Opplæringslova
Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova Ferielova Folketrygdlova Arbeidstvistlova Hovudtariffavtalen Særavtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar
Kvifor skulere i desse lovene? Lovene med forskrifter inkl. rammeplan og læreplanverket er det rettslege grunnlaget for skulen og barnehagen Kunnskap om lov og forskrifter er eit viktig grunnlag for godt tillitsvaldarbeid Bruke lov og forskrift som ei kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og Utdanningsforbundet sin politikk
Kor finn eg gjeldande lover og forskrifter? www.lovdata.no
Kva regulerer opplæringslova? Formålet med opplæring Rett og plikt til opplæring Gratisprinsippet og nærskuleprinsippet Retten til spesialundervisning Innhald og vurdering i opplæringa Elev- og foreldremedverknad
Kva regulerer opplæringslova? Organisering av opplæringa og leiing, funksjonar og læremidlar Elevane sitt skulemiljø Personalet i skulen Kommunen sine plikter Statleg tilsyn og kontroll
1.Tilpassa opplæring og tidleg innsats 1-3 Tilpassa opplæring og tidleg innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven. Opplæringa i fellesfaga skal vera tilpassa dei ulike utdanningsprogramma
3-47 Føring av fråvær i vgo Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast: a) helse- og velferdsgrunnar b) arbeid som tillitsvald c) politisk arbeid d) hjelpearbeid e) lovpålagt oppmøte f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
3-47 forts. For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
4-3. Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova 1 gjennom heile opplæringsåret. Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av privatskolelova 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.
4-3. Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter 3-13. Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg a) varsling om eleven sitt fråvær b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. 3-7 c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
5.1 Rett til spesialundervisning Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. HFK: 4-gruppene består tidlegare 8-gruppeelevar i hovudsak inn i vanlege klassar (+ kr. 60.000,- pr. elev)
8 Organisering 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen
9-1 Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål. Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.
9 a Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevane sin arbeidsmiljølov kan vera nyttig for oss i høve ressursar, rom, fysiske rammer
10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årssteg og i ulike skoleslag.
Krav til tilsetjing vgo 14-3, SST a) Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava: - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Lærarutdanning, jf. 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.
14-3 forts. yrkesfag - Yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning, jf. 14-5 - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
Forts. yrkesfag - Fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, 2 års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og 4 års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for. I tillegg krevst pedagogisk kompetanse etter 14-1 - Lærarutdanning, jf. 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.
10-4 Utlysing av stillingar Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern. Gjeld heller ikkje ved IA-saker.
10-5 Val mellom fleire søkjarar Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.
Kap.14 Tilsyn og kontroll Statleg tilsyn med kommunane og private skular delegert til fylkesmannen http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1136 To viktige tilsyn HFK: - Årsrammetimetal elevar, 2008 - Inneklima og arbeidsmiljø, 2009 Kommunalt tilsyn elevar som ikkje går på skule - heimeundervisning
F 3. Vurderingsforskrift 3.1 generelle føresegner -Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.
Meir om vurdering Viktige omgrep: Undervegsvurdering Halvtårsvurdering i fag Kompetansemål i fag
Rettar Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter 20-3 og 20-4. HFK sitt rettleiingshefte om vurdering