammet ikkje let seg dokumentere statistisk. Den kvalitative undersøkinga tyda derimot på at Seljeprogrammet har styrka deltakaranes sjølvfølelse og tru på at dei i framtida kan meistre kvardagen på ein betre måte til tross for helseplager. Men om det på sikt bidreg til å redusere sjukefråværet er usikkert. Det var ein tendens til at dei som rapporterte betring etter Seljeprogrammet hadde lågare score på aktiv meistring og fysisk form før si deltaking i programmet, og difor hadde større potensiale for betring. For å kunne si noe sikkert om nytteverdien av denne typen tiltak bør studien gjentakast i større skala og med fleire deltakarar. 10

Andre prosjektresultat Forskingsrapportane vi har fått i samband med dette prosjektet indikerer at tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune har ein høg grad av motivasjon for å returnere til sitt arbeid når dei er langtidssjukmelde, og at å delta i eit tilpassa meistrings- og motivasjonsprogram ikkje gir auke i motivasjonen. Forskingsrapportane fortel også at dei tilsette i hovudsak opplever å meistre arbeidskvardagen. Det statistiske grunnlaget til desse konklusjonane er marginalt. Vi skal difor vere forsiktige med å skalere konklusjonane til å gjelde heile verksemda. Samtidig ser vi at funna til Uni helse og Birte Barsnes samsvarar godt med resultata til fylkeskommunen sine medarbeidarundersøkingar. Går vi litt bak dei samla resultata til Uni helse, så ser vi indikasjonar på at Seljeprogrammet har hatt ein positiv effekt på enkelte av deltakarane. Det viste seg at de som rapporterte bedring hadde lavere score på aktiv mestring og fysisk form før oppstart av Seljeprogrammet sammenlignet med de som var uendret eller verre. (lysbilde 40, Magnussen nov 2009). Dette er for fylkeskommune ny og viktig kunnskap, som fylkeskommunen vil ta omsyn til når vi skal vurdere nye eller eksisterande helsefremjande tiltak og våre rutinar for oppfølging av sjukmelde. Når det gjeld delmåla for prosjektet, så opplever fylkeskommune at prosjektet har tilført fylkeskommunen og deira tilsette meir kunnskap om vilkår for samspelet mellom fysisk og psykisk helse. Fylkeskommunen har ikkje metodisk undersøkt dette, men hevdar dette med bakgrunn i at det har vorte gjennomført informasjonsmøter med leiinga ved alle dei fylkeskommunale einingane. Det har også vorte sendt ut informasjonsmateriale til utdeling til alle tilsette og publisering av nyhende knytt til dette på fylkeskommunen sin interne nettportal. I tillegg veit vi at nokre av dei tilsette som har delteke i forskingsprosjektet (tiltaks- og kontrollgruppe) har gitt uttrykk for at det pga. dette prosjektet har vorte lettare seie i frå om at dei har ein psykiske sjukdom og er borte frå arbeidet pga. det. For fylkeskommunen, og spesielt for fylkesrådmannen si personaleining, har prosjektet gitt verdifull erfaring når det gjeld å ha ansvar for eit større FoU prosjekt innan HMT, leiing og HR. Vi har gjort oss erfaring med at søknadsprosessen og tildelingsprosessen kan ta lenger tid er forventa. Det kan difor kan vere smart å ha god margin frå tenkt tildelingstidspunkt til oppstart av tiltak og forsking. I vårt tilfelle måtte tidspunkt for oppstart av tiltaket og evalueringa av tiltaket endrast frå april 2008 til oktober 2008. Dette medførte at vi måtte gjere endringar i den kvalitative evalueringa, då masterstudent Birte Barsnes som skulle gjere den kvalitative evalueringa ikkje kunne vente til oktober med å starte på si masteroppgåve. Vi vil likevel presisere at Når det gjeld delmålet om å hauste erfaringar frå fylkeskommunen si oppfølging av sjukmelde, og spesielt det som gjeld oppfølgingsplan og dialogmøte, så er Birte Barsnes si masteroppgåve Langtidssykmeldtes og lederes erfaringer med sykefraværsarbeidet i Sogn og Fjordane fylkeskommune eit viktig arbeid. Barsnes sitt arbeid fortel at tilsette og leiarar i fylkeskommunen opplever at fylkeskommunen generelt arbeider godt i høve oppfølging av langtidsjukmelde. Hovudbodskapen til dei sjukmeldte, som Barsnes har intervjua, er viktigheita av å bli møtt med respekt og forståing, bli sett og verdsett av både leiar, lege og NAV. Resultata frå den kvalitative undersøkinga syner at fylkeskommunen sine leiarar ser på oppfølging av sjukmelde som viktig, men at dei etterlyser meir informasjon frå NAV om reglar, rettar og tiltaksmoglegheiter for sjukmelde. Både leiarar og sjukmeldte ser på usynlege plager (blant anna psykiske lidingar) og medisinsk uforklarlege plager og symptom som ei utfordring. Nokre av dei sjukmeldte opplevde også at legen var lite tilgjengeleg for samarbeid med arbeidsplass og NAV. 11

Konkret kom det fram at dei sjukmeldte ynskjer hjelp av ein nøytral person i NAV i forhold til vidare handsaming av deira sak. Mange av dei sjukmeldte var lite nøgde med NAV, og gav uttrykk for at dei ikkje fekk nok informasjon om rettar, moglegheiter og tidsfristar. Ordet skjemavelde blei brukt av både sjukmelde og leiarar. Leiar ynskjer i større grad å bli kontakta av Nav for ein dialog, i staden for kommunikasjon via skjerm. Ein del av dei tilsette ynskjer også ein meir aktiv og systematisk bruk av medarbeidarsamtalen og at det er viktig at den tilsette tydleg formidlar seier i frå om sine behov og kva dei meiner dei treng. Til sist vil vi nemne at med utgangspunkt i dei erfaringane vi har gjort oss gjennom dette prosjektet, så estimerar vi at mellom 7 % og 10 % av fylkeskommunen sine tilsette til ei kvar tid kan seiast å vere i risikogruppa for å falle utanfor arbeidslivet. Publikasjonar og formidling Prosjektet har til no resultert ein tilstandsrapport og ei masteroppgåve levert av masterstudenten Birte Barsnes og ein evalueringsrapport levert av Uni helse. Tilstandsrapporten og masteroppgåva tek føre seg korleis sjukmeldte og deira leiarar opplever at fylkeskommunen si oppfølginga av langtidssjukmeldte fungerer. Evalueringsrapporten frå Uni helse tek føre seg effekten av Seljeprogrammet. Det har også vorte formidla kunnskap frå prosjektet og forskinga på ulike arenaer. Desse er: Poster ECSS 2009 i Oslo Do people on long term sick leave experience an including working life? Poster på idrettsmedisinsk konferanse i Sør-Afrika Back to work after sick leave important factors Det har vore omtale av prosjektet i lokalradio (P1 NRK Sogn og Fjordane), i lokale aviser, på fylkeskommunen si årlige leiarsamling (i 08 og 09), på fylkeskommunen si heimeside og på fylkeskommunen sitt intranett. Det har vorte publisert ein reportasje i magasinet Helsa vår som blir utgitt av Helse Førde. Den hadde overskrifta Sjå meg og verdset meg og blei publisert i blad nr 2 i 2010. Artikkel basert på masteroppgåva til Birte Barsnes er sendt til tidsskriftet Fysioterapeuten for publisering 12

Om Seljeprogrammet Målet med Seljeprogrammet er at kognitiv (mental) refleksjon og fysisk trening skal gjere deltakarane betre i stand til både å meistre eigne helseplager og å meistre eigen arbeidskvardag. Deltakarane skal få kunnskap og forståing for kor viktig fysisk trening er for både fysisk og psykisk helse. Seljeprogrammet har som mål å gjere sjukmelde arbeidstakarar motivert til å returnere til og å vere i arbeid. Vidare er det tenkt å redusere deltakarane sin risiko for fysisk eller mental overbelastning. Dvs. at programmet også har ein førebyggande effekt, som er meint å gi utslag i form av redusert framtidig sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet. Det er plass til maksimalt 15 personar i kvart program, som strekker seg over 5-6 månadar. Det inkluderer to 5 dagars samlingar med ca. 5 månaders mellomrom. Den 1. samlinga skal avklare deltakarane sine utfordringar. På denne samlinga får deltakarane individuelt tilpassa treningsprogram og rettleiing/råd om korleis dei best kan meistre sine utfordringar. I mellom 1. og 2. samling skal deltakarane fylje sine treningsprogram (både kognitiv og fysisk trening), med oppfylging og rettleiing frå både kognitiv og fysisk trenar. Seljeprogrammet er utviklet av psykolog Thomas Bickhardt i samarbeid med Selje hotell og Idrettssenteret AS. Programmet bygger på fire deler, som utgjer det dei kallar Balansesirkelen. 1. Den eine delen var retta mot den psykiske helsa og hadde ei kognitiv tilnærming. Tema som ble belyst var: sjølvinnsikt i eiga helse, motivasjon og kommunikasjon, belastning og stress, spenning og avspenning, samt individuelle tema som deltakarane sjølv tok opp. Dei ulike tema blei drøfta både gruppevis med 7-8 personer i kvar gruppe, men også individuelt. Det kognitive programmet blei leia av ein erfaren psykolog. 2. Ein annen del av programmet bestod av fysisk trening leia av treningspedagogar ved Idrettssenteret i Sogndal. Deltakarane ble fysisk testa ved oppstart av programmet for å kunne gi den enkelte eit tilrettelagt treningsprogram. Hensikt med treninga var å auke styrke og kondisjon. Vidare skulle deltakarane fortsette treninga mellom samlingane på Selje Hotell, og deretter re-testast på siste samling. 3. Thalassoterapi blei gitt daglig under samlingane og bestod av massasje, algepakningar, massasjebad med sjøvann, stråledusj og dusjaffusjon med massasje. Thalassoterapien sin funksjon er blant anna å tilføre deltakarane oppbyggande energi og overskot til å gjennomføre den kognitive og fysiske treninga. 4. Fjerde og siste del av programmet kalla støttande rammeverk bestod av naturopplevingar, kulturopplevingar, kreativ underholdning og lokal mat og ernæring. 13

Fylkesrådmannen Askedalen 2, 6853 Leikanger Telefon: 57 65 61 00 E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no