Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Arne Schei sekretær
Saknr. Tittel Sakliste 013/16 Kommunereforma og innbyggjarhøyring 014/16 Praktisk gjennomføring av rådgjevande folkerøysting - kommunereform
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 013/16 Bystyret PS 23.02.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ola Teigen K1-026, K1-002 14/2546 Kommunereforma og innbyggjarhøyring Framlegg til vedtak: Kystalternativet jmf. punkt b, i Bystyrets vedtak i sak 005/16 blir teke ut. Dette inneberer at følgjande alternativ blir lagt fram for folkerøysting 04 april: a. JA Flora kommune slår seg saman med ein eller fleire kommunar i Sunnfjord regionen b. NEI Flora kommune slår seg ikkje saman og held fram som eigen kommune.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Innleiing: Bystyret gjorde i sak 005/16, 0202.16 slikt vedtak; For å høyre innbyggarane si meining i spørsmålet om kommunesamanslåing skal Flora kommune gjennomføre innbyggarhøyring i form av rådgjevande folkerøysting 4. april 2016 i samsvar med saksutgreiing datert 26.01.2016. Folkerøystinga er rådgjevande i samsvar med Kommunelova 39b. Dei som er fødd 31.12.2000 eller før har røysterett ved folkerøystinga Førehandsrøystingsperioden er 14.03.16 03.04.16. Førehandsrøysting kan kun gjennomførast ved oppmøte på samfunnshuset, informasjon og service. Det skal røystast over følgjande spørsmål: a. JA Flora kommune slår seg saman med ein eller fleire kommunar i Sunnfjord regionen b. JA Flora kommune slår seg saman med ein eller fleire kommunar på kysten. c. NEI Flora kommune slår seg ikkje saman med ein eller fleire og held fram som eigen kommune. I kommunestyret i Bremanger den 11.02.16 kjem det fram følgjande frå møteboka ang handsaming av sak 10/16, kommunereforma, vegen vidare; Framlegg til vedtak frå SV, Venstre og Høgre: Ein rår kommunestyret til å velje eit forhandlingsutval som går vidare med forhandlingane om ei intensjonsavtale med Flora og Vågsøy. Dette for å kunne gje eit betre grunnlag for innbyggjarane og kommunestyret for endeleg vedtak i kommunereforma. Det vart røysta for framlegg frå SV,Venstre og Høgre opp mot framlegget frå Formannskapet. Framlegget frå SV, Venstre og Høgre fekk 9 røyster Framlegget frå Formannskapet fekk 14 røyster KST-010/16 Vedtak: Rapportane Forstudie-kommunereform og Kystkommune alternativet frå PwC vert teke til vitande. Ein ynskjer eit godt samarbeid med nabokommunane på kysten. Bremanger kommune ynskjer ikkje å gå vidare med forhandlingar på intensjonsavtalar med Flora og Vågsøy
Vurdering: Bystyret i Flora kommune gjorde i sak 005/16 vedtak om å ha kystalternativet som alternativ ved ei folkerøysting om kommunereforma. Dersom dette skal endrast, er det kun bystyret som kan gjere ei slik endring. Difor blir saka lagt fram for ekstraordinært bystyre. Det er viktig å handsama denne saka no, og ikkje i neste ordinære Bystyre. Dette for at det skal vere mogleg utarbeide informasjonsmateriell og valmateriell til folkerøystinga 4 april. Ordførar rår til at bystyret gjer vedtak om å ta bort punkt b, JA, flora kommune slår seg saman med ein eller fleire kommunar på kysten frå vedtaket i sak 005/16. Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm:
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 014/16 Bystyret PS 23.02.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Trond Ramstad Olsen K1-026, K1-002 14/2546 Praktisk gjennomføring av rådgjevande folkerøysting - kommunereform Framlegg til vedtak: 1. Formannskapsmedlemmene vert valde til å være Valstyre. 2. Røystedag vert måndag 4. april 2016, på føgjande stader; Florø, Brandsøy, Eikefjord, Norddalsfjord, Storebru, Steinhovden og Stavang. 3. Opningstider i krinsane vert som følgjer: Florø, 09.00-20.00, Eikefjord, 09.00-18.00, dei andre krinsane 14.00-18.00. 4. Ambulerande røystebåt, torsdag 31.03.2016. Tider vert annonsert i media. 5. Førehandsrøysting på Informasjonsenteret i Flora kommune fom 14.03.2016 tom fredag 01.04.2016. 6. Institusjonsrøysting, tysdag 29.03.2016 og onsdag 30.03.2016 etter nærare avtale med sekretariatet. 7. Heimerøysting vert avtalt mellom sekretariat og den einskilde. 8. Det vert lagt opp til noko felles informasjon og kunngjeringar frå Sunnfjordkommunane.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Saka gjeld praktisk gjennomføring av rådgjevande folkerøysting i Flora kommune. Det vert lagt opp til felles opplegg med dei andre Sunnfjord-kommunane, med røystedag måndag 4. april 2016, og førehandsrøysting i perioden måndag 14.03.2016 tom fredag 01.04.2016. Ingen av vallokala skal være ope lenger enn til kl. 20.00 på valdagen i desse kommunane. Innleiing: Flora bystyre har vedteke at det skal gjennomførast Folkerøysting i Flora kommune, og at dei som er fødd 31.12.2000 (16-åringane) eller før har stemmerett. Det er vidare fastsett at 4. april 2016 skal være felles dag for folkerøysting. Det er elles semje i Sunnfjord-kommunane om at resultat av innbyggjarundersøkingar og resultat frå førehandsrøystingar ikkje må offentleggjerast før vallokala er stengde måndag 4. april 2016, kl. 20.00 Vurdering: Kommunane i Sunnfjord er samde om mest mulig felles praktisk gjennonføring av folkerøysting og innbyggjarundersøking for dei som skal gjere det. I kommunen vår vert det lagt opp til gjennomføring i samsvar med det som vart nytta ved kommuneog fylkestingsvalet i 2015, men denne gongen med berre måndag, som røysetdag i Florø. Når det gjeld røystebåt, ser vi ut frå erfaringane våre frå kommunevalet 2015, at det vil halde med 1 dag. Førehandsrøysting vil berre skje ved Informasjonssenteret. Det vert lagt opp til institusjonsrøysting og heimerøysting som ved andre val. Etter at valstyret er konstituert vil dei utpeike røystestyra og stå for den praktiske gjennomføringa i samspel med sekretariatet. Opptellinga vil gå føre seg manuelt. Det vert trykt opp røystesetlar for kvart av dei alternativa som ligg føre, og det vil også være mulig for dei politiske partia å tinge slike. Dette er det også semje om å gjere i Sunnfjordkommunane, som skal ha folkerøysting. Økonomiske konsekvensar: Det går med utgifter til opptrykking av setlar, innfomasjonsfaldarar, kunngjeringar, lokalleige, båttransport, godtgjersle til Røystestyra og valmedarbeidarar m.v. Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm:
Kommunelova. Vallova.