Ørsta ungdomsskule Lokal læreplan i kroppsøving Føremål: Kroppsøving er eit allmenndannande fag som skal inspirere til ein fysisk aktiv livsstil og livslang rørsleglede. Kroppsøving skal medverke til at elevane opplever glede, meistring og inspirasjon ved å vere med i ulike aktivitetar og i aktivitet saman med andre. Faget skal bidra til at barn og unge utviklar sjølvkjensle, positiv oppfatning av kroppen, sjølvforståing og identitetskjensle. Sentralt i faget står rørsleleik, allsidig idrett, fair play, dans og friluftsliv. Opplæringa skal gje elevane eit utgangspunkt for livslang rørsleglede og meistring ut frå eigne føresetnader. I den særlege vurderingsordninga som gjeld for dette faget, er dette ivareteke ved at innsatsen til elevane er ein del av grunnlaget for vurdering. Vurdering: Ved fastsetjing av karakter tel haldningar (innsats, engasjement og samarbeidsevne) meistring (ferdigheiter og kreativitet) og kunnskap (forståing) Kroppsøving er det einaste faget som tek omsyn til individuell føresetnader ved karaktersetjing.
AKTIVITETSOMRÅDA VED ØRSTA UNGDOMSSKULE Volleyballbana Naturen Symjehallen Kunstgrasbana Bordtennisrommet Sykkelstallen Basketballbana Grusbana Spinningrom Gymsalen
INNHALDET I KROPPSØVINGSFAGET VED ØRSTA UNGDOMSSKULE Faget inneheld 3 hovudområde: - Trening og livsstil. - Idrettsaktivitetar - Friluftsliv Mange aktivitetar går igjen på samtlige klassetrinn, men det vil vere ein progresjon i øvingsmoment og vanskegraden på desse. Det vil vere naturleg å forvente ei positiv utvikling av elevane si evne til å meistre dei ulike aktivitetane fra 8-10.klasse. Kompetansemål etter 10. årssteget Idrettsaktivitet trene på og bruke ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar symje på magen og på ryggen og dukke praktisere fair play ved å bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å gjere andre gode trene på og utøve dansar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape enkle dansekomposisjonar forklare og utføre livberging i vatn forklare og utføre livbergande førstehjelp Langrenn: Om ver og føre tilseier det, skal elevane lære seg ulike stilarter i langrenn. Tildømes klassisk og skøyting. Skøyter: Om ver og føre tilseier det, skal elevane lære seg grunnleggande ferdigheiter i bruk av skøyter og lagspelet ishockey. Friluftsliv orientere seg ved bruk av kart og kompass i variert terreng og gjere greie for andre måtar å orientere seg på praktisere friluftsliv i ulike naturmiljø og gjere greie for allemannsretten planleggje og gjennomføre turar til ulike årstider, også med overnatting ute Trening og livsstil bruke leik og ulike treningsformer for å eigen kropp og helse praktisere og forklare grunnleggjande prinsipp for trening forklare samanhengen mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse forklare korleis ulike kroppsideal og ulik rørslekultur påverkar trening, ernæring, livsstil og helse førebyggje og gje førstehjelp ved idrettsskadar
VURDERINGSKRITERIUM I KROPPSØVING Dette tel ved fastsetjing av karakter: Haldningar (innsats, engasjement og samarbeidsevne) Meistring (ferdigheiter og kreativitet) Kunnskap (forståing) Faget kroppsøving skal vere med å gi elevane haldningar, ferdigheiter og kunnskap. På ungdomstrinnet er det naturleg å legge større vekt på haldningar og meistring enn på kunnskap. For å nå dei to høgste karakterane i faget vil eleven måtte vise jamt over stor innsats, gode haldningar og gode ferdigheiter på alle aktivitetsområde. Ein elev som viser gode haldningar og god innsats, men som har vanskar med å meistre ulike typar ferdigheiter i aktivitetane, vil difor ikkje kunne rekne med å få 5 eller 6 i faget. Det same gjeld for elevar som viser gode ferdigheiter, men jamt over lav innsats. Haldningar (innsats, engasjement og samarbeidsevne) Gjennom handling skal eleven vise vilje til å yte sitt beste og samarbeide med medelevar og lærarar: Eleven skal - vere raskt på plass og klar til å lytte til beskjedar frå lærar - vere positiv overfor medelevar og oppmuntre dei til innsats - vise interesse, initiativ og engasjement - vere med på å skape trivsel i timane - vise evne til å samarbeide med andre elevar og lærarar - prøve å vere positiv, også til aktivitetar eleven i utgangspunktet ikkje likar så godt, eller som ikkje passar så godt for eleven - vise evne til sjølvstende ved t.d. å delta aktivt sjølv om lærar ikkje alltid held auge med eleven. - følge reglar, både spelereglar og sosiale reglar - i lagspel prøve å involvere elevar som ikkje beherskar spelet så godt, ved å sentre til dei når det er naturleg i spelet sin gang. - hjelpe til å rydde inn utstyr etter gymtimane. Eleven skal også hjelpe til å halde orden i garderoben, både før og etter gymtimane. - hugse gymkle eller ha med melding når han/ho ikkje kan delta. Eleven oppfyller desse kriteria i liten grad middels grad høg grad Karakter 1-2 Karakter 3-4 Karakter 5-6 Er ofte seint på Er sjeldan seint på Er alltid raskt på plass, plass, har bra plass og fokusert ukonsentrert fokus Viser lite Viser engasjement engasjement, er i eit utval passiv i aktivitetar aktivitetane Viser positivt engasjement i eit breitt utval av aktivitetar Er lite interessert i å samarbeide, kan opptre negativt og respektlaust overfor medelevar Er samarbeidsvillig og konstruktiv. Viser respekt for, og er oppmuntrande mot medelevar Er samarbeidsvillig og viser respekt for medelevar Klarer å innordne seg reglar Har vanskar Hjelp til med med å innordne rydding, ofte på seg reglar. eige initiativ Innordnar seg reglar, viser alltid fair play Kan hjelpe til med rydding, men sjeldan på eige initiativ Hjelper alltid til med rydding, uoppfordra
Meistring (ferdigheiter og kreativitet) Her vurderer vi følgande: Ferdigheiter i alle aktivitetar Framgang, eventuelt tilbakegang. Rett bruk av kroppen Evne til å utføre enkle og meir samansette rørslemønster Evne til å vere kreativ Testar vil bli gjennomført for å prøve ferdigheiter i nokre delemne, samtidig som ferdigheiter vert fortløpande vurdert i kvar time. Nedanfor følgjer nokre aktuelle ferdigheiter i eit utval aktivitetar: Mål: Gjennom aktivitetane skal eleven vise vilje til å yte sitt beste, og presentere ferdigheiter så godt han/ho kan i kvar einskild aktivitet Ballspel Tekniske ferdigheiter: - Pasning, mottak, føring, finter, skot, slag m.m. Taktiske ferdigheiter: - Speleforståing (plasseringsevne, bevegelse for å gjere seg spelbar og liknande) Uthald: - Orke å vere i rørsle i speløkter. Freiste å gjere seg spelbar til ei kvar tid, jobbe tilbake når ein mister ball. Styrke: - Stå for en støyt. I de fleste ballspel må ein forvente fysisk kontakt med motspelarar. Koordinasjon/god motorikk: - Evne å setje saman og utføre sentrale bevegelsesmønster i dei aktuelle ballspela. Friidrett Snøggleik - Forflytte seg raskt fra A til B i t.d. sprintøvingar, stafettar, tilløp lengde osv. Spenst - Viktig ved sats i høgde -og lengdehopp. Uthald - Viktig for å kunne halde seg i gang ved forflytning over en lengre distanse. Grad av kondisjon styrer farta ein er i stand til å halde. Tekniske ferdigheiter - Mange friidrettsøvingar, spesielt kast- og hoppøvingar (tilløp sats, svev og landing), er teknisk svært krevjande. Motoriske ferdigheiter/god kroppskontroll er vesentlig i desse aktivitetane. Eleven meistrar i liten grad middels grad høg grad Karakter 1-2 Karakter 3-4 Karakter 5-6 Får til nokre enkle Har delvis Har automoment, men automatisert dei matisert dei meistrar ikkje grunnleggande grunngrunnleggande ferdigheitene i leggande ferdigheiter i ferdig heitene i Deltek, men er passiv og viser lita innsikt og forståing i Deltek og viser bra innsikt og forståing i Deltek aktivt og viser god innsikt og forståing Prøver, men viser mangelfull evne til å skape og bevegelsesløysingar Viser evne til å skape og bevegelsesløysingar Viser god evne til å skape og bevegelses -løysingar Meistrar nokre få enkle moment Meistrar eit utval moment Meistrar eit breitt utval moment Held eit lågt ferdigheitsnivå og/eller viser liten eller ingen framgang Held eit middels nivå og/eller viser noko framgang Held eit høgt nivå og/eller viser stor framgang
Friluftsliv Praktisere ulike former for friluftsliv i ulike naturmiljø. Deltek, men er lite motivert for ute-aktivitetar. Planlegge og gjennomføre turar til ulike årstider, medrekna Manglar overnatting ute kunnskap om, og forståing for kva Orientere seg ved hjelp av kart og kompass i variert som krevs for å terreng, og gjere greie for andre måtar som ein kan ferdast trygt i orientere seg på. naturen (bekledning, utstyr, oppakning, forsyning kartkunnskapar m.m) Viser interesse for friluftsliv. Viser ein del kunnskapar om, og forståing for, kva som krevs for å ferdast trygt i naturen, uavhengig av årstid Viser stor iver og interesse for friluftsliv. Viser god innsikt og forståing for korleis ein kan bruke naturen på ein positiv og trygg måte, til alle årstider. Kan nokre enkle symbol og kartteikn, men klarer ikkje å gjere seg nytte av kartet i praksis. Kjenner lite til andre måtar å orientere seg på Kan mange kartteikn og symbol, og klarer til ein viss grad å bruke kunnskapen ute i terrenget. Kjenner også til andre måtar å orientere seg på. Har gode kunnskapar om orientering v.h.a kart og kompass, og kan bruke kunnskapen i praksis. Kan gjere greie for andre måtar å orientere på òg.
Dans Rytme, smidigheit, kreativitet og koordinasjon. - Det å bevege seg i takt med musikk, aleine eller i samhandling med ein partnar/gruppe, er krevande. Dans er likevel ei morosam form for trening som er med på å ovannemnde ferdigheiter, samt kondisjon. Turn Smidigheit/bevegeligheit Styrke Spenst Koordinasjon Kreativitet - Turn er ein idrett der ein kombinasjon av ferdigheitene over er sentrale. - Matteturn med moment som framlengs og baklengs rulle, piruettar, hovudtåande, handståande, kipp fra hovudståande til handståande og liknande, kan vere aktuelt å jobbe med. Elevane bør kunne klare å lage eit enkelt program med ein kombinasjon av fleire moment sett saman til ein serie. - Hopp på kasse vil også vere aktuelt ; Ridehopp, mellomhopp og hovudstift er døme på moment på kasse. Svømming Teknikk - Armtak, beinspark og pusting i ulike svømmedisiplinar. Hovudvekt på crawl. - Dykke/symje under vatn - Hopp/stup - Livredning Koordinasjon - Setje saman og utføre sentrale bevegelsesmønster, som armtak, beinspark og pusting, i dei ulike symjeartane. Uthald - Viktig for å kunne forflytte seg i vatnet over ein lengre distanse. Grad av kondisjon styrer farten ein er i stand til å halde. Får til nokre enkle moment, men meistrar ikkje grunnleggande ferdigheiter i Deltek, men er passiv og viser lita innsikt og forståing i Prøver, men viser mangelfull evne til å skape og bevegelsesløysingar Har delvis automatisert dei grunnleggande ferdigheitene i *Deltek og viser bra innsikt og forståing i Viser evne til å skape og bevegelsesløysingar Meistrar eit utval moment Meistrar nokre få enkle moment Held eit lavt ferdigheitsnivå og/eller viser liten eller ingen framgang Held eit middels nivå og/eller viser noko framgang Har automatisert dei grunnleggande ferdigheitene i Deltek aktivt og viser god innsikt og forståing Viser god evne til å skape og bevegelses -løysingar Meistrar eit breitt utval moment Held eit høgt nivå og/eller viser stor framgang Over har vi sett på aktuelle ferdigheiter i eit utval aktivitetar. Elevane vil i løpet av ungdomsskulen vere innom enda fleire aktivitetsområde enn dei vi har sett på her, men ferdigheitene som krevs vil vere ein kombinasjon av dei som er nemnt over. Kunnskapar (forståing vist i praksis) Det blir i liten grad aktuelt å ha eigne teoritimar i faget, bortsett fra i førstehjelp. Elles vil mykje av kunnskapen bli formidla i samanheng med det praktiske arbeidet:
Utstyr til kroppsøvingstimane Symjing: Badebukse/badedrakt, badehette Gymnastikk: Joggesko til utebruk, hallsko til innebruk, t-skjorte og shorts/treningsdress/joggedress, ved spesielle vêrtilhøve: regnkle Kle deg alltid etter vêrtilhøva! Alle bør dusje etter kroppsøvingstimar og symjetimar Meldingssystem Årsaka til fritak skal grunngjevast i meldingsboka (ikkje på «lauslappar») Faglærar tek mot meldinga og vurderer om eleven kan setjast til alternativ trening Om ikkje anna er avtalt, skal eleven vere til stades saman med klassen heile timen NB! Dersom føresette meiner at eleven har ei eller anna form for funksjonshemming som kan gjere utslag i kroppsøving, er det svært viktig at vi får slike opplysningar for dermed å kunne ta omsyn til eleven sine føresetnader. Ørsta ungdomsskule 22.08.2013 --------------------------------------------- ----------------------------------------------------- Marianne Solbjørg Ose rektor - Einar Myrold seksjonsleiar, kroppsøving ---------------------------------------- ------------------------------------------------------- Underskrift føresette Underskrift elev