Til kommunestyret i Fyresdal kommune ÅRSMELDING 2011 FRÅ KONTROLLUTVALET I FYRESDAL Kontrollutvalet si årsmelding til kommunestyret 2011 side 1 av 5
0. INNLEIING Kontrollutvalet si årsmelding er ei melding til kommunestyret om utvalet si verksemd og kva saker og oppgåver som er teke opp i 2011. 1. KONTROLLUTVALET SITT FØREMÅL Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret syte for tilsynet med forvaltninga av kommunen (finansiell revisjon og forvaltningsrevisjon) og selskap som kommunen eig (selskapskontroll). Utvalet skal også sjå til at revisjonen av kommunen fungerar på ein trygg måte. (Jf. kommunelova 77 og forskrift om kontrollutval av 15. juni 2004). Kontrollutvalet skal føre tilsyn med kommunen sine selskap, heileigde offentlege aksjeselskap og interkommunale selskap som kommunen eig aleine eller er medeigar i. (Jf kommunelova 80). 2. KONTROLLUTVALET SI SAMANSETNING Medlemmer og varamedlemmer i kontrollutvalet blir valt av kommunestyret for fire år. Kontrollutvalet hadde denne samansetnad i 2011: Namn Funksjon Namn Funksjon Liv Aune (BL) leiar Ketil Sauar varamedlem Gunnar Kvasjord (Sp) nestleiar Torleiv O. Veum varamedlem Aud Kristin S. Lukassen (Ap) medlem 1. Olav Åge Dale varamedlem 2. Esther Erikstad varamedlem 3. Lars Arild Johannessen varamedlem Det blei vald nytt kontrollutval i vedtak i Kommunestyret 2011-2015 - 27.10.2011 Kontrollutval 2011 2015 Medlemer: AP: Olav Åge Dale, SP: Kjell Sverre Thoresen, nestleiar BL: Gunhild Austjord, leiar Varamedlemer: AP: 1. Tordis Breivik, 2. Esther Erikstad, 3. Thorstein Wøllestad SP: 1. Per Helge Seltveit BL:1. Lars Erik Gangsei. Det er personlege varamedlemmer. Ordføraren har møte- og talerett i utvalet. Rådmannen har ikkje møterett, men kan innkallast av utvalet. Leiar i kontrollutvalet har møte- og talerett i kommunestyret når utvalet sine saker blir handsama. (Jf 77 i kommunelova). 3. KONTROLLUTVALET SI ARBEIDSFORM Kontrollutvalet har i 2011 hatt 4 møter og behandla 19 saker. Ordførar Bjørn Nome har møtt i eit møte i 2011. Ordførar Erik Skjervagen møtte i opplæringsmøtet til det nye utvlet. Rådmannen har møtt i to møte. Kommunerevisjonen har vore til stades i 4 møter. Kontrollutvalet sine møter er opne. (Jf. vedtak i kontrollutvalet i 2007). Sekretærfunksjonen for kontrollutvalet i 2011 er blitt utført av Telemark kontrollutvalssekretariat IKS v/ Marianne Lundeberg. Kontrollutvalet har ikkje hatt vanskar ved innhenting av opplysningar som har vore aktuelle for utvalet sitt arbeid. Kontrollutvalet si årsmelding til kommunestyret 2011 side 2 av 5
4. KONTROLLUTVALET SINE OPPGÅVER Kontrollutvalet sine oppgåver går fram av kommunelova ( 77) og forskrift om kontrollutval. Kommentarane nedanfor er knytt til forskrifta. 4.1 TILSYN MED REVISJONEN Telemark kommunerevisjon IKS er Fyresdal kommune sin revisor. Kontrollutvalet har halde seg orientera om revisjonen si verksemd og arbeid. Oppfylginga av revisjonen sitt arbeid går føre ved informasjon i kontrollutvalsmøta. Dei saker som skal leggjast fram for kontrollutvalet, i samsvar med lov og forskrift, er behandla av utvalet. Dessutan dei sakene som utvalet sjølv har valt å ta opp. 4.2 TILSYN MED FORVALTNINGA Kontrollutvalet har på grunnlag av revisjonen sine rapporteringar og anna informasjon ført tilsyn med den kommunale forvaltninga. Fylgjande personar frå administrasjonen har vore invitera til kontrollutvalet sine møter for å orientere: Rådmannen har m.a. orientera om Årsmelding 2011, sakshandsaming i utval for landbruk og teknikk, og status på Gimle skule Økonomisjefen har vore til stades på 2 møter og m.a. orientera om årsrekneskapen 2010, Næringsfondsmidlar, økonomiske situasjonen og deltatt på opplæringsmøtet. Teknisk Eining har orientera om Gimle skule, og sakshandsaming av landbruk og teknikk Forvaltningsrevisjon: Et forvaltningsrevisjonsprosjekt er i gang på risiko og sårbarhetsanalyse., leggast fram i 2012 Selskapskontroll: Plan for selskapskontroll 2008 2011 blei vedteken av kommunestyret i sak nr. 51/08. Det er ikkje utført selskapskontroll i 2011. Liste over saker som er behandla i kontrollutvalet i 2011 er vedlagt. 4.3 GRANSKINGAR/UNDERSØKINGAR Det har ikkje vore utført granskingar/undersøkingar i 2011. 4.4 RAPPORTERING AV SÆRSKILDE TILHØVE TIL STYRET Det er ikkje rapportera om serskilde tilhøve til kommunestyret frå kontrollutvalet. 4.5 REKNESKAP (UTTALER/INNSTILLINGAR) I samsvar med forskriftene har kontrollutvalet gjeve uttale til kommunestyret om Fyresdal kommune sitt årsrekneskap. (Jf sak nr. 9/11). 4.6 OPPFYLJING AV POSTAR, DISPOSISJONAR M.V. FRÅ TIDLEGARE Det er ingen postar, disposisjonar m.m. frå tidlegare år som ikkje er godkjent. Kontrollutvalet si årsmelding til kommunestyret 2011 side 3 av 5
5. BRUK AV SAKKUNNIG HJELP Kontrollutvalet har nytta hjelp frå Telemark kommunerevisjon IKS. 6. ANDRE TILHØVE 6.1 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS blei stifta i 2005. Selskapet har 3 stillingar i 100 %. Marianne Lundeberg har vore sekretær for kontrollutvalet i 2011. (www.temark.no ) Ordførar Bjørn Nome er medlem av representantskapen med varaordførar Annveig Veum Aas som varamedlem. Styreleiar er Andreas Kjær og leiar i representantskapen er Jan Gunnar Knutsen. 6.2 REVISJONEN Leiar i kontrollutvalet Liv Aune er medlem av representantskapen for Telemark kommunerevisjon IKS med Gunnar Kvasjord som varamedlem. Revisjonssjef er Finn Egil Aure. 6.3 FORUM FOR KONTROLLUTVAL Kontrollutvalet er medlem i Forum for kontrollutvalg i Telemark 6.4 KURS OG SAMLINGAR Kontrollutvalet har vore på møter/kurs som dei har vurdera som nødvendig. Fyresdal, 07.03.2012 Gunhild Austjord leiar av kontrollutvalet. Marianne Lundeberg sekretær for kontrollutvalet Kontrollutvalet si årsmelding til kommunestyret 2011 side 4 av 5
Kontrollutvalssaker 2011 1/11 11/118 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 14.12.2010 2/11 11/120 SAKSHANDSAMING I UTVAL FOR LANDBRUK OG TEKNIKK 3/11 11/162 ORIENTERING FRÅ REVISOR 16.03.2011 4/11 11/40 BESTILLING AV OVERORDNA ANALYSE - PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2012-2015 5/11 11/72 BESTILLING AV PLAN FOR SELSKAPSKONTROLL 2012-2015 6/11 11/34 ÅRSMELDING 2010 FOR KONTROLLUTVALET I FYRESDAL 7/11 11/119 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 16.03.2011 8/11 11/201 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 16.03.2011 9/11 11/203 FYRESDAL SITT ÅRSREKNESKAP 2010 - KONTROLLUTVALET SI UTTALE 2/11 11/120 SAKSHANDSAMING I UTVAL FOR LANDBRUK OG TEKNIKK 10/11 11/202 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 11.05.2011 11/11 11/407 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ 11.05.2011 12/11 11/450 STATUS PÅ PROSJEKT - GIMLE SKULE 13/11 11/40 BESTILLING AV OVERORDNA ANALYSE - PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2012-2015 14/11 11/408 BUDSJETT FOR 2012 FOR KONTROLL OG TILSYNSVERKSEMDA I FYRESDAL 15/11 11/409 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 21.09.2011 16/11 11/493 OPPLÆRING AV NYTT KONTROLLUTVAL 2011-2015 FYRESDAL 17/11 11/40 OVERORDNA ANALYSE - PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2012-2015 18/11 11/545 MØTE OG ARBEIDSPLAN FOR KONTROLLUTVALET 2012 - FYRESDAL 19/11 11/492 REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER 14.12.2011 Kontrollutvalet si årsmelding til kommunestyret 2011 side 5 av 5