Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 05.02.14 Sakshandsamar: Saka gjeld: Helga Stautland Onarheim Tilsetteskader og HMS-hendingar. Årsrapport 2014 Styresak 14/14 O Styremøte 04.03.14 Forslag til vedtak: Styret i Helse Fonna HF tar årsrapport over tilsetteskader og HMS-hendingar til orientering.
Bakgrunn for saka Avvikssystemet Synergi viser at det i 2013 blei registrert fylgjande for Helse Fonna: Type registrering Med konsekvens Utan konsekvens Forbetringsområde SUM Tilsetteskade 57 55 4 116 HMS-hending 26 44 46 116 SUM 83 99 50 232 Tabell 1: Fordeling av registrerte tilsettskadar, HMS-hendingar og forbetringsområde. Tilsetteskader er skader på tilsette med eller utan konsekvens. HMS-hending er hendingar som ikkje treng vere direkte knytt til skader på tilsette, men desse har tilknyting til HMS-område (sjå figur 7 side 5). Desse kan også vere med og utan konsekvens. Figur 1: Tal registrerte HMS-saker / tilsettskadar (hendingar) og forbetringsområde i Synergi. Tal saker med og utan konsekvens er på same nivå som i 2012. Vekedagar Figur 2: Tal registrerte hendingar og forbetringsområde fordelt på vekedagar. Statistikken over syner at det er færrast registreringar laurdag og søndag. Tala inkluderer også registreringane knytt til forbetringsområde. 2
Saker og hendingar Ved tolking av statistikk frå Synergi er det viktig å vera klar over at ei og same sak kan vera registrert med fleire hendingar. Til dømes kan ein registrera ei sak med trussel om vold / verbal sjikane som ei hending, samtidig som same episode /sak blir registrert med voldsskade som ei anna hending. Talet vil difor ikkje vera det same om ein går inn i statistikken via sak og hending. Klinikkvis fordeling av hendingar i kategorien HMS/Tilsetteskade: Figur 4: Tal HMS-hendingar, tilsettskadar og forbetringsområde pr klinikk. Sidan Synergi er knytt til ny klinikkstruktur i Samlepunktet (2014), kan vi allereie no skilje ut dei meldingane som er registrert av medarbeidarar i klinikk Stord somatikk. Denne oppdaterte klinikkstrukturen er eit hensiktsmessig utgangspunkt for vidare oppfølging av avviksutviklinga. Klinikk for psykisk helsevern som har flest medarbeidarar, er også den klinikken som melder om flest uønska hendingar. Deretter følgjer Medisinsk service klinikk, som er ein mindre klinikk, men som har ei breiare fagleg samansetjing (laboratoriet, ambulanse, radiologi, m.v.). Føretaksleiing / stab/økonomi/ HR har ikkje registrert uønska hending, berre eit forbetringsforslag. Kultur for å melde avvik/forbetringsområde Forbetringssystemet kan berre bidra til positiv utvikling om det vert bruka slik det skal. Ei melding om uønska hending eller eit forbetringsforslag skal ikkje oppfattast som kritikk, men som eit bidrag til positiv utvikling. Tabellen under viser i kor stor grad dei ulike klinikkane brukar systemet: 3
Klinikk Avvik/forbetringsmelding Melding pr tilsett 2013 Trend 2013 Foretaksleiing / stab/hr 2 ꜜ 0,01 Internservice 21 ꜜ 0,07 Kirurgisk klinikk 27 ꜛ 0,04 Klinikk for psykisk helsevern 61 ꜜ 0,06 Medisinsk klinikk 24 ꜜ 0,03 Medisinsk service klinikk 69 ꜛ 0,11 Klinikk somatikk Stord 28 ꜛ 0,06 ꜛ Totalsum 232 Tabell 2: Tal og utvikling frå 2012 2013 av meldte hendingar og forbetringsområde pr klinikk og pr tilsett i klinikken. Totalt er talet på registreringar så lågt at ein risikerer å presentera ei analyse som gjev inntrykk av ein nøyaktigheit som ikkje er reell, då vi kan forvente at vi har stor grad av underrapportering. Langt fleire registreringar ville vore ynskjeleg. Dette vil føretaket kunne følgje utviklinga på. Typar av hendingar I det fylgjande vert det berre teke med uønska hendingar med og utan konsekvens. Forbetringsområda er utelate. Tabellane direkte frå Synergi, med detaljinformasjon, er lagt som vedlegg. Under vert det vist ei oppsummering for kvar type av hendinga som er meldt. Figur 5: Tilsettskadar med konsekvens Vold og truslar er, i år som i fjor, den dominerande faktoren denne statistikken gir oss. Det er meldt om ei sak som gjeld mobbing / trakassering med konsekvens. Denne gjeld språkbruk og truslar frå pasient. 4
Figur 6: Tilsetteskadar utan konsekvens Blant registreringane utan konsekvens, er det stikk som har høgast tal. Det er noko tankevekkande at dette er registrert utan konsekvens, då ein på registreringstidspunktet ikkje kan vite om det har hatt konsekvens i form av smitte eller ikkje. Vold og truslar er også her viktig, då seinskader kan opptre på et seinare tidspunkt enn på det tidspunktet hendinga vart meld. Det er også meldt ei hending av mobbing / trakassering utan konsekvens. Dette avviket gjeld også språkbruk og truslar frå pasient. Figur 7: HMS-hendingar med og utan konsekvens 5
Når det gjeld HMS-hendingar, er det ergonomi, utstyr og organisatorisk arbeidsmiljø som ligg på topp. Saker knytt til organisatorisk arbeidsmiljø gjeld her mellom anna situasjonar der det ikkje er samsvar mellom oppgåver og ressursar. Stikkskader og smitte I Synergi finn vi 20 stikk, 8 kutt og noko anna smittefare. Figur 8: Tal registrerte stikk, kutt etc som har ført til hendingar med eller utan konsekvens. *stikkande utstyr i seng, mangelfull handtering og manglende verneutstyr. I tillegg fører bedriftshelsetenesta statistikk for tal prøvar tilsette tar når dei har stukke seg. I 2013 (2012) er det registrert i alt 134 (145) personar som har teke stikkskadeprøvar. Tal prøvar var i alt 151 stk. Av desse prøvane var 83 stk (123 stk i 2012) 0- prøvar og 69 (64 stk) stk kontrollprøvar. Held vi dette saman med dei 20+8 registreringane i Synergi, er det klart at ikkje alt vert registrert i Synergi. Tala over visar at ikkje alle har teke oppfølgingsprøve etter 6 månader. Det er motteke 58 (73 i 2012) Skjema for oppfølging etter stikkuhell/blodsøl av dei 134 personane som har teke stikkskadeprøvar i 2013. Alle skjema er ikkje heilt fullstendig utfylte. Her er resultatet: Type uhell (N = 58): Årsak til uhell (N =58): Stikk av sprøyte/ holnål 35 stk Kirurgisk inngrep 11 stk Stikk av suturnål 8 stk Blodprøve /tapping 9 stk Blodsøl på sår/ slimhinner 11 stk Injeksjon/ infusjon 5 stk Kutt ( skalpell / glas etc.) 3 stk Handtering av avfall / skittent tøy 8 stk Blodsukkermåling/ utstyr 1 stk Hylse som vert sett på sprøytespiss 11 stk Handtering av insulinspiss 1 stk Utagering av pasient 3 stk Ansiennitet (N = 58): Aldersfordeling (N 58): Mellom 25 år og meir 3 stk 55-67 år 3 stk Mellom 20 og 25 år 2 stk 50-55 år 7stk Mellom 15 og 20 år 4 stk 45-50 år 5 stk Mellom 10 og 15 år 7 stk 40-45 år 6 stk Mellom 5 og 10 år 9 stk 35-40 år 7 stk Mellom 1 og 5 år 16 stk 30-35 år 12 stk Mindre enn 1 år 17 stk 25-30 år 12 stk 20-25 år 6 stk 6
25 20 15 10 5 0 22 22 6 7 1 Kirurgisk Medisinsk Med.Service Psykiatrisk Internservice Figur 9: Blodprøvar registrerte av bedriftshelsetenesta. 18 16 14 12 10 8 6 4 2 0 16 2 1 Sjukepleiar Sjukepl.stud Intensivsjp Operasjonspl. 3 6 Jordmor Bioingeniør 5 6 7 1 8 1 1 1 Turnuslege Lege Hjelpepleiar Radiograf Helsesekretær Assistent Ambulansepersonell Reinhaldar Figur 10: Yrkesfordeling mellom dei som leverar prøvar og skjema til bedriftshelsetenesta. Oppfølgingsarbeid Talet på meldingar er lågt, og den parallelle statistikken for stikkskadar, syner at vi framleis har potensiale for å bygga betre meldekultur og å bruka avvikssystemet betre. Skal avvikssystemet vere til nytte, må systemet brukast aktivt, og den enkelte medarbeidar må oppleva at det å melda vert følgd opp og fører til positiv endring. I 2013 har det vore endringar i forskriftene for kva kanylar/nåler som skal nyttast til klinisk bruk. Nålene som i størst grad har ført til stikkskader er tatt ut av sortimentet. Helse Fonna har gjennomført denne endringa og informasjonstiltak i den samanheng. Det har i år vore særleg fokus på førebygging og handtering av vold og truslar. Mellom anna har Klinikk for psykisk helsevern gjennomført kurs i TERMA (terapeutisk mestring av aggresjon), for medarbeidarar i eigen klinikk. Vidare er det etter gjennomgang av statistikk i leiinga utvikla «mini-terma» kurs, der målgruppa er risikoutsette grupper/medarbeidarar i andre klinikkar. 7
Vedlegg:
9
10
11
12