OSTERØY KOMMUNE Innkalling av Valnemnd Møtedato: 20.02.2017 Møtestad: Osterøy rådhus Møtetid: 20.00-22.00 Eventuelle forfall må meldast til per tlf. 40524876, sms til 40524876 eller per epost til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale. Sakliste Saknr Tittel 001/17 Plan for frivilligpolitikk - oppnemning av politisk arbeidsgruppe 16. februar 2017 Berit Moslett Borge møteleiar sekretær
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 009/17 Formannskapet PS 08.02.2017 015/17 Heradsstyret PS 22.02.2017 001/17 Valnemnd PS 20.02.2017 Saksbehandlar ArkivsakID Grete Birkelid 16/47 Plan for frivilligpolitikk - oppnemning av politisk arbeidsgruppe 32T Prosjektmandat frivilligpolitikk Prosjektmandat frivilligsentral Rådmannen sitt framlegg til vedtak: «Det vert oppnemnt ei politisk arbeidsgruppe med 5 medlem frå Heradstyret til utarbeiding av strategi for frivilligpolitikk». Formannskapet - 009/17 FS - behandling: Ordføraren gjorde slikt framlegg: "Saka vert oversend valnemnda for innstilling til heradsstyret." AVRØYSTING Framlegget vart samrøystes vedteke. FS - vedtak: "Saka vert oversend valnemnda for innstilling til heradsstyret." Saksopplysningar: Saksopplysningar: Bakgrunn Det er frå Regjeringa ei forventning om auka samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor. Kommunen har søkt og motteke tilskot til arbeidet med å utvikle heilskapleg frivilligpolitikk. Det skal utarbeidast ein strategi for samarbeid mellom kommunen og frivillig sektor i tilknyting til
utarbeiding av heilskapleg frivilligpolitikk i kommunen. Kartlegginga av lag og organisasjonar i forbindelse med utvikling av frivilligpolitikk er gjennomført. I planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel står det at ein skal diskutere korleis ein skal arbeide for å redusere sosiale skilnader med målsetting om ei betre helse for alle. Det står også at for å stimulere til eit godt oppvekstmiljø er ein viktig faktor å ha aktivitets- og fritidstilbod som eit tilbod til alle. Vurdering Arbeidet med utvikling av strategi for frivilligpolitikk har som mål å forankre samarbeidet mellom kommune og frivillig sektor både politisk og administrativt for å sikre heilskapleg frivilligpolitikk i kommunen. Det er behov for å ta omsyn til viktigheten av å styrke frivillige organisasjonar med tanke på både samfunnsutvikling, folkehelse, fysisk aktivitet og sosiale møteplassar. Frivillig sektor kan bidra med å redusere utfordringar som er utanfor kommunens rekkevidde. Resultat av kartlegginga som er gjort syner at fleire organisasjonar ynskjer samarbeid med kommunen og mellom organisasjonane. Ein godt forankra frivilligpolitikk kan bidra til å redusere sosiale skilnader gjennom fysisk aktivitet, sosiale møteplasser og kjensle av tilhøyrsle. I tillegg vil det stimulere til eit godt oppvekstmiljø gjennom å styrke aktivitets- og fritidstilbodet for alle. Gjennom arbeidet med frivilligpolitikk må ein også drøfte innhaldet i frivilligsentralen. Det er viktig å ha avklart forventningar i forhold til dette frå politisk, administrativt og frivillig sektors hald. Frivilligsentralen vil vere eit viktig verktøy for å nå måla i frivilligpolitikken. Ein vil derfor også nytte arbeidsgruppene til å avklare rammer og retningslinjer for frivilligsentral. Det er behov for drøfting av tenleg ressursbruk ved ulike organiseringar av frivilligsentral. Det er gjennom kartlegging av dei frivillige organisasjonane ytra eit behov for at nokon har ei overordna oversikt over frivillig aktivitet i kommunen. Organisering Vedtaksorgan - Heradstyret Styringsgruppe Rådmannens leiargruppe Prosjekteigar Rådmannen v/leiar for integrering og bustad Prosjektleiar - Frivilligkoordinator Administrativ arbeidsgruppe Prosjektleiar med utpeikte representantar frå administrasjonen. Politisk arbeidsgruppe gruppe med eit medlem frå kvart parti i Heradstyret For ein god og brei forankring av frivilligpolitikken både politisk og administrativt er det ønskeleg å nytta ei administrativ arbeidsgruppe med medlemmer frå fleire områder i kommunen sin organisasjon som berører plan-, helse-, oppvekst- og folkehelseområdet, og ei politisk arbeidsgruppe med medlemmar frå Heradstyret. Dette kan vere med på å sikra god forankring og eit godt samspel mellom fagområda, frivillig sektor og vedtaksmynde i kommunen. Konklusjon Rådmannen ber formannskapet velje ein representant frå kvart parti i Heradstyre til ei arbeidsgruppe for å utvikle strategi for frivilligpolitikk og avklare kva rolle og form frivilligsentralen skal ha.
Osterøy Kommune - Prosjektmandat Frivilligpolitikk 1 Nytt prosjekt: Fil Lagre som V:/Web/Prosjekt/<Prosjekt Namn> Meld til Heidi Eikeland eller Øystein Fossdal om det nye prosjektet. Dei vil ta det inn i Nettsida for Prosjektarbeid. Redigere prosjektmandat: Fil Redigere med Microsoft Office Word 1. Prosjektnamn Utarbeiding av frivilligpolitikk i Osterøy kommune Godkjent av Rådmannen: Prosjektnummer i rekneskapen: Siste revisjon godkjent av Prosjekteigar: Saksnummer i sak og arkivsystem: 2. Bakgrunn Behov for å utvikle ein frivilligpolitikk og utarbeide ein politisk forankra strategi for samarbeid mellom frivillig sektor og kommunen som styrande verktøy for ressursbruk. Det er frå Regjeringa ein nasjonal forventning om auka samarbeid mellom frivillig og offentleg sektor Frivillighetserklæringen. Eit auka samarbeid mellom kommune og frivillig sektor kan bidra til å redusere sosiale skilnader. Osterøy kommune har søkt og fått innvilga midlar frå HFK til utvikling av frivilligpolitikk. Vedtak i budsjett for 2016 om oppretting av frivilligsentral vår 2016. Behov for tydelege rammer og rolleavklaring for frivilligsentral og frivilligkoordinator. I Folkehelseoversyn for Osterøy kommunen 2016 er det peika på at ei endring i tenester i kommunen også påverkar dei sosiale møteplassane. 3. Prosjekteigar Rådmannen Prosjektleiar Frivilligkoordinator 4. Formål Utvikle ein politikk som skal vere forpliktande administrativt og politisk nivå i kommunen. Nå målsetninga fastesett i kommuneplanen sin samfunnsdel. Styrke frivillig sektor. Styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillig sektor. Styrke folkehelsa. 5. Viktige punkt i fastsetjing av mål for frivilligpolitikk Utvikle strategi for auka samarbeid mellom organisasjonane for eit styrka tilbod. Bidra til å utjevne sosiale forskjellar. Utvikle og styrke tilboda i kommunen. Avklare rolle og mandat for frivilligsentral. Utvikle strategi for samarbeid mellom frivillig sektor og kommunen. Utarbeide strategi for mangfald i tilbod og fellesskap i alle delar av Osterøy kommune. 6. Rammevilkår Definere roller ut frå gjeldande regelverk. Endring i tilskot til frivilligsentraler frå januar 2017 og bortfall av tidlegare rammevilkår for tildeling av midlar til frivilligsentral. Basere kommunens samarbeidsstrategi på KS og Frivillighet Norge sin Plattform for samspill og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor, men med lokale tilpassingar.
Osterøy Kommune - Prosjektmandat Frivilligpolitikk 2 7. Avgrensingar Frivilligpolitikken omhandlar kommunen og frivillige lag og organisasjonar. 8. Viktige styringsdokument Kommuneplanen sin samfunnsdel. Frivillighetserklæringen - Rammer for samarbeid med frivilligheten. Stortingsmelding nr. 39 Frivillighet for alle. Stortingsmelding nr. 20 - Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller. Folkehelseloven: Kapittel 2. Kommunens ansvar 4.Kommunens ansvar for folkehelsearbeid o Kommunen skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse, bidra til utjevning av sosiale helseforskjeller og bidra til å beskytte befolkningen mot faktorer som kan ha negativ innvirkning på helsen. o Kommunen skal fremme folkehelse innen de oppgaver og med de virkemidler kommunen er tillagt, herunder ved lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tjenesteyting. o Kommunen skal medvirke til at helsemessige hensyn blir ivaretatt av andre myndigheter og virksomheter. Medvirkning skal skje blant annet gjennom råd, uttalelser, samarbeid og deltagelse i planlegging. Kommunen skal legge til rette for samarbeid med frivillig sektor. 9. Prosjektet sin organisering Styringsgruppe Rådmannens leiargruppe Prosjekteigar Rådmannen Prosjektleiar - Frivilligkoordinator Administrativ arbeidsgruppe Prosjektleiar med utpeikte representantar frå administrasjonen. Politisk arbeidsgruppe gruppe på 5 medlemmar frå Heradstyret. 10. Budsjett / personalressursar Frivilligkoordinator
Osterøy Kommune - Prosjektmandat Frivilligpolitikk 3
Osterøy Kommune Prosjektmandat Frivilligsentral 1 Nytt prosjekt: Fil Lagre som V:/Web/Prosjekt/<Prosjekt Namn> Meld til Heidi Eikeland eller Øystein Fossdal om det nye prosjektet. Dei vil ta det inn i Nettsida for Prosjektarbeid. Redigere prosjektmandat: Fil Redigere med Microsoft Office Word 1. Prosjektnamn Frivilligsentral Godkjent av Rådmannen: Prosjektnummer i rekneskapen: Siste revisjon godkjent av Prosjekteigar: Saksnummer i sak og arkivsystem: 2. Bakgrunn Vedtak i budsjett for 2016 om oppretting av frivilligsentral. Behov for å auke samarbeid mellom kommune og frivillig sektor. Behov for ei koordinering av frivillig aktivitet for å styrke tilboda og auke deltakinga. Integrering av flyktningar. 3. Prosjekteigar Rådmannen v/ leiar for integrering og bustad. Prosjektleiar Frivilligkoordinator. 4. Formål Styrke og auke deltakinga i frivillig sektor. Skape tettare samarbeid mellom kommunal sektor og frivillig sektor. Forenkle frivillig arbeid. 5. Mål Definere form, innhald og rammer for frivilligsentral. Arbeide fram vedtekter. Opprette frivilligsentral. Skape ei heilskapleg oversikt over frivillig aktivitet i kommunen. 6. Rammevilkår og avgrensingar Endring i tilskot til frivilligsentralar frå januar 2017 og bortfall av tidlegare rammevilkår for tildeling av midlar til frivilligsentral. Stortingsmelding nr. 39 Frivillighet for alle (s. 204-205). o Regjeringens mål er å utvikle sektorovergripende nærmiljøsentraler. o Frivilighetssentralene bør her se sin rolle som et koordinerende ledd mellom frivillige lag og organisasjoner og mellom det frivillige og det offentlige. En slik koordinerende rolle innebærer ikke at frivillighetssentralene skal overta ordinære administrative oppgaver for lag og foreninger, men ivareta rollen som pådriver og samarbeidspartner for lokalt frivillig engasjement og samspill mellom frivillig og offentlig virke. o Det er spesielt viktig å være tydelig på hva som faller innenfor det offentliges ansvar, og aktivt understøtte og stimulere lokal frivillig innsats og samarbeid med lokale foreninger og lag. Budsjett og økonomisituasjonen til kommunen er eit viktig rammevilkår for frivilligsentral. Frivilligsentralen omhandlar kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Arbeidet skal baserast på frivilligpolitikken i kommunen. Foruten andre statlege midler finansiert med flyktningemidler. 7. Frister
Osterøy Kommune Prosjektmandat Frivilligsentral 2 Oppretta sentral rapporterast til KUD innan 1. juni 2017. 8. Prosjektet sin organisering Styringsgruppe Rådmannens leiargruppe Prosjekteigar Rådmannen v/ leiar for integrering og bustad Prosjektleiar - Frivilligkoordinator Administrativ arbeidsgruppe Prosjektleiar med utpeikte representantar frå administrasjonen. Politisk arbeidsgruppe same politisk arbeidsgruppe som på arbeidet med «frivilligpolitikk». 9. Budsjett / personalressursar Oppretta stilling for frivilligkoordinator kan inngå i drifta av frivilligsentral, ikkje løyvd midlar ut over det. Statlege tilskot. 10. Intern organisering Frivilligsentral er organisert under eininga integrering og bustad i Rådmannen sin stab. 11. Framdriftsplan Frist for å melde inn oppretta frivilligsentral til KUD er 1. juni 2017.
Osterøy Kommune Prosjektmandat Frivilligsentral 3