Etter Kulturutredningen 2014 Utfordringar og mulegheiter. Kva bør vi (de) gjere? Georg Arnestad NOKU Landskonferanse NARVIK 6.6.2013
Han som snakkar no Kulturpolitisk eit «ektefødd barn» av Johs. Aanderaa
Enger-utvalet 2011-2013 Kulturutredningen 2014 14 medlemmer, ikkje nokon under 30, berre éin nynorsking, Anne Enger den ideelle utvalsleiar
Kva for utredning hadde vi fått om Åse Kleveland hadde leia arbeidet?
Hovudpunkt Kulturutredningen Noregs første offentlege utgreiing om kulturpolitikk Sjølvstendig, analytisk, kunnskapsbasert og kritisk rapport «Ytringskultur» (nytt omgrep) Den kulturelle grunnmuren Kultur som «samfunnsskapande» kraft og bidrag til «uenighetsfellesskapet» «Demokrati, rettferdighet og mangfold» som grunngiving for offentleg kulturpolitikk Andre forhold: Åtte delutgreiingar Brei kontaktflate Mange møte med og innspel frå kulturlivet Einstemmig utval Lyttande og samlande leiar Svært godt sekretariat Mange kritiske merknader til gjeldande kulturpolitikk
Kulturløftet samla 2005-2013 Sum (1000 kroner) Prosentfordeling Hovudformål Frivillig verksemd 844 400 24,7 Ikkje-faglege formål på kulturområdet 245 000 7,2 Faglege formål på «det tradisjonelle» kulturområdet 1 504 500 44,1 Film, medium, andre kulturform 454 600 10,7 Andre departement enn KUD 365 400 13,3 Kulturløftet samla 3 413 900 100,0
KU 2014 om «Kulturløftet» «Mange av målene i KL er oppfylte, eller så har man kommet langt i å oppfylle dem. Det gjelder også målet om at én prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur». «Men økningen står ikke i forhold til økningen i kunst- produksjonen og publikumsopp- slutning» (og kvalitetsmål finst Ikkje).
«Kulturløftet» har ikkje lykkast KL ikkje ført til særleg stimulering av den skapande kunstnarlege verksemd utanfor institusjonane Det aukande kulturelle mangfaldet i befolkninga vert ikkje attspegla i kulturlivet Ikkje systematisk oppfølging av kvalitetsmålet i kulturpolitikken Satsinga på frivillighet peikar seg ut som ei nyskaping, men mykje av midlane har gått til område utanfor ytringskulturen (dvs. til idretten) Mønsteret i fordelinga av budsjettmidlane har stort sett vorte halde oppe og forsterka Lite til kunstnarformål, og alle barn har ikkje fått eit kulturskuletilbod
Ikkje noko «Kommunalt kulturløft» På den eine sida: Betydeleg vekst i driftsutgifter til kulturformål Kraftig vekst i investeringsutgifter til kulturformål På den andre sida: Lokalt kulturliv opplever ikkje vekst, men nedgang «Idrettsløft», «kulturhusløft» eller kanskje «festivalløft» i kommunane «Den kulturelle grunnmuren»: folkebibliotek, kulturskular, fritidsklubbar har stagnert/gått tilbake
KU 2014 om «Kommunalt kulturløft» Nedbygging av organisering av kommunal kultursektor Færre som talar «kulturens sak» i kommunen Kulturfeltet i mindre grad sjølvstendig verksemdsområde i kommunen Kulturlov (heilt) utan effekt Fylkeskommunen er svekka: liten samhandling med kommunane og mangelfull kommunikasjon og dialog med KUD.ffadfaddaadadada dadadadadadadad
Oppsummering Vestlandet/Sørlandet Beskrivelsane til Engerutvalet ser ut til å halde stikk også på Sørlandet og Vestlandet Idrettsløft (særleg) og kulturhusløft Folkebiblioteket og kulturaktivitetar for barn og unge er taparen Utviklinga har halde fram også i 2011 og 2012 Musikkskulane klarar seg bra, litt over gjennomsnittet Store idrettsanlegg- og kulturbygg-investeringar Begivenheitskulturen vanskeleg å spore Kommunar med høge og låge frie inntekter
Nokre utvalsrefleksjonar Kva tala viser og kva kulturfolket seier Ytringskultur og idrett Kultursektorens «utydeliggjøring» Mangel på nasjonal samanheng i kulturpolitikken Andre statlege sektorar enn KUD har «en mer toneangivende rolle i det lokale kulturlivet» Kulturlov utan effekt på kommunens kulturutgifter («kulturloven har blitt glemt»)
Viktige tilrådingar frå utvalet Ytringskultur som kulturpolitikkens ansvarsområde Tid for eit lokalt kulturløft, med øyremerkte statlege løyvingar til folkebibliotek, kulturskular, frivillig kulturliv KUD som sterkare sektordepartement Styrke lovgrunnlaget for (lokal) kulturpolitikk Kunnskapsbasert kulturpolitikk è styrkje kultursektorforskinga med eit eige forskingssenter Trykket i kulturpolitikken skal rettast meir mot kulturelt innhald og kunstnarleg kvalitet MEN: KJEM DETTE TIL Å SKJE? Så langt tyder lite på dette...
Kulturpolitikk etter 2014 Kulturløftet III skal formast ut i spennet mellom Ein stat med mykje pengar Ei skvisa regional kulturforvaltning Ei lokal kulturforvaltning med svært varierande kompetanse, i mange kommunar urovekkjande nært ordet svakt Private kjelder med aukande profesjonalitet Kultur og næringsaspekt viktigare
Utfordringar: lokalt kulturliv/kulturpolitikk Svært godt skildra av Enger-utvalet Balansen mellom den kulturelle grunnmuren og det instrumentelle kulturlivet/kulturpolitikken Korleis skal ein grunngi lokal kulturpolitikk? Eit lite engasjert sektordepartement Idrettens dominerande plass i det lokale kulturlivet Byråkratisering og statleggjering av det frivillige Utydeleggjeringa av kultursektoren Mangel på direkte statlege verkemiddel..
Mulegheiter: lokalt kulturliv/kulturpolitikk Kulturutredningen gir mange mulegheiter (Men kven bryr seg om den.?) Kulturløftet 3; lokalt løft (eller meir til dei som har mykje frå før?) Meir pengar Oppmerksomheten: Lokalt Kulturløft III Sterkare samanheng i lokal kulturpolitikk mellom dei ulike elementa som inngår. Frivilligheiten og eldsjelene Begivenheitskulturen
Tiltak: lokalt kulturliv/kulturpolitikk Lovvegen (plb-lov, kulturlov, bibl.lov.?) Samordning lokalt kulturliv à la idretten Statleg øyremerking Nei? Ytringskultur som eksplisitt politikkgrunnlag Meir tydeleggjering av kulturarenaene i lokalsamfunnet Kultursektorisering er nødvendig Sterkare samordnande fylkeskommune Kommunalt samarbeid Større kommunar
Sluttrefleksjonar I Kva har kommunane fått ut av Kulturløftet? Kulturbruken er i betydeleg endring, særleg blant dei yngste Digitaliseringa endrar kulturvanane våre; vi finn meir og meir av kulturen på nettet. Gjenreise folkebiblioteket? Gjenreise den kommunale fritidsklubben? All kultur til og for alle? Treng moderne hus ein stødig grunnmur?
Kulturutredningen 2014 Med Kulturutredningen 2014 har vi fått ei svært god analyse av (lokal og regional) kulturpolitikk og kulturutvikling ein god beskrivelse av dei kulturpolitiske utfordringane og val ein står overfor utforma i eit godt og klart språk fritt for lettvint og svulstig kulturpolitisk retorikk utvalet er mindre overtydande når det gjeld forslag til verkemiddel og politiske tiltak mange funn, overordna synspunkt og konklusjonar vert ikkje følgde opp og utdjupa i politikkdelen
Sluttrefleksjonar Korfor i alle dagar er ikkje Kulturdepratementet her? Oppsiktsvekkjande. Er ikkje KS her heller? Er det andre sentrale (og statlege) aktørar enn Anne Enger og hennar utval som bryr seg om framtida for den lokale kulturen?
Sluttrefleksjonar De som sit her i denne salen, er frontsoldatane som må gjennomføre intensjonane i Kulturutredningen 2014 Men kulturhæren har ikkje nokon hærførar Har de nokon allierte? Og kven er det eigentleg de kjempar mot.?
Lykke til med realiseringa av det eg vonar (men ikkje heilt trur) vert eit ambisiøst Kulturløftet III-
Takk. Hjarteleg takk til Anne Enger (utvalsleiar) og Erik Henningsen (hovudsekretær) for eit framifrå arbeid med «Kulturutredningen 2014»